Nynorsk under dobbelpress



Like dokumenter
Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Nynorsk som hovudmål større norskkompetanse

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

«Ny Giv» med gjetarhund

Finansiering av søknaden

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Vegvisar til vilbli.no

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Valdres vidaregåande skule

Arve Bakke, leiar i Fellesforbundet Innleiing konferanse Fafo-Østforum 14. november Erfaringar med allmenngjering og om veien vidare.

Demens i familien. Demenskonferansen mars 2015 Quality hotel Waterfront Ålesund. Førstelektor Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Saksbehandling kva er no det?

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Vurdering av allianse og alternativ

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Brødsbrytelsen - Nattverden

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Kva er økologisk matproduksjon?

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Nynorsk i nordisk perspektiv

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

TIL REKTORANE PÅ KNUTEPUNKTSKOLANE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Høring - finansiering av private barnehager

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Transkript:

1 Nynorsk under dobbelpress Lars S. Vikør Oslo Nynorsk har formelt same stillinga som finlandssvensk og færøysk: som eit offisielt nasjonalt skriftspråk jamstilt med eit anna, bokmål. Men som i begge dei to andre tilfella, dekkjer denne formelle statusen over ein realitet som er nokså annleis. Nynorsk blir brukt av mellom 10 og 15 % av folket - eg skal straks komme litt tilbake til grunnlaget for dette talet - og dei er for det meste busette i bygder og tettstader på Vestlandet og fjellbygder i tilgrensande område på Austlandet. I tillegg er det ein god del andre stader som bruker nynorsk, anten fordi dei kjem frå desse landsdelane, eller fordi dei av personlege grunnar føretrekkjer nynorsk. I det såkalla kjerneområdet dominerer nynorsk i skole og lokalpresse og ofte i det lokale næringslivet. På landsbasis har språket ei lovfesta stilling i etermedia, i offentleg administrasjon og i skoleverket i og med at alle elevane må lære begge målformene aktivt og passivt, eitt som hovudmål og det andre som sidemål. Både i etermedia og i offentleg forvaltning har nynorsken likevel eit langt svakare posisjon enn det lova krev, og det har i totre mannsaldrar vore arbeidd og pressa for å betre på denne situasjonen. Men nynorsk har òg ein kulturell posisjon på nasjonal basis ved å vere det språklege uttrykksmiddelet til eit viktig forlag og eitt av dei leiande teatra. I regional og lokal kultursamanheng står nynorsken også sterkt. Nynorsken er altså hardt pressa av bokmål, som dominerer i det meste av landet og i dei ekspansive delane av samfunnet: økonomi og næringsliv, det meste av offentleg teneste, og det meste av kulturen, framfor alt den urbane kulturen. I tillegg kjem presset frå engelsk, som er av ny dato. Dei første varskuropa mot ei anglifisering, eller rettare amerikanisering, av norsk språk og kultur, kom ca. 1960, og dei som tok opp dette da, var leiande nynorskfolk: Alf Hellevik i Norsk språknemnd, som særleg konsentrerte seg om lånordproblemet og korleis ein skulle takle det, og Sigmund Skard, professor i amerikansk litteratur, som skreiv pamfletten Målstrid og massekultur i 1963 og da meir la vekt på kultursida enn den reint språklege sida. Sams for Hellevik og Skard var at dei ikkje einsidig snakka om nynorsk, men om norsk - begge hørte til dei nynorskfolka som ønskte samarbeid med og tilnærming til bokmål. Skard tok såleis opp domenetapet, utan å bruke det ordet, som enno ikkje var oppfunne. Men han tenkte mest på det ungdomskulturelle domenet, som han meinte var det viktigaste for framtida. Ein skepsis og nervøsitet for språkleg og kulturell amerikanisering har rådd seinare, og skaut fart på 1980-talet. No gjekk Språkrådet i brodden, og da representantar for begge målformene. Lånordproblemet og spørsmålet om å fordøye engelske importord ortografisk, vart først teke opp, men rundt 1990 tok merksemda til å konsentrere seg om dette med domene, eit ord som nett i desse åra begynte å komme i bruk. No var det ikkje berre ungdomskultur dei var engstelege for, men enda meir slike "vaksne" domene som næringsliv, forsking og høgare utdanning. Ikkje minst oljesektorens vekst vart ein katalysator for denne frykta i Noreg. Den var amerikanskdominert, også språkleg, og i Statoil sat det folk som ønskte å motverke dette. Dei sponsa eit stort terminologiprosjekt ved Norsk termbank i Bergen, som skulle leggje grunnen til eit norsk olje-fagspråk på Gullfaks-feltet i Nordsjøen.

2 Men i det same Statoil vart engelsk alt da brukt som konsernspråk, og eit brev på engelsk frå eit Statoil-kontor til ein annan norsk etat fekk ein viss berømmelse ved at det kom svar på islandsk - behørig sendt med kopi til Bergens Tidende og oppslag på første side. Det var ein demonstrasjon som den gongen gjorde inntrykk, men som, når alt kom til alt, fekk liten eller ingen effekt. Statoil har seinare gått heilt over til engelsk som konsernspråk, men ute i Nordsjøen, der norske arbeidarar dominerer, er det norske fagspråket i full bruk. Nittitalet og tida heilt fram til i dag har vore prega av sterk aktivitet på domenetapsfronten, i form av fleire utgreiingar om situasjonen ikkje minst i høgare utdanning og forsking, der engelsk har teke over på dei fleste ikkje-humanistiske fagfelta, og ivrige debattar om avveginga mellom behovet for internasjonalisering og vernet om eit norsk fagspråk som del av ein nødvendig integrasjon i det norske samfunnet (med utgreiinga Norsk i hundre frå Språkrådet som siste vektige tilskot). På same tid har nynorskrørsla kjempa trutt for jamstilling med bokmål på sine teigar, ikkje utan suksess; staten har på fleire område intensivert støtta si til nynorske tiltak og saker. Men dette har vore to ulike saksfelt, og det er blitt stilt spørsmål ved om nynorsken eigentleg er under dobbelpress, for engelsk ekspanderer primært på felt der bokmålet har vore fullstendig dominerande før, mens dei meir kulturelle og tradisjonelle felta der nynorsken har stått sterkt, langt på veg har fått vere i fred av amerikaniseringa. Ein kunne oppfatte det slik at bokmålet innanfor sine sterke domene står under eit slags dobbelpress: eit kraftig press ovanfrå, frå engelsk, og eit svakt press nedanfrå, der nynorsk prøver å komme inn på desse felta, men er sjanselaus. Om engelsk ikkje direkte pressar nynorsk, er det i alle fall med på å stengje domene som også nynorskfolk gjerne ville komme inn på. Det ein på lang sikt kan vere nervøs for, er at bokmål blir eit reservatspråk mens nynorsk forblir det i eit enda mindre reservat, og under eit stadig hardare press både frå bokmål og engelsk. Dess tommare krybba blir, dess meir bitst hestane. Noko av det som har halde nynorsken gåande som eit levande språk i alle desse åra, er ein sterk språkvilje og eit språkmedvit blant nynorskbrukarar. Nynorsk har alltid vore kontroversielt, med periodiske kampanjar og mobbing mot seg, noko både nynorskbrukarar som har stukke seg fram i riksmedia har fått merke, og meir vanlege folk som har reist ifrå nynorskdominerte område for å bu og jobbe andre stader i Noreg. Trass og motstand har kjenneteikna nynorskbrukarar, i alle fall mange nok av dei til at språket både har overlevd, blitt ført vidare, dyrka opp og brukt kreativt. Bokmålet har derimot stått ganske trygt og har ikkje behøvd å mobilisere denne språkviljen. Språkstrid frå bokmålshald har stort sett berre vore ein konservativ strid mot endringar i bokmålet, og mot at nynorsken skulle få spreie seg utover reservatet sitt. Meiningsmålinga i prosjektet "Moderne importord i Norden" hadde som eitt av sine mange mål å finne ut noko om korleis tilstanden på dette punktet er i dag, eller i 2002, da målinga vart gjennomført. Spørsmålet er om det var ein forskjell i språkhaldningar mellom bokmåls- og nynorskbrukarar kring dette med engelsk påverknad på språket og språksamfunnet. I tillegg til dei spørsmåla som vart stilte i alle dei deltakande landa, fekk vi i Noreg eitt spørsmål til, spørsmål 1: "Når du skal skrive i private sammenhenger, benytter du da som regel nynorsk, som regel bokmål/riksmål eller begge omtrent like mye?" Da svarte 85,3 % bokmål, 8,8 % nynorsk, og 5,4 % "begge omtrent like mye". Den språksosiologiske realiteten i Noreg er slik at nesten alle bokmålsbrukarar bruker berre bokmål, når dei ikkje har eit arbeid der nynorskbruk inngår som ei plikt. Nynorskbrukarar går derimot ofte over til bokmål heilt eller delvis, til dømes slik at dei bruker begge målformene i ulike livssfærar. Eit typisk

3 tilfelle er nynorskbrukarar frå ei bygd som flyttar inn til ein by for utdanning og arbeid, og som ven seg til å bruke bokmål overfor den urbane omgangskrinsen sin, men nynorsk til slekt og i miljø som knyter ein til bygda. Dette er så utbreidd at dei 5,4 prosenta truleg for ein dominerande del består av ulike variantar av slik tilpassing. Derfor er det god grunn til å rekne desse til kategorien nynorskbrukarar, som på grunn av livsomstenda også må bruke mye bokmål (trass i at det også finst dei som flyttar frå bokmålsbyar til nynorskbygder og tilpassar seg der, men dei er vesentleg færre - dei fleste slike innflyttarar vil halde på bokmålet sitt som ein sjølvsagd ting, i alle fall privat). Dei som berre bruker nynorsk, vil for ein stor del vere busette i nynorskbygder, sjølv om mange utflyttarar også held konsekvent på nynorsken, kanskje særleg dei som får intellektuelle yrke. Dette talet stemmer godt med andre målingar av nynorskoppslutning, som alle peikar på området 10 til 15 % - det same gjer demografiske målingar av befolkninga i nynorskområda. Det er ca. 14 % av skoleungane som får nynorsk som opplæringsspråk, ein tilbakegang frå ca. 20 i min ungdom og ca. 16-17 % på sytti- og åttitalet. (Mykje materiale om dette kan ein finne i Ottar Grepstads Nynorsk faktabok 2005, frå Nynorsk kultursentrum i Ørsta). Da skal eg sjå på dei spørsmåla i målinga som gjeld forholdet til engelsk, og som viser signifikante forskjellar mellom bokmåls- og nynorskbrukarar (andre spørsmål ser eg bort frå, men eg bruker den opphavlege nummereringa, derfor ser det ut som det er hol ). Eg framstiller resultata i tabellform og kommenterer dei stutt. Det skriftlege underlaget for undersøkinga var på bokmål, derfor står spørsmåla i bokmålsform. Nummereringa verkar tilfeldig, men det er fordi eg 2: Hvor mange ganger tror du at du har snakket, lest eller skrevet engelsk i løpet av den siste uken? Ikke i det hele tatt 40,9 39,9 59,3 En gang 6,8 10,7 5,6 2 4 ganger 29,5 22,8 24,1 Omtrent hver dag 12,5 16,0 3,7 Mange ganger daglig 10,2 10,7 7,4 Her var det liten forskjell. Nynorskbrukarar er like opne for og fortrulege med engelskbruk som bokmålsbrukarar. Så kom dei første haldningsspørsmåla, der informantane vart bedt om å ta stilling til påstandane "Det brukes altfor mange engelske ord i dag" og "Det bør lages nye norske ord som erstatter de engelske ordene vi får inn i språket". 4a: Det brukes altfor mange engelske ord Helt enig 40,2 33,0 32,1 Nokså enig 34,5 28,4 35,8 Verken enig eller uenig 14,9 14,5 9,4 Nokså uenig 8,0 14,5 18,9 Helt uenig 2,3 9,5 3,8

4 4b: Det bør lages nye norske ord Helt enig 42,4 28,0 38,9 Nokså enig 30,6 23,7 24,1 Verken enig eller uenig 9,4 10,4 11,1 Nokså uenig 11,8 17,0 13,0 Helt uenig 5,9 21,0 13,0 Her viser forskjellane seg: Nynorskfolk er meir puristiske enn bokmålsfolk. Forskjellen er størst på den andre påstanden, fordi mange bokmålsfolk er einige i at det blir brukt for mange engelske ord, men vik tilbake for å krevje at det blir laga nye norske ord. Dei som bruker begge målformene, legg seg midt imellom dei to andre gruppene. Blant dei "reine" nynorskfolka er det like stor oppslutning om begge påstandane. 5: "Hvilket ord foretrekker du å bruke: mail eller e-post, design eller formgiving?" 5a: Mail eller e-post Mail (e-mail) 13,6 35,9 20,4 E-post 73,9 46,7 63,0 Begge 8,0 12,4 14,8 Ikkje sikker 4,5 5,0 1,9 5c: Design eller formgiving Design 34,1 62,0 51,9 Formgiving 51,1 28,0 27,8 Begge 9,1 6,4 14,8 Ikkje sikker 5,7 3,5 5,6 Her er det signifikante forskjellar, med nynorskfolk som klart meir puristiske enn bokmålsfolk. Dei som bruker begge målformene like mye, føretrekkjer klart design, men e- post. 8: "I en del norske bedrifter er engelsk blitt arbeidsspråket. Hva er din holdning til dette, er du positiv eller negativ?" Positiv 24,4 43,5 24,1 Verken positiv eller negativ 20,7 19,3 22,2 Negativ 54,9 37,2 53,7 Her viser forskjellen seg igjen, og da slik at både dei reine nynorskfolka og dei som bruker begge målformene like mye er klart negative, mens bokmålsfolk er meir splitta, men dei som er positive til engelsk som arbeidspråk er i eit lite fleirtal.

5 Samanfattande kan vi seie at det er ein samanheng mellom val av norsk målform og haldninga til engelsk påverknad, og at det ligg ein realitet bak det førestillinga at det er ei høgare bevisstheit rundt språkpress og språkleg maktkamp blant nynorskfolk enn blant bokmålsfolk, som gir seg utslag i synet på dei spørsmåla vi drøftar her. Men denne konklusjonen kan modifiserast, ikkje når det gjeld nynorskfolk, men når det gjeld bokmålsfolk. For denne store majoritetsgruppa er splitta når det gjeld desse spørsmåla - det viser tala også. Det finst altså inga bokmålshaldning når det gjeld engelskvennlegheit, men deriblant ei ganske klar og fokusert nynorskhaldning. Om ein ser på ein annan variabel i denne samanhengen, ser vi dette klart; det gjeld landsdel. Eg har ikkje tid til å gå detaljert inn på den her, men resultata ved denne variabelen viser at det går eit skilje i haldninga til engelsk påverknad går mellom Austlandet, særleg Oslo, på den eine sida og dei andre landsdelane, særleg Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg på den andre. Vestlandet er nynorskens kjerneområde, mens dei andre landsdelane er sterkt bokmålsdominerte. Dermed ser vi at haldningsspennet blant bokmålsbrukarane er langt større enn blant nynorskbrukarane. Konklusjonen blir at nynorskfolk lever under eit språkleg dobbelpress og er bevisste på det, mens bokmålsfolk, i alle fall i dei sentrale austlandsområda, dvs. dei mest dominerande i det norske samfunnet, ikkje er like bevisste på at dei også lever under eit språkleg press, eller i alle fall ikkje er spesielt engasjerte i det. Det vil vere interessant å gjere ei liknande undersøking om ca. ti år.