Kriseplan for barnehagane og skulane i Norddal kommune



Like dokumenter
1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Plan for overgangar. for barn og unge

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Sandeid skule SFO Årsplan

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Velkomen til Mork barnehage

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kvalitetsplan mot mobbing

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

GLIMMERSTUA BARNEHAGE - BEREDSKAPSPLAN VED ULYKKE OG DØD.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

VENNEBUSSEN Vennebussen Skavøypoll barnehage Skavøypoll barnehage

10/60-14/N-211//AMS

HANDLINGSPLAN VED ALVORLEGE ULUKKER OG KRISER TUETEIGEN BARNEHAGE. Anne- Line Mæland, styrar

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

BALSFJORD KOMMUNE HANDLINGSPLAN FOR ALVORLIGE ULYKKER, DØDSFALL OG SORGARBEID. for barnehager og skoler

Handlingsplan ved ulukker og krise

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Månadsbrev for Rosa september 2014

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Les for livet - del 2 (Ref # )

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsplan for Hare November

Stemnehandboka for NKSF

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Barn i sorg og krise

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Plan for Liabygda SFO

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BEREDSKAPSPLAN FOR BARNEHAGANE Revidert i samband med omorganiseringa (v/tilsetting av virksomhetsleiar for barnehagane), gjeldande frå

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Brødsbrytelsen - Nattverden

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Kriseplan for Høgskolen i Hedmark. Naudnummeret til høgskolen:

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Bærekraftig utvikling

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Transkript:

Kriseplan for barnehagane og skulane i Norddal kommune

INNHALDSLISTE Innleiing 1 Varslingsliste 2 Førebuingar 2 Handlingsplanar Dødsulykke i barnehagen/skulen 3 Barn som døyr utanom opningstida 5 Barn som døyr etter lengre tids sjukdom 6 Nære personar til barn/elev døyr 6 Tilsette døyr 7 Barn eller ektefelle/sambuar til ein tilsett døyr 7 Alvorleg person- eller dødsulykke 8 Når barn forsvinn frå eininga 8 Andre kriser og sorgreaksjonar 9 Generell informasjon 10 INNLEIING Denne planen er ein delplan til kriseplan for Norddal kommune. Planen er meint å vere eit hjelpemiddel den dagen ein står opp i ei hending. Kriseleiinga v/ordførar har det overordna beredskapsansvaret, og det skal vere lav terskel for å ta kontakt og rådføre seg ved behov. Ved større hendingar blir kriseleiinga kopla inn, og informasjonsplanen for kriser blir sett i verk. Planen har no vore gjennom ei hovudrullering, og ein har prøvd å gjere han oversiktleg og brukarvenleg. Fagansvarleg for skule og barnehage er ansvarleg for å få planen oppdatert. 1

VARSLINGSLISTE KRISELEIINGA Rådmann Stig Holmstrøm 915 85 568 Ordførar Bjørn Inge Ruset 926 41 926 Beredskapskonsulent Aud Lindis Ødegaard 952 14 390 OMSORGSBEREDSKAPSGRUPPA Stilling Namn Telefon Leiar Vilma Lygnugariene 941 65 140 / 968 82 155 Helsesøster Monika Stavseng 70 25 89 12 / 913 69 306 FØREBUINGAR Styrar/rektor er ansvarleg for å gå gjennom planen med alle nytilsette. å gå gjennom planen med personalet kvar haust. at beredskapsboksen er rett utstyrt. å handtere informasjon både internt og eksternt. å ta kontakt med kriseleiinga ved behov. å vurdere personalsituasjonen når situasjonar oppstår INNHALD BEREDSKAPSBOKS Lysestake Kvit duk Kvite lys Teiknesaker, bilderamme, eit kosedyr Biletbøker Aktuelle songar Kassett/cd med roleg musikk Beredskapsboksen står på kontoret til styrar/rektor 2

DØDSULYKKE I BARNEHAGEN/SKULEN Styrar/rektor har ansvar for at alle foreldre/føresette til dei andre borna i barnehagen/skulen, personale, vikarar som ikkje er på jobb vert varsla om at DET HAR SKJEDD EI ULYKKE N.B. Melding om dødsfall skal kun gjevast av politi eller prest. Personalet skal ikkje gje melding om at nokon er død. HANDLINGSPLAN Den som kjem først til ulykkesstaden gir førstehjelp, og vert hjå barnet til lege kjem. Styrar/rektor vert varsla. Dei andre barna/elevane vert flytta frå ulykkesstaden til samlingsplass. Styrar/rektor varslar foreldra om at det har skjedd ei ulykke som er av ein slik karakter at dei bør kome for å hente borna sine. Styrar/rektor gir kort informasjon om ulykka. Barnet kan namngjevast når politi, prest eller lege har gitt oss løyve til å offentleggjere det. INFORMASJON Viktig å gi sakleg og informativ informasjon om kva som har skjedd. Personalet skal ikkje uttale seg overfor pressa. Dette er den kommunale kriseleiinga v/ordførar/rådmann sitt ansvar i samråd med politiet. Styrar/rektor kan uttale seg etter samråd med kriseleiinga. TILTAK RESTEN AV DAGEN VED DØDSFALL Personalet er i barnehagen/skulen resten av dagen. Ekstrahjelp vert tilkalla dersom det er naudsynt. Når alle barna har gått heim samlast personalgruppa og snakkar saman, går gjennom kriseplanen og planlegg dagane framover. DAGEN ETTER VED DØDSFALL Vurdere behov for ekstra bemanning dei komande dagane. Rektor/styrar. Minnestund i barnehagen/skulen med prest, barn, foreldre, personale og representantar frå administrasjon. Styrar/rektor informerer foreldra om at ei slik minnehøgtid vert halden. Minnestund vert halden i samråd med foreldra. Foreldre kan vere saman med borna/elevane i barnehagen/skulen. Barnehagen/skulen er open nokre timar i samband med minnehøgtida. Styrar/rektor er kontaktpersonar med familien. Lage minnekrok med bilete og levande lys, samt andre ting som barnet var glad i. Styrar/rektor tar med blomar og kondolansehelsing og oppsøkjer heimen. ANDRE DAGEN ETTER DØDSFALLET Barnehagen/skulen har vanleg opningstid. GRAVFERDSDAGEN Barnehagen/skulen er stengt gravferdsdagen. Tilsette blir oppmoda om å gå i gravferda. Barnehageborn som skal i gravferda går i lag med foreldra. Styrar/rektor legg på krans frå barnehagen/skulen. Etter gravferda går alt personale til barnehagen/skulen eller til minnestunda om det er gjennomført. Situasjonsavhengig. 3

TIDA ETTER GRAVFERDA Tema: Død og sorg. Det kan t.d. vere aktuelt å få personar utanfrå. Viktig at vi set av tid til bearbeiding av det vi har opplevd. Ver ekstra merksame på sorgreaksjonar Organiser eit ekstra personalmøte. Etter samtykke med foreldre/føresette til den forulykka vert det avvikla foreldremøte i barnehagen/skulen der representantar frå kriseteamet deltek. Innhaldet vert barn og sorg. Besøke grava etter avtale med heimen. Halde kontakt med heimen. Barnehageplassen/pulten til den døde skal stå ledig ei tid etter gravferda. Styrar vurderer ekstra personale i barnehagen første tida. 4

BARN SOM DØYR UTANOM OPNINGSTIDA Leiar varslar alle tilsette i barnehagen/skulen, og kallar inn til eit personalmøte der ein går gjennom kriseplanen. HANDLINGSPLAN Dersom andre av personalet får melding om dødsfallet, informerer ein først leiar. Leiar innhentar informasjon om kva som har skjedd. Leiar sikrar at resten av personalet får felles og likelydande informasjon. Leiar tek kontakt med prest og evt. kriseleiinga. Foreldra får informasjon om dødsfallet etter kvart som dei kjem i barnehagen/ skulen. NB Barnet kan ikkje namngjevast før politi, prest eller lege har gitt oss løyve til å offentleggjere det. Etter at barnehagen/skulen er stengt samlar ein heile personalet saman med nødvendig fagkompetanse, gjennomgår kriseplanen og planlegg dagane framover. DAGEN ETTER Vurdere behov for ekstra bemanning dei komande dagane. Rektor/styrar. Minnestund med prest, barn, foreldre, personale og representantar frå administrasjonen. Leiar informerer heimen om at ei slik minnehøgtid vert halden. Slik minnestund vert halden i samråd med foreldra. Foreldre kan vere saman med barna i barnehagen/skulen. Opningstid/skuletid vert som vanleg. Leiar er kontaktpersonar med familien. Avdelinga/klassen lagar ein minnekrok med bilete og levande lys, samt andre ting som barnet var glad i. Leiar tar med blomar og kondolansehelsing og oppsøkjer heimen. GRAVFERDSDAGEN: Barnehagen/skulen er stengt gravferdsdagen. Tilsette blir oppmoda om å gå i gravferda. Barnehagebarn som skal i gravferda går i lag med foreldra. Leiar legg på krans frå eininga. Etter gravferda går alt personale til barnehagen/skulen eller til minnestunda om det er gjennomført. Situasjonsavhengig. TIDA ETTER GRAVFERDA Tema i barnehagen/skulen: død og sorg. Det kan t.d. vere aktuelt å få personar utanfrå. Viktig at vi set av tid til bearbeiding av det vi har opplevd. Ver ekstra merksame på sorgreaksjonar Organisere eit ekstra personalmøte. Etter samtykke med foreldre/føresette til den forulykka vert det avvikla foreldremøte der representantar frå omsorgsberedskapsgruppa deltek. Innhaldet vert barn og sorg. Besøke grava etter avtale med heimen. Barnehageplassen/pulten til den døde skal stå ledig ei tid etter gravferda. Leiar vurderer personale i barnehagen den første tida. Oppfølging av leiar. Personalansvarleg i kommunen tek ansvar for å formidle kontakt med omsorgsberedskapsgruppa. 5

BARN/ELEVAR SOM DØYR ETTER LENGRE TIDS SJUKDOM UNDER SJUKDOMMEN Viktig at barnehagen/skulen held kontakt med heimen og med barnet/eleven. Det bør vere ein kontaktperson som har jamleg kontakt med heimen. Spør heimen korleis dei ynskjer at kontakta skal vere. Avtal med heimen om besøk og annan kontakt. Innhente løyve frå foreldra til det sjuke barn til å informere dei andre foreldra. Ta med det sjuke barnet i dei daglege aktivitetane - snakk om det sjuke barnet saman med borna. Sende teikningar, bilde og blomster. NÅR BARNET ER DØD Sjå handlingsplan for dødsfall utanfor barnehagen. NÆRE PERSONAR TIL BARN/ELEV DØYR Dersom dødsfallet skjer når barnet er i barnehagen/på skulen er det den gjenlevande forelder eller ein anna frå den nære familie som skal fortelje barnet om dødsfallet. Styrar/rektor innhentar informasjon. Styrar/rektor informerer resten av personalet. DAGEN ETTER Personen kan namngjevast når politi, prest eller lege har gitt løyve til å offentleggjere det. Styrar/rektor informerer pårørande om at barnehagen/skulen kjem til å samtale med barna/elevane om kva som har skjedd. Barnehagen/skulen sender teikningar til barnet. Styrar/rektor, eller andre som kjenner barnet godt, tar med blomar og kondolansehelsing og oppsøkjer heimen når foreldre og/eller søsken dør. GRAVFERDSDAGEN Barnehagen/skulen har vanleg ope. Representant frå personalet kan delta i gravferda. TIDA ETTER GRAVFERDA Viktig med eit ekstra tett foreldresamarbeid Viktig at vi er oppmerksam på sorgreaksjonar, og at vi gir barnet høve til å sørge. 6

TILSETTE DØYR Styrar/rektor informerer heile personalet kva om har skjedd Dersom ulykka var ei dødsulykke er det viktig å få rett informasjon og fakta om situasjonen. Styrar/rektor informerer foreldra. Foreldra fortel borna kva som har skjedd. Styrar/rektor informerer personalansvarleg i kommunen. DAGEN ETTER Minnestund i barnehagen/på skulen med prest, barn, foreldre, personale og representantar frå administrasjonen. Barnehagen/skulen held ope, men personalgruppa er forsterka etter behov. Personalet møtast etter arbeidstid. Styrar/rektor, tar med seg blomar og kondolansehelsingar og oppsøker heimen. GRAVFERDSDAGEN Barnehagen/skulen er stengt gravferdsdagen. Tilsette blir oppmoda om å gå i gravferda. Barn som skal i gravferd går saman med foreldra. BARN ELLER EKTEFELLE/SAMBUAR TIL EIN TILSETT DØYR Styrar/rektor innhentar informasjon og informerer heile personalgruppa. Styrar/rektor informerer foreldra. Foreldra fortel borna om dødsfallet. DAGEN ETTER Personalet tar med blomster og kondolansehelsing og går på besøk. Personalet snakkar med borna. GRAVFERDSDAGEN Styrar/rektor og andre nære i personalgruppa deltek i gravferda. 7

ALVORLEG PERSON- ELLER DØDSULYKKE VARSLING Varsle politi 110 og ambulanse 113 så raskt som råd. Ring umiddelbart til føresette. Varsle leiinga i barnehagen/skulen Varsle den kommunale kriseleiinga v/ordføraren/rådmann Samle dei andre barna i barnehagen/skulen. Varsle andre foreldre/føresette om eventuell henting av barn. Dersom det er naudsynt vert omsorgsgruppa eller deler av omsorgsgruppa kalla inn til møte. INFORMASJON Viktig å gi sakleg og informativ informasjon om kva som har skjedd, både til barn og vaksne. Personalet skal ikkje uttale seg overfor pressa. Dette er den kommunale kriseleiinga v/ordførar/rådmann sitt ansvar. Styrar/rektor kan uttale seg etter samråd med kriseleiinga. NÅR BARN FORSVINN FRÅ EININGA Undersøk barnehagen/skulen grundig, både ute og inne. Styrar/rektor må delta i leitinga. Nokre av personale må vere i barnehagen/skulen med dei resterande barna/elevane. Undersøk området omkring barnehagen/skulen på ein omkrets på ca 500 meter. Ring foreldra. Undersøk aktuelle områder som er farlege, dvs dammar, vegar, elver og liknande Undersøk området omkring heimen til barnet. Ring politi slik at dei kan organisere ein leiteaksjon. Viktig at ein har bilete av barna. 8

ANDRE KRISER OG SORGREAKSJONAR Det kan oppstå andre krisesituasjonar enn dei som er opplista. Her må ein gjere vurderingar utifrå situasjonen ein står oppe i. Det vil kunne vere nyttig å gå inn på www.kriser.no eller www.krisepsyk.no for å sjå om der er hjelp å hente. 9

GENERELL INFORMASJON OPPFATING AV DØDEN PÅ ULIKE ALDERSTRINN 0 2 år: Har inga forståing av kva døden er. Born over ½ år reagerar på at omsorgspersonar vert borte. 2 5 år: Delvis forståing av kva døden inneber. Forstår ikkje at døden er endeleg. Forstår ikkje at døden er universell (gjeld alle). Forstår ikkje at alle livsfunksjonar stoppar opp. Egosentrisk og magisk tankegang. Treng heilt konkrete forklaringar. 6 10 år: Utviklar gradvis forståing for at døden er endeleg og inneber opphør av livsfunksjonar. Treng konkrete måtar å arbeida seg gjennom sorga. Har ei meir realistisk årsaksforståing. Over 10 år: Utviklar meir vaksne og abstrakte forestillingar om døden. Tapsopplevingar som skriv seg frå eit tidlegare utviklingstrinn vil ofte verta tekne fram og bearbeidd på ny når barnet når eit nytt forståingsnivå. Kva eit barn forstår av døden har ikkje berre med leve-alder å gjera, men er også påverka av modningsnivå og tidlegare erfaringar. Her er det store variasjonar FASAR I SORGPROSESSEN 1. Sjokkfasen Vantru, benekting, lamming. Kortvarig. 2. Reaksjonsfasen Sterke kjensleuttrykk. Maktesløyse, sinne, protest, depresjon. 3. Tilpassingsfasen Gradvis godtaking av tapet. Fortviling, sakn, lengsel. 4. Nyorienteringsfasen Tapet er integrert, ein er ikkje lenger aktivt sørgjande. Dette er ein svært forenkla modell. Alle går ikkje gjennom bestemte fasar i ei fast rekkefølgje. Ein vekslar ofte mellom dei ulike fasane. Sorg er ikkje tidsavgrensa med ein tydeleg slutt. Vaksne har lett for å undervurdere kva born forstår kor mykje/ sterkt born reagerar kor langvarige born sine reaksjonar er. "Å spørje om kva tid sorg er over, er like dumt som å spørje; kor langt er opp?" (William Worden) 10

VANLEGE SORGREAKSJONAR HJÅ BORN Born går vanlegvis meir ut og inn av sorga enn det vaksne gjer. Redd, engsteleg. Frykta er særleg knytt til at det kan skje noko med foreldra, eller med dei sjølv. Vert ofte klengete. Trist, deprimert. Gråt, tilbaketrekking. Søvnvanskar. Vanskar med innsovning, mareritt, vaknar opp att. Kan ha samanheng med om døden vert samanlikna med søvn. Regressiv åtferd. Viser åtferd som høyrer heime på eit tidlegare utviklingstrinn, t.d. babyspråk, sengevæting. Kroppslege plager. Vondt i magen, muskelsmerter, manglande matlyst. Kan klaga over same symptom som avdøde hadde. Sinne, utagering. Kan vera retta mot den døde, barnet sjølv, dei vaksne. Mest gutar. Lengsel, søking, sakn. Bilete, gjenstandar, stadar som minner om den døde. Gå på grava. Skuldkjensle, skam. Yngre born kan tru at ting dei sjølv har gjort, sagt eller tenkt kan vera årsak til dødsfallet. Vaksenrolle. Vera hjelpsam og flink. Trøysta foreldra, ikkje belasta dei med si eiga sorg. Identifisering. Særleg når søsken er døde. Overta klede, leikar, oppførsel. Skulevanskar. Særleg knytt til konsentrasjon, uthald og motivasjon KJENSLER HOS DEI VAKSNE I MØTE MED BORN SI SORG Eigne tap og evt. ubearbeidd sorg vert vekt til live. Kan verte overvelda av eigne kjensler. Ynskje om å skjerma born frå vonde opplevingar. Vanskeleg å vera vitne til barnet si smerte. KORLEIS HJELPE BARNET/ELEVEN I SORGPROSESSEN? Informasjon i samband med dødsfallet Nokon barnet/eleven kjenner godt informerer det om dødsfallet snarast mogeleg. Informasjonen må vera tilpassa barnet/eleven sitt forståingsnivå. Førskuleborn treng heilt konkret informasjon om kva som har skjedd og kva det inneber å vera død. Unngå omgrep som søvn, reise, o.l. Ein trygg vaksen må vere saman med barnet/eleven heile tida, for å svare på spørsmål og ta imot reaksjonar. Informasjonen må gjevast fleire gongar, barnet/eleven treng tid til å forstå og ta det inn. Godta alle reaksjonar, frå tilsynelatande ingen reaksjon til sterke kjensleutbrot. Deltaking i rituale Deltaking i rituale i samband med dødsfall er positivt for barnet/eleven sitt sorgarbeid. Dette gjeld også heilt små born. Tapet vert meir verkeleg. Barnet/eleven får tatt konkret farvel. Unngår fantasiar (t.d. om den døde sin utsjånad, er ikkje død likevel). Har ei felles referanseramme med dei andre sørgjande. Syning. Viktig at barnet/eleven er godt førebudd (rommet, korleis den døde ser ut, kva som skal skje, mogelege reaksjonar frå dei vaksne). Vera saman med ein vaksen som kan ta vare på barnet/eleven (svare på spørsmål, setja ord på det som skjer, trøysta). 11

Høve til å bearbeide opplevinga etterpå, både umiddelbart og seinare. Gravferd. Tilsvarande behov for førebuing, støtte og etterarbeid som ved syning. Vitja grava Tilrettelegging i barnehagen/skulen Ver tilgjengeleg, men press deg ikkje på! Legg til rette for at barnet/eleven får bearbeide sorga gjennom leik, samtale, teikning, rollespel, osv. Godta i utgangspunktet dei tankar og kjensler som barnet/eleven kjem med, sjølv om dei kan virka støytande på vaksne. Rett opp mistydingar. Kunnskap om sorg og sorgprosessar hjå born/elevar. Ikkje prøv å skjula di eiga sorg. Born/elevar vil merka dette og tru det ikkje er lov å sørgja. Personalet må få høve til å snakka om sine eigne kjensler og reaksjonar. Dei som reagerar svært sterkt bør skjermast ein periode. Samarbeid med heimen om korleis ein skal forhalde seg til barnet/eleven sitt tap. Barnehagen/skulen bør ha ein beredskapsplan. Foreldra si betyding Foreldra si takling av dødsfallet er den einskildfaktoren som påverkar barnet sitt sorgarbeid sterkast. Viktig å snakka om kva som har skjedd og vise si eiga sorg. Barnet bør delta i familien si sorg. Svært uheldig om born vert sendt bort frå heimen. Deltaking i rituale kring dødsfallet er positivt. Daglege rutinar bør vera mest mogeleg som før, t.d. raskt attende til barnehage og skule. Informasjon til foreldre om born sine sorgreaksjonar og behov i ein sorgprosess. AVVIKANDE/ KOMPLISERT SORG Risikofaktorar Ulukke/ katastrofe der barnet/eleven overlever. Brå, uventa, dramatisk død, særleg dersom dette gjeld foreldre. Barnet/eleven er vitne til foreldre eller søsken sitt dødsfall. Barnet/eleven er ansvarleg for dødsfallet, t.d. passa søsken som døydde i krybbedød. Sjølvmord og mord. Sterke, uforståelege reaksjonar hjå foreldre. Familien benektar dødsfallet, snakkar ikkje om den døde. Barnet har sterke sanseinntrykk som brenn seg fast og ikkje lar seg kontrollera. Dei aller fleste born/elevar går gjennom ein normal sorgprosess. Traume knytt til omstenda kring sjølve dødsfallet hindrar i ein del tilfelle sorgarbeidet. Viktig å få bearbeidd traumet, slik at sorgprosessen kan koma i gong. Symptom Sorgprosessen kjem ikkje i gong. Sterke sorgreaksjonar som ikkje går over. Tydeleg Sterk åtferdsendring (t.d. utagering, sjølvskading, apati). AKTUELL LITTERATUR www.kriser.no www.krisepsyk.no 12