Utstyrsentral for ungdom - tildeling av tilskot til kommunar

Like dokumenter
Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Kulturdepartementet har stilt følgjande krav til anlegg som skal styrast tildeling styrt av fylkeskommunen etter regional plan;

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

Aktivitetsmidlar 2011

Presentasjon av anlegg og tiltak i i kommunane i Sogn og Fjordane kva har vi lukkast med og kva er utfordrande?

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

Samhandlingsreforma i Sogn

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Spelemidlar til idrettsanlegg fordeling av restmidlar og inndregne midlar

Tilrettelegging av fysisk aktivitet - Hordaland

Søknad om tilskot til folkehelsetiltak i 2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Frivilligpolitisk plattform

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Kommunal medfinanisering av samhandlingsprosjekt og felles ordningar

Giske kommune. Nettverksamling for Frisklivsentraler Ulsteinvik 4. og 5.sept.

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Idrett og fysisk aktivitet

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Aktiv kvar dag opne idrettsanlegg

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Prosjekteigar: Flora kommune.

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Fordeling av midlar til lågterskel fysisk aktivitet i regi av frivillege organisasjonar

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

Tildeling av Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar - FTU-midlar 2016

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Søknadsnr Søknadsår 2016 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2016 Togradersmålet - eit varmare samfunn

Politisk Måldokument for Ungdommens Bystyre i Flora Kommune, Vedteke i møte 3 mai Revidert i møte 8 mars 2012.

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

Søknad - Energiregion Sogn og Fjordane

Søkje om spelemidlar. Spelemiddelkurs Florø, Dale, Skei, Stryn og Lærdal

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Kommunedelplan for oppvekst

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Sogn frisklivssentral Innovasjonskonferanse Helse&omsorg Tysdag 20.mai 2014

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Skuleskyss båt/buss Atløy - Dale

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Regional plan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv

grunnskulen våren 2015

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Bodø 4. november 2015 Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Søknader om spelemidlar 2016

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Dialogkonferanse 2009 Modalen

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

MØTEBOK. Hovudutval for plan og næring. Møtedato Kl. Kl 10:30 14:00

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

GULEN - HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA med: gode oppvekstvilkår livskraftige og samarbeidande bygder mangfald og rom for alle

Følgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Agnes H. Bernes

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE I N S T R U K S FOR FORVALTNING AV TILSKOT TIL TRAFIKKTRYGGINGSTILTAK I KOMMUNANE

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Leiarnettverk

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

1 Klage frå Elvis-festivalen i Måløy over hovudutvalet sitt vedtak i HK-sak 12/14vert ikkje teken til følgje.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Arbeidsgjevarkontrollen i Sogn skattekontorets observasjonar og tilrådingar. v/ seniorskattejurist Torill Hauken-Johnstad

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Interkommunalt byggjetilsyn

Hovudutval for opplæring Saksbehandlar: Ole I. Gjerald/Erna Romøren Arkiv: A40 Arkivsaksnr.: 03/03774

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Helsestasjons- og skulehelsetenesta og tannhelsetensta. Tenner for livet.

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

N OU 2016: 14 Høyring - Meir å hente. Betre læring for elevar med stort læringspotensial

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av løyve til havbruk med laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn 2009

Transkript:

Saksbehandlar: Heidi Karin Ekehaug Sak nr.: 12/219-15 Avdeling: Plan- og samfunnsavdelinga Side 1 av 5 Utstyrsentral for ungdom - tildeling av tilskot til kommunar Fylkesdirektøren rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak: 1. Tilskotsmidlane på kr. 600 000,- vert fordelt slik: a) Flora 90 000,- b) Førde 20 000,- c) Gloppen 80 000,- d) Hyllestad 70 000,- e) Høyanger 80 000,- f) Leikanger 50 000,- g) Naustdal 80 000,- h) Selje 60 000,- i) Vik 70 000,- 2. Som føresetnad for tildelinga må Gloppen, Naustdal, Leikanger og Hyllestad gje opp kven som er ansvarleg instans i kommunen. Flora kommune må komme med utfyllande opplysningar om organisering og administrering av utstyrssentral før utbetaling kan skje. 3 Utstyrssentralane skal etablerast i tråd med Helsedirektoratet sine tilrådingar. Spesielt er det lagt vekt på god kommunal forankring og god tilgang for alle unge uavhengig av sosial status og tilhørigheit vektlagt. Prenta vedlegg: 1 1. Retningslinjer for tilskot til utstyrssentral for ungdom: http://www.sfj.no/cmssff/cmsmm.nsf/lupgraphics/111114retningslinjer%20- %20tilskot%20til%20utsyrssentral%20for%20ungdom%20(2).pdf/$file/111114Retningsl injer%20-%20tilskot%20til%20utsyrssentral%20for%20ungdom%20(2).pdf Uprenta vedlegg: 10 1. Søknad frå Flora kommune 2. Søknad frå Førde kommune 3. Søknad frå Gloppen kommune 4. Søknad frå Hyllestad kommune 5. Søknad frå Høyanger kommune 6. Søknad fr Leikanger kommune 7. Søknad frå Naustdal kommune 8. Søknad frå Selje kommune 9. Søknad frå Stryn Indre Nordfjord Turlag Ungdom 10. Søknad frå Vik kommune

Saksframstilling 1. BAKGRUNN I stortingsmelding nr. 47 Samhandlingsreforma vert det lagt vekt på sosial utjamning og tilbod om aktivitet med låg terskel for deltaking. Med samhandlingsreforma og ny folkehelselov som trådde i kraft 1. januar 2012, er fylkeskommunen og kommunane pålagt å legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid. I følgje Fylkesdelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2010-2013, vedteken i fylkestinget 13.10.2009 skal det offentlege ha eit særskilt ansvar for å utvikle tilbod til grupper som av ulike årsaker fell utanfor etablerte ordningar, eller som treng spesiell tilrettelegging. Det er vidare viktig å stimulere og motivere til eit aktivt friluftsliv i kvardag og fritid, samt spreie gode modellar og tiltak for lågterskelaktivitet. Forsking syner at det er samanheng mellom sosioøkonomisk posisjon og overvekt blant unge. Ungdommar frå familiar med dårleg familieøkonomi har høgare førekomst av overvekt og fedme samanlikna med dei som kjem frå familiar med god familieøkonomi (Grøholt, 2008). Vi veit at regelmessig fysisk aktivitet førebygg ei rekke lidingar, mellom anna diabetes, hjarte-kar sjukdomar, kreft og psykiske lidingar. Fysisk aktivitet har også positiv effekt på skader og ulukker, rusproblem, angst og depresjon. Utstyrssentralar Utstyrssentral er ein type lågterkskeltilbod og ein stad der ungdom, skular og frivillige organisasjonar kan låne utstyr til ulike former for friluftsliv eller sportsaktivitet. Målet med å ha utstyr for utlån er at alle unge kan få like muligheiter til å utøve fysisk aktivitet og friluftsliv uavhengig av sosial bakgrunn og status, og få oppleve glede av eit mangfald av ulike aktivitetar. Inaktivitet aukar blant unge, og med dei store helsemessige utfordringane det medfører for samfunnet og den enkelte, er det nødvendig å legge til rette for fysisk aktivitet. Ved å gjere sport- og friluftsutstyr tilgjengeleg i nærmiljøet nærmast gratis, vil dette kunne bidra til at fleire unge kan delta i aktivitet uavhengig av familieøkonomi og sosial status. Helsedirektoratet har utarbeidd ein rapport Sports- og fritidsutstyr til alle basert på erfaringar andre fylker/kommunar har gjort når det gjeld organisering og drift av utstyrssentralar. Her peikar dei på at utstyrssentralar kan jamne ut sosiale helseskilnader og erfaring viser at dei fremjar eit auka aktivitetsnivå. Helsedirektoratet konkluderer med at sentralane bør ha plassering i nærmiljøet og ha godt utstyr som er tilpassa årstidene. Gjennom ein utstyrssentral i nærmiljøet kan frivillige eller skuleklassar låne eller leige alt frå ski, fjelltelt, kano og kajakk til snøbrett. På denne måten kan unge prøve nye aktivitetar og utstyr, og lettare kunne finne aktivitetar dei likar. 2. VURDERING OG KONSEKVENSAR Plan og samfunnsavdelinga disponerte i 2011 kr. 600 000,- til ungdomstiltak, og bestemde at desse midlane skal nyttast til utstyrssentralar. Medio november i 2011 vart midlane lyst ut saman med andre tilskotsordningar fylkeskommunen disponerer over, og kommunane vart her invitert til å søkje tilskot til etablering eller vidareutvikling av utstyrssentral for ungdom. Det kom inn søknader frå 10 kommunar, nokre av dei søkte i samarbeid med frivillige organisasjonar. Totalt er det søkt om kr 1 038 906,-

Presentasjon av søkjarane Kommune Samarbeidspartar Utstyr det vert søkt støtte til Flora Syklar, kanoar, utstyr til ballaktivitet kr. 114 648,- i open hall Førde kr. 20 000,- Gloppen kr 188 000, Hyllestad kr 179 000,- Seksjon for kultur/fritid, seksjon for kvalitet/utvikling, Florahallen, frivillige Slåtten skule, frivillige v/bymarkas venner Nordfjord folkehøgskule Barne- og ungdomsskule Innvandrargrupper Frivilligsentralen Frivillige lag Vidareutvikling av utstyrssentral. Aktivitetsprosjekt for utsett ungdom. Kjelkar, fjellski og sko, kajakk, fiskeutstyr, surfebrett. Innvandrarungdom er målgruppe Turski m/sko, ryggsekkar, syklar, telt, liggeunderlag, fjellsko med meir Administrering Florahallen Lager/administrering i sentrum og ved Bymarka av Slåtten skule/ Bymarkas venner samarbeid med skulane. Folkehøgskulen har hovudansvar, stiller også eige utstyr disponibelt til utlån Hovudbase for utstyr i sentrum, administrering av frivilligsentralen Høyanger kr. 139 600,- Leikanger kr. 96 000,- Naustdal kr 110 000,- Selje kr. 60 000,- Stryn Indre Nordfjord turlag kr. 9658,- Høyanger Røde Kors hjelpekorps Stiftinga Siplo tråkkemaskin Flyktningtenesta Ungdomsklubben Idrettslaget Ungdomsskulen Rampen Frivilligsentralen Skulehelsetenesta Våtedalen tindeklub Grendalag og andre Barne- og ungdomsråd Vernepleietenesta Støttekontakt Lag og org Stryn videregående skule Norwegain Mountains Kanoar, redningsvestar, ryggsekkar og anna friluftsutstyr Ski og friluftsutstyr Syklar, utstyr til ballspel, fiskeutstyr, kanoar, klatresko, skateboard Tandemsykkel, terrengsykkel, utstyr til vassport, kajakk, lavo, lykter Søkjer midlar til utstyr som skal brukast i kurssamanheng sentrum og ved skianlegg i samarbeid med hjelpekorpset og Siplo Lager i idrettshall og ved skianlegg. Administrasjon av tilsette i kommunen. Lager lagt til sentrum/ ungdomsklubb, administrering av tilsette i kommunen Administrering av tilsette i kommunen Fell utanfor retningslinjene for midlane Vik kr. 122 000,- Ungdomsklubben Ungdomsskulen Vik fengsel Kanoar, fjelltelt, anna utstyr til friluftsliv og utstyr til ballspel Vaktmeister ved ungdomsskulen administrerer Kommunane Selje, Høyanger, Vik og Førde sine søknader viser ei god organisering og eit klart opplegg for drifta. Søknadane til kommunane Gloppen, Naustdal, Leikanger og Hyllestad er gode og gjennomtenkte, men manglar opplysningar om kven som er ansvarleg instans i kommunen. Fylkesdirektøren meiner at kommunane må opplyse om dette før utbetaling kan skje.

Flora kommune søkjer i hovudsak om midlar til utstyr som skal nyttast i tiltaket Open Hall, og i mindre grad til utstyrssentral. Fylkesdirektøren meiner at kommunen må gje utfyllande opplysningar om organisering, administrering og mål for etablering av utstyrssentral før tilskotet kan utbetalast. Slik vi kjenner kommunen jobbar dei godt og målretta med førebyggande tiltak overfor ungdom, har fokus på sosial utjamning i sitt arbeid for lågterskel fysisk aktivitet og god planforankring. Stryn sin søknad fell utanfor retningslinjene for midlane. Økonomi-/budsjettkonsekvensar Tilskot til etablering eller utvikling av utstyrsentralar er finansiert av midlar innanfor plan og samfunnsavdelinga sitt budsjett. 3. KONKLUSJON/TILRÅDING Fylkesdirektøren rår til at kr. 600 000,-, som er sett av til etablering eller vidareutvikling av utstyrssentralar for ungdom, vert fordelt til kommunane. Før løyvde midlar kan betalast må Gloppen, Naustdal, Leikanger og Hyllestad opplyse om kven som er ansvarleg instans i kommunen. Flora kommune må gje utfyllande opplysningar om organisering og gjennomføring før utbetaling kan skje.