Historisk tilbakeblikk



Like dokumenter
NCC avd. Sogn og Fjordane

DIS- Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

ÅRSMØTEPAPIRER NORSK BOBIL OG CARAVAN CLUB avdeling Sogn og Fjordane. Årsmøte for årsmeldingsperioden 2015 Thon Hotel Jølster, Skei i Jølster

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

SAKSLISTE. Sak-møte-år Sak Ansvar / Frist Referat sist møte Robert las gjennom referatet. Nokre punkt er ikkje gjennomført.

Årsmelding 2015 Sogndal Turlag

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

ÅRSMØTEPAPIRER NORSK BOBIL OG CARAVAN CLUB avdeling Sogn og Fjordane

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Møteinnkalling for Valgstyre

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Stemnehandboka for NKSF

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Årsmelding for O-gruppa 2015

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

Årsmelding Fylkesrådet for eldre.

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Denne helga får du sjansen til å reise rundt i Nordfjord og Sunnfjord og møte dyktige og engasjerte bønder, med framtidstru og satsingsvilje.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Å R S B E R E T N I N G. for

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

S. og Fj. Skiskyttarkrins har gode resultat både nasjonalt og internasjonalt der utøverane viser gode resultat.

Protokoll frå styremøte i Helse Fonna HF

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

MØTEBOK. Fylkesrådet for eldre. Møtedato Kl

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Referat frå. Årsmøte i Øystese Båtlag 8. mars 2011 kl i kjellaren i Holmatun

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Møteprotokoll for møte i

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret. Sissel Stokke, Lasse Rindal, Jermund Rekkedal.

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Selje kommune MØTEBOK

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Styremøte nr Sogn Indre Skyttarsamlag

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ingrid Opedal Medlem SV Arild Iversen Nestleiar KRF

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

frå møte i gjetarhundnemnda til Nsg tysdag 6. desember 1994 på lagskontoret i Parkveien 71.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Saksnr.: 036/08-048/08. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Nils P. Støyva Gunn Helgesen Bjørn Lødemel

REFERAT FRÅ STYREMØTE Bogstad gård

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Magne Reiten NESTL SP. Frits Inge Godø. Helge Orten LEDER H Aslaug Jenset Sanden MEDL H

Referat frå årsmøte i Silda Velforening påskeafta,

Namning av vegar i Fræna Kommune

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Samnanger kommune Møteprotokoll

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Ola Tarjei Kroken Bengt Solheim-Olsen Medlem

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Transkript:

Historisk tilbakeblikk Norsk Bobil og Caravan Club, avdeling Sogn og Fjordane 30 år den 4. mars 2016 Foto: Arvid Kjøsnes Det første caravantreffet i NCC avd. Sogn og Fjordane den 6. til 8. juni 1986, Lovik camping i Loen som samla 20 campingvogner

Innleiing Erik Kvamme frå Førde var ein aktiv pådrivar for å starte avdeling i vårt fylke, dette viser fleire brev i perioden fram til klubben vart etablert. Han vart forresten direkte medlem i Norsk Caravan Club Landsforbund (NCCL) frå 17.02.1979. Det første brevet frå han til NCCL er datert 27. mars 1980 og han signalisera der at han kan være interessert i å få i gang lokal Club i Førde m/omland. 22. april 1980 får han svar frå Norsk Caravan Club Hovedstyre der dei takka for interessa og informera om kva denne landsomfattande organisasjonen driv med. Dei har no ca. 4.100 medlemmar fordelt over 29 avdelingar mellom Rogaland og Hammerfest. NCCL fortel vidare at dei ikkje er representert frå Bergen til Trondheim. Årskontingenten i 1980 er på kr. 100,- der kr. 50,- går til avdelingane, kr. 45,- går til Hovudstyret og kr. 5,- går til bladet Caravan som kjem ut med 5 nummer kvart år. Hovudstyret i NCCL har no 7 medlemmar og 2 vara. Hovudstyret skriv: «På avdelingsplan drives jo møte- og treffvirksomhet, øvelse- og ferdighetskjøring og PR for klubben. Her kommer det jo veldig an på de lokale styrene hvor aktiv en avdeling skal bli. Dette kunne sikkert vært bedre informert men hvis det tenner en gnist i deg så skal det ikke mangle på informasjon herfra» Det blei ikkje starta nokon klubb etter dette initiativet men den 16.10.1984 tek Erik Kvamme kontakt med Norsk Caravan Club og ber om å få tilsendt informasjonsmateriell fordi ei tenkegruppe skal ha møte den 23. oktober dette året. Referat frå Diskusjonsmøte hos Erik Kvamme viser at dei diskuterte: utvida sesong for bruk av vogn, vintercamping, stell/vedlikehold av vogn. Møte laga ei arbeidsliste for dei 8 personane som møtte. (Erik Kvamme, Magne Hafstad, Asbjørn Valaker, Arne Reidar Solheimsnes, Odd Nedrebø, Knut Nistad, Helge Øverlid) Nytt møte den 13.11.1984 Brev datert 15.11.1984 seier at ved oppretting av ny avdeling i Sogn og Fjordane, dekka Landsforbundet kr. 500,- til annonsering og lokalleige. Medlemskontingenten er no kr. 165, der kr. 77,50 går til Hovudstyret, kr. 67,50 til avdelinga og kr. 20,- til reisefordelingskassa. Neste møte i denne interessegruppa vart avvikla 10.02.1986 der ein gjekk igjennom kva som hadde skjedd dei tre føregåande møta, vintercamping, etablering av caravan klubben. 1986 Den 04.03.1986 vart det halde skipingsmøte på Sunnfjord Hotell, der møtte 24 interesserte opp og det vart valt eit styre på 5 personar. Her vart det vedteke at avdelinga skulle heite Norsk Caravan Club avd. Sogn og Fjordane. På skipingsmøte vart det gjort følgjande val: Atle Lien, Naustdal Eirik Kvamme, Førde Arne Ramstad, Førde Kirsti Schau Johansen, Kyrkjebø Alf Rogn, Svelgen Formann Styremedlem Styremedlem Styremedlem Styremedlem

Atle Lien, Naustdal vart valt til den første formann i avdelinga, på skipingsmøte. Det første styremøte i avdelinga den 7. april, konstituerte det nye styret seg og dei vedtok at Eirik Kvamme, Førde, skulle være sekretær og Arne Ramstad, Førde kasserar. Kirsti Schau Johansen og Alf Rogne vart styremedlemmar. Søknad om opptak i NCCL var no klar, og vart sendt 15.04.1986, vedlagt låg søknad om kr. 600,- i oppstarttilskot. No var det heile i gang og det første treffet vart arrangert på Lovik Camping 6.- 8. juni. Det møtte 20 vogner og ca. 65 personar. Eit uformelt treff vart halde på same plass 12.-14. september, og avdelinga hadde ved årsslutt 91 medlemmar. 1987 Det første ordinære årsmøte vart halde på Sunnfjord Hotel, Førde den 12. febr. og samla 21 medlemmar. Formannen i valnemnda, Arvid Kjøsnes la fram forslag om at Alf Rogne skulle bli valt til ny formann. Han vart samrøystes valt og Inger Pedersen vart valt til sekretær. Innkomne saker på årsmøte var: Etablering av campingplass for medlemmar. Det vart kjøpt inn skrivemaskin til 2.400 kroner og eit avdelingsflagg til 745 kroner og ei øvingsvogn til ca. 4.000 kroner. Denne blei brukt for første gang dette året til øvings- og merkekøyring og 8 personar besto prøva til bronsemerke. Det vart avvikla 2 treff, eit i pinsa den 5. til 7. juni med 54 ekvipasjar. På dette treffet var det 5 forhandlarar tilstade og viste fram vogner og utstyr. Den 4. til 6. sept. vart hausttreffet arrangert på Jølstraholmen camping og der møtte 29 vogner. Avdelinga hadde 163 medlemmar ved års slutt. 1988 Årsmøte vart avvikla på Alexandra hotell, Loen og samla 25 personar. Pinstreffet vert arrangert den 20. til 23. april og det er samla rundt 30 vogner. På landsmøte i Trondheim den 7. og 8. mai var avdelinga representert med Arne Øen, Sandane og Alf Rogne Svelgen. Fleire familiar frå NCC avd. Sogn og Fjordane deltok på Nordisk Caravantreff, Jørstadmoen 10. til 16. juli 1988. Desse familiane var: Rolf og Gerd Solheim, Naustdal, Erik og Birgit Vie, Førde, Alf og Erna Rogne, Svelgen, Arne og Åse Rygg, Naustdal, Arvid og Oddlaug Kjøsnes, Førde, Øistein og Julie Sagmo, Svelgen, søskena Dagfinn, Svanhild, Jens og Kåre Rosenlund, Hermansverk. Hausttreffet vart arrangert på Reed Camping 2. til 4. september og det møtte 35 vogner. 20 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 205 medlemmar ved års slutt. 1989 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og samla 45 personar. Innkomne saker på årsmøte var: forslag om å danne teknisk utval, og dermed måtte styret utvide frå 5 til 7 medlemmar fordi leiar i teknisk utval skulle sitje i styret og årsmøte støtta dette. Alf Rogne, Svelgen og Odd Svendsen, Sandane fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. Teknisk kontakt, Jon Inge Iversen hadde ansvaret for å utvikle tilbodet med vognsjekk rundt om i fylket. Hos Biltreff i Førde vart det og avvikla kontroll for dei av klubbens medlemmar som bestilte time hos dei men det finns ikkje opplysningar om kor mange som deltok der. Gjensidigepokalen var ein premie som 10 personar køyrde om, den Beste caravankjører i Sogn og Fjordane

vart kåra. Deling av avdelinga vart drøfta, nokre meinte den burde delast i 3. Frå dette året får medlemsbladet vårt namnet Kuletrykket. Vårtreffet vart avvikla på Reed camping 26. til 27. mai og hausttreffet på Lovik camping, Loen den 26. og 27. aug. dette med i alt 56 ekvipasjar. Det første medlemsmøte vart halde i televerket si kantine i Førde den 7. november med følgjande tema: Forsikringsavtalen mellom UNI og NCC, NCC må arrangere merkekøyring på treffa. 27 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 248 medlemmar ved års slutt. 1990 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 45 medlemmar. No kostar det kr. 250,- i årskontingent for å være medlem i NCC og kr. 125,- for pensjonistar. På årsmøte vart riddarkollegiet Det Edle Drag oppretta. Innkomne saker på årsmøte var: Kjøp av brukt campingvogn til utleige. Teknisk komité i avdelinga arrangerte tre teknisk kontrollar av campingvogner dette året og det møtte 11 vogner. Dette året starta NCC med Regionar og vår avdeling høyrer no til Region 6, Møre/Romsdal - Sogn/Fjordane og vår leiar Alf Rogne blei valt til regionleiar og han vert valt inn i Landsstyret. To medlemsmøter vart haldne, eit på Hauglandssenteret og eit på Årdalstangen. Karstein Fredriksen og Torbjørn Ripe gjekk kurs og vart godkjende til å drive opplæring i køyring med campingvogn. På Nordisk Caravantreff, Karlsborg i Sverige deltok 23 familiar frå vår avdeling. Tytebærtreffet vart arrangert på Mogard camping, Bismo den 14. til 16. september med i alt 33 vogner. 39 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 315 medlemmar ved års slutt. 1991 Årsmøte i avdelinga vart avvikla på Svelgen Hotell, Svelgen med 44 medlemmar. Erik Kvamme, Førde får overrekt helsing/gåve frå klubben som initiativtakar for oppstart av Norsk Caravan Club avd. Sogn og Fjordane. 24 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vart arrangert frå 8. til 9. juni. Hausttreffet falt saman med NM i Caramba den 30. aug. til 1. sept. som vart arrangert på Sandane og 110 campingvogner var samla i samband med dette meisterskapet. Regiontreffet på Bismo vart arrangert men tal deltakarar eller vogner/bubilar er ikkje oppgjeve. 25 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 360 medlemmar ved års slutt. 1992 Årsmøte i avdelinga vert avvikla på Vadheim Fjordstue, Vadheim og der møtte 49 medlemmar. Innkomne saker på årsmøte var: Betaling av tillegg for campingvogner ved passering av bomstasjonar i fylket vårt. 52 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vart arrangert den 5. til 8. juni på Jølstraholmen camping, Vassenden. Nordisk Caravan Treff vart arrangert 14. til 18. juli i Harstad og samla i alt 1250 vogner/bubilar. Frå NCC avd. Sogn og Fjordane deltok det 20 familiar. Hausttreffet vart arrangert på Sandane camping 29. til 30 august. Tyttebærtreffet på Mogard camping på Bismo vart avvikla den 15. og 16. sept. 24 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 372 medlemmar ved års slutt.

1993 På årsmøte på Skei hotell, Skei i Jølster møtte det 42 medlemmar og dette året vart det leiarskifte, der Jan Larsen frå Sandane fekk ei klubbe som var laga av forskalingsmaterial frå brua som går frå Kjøsnes på Skei i Jølster til Sunde på sørsida frå Arvid Kjøsnes. Innkomne saker på årsmøte var: Terminliste tid og stad for treff etc.18 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Det vart halde medlemsmøte i Førde med ca. 40 deltakarar og tema var: Vinterlagring av vogner inne og ute samt vedlikehald og klargjering. I tillegg vart det orientert om bompengeprosjekt i fylke. Avdelinga vert kåra til beste avdeling i landet når det gjaldt merkekøyring. Det første køyreopplæringskurset vart halde i lag med AOF, 8 deltakarar, av desse 3 damer. På Vårtreffet på Lovik camping den 28. til 31. mai møtte 44 campingvogner. Hausttreffet på Jølstraholmen camping 20. til 22. aug. møtte det 43 campingvogner og på Tyttebærtreffet på Bismo som no er omgjort til regionstreff, møter det 18 vogner frå vår avdeling og 6 vogner frå avd. Sunnmøre. På medlemsmøte i Førde den 27. okt. vart det stilt spørsmål om nokon kunne tenke seg å bli teknisk kontakt i Førde fordi det dette året kun blei gjennomført teknisk kontroll på Sandane og Arvid Kjøsnes, Førde meldte seg interessert i dette. 36 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 387 medlemmar ved års slutt. 1994 På årsmøte den 5. februar møter det 35 medlemmar på Gloppen Hotell, Sandane. Innkomne saker på årsmøte var: Framlegg om, sak 1, at NCC skal ruste opp ein bygning på Sandane som skal brukast til lagring av campingvogner og sak 2, styret skal bestemme tidspunkta for kor tid treffa skal vere. Begge saken skulle utredast til neste års årsmøte. Frå dette året vert det etablert ein frivillig teknisk komité som består av personar som har ansvar for følgjande områder: Jan Larsen, Nordfjord, Arvid Kjøsnes, Sunnfjord og Oddvin Uglum, Sogn og alle skulle rapportere til leiaren teknisk komité, Jon Inge Iversen, Florø som sat i styret. Dette året møter 34 vogner til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet skal være i Pinsehelga og hausttreffet den siste helga i august. Vårtreffet vart avvikla 3. til 5. juni på Jølstraholmen camping, Vassenden og samlar 37 campingvogner. Hausttreffet vert avvikla på Sandane den 26. til 28. august og samlar 60 campingvogner. Tytebærtreffet på Bismo samlar 3 stk. frå Kristiansund og omegn, 7 stk. frå avd. Sunnmøre og omegn og 23 stk. med 24 familiar frå vår avdeling, totalt 33 bubilar/vogner. 41 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 384 medlemmar ved års slutt. 1995 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og samlar 45 medlemmar. Innkomne saker på årsmøte var: sak1, Organisering av treffa i avdelinga. Årsmøtet vedtok at vårtreffet skal vere i Pinshelga og hausttreffet skal vera siste helga i august. Sak 2, Behov for lagringsplass for campingvogner og styret hadde innstilt på at avdelinga ikkje er interessert i å jobbe vidare med dette no, noko årsmøte støtta. Jan Larsen, Sandane fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 28 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vert avvikla på Stedje camping,

Sogndal den 2. til 5. juni med i alt 41 vogner. Hausttreffet vert avvikla på Bøyum Camping i Fjærland 25. til 27. august med 37 vogner. Regiontreffet på Bismo vart avvikla den 8. til 10 sept. med i alt 19 vogner/bubilar, alle frå vår avdeling. Eit køyrekurs vart avvikla med 7 påmelde, kun tre fullførte. Eit medlemsmøte med tema gass og gassinstallasjon samla 14 medlemmar på Skei den 25. okt. 45 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 395 medlemmar ved års slutt. 1996 Årsmøte vert avvikla på Selje hotell, Selje og samla 30 medlemmar. Innkomne saker på årsmøte var: Tillitsvalde som representera avdelinga på leiarkonferansar, regionmøter og faglege kurs, kan ta med seg ledsager og få dekka reise og opphald på avdelinga si rekning. 43 vogner og 1 bubil har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vert arrangert på Gryta camping, Oldedalen frå 24. til 27. mai med i alt 52 vogner. Hausttreffet vert avvikla på Gloppen Camping, Sandane 30. aug til 1. sept og samlar 44 vogner. Nordisk Caravan Treff vert avvikla i Selbu i Sør Trøndelag og 13 familiar frå vår avdeling deltek. Regiontreffet på Bismo vart avvikla den 13. til 15. sept og samla 10 vogner/bubilar, alle frå vår avdeling. 30 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 388 medlemmar ved års slutt. 1997 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster. Jon Inge Iversen, Florø er valt inn som regionleiar i Region 6 for eit år. Jon Inge Iversen, Florø og Karsten Fredriksen, Vadheim fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 43 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vert arrangert på Gryta camping, Oldedalen 30. mai til 1. juni og det møtte 60 vogner/bubilar. Hausttreffet vart lagt til Førde camping, Førde og det møtte 19 vogner/bubilar. Regiontreffet på Bismo samla 10 vogner den 12. til 14. september. Til Caravan- og Fritidsmessa i Vikingskipet på Hamar den 5. 7. sept. deltok 10 familiar frå vår avdeling. 29 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 427 medlemmar ved års slutt. 1998 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster. Kåre Eimind, Hellevik fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 50 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Avdelinga er medarrangør på Caravanutstilling/dansegalla i Stryn i tida 30. april til 3. mai og der er samla 205 vogner rundt og i umiddelbar nærhet av Strynehallen. Vårtreffet vert arrangert på Stedje camping, Sogndal den 29. mai til 1. juni og samlar 35 vogner. Hausttreffet vert arrangert 28. til 30 aug. på Gloppen camping og fritidssenter og samlar 43 vogner. Nordisk Caravan Treff vert arrangert i Umeå i Sverige i tida 5. til 11. juli og 4 vogner frå vår avdeling deltek. Regiontreff på Åndalsnes camping, Åndalsnes den 5. til 7. juni og ingen frå vår avdeling deltok. Caravanmessa i Vikingskipet, Hamar 5. til 7. sept. deltok i underkant av 10 familiar frå vår avdeling. Tytebærtreffet på Mogard Gjæstgiveri på Bismo 11. til 13. sept. med liten

oppslutning. 17 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 436 medlemmar ved års slutt. 1999 Årsmøte vert halde på Skei hotell, Skei i Jølster og samlar 46 deltakarar. Innkomne saker på årsmøte var: Ein frå styret får ansvar for å arrangere tekniske kontrollar, ein i Førde, ein på Sandane og ein i Sogn. Forslaget vart nedstemt av årsmøte. 49 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Caravanutstilling/dansegalla i Stryn 7. til 9. mai samlar 62 vogner. Vårtreffet vert avvikla på Jølstraholmen camping, Vassenden 21. til 24. mai og det deltok 28 vogner. Nordisk Caravan Treff vert arrangert i Tønder i Danmark 11. til 17. juli og 4 vogner frå vår avdeling deltek. Hausttreffet vert arrangert på Bøyum camping, Fjærland 27. til 29. august og samlar 25 vogner. Caravan og fritidsmesse i Vikingskipet, Hamar den 16. til 19. september og mange frå avdeling deltok. Medlemskontingent er no auka til kr. 380,- pr. år. 18 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 453 medlemmar ved års slutt. 2000 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og 43 personar deltek. Innkomne saker på årsmøte var: sak1, Skal avdelinga dekke utgifter på årsmøte for styremedlemmane samt, varamedlemmar og valkomité og årsmøte vedtok å dekke utgiftene for dei som sit i styre + vara medlemmane frå år 2002. Sak 2, Treffavgift, vil vi fortsatt ha den? Det blei bestemt å fortsatt ha treffavgift på kr. 50,- Sak 3, gjaldt merkekøyring på vårtreff og løyve til det vart gjeve med stort fleirtal. 32 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vart avvikla på Gloppen Camping og Fritidssenter 1. til 4. juni. Hausttreffet vart avvikla på Byrkjelo camping og det møtte 22 vogner. 16 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 456 medlemmar ved års slutt. 2001 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 43 medlemmar. På dette årsmøte takka Jan Larsen, Sandane av etter 8 år som leiar og Per Arvid Stølen, Vik i Sogn vart valt til ny leiar. 18 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vart avvikla på Gryta Camping, Oldedalen 9. til 12. juni og samla i alt 33 vogner. Hausttreffet vart arrangert på Byrkjelo camping, Byrkjelo og her var det samla 22 vogner. 17 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 465 medlemmar ved års slutt. 2002 Årsmøte vart avvikla på Sognefjord hotell, Hermansverk og 41 medlemmar var tilstade. Innkomne saker på årsmøte var: Avdelinga søker om overflytting frå Region 6 Møre og Romsdal til Region 7 Hordaland ilag med i NCC Avd. Bergen. Etter noko diskusjon vart saka utsett til neste årsmøte. Landsmøte 2002 vart avvikla på Gardemoen, Per Arvid Stølen og Marit Veberg Ask møtte frå vår avdeling. Hausttreffet var avvikla på Flåm camping, Flåm

den 23. til 25. aug. og nesten 30 vogner møtte. 8 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 456 medlemmar ved års slutt. 2003 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 38 medlemmar. Innkomne saker på årsmøte var: sak1, godgjering til Treffkomiteen. Årsmøte godkjende at Treffkomiteen skulle få dekka alle sine dokumenterte utgifter. Sak 2, Skifte av region frå region 6 Møre og Romsdal til region 7 Hordaland og overgang vart godkjend av årsmøte. 25 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Pinsetreffet vert avvikla på Sandvik camping i Gaupne 6. til 9. juni og det møtte 29 vogner. Lærdal Ferie og Fritidspark vert kåra til årets Topp Camping 2002. Hausttreffet vart avvikla den 29. til 31. august på Reed camping og det møtte 34 vogner. Det vart avvikla medlemsmøte hos Biltreff AS, Førde den 3 mai. Medlemsmøte på Bergen Caravan, Hylkje den 11. okt. samla 25 medlemmar og tema var: førarkortreglar, køyring, teknisk. 11 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 480 medlemmar ved års slutt. 2004 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og samla 35 medlemmar. Innkomne saker på årsmøte var: sak 1, Innkjøp av telt til bruk på treff, godkjend av årsmøte. Sak 2, Postkasse som skal brukast til forslagskasse og lignande på treff, forslaget godkjend av årsmøte. Sak 3, Innkjøp av Cargohengar til klubbens utstyr og årsmøte godkjende innkjøpet. 19 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreff på Gryta camping, Oldedalen 28. til 31. mai og samla 46 vogner. Hausttreffet vart lagt til Byrkjelo camping, Byrkjelo 27. til 29. august og samla 33 vogner. 14 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 494 medlemmar ved års slutt. 2005 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møter 35 medlemmar. 15 vogner og 1 bubil har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vert avvikla på Jølstraholmen camping, Vassenden den 3. til 5. juni og det møtte 28 vogner. Hausttreffet vart avvikla på Kjørnes camping, Sogndal den 25. til 27. august og her møtte det 10 vogner. 4 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 521 medlemmar ved års slutt. 2006 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møter 41 medlemmar. Ottar Selland, Naustdal fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 35 vogner og 5 bubil har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vert avvikla på Tjugum camping, Lodalen og det møtte 20 vogner. Hausttreffet vert avvikla på Bøyum camping i Fjærland. Dette året var avdelinga 20 år og dette vart markert med årsmøtemiddag og jubileumsfest. 27 mai møtte Ingunn og Per Arvid Stølen + Johnny og Marit Veberg Ask på Landsmøte i NCC i Kristiansand. 5 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 538 medlemmar ved års slutt.

2007 Årsmøte vert avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 41 medlemmar. Per Arvid Stølen tok ikkje attval og ny leiar frå 2007 er Arvid Kjøsnes, Førde. Marit Veberg Ask fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 32 einingar har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Vårtreffet vart arrangert på Byrkjelo Camping den 25. til 28. mai (Pinsehelga) og det var 51 vogner/bubilar tilstade. Hausttreffet vart avvikla på Sandvik Camping i Gaupne, helga 24. til 26. august med 23 vogner/bubilar. Samarbeidet i Region 7 fungerar godt og på årsmøte i regionen den 10. november på Park Hotell, Voss vart Egil A Johannessen frå NCC avd. Bergen valt som Regionleiar, Landsstyrerepresentantar frå regionen vart Egil A Johannessen og Arvid Kjøsnes frå NCC avd. Sogn og Fjordane. 40 medlemmar frå vår avdeling reiser på tur med båt frå Bergen til Danmark den 12. til 14. oktober. 14 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 593 medlemmar ved års slutt. 2008 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det var 46 medlemmar tilstade. 25 vogner og 8 bubilar har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Det vart arrangert medlemsmøte i møtelokala hos Biltreff AS i Førde, laurdag den 1. mars og det møtte 36 personar. Vårt første regiontreff i Region 7 vart arrangert på Kjørnes camping, Sogndal frå 9. til 12. mai. Det møtte totalt 40 einingar,19 familiar frå NCC avd. Sogn og Fjordane og 21 familiar frå NCC avd. Bergen. Vårtreffet vart arrangert på Bøyum Camping, Fjærland den 30. mai til 1. juni og det var 27 vogner/bubilar tilstade. Haustreffet vart arrangert på Byrkjelo Camping den 22. til 24. august med 57 vogner/bubilar. På årsmøte i Region 7 den 8. nov. vart Egil A. Johannessen valt til Landsstyrerepresentant for 2 år mens Arvid Kjøsnes frå NCC avd. Sogn og Fjordane, ikkje sto på val. 18 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 648 medlemmar ved års slutt. 2009 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 40 medlemmar. 30 einingar har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Det vart arrangert medlemsmøte i møtelokala til Mona vekst, Sandane, onsdag den 29. april og det møtte 15 personar, med følgjande tema: Avstand ved oppstilling av bubil eller campingvogn ved overnatting, gass og gasstryggleik, medlemsfordelar i NCC, informasjon om tekniske kontrollar, informasjon køyreopplæringskurs, informasjon om caravantreff, sal av årsoblat, Skandinavisk Camping kort, bestilling av CCI-kort. Regiontreffe den 29. mai til 1. juni vart arrangert på Kjørnes camping, Sogndal med i alt 67 vogner/bubilar. NCC avd. Bergen hadde ansvar for treffet. Det møtte 40 familiar frå NCC avd. Sogn og Fjordane og 27 familiar frå NCC avd. Bergen. Hausttreffet vart avvikla på Bøyum camping, Fjærland den 28. til 30. august og oppunder 40 vogner/bubilar møtte. Regionårsmøte på Park hotell, Voss valde Arvid Kjøsnes til Landsstyrerepresentant for 2 år mens Egil A Johannessen NCC avd. Bergen ikkje sto på val. 7 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 730 medlemmar ved års slutt. 2010 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 55 medlemmar. Odd Svendsen, Sandane fekk tildelt Det Edle Drag i sølv. Liv Ellen Vasseth, Stongfjorden fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 20 einingar har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi.

Avdelinga ilag med NCC sentralt markerte den 22. juni at Byrkjelo camping, Byrkjelo blei kåra til årets NCC Topp Camping 2009. Regiontreffet vart arrangert på Førde Gjestehus, Førde den 21. til 24. mai og det møtte 36 vogner/bubilar. Hausttreffet vart arrangert på Bøyum camping, Fjærland den 27. til 29. august og det møtte 49 vogner/bubilar samt 2 familiar som budde på hytte. Årsmøte i Region 7 vart avvikla den 6. november på Quality hotell, Sogndal. Arvid Kjøsnes vart valt til leiar av NCC region 7 for eit år og er Landsstyremedlem. Sven Erik Vesse frå NCC avd. Bergen vart valt til Landsstyrerepresentant for 2 år. Landsmøte og 50 års jubileum i NCC vart avvikla den 3. og 4. juli på Lillehammer. Frå vår avdeling deltok Arvid Kjøsnes, Liv Ellen Vasseth og Iris B Rysjedal. Arvid Kjøsnes, Førde blir på ekstraordinært Landsstyremøte, etter Landsmøte, valt inn i Sentralstyret som fast medlem. 20 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 736 medlemmar ved års slutt. 2011 Årsmøte vart avvikla på Skei hotell Best Western, Skei i Jølster og det møtte 35 medlemmar. Erik Kvamme, Førde, Leon Tonheim, Eikefjord og Arvid Kjøsnes, Førde får tildelt Det Edle Drag i bronse. Innkomne saker til årsmøte, Heile campingavgifta skal dekkast av avdelinga for medlemmar i treffkomiteen og årsmøte godkjende det. 19 bubilar og 14 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Det vart avvikla medlemsmøte på Biltreff AS i Førde og det møtte 24 medlemmar, laurdag den 30. april med følgjande tema: Informasjon om NCC forsikring, Medlemsfordelar i NCC. Regiontreff vart arrangert på Løne gard, Voss den 10. til 13. juni (Pinsa) og det møtte 81 campingeiningar frå NCC avd. Sogn og Fjordane og NCC avd. Bergen. Det kom 26 medlemsfamiliar frå Sogn og Fjordane. Hausttreffet vart avvikla på Reed Camping frå 26. til 28. august og det møtte 35 vogner/bubilar og i tillegg deltok 19 fastliggarane frå campingplassen. Årsmøte i region 7 vart avvikla på Rica Sunnfjord hotell og Spa, Førde den 5. nov. Arvid Kjøsnes vart valt til leiar av NCC region 7 for eit år og valt til Landsstyremedlem i 2 år. Sven Erik Vesse er Landsstyrerepresentant for NCC avd. Bergen og vart vald for 2 år i fjor. 11 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 718 medlemmar ved års slutt. 2012 Årsmøte vert arrangert på Best Western Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 34 medlemmar. Innkomne saker på årsmøte var: sak 1, innkjøp av nytt telt til bruk under treff og liknande, vart godkjend av årsmøte. Sak 2, endring av retningslinjer for treff der hausttreffet kan avviklast i perioden 1. aug. til 15. sept. og dette vart godkjende av årsmøte.19 bubilar og 14 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Styret gjennomførte temakveld på Biltema i Førde, den 9. mai. Regiontreff i Region 7 vart avvikla på Dalsøren camping, Luster og det møtte 60 bubilar/vogner. Hausttreffet vart avvikla på Førde Camping og Gjestehus, Førde den 17. til 19. aug. og det møtte 15 bubilar/vogner. Arvid Kjøsnes vart valt inn som fast medlem i Sentralstyret frå 20. okt. Årsmøte i Region 7 vart avvikla på Radison Blu hotell Norge, Bergen den 10. nov og behandla vanlege årsmøtesaker. Leon Tonheim vert valt som Landsstyremedlem for eit år. 11 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 681 medlemmar ved års slutt.

2013 Årsmøte vart avvikla på Best Western Skei hotell, Skei i Jølster og det møtte 44 medlemmar. Harry Standal og Svein Brattelid, begge frå Dale fekk tildelt Det Edle Drag i bronse. 12 bubilar og 14 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. 4. mai arrangerte avdelinga temadag ved Biltema, Førde med følgjande tema: Grilling og tryggleik, Reising i inn- og utland, Reise til Kroatia, medlemskap NCC i eit år til halv pris. I Pinsehelga, 17. - 20. mai, var det NCC avdeling Bergen som var arrangør av Regiontreff for region 7 på Bømoen gamle militærleir, Voss og det møtte 63 einingar og av desse var det 16 einingar frå vår avdeling. Hausttreffet vart avvikla på Reed Camping i helga frå 30. august til 1. september og det var 55 betalande einingar denne helga. 8 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 645 medlemmar ved års slutt. 2014 Årsmøte vart avvikla på Best Western Skei hotell, Skei i Jølster og 44 medlemmar møtte. Innkomne saker på årsmøte var: Sak 1, Ny NCC-logo, sak 2, Ny organisasjonsstruktur, sak 3, Val på Landsmøte 31. mai 2014. Arvid Kjøsnes går av etter å ha leia avdelinga i 7 år. Ny leiar vert Berit Seljeseth Osa, Eikefjord. Harald Solheim, Bygstad får tildelt Det Edle Drag i bronse. 11 bubilar og 11 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Regiontreffet vart arrangert på Dalsøren camping i Luster den 6. til 9. juni, og det var avd. Sogn og Fjordane som var vertskap og det møtte 57 einingar. NCC avvikla landsmøte på Gardermoen og vår avdeling hadde følgjande utsendingar: Berit Seljeseth Osa, Wenche Horsevik og John Ellingsund. I tillegg møtte Arvid Kjøsnes som sentralstyremedlem og Leon Tonheim som Landsstyremedlem. Hausttreffet vart arrangert på Førde Gjestehus og Camping, Førde 29. til 31. august og det møtte 31 einingar. 8 personar greidde kravet til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 630 medlemmar ved års slutt. 2015 Årsmøte vart avvikla på Thon hotell Jølster, Skei i Jølster. Innkomne saker på årsmøte var: Innkjøp av musikkanlegg til bruke ved arrangement. 6 bubilar og 11 vogner har vore til teknisk kontroll i avdelingsregi. Avdelinga arrangerte medlemstreff på Biltema i Førde 9. mai og AGA stilte med representant som svarte på gassrelaterte spørsmål. Regiontreffet vart avvikla på Førde Gjestehus og camping, Førde den 22. til 25. mai og det var NBCC avd. Bergen som var arrangør og det møtte 50 einingar. Hausttreffet vart arrangert på Nore Fjordsenter, Bryggja den 28. til 30. august og møtte 22 einingar. Ingen personar køyrde til ferdighetsmerke dette året. Avdelinga hadde 593 medlemmar ved års slutt. Sluttord NCC har sidan starten lagt opp til felles aktivitetar med vekt på det sosiale. Dette har vore gjort ved å samle familien og lage til aktivitetar for barn og ungdom på dei treffa som har vore arrangert i fylket. I tillegg har avdelinga gjeve informasjon til medlemmane gjennom sitt eige medlemsblad, Kuletrykket. I dei seinare år har avdelinga lagt ut informasjon på si eiga heimeside på internett og gjennom si Facebook gruppe. Merkekøyring har alltid vore ein aktivitet i avdelinga og i førstninga var det køyring med campingvogn som var aktuelt. Etter

kvart kom bubilen og fleire har køyrt til merke med sin eigen bubil i eiga løype. Fram til og med 2015 har 130 medlemmar, greidd merkekravet til bronse, av desse er det 8 damer. Dei første damene som køyrde til bronsekravet med campingvogn, var Torill Jakobsen og Berit Sundal i 1990, begge frå Førde. Den første dama som køyrde til merke med bubil, var Aud Standal, Dale i 2014. 73 medlemmar har greidd merkekravet til sølv, av desse er det 1 dame og 59 medlemmar har greidd merkekravet til gull, ingen damer. 12 medlemmar har køyrt til gullkravet med vogn 10 gonger eller meir. Odd Svendsen, Sandane tok bronsemerket i 1975, sølvmerke i 1987 og i 1988 var han den første som tok ferdighetsmerke i gull i vår avdeling. Han har samla sett, køyrt til gullkravet 26 gonger pr. 2014. Når Landsmøte i Norsk Caravan Club gjekk av stabelen den 31. mai 2014 på Gardermoen, var NCC den 8. største avdelinga av NCC sine 67 avdelingar. Følgjande personar har vore leiarar av NCC avd. Sogn og Fjordane i desse 30 åra: 1986 Atle Lien, Naustdal 1 år 1987-1992 Alf Rogne, Svelgen 6 år 1993-2000 Jan Larsen, Sandane 8 år 2001-2006 Per Arvid Stølen, Vik i Sogn 6 år 2007-2013 Arvid Kjøsnes 7 år 2014-2015 Berit Seljeseth Osa 2 år Informasjonen i dette historiske resymé er henta i frå Kuletrykket (første kom 1987), som eg har samla alle nummer av frå starten av avdelinga, Årsmeldingar og årsmøteprotokollar. Eg vil rette ei stor takk til Erik Kvamme, Førde som hadde teke vare på den første brevvekslinga mellom han og Norsk Caravan Clubs Landsforbund som er grunnlaget for starten av vår avdeling. Førde den1. februar 2016 Arvid Kjøsnes, Førde