Vågå kulturskule. Skuleåret 2014-15



Like dokumenter
Vågå Kulturskule

Velkommen til kulturskulen.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

KULTURSKOLE

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Sandeid skule SFO Årsplan

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

ELEVINFORMASJON SKOLEÅRET 2015/2016

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Velkommen til kulturskulen

mmm...med SMAK på timeplanen

Gjennomføring av foreldresamtale klasse


Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Finnøy SKULEPENGAR. musikk- og kulturskule Skuleåret Søknadsfrist 20. mai Lær deg noko nytt og sett farge på kvardagen ;0)

10/60-14/N-211//AMS

Plan for Liabygda SFO

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ottar Bjørkedal Eid vgs

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Plan for overgangar. for barn og unge

VANYLVEN KOMMUNE KULTURSKULEN

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Kim Stian Gjerdingen Bakke

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

5. Soknerådsmøte mai Referat

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Søknadsfrist 1. mai 2015 Søknad sendes på

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Innhald. side Presentasjon av Vik Kulturskule...3. Fagtilbod til elevar.5. Info om musikkorpsa i kommunen.8. Prisar..10. Generell informasjon...

Samansette tekster og Sjanger og stil

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Vegvisar til vilbli.no

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Les for livet - del 2 (Ref # )

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Søgne kulturskole Tilbud skoleåret

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)


HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

«Ny Giv» med gjetarhund

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Kvalitetsplan mot mobbing

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Kulturskulen i Time komme er forankra i opplæringslova 13-6:

Trudvang skule og fysisk aktivitet

IKT-kompetanse for øvingsskular

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

VEKEPLAN 3. trinn Veke: 19 og 20 Namn:

SULA KOMMUNE Formannskapet

Øystese barneskule April - 08

Transkript:

Vågå kulturskule Skuleåret 2014-15 Vågå kulturskule glede og kvalitet sidan 1992

Velkommen som elev i kulturskulen! Vågå kulturskule har undervisning etter skuletid 4 dagar i veka. Noko av undervisninga er og lagt på dagtid, i samarbeid med skulen, for å få kabalen til å gå opp. Undervisninga går føre seg på Aktivitetshuset, på Vågåmo skule og nokre tilbod på Lalm skule. I denne brosjyra finn du tilboda våre for skuleåret 2014/2015. Undervisningsdagar og -tider er ikkje endeleg klart før til hausten. Nytt av året Nytt av året I år har vi fleire nye tilbod, som vi håper vil trekkje til seg nye søkjarar til kulturskulen Dei nye tilboda er: Teater for born: barneteater for 3. 4. årssteg Barneteater for 5. 7.årssteg Teater for ungdom og vaksne: «ein midsommarnattsdraum» - Shakespeare til fjells - prosjekteater for ungdom og vaksne Skulekorps: samspel og opplæring på messinginstrument (trompet, baryton, horn eller trombone) Skulekorps: samspel og opplæring på treblåsinstrument (fløyte, klarinett eller saksofon) Skulekorps: samspel og opplæring på slagverk Les meir om dei nye tilboda på dei neste sidene! Å vere elev i Vågå kulturskule: Om du blir tatt opp som elev ved Vågå kulturskule, må du følgje reglane for kulturskulen. Den som får tilbod om plass i kulturskulen vil få tilsendt eit forventningsnotat som både elev og føresette skal sette seg inn i før skulestart om hausten. Dette forventningsnotatet seier mellom anna noko om øving, frammøte, respekt for lærarar og medelevar, motivasjon, samarbeid mellom kulturskule og heim, samt oppfølging av eleven sin innsats og utvikling. Påmeldinga til kulturskulen er bindande!!! Dersom du får plass og takker ja til plassen vil du få ei rekning for det første halvåret, uansett om du byrjar eller ikkje. Dette mellom anna av omsyn til kontraktar ein gjer med lærarane og økonomien i kulturskulen.

Prisar skuleåret 2014-15 Undervisning: Instrumental- og vokalundervisning: Bandundervisning: Foto: Øvrige tilbod: Prosjektteater 1.125,- pr halvår 1.065,- pr halvår 800,- pr halvår 1.125,- pr halvår 1.000,- for heile prosjektperioden Om du har søsken i kulturskulen vil barn nummer to få 25% rabatt, born nummer tre få 50% rabatt osb. I enkelte tilfelle kan ein søkje om friplass, i samarbeid mellom NAV og kulturskulen. Ta kontakt med sektor for oppvekst og kultur. Instrumentleige og innkjøp av noter og bøker: Kulturskulen har nokre instrument til leige: toradar, trekkspel, fløyte, baryton, trombone, trompet, klarinett, saksofon, fiolin, cello og akustisk gitar. Prisen for å leige instrument er: kr 200,- pr halvår, 1. leigeår. NB: Kulturskulen har progressive satsar på utleige, for å betre sirkulasjonen på instrumenta og for å kunne halde eit forsvarleg nivå på instrumenta som blir leigd ut. Kulturskulen sender ut eiga kontrakt til dei som ønskjer å leige instrument. Der står og reglane for utleige av instrument, samt prisar for leigeår utover det første. Innkjøp av noter og bøker: I noko av instrumentalundervisninga vil ein bruke lærebøker som undervisningsmateriale. Desse skaffar kulturskulen, men foreldra må koste dei. Likeeins på fototilbodet, vil det bli brukt ei bok som foreldra må kjøpe.

Tilboda i kulturskulen skuleåret 2014-15 Karusell Eit tilbod for 1. 2. årssteg, der ein i løpet av skuleåret er innom fire ulike fagområde: musikk dans kunst/kunsthandverk teater Karusell er meint å vere ein smakebit på kva ein kan lære i kulturskulen, og som ein appetittvekkjar for seinare val av fag blant kulturskulens tilbod. Etter erfaringar frå skuleåret 2013/14 vil vi og det neste skuleåret ha eit tolærar-system på kvar «stasjon» på karusell, med ein hovudlærar som følgjer med på alle stasjonane, som har hovudansvar for gruppa, og som sørgjer for kontinuitet, tryggleik og stabilitet på kvar stasjon. I tillegg vil det vere ein faglærar på kvar av dei fire stasjonane. Undervisninga på karusell vil fortrinnsvis bli lagt i SFO-tida. Vekedag er ikkje bestemt enno. Kulturskulen vil prøve å gi tilbod i SFO-tida både på Lalm skule og på Vågåmo skule. Eit lite atterhald om logistikken til lærarane og egna rom. Karusell er primært tenkt for dei yngste i barneskulealder, men ein kan og vere med sjølv om ein startar i 3. klasse.

Instrumental, vokal og band Fiolin/fele (frå 3. årssteg) Cello (frå 3. årssteg) Piano (frå 3. årssteg) Toradar (frå 3.årssteg) Trekkspel (frå 3. årssteg) Fløyte (frå 3. årssteg) Gitar (frå 3. årssteg) (elgitar eller akustisk gitar) Bassgitar (frå 5. årssteg) Slagverk (frå 4. årssteg). Dette er slagverkundervisning mest retta mot pop, rock, jazz og mot dei som ønskjer å spele i band. Bandundervisning (frå 7. årssteg), obs: ikkje for dei heilt ferske elevane eleven må kunne spele litt på eit instrument før dei startar i band (undervisninga varer ca 1,5 time pr veke) Vokalundervisning (frå 5. årssteg) NYHEIT: Skulekorps - messinginstrument (frå 4. årssteg). Her vil ein få to undervisningsopplegg: ein time samspel kvar veke saman med dei andre blåsarane og korpsslagverkarane, og ein time i ei mindre gruppe saman med sitt «eige» instrument. Ein vil prøve å leggje samspeltimen på dagtid i ein av fritimane på skulen. Ein kan velje mellom instrumenta trompet, baryton, horn eller trombone. Skriv i merknadsfeltet i søknadsskjema kva for instrumnet du vil vere med på. NYHEIT: Skulekorps - treblåsinstrument (frå 4. årssteg). Her vil ein få to undervisningsopplegg: ein time samspel kvar veke saman med dei andre blåsarane og korpsslagverkarane, og ein time i ei mindre gruppe saman med sitt «eige» instrument. Ein vil prøve å leggje samspeltimen på dagtid i ein av fritimane på skulen. Ein kan velje mellom instrumenta fløyte, klarinett eller saksofon. Skriv i merknadsfeltet i søknadsskjema kva for instrument du vil vere med på. NYHEIT: Skulekorps - slagverk og perkusjon (frå 4. årssteg). Her vil ein få prøve både slagverk, lære å bruke ei skarptromme og andre trommer. Ein vil og få notekunnskap. Trommeundervisninga blir lagt opp på same måte som på messinginstrument, med ein time samspel med blåsarar og ein time i gruppe med berre slagverkarar. All musikkundervisning er organisert som ein blanding av individuell opplæring/ opplæring i lita gruppe og samspel, både innan instrument og på tvers av instrument. Dei vekene det er individuell undervisning, varer timen 25 minutt. Smågruppeundervisninga varer 60 minutt. Både for motivasjon, utvikling og inspirasjon er det viktig med samspel. Vågå kulturskule ønskjer å jobbe med samspel i ulike konstellasjonar, så nokre veker i året er timeplanen annleis. Bandundervisning og anna gruppeundervisning varer mellom 1 1,5 time kvar veke.

Dans Jazzdans, barn (3. 4. årssteg) 45 minutt Jazzdans, barn (5. 6. årssteg) 45 minutt Jazzdans, ungdom (7. årssteg og oppover) 45 minutt Teater NYHEIT: Barneteater: 3. - 4. årssteg NYHEIT: Barneteater: 5. 7. årssteg NYHEIT: Ein midsommarnattsdraum - Shakespeare til fjells - prosjekteater for ungdom og vaksne. Dette er eit prosjekt som starter opp i september og som skal munne ut i ei stor utandørs framsyning i juni av «ein midtsommarnattsdraum» av Shakespeare. Her treng ein mange aktørar, både unge, vaksne og godt vaksne, jenter, gutar, menn, kvinner, erfarne og mindre erfarne. Det er roller av ulik storleik, og vi vil ganske tidleg i haust ha ein slags audition for å få plassert aktørar på rett rolle. Det vil og vere mogleg å søkje om å vere med, sjølv om ein ikkje bor i Vågå kommune. Alle tilboda er avhengige av nok påmeldte. Dersom det ikkje er nok påmeldte til fleire grupper, må vi kutte noko av tilbodet, eller slå saman to av gruppene. Alle som melder seg på teater, får bli med på spennande jobbing mot ei oppsetting. Kva for oppsetting vi plukkar ut i år, avheng av kor mange og kven som melder seg på. Det vil og bli ein del arbeid med improvisasjon/teatersport og teaterleik. Barneteater: Undervisningstid: 2 x 45 minutt kvar veke. Prosjektteater: 2 timar kvar veke, og meir intensivt arbeid når det nærmar seg framsyning. Her vil ein og måtte gjere ein del arbeid heime med å lære seg tekst.

Kunst og -handverk 1 (3. 4. årssteg) Kunst og -handverk 2 (5. og 6. årssteg) Kunst og -handverk 3 (frå 7. årssteg) Visuelle kunstfag I løpet av året vil ein få prøve seg med mange forskjellige teknikkar og materiale, samt lære om ulike kunstnarar og stilretningar. Teikning og måling er grunnleggjande for alt arbeidet ein gjer i kunst og handverk, og vil få noko større vektlegging enn meir hobbybaserte aktivitetar. Fotokurs nybyrjarar (frå 7. årssteg) - Fotokurset blir gjeve i samarbeid med Vågå Kameraklubb. Undervisninga vil bli lagt til måndagar frå 17.30 20.00, ca 18 måndagar i året. Kurset vil innehalde m.a. enkel innføring i bruk av kamera, lyssetting, fotografering ute og inne, prosjektarbeid og bildebehandling for å nemne nokre av tema. Fotokurs for vidarekomne (for dei som starta i fjor eller som har anna røynsle) Oppsummering av tilboda Karusell (smakebitar og grunnleggjande arbeid innan alle fire kunstretningane i kulturskulen, for dei yngste) Karusell (1. 2. årssteg) Instrumental- og vokaltilbod Fiolin (frå 3. årssteg) Cello (frå 3. årssteg) Piano (frå 3. årssteg) Fløyte (frå 3. årssteg) Skulekorps - messingblås (frå 4. årssteg) Skulekorps - treblås (4. årssteg) Skulekorps - slagverk og perkusjon (4. årssteg) Toradar (frå 3. årssteg) Trekkspel (frå 3. årssteg) Gitar, elgitar eller akustisk gitar (frå 3. årssteg) Bassgitar (frå 5. årssteg) Bandopplæring (frå 7. årssteg) Vokalundervisning (frå 5. årssteg) Teater Barneteater (3. - 4. årssteg) Barneteater (5. - 7. årssteg) Prosjektteater - Ein midsommarnattsdraum (for ungdom og vaksne) Dans Jazzdans barn (3. - 4. årssteg) Jazzdans barn (5. 6. årssteg) Jazzdans ungdom (7. årssteg og oppover) Visuelle kunstfag Foto nybyrjar (frå 7. årssteg og oppover) Foto vidarekomne Kunst og handverk 1 (3. 4. årssteg) Kunst og handverk 2 (5. 6. årssteg) Kunst og handverk 2 (7. årssteg og oppover) Atterhald om lærardekning på nokre av tilboda og om nok påmeldte på dei ulike gruppetilboda.

Slik går du fram når du skal søkje om plass ved kulturskulen: 1. Gå inn på www.vaga.kommune.no under Tenester/Kultur, idrett og fritid så finn du kulturskulen 2. Klikk på lenka Elektronisk skjema for å å søkje opptak i Vågå kulturskule 3. Fyll ut skjemaet med aktuelle opplysningar 4. I rubrikken der du skal registrere kva skule og klasse eleven går i er det viktig at du skriv kor eleven går ved oppstart av nytt skuleår 5. Når du har fylt ut dei ulike rubrikkane, klikk på send søknad. Du får eit ID referansenummer og søknaden er levert Vågå kommune Nettpåmeldinga opnar 26. mai Søknadsfrist 10. juni Treng du hjelp til utfylling, kontakt servicetorget. Treng du datamaskin for å søkje, finn du dette på biblioteket eller på servicetorget på kommunehuset. Lykke til! Vi ønskjer deg velkomen til Vågå kulturskule