FORUM for KONTROLL og TILSYN. Ein møteplass for kommunale og fylkeskommunale kontrollutval, og deira sekretariat.



Like dokumenter
2oiioiili-~3. Roald Breistein. Page 1 of i

Utfordringar med knappe budsjett for kontrollutvala. Kva gjer me? Kontrollsjef Hogne Haktorson

Årsmelding 2014 for kontrollutvalet. Åmli kommune

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

BUDSJETT KONTROLLORGAN

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Onsdag kl i kommunestyresalen

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Fyresdal kommune. Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Fyresdal kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Fyresdal kommunehus, møterom 2.

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Aurland kommune Rådmannen

Kontrollutvalet. Målet i dag

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Nissedal kommune Kontrollutvalet

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat IS KONTROLLUTVALET I FORSAND PLAN FOR SELSKAPSKONTROLL

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Partsbrev med vedtak vedr. framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeid for 2015

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Granvin herad Sakspapir

FORUM for KONTROLL og TILSYN. Ein møteplass for kommunale og fylkeskommunale kontrollutval, og deira sekretariat.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Plan for gjennomføring av selskapskontroll i Balestrand kommune

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kontrollutvalet i Stord kommune Møteprotokoll

Den nye seksjon for applikasjonar

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 34/11 42/11

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Kviteseid kommune - Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Kviteseid kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Økonomisjef Rune Pedersen

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Kontrollutvalet i Klepp kommune Møteinnkalling

Plan for selskapskontroll

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Møterom 2. høgda i rådhuset Saknr.: 01/11 07/11

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Telemark fylkeskommune -

VINDAFJORD KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET VINDAFJORD KOMMUNE

BOKN KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET BOKN KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

Kviteseid kommune Kontrollutvalet

TYSVÆR KOMMUNE FOR 2010 KONTROLLUTVALET TYSVÆR KOMMUNE

VINDAFJORD KOMMUNE FOR 2011 KONTROLLUTVALET VINDAFJORD KOMMUNE

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 25. august 2010 Kl.: Stad: Fleischer's Hotel, Voss Saknr.: 25/10-31/10. MØTELEIAR Hermansen, Terje (A)

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Kontorsjef, fylkestannlegen Fylkesrevisjonssjef Rådgivar, fylkesrevisjonen Rådgivar, fylkesrevisjonen

TILSYN MED. KOMMUNENS ADRESSE: Norddal kommune, Rådhuset, 6210 Valldal

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Forslag frå fylkesrådmannen

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Plan for selskapskontroll

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Årsmelding 2014 for kontrollutvalet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

Seljord kommune. kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Seljord kommune - kontrollutvalget

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Selje kommune MØTEBOK

8. Museum og samlingar

Transkript:

FKT FORUM for KONTROLL og TILSYN. Ein møteplass for kommunale og fylkeskommunale kontrollutval, og deira sekretariat. NOTAT (Versjon 3) OM ULIK SEKRETARIATSORDNING FOR KONTROLLUTVALA I NORSKE KOMMUNAR OG FYLKESKOMMUNAR. Til: KRD si arbeidsgruppa, som skal føreslå tiltak for å styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar Frå: Forum for Kontroll og Tilsyn (FKT) Merknad: KRD si arbeidsgruppe har tinga notatet av FKT. Bergen 19. mai 2009 Terje Hermansen (s) styreleiar Hogne Haktorson dagleg leiar Versjon Kva: Merknad: 1 Opprinneleg notat av 19.05.09. 2 Redigering av 07.07.09. Kun endring vedr. modell 7c, Trondheims-modellen. 3 Redigering av 03.09.09. Kun endring vedr. modell 7b. EIGE SEKR. som og sel tenester underlagt KUV. Sekretariat: FKT c/o Hordaland fylkeskommune, Sekretariat for kontrollutvalet, Pb. 7900, 5020 Bergen. Fax 55239499 - Direkte telefon: 55 23 94 53 / 55 23 94 47 Mobil 911 05 982 / 97 50 51 52 E-postadresse: sekretariat.kuv@post.hfk.no Heimeside: www.ffkt.no Org. nr. 989 545 159 - - - Bankkto. nr. 0539 43 90447.

Innleiing. Det er altså KRD si arbeidsgruppe har tinga notatet av FKT. I kartlegginga er det gjort eit forsøk på å kategorisera dei mange ulike sekretariatsordningane som er oppretta for kontrollutvala i norske kommunar og fylkeskommunar. Kartlegginga omfattar etter dette: Modellar, sekretariat, kommunar og fylkeskommunar Tal. Ulike sekretariats-modellar 13 Ulike sekretariats-modellar, inkl. undergrupper 16 Antal sekretariat 65 Dei dekkar antal kom. (inkl. Oslo som og er f.kom.) 430 Dei dekkar antal fylkeskom. 19 Her er grovskisse over dei 13 (16) sekretariats-modellane: Modell: Sekretariatsordning Sekretariat Kommunar F. kom. Mod. 1 IKS Sekretariatsselskap 14 174 6 Mod. 2 INTERKOMMUNALT SAMARBEID (KL. 27) 14 117 5 Mod. 3 VERTSKOMMUNE-MODELL (KL. 28) 2 17 Mod. 4a AS Revisjonsselskap 4 20 Mod. 4b AS Sekretariatsselskap 1 12 Mod. 5 ENKELTMANNSFØRETAK 1 6 Mod. 6 SØRLANDS-MODELLEN 4 14 2 Mod. 7a EIGE SEKRETARIAT underlagt kontrollutvalet 7 3 5 Mod. 7b EIGE SEKR. som og sel tenester underlagt KUV. 1 14 1 Mod. 7c TRONDHEIMS-MODELLEN 1 1 Mod. 8 VALDRES-MODELLEN 2 12 Mod. 9 POLITIKAR-MODELLEN 4 4 Mod. 10 KOMMUNALT BYTTEFORHOLD. 1 3 Mod. 11 ROMERIKE-MODELLEN 2 13 Mod. 12 MIX MELLOM SEKR. OG REV. (for same kom.) 1 8 Mod. 13 ANDRE PRIVATE SELSKAP 6 12 SUM: 65 430 19 2

Fleire opplysningar om modellane og det einskilte sekretariat, følgjer på dei neste sidene. Mange opplysningar her er henta inn frå primærkjelder i vk. 20. 21. / 2009. Det er og ein del opplysningar som byggjer på sekundærkjelder frå 2008 / 2009, noko som gjer at det kan vera endringar siste tida som ikkje er fanga opp. Oversynet skulle likevel gje ein svært godt oversyn over situasjonen i Norge pr. 19. mai 2009. Dersom dette notatet kun hadde opplisting av ordningar som vert nytta i dag, utan nærare kommentar, kunne det oppfattast som at det var ordningar som ein gjekk god for. FKT har derfor teke med nokre refleksjonar rundt dei ulike ordningane. Her finn ein oppsummert at: nokre modellar framstår som gode ordningar. nokre har klart uheldige sider som Departementet bør vurdera nokre går etter FKT si meining utover lova sine intensjonar. Dept. bør vurdera å forby slike ordningar. 3

Modell 1 IKS Sekretariatsselskap Tal Sekretariat etter denne modellen: 14 Kommunar: 174 / Fylkeskommunar: 6 Kven: Indre Østfold Kontrollutvalgssekretariat IKS (11 kom.) Follo interkommunale kontrollutvalgssekretariat (FIKS) (6 kom.) Glåmdal sekretariat IKS (7 kom.) Kontrollutvalg Fjell IKS (9 kom.) Kontrollutvalgssekretariatet i Buskerud og omegn (KUBIS) (16 kom. / 1 fk.) Telemark kontrollutvalgssekretariat IKS (17 kom. / 1 fk.) Haugaland kontrollutvalgssekretariat IKS (10 kom.) Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS (12 kom.) Kon-Sek Midt-Norge IKS (14 kom. / 1 Fk.) Fosen kontrollutvalgssekretariat IKS (8 kom.) Komsek Trøndelag IKS (22 kom. / 1 Fk.) K-Sekretariatet IKS (23 kom. / 1 Fk.) Kontrollutvalgan IS (9 kom. / 1 Fk.) Kontrollutvalgssekretariatet i Vest-Finnmark IKS (10 kom.) Skildring: Interkommunalt selskap (IKS) Sekretariatsselskap Eige rettssubjekt Sekretariatstenesta vert utført i kommunal eigenregi Arbeidsgjevaransvaret er ivareteke med eige styre Modell 2 INTERKOMMUNALT SAMARBEID (KL. 27) Tal Sekretariat etter denne modellen: 14 Kommunar: 117 / Fylkeskommunar: 5 Kven: Østfold kontrollutvalgssekretariat (ØKUS) (7 kom.) Akershus og Østfold kontrollutvalgssekretariat (2 fk.) Kontrollutvalgssekretariatet Innlandet (3 kom. / 2 Fk.) Sekretariat for kontrollutvalgene i Sør-Østerdal (6 kom.) Sekretariat for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdalen (SKNG) (6 kom.) Vestfold interkommunale Kontrollutvalgssekretariat (VIKS) (11 kom. / 1 fk.) Agder sekretariat IS (16 kom.) Rogaland kontrollutvalgssekretariat IS (17 kom.) SEKOM sekretariat (11 kom.) Søre Sunnmøre kontrollutvalssekretariat (7 kom.) Sekretariatskontoret for kontrollutvalgene for Sør og Ytre Helgeland (12 kom.) Indre Helgeland kontrollutvalgssekretariat (IHKUS) (6 kom.) Salten kontrollutvalgservice (9 kom.) Kontrollutvalgssekretariatet i Lofoten (6 kom.) Skildring: Interkommunalt samarbeid, ut frå kommunelova 27 Kan vera eige rettssubjekt, men kan og vera underlagt kommunen / kommunane. Sekretariatstenesta vert utført i kommunal eigenregi Arbeidsgjevaransvaret er ivareteke med eige styre 4

Modell 3 VERTSKOMMUNE-MODELL (KL. 28) Tal Sekretariat etter denne modellen: 2 Kommunar: 17 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Kontrollutvalgssekretariat Nordmøre (8 kom.) Kontrollutvalgssekretariatet for Romsdal (9 kom.) Skildring: Vertskommunemodell ut frå kommunelova 28 Ikkje eige rettssubjekt, men underlagt vertskommunen Sekretariatstenesta vert utført i kommunal eigenregi Har gjerne eigne oppnemnde samarnbeidsforum (t.d. samansett av kontrollutvalsleiarane i medlemskommunane), men det er ikkje spesifisert at dette forumet har arbeidsgjevaransvaret. Dette må evnt. ligga til kontrollutvalet i vertskommunen. Modell 4a AS Revisjonsselskap Tal Sekretariat etter denne modellen: 4 Kommunar: 20 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Deloitte AS (3 kom.) Inter Revisjon Gudbrandsdalen AS (3 kom) PricewaterhouseCoopers AS (PwC) (9 kom.) Hålogaland Revisjon AS (5 kom.) Skildring: Aksjeselskap (AS) Revisjonsselskap som sel sekretariatstenester for andre kommunar / fylkeskommunar enn dei evnt. er revisor for. Sekretariatstenesta er konkurranseutsett / vert utført i anna regi for kommunane. Modell 4b AS Sekretariatsselskap Tal Sekretariat etter denne modellen: 1 Kommunar: 12 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Kontrollutvalgstjenester AS (12 kom.) Skildring: Aksjeselskap (AS) Sal av sekretariatstenester for kontrollutval, som sentralt arbeidsfelt. Sekretariatstenesta er konkurranseutsett / vert utført i anna regi for kommunane. 5

Modell 5 ENKELTMANNSFØRETAK Tal Sekretariat etter denne modellen: 1 Kommunar: 6 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Abra analyse (6 kom.) Skildring: Enkeltmannsføretak. Sal av sekretariatstenester for kontrollutval, som sentralt arbeidsfelt. Sekretariatstenesta er konkurranseutsett / vert utført i anna regi for kommunane. Modell 6 SØRLANDS-MODELLEN Fylkesrevisjon og revisjonsdistrikt som yter sekretariatstenester for andre Tal Sekretariat etter denne modellen: 4 Kommunar: 14 / Fylkeskommunar: 2 Kven: Aust-Agder Fylkesrevisjon (9 kom.) Vest- Agder Fylkesrevisjon (2 kom.) Arendal revisjonsdistrikt IKS (2 kom. / 2 Fk.) Kristiansand revisjonsdistrikt IKS (1 kom.) Skildring: Fylkesrevisjon og revisjonsdistrikt som yter sekretariatstenester for andre kommunar / fylkeskommunar enn dei er revisor for. Ikkje i direkte bytteforhold, som i Romerike-modellen. Sekretariatstenesta vert utført i anna regi for kommunane. Ikkje direkte ulovleg, men ein uheldig kombinasjon ut frå føresetnadene i den nye lova. Det er liten grunn til å tru at ikkje desse revisjonsselskapa vil ha stor lojalitet til kvarandre i mange samanhengar, td. når det gjeld evt. konkurranseutsetting av revisjonstenestene. KRD bør vurdera desse momenta. Modell 7a EIGE SEKRETARIAT underlagt kontrollutvalet Tal Sekretariat etter denne modellen: 7 Kommunar: 2 / Fylkeskommunar: 5 Kven: Sekretariat for kontrollutv. i Oslo kom. (1 kom. / 1 Fk.) (Er både kom. og f.kom.) Kontrollutvalgets sekretariat i Bærum kommune (1 kom.) Kontrollutvalgets sekretariat i Rogaland fylkeskommune (1 Fk.) Sekretariat for kontrollutvalget i Bergen kommune (1 kom.) Sogn og Fjordane fylkeskommune, sekretariat for kontrollutvalet (1 Fk.) Kontrolldirektøren i Møre og Romsdal fylke (1 Fk.) Nordland fylkeskommune, kontrollkomiteens sekretariat (1 Fk.) Skildring: Tilsett i den kommunen / fylkeskommunen som kontrollutvalet dekkar Den / dei tilsette er underlagt kontrollutvalet. For Bærum kommune sin del var det noko uavklart kven som hadde kva ansvar kontrollutvalet vs. kommuneadm. ifm. arbeidsgjevarspørsmål. Ikkje eige rettssubjekt, men underlagt kommunen / fylkeskommunen der vedkomande er tilsett. 6

Modell 7b EIGE SEKRETARIAT som og sel tenester underlagt kontrollutvalet Tal Sekretariat etter denne modellen: 1 Kommunar: 14 / Fylkeskommunar: 1 Kven: Hordaland fylkeskommune, sekretariat for kontrollutvalet (14 kom. / 1 Fk. / FKT) Skildring: Tilsett i den kommunen / fylkeskommunen som kontrollutvalet dekkar Den / dei tilsette er underlagt kontrollutvalet Sekretariatstenesta vert utført i eigenregi for eigarkommunen(ane) og i anna regi for kommunar som kjøper tenester og for FKT. Arbeidsgjevaransvaret er ivareteke av kontrollutvalet. Modell 7c TRONDHEIMS-MODELLEN EIGE SEKRETARIAT underlagt kontrollkomiteen Tal Sekretariat etter denne modellen: 1 Kommunar: 1 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Trondheim kommune (1 kom.) Fakta: Bystyret har sett av eit årsverk til kontrollkomiteens sekretariat. Sekretariatet består av to i delstillingar; 30% og 50%. (I øvrig del av heil stilling for dei to er dei underlagt ordføraren.) 20% avsett for kjøp av tenester. Sekretariatstenesta blir utført i kommunal eigenregi underlagt kontrollkomiteen. Det er same person som er leiar for kontrollkomiteens sekretariat og bystyrets sekretariat. Frå Trondheim bystyre si sak 38/09, merkar FKT seg vedlegg frå KS Advokatene av 4. mars 2009. Her står det bl.a. på side 3: Jeg ser av arbeidsbeskrivelsen for bystyresekretariatet at det der ligger en rekke oppgaver som har å gjøre med formannskap, bygningsråd, eldreråd, byutviklingskomiteen osv. Dette er organer som kontrollutvalget har tilsynsansvar i forhold til. Vedlegget har, slik FKT ser det, ein god del gråsone-problematikk i seg. Departementet bør vurdera ordninga, særleg om dei tilsette er uhilda nok. Modell 8 VALDRES-MODELLEN Tal Sekretariat etter denne modellen: 2 Kommunar: 12 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Valdres kommunerevisjon ( 27) (6 kom.) Kommunerevisjonen i Nordfjord. (6 kom.) Skildring: Kontrollutvalsleiar eller kontrollutvalsmedlem er den formelle sekretæren for sitt eige utval. For fleire av desse yter revisjonen sekretærtenester for dei same kommunane som dei reviderar. Kjøp av tenester i eigen regi. Arbeidsgjevaransvaret er ivareteke for same styret som for revisjonen. Etter FKT si meining går den utover lova sine intensjonar, når det gjeld skilje mellom bestillar og utførar. Departementet bør vurdera å forby ordninga. 7

Modell 9 POLITIKAR-MODELLEN Tal Sekretariat etter denne modellen: 4 Kommunar 4 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Nesodden (1 kom.) Asker (1 kom.) Jondal kommune (1 kom.) Sund kommune (1 kom.) (Vurderar for tida å gå over til anna ordning) Skildring: Kontrollutvalsleiar eller kontrollutvalsmedlem er sekretær for sitt eige utval Ein variant av Valdresmodellen? Store utfordringar med å ivareta det løpande ansvaret for sekretariatstenesta og bestillarrolla. Ei form for utføring i eigenregi. Arbeidsgjevaransvaret vert ivareteke av kontrollutvalsmedlema sjølve i møte. Ordninga må truleg reknast å vera i tråd med lov og forskrift når det gjeld skilje mellom bestillar og utførar. Samstundes kan det diskuterast om det var lovgjevar sin intensjon om at kontrollutvalet sjølv skulle ivareta sekretariatsfunksjonen. Uheldig ordning Departementet bør vurdera å forby ordninga. Modell 10 KOMMUNALT BYTTEFORHOLD. Tal Sekretariat etter denne modellen: 1 Kommunar: 3 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Askøy, Vaksdal og Samnanger. (3 kom.) (Samnanger vurderar for tida å gå over til anna ordning) Skildring: Tilsett i rådmannen sin administrasjon er sekretær for kontrollutvalet i ein annan kommune. Gjerne bytteteneste. Ei form for kjøp av tenester i anna regi. Arbeidsgjevaransvaret er ivareteke av kommunen der vedkomande er tilsett. Ordninga må reknast å vera i tråd med lov og forskrift når det gjeld skilje mellom bestillar og utførar. Samstundes kan det diskuterast om det er i tråd med lovgjevar sin intensjon om skilje mellom sekretariatstenesta og administrasjon i kommunen når vedkomande som utfører tenesta kan koma i situasjonar der det vert stilt spørsmål ved habilitet. Ettersom vedkomande og utfører andre ordinære kommunale oppgåver, og kommunar samarbeidar innafor mange felt, kan det oppstå ein situasjon der kontrollutvalet ønskjer særskilt fokus på dette ansvars / samarbeidsfeltet som vedkomande elles utfører. FKT meinar det er uheldige sider med eit slik bytteforhold. Fare for at ein er gjensidig grei med kvarandre? eller at ein tar att for sist? KRD bør vurdera desse momenta. Modell 11 ROMERIKE-MODELLEN Tal Sekretariat etter denne modellen: 2 Kommunar: 13 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Øvre Romerike Revisjonsdistrikt IKS (4 kom.) Østre Romerike Revisjonsdistrikt ( 27) (9 kom.) 8

Skildring: Byttearbeid mellom revisjonsdistrikt. Revisjonsdistriktet i Østre Romerike er sekretariat for kommunane på Øvre og Nedre Romerike og Øvre Romerike utfører sekretariatsfunksjonen for kommunane på Østre Romerike. Kjøp av sekretariatstenester i anna regi. Modellen liknar Sørlandsmodellen. Arbeidsgjevaransvaret er ivareteke av revisjonseininga. Ikkje direkte ulovleg, men ein uheldig kombinasjon ut frå føresetnadene i den nye lova. Det er liten grunn til å tru at ikkje desse revisjonsselskapa vil ha stor lojalitet til kvarandre i mange samanhengar, td. når det gjeld evt. konkurranseutsetting av revisjonstenestene. KRD bør vurdera desse momenta. Modell 12 MIX MELLOM SEKRETARIAT OG REVISJON (for same kommunar). Tal Sekretariat etter denne modellen: 1 Kommunar: 8 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Regionrådet Nordhordland IKS (8 kom.) Skildring: Sekretæren er tilsett i Regionrådet. Regionrådet leiger så sekretæren ut til revisjonsdistriktet, for å vera forvaltningsrevisor overfor 7 av dei same 8 kommunane. Departementet har tidlegare uttalt at ordninga er ulovleg. Det skal vera gjort ei administrativ justering, men med same reelle innhald som før. Modell 13 ANDRE PRIVATE SELSKAP Tal Sekretariat etter denne modellen: 6 Kommunar 12 / Fylkeskommunar: 0 Kven: Kontorbygg AS (1 kom.) Advokatfirmaet Drevland (1 kom.) Os Bygg og Eigedom AS (kommunalt selskap) (1 kom.) Avtale med bedriftsrådgjevar. (7 kom.) Avtale med privat konsulent (1 kom.) Avtale med privat sekretær (1 kom.) Skildring: Her er fellesnemnaren at det er eit privat selskap som leverer sekretariatstenestene. Kjøp av sekretariatstenester i anna regi. 9

Avsluttande merknader: Etter FKT sitt syn, er det stor variasjon blant dei 65 sekretariata me har funne i Norge: Dei langt fleste sekretariata har ei god organisering, og det ligg til rette for å bli utført eit godt fagleg arbeid. Her finn ein gode og uavhengige bestillingsdokument. Og ein finn saksframlegg med framlegg til vedtak, med vurdering av om det i rapportar er svara på alle deler av bestillinga, om rapportane er forsvarleg utgreidd, samt framheving av ulike moment. Men så er det dessverre og nokre ordningar som synest vera fagleg svake i sin konstruksjon og utføring, der sakshandsaminga synest vera avgrensa til å kopiera revisor sine dokument og skriva referat i møtet. Ja knappast det, dersom revisjonen også kopierar og skriv framlegg til protokoll. FKT set eit stort spørjeteikn ved om nokre av desse oppfyller lova sine intensjonar. I beste fall er det tvilsame og uryddige ordningar, som gjerne er tufta på skrivekunst av ypparste slag for korleis eit kontrollorgan kan organisera sekretariatstenesta si, millimeter unna lovbrot. Ei tilnærming er at Dept. vurderar å forby einskilte ordningar. Ei anna tilnærming er at Dept. lagar ei uttømande liste over godkjente ordningar, og at ein evnt. må søkja om dispensasjon for å ta i bruk andre variantar. Uavhengig av organisering er sekretariat med ein tilsett sårbare, når det melder seg ferie, sjukdom og når ei stilling står ledig (vakanse). FKT håpar at dette notatet vil gje lesarane eit betre innblikk i kontrollutvala sine mange ulike sekretariatsordningar, samt styrkar og svakheitar med dei ulike ordningane. 10