Til venstre, der hjartet er

Like dokumenter
Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Kom skal vi klippe sauen

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

I N N H O L D. Forord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vibeke Tandberg. Tempelhof. Roman FORLAGET OKTOBER 2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

OK, seier Hilde og låser.

Jon Fosse. For seint. Libretto

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Lars Ove Seljestad Isberg. Roman

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

mmm...med SMAK på timeplanen

Kva er økologisk matproduksjon?

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alt det lyse og alt det mørke

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Tor Arve Røssland. Oslo

Rom ved havet, rom i byen

Månadsplan for Hare November

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Ingelin Røssland. Kirsebærsnø. Roman

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

BOKSTAVSOMMAREN Styrk vil snorkle, men da må nokon passe på han. Det blir Zara, veslesøstera hans. Ho er for lita til å snorkle, men stor nok til å

Brannsår, rus eller friheit?

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

«Ny Giv» med gjetarhund

Den som er bak speilet. Knut Ørke

Valdres vidaregåande skule

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Setring ved Håbakkselet Hareid

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Til deg som bur i fosterheim år


Lynne og Anja. Oddvar Godø Elgvin. Telefon: /

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Kristin Lind Utid Noveller

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Krister ser på dette uten å røre seg. Lyden rundt ham blir uklar og dempet.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Sorgvers til annonse

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Preken 31. mars 2013 Påskedag Kapellan Elisabeth Lund

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

The agency for brain development

ROBERT Frank? Frank! Det er meg. Å. Heisann! Er Frank inne? HANNE Det er ikke noen Frank her. ROBERT Han sa han skulle være hjemme.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kim Hiorthøy Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig Tekster og Tegninger. Forlaget Oktober

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

En eksplosjon av følelser Del 3 Av Ole Johannes Ferkingstad

Benedicte Meyer Kroneberg. Hvis noen ser meg nå

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

Transkript:

Til venstre, der hjartet er Fagstoff MARIT KALDHOL Listen [1] Handa held den store saksa. Ho klipper sakte. Bildet fann ho i eit vekeblad og kjente seg straks igjen. Eit myrlandskap, frostrøyk over gule tuer. Små vassdammar, myrull som nikkar med kvite hovud. Ein hegre står og ventar i utkanten av bildet. Ho synest det er så fint. No klipper ho det ut. Festar det på veggen med knappenåler. Så trekker ho knea opp til seg og sit og ser på det. Alt skrotet har ho stuva saman inst i skapet. Farfar sine tøflar, han har ikkje bruk for dei lenger. Det ingen har bruk for, det hamnar her. Det er eit langt skap. Her er plass til henne òg. Ei lommelykt står på golvet og lyser rett opp, lagar ein lysring i taket. Ved sida av seg har ho ei eske med forskjellige småting i. Ein oval, glatt stein, ein ring, to kvite steinar frå singelen på kyrkjegarden, ein blyant og ei gul notisbok. Dei to steinane frå kyrkjegarden brukar ho å gni mot kvarandre for å få det til å gneiste. Viss ho slår av lommelykta kan ho sjå den vesle lysgneisten inni hendene sine. Det beste er den gode lukta. Ei varm lukt av bål. Ho nyt den, pustar den langsamt i seg. Held den inni det vesle, mørke rommet mellom hendene. Stikk nasen inn dit og pustar i seg. Det er så godt. Ho seier det ikkje til nokon. Mor og far veit ikkje korleis ho har det her inne. Dei har aldri vore her. Her er så lågt under taket, og dei orkar ikkje krype inn. Dei synest det er vondt å bøye seg så veldig. Når ho sit på skulen, stirer ho ned i pulten. Ein som heiter Jim har ripa inn namnet sitt i plata. Og grave ei grop der. Eit mørkt hòl. Kanskje han har brukt kniv. Ho stirer ned i dette hòlet. Ho veit ikkje kven Jim er, men ho skulle ønskje han ikkje hadde gjort det. Ho orkar ikkje sitte kvar dag og lese namnet hans. Ho strevar for å styre blikket vekk frå det. Helst legg ho ei bok eller pennalet sitt over. Men når dei et, er det ikkje så lett. Då skal pulten vere rydda. Marit Kaldhol Om forfattaren Marit Kaldhol er fødd i 1955 i Ålesund, og er lyrikar og forfattar. Kaldhol er utdanna lærar, og har undervist i grunnskolen og i vidaregåande skole. Ho debuterte i 1983 med diktsamlinga "Lattermilde laken", og har seinare utgitt lyrikk, barnebøker, ungdoms-bøker, romanar og novellesamlingar. Om teksten "Til venstre, der hjartet er" er henta frå samling "Noveller for ungdom" frå 2006. Dette er ei samling med åtte noveller der røynd og fantasi nokre gonger går over i kvarandre for hovudpersonen.

Og det er risikabelt å sette matboksen heilt ut på kanten der namnet er. Jim står heilt øvst i det høgre hjørnet av pultplata. Det er akkurat som om namnet smiler. Ho orkar ikkje sjå det. Dei andre i klassen snakkar ikkje til Sara. Dei går bare forbi pulten hennar utan å sjå henne. Ho er usynleg. Det gjer ingenting. Ho har skapet. Når ho er på skulen, tenker ho at skapet saknar henne. Skapet er einsamt når ho ikkje er der. Dei andre roper. Kastar ting til kvarandre. Spring, ler. Sara spring ikkje. Ho går roleg langs veggen i korridoren. Ho vil ikkje rope. Noko kunne smatte ut. Ord som ikkje skal ut, kunne finne på å lure seg ut. Ord som bare høyrer til inne i hovudet. Nei, rope gjer ho aldri. Ein dag finn ho ei fjør på vegen. Fjøra er lang og lysegrå. Ho bøyer seg og plukkar henne opp. Ser opp i lufta over seg. Fuglen som har mista fjøra er ikkje til å sjå. Fuglen la kanskje ikkje merke til at ho fall. Men Sara vil passe godt på henne. Fjøra skal ikkje sakne kroppen ho kom ifrå. Forsiktig ber ho fjøra med seg heim. Held henne inntil jakka, så ho ikkje skal ta skade. Når Sara er inne i huset, går ho opp på rommet sitt, opnar skapdøra og kryp inn. No kan ho gjere det ho med ein gong visste visste at ho ville. Straks ho fekk auge på fjøra, visste ho det. Her inne kan ho gjere det. Ho løftar fjøra mot ansiktet. Legg henne mot munnen. Det er mjukt. Stryk henne over kinnet. Det er stilt. Held henne under nasen, luktar. Det luktar levande. Ho kjenner ei tåre. Ein gong til dreg ho fjøra over munnen. Ein gong til over kinnet. Fjøra klappar henne. Kjærteikn på kjærteikn. Ho kjenner lukta av ein skapning som flyg. Kjenner baksande vengeslag, kjenner den tunge lengselen etter løftet i kroppen. Mørket kjem av seg sjølv og kryp over henne. Mørket er eit godt teppe. No er ikkje skapet trist lenger. Det vesle kneppet i lommelykta er ei helsing. Klikk, så er lysringen der i taket. Så ser ho tinga sine. Ser fjøra i handa. Ser fuglen i bildet.

Ho kan kvile seg i bildet. Ho kan stikke ut tunga og slikke i seg nokre dropar frostrøyk viss ho vil. Kvile i skodda, for den er så mild. Puste ut. Myrullhovuda pludrar stilt omkring henne. Så veit ho kva ho vil skrive i notisboka. Ho grip fast om blyanten, skriv med langsam løkkeskrift: "Fann ei mista fjør i dag. No er ikkje fjøra aleine lenger." Sara sit lenge. Det er lyden av vatn som minner henne på at tida går. Bare forsiktige små skvulp. Vatn som vaskar mot grastuer. Ho ser at myrulla svaiar på dei tynne stilkane sine. No oppdagar ho bølgjene. Dei bryt seg bortover vassflata i den største dammen. Som om det var begynt å blåse opp. Men det blæs ikkje, Sara veit det. Det er nokon som kjem gåande i dammen. Ho reiser seg på kne. Ser innover i bildet. Då får ho auge på han. Og straks skjønar ho at ho må kome. Han vinkar til henne med lange armar. Vinkar henne til seg. Ho forstår. Ho kjenner kor rett det er. Som om noko drivande kvitt har reist seg i kroppen. Ho går mot han som vinkar. Tuene gyngar under føtene hennar. Myra er gul. Det varer ikkje lenge før ho er våt langt oppover buksebeina. Sara bryr seg ikkje om det. Vatnet skvett opp omkring henne. Ho vassar tvers gjennom den minste dammen, forundra over kor grunt det er. Då det bare er to-tre meter mellom dei, stansar ho. Han vinkar ikkje lenger. Han står i ro. Sara står også. Bølgjene trillar vekk, vassflata legg seg blank rundt anklane deira. Noko pustar. Det kan vere lufta sjølv, tenker Sara. Ho har aldri sett ein så naken gut før. Huda hans er kvit. Kroppen tynn. Men handflatene er store og skuldrene breie. Kvar skulder er ei kraftig kule. Guten har langt, mørkt hår som krøllar seg ned mot skuldrene. Ho ser inn i ansiktet hans. Augene er små, blå. Sjølv om dei stirer rett på henne, er ikkje Sara det minste redd. Tvert om. Desse augene dreg henne inntil seg. dei er varme kyss, kjenner ho. Kjærteikn.

På håret hans ligg ørsmå vassdropar. Dei to ser på kvarandre ei lang stund. Det er fint, det hastar ikkje med noko anna. Men då guten rekker fram ei hand mot henne, spør ho: Kvifor er du naken? Fordi eg er død. Sara ser at han har fått hår rundt tissen. Nattsvart hår. Ho går nærare. Eg har med meg fjøra, seier Sara og syner han. Fint. Så tar han henne i handa. Dei går vidare saman. Sara kjenner at hendene deira er våte. Guten legg hovudet litt på skeive og smiler til henne. Endeleg kom du, seier han. Dei går forbi dei små vassdammane. Dei går innover der myra sluttar. Der det er fastare å gå, der det står lauvtre og ventar. Her. Guten stansar. Sara ser seg om etter hegren. Den er ikkje å sjå. Guten smiler til henne. Han seier ingenting. Men med hendene tar han til å kle av henne. Først jakka og t-skjorta. Kastar dei i lyngen. Så den våte langbuksa. Trusa, sokkane. Kastar alt. Bare ikkje fjøra. Det er ikkje kaldt. Det er behageleg. Er det du som er Jim? Spør Sara. Han nikkar. Jimmy. Men du skreiv bare Jim. Fordi læraren kom og tok frå meg kniven. Jimmy ler ein liten latter. Så slår ham armane omkring Sara og held henne inntil seg. Dei er like høge. Sara kjenner lukta av håret hans. Lukta av gneistar frå steinar som blir gnidde mot kvarandre. Ho lukkar augene og borar ansiktet inn i den mørke jungelen. No er eg ikkje redd deg lenger, mumlar ho der inne i håret. Eg veit det, svarar Jimmy. Sakte voggar han kroppen hennar i takt med sin eigen. Når det mørknar, kjem ein liten vind og blæs vekk skodda. Det mørknar og klarnar på same tid. Eit svart fjell kjem til syne. Sara visste ikkje om at det var fjell her. Men no ser ho det. Det står og er tungt og roleg, slik fjell skal stå.

Teier, slik fjell skal teie. Ho er glad for at Jimmy tok henne med hit. Dei legg seg tett saman under eit tre. Endeleg kom du, seier Jimmy igjen. Ja, seier Sara. Då høyrer dei ropa. Først veldig svakt og langt borte frå. Så kjem dei nærare. Dei roper på Sara. Ho kjenner igjen mor si stemme. Etter kvart blir det fleire stemmer. Alle roper namnet hennar på kvar sine måtar. Sara kjenner dei ikkje. Dei er framande for henne. Bare mor si stemme kjenner ho. Ho set seg opp, lyttar gjennom mørket. No leitar dei etter deg, seier Jimmy. Slik ropte dei på meg òg, fortel han. Korleis døde du? Eg drukna. Sara vender seg mot han. Løftar ei hand, stryk over panna og gjennom håret hans. Du er så fin. Det er fint å vere her saman med deg. Ho høyrer sjølv at ho kviskrar. Ho kviskrar enda dei er heilt aleine. Enda ingen kan finne dei. Men du skulle ikkje ha laga det stygge hòlet i pulten, seier ho. Det var ikkje eg, svarar Jimmy. Då legg ho seg ned til han. Ansiktet hans er tett inntil hennar. Han kysser munnen hennar igjen og igjen. Ropinga gir seg ikkje. Sara og Jimmy sovnar, søv gjennom natta. Men når morgonlyset kjem, er ropa der framleis. Sara høyrer mor si stemme. Høyrer at det er mor som roper. Bare mor. Dei går uti elva og vaskar seg. Elvevatnet er friskt og klart. Ho ser nedover kroppen sin. Kor kvit han er i morgonlyset. Er eg òg død no? Jimmy svarar ikkje. Han går og set seg på ein stein. Ristar vatn ut av håret. Det lagar seg ein liten regnboge bak hovudet hans. Så plukkar han opp fjøra. Den lange fjøra som Sara kom med. Ho ser at han stikk henne inn i brystet. Festar henne i huda, litt til venstre, der hjartet er. Det ser ikkje vondt ut. Det er fint. Jimmy smiler det skrå smilet sitt til henne.

Ho snur seg mot elva. Ser seg attende der ho kom ifrå. Dei små vassdammane. Myrulla, dei gule tuene. Alt saman ligg der. Små perler i lufta. Skodda kjem rullande. Kvit som mjølk. Langt bortanfor høyrer ho mor sine rop. Jimmy, begynner ho. Men så får ho ikkje sagt meir, for i det same skrik hegren så skarpt at ho skvett. Skrik og lettar med tunge vengeslag. Flyg ut av bildet, sakte, skrått opp og ut. Jimmy! Jimmy rører seg ikkje. Den kvite kroppen i den kvite skodda. Sara stirer og stirer. Bare så vidt ho ser han. Bare så vidt ho høyrer mor sine rop. Men ho høyrer dei. Dei er det einaste ho høyrer. Så begynner føtene hennar å gå.