Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks 55 23 99 42 55 23 99 49 Bergen 22. mai 2008 Hordaland fylkesutval sitt møte i Bergen 22. mai 2008: 13 mill. kr i utviklingsmidlar frå fylkeskommunen Hordaland fylkesutval har fordelt 13,0 mill. kr i regionale utviklingsmidlar til prosjekt i Os, Osterøy, Tysnes, Odda, Sveio og Radøy. Midlane vert tildelte i år og neste år. 22 prosjekt vart vurderte ved tildelinga for 2008-09, som fylkesutvalet vedtok 22. mai. Seks prosjekt får tilskot på i alt 13 mill. kr. Prosjekta som får tilskot er: Kompetansesenter for avansert maskinering, Osterøy Historisk grunn Onarheim, Tysnes Trallebana Skjeggedal, Odda Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap, Sveio Vestnorsk utvandringssenter, Radøy Os kunst- og kultursenter, Os Osterøy Til kompetansesenter for avansert maskinæring som Osterøy næringssamskipnad og Osterøy vidaregåande skule står for er det løyvd 2,0 mill. kr i 2009. Frå før har dette prosjektet fått 0,8 mill. kr i tilskot frå fylkeskommunen. Målet er å skapa eit regionalt og etter kvart også nasjonalt ressurssenter for avansert maskinering og robothandtering. Prosjektet er godt forankra i Osterøy sitt næringsliv og vil kunne styrkja miljøet kring Osterøy vgs. Det er eit veldig godt døme på korleis ei vidaregåande skule kan fungera i eit nært samspel med lokalt næringsliv, og er i så måte eit regionalt modellprosjekt innan dette området, heiter det i fylkesrådmannen si saksutgreiing. Tysnes Tysnes kommune vil byggja ein dokumentasjonsstad for tingstaden og senteret for gildeskipnaden som var på Onarheim frå førkristen tid og opp til 1500-talet. Fylkesutvalet har løyvd 2 mill. kr i tilskot fordelt med 0,5 mill. kr i 2008 og 1,5 mill. kr i 2009. Onarheimgildet tok vare på Onarheim sin status som religiøst, kulturelt og sosialt senter på Vestlandet. Fylkesvåpenet til Hordaland stammer frå Onarheim.
Tysnes kommune har fått utarbeidd ei prosjektskisse. Det har vore lagt vekt på at anlegget skal fungera som arena for ulike arrangement, og som møtestad, rasteplass og park utanom arrangementa. Det er planlagt ein arena med plass til om lag 300 personar, ei scene med tilhøyrande garderobar, lager, toalett og eit lite utsal/kiosk. Golvet, den historiske grunnen er eit samanbindande element for heile tusenårsstaden og er tenkt utforma i naturstein. Kostnaden er sett til 4,2 mill kr. Odda Odda kommune vil etablera eit selskap med ansvarleg selskapskapital for å driva Trallebana i Skjeggedal (Mågelibanen). Fylkesutvalet har løyvd 2,0 mill. kr i 2009. Statskraft har løyvd 5 mill kr. til eit vedlikehaldsfond for bana. Planen vidare er å etablera eit eige og skjerma fond for vedlikehald og oppgradering av bana på 10-12 mill. kr. Grunnkapitalen i fondet skal vere urørleg. Interimstyret er no under etablering, kommunestyrevedtak i slutten av mai vil avrunde prosessen. Bana kom i drift i 1911/12 og var eit viktig element i kraftutbygginga av Tyssovassdraget. Sveio Sveio kommune og Fartein Valen-stiftinga får 0,5 mill. kr i tilskot frå fylkeskommunen i 2009 til «Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap». Eventuelt ytterlegare fylkestilskot vil verta vurdert seinare. Planen er å etablera eit kunstnarhus knytt til Valenheim på Valevåg. Huset skal innehalda kammermusikksal med diverse arbeids-/øvingsrom og lydstudio, husvære og fellesareal i tillegg til ein hage i tilknyting til senteret. Det er tenkt å leggja til rette kommersielt for å få inntekter til å driva senteret. Det faglege og utøvande skal vera sjølvfinansierande. Bygget er planlagt å stå ferdig til Fartein- Valen festivalen i 2011. Totalkostnaden er sett til 28 mill. kr. Radøy Vestnorsk Utvandringssenter får 2 mill. kr til nytt museums- og informasjonssenter i 2009. Det er ein føresetnad at konsolideringa med Museumssenteret i Salhus vert gjennomført. Vestnorsk Utvandringssenter held til på Sletta i Radøy kommune, og senteret har m.a. bygd opp seks emigranthistoriske hus frå dei norske områda i Nord-Amerika. Utanom dette disponerer dei ein del dokumentasjon, m.a. frå Sjømannskyrkja. Vestnorsk utvandrarsenter søkjer om midlar til å byggja eit senter som skal innehalda ein utstillingsdel, sjømannskyrkja sine kulturhistoriske samlingar, auditorium, bibliotek/studierom, sovernirdel, kafe og sanitæranlegg samt administrasjon og lager. Målet er å kome over frå ein dugnadsbasert verksemd til permanent drift. Totalkostnad for prosjekter er sett til nesten 25,5 mill. kr.
Fylkesstøtte til Os kunst- og kultursenter Os kommune får 4,5 mill. kr i tilskot frå Hordaland fylkeskommune til Os kunst- og kultursenter, har Hordaland fylkesutval vedteke. Fylkesutvalet lovar også at det skal vurderast ytterlegare tilskot når midlar for 2010 vert lyste ut. Tilskotet til kunst- og kultursenteret er tildelt frå fylkeskommunen sine konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingsprosjektet. Løyvinga er fordelt med 2 mill. kr i 2008 og 2,5 mill. kr i 2009. Samla kostnadsramme for Os kunst- og kultursenter er kr 175,8 millionar inkl. mva. Os kommune ser for seg at Grieg Foundation, Os kommune/hordaland fylkeskommune/lokale donatorar og Staten (KKD) tek kvar sin tredel av finansieringa. Kommunen har søkt om 10 mill. kr i konsesjonskraftmidlar. I denne omgang yter fylkeskommunen 4,5 mill. kr. Fylkeskommunen har prioritert Os kunst- og kultursenter på topp den statlege tilskotsordninga «Tilskot til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur». Målet med senteret er å dekkja lokale behov for kulturlivet i Os kommune, men også å få ein sentral funksjon som arena for produksjon, utøving og formidling av kunst og kultur i bergensregionen. Det vil også gje rom for eit breitt kunst- og kulturtilbod, med stor publikumsappel både nasjonalt og internasjonalt, heiter det i saksutgreiinga. Senteret er planlagt lagt til Mobergsneset, og skal liggja sørvendt mot Bjørnefjorden med utsikt mot hardangerfjella og Folgefonna. Prosjektet er i følgje kommunen ein del av eit større tettstadsutviklingsprosjekt på Osøyro i regi av Os Sjøfront AS med bustader, næringsareal, ny molo, kaifrontar og småbåthamn. Fylket gjev tilsegn om 10 mill. kr til rehabiliteringssenter i Ulvik Hordaland fylkeskommunen gjev tilsegn om inntil 10 mill. kr i tilskot til Hardanger rehabiliteringssenter i Ulvik. Det er ein føresetnad for tilskotet at det vert teke avgjerd om bygging av senteret i løpet av 2008, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak. Fylkeskommunen sitt tilskot vil verta gjeven i 2009 og 2010, med tildelinga fordelt i høve til disponible rammer desse åra. Det er midlar frå fylkeskommunen sine konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingsprosjektet som skal finansiera tilskotet.
Det er Ulvik herad saman med Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) som står for planen om å byggja Hardanger Rehabiliteringssenter med 80 behandlingsplassar i Ulvik. Målet er å levera helsetenester med høg kvalitet for å betre funksjon og livskvalitet hos dei som får opphald ved senteret. Senteret vil bidra til å redusera underdekkinga av rehabiliteringsplassar i spesialisthelsetenesta. Dersom prosjektet vert realisert, vil det bidra til ei positiv utvikling for store delar av det indre Hordaland. Prosjektet vil kunne gje mange arbeidsplassar i eit område som sliter med stagnasjon, og vil samstundes også gje positive ringverknader i et større område, heiter det i saksutgreiinga. Det er grunn til å tru at fylkeskommunen må bidra dersom prosjektet skal realiserast. Fylkesrådmannen påpeikar at prosjektet nærmar seg tidspunktet for avgjerd om det skal realiserast, og har på denne bakgrunn rådd til at det vert gjeve tilsegn om å støtta prosjektet med 10 mill kr. i 2010, eventuelt i 2009 dersom rammene til ordninga vert auka. Dersom prosjektet ikkje vert realisert, vil tilsegna bli trekt attende og bli omfordelt i neste runde. Prosjekt på vent Vaksdal kommune sin søknad om tilskot til fleirbrukshall frå dei fylkeskommunane utviklingsmidlane, vert sett på vent. Fylkesutvalet seier i samband med tildelinga for 2008-09 at ein vil koma attende til søknaden når plane for hallen er meir avklarte, tidlegast i 2009. Hallen er kostnadsrekna til 42,6 mill. kr og det er søkt om 2 mill. kr i fylkestilskot. Også eventuelt nytt tilskot til Folgefonna nasjonalpark- og informasjonssenter, som fekk 2,5 mill. kr i 2007, vil ein koma attende til når den statlege deltaking og dermed det endelege senterkonseptet er avklart, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak. Handsaminga i fylkesutvalet Arbeidarpartiet røysta primært for å gje tilsegn om 5 mill. kr til Hardanger rehabiliteringssenter og 5 mill. kr til Vestnorsk Utvandringssenter. Då dette forslaget fall, støtta Ap forslaget om 10 mill. kr til Hardanger rehabiliteringssenter som dermed vart samrøystes. Ap støtta også subsidiært H, Krf og Frp sitt forslag om å yta 2 mill. kr i tilskot til Vestnorsk Utvandringssenter, som dermed vart samrøystes. SV fremja eig forslag som hadde ei litt anna fordeling enn den som vart vedteken. Dette forslaget fekk berre SV si røyst, og SV støtta subsidiært den vedtekne fordelinga som dermed var samrøystes. Terje Søviknes sa seg ugild og deltok ikkje i handsaminga av saka om fordeling av utviklingsmidlane.
Fylkeskommunen løyver 1,35 mill. kr til lokalsamfunnsutvikling Åtte kommunar i Hordaland får i alt 1,35 mill. kr i tilskot frå fylkeskommunen til lokalsamfunnsutvikling i 2008. Tilskota varierer frå 100 000 kr til 300 000 kr. Masfjorden kommunen får det største tilskot med 300 000 kr til lokalutvikling på Sandnes, Matre og Hosteland. Dei andre kommunane som får tilskot: Askøy kommune Kartlegging av Herdla/ ny kommunedelplan for Herdla kr 100.000,- Austevoll kommune Lokalutvikling Storebø/ trivsels- og forskjønningstiltak kr 160.000,- Etne kommune Tilskot småsamfunnssatsinga og bulystprosjekt for Etne kr 190.000,- Jondal kommune Tilskot til vidareføringa innan småsamfunnssatsinga kr 200.000,- Kvinnherad kommune Analyse og planarbeid Husnes kr 100.000,- Meland kommune Trivselstiltak for lokalbefolkning/tilrettelegging næring Kårbø kr 150.000,- Odda kommune Samordning/utvikling reiselivslag og marknad i Røldal kr 150.000,- Overordna målsetting for programmet er å fremja attraktive og livskraftige lokalsamfunn for innbyggjarar og næringslivet lokalt på ein slik måte at det også kjem den regionale utviklinga til gode. Forutan analysar, utgreiingar og handlingsplanar vert det særskilt viktig å leggja vekt på konkrete tiltak. Her kan også mindre investeringar inngå som del av prosjektgjennomføringa.