Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar



Like dokumenter
Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Årsplan i samfunnsfag for 5. og 6. trinn 2015/2016

Kva er økologisk matproduksjon?

Årsplan 2015/16 Samfunnsfag, 6. trinn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Overordna *Å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg *Å kunne lese *Å kunne rekne *Å kunne bruke digitale verkty

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Klepp kommune Tu skule

Frå dikt til teikneserie

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Til deg som bur i fosterheim år


Samfunnsfag 6.trinn Høst 2017/vår 2018

Frå novelle til teikneserie

Samtale, refleksjon og oppgåveløysing. Bruk av atlas. Vi jobbar med ulike oppdagingsreiserar. Samtale, refleksjon, skodespel og oppgåveløysing.

Halvårsplan, hausten 2011

Valdres vidaregåande skule


ÅRSPLAN I SAMFUNNSFAG FOR 4. TRINN 2013/2014 Læreverk: Cumulus Faglærer: Liv Ytre-Arne

Årsplan i samfunnsfag for 7.trinn 2013/14

LOKAL LÆREPLAN. FAG: Samfunnsfag. Klasse: 6. trinn. Skule: Gol skule Revidert: Haust Gol skule. Tema: KAP 1: SAMFUNN MED OG UTAN DEMOKRATI

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

ROSSELAND SKOLE LÆREPLAN I SAMFUNNSFAG 1. TRINN

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Eksamen MAT1011 Matematikk 1P. Nynorsk/Bokmål

Minnebok. Minnebok NYNORSK

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Rettleiing til læreplan i samfunnsfag

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Journalisthandbok for elevar

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

mmm...med SMAK på timeplanen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsplan for Hare November

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Årsplan Samfunnsfag 7. trinn 2014/2015

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Årsplan i norsk, 4. klasse,

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Sandeid skule SFO Årsplan

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

ÅRSPLAN 2013/2014 FAG: Samfunnsfag TRINN: 10.trinn

Brødsbrytelsen - Nattverden

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

side 1 av 8 Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid Tips 4 veker à 12 timar Makt og menneske 9. Kap 1.

Tresfjord skule. Fagrapport i tysk. Faglærar: Inger Marie Urkedal. 10.klasse, 2010, 9 elevar. 48-timars modellen. individuelt og i par

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Transkript:

Ole Røsholdt Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar ei fagbok om Gulatinget Nynorsk Mangschou Bergen 2009

INNLEIING Dette heftet er laga for å gi læraren nokre praktiske tips om korleis boka om Gulatinget og Gulatingslova kan brukast i undervisninga. I læreplanmåla for grunnskolen er eldre norsk historie oftast lagt til 6. klasse, og det kan såleis vere mest aktuelt å trekkje inn stoff om dei eldste lovene og tingordningane på dette klassetrinnet. Men det er sjølvsagt òg mogleg å nytte boka eller delar av ho på andre klassetrinn. Sjølv om det er historiedelen av samfunnsfaget som ligg nærast emnet i boka, minner vi òg om at eit anna kompetansemål etter 7. trinn krev at eleven skal kunne «gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg». Ved ei samanlikning mellom tingordning og lover frå mellomalderen og moderne institusjonar som Storting, regjering og domstolar kan elevane både få eit inntrykk av samfunnsutviklinga i Noreg og eit grunnlag for å drøfte ulike syn på lov og rett. Heftet har mange framlegg til aktivitetar og oppgåver. Det er sjølvsagt ikkje meininga at ein skal bruke alle desse i undervisninga. Vi har prøvd å presentere eit utval av ulike oppgåver, som den einskilde lærar kan velje mellom, etter sin kjennskap til klassen. Vi håper dessutan at boka kan inspirere læraren til å nytte eigne røynsler og eigen fantasi til å finne fram til alternative aktivitetar og oppgåver som kan vere med på å gjere fortida levande for elevane.

Læreplanmål etter 7. trinn historie Målet for opplæringa er at eleven skal kunne bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gi ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida, og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden Generelt om boka Boka om Gulatinget er ei fagbok for barn og ungdom. Boka er sett saman av to hovuddelar: 1. Ei lengre forteljing som viser korleis lova og tingordninga kunne gripe inn i livet til folk for meir enn tusen år sidan. 2. Ein kort sakprosadel bak i boka, som fortel om samfunnet i den tida Gulatingslova vart til, og som gir døme på korleis Gulatingslova regulerte tilhøvet mellom menneska i dette samfunnet. Her blir det òg gitt eit oversyn over utviklinga frå Gulatingslov til Landslov. Boka kan nyttast på mange vis til å arbeide med særleg punkt 2 og 3 i Læreplanmåla, men i sakprosadelen finn ein også stoff som kan vere med på å dekkje punkt 4. Punkt 5 i Læreplanmåla seier at eleven skal kunne gjere greie for eit sentralt emne i perioden frå vikingtida til slutten av dansketida. Med bakgrunn i boka om Gulatinget kan elevane ta for seg til dømes tingordninga og lovene i vikingtid og mellomalder, samfunnstilhøva i det norske bondesamfunnet for 1000 år sidan, trældom og trælehald eller Gulatinget og Gulatingslova.

FORTELJINGA Forteljinga om Arne frå Grønstad er skriven i eg-form. Det er Arne sjølv som er forteljaren. Slik møter lesaren bondesamfunnet i vikingtida gjennom auga til ein 13 år gamal gut, som får røyne korleis lova grip inn i livet hans, både på vondt og godt. Under lesinga får ein òg vite kva lova seier om dei ulike situasjonane Arne kjem opp i. Lovteksten kjem då alltid etter kapitlet, slik at dei som ikkje bryr seg om å lese han, kan gå rett over på neste kapittel. Lærarstyrte fellesaktivitetar Om boka skal lesast i fellesskap i klassen (til dømes som høgtlesing av læraren), er det truleg best å følgje forteljinga utan for mange avbrot og konsentrere klassesamtalen til personar og hendingar i boka. Ein kan sjølvsagt godt ta opp somme av lovtekstane, men bør nok då sjå dei direkte i samanheng med handlinga i forteljinga. For mange inngrep og avbrot av denne typen kan lett øydeleggje for lesarengasjement og direkte oppleving av hendingane. Forteljinga skildrar eit samfunn som er svært ulikt vårt. Difor må ein sjølvsagt forklare tilhøve og situasjonar som ikkje er lette å forstå. Også i slike tilfelle er det viktig å halde seg tett til personar og handling. Men dette er slikt som ein erfaren lærar intuitivt vil finne ut av. Det viktigaste er at elevane får høve til å kome med reaksjonar på det dei har lese (eller høyrt). Elevsamtale I samband med sjølve forteljinga er det nokre tema som det er naturleg å ta opp under lesinga eller etter at ein har lese ferdig: 1. Hovudpersonen Arne Tilhøvet til far, til bror, til trælen Hallstein. Seinare i boka kva samværet med Sigurd og møtet med Gerd har å seie for han.

Korleis opplever Arne å møte ein kar som Åsulv? (s.10, s. 19, s. 24 26, s. 28, s. 48) Ein kan spørje elevane kvifor Arne tok kniven han fann, kvifor han gøymer kniven i træleskykkja, og kvifor han ikkje fortel sanninga då Hallstein får skulda. Forandrar Arne seg i løpet av boka, til dømes i forhold til faren, til broren eller Hallstein? 2. Dei andre personane Korleis er Torstein som far? Kva er viktig for han? Korleis er tilhøvet mellom Torstein og kona, Helga? Kva slags kar er Hallstein? Er han prega av livet som træl? Korleis ser han på Arne? Ei samanlikning mellom Geirmund og Sigurd. Korleis ter dei seg saman med Arne? Korleis kan ein merke på det Sigurd seier, og måten han ter seg på, at han har vore i viking i to år? Ei samanlikning mellom Gerd og Arne. Kan ein sjå på framferda til Gerd at ho har reist rundt i Europa med far sin? Kvifor knyter Gerd seg til Arne? Det er viktig at så mange som mogleg av elevane lærer seg til å bruke teksten når dei skal finne svar på slike spørsmål. På den måten kan dei få øving i å lese seg inn i ein tekst og sjå korleis eigenskapar og haldningar hos personane i ei forteljing kjem fram i det dei seier og gjer. 3. Samfunnet Når ein er ferdig med forteljinga, kan ein òg ta utgangspunkt i særskilde replikkar eller episodar i forteljinga og la elevane drøfte kva dei fortel om det norske bondesamfunnet for 1000 år sidan. Då vil det vere nyttig å ha lese dei første kapitla i faktadelen om livet på garden og om frie og ufrie menneske (side 89 91 ). Dette er såpass vanskeleg stoff at det kan vere naudsynt med ei viss lærarstyring.

Til dømes På side 12 13 seier Arne: «Somme er fødde til trælar, somme til bønder. Trælane er der for å grave i møkka, nett som dyra er der for at bonden skal få mjølk og kjøtt.» Kva fortel dette om synet på dei ulike samfunnsklassane? Eller På side 43 fortel Sigurd om korleis han og dei andre vikingane røva til seg store skattar, og syner fram eit kostbart smykke han har fått med seg. Kvifor seier ingen at dette er ran og tjuveri? Hugs på kor streng straffa for tjuveri var etter Gulatingslova (sjå side 23, 31 og 91). Kva fortel dette om synet på lov og rett i ulike høve? Eller Hallstein blir piska som straff for kniven dei trur han har stole. Ein unggut i Gulen blir steina fordi han har stole egg frå ein bonde. Elevane kan finne ut kva Gulatingslova seier om tjuveri, og lese det opp i klassen (sjå side 23, 31 og 91). Kvifor er lova så streng mot tjuvar? Samanlikn dette med at Åsulv kan betale seg fri frå valdsferda si, og at drapsmenn kan sleppe med å betale bøter til familien til offeret (sjå side 24 og 97). Her kan læraren kanskje hjelpe til med å få fram 1. at tjuvane helst var fattige og ikkje kunne betale bøter 2. at det var bøndene, dei som åtte noko, som laga lovene Det ser altså ut til at ein rekna drap som uunngåeleg mellom likemenn, medan tjuveri vart sett på som eit trugsmål som måtte straffast hardt. I samband med dette temaet kan ein òg lese avsnitta om «Ære og hemn» og «Mord og nidingsdrap i faktadelen».

Elevaktivitetar Her kan ein mellom anna ta i bruk enkle rollespel mellom to personar med utgangspunkt i forteljinga. Døme: Arne og Geirmund Arne og Hallstein Arne og Åsulv Arne og faren (Torstein) Arne og mora (Helga) Arne og Sigurd Arne og Gerd Elevane kan velje kva for par dei vil spele. Så førebur dei seg ved å finne fram til episodar og replikkar som fortel noko om dei personane dei skal presentere. Her kan ein lett differensiere oppgåvene mellom elevane, alt etter interesser og evner. Det enklaste blir å skrive ned fire-fem setningar, der dei presenterer seg sjølv og fortel kva dei meiner om den andre. Andre kan kanskje spele hendingar frå forteljinga eller dikte vidare og framføre nye møte mellom dei to personane. Dei som likar å teikne, kan illustrere situasjonar frå boka. Eit anna rollespel Kvar elev presenterer ein person. Det er sannsynleg at svært mange vil velje hovudpersonen Arne. Difor kan det vere greitt om læraren fordeler oppgåvene, slik at flest mogleg av personane kjem med i presentasjonen. Til hjelp kan ein setje opp nokre punkt om kva som kan vere med i presentasjonen, til dømes: Kven er «eg»? Kva meiner «eg» om «meg sjølv»? Kva for planar har «eg» for framtida? (Det må bli stor skilnad her, til dømes mellom personar som Arne, Gerd, Hallstein, Helga eller Åsulv.) Kva tykkjer «eg» om nokre av dei andre personane i forteljinga? Osb.

Elevane må få tid til å førebu seg med å skrive ned det dei skal leggje fram. Det kan vere nyttig at to eller tre arbeider saman med å utarbeide presentasjonane. Om dei skal «vere» ulike personar, kan dei kome med nyttige innspel til kvarandre. Rollespel for klassen i fellesskap 1. Bønder og trælar Ei gruppe elevar er bønder, ei anna gruppe er trælar. Kvar gruppe førebur seg med å skrive ned korleis dei ser på seg sjølv og på den andre gruppa. Så presenterer dei seg for klassen. Dette kan også utviklast vidare til eit «miniskodespel». 2. Kongen og bøndene Ein elev er kong Olav Tryggvason. Kongen kan få hjelp av fire-fem «kongsmenn» til å leggje fram synet sitt. Resten av klassen er bønder. Dei kan dele seg inn i grupper på tre eller fire som skriv ned det dei vil oppnå av kongen. Etterpå presenterer gruppene seg for klassen. Har dei tid og lyst, kan også dette bli eit «miniskodespel». Til hjelp kan dei lese kapitlet «Kongen og bøndene» i forteljinga. Nokre elevar kan gjerne samanlikne dette med skildringa av møtet mellom Olav og bøndene på Gulatinget i «Olav Tryggvasons saga» av Snorre Sturlason, kap. 56 58. Ei slik samanlikning kan også tene som døme på korleis ei historisk kjelde blir nytta til ei historisk forteljing.

Oppgåver Vi har teke med oppgåver med ulik vanskegrad, slik at læraren kan fordele oppgåver mellom elevane etter sin kjennskap til dei. 1. Gå saman to og to. Lat som om de er bønder på Gulatinget. Kong Olav Tryggvason har nettopp kravd at de skal døypast og slutte med å dyrke dei gamle gudane. Ein av bøndene vil gjere som kongen seier. Den andre vil nekte. Skriv ned grunnar til å seie ja eller nei til krava frå kongen. (Dette er vanskelegare enn rollespelet om kongen og bøndene. Her må elevane resonnere over ei historisk hending og finne fram til ulike interesser i ein konflikt som fekk mykje å seie for utviklinga i Noreg. Jf. punkt 2 og 3 i læreplanmåla.) 2. Teikn kongen og bøndene på Gulatinget. 3. I kapitlet «Å betale seg frå hemn», side 97 i faktadelen, får du vite kor mange kyr ein drapsmann måtte betale for eit drap. Dersom ei ku kostar 20 000 kroner, kor mykje må drapsmannen betale til sonen til offeret, til bror hans og til fetteren hans? Du kan bruke lommereknar. 4. Kva tykkjer de om at drapsmenn kunne sleppe med å betale bøter (sølv eller kyr) til familien til den drepne? Gå saman i grupper og diskuter. Prøv å setje opp ei liste med argument for eller mot. 5. De er tingmenn som har møtt på Gulatinget, og skal skrive eit referat av to av sakene dei har dømt i. Sak a) Torgeir Eiriksson har drepe Håvard Arneson, sonen til storbonden Arne frå Aurland. Tord har lyst drapet på seg og gått med på å betale bøter til Arne frå Aurland, til Håvards bror og til fetteren hans, Einar Dagsson (sjå side 97). Sak b) Trælkvinna Yrsa har teke seg inn i ei hytte som høyrde til bonden Bjørn Eiterkveise. Her skal ho ha stole ein ost og nokre flatbrød (sjå side 91).

Fire elevar dømmer i sak a), fire andre i sak b). Referatet skal fortelje nærare om saka og om den endelege dommen. Bruk fantasien (og boka) når de skildrar kva som blir sagt om sakene på tinget. Kvifor drap Torgeir Håvard? Kvifor tok Yrsa seg inn i hytta til Bjørn? 6. Kva hadde skjedd dersom Arne hadde tilstått for faren at han hadde teke kniven til Åsulv? Skriv ned ein tekst (kort eller lang) om dette. Du finn forklaringar i boka, til dømes på side 38. Bruk også fantasien til å skildre kva som kunne ha hendt. Tips: Kva gjorde Torstein? Åsulv? Arne? 7. Kva hadde skjedd dersom Åsulv hadde drepe trælen til Erling Skjalgsson og sjølv kome uskadd frå slagsmålet med han? Sjå kva lova seier om drap på trælar? (s. 59) 8. Kva hadde skjedd dersom Arne hadde teke dåpen? Arne fortel, og du skriv ned kva han fortel om dåpen. 9. Lova seier kva rettar den som kjøper ein træl, har dersom han er misnøgd med handelen (sjå side 51). Kva fortel dette om synet på trælane? 10. Finn på kartet (side 102) kva for landsdelar som høyrde inn under Gulatingslova. Noter namna og skriv opp når dei kom inn under Gulatinget. Kva for landsdelar var dei første Gulatings-fylka? Kva for område kom sist med? 11. Lag minst fire faktaspørsmål om Gulatinget. Gå saman to og to og spør kvarandre. Skriv ned svara. 12. Ta for deg ei hending i forteljinga om Arne. Lag ein teikneserie med minst fire bilete om denne hendinga. 10

Meir å lese Bøker for barn om vikingtida: Jon Ewo: Jakten på vikingene, Oslo 2004 Cecilia Lidström Holmberg: Min første bok om vikingtiden, Oslo 2002 Ole Røsholdt: Vikinger, Oslo 1994 For vaksne: Knut Helle: Gulatinget og Gulatingslova, Leikanger 2001 Gro Steinsland og Preben Meulengracht Sørensen: Menneske og makter i vikingenes verden, Oslo 1994 11