Arkivsak nr. Lopenr. A rkívkocle Avd/Sakshandsamar Dato 2015/929 6929/2015 A20 SVK/ US 23.06.2015



Like dokumenter
VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret


Elevundersøkinga 2016

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Voldaskulen Tilstandsrapport 2013/2014 Del 2 Læringsmiljøet

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Informasjon til elevane

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Til deg som bur i fosterheim år

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Psykologisk førstehjelp i skulen

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Plan for å sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Øystese barneskule April - 08

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Heilt einig. Litt einig

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Utviklingsplan skuleåret Engelsvoll skule

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule Glede og tryggleik gir meistring

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

Handlingsplan. Åheim skule. Elevane sitt skulemiljø. ved. Godkjent i SU den..

VOLDA KOMMUNE Opplæring og oppvekst. Voldaskulen Tilstandsrapport 2014/2015 Del 2 Læringsmiljøet

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Regel Dette betyr at Konsekvens av regelbrot 1. Omsyn og respekt

Handlingsplan mot. mobbing ved. Åheim skule

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Hå kommune Vigrestad storskule

Respekt på Rommetveit skule

Plan for overgangar. for barn og unge

Alversund skule Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a Handlingsplikta Opplæringslova 9a 3 andre ledd

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

SAMARBEID HEIM OG SKULE

HEIDAL SKULE. Tiltaksplan mot krenkjande åtferd ved Heidal skule.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Kvalitetsplan mot mobbing

Barnerettane i SKULEN

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Plan for a sikra elevane eit godt psykososialt miljø ved Rubbestadneset skule

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Frå novelle til teikneserie

Vi snakkar fint til og om kvarandre. Vi løyser konfliktar på ein fredeleg måte. Vert du eller andre plaga, sei ifrå til ein vaksen.

RETNINGSLINJER FOR SAKER SOM GJELD OPPLÆRINGSLOVA KAP. 9A.

PLAN FOR SOSIAL KOMPETANSE

Handlingsplan. Åheim skule. mot. mobbing og anna krenkjande åtferd. ved

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Transkript:

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset 6404 Molde Arkivsak nr. Lopenr. A rkívkocle Avd/Sakshandsamar Dato 2015/929 6929/2015 A20 SVK/ US 23.06.2015 MELDING OM POLITISK VEDTAK - TILSTANDSRAPPPORT FOR GRUNNSKULEN 2014/2015 DEL 2 - LÆRINGSMILJØET Vi melder med dette frå at kommunestyret den 18.06.15, hadde føre ovannemnde som sak PS 74/ l 5, der det vart gjort slikt vedtak: Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 del 2 om læringsmiljøet vert teke til vitende. Sakutgreiinga med vedlegg følgjer vedlagt. Volda kommune, l `. j \.f i,>:;n' 'fa H to. Urim irah'd ' sekretær ~ \ servicekontoret Kopi til: Per Ivar Kongsvik Postadresse: postmottak/qvoldakonimuneno \\'\\'\\.Volda.kommunc.n0 Slormyra 2 Tclcfonz Telefaks: Org. nr: Bankgiror 6100 Volda 70058886 7005870l7005870I 939 760 946 3991.07.8l 727

SAKSDOKUMENT Sakshandsamar: Per Ivar Kongsvik Arkivsak nr.: 2015/929 Arkivkode: A20 Utvalsaksnr Utval Møtedato 20/15 Driftsstyret 10.06.2015 74/15 Kommunestyret 18.06.2015 TILSTANDSRAPPPORT FOR GRUNNSKULEN 2014/2015 DEL 2 - LÆRINGSMILJØET Handsaming i kommunestyret: Røysting: Tilrådinga frå driftsstyret vart samrøystes vedteken. Vedtak i Kommunestyret - 18. 06.2015 T ilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 del 2 om læringsmiljøet vert teke til vitende. Samrøystes tilråding idriftsstyret - 10.06.2015 til kommunestyret Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015 del 2 om læringsmiljøet vert teke til vitende. Administrasjonen si tilråding: T ilstandsrapport for grunnskulen 2013/2014 del 2 om læringsmiljøet vert teke til vitende. Vedleggsliste: Tilstandsrapport for grunnskulen del 2 - Læringsmiljøet Samandrag av saka: Vår ref.: 2015/929 Side 2 av 4

Etter mal frå sist skuleår, legg administrasjonen fram tilstandsrapporten for grunnskulen i to delar. Del 2. som no vert lagt fram, omhandlar læringsmiljøet. Denne undersøkinga er lovfesta å gjennomføre kvart år på 7. og 10. trinn. Det er høve til å ta med andre trinn om kommunen ynskjer det. Undersøkinga er laga slik at ein bør vere forsiktig med å nytte den på lågare trinn. Det er nokre spørsmål som er obligatoriske, og så kan ein velje fleire spørsmål frå tilleggsmodular. Saksopplysningar: Det er fastsett i Opplæringslova og privatskulelova at skuleeigarar pliktar å utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa. Det er vidare fastsett i Volda kommune sitt forsvarlege system, pkt. 4.4. at rådmannen har ansvar for å førebu eit politisk saksframlegg der tilstandsrapporten er grunnlaget for saksframlegget. l Stortingsmelding nr. 31 (2007-2008) går det fram at det er viktig at styringsorgana i kommunar og fylkeskommunar har eit medvite og kunnskapsbasert forhold til kvaliteten på grunnopplæringa. Dette er nødvendig for å følgje opp utviklinga av sektoren på ein god måte. Det heiter også i stortingsmeldinga at det ikkje er alle sider ved kvaliteten i skulen som let seg måle. Ei rekke mål for den norske skulen, som verdiar og haldningar, vert ikkje målt i Undersøkinga. Desse har ansvar for å utarbeide ein årleg tilstandsrapport: 0 Kommunar 0 Fylkeskommunar 0 Private grunnskular som er godkjende etter Opplæringslova 2-12 0 Private skular med rett til statstilskot Rapport om tilstanden i opplæringa Rapporten om tilstanden (tilstandsrapporten) i opplæringa skal omhandle læringsresultat, fråfall og læringsmiljø. Den årlege rapporten skal drøftast av skuleeigaren, dvs. kommunestyret, fylkestinget og den øvste leiinga ved dei private grunnskulane (jf. Opplæringslova 13-10 andre ledd). Det følgjer av forarbeida til føresegnene - Ot.prp. nr. 55 (2008-2009) 5. 24 - at det skal vere mogeleg å tilpasse arbeidet med å utarbeide ein årleg tilstandsrapport til det ordinære plan-. budsjett- og rapporteringsarbeidet hjå skuleeigaren. Nasjonalt kvalitetsvurderingssystem Tilstandsrapporten er eit sentralt element i det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet. Regjeringa har fastsett mål knytte til læringsresultat, fråfall og læringsmiljø som grunnlag for å vurdere kvaliteten i grunnopplæringa,jf. St.meld. nr 31 (2007-2008). Krav til innhald i tilstandsrapporten Tilstandsrapporten skal som eit minimum omtale læringsresultat, fråfall og læringsmiljø, men kan byggjast ut med annan Omtale som skuleeigaren meiner er føremålstenleg ut frå lokale behov. Det er data frå Skoleporten som hovudsakleg skal brukast som grunnlag for skuleeigaren si vurdering av tilstanden, men det følgjer av St.meld. nr. 31 (2007-2008) at skuleeigarar og skular blir oppmoda til å føre opp konkrete målsetjinger for kva dei skal oppnå innanfor dei målområda som er sette opp. Vår ref.: 2015/929 Side 3 av 4

I St.meld. nr. 16 (2006-2007) går det fram at tidleg innsats er vesentleg for å betre ferdigheiter og fagleg utvikling hos elevane. Kartlegging av ferdigheitsnivået til elevane må følgjast opp med tiltak for dei som har behov for ekstra opplæring frå første stund. Den spesialpedagogiske innsatsen er her sentral. Dei data som er tilgjengelege i Skoleporten, innheld ikkje data om spesialundervisning, og skuleeigaren må derfor også på dette området bruke andre kjelder for datainnhenting. Skuleeigaren står elles fritt til å utvide innhaldet i tilstandsrapporten. Det generelle systemkravet Den plikta skuleeigaren har til å utarbeide årlege rapportar om tilstanden i opplæringa, er ein del av oppfølgingsansvaret knytt til det generelle systemkravet (internkontroll), jf. opplæringslova 13-10 andre ledd og privatskolelova 5-2 tredje ledd. Ver merksam på at kravet til internkontroll, omfattar alle pliktene som ligg til skuleeigaren etter lov og forskrift. Det generelle systemkravet er derfor vidare enn det tilstandsrapporten dekker. Personvern Tal som blir lasta direkte inn frå Skoleporten, kan for sinå einingar innehalde indirekte identifiserbare opplysningar. Dette kan vere teiepliktige opplysningar etter forvaltningslova 13 og/eller personopplysningar etter personopplysningslova 2 nr. 1. Tilsvarande kan og gjelde for lokale indikatorar. Derfor ei påminning om at desse opplysningane må handsamast i tråd med reglane i forvaltningslova og/eller personopplysningslova. Skular der færre enn 10 elevar har delteke i undersøkinga, er unnateke offentleggjering. Det gjeld fleire av Volda sine skular. Vurdering Tilrådinga og konklusjon: bør vedtakast. Økonomiske ingen. konsekvensar: Helse og miljøkonsekvensar: Resultata frå Elevundersøkinga viser at elevane i Volda opplever eit godt læringsmiljø, men alle må likevel arbeidde aktivt for å vidareutvikle dette. Fleire av skulane våre dreg på åra, og ein ser at elevane gir uttrykk for at dei ynskjer eit betre fysisk læringsmiljø ved desse skulane. Rune Sjurgard rådmann Per Ivar Kongsvik oppvekstsjef Utskrift av endeleg vedtak: Opplæring og oppvekst Skulane Fylkesmannen i Volda i Møre og Romsdal Vår ref.: 2015/929 Side 4 av 4

VOLDA KOMMUNE Opplæring og oppvekst.. g.r~;..:.e " ~.w I.. :i.i4,z=él Jlt....i :\. @. Llfillslrl f. vi...\ ll..lll.ll 1 linlvinl..r.oxl.l 1.1.1 l!x.l«l_1.a.. : få? _ - _...._ 1

Innhald Elevane sitt læringsmiljø..... 3 Resultat frå Elevundersøkinga 2014-2015..... 5 Volda kommune 7. steg samanlikna med fylket og landet..... 5 Volda kommune 10. steg samanlikna med fylket og landet..... 6 Volda kommune 7. steg jenter og gutar samanlikna..... 7 Volda kommune 10. steg jenter og gutar samanlikna..... 8 Volda kommune 7. steg 2014/2015 samanlikna med 2013/2014..... 9 Volda kommune 10. steg 2014/2015 samanlikna med 2013/2014..... 10 Skulane sine kommentarartil eigne resultat.....11 Mork skule.....11 Øyra skule..... 13 Bratteberg skule..... 16 Vikebygda skule..... 19 Austefjord skule..... 20 Folkestad skule..... 21 Dalsfjord skule..... 23 Volda ungdomsskule..... 26 2

Elevane sitt læringsmiljø Dette er andre del av Tilstandsrapporten for skulane 2014/2015, i og for skuleåret Volda omhandlar resultat frå Elevundersøkinga. Rapporten er laga etter same del mal kommentarar som 1, med tabellar, frå både foreldre og elevar. vart gjennomført i To årssteg utgjer om lag 20 % av elevflokken i Volda kommune, så det er eit avgrensa utval av elevane som har delteke i undersøkinga. for alle elevane på dei to stega som er med, men rektorane kommenterer resultata på SU på alle skular sin skule. I tillegg skal Nasjonale funn: desember/januar inneverande skuleår på 7. steg og 10. steg. syner samla resultat drøfte skulen sine resultat. frå rektorar og forteljingar Undersøkinga Tabellane i rapporten NTNU har på oppdrag frå Udir analvsert resultata frå Elev-undersøkinga. Førebels er det område; levert analyse av tre mobbing, krenkingar og arbeidsro i skulen. Mobbing: Nasjonalt finn ein at talet på elevar som svarar at dei blir mobba har gått ned. 15,1 prosent svarar at dei har opplevd ein eller fleire former for krenkingar to til tre gongar i månaden eller meir. Det er ein nedgang på seks prosentpoeng sidan 2013. Å verte gjort narr av eller erta er den mest utbreidde halden krenkinga, utanfor og følgt å av få å verte negative kommentarar om utsjånaden. 3

Arbeidsro: Elevane svarar meir positivt på spørsmåla om arbeidsro samanlikna med 2013. Også den internasjonale undersøkinga PISA viser at det har vorte mindre uro i norske klasserom. elevane ved Øyra skule vil trivast betre når ny skule er på plass. Viser elles til kommentarar frå rektorane. Når ein ser på skilnader gut - jente, er det interessant at jentene på 7. årssteg ser ut til å oppleve skulen meir positiv enn gutane. Det er ei endring frå sist skuleår. Då viste svara det motsette. Når det gjeld mobbing er resultatet på snittet eller betre enn dei vi samanliknar med. Jentene opplever mindre mobbing enn gutane, sjølv om skilnaden er liten. Tilstanden i skulane i Volda: Resultat Elevundersøkinga: Resultata viser at elevane i Volda opplever eit godt læringsmiljø, og samanlikna med andre har Volda gode resultat på mobbing. Likevel har vi elevar som ikkje trives så godt. Ein elev som ikkje har det bra, er ein for mykje. Frå resultata er det interessant at jentene på 7. årssteg gjennomgåande svarar meir positivt enn gutane. På 10. årssteg kan ein tolke resultatet dit at elevane etterspør betre vurdering for læring. Etter planen skal Voldaskulen ta del i den nasjonale satsinga på vurdering for læring i 2016, noko som vil kome i møte det elevane gir tilbakemelding om íundersøkinga. Zårssteg: Samanlikna med Møre og Romsdal og nasjonalt ser ein at det er små skilnader. På elevdemokrati og medverknad svarar elevane under snittet til fylket og landet. Elevane på 7. årssteg svarar også under snittet på trivsel. Dei fysiske omgjevnadene er ein viktig faktor for trivsel, og ein bør kunne forvente at 10. trinn: På områda meistring, motivasjon og Iæringskultur ligg Volda sitt 10. klassekull under snittet til fylket og landet. Dette er viktige område med omsyn til kompetansemåla i faga, og det er grunn til at skulane analyserer desse resultata nøye. Dei same elevane opplever god støtte heimanfrå, og det er positivt. Det er liten skilnad i svara mellom jentene og gutane på 10. årssteg. 4

Resultat frå Elevundersøkinga 2014-2015 Volda kommune 7. steg samanlikna med fylket og landet Felles reglar Elevdemokrati og medverknad Motivasjon Meistring Læringskultur Vurdering for læring Fagleg utfordring Støtte heimanfrå Støtte frå læra rarne Trivsel 0,0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 ülandet IFyIket lvolda Høg verdi tyder positivt resultat. Unnataket er mobbing, der lav verdi er positivt. Landet FVIkEt leievar som har opplevd mobbing Voma 2-3 gongari mnd eller oftare 1 i... (prosent) 0,0 2,0 4,0 6,0 8,0 5

Volda kommune 10. steg samanlikna med fylket og landet Mobbing på skulen Felles reglar Elevdemokrati og medverknad Motivasjon M el stri n g Læringskultur Vurdering for læring Fagleg utfordring _. -* 2>$%:6'*~_"~'~ >.'~ :*!:nz«v, Støtte heimanfrå Støtte frå læra rarne Trivsel 0,0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 E!Landet lfylket lvolda Høg verdi tyder positivt resultat. Unnataket er mobbing, der lav verdi er positivt. Landet Fylket l Elevar som har opplevd mobbing Volda 2-3 gongar i mnd eller oftare (prosent) I I l I I I 0,0 1,0 2,0 3,0 4,0 5,0 6

Volda kommune 7. steg jenter og gutar samanlikna Mobbing på skulen Felles reglar b Elevdemokrati og medverknad Motivasjon Meistring Læringskultur Vurdering for læring Fagleg utfordring Støtte heimanfrå Støtte frå læra ra rne Trivsel 0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 I Gutar I Jenter 7

Volda kommune 10. steg jenter ogigutar samanlikna Mobbing på skulen Felles reglar.0 Elevdemokrati og medverknad Motivasjon Meistring Læringskultur Vurdering for læring Fagleg utfordring Støtte heima nfrå Støtte frå iærararne Trivsel 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 lgutar ljenter 8

Volda kommune 7. steg 2014/2015 samanlikna med 2013/2014 Mobbing på skulen Felles reglar b Elevdemokrati og medverknad Motivasjon Meistring Læringskultur Vurdering for læring Fagleg utfordring Støtte heima nfrå Støtte frå læra rarne Trivsel 0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 5,0 I 2014/2015 I 2013/2014 9

Volda kommune 10. steg 2014/2015 samanlikna med 2Q13/2O14V Mobbing på skulen Felles reglar P Elevdemokrati og medverknad Motivasjon Meistring Læringskultur Vurdering for laering Fagleg utfordring O Støtte heimanfrå Støtte frâ Iærararne Trivsel 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5 5,0 I 2014/2015 I 2013/2014 10

Skulane sine kommentarar til eigne resultat Mork skule -no..., Mork skule gjennomførte Elevundersøkinga tidleg i januar 2015. Vi har dei seinare åra fått 5.- 7. klasse til å gjennomføre denne testen for betre skaffe oss god oversikt over korleis det ligg an på skulen. Trivsel. Elevane gir uttrykk for at dei trivest godt på Mork skule. Dette stemmer godt med inntrykket dei tilsette har. Støtte frå lærarane. Elevane er tydelege på at dei opplever at lærarane bryr seg, har trua på dei og hjelper dei til forstå det dei skal lære. Støtte heimanfrå. Elevane opplever at dei får støtte heimanfrå. Dei seier at heimen viser interesse for det dei gjer på skulen, dei får god hjelp til leksene og heimen oppmuntrar dei i skulearbeidet. Fagleg utfordring. Svara frå elevane kan tyde på at nokre av elevane meiner dei kunne ha fått større utfordringar. Det kan og tyde at nokre elevar synes det er veldig vanskelege utfordringar dei får. Vurdering for læring. Det kjem her fram at våre lærarar er gode på å forklare elevane kva som er målet for undervisninga. Dei svarar og at lærarane er flinke til å fortelje kva som er bra med arbeidet dei gjer. Det kjem fram at lærarane kan verte betre til å fortelje korleis elevane skal bli betre og kva som vert vektlagt i vurderinga av arbeidet. Vi håper på at dette punktet vil verte betra etter at Volda kommune har delteke i den nasjonale satsinga Vurdering [or læring. Læringskultur. Vi kjem ut midt på treet når det gjeld arbeidsro i timane. Likevel kjem det og fram at både elevar og lærarar er opptekne av å jobbe godt med skulearbeidet og at det er rom for prøving og feiling. Meistring Opplevinga elevane har av meistring, undervisning, lekser og arbeid på skulen, ligg noko under snittet. Jentene melder at dei opplever meir meistring enn gutane. Motivasjon. Elevane er interesserte i å lære og gler seg til å gå på skulen. Dei er kanskje (naturleg nok) ikkje fullt så begeistra over skulearbeidet. Jentene er markant meir motiverte enn gutane. Totalt sett ligg dei likevel under snittet, om enn berre litt. Elevdemokrati og medverknad. Dette er det området Mork skule skårar dårlegast på. 11

f Felles reglar. Her kjem det fram at elevane kjenner reglane, dei vaksne er gode rollemodellar og at dei reagerer likt om reglane vert brotne. Mobbing på skulen. På denne indikatoren skårar Mork skule veldig bra! Det vil seie at det er lite eller ingen mobbing på skulen. Fysisk læringsmiljø. Elevane er mest fornøgd med reinhald, uteområdet og lærebøkene. Dei er ikkje særleg nøgde med toaletta og lufta inne. Mork skule ber preg av å vere ein gamal skule med relativt Klasseroma Tiltak Det er våre er små og for få. elevar. På Mork skule har vi hatt eit bevisst fokus på at sjølv om eleven går i Q klasse, så er han vår elev. Det å vere trivselsleiar er gøy!! Når ein skal vere trivselsleiar må ein vere snill, omtenksam og hjelpsam. Ein må tenke på andre og spør andre om dei vil vere med i leiken. Trivselsleiarane må også sjå om det er folk som er utanfor. Alle trivselsleiarar må på leikekurs. På leikekurs treff vi mange nye trivselsleiarar og lærer oss kjekke leikar. Vi lærer oss og ein trivselsleiardans som vi viser på skulen. Vi synest det er kjekt og morosamt å få med so mange vanskeleg i leiken. Av og til kan det vere å få med nok folk i leiken, men det går som oftast bra. Vi ynskjer at det er med mange i leiken, for då blir det kjekkare å leike. Det er også bra at vi får med dei aller minste, for det er ikkje alltid dei tør å spørje oss store. Favorittleikane våra er feks. kanonball, slåball, bil og garasje og mange fleir. Det er viktig for skulen at vi har trivselsleiarar, fordi då kan alle vere ilag. Det er og kjekt å få ei trivselsleiar-avslutning på slutten av eit halvår. For då kan alle trivselsleiarane vere ilag og gjere noko gøy saman. stort plassbehov. Tydelege klasseleiarar. Våre lærarar skal vere tydelege klasseleiarar. Dette er eit arbeid som går kontinuerleg. Den vaksne skal vere rettleiar og ein god rollemodell for elevane. Godt heim-skule samarbeid. Vi har lav terskel for kontakt mellom heim - skule. Dette gjer sitt til at elevane er klar over at dei ikkje operere i to verder, men at vi samarbeider. Vi jobbar heile tida med å oppretthalde eit godt samarbeid heim - skule. Fast inspeksjonsplan i friminutta. Vi har alltid synlege vakter ute i friminutta. Desse bidreg til at kvardagen vert opplevd som tryggare for alle elevane. Trivselsleiar-programmet Nokre av elevane på mellomsteget fungerer som aktivitetsleiarar i to matfriminutt i veka. Trivselsleiarane skal fungere som gode førebilete og setje i gang aktivitetar som er opne for alle. Vi trur at dette er viktig for trivsel mellom elevane og kan medverke til mindre utestenging og konflikt Zippys vener eit program for psykisk helse i skulen for 1. 4. klasse. Born treng ofte hjelp til å lære seg å setje ord på kjenslene sine. I staden for at dei skal ty til fysiske utslag, vil vi at dei skal bruke orda sine og uttrykkje seg verbalt. Felles turdag kvar månad. Andre torsdag i mnd går heile skulen på tur i nærmiljøet. Det vert lagt opp til aktivitetar på tvers av klassene. Laga av Emma (7.kl) og Kristina (5.kl) 12

Øyra skule Ved Øyra skuler det dei to 7. klassene som har gjennomført Elevundersøkinga. Mobbing Tala for mobbing Viser gode resultat for Øyra skule, her ligg vi under nasjonal-, fylkes- og kommunesnitt, og vi har også ei betring frå i fjor. Dette samsvarar med resultat frå trivselsundersøkinga vi tek for alle elevane på skulen kvar haust. Vi trur dette mellom anna er resultat av trivselsleiarordninga, samt at lærarane er svært opptekne av å arbeide for eit godt klassemiljø. Støtte frå lærarane Elevane gir uttrykk for både emosjonell og fagleg støtte frå lærarane, her har vi gått opp frå i fjor og ligg over både kommuneog landssnittet. Arbeidsforhold og læring På læríngskultur og meistríng skårar elevane ved Øyra skule over kommune- og landssnittet, og vi har i tillegg hatt ein framgang frå i fjor. Særleg læringskultur har ein god framgang (med 4,2 mot 3,9 i fjor). Vi trur dette kan skuldast mellom anna arbeid med SOL, der det er fokus på læringsstrategiar og lesing i alle fag. Arbeidet med lokale læreplanar i Voldaskulen dette året, trur vi også opna for refleksjon rundt læreplanmål, grunnleggande ferdigheiter og arbeidsmåtar. Elevdemokrati og medverknad På elevdemokrati og medverknad, ligg Øyra skule noko under det vi skulle ønske. Komande skuleår vil skulen prioritere arbeidet med elevdemokrati høgare. å Ved Øyra skule gjer vi mykje som er viktig for eit godt læringsmiljø. med viktige tiltak, samt vurdere der det er nødvendig. Tydelege faglege forventningar Vi vil halde fram nye tiltak Vi har gode rammer for faglege utfordringar med vekeplanar med klare mål og ulike vanskegrader, samt faste veketestar som viser korleis elevane ligg an i dei måla det er arbeidd med. SOL (systematisk observasjon av lesing) og VOKAL Vi har no kome i gang med SOL, og før jul 2015 vil alle elevane ved skulen verte «sola». Med innføring av VOKAL, har vi no eit godt verktøy som kan hjelpe oss til å 13

lagre resultat frå leseobservasjonane systematisk, og hjelpe lærarane til enkelt å sjå tiltak knytt til område med utfordringar. Felles opplevingar Fellesaktivitetar for alle elevane på skulen, som internasjonal dag, faste førjulsaktivitetar, vinterveke og Haueleite-veke er viktig for elevane sin trivsel og kjensle av tilhøyrsle til skulen. Særleg er marknaden kvar vår viktig, fordi vi her bidreg til felles positive opplevingar for elevar, foreldre og tilsette. Dette styrker foreldresamarbeidet og trivselen på skulen. I haust markerte Øyra skule Prøysen-året med ei framsyning som samla over 1000 personar til ein festkveld i kantina på høgskulen. Trivselsleiarprogrammet Vi er godt fornøgde med trivselsleiarordninga ved skulen der nokre av elevane på mellomsteget fungerer som aktivitetsleiarar i frirninutta. Trivsels-leiarane fungerer som gode førebilete og set i gang aktivitetar som er opne for alle, og dette er viktig for trivsel mellom elevane og medverkar truleg til rnindre utestenging og konfliktar. Arbeid for ei god psykisk helse I 1.-4. klasse bniker vi Zippys venner, eit skoleprogram utarbeidd av Foreldre for barn. Klassene har eigne timar med Zippy, og tankane frå Zippy pregar både born og vaksne i kvardagen. Elevane våre bruker kunnskap om konflikthandtering, relasjonar og utfordrande kjensler både på skulen og i kvardagen elles. For 5.-7. steg har nokre lærarar brukt opplegget Psykologisk førstehjelp i arbeid med enkeltelevar og klassemiljø. Dette har vist seg å vere eit godt verktøy. Arbeid mot seksuelle overgrep Skuleåret 2014-15 hadde SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep) to kursdagar for lærarar og assistentar ved Øyra skule. I etterkant har skulen utarbeidd ein plan for arbeid mot seksuelle overgrep der elevane tre gongar iløpet av sju år ved Øyra skule vil møte eit pedagogisk opplegg om seksuelle overgrep. Trivsel for tilsette Det er også viktig å arbeide aktivt for alle tilsette sin trivsel på arbeidet. Medarbeidarundersøkinga dette året viste at dei tilsette ved Øyra skule gir svært god tilbakemelding pâ trivsel i arbeidskvardagen. At dei vaksne ved skulen trivst, trur vi påverkar elevane sin trivsel i skulekvardagen. Alternative aktivitetar for elevar med særskilde behov Ved Øyra skule har vi fleire elevar som har andre behov enn det dei får dekt gjennom tradisjonell undervisning. Vi har det siste året arbeidd mykje for å gje desse elevane alternative tilbod som er tilpassa deira behov. Dette er eit viktig arbeid, der vi prøver oss fram utan noko fasit, men der vi ser svært positive resultat i form av gladare og tryggare elevar som meistrar på sitt nivå. 14

Andre J J J J J J tiltak To kontaktlærarar per klasse. Gode skjema og rutinar for utviklingssamtalar. Elevane utformar eigne klassereglar i tillegg til skulereglementet. Eit elevråd der elevane har reell medverknad. Tur- og ekskursjonsplan for Øyra skule der klassene har faste aktivitetar gjennom året, som til dømes besøk i Ivar Aasen-tunet, i kyrkja og kometland, naturekskursjonar i nærområdet, gardsbesøk og overnattingsturar. Gode vaktordningar i frirninutta som sikrar nok vaksne på heile skuleområdet, og eigne vakter som har ansvar for elevar med særskilde behov. ' l '. 1 f-"' Q (g. 4 15

Bratteberg skule Elevundersøkinga 2014-15 syner at elevane trivst på skulen og at mobbing er eit lite problem. Elevane får god støtte frå lærarane og opplever lik handtering av reglar. Resultata frå Elevundersøkinga vert drøfta med lærarane på teamet, medan einskilde emne vert arbeidd med i heile kollegiet ved skulen. Trivsel Vi skårar noko lågare enn snittet, i motsetning til tidlegare år. Skulen har arbeidd med dette og iverksette i januar fleire tiltak for auka trivsel. Her nemner vi Det store lese1otteriet, nye møblar i hallen, tillaging av grill /bålplass og steinomn. Støtte frå lærarane Elevane melder om at lærarane har tru på dei og at dei vert behandla med respekt. Vidare at dei får god hjelp av lærarane til vidare arbeid. Støtte frå heimen Elevane får hjelp til leksene, dei vaksne oppmuntrar og syner interesse for skulearbeidet. Det store leselotteriet vart skipa i samarbeid med FAU, og vi har fleire indikasjonar på auka støtte /hjelp til elevane si leseutvikling. Fagleg utfordring Elevane melder om bra med faglege utfordringar, men i møte med elevane ser vi fleire som gjerne vil ha meir krevjande lærestoff. Etter nyttår har vi såleis teke i bruk lærebøker for 8.klasse til einskilde elevar (suppleringsstoff). Vurdering for læring Her har vi ein signifikant framgang, men noko under snittet i kommunen. Delskâr syner at lærarane forklarar mål og fortel kva som er bra med arbeidet, men i mindre grad forklarar vurderingskriterium og kva eleven bør jobbe meir med. Største utfordringa er likevel å involvere elevane i vurderingsarbeidet. Dette vert viktig å gripe fatt i når kommunen kjem med i prosjektet Vurdering for læring. Læringskultur Elevane melder om ein læringskultur der det er akseptert å gjere feil, fordi ein kan lære av det. Elevane melder om for mykje uro i klassen, men er godt motiverte for arbeidet. Meistring Elevane ligg omlag på snittet i kommunen. Motivasjon Elevane er interessert i å lære og dei fleste gleder seg til å gå på skulen. Interessa for skulearbeid er lågare. Elevdemokrati og medverknad Elevane er i liten grad med på å foreslå korleis dei skal arbeide med faga. Dei melder om betre tilrettelegging for elevrådsarbeid, men i mindre grad at 16

skulen høyrer på forslaga. Elevane er med på å lage reglar for korleis dei skal ha det i klassa. Felles reglar Elevane kjenner til reglane og dei vaksne ser til at reglane vert følgde. Mobbing Her ligg vi omlag jamt med snittet i kommunen. Tiltak Trivselsleiar (TL) Dette er eit svært godt tiltak som betrar trivsel og truleg hindrar mykje uønska åtferd (trakassering, erting, plaging, mobbing, utestenging osv.) Elevråd Elevrådet arrangerer ballbingeturnering, basketballturnering, fotballkampar, 20- turmål og andre tiltak for skulen Det store leselotteriet I samarbeid med FAU og lokalt næringsliv arrangerte vi i år Det store leselotteriet. Dette var eit tiltak vi fekk svært god respons på, både med tanke på trivsel og leseglede. Nye møblar i fellesareal Dei få møblane i fellesareala var veldig slitne. Vi kjøpte såleis inn nye møblar til hallen og fekk nokon gratis frå Ørsta/Volda PPT. No fungerer hallen slik vi vil; som ein stad for pause og uformell omgang, undervisning av mindre grupper og spesialundervisning av eínskildelevar. Grillplass /bakaromn I tilknyting til grindbygget held vi på med opparbeiding av grillplass og muring av steinomn. Tanken er at dette kan bli eit kjekt og nyttig supplement til opplæringa i mat og helse, og ein alternativ læringsarena for elevar med særskilde behov. Vi håper elles dette vil føre til auka trivsel for alle ved skulen og SFO. FysAk Elevane på mellomsteget har fysisk aktivitet (FysAk) ein g. pr. veke. Vi køyrer i år ei ny ordning basert på auka elevmedverknad, og får svært positive tilbakemeldingar frå elevane. Leirskule /skuletur Vi har laga eit fast opplegg for 7. kl. der dei reiser til Lid skule/grendahus på overnattingstur. Opplegget femner om skulefaglege, sosiale og fysiske utfordringar og er svært god likt av elevar, føresette og tilsette. i Zippys venner Skulen køyrer opplegget Zippys venner på småsteget, og vil vonleg sjå resultat av dette i Elevundersøkinga om nokon år. Psykologisk førstehjelp Fleire lærarar har kursa seg i bruken av dette verktyet. Vi køyrer no fast opplegg for 5. klasse og tek det dessutan i bruk med andre eínskildelevar. Vi har også introdusert opplegget for føresette som no brukar det heime. Tett på Skuleleiinga er tett på einskildelevar som treng ekstra oppfølging. Dette gjeld t.d. alle tilfelle av mobbing (mistanke om mobbing), skulevegring, forseintkoming, utagering o.a. Alle tilsette er kjend med opplæringslova 9a, og arbeider i samsvar med utarbeidd prosedyre. 17

Sjekk inn-sjekk ut Lærarar og leiing brukar sjekk inn- sjekk ut på einskildelevar. Vi har då ein elevsamtale om morgonen (sjekk inn), der vi går i gjennom dagen; særskjlde ting som skal skje, om det er situasjonar eleven må bu seg på. Tilsvarande har vi samtale på slutten av dagen (sjekk ut), der vi snakkar om korleis dagen har vore, avklarar evt. konfliktar og uavklara hendingar. Desse tiltaka er med på å gjere skuledagen tryggare, samtidig som eleven slepp å ta med seg all frustrasjon heim. Refleksjonsgrupperkompetanseutvikling Vi har etablert ein møtearena for lærarane, der den kollektive utviklinga av skulen er i fokus. Lærarane reflekterer og rettleier kvarandre med bakgrunn i klasserommet (praksis-viten) og pedagogisk forsking (teori-viten). Emne for refleksjonsgruppene er henta frå dei tre viktigaste kompetansefelta til læraren: leiingskompetanse, relasjonskompetanse, og didaktisk kompetanse. f Matematikkens dag er ein kjekk dag som vi har ein gong i året. l staden for å gjere oppgåver i bøkene våre, brukar vi og gjere litt andre ting. Nokre av dei aktivitetane vi har hatt er bowling med ein liten vri der vi legg saman poenga vi får, kilobingo der vi får nokre oppgåver og så må vi rekne ut svaret og krysse av det svaret står. Vi har også ting som matte frisbee der det ligg matteoppgåver i skogen og vi må kaste frisbee ifrå post til post, eller av og til nokre mattespel. Eg synest at det er veldig kjekt at vi får samarbeide med kvarandre og lære nye ting som vi kan få bruk for seinare. Det er også veldig kjekt at vi får halde på med aktivitetar som vi vanlegvis ikkje gjer i timane når vi feks gjer oppgåver i boka. Alle elevane på skulen deltek på matematikkens dag. Vi blir delt inn i grupper. Mellomtrinnet har nokre eigne grupper og barnetrinnet har nokre. Eg synest at det er kjekt for vi får alltid kome på gruppe med nokre på vårt årssteg. Håper at dette vart ein bra tekst om matematikkens dag:-) Mathilde, 60 Skuleåret 2014/15 har vi hatt mindre tid til arbeid i refleksjonsgrupper, men vi vil intensivere dette arbeidet komande skuleår. Mobbegransking Skulen skaffar seg oversikt over elevane sin trivsel og evt. mobbing gjennom utviklingssamtalar to gonger pr. år. I tillegg opplever vi at lærarar, assistentar, SFO-tilsette, reinhaldarar, naboar og føresette har ein lav terskel for å melde frå om episodar dei finn urovekkande. 18