NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje
NORSKFAGET FOR STUDENTAR OG ELEVAR Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal få studentane til å forstå seg sjølv i ein større, fleirkulturell samanheng. Å vere lærar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet i alderen mellom 11 og 16 år krev at ein kan leggje til rette for at elevane vidareutviklar seg som lesarar, skrivarar og munnlege språkbrukarar, og at ein kan gi opplæring i dei grunnleggjande ferdigheitene. 2
STRUKTUR 4 modular 15 studiepoeng kvar, 60 til saman modul 1 går hausten i første trinn, to dagar i veka og modul 2 om våren modul 3 går gjennom heile det fyrste året, éin dag i veka mens modul 4 går gjennom heile det andre året, éin dag i veka alternativet er alle modulane i fjerde trinn 3
ARBEIDSMÅTAR Arbeidet i studiet blir organisert på mange måtar: fellesforelesingar, seminartimar, rettleiing i grupper, skrivegrupper, kortare kurs og bruk av Fronter og oppgåveskriving. Undervegs i studiet vil du også få norskfaglege oppgåver knytt til praksis, og du skal delta i arbeid på tvers av fag. Det blir lagt stor vekt på skriveutvikling hjå studentane. 4
VURDERINGSFORMER Undervegsvurderinga obligatoriske arbeidskrav må vere bestått for å kunne gå opp til eksamen Sluttvurderinga modul 1: skriftleg individuell skoleeksamen på 6 timar, på bokmål modul 2: individuell munnleg skoleeksamen, på 30 minutt modul 3: skriftleg individuell skoleeksamen på 6 timar, på nynorsk modul 4: både ei individuell skriftleg innleveringsoppgåve og ein individuell munnleg skoleeksamen på 30 minutt 5
MODUL 1: NOR 501 SPRÅK OG ELEVTEKST Innhald kunnskap om språk og utvikling av språklege ferdigheiter, og nytte desse kunnskapane i arbeid med skriveopplæring vidareutvikle skriveferdigheiter til elevar frå 5. til 10. trinn felles for modul 1 og 2: vektlegging av munnleg framstillingsevne og skriftlege ferdigheiter i båe målformer utfordringar og moglegheiter med å arbeide i eit fleirkulturelt klassemiljø studenten skal utvikle ei sjølvstendig og fagleg reflektert haldning til eit norskfag der læringa til elevane står i sentrum 6
MODUL 2: NOR 502 LITTERATUR OG DIDAKTIKK Innhald Munnlegheit og retorikk er viktige emne Studenten skal tileigne seg kunnskapar om litteratur for ulike aldersgrupper og frå ulike sjangrar og medium, og skaffe seg teoretisk og didaktisk innsikt knytt til desse teksttypane. Studenten skal òg øve opp evna til analyse og tolking av tekst, lære å stimulere interesse for litteratur og kunne leggje til rette for litteraturarbeid og munnleg språkbruk i klasserommet. 7
MODUL 3: NOR 503 SPRÅK OG LITTERATUR I EIT HISTORISK PERSPEKTIV Innhald Det historiske perspektivet er sentralt, både når det gjeld språklege og litterære emne. Dei språklege emna er knytte til både notid og fortid, t.d. språkhistorie, ungdomsspråk og sidemålsdidaktikk. Studenten skal også lese både eldre og nyare skjønnlitteratur, essay og sakprosa, av og til med eit komparativt blikk på nordisk og internasjonal litteratur. 8
MODUL 4: NOR 504 NORSKFAGLEG FORDJUPING Innhald Det vil vere ei fordjuping av dei emna som har blitt behandla i dei tidlegare modulane. Studentane skal arbeide meir teoretisk og problematiserande med litteratur og få ei djupare innsikt i språkdidaktiske spørsmål. I tillegg til dei felles emna i modulen skal studentane velje anten språkleg eller litterær fordjuping med eit sjølvvald fordjupingspensum. Studiet skal byggje på forsking. Det vil seie at utdanningsprogrammet vil formidle forskingsbasert kunnskap samstundes som studenten skal skrive oppgåver etter vitskapsteoretiske og metodiske prinsipp. 9
NOKRE SPØRSMÅL TIL SLUTT? Er det behov for norsklærarar? Ja! Det er eit stadig behov for norsklærarar som brenn for litteratur og språk, og som vil strekke seg langt for å utvikle gode skrivarar og gi gode leseopplevingar. Er norskfaget viktig? Ja! Norsk er det største faget i skulen og utgjer mange timar av ein lærarpost. Og det er det mest grunnleggjande faget, det er snakk om å kunne lese og skrive! Er det noko artig å vere norsklærar? Ja! Faget er ope for svært variert undervisning og masse kreativt elevarbeid! 10