SENIORUNIVERSITETET I SOGN Årsmelding for 2014 2014 har vore det fjerde heile driftsåret for SUS «Senioruniversitetet i Sogn». I løpet av året har SUS i tråd med vedtektene gjennomført ulike typar program med hovudvekt på foredragskveldar og turar. I løpet av året har styret hatt 5 ordinære styremøte. Fire av møta er haldne på HiSF/ALI og eit på Sogn Folkemuseum. I tillegg til ordinære styremøte har styret i samband med fleire av arrangementa handsama mindre saker og spørsmål per telefon eller e-post. Styret har i løpet av året arbeidd med å setja saman eit variert foredrags- og turprogram. Ved sida av arbeidet med aktivitetsprogrammet er økonomi, marknadsføring viktige stikkord for arbeidet i styret. Johs. Thaule har hatt hovudansvaret for innkalling, førebuing og oppfølging av vedtak i styret. Til styremøta har til vanleg to varamedlemer vore innkalla. Johs. Thaule, Erland Fagermoen og Bjørg Rimeslaatten er styret sitt arbeidsutval.. Arbeidsutvalet har i 2013 ikkje hatt eigne møte, men har i nokre saker hatt kontakt via telefon og e-post. Som nemnt i årsmeldinga for 2013 er SUS no registrert i Brønnøysundregistra i «Frivillighetsregisteret». Registreringa vart stadfesta i løpet av våren 2013, og «Senioruniversitetet i Sogn» har organisasjonsnummer 899 214 412. I planlegginga, gjennomføringa og oppfølginga av tiltak og aktivitetane til SUS, har styret også i 2014 hatt godt samarbeid med og svært god nytte av - Høgskulen i Sogn og Fjordane. Styret takkar HiSF for dette samarbeidet og for at høgskulen stiller kontor og kontorfasilitetar til rådvelde for styreleiar i SUS, og for heimesida si plassering på HiSF-servaren.. Styret vil og takka Sogn Folkemuseum for samarbeidet om gjennomføringa av foredragsarrangementa på museet. Museet og dei tilsette har også i 2014 ytt god hjelp og sørvis for SUS. I årsmeldinga listar vi i den første delen opp aktivitetane gjennom året, og vi summerer opp økonomien og rekneskapen. Vi avsluttar den innleiande delen med å sjå framover. Til årsmeldinga utarbeider styret som vanleg eit vedlegg der vi kjem med utfyllande opplysningar om dei ulike arrangementa og om rekneskapen. 1
Referat frå årsmøtet onsdag 22. januar 2014 - Val av styre, revisorar og valnemnd Årsmøtet vart halde på Sogn Folkemuseum. Møtestart kl. 19:00. Tilstades: 52 medlemar. Opning v/ leiar Johannes Thaule. Saklista for møtet følgde sakene som er fastslegne i vedtektene for SUS, og var gjennomført slik: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste. - Innkalling og sakliste var tidlegare utsendt til medlemane via e-post, i tillegg vart ein del eksemplar omdelt i møtet. Innkalling og sakliste vart samrøystes godkjende. 2. Val av møteleiar. Johannes Thaule vald. 3. Val av skrivar. Gerd Kleiven vald. 4. Val av to medlemer til å skrive under møteboka saman med møteleiar. Desse vart valde: Jofrid Rogne og Bjørn Sivertsen 5. Årsmelding 2013. Årsmeldinga var utsendt via e-post, i tillegg var ein del eksemplar omdelte i møtet. Orientering v/johannes Thaule. - Nye visittkort er opptrykte der både organisasjonsnr og bankkontonr. er påtrykt. Indre Sogn Sparebank har teke kostnadane med dette. Årsmeldinga godkjend. 6. Revidert rekneskap for 2013. Rekneskapen var utsendt til medlemane saman med årsmeldinga. Kasserar Erland Fagermoen orienterte om den reviderte rekneskapen. Årsmøtet fekk i tillegg orientering om at laget får kr. 15.000 frå Sogndal kommune i samband med utdeling av midlar frå.«den kulturelle spaserstokken». Rekneskapen vart godkjend. 7. Fastsetjing av årskontingent. Medlemskontingent kr. 400,- pr. år vert fasthalde. 8. Budsjett for komande år. Budsjettet var utarbeidd av Johs. Thaule og omdelt i møtet. Dette er også lagt ved laget sin søknad til Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune om tilskot i 2014. 2
Budsjett for 2014 vart godkjent. 9. Godtgjersle til tillitsvalde. Det vert ikkje utbetalt godtgjersle til tillitsvalde i Senioruniversitet i Sogn. 10. Innkomne saker fremja av styret. Inger innkomne saker. 11. Val: Leiar for valnemnda Tor Eikemo tok over møteleiinga. Framlegg frå valnemnda vart omdelt i møtet. Valet vart gjennomført slik: Johannes Thaule, leiar for 1 åt Attval. Styremedlemer for to år: Bjørn Sørheim, Sogndal, Randi Berge, Leikanger, Gerd Kleiven, Sogndal. (Erland Fagermoen, Bjørg Rimeslaatten og Svein Arne Ylvisåker har eit år igjen av sin valperiode og er difor ikkje på val). Tre varamedlemer i rekkefølgje til styret for eitt år: 1. Liv Berit Ellingsen, Sogndal, 2. Hans Jørgen Binningsbø, Sogndal, 3. Ingeborg Steig, Luster. Val av to revisorar for eitt år: Kjell Skjeldestad, Sogndal og Gunn Bremer, Leikanger - Ovannemnde val var gjort i samsvar med framlegget frå valnemnda. Leiar Johs. Thaule leia resten av valet. Særskilt val av leiar i valnemnda for eitt år: Tor Eikemo, Kaupanger vart attvald. Val av to medlemer til valnemnda for to år: Turid Sivertsen, Sogndal og Jon Farestveit, Sogndal. Attval. Ein varamedlem til valnemnda for eitt år vert oppnemnd seinare. Medlemstal Sjølv om det i 2014 ikkje er gjennomført ei organisert kampanje for medlemsverving, har SUS utover året fått eit jamt tilsig av nye medlemer. Medlemstalet vers årsskiftet er 121. Styret ved kasserar Erland Fagermoen har lagt opp rutinar for innbetaling av medlemskontingent og dette er eit viktig bidrag til å auka talet på betalande medlemmer. 3
Påminning om medlemskap i ulike samanhengar på møte og andre arrangement, er med å byggja opp talet på betalande medlemmer. Det har altså vore ei positiv utvikling i talet på medlemer gjennom året, men aktive medlemer og innspel til styret er viktige bidrag til å utvikla SUS vidare i 2015 og i åra framover. Det er såleis ein ambisjon for styret å auka medlemstalet ytterlegare i tida framover. Det er og ei viktig målsetting å arbeida for at får til slik auke både geografisk og sosialt. Informasjon og marknadsføring Pressemeldingar og annonser har vore ein viktig informasjonskanal for SUS også i 2014, og annonsering av alle arrangementa har saman med pressemeldingar vore plasserte i Sogn Avis. Vi er glade for at avisa også som regel tek inn pressemeldinga vi sender i samband med annonseringa. Heimesida til SUS har og vore ein informasjonskanal i 2014, men vi trur at pressemeldingar og liknande og ikkje minst direkte informasjon mellom medlemmer og andre er ein vel så viktig informasjonskanal. Dei fleste medlemene i SUS har også e-postadresse, og før kvart arrangement får difor medlemene tilsendt e-post med melding og omtale av arrangementet. Sjølv om dei fleste e- postane kjem fram, er det ei utfordring å heile tida ha fullstendige og oppdaterte e-postlister noko som kan føra til manglar ved e-postutsendingane. I 2014 har kasserar Erland Fagermoen i samband med oppdatering av medlemslistene også arbeidd med oppdatering av e- postlistene. Visittkorta til SUS er og eit viktig verkemiddel i marknadsføringa av laget.. M.a. har vi nytta visittkortet som billett for ikkje-medlemer på arrangementa våre. Ved årsskiftet 2013/2014 vart det trykt opp eit nytt opplag av visittkorta der vårt organisasjonsnummer 899 212 499 og bankkontonummeret i Indre Sogn Sparebank 3730 04 21904 er med. Også denne gongen betalar Indre Sogn Sparebank trykkinga av visittkortet, og vi takkar for støtta. Foredragsprogrammet I 2014 har SUS gjennomført desse foredragsarrangementa: Vårhalvåret: 22. januar: Overingeniør Kjel Inge Søvde heldt foredrag om utbygginga av det store anlegget på Hagafjellet i Sogndal og kraftlina Fardal Ørskog. 17 februar: Dagleg leiar IEH Per Nitter Bondevik - «Etisk Handel made in Bangladesh» 12. mars: Professor Ole Didrik Lærum «Eldre som ressurs» 15. april: Lokalhistorikar Kjell Magne Hillestad «Gamle og ukjende hustufter rundt Sogndal» 21 mai: Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø: «Frå Noreg til ny-noreg: stoda til nynorsken i dag og i framtida.» 4
17. og 18 juni: Her var SUS invitert til eit samarbeid med Sogndal Folkehøgskule, og SUSmedlemer var inviterte til desse foredraga: 17. juni: Tidlegare rektor Inge Eidsvåg: «Om aldringens forunderligheter, vemod og gleder.» 18. juni: Historikar Johs. B. Thue: «Kva gjorde grunnlova med den norske folkesjela?» Hausthalvåret: 24. september: Kraftverksjef Anneli Nesteng heldt foredrag om Hydro Energi sine produksjonsanlegg i Sogn og ho delte sine tankar rundt drivkraft og korleis det er å vera ung kvinne i ein mannsdominert bransje. 29. oktober: Kunstformidlar Fridjov Urdal: «Biletkunst og biletkunstnarar i Sogn og Fjordane.» 18. november: Førsteamanuensis Eli Bjørhusdal: «Jacob Sande liv og dikting». Som del av foredraget song Eli Bjørhusdal fleire songar med tekst av Sande akkompagnert av Sverre Volle på trekkspel. Dei drog og i gang allsong for den store forsamlinga frammøtte på denne Jacob Sande-kvelden. Planlagt foredragskveld i desember måtte gå ut p.g.a. nye arbeidsoppgåver for den påtenkte foredragshaldaren. Turar Også i 2014 har SUS planlagt og arrangert turar. Men p.g.a. svak påmelding måtte vi diverre avlysa ein planlagd to-dagars tur til Nordfjord (M.a. Singerheimen og Svormuseet i Hornindal). Lagnaden for den planlagde turen til Opera Nordfjord i oktober fekk diverre også same lagnaden. Men hausten 2014 vart det gjennomført to vellukka turarrangement med god deltaking. Leirvassbu 3. 4. september. Hans Jørgen Binningsbø frå SUS-styret hadde ansvaret for planlegging og gjennomføringa av denne turen, og vi takkar han for innsatsen. Lerum Fabrikker: 25. november. Dette vart eit interessant bedriftsbesøk på Kaupanger. Liv Berit Ellingsen frå SUS-styret hadde ansvar for planlegging og gjennomføring av bedriftsbesøket, og vi takkar henne for innsatsen. Rekneskap og økonomi På neste side er rekneskapen for 2014 sett opp. Som det grå fram av rekneskapen, har SUS ein grei økonomi i tråd med vårt mål om å halda aktivitetane på eit nivå som sikrar oss mot økonomiske problem. 5
Senioruniversitetet i Sogn REKNESKAP 2014 konto 3730 04 21904 konto 3705 19 20792 Inntekt: Utgift: Inntekter: 2014 Den kulturelle spaserstokken 15 000,00kr Medl.kontingent 34 200,00kr kr 1 200,00 Inngangspenger 1 200,00kr kr 6 650,00 Inntekt Skjerjehamn tur Overf frå SSF 7 200,00kr Renter 39,65kr kr 2,00 Sum inntekter 57 639,65kr kr 7 852,00 I bank pr. 1/1-14 10 247,11kr kr 22,00 Utgifter: 2014 Honorar/reise 17 580,00kr Annonser 18 315,50kr Porto, kopiering 695,00kr kr 335,00 Blomster 1 989,00kr kr 158,00 Årsavgift Brsund kr 135,00 Opphold Skjerjehamn 1 400,00kr Del av høyttaleranlegg 2 768,75kr Leige møtelokale 7 149,97kr Overf.ISSp kr 7 200,00 Gebyr 64,50kr kr 25,00 Sum utgifter 49 962,72kr kr 7 853,00 Indre S spbank pr. 31/12-14 17 924,04kr Sogn&Fj spbank pr, 31/12-14 kr 21,00 67 886,76kr 67 886,76kr 7 874,00kr kr 7 874,00 Overskot i 2014: kr 7676,93 Sogn & Fjordane spbank kr 21,00 Indre Sogn spbank kr 17 924,04 Aktiva pr. 1.1.2015: kr 17 945,04 Balestrand, 8.januar 2015 Erland Fagermoen Kjell Skjeldestad Gunn S. Bremer kasserar revisorar Planar for arbeidet framover Frammøtet på SUS-arrangementa vil vi også for 2014 karakterisera som bra og i nokre tilfelle svært bra. Rekorden i år vart «Jacob Sande-kvelden» på Sogn Folkemuseum i november med 90 SUS-folk og andre på plass på Museet. 6
Det krev arbeid å skaffa gode foredragshaldarar, men også i løpet av 2014 har vi fått gjennomgåande gode og rosande tilbakemeldingar frå tilhøyrarane på foredragskveldane og frå deltakarane på dei andre arrangementa. Det er eit mål for framtida å halda oppe god kvalitet på foredragsarrangementa, og vi vil halda fram med i størst mogleg grad å kunna tilby betalande medlemer gratis inngang på slike arrangement samstundes som vi legg opp til halda på praksisen med inngangspengar for ikkjemedlemer. Eit foredragsarrangement i månaden utanom i feriemånader er eit naturleg mål for framtida. Sjølv om oppslutnaden om arrangementa i 2014 har vore god, er det ei utfordring for SUS å vera eit breiddetilbod for folk flest over 60 år. Organisasjonen må difor også i tida framover leggja vekt på folkeopplysningsperspektivet og den sosiale dimensjonen i verksemda. SUS må stadig utvikla seg slik at arrangementa vert eit tilbod til «folk flest». I tråd med målsettinga om å utvikla seg vidare som breiddetilbod, ligg det som nemnt ovanfor og eit mål om i aukande grad å bli eit tilbod for seniorar i heile Sogne-regionen. Vi ønskjer difor m.a. å halda fram med å arrangera turar i regionen og gjerne kombinera turane med foredragsarrangement på staden vi reiser til. Forslag frå medlemmene vert tekne i mot med takk. Styret har starta diskusjonen om aktuelle turar for 2015, og vil også i framtida satsa på både dagsturar og overnattingsturar med hovudvekt på eige fylke. Både i 2014 og tidlegare har SUS gjort forsøk på å få i gang ulike kurs for medlemmene, og sjølv om interessa for kurs vi har hatt planar om til no har vore i minste laget, kan det også i 2015 bli aktuelt å tilby kurs. På dette området er forslag frå medlemmene velkomne.. Talet på betalande medlemmer i SUS er i positiv utvikling. Likevel ser styret det som viktig at vi også i komande år held fram arbeidet med medlemsverving og då særleg med sikte på å få medlemmer frå ulike grupper i samfunnet og frå heile Sogne-regionen. For å sikra god aktivitet i SUS, vil vi også i 2015 søkja om økonomisk støtte frå private og offentlege gåvefond. I arbeidet for ei god utvikling av SUS, vil samarbeid med andre institusjonar og lag vera positivt. Sjølv om SUS i høve nokre arrangement har hatt noko samarbeid med andre, ser vi det som positivt å kunna utvikla slikt samarbeid vidare. Døme på samarbeidstiltak kan vera samordna bruk av foredragshaldar, felles turar o.a. I så måte ser vi på samarbeidet vi har hatt med Sogndal Folkehøgskule som viktig, og vi ønskjer i tida framover å utvikla dette vidare. Til slutt: Aktive medlemer og innspel til styret er viktige bidrag til å utvikla SUS vidare i 2015 og i åra framover. Ta difor gjerne kontakt med folk i styret dersom du har ønskje eller idear du ønskjer å få fram i SUS. ----------------------------------------------------- 7