Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval MULTEK-utvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30

Like dokumenter
Saksnr. Utval Møtedato 120/17 Formannskapet Årsbudsjettet for utlegging til offenleg gjennomsyn

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Anniken Rygg H Roar Henden H

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Eldrerådet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 13:00

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad På Søreide Dato Tid Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Kommunestyret Møtestad Sandane kyrkje (Arbeidskyrkja) Dato Tid Kl. 09:00-15:55

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Gloppen opplæringssenter Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:00. Følgjande medlemar møtte

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 14:00-17:10. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-15:00

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Sigrunn Lundestad Arnfinn Ommedal Kristin Sandal Arnfinn Brekke

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Skarsteinsbygget på Sandane/På Søreide Dato Tid Kl.

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Magni Aa Berge SP Hege Lothe SV

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Grandane, møterommet i 2. etasje Dato Tid Kl. 09:00-12:15

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Solveig Lien Gusdal Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-11:00

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fitjar kommune Møteprotokoll

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Møteprotokoll for Formannskapet

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Møteprotokoll for Formannskapet

Saksnr. utval Utval Møtedato 040/18 Rådet for eldre og menneske med nedsett

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT

Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.no. Gloppen kommune 10.

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

ETNE KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Måndag 21. november 2016 blei det halde møte i Etne kontrollutval under leiing av utvalsleiar Ståle Tungesvik.

2 av 6 disponering av midlane kommunen får tildelt gjennom ordninga med Den kulturelle spaserstokken, og utvalet krev å bli tatt med i drøftingar når

2 av 10 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad Formannskapssal AUST Dato Tid Kl. 12:15-13:40

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

Offentleg møteprotokoll

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

MØTEPROTOKOLL. Ivar Kvalen, Marit Aakre Tennø, Marianne Bugge, Geir Paulsen, Geir Arve Sandvik, Arne Johannessen, Elin Hauge.

SELJE KOMMUNE Råd for eldre og funksjonshemma. Møtebok

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Eldrerådet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 13:00-14:30. Følgjande medlemar møtte. Arnfinn Jørgen Brekke

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

Transkript:

Gloppen kommune Utval MULTEK-utvalet Møtestad På Søreide Dato 23.11.2017 Tid Kl. 09:00-11:30 Møtebok Følgjande medlemar møtte Arnar Hans Kvernevik Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Edgar Roald Kvernevik Mariel Eikeset Koren Frå AP KRF SP SD MDG Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Solveig Lien Gusdal SP Karoline Bjerkeset SP Jan Asle Rustøen H Dagfinn Kaspar Nyhammer H Andre som møtte Beate Kornberg, rådgjevar i sak 95/17 Jan-Kjetil Øygard, kultursjef Kjell Petter Solhaug, teknisk sjef Møteleiar: Arnar Hans Kvernevik Underskrift: Arnar Kvernevik Sakliste Sak nr. Sakstittel 092/17 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste 093/17 Referat og orienteringssaker 094/17 Kulturmidlar 2017 - kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar 095/17 Kommuneplan for Gloppen 2018-2030 - samfunnsdelen 096/17 Vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2018 097/17 Årsbudsjettet for 2018

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/14472 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 092/17 MULTEK-utvalet 23.11.2017 Godkjenning av møteprotokoll, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 16.11.2017 Protokoll - MULTEK-utvalet - 16.11.2017 Utvalsleiar si tilråding: 1. MULTEK-utvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 16. november 2017 2. MULTEK-utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. november 2017. Møteprotokollen frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. MULTEK-utvalet 23.11.2017 092/17 Vedtak 1. MULTEK-utvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 16. november 2017 2. MULTEK-utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. november 2017. Side 2

Gloppen kommune Arkiv: FE - 033 JournalpostID: 17/14476 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 093/17 MULTEK-utvalet 23.11.2017 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Orienteringssaker: Ordet fritt... MULTEK-utvalet 23.11.2017 093/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 3

Gloppen kommune Arkiv: FE - 223, HIST - 16/171 JournalpostID: 17/13296 Saksbehandlar: Kjersti Rønningen Saksnr. Utval Møtedato 094/17 MULTEK-utvalet 23.11.2017 003/17 Ungdomsrådet 09.11.2017 Kulturmidlar 2017 - kommunalt driftstilskot til lag og organisasjonar Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet vedtek slik fordeling av kulturmidlar til Andre kulturaktivitetar/grendahus, teneste 38500: Andre kulturakt./grendahus (56 000) Nesstranda ungdomshus 3000 Byrkjelo ungdomslag/breidarheim 3000 Hyen samfunnshus 4000 Runnevang BA 3000 Årdal grendehus 4000 Kandal grendehus 3000 Myklebust grendehus 3000 Sandal krins / Grendahus 3000 Eimhjellen grendalag/grendahus 3000 Indre Gloppen grendalag/ryssdalen 2000 Sandane Normisjon/bedehuset 3000 Ytre Kandalstøylen Ysteri 3000 Sandane notlag/notabua 5000 Gloppebua 4000 Føleide m.m grunneigarlag/ryssfjøra 2000 Stiftinga Karnilstunet 5000 Mardal skule/grendahus 3000 Sum 56000 Andre kulturaktivitetar ( 49 000 ) Gloppen jeger og fisk 4000 Gloppen dansarlag 3000 Gloppen seniordans 4000 Gloppen pensjonistlag 4000 Gloppen Frivillegsentral 4000 Gloppen Røde Kors omsorg 5000 Hyen Røde Kors 3000 Gloppen Helselag 1000 NFU Gloppen 3000 Nordfjordbåtlaget 6000 Midte Nordfjord fjordhestlag 3000 Hageselskapet Gloppen 1000 Vereide utviklingslag 2000 Kandal utviklingslag 2000 Side 4

Gloppen bygdekvinnelag 3000 Nesjane bygdekvinnelag 1000 Sum 49 000 MULTEK-utvalet vedtek tilråding frå ungdomsrådet, i høve fordeling av kulturmidlar til barne- og ungdomsaktivitetar. Lag og organisasjonar som mottek kulturmidlar må akseptere ordninga med følgjekort for funksjonshemma, og dei vert oppmoda om å inkludere personar med ulik kulturell bakgrunn i aktivitetane sine. Saksutgreiing Bakgrunn for saka MULTEK-utvalet vedtok i møte 6.april, sak 017/17 ramme for tildeling av kulturmidlar med følgjande fordeling: Teneste 23100 Akt. Tilbod barn og unge Kr 55.000 Teneste 38500 Andre kulturaktivitetar Kr 55.000 Teneste 38500 Andre kulturaktivitetar/grendahus Kr 50.000 Det vart også vedteke at ungdomsrådet får høve til å kome med tilråding for bruk av midlane under teneste 23.100 Fakta i saka Søknadar frå lag og organisasjonar fordeler seg slik for 2017: Barne og ungdomsorganisasjonar 11 Grendahus 11 Andre forsamlingslokale/kulturarenaer 7 Div. lag og organisasjonar 18 Økonomiske konsekvensar for kommunen Kulturmidlane ligg inne i det budsjettet som MULTEK-utvalet har fått til disposisjon frå kommunestyret. Rådmannen si vurdering Rådmannen sitt framlegg til fordeling følgjer mønsteret frå tidlegare tildelingar. I botnen ligg føringar frå MULTEK-utvalet, om at «lag og organisasjonar som er aktive, og som arbeider spesielt i forhold til barn og ungdom, funksjonshemma og eldre, og som gjer ein spesiell innsats for å inkludere framandkulturelle i sine aktivitetar», skal prioriterast. (MULTEK-utvalet, 017/17 ) Det er også lagt ei viss vekt på kor stort laget er, kor mange medlemar det har, og kor stor aktiviteten i laget ser ut til å vere. Rådmannen vil dermed meine at framlegget til fordeling er i tråd med gjeldande vedtak og tidlegare praksis. Mange av søknadane er mangelfulle, både m.o.t. omtale av laget sine generelle aktivitetar, og av tiltak i høve spesielle målgrupper. Rådmannen ber difor om betre skildring av aktivitetane i laget for framtidige søknadar. Det er komt inn færre søknadar dette året under tenesta Andre kulturaktivitetar, og rådmannen foreslår difor å prioritere opp midlane til lokale grendahus. Fjæra Bluesklubb har fått tildelt midlar via festivalstøtteordninga, og rådmannen finn det ikkje Side 5

naturleg at organisasjonen får støtte også i denne tildelinga. Breim bedehus er seld til privatpersonar, og rådmannen vel derfor å ikkje imøtekome søknaden. «Kattjammer» er ein organisasjon under etablering, som ønskjer å ta seg av heimlause kattar. Rådmannen meiner at tiltaket har lite med kultur å gjere, og avslår søknaden. Gloppen ungdomsråd har dei seinare åra kome med tilråding til fordeling av kulturmidlar til barne- og ungdomsaktivitetar. Dette er ei fin oppgåve for ungdomsrådet, og rådmannen støttar opp om deira tilråding. Som vi nok har sagt før, så vert tildelinga av midlar nærast av symbolsk karakter. Summane for tildeling har vore uendra i mange år, medan pengeverdien går ned. Midlane som vert tildelte betyr nok difor lite i rekneskapen til dei fleste laga. Men verkar kulturmidlane inspirerande og motiverande, har dei likevel ein verdi ut over dei få kronene som vert fordelte. Ungdomsrådet 09.11.2017 Ungdomsrådet har tatt utgangspunkt i aktivitetsnivå og tal medlemmer. Som rådmannen, peikar også dei på at mange av søknadane er mangelfulle. Dei ønskjer meir utfyllande søknader, for å få oversikt over aktiviteten og for å kunne ivareta dei prioriterte gruppene. UNG- 003/17 Vedtak Tilråding frå ungdomsrådet, i høve fordeling av kulturmidlar til barne- og ungdomsaktivitetar.: Barne og ungdomsaktivitetar (55.000) Joy Sing Sandane 4000 Sandane søndagsskule 3000 Fellesskapskyrkja sønagsskule 2000 Sion Ungdomsarbeid 2000 Hestenesøyra søndagsskule 2000 Ope hus, Sandane 7000 Snøklokka 4H 7000 Hauk 4h 7000 Sandane KFUK/M speider 7000 Hyen speider 7000 Vereide Paintball 7000 55000 MULTEK-utvalet 23.11.2017 Karoline Bjerkeset stilte spørsmål om sin habilitet sidan ho er med i styret i Stiftinga Karnilstunet. MULTEK-utvalet vedtok samrøystes at ho ikkje er inhabil. Framlegg frå Dagfinn Nyhammer (H): Tilskotet til Årdal grendahus blir redusert med kr 1.000 og tilskotet til Indre Gloppen grendalag/ryssdalen blir auka tilsvarande. Side 6

Framlegget fekk tre røyster og fall. 094/17 Vedtak MULTEK-utvalet vedtek slik fordeling av kulturmidlar til Andre kulturaktivitetar/grendahus, teneste 38500: Andre kulturakt./grendahus (56 000) Nesstranda ungdomshus 3000 Byrkjelo ungdomslag/breidarheim 3000 Hyen samfunnshus 4000 Runnevang BA 3000 Årdal grendehus 4000 Kandal grendehus 3000 Myklebust grendehus 3000 Sandal krins / Grendahus 3000 Eimhjellen grendalag/grendahus 3000 Indre Gloppen grendalag/ryssdalen 2000 Sandane Normisjon/bedehuset 3000 Ytre Kandalstøylen Ysteri 3000 Sandane notlag/notabua 5000 Gloppebua 4000 Føleide m.m grunneigarlag/ryssfjøra 2000 Stiftinga Karnilstunet 5000 Mardal skule/grendahus 3000 Sum 56000 Andre kulturaktivitetar ( 49 000 ) Gloppen jeger og fisk 4000 Gloppen dansarlag 3000 Gloppen seniordans 4000 Gloppen pensjonistlag 4000 Gloppen Frivillegsentral 4000 Gloppen Røde Kors omsorg 5000 Hyen Røde Kors 3000 Gloppen Helselag 1000 NFU Gloppen 3000 Nordfjordbåtlaget 6000 Midte Nordfjord fjordhestlag 3000 Hageselskapet Gloppen 1000 Vereide utviklingslag 2000 Kandal utviklingslag 2000 Gloppen bygdekvinnelag 3000 Nesjane bygdekvinnelag 1000 Sum 49 000 MULTEK-utvalet vedtek tilråding frå ungdomsrådet, i høve fordeling av kulturmidlar til barne- og ungdomsaktivitetar. Lag og organisasjonar som mottek kulturmidlar må akseptere ordninga med følgjekort for funksjonshemma, og dei vert oppmoda om å inkludere personar med ulik kulturell bakgrunn i aktivitetane sine. Side 7

Side 8

Gloppen kommune Arkiv: FE - 140, HIST - 16/1159 JournalpostID: 17/13852 Saksbehandlar: Beate Kornberg Saksnr. Utval Møtedato 022/17 Eldrerådet 20.11.2017 031/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 20.11.2017 044/17 Helse- og omsorgsutvalet 22.11.2017 041/17 Oppvekstutvalet 22.11.2017 095/17 MULTEK-utvalet 23.11.2017 Formannskapet Ungdomsrådet Kommunestyret 018/17 Administrasjonsutvalet 30.11.2017 Kommuneplan for Gloppen 2018-2030 - samfunnsdelen Vedlegg i saka: 02.11.2017 Fråsegn til høyring av forslag til samfunnsdelen til kommuneplanen 2018-2030 25.10.2017 Uttale - Kommuneplan for Gloppen 2018-2030 - Samfunnsdelen 18.10.2017 Uttale - Kommuneplan for Gloppen kommune 2017-2030 - Samfunnsdelen 13.11.2017 Kommuneplan for Gloppen 2018-2030 - Samfunnsdelen - til sluttbehandling 13.11.2017 Innspel til kommuneplan for Gloppen 2018-2030 - Samfunnsdelen Rådmannen si tilråding Kommunestyret vedtek samfunnsdelen av kommuneplan for Gloppen 2018 2030. Saksutgreiing Bakgrunn for saka I «Kommunal planstrategi 2016 2020 for Gloppen kommune», vedtok kommunestyret å starte arbeidet med ny samfunnsdel i kommuneplanen. Formannskapet la 18. september 2017 rådmannen sitt utkast til ny samfunnsdel ut på høyring i 6 veker, med høyringsfrist 1. november 2017. For å sikre eit størst mogleg politisk eigarskap til føringane i planen er det lagt opp til politisk handsaming i alle råd og utval i løpet av november, før den vert sluttbehandla i formannskapet 27. november og kommunestyret 18. desember 2017. Fakta i saka Det har i høyringsperioden kome inn fire høyringssvar frå offentlege instansar Vegvesenet, fylkeskommunen, fylkesmannen og Fiskeridirektoratet. Høyringssvara er vedlagt i sin heilskap. Statens vegvesen påpeikar at samfunnsdelen har mange gode satsingsområde i forhold til trafikktryggleik og transportfunksjon på vegnettet. Fylkeskommunen tilrår følgjande: i større grad tydeleggjere samanhengen mellom mål og strategiar at samfunnsdelen får ein tydelegare handlingsdel, som definerer konkrete tiltak for å sikre at satsingane vert gjennomførte å konkretisere føringane for arealdelen meir, slik at satsingane i samfunnsdelen legg Side 9

tydlegare politiske føringar for arealdelen. I tillegg inneheld høyringsuttala både generelle og konkrete innspel frå ulike fagavdelinger i fylkeskommunen. Innspela er vurdert, og delvis innarbeida i vedlagt plan. Fylkesmannen har følgjande fråsegn: Forma på samfunnsdelen fungerer, dersom målsettingane er resultat av dokumenterte og erfarte behov. Planen er lite konkret når det gjeld utbyggingsareal til ulike formål, både behovet for nye område og bruken av avsette område i gjeldande arealplan. Ser det som positivt av kommunen vil legge til rette for fortetting av bustadområde i nærleiken av barnehagar og skular. Dei rår vidare til at det ikkje skal leggast til rette for at nye, større bustadfelt utan at det vert stilt krav om opparbeiding av gang- og sykkelveg. Det er positiv at kommunen har prioritert samarbeid med det frivillige som målsetting og identitetsskapar gjennom heile dokumentet. Målsettinga om vern og gjenbruk av verdifulle jordressursar bør takast med vidare i arealdelen. I vedlagt plan er det gjort endringar i høve desse høyringsinnspela. Alle endringar er markert i raudt. Fiskereridirektoratet sin merknad kom inn 14 dagar etter høyringsfristen, og er først og fremst eit innspel til arealdelen. Merknaden deira gjev ikkje grunnlag for å endre noko i samfunnsdelen. Vedlagt plan er ei rein tekstutgåve. I novembermøta i råda, utvala, formannskapet og desembermøte i kommunestyret, vil det bli presentert ei utgåve med grafisk design og bilete som er under utarbeiding av lokalt firma. Dette vil vere med på å gjere samfunnsdelen meir lettlest for innbyggarane. Økonomiske konsekvensar for kommunen Planen legg føringar for kommunen sine prioriteringar i planperioden, som må innarbeidast i økonomiplan og årlege budsjettprioriteringar. Rådmannen si vurdering Endringane som er gjort i vedlagt plan er først og fremst kontretisering og utdjuping av punkt som var med i høyringsutgåva. Rådmannen vurderer derfor at det ikkje er naudsynt med ei ny høyringsrunde. Rådmannen registrerer at det ikkje er kome høyringsuttaler frå lokalt hald, verken frå næringslivet, utviklingslag i kommunen eller frivillege lag og organisasjonar. Dette vel vi å sjå i samanheng med at det i forkant av utarbeiding av planen har vore gjennomført ein brei medverknadsprosess både ute i lokalsamfunna våre, internt i leiarforum og i planverkstad med representantar frå næringslivet og eit utvida formannskap. I tillegg har ei arbeidsgruppe med representantar frå planforum, politikarane, næringslivet og frivillege lag og organisasjonar vore med å jobbe fram kommunen sin posisjon og bidratt sterkt til utforming av planen. Eldrerådet 20.11.2017 ELD- 022/17 Vedtak Eldrerådet tek saka til orientering. Side 10

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 20.11.2017 RAD- 031/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne ser positivt på at det er stort fokus på inkludering i planen, både i framtidsbilete og i dei konkrete punkta under strategiane. Rådet rår kommunestyret til å vedta planen. Helse- og omsorgsutvalet 22.11.2017 Rådgjevar Beate O. Kornberg vart til stades under behandling av saka. Framlegg frå Olaf Sig. Gundersen (Sp): Endringsframlegg til pkt 3.3.1. Pkt a) første setning, skal lyde slik: Legge til rette for bruk av ny kommunikasjonsteknologi og ligge i forkant av den digitale utviklinga i etablering og utvikling av arbeidsplassar. Framlegget vart samrøystes vedteke. Framlegg frå Per Ståle Husevåg (Krf): Tillegg til pkt 3.2 Familien er grunncella i samfunnet vårt og plass for dei nære relasjonar. Tillegg til pkt 3.2.1 Skape lokalsamfunn som styrkar familien og tek omsyn til familien sine behov. Tillegg til pkt 3.3.2 m) Kommunen skal ha ein offensiv bustadpolitikk og til ei kvar tid ligge i forkant med bustadtilbod i heile kommunen. Framlegga vart vart samrøystes vedtekne. HOU- 044/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet tilrår framlegget til samfunnsdel av kommuneplanen med desse tillegga: Tillegg til pkt 3.2 Familien er grunncella i samfunnet vårt og plass for dei nære relasjonar. Tillegg til pkt 3.2.1 Skape lokalsamfunn som styrkar familien og tek omsyn til familien sine behov. Side 11

Endringsframlegg til pkt 3.3.1. Pkt a) første setning, skal lyde slik: Legge til rette for bruk av ny kommunikasjonsteknologi og ligge i forkant av den digitale utviklinga i etablering og utvikling av arbeidsplassar. Tillegg til pkt 3.3.2 m) Kommunen skal ha ein offensiv bustadpolitikk og til ei kvar tid ligge i forkant med bustadtilbod i heile kommunen. Oppvekstutvalet 22.11.2017 Rådgjevar Beate O. Kornberg var til stades under behandlinga av saka. Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Tillegg til pkt 3.2 Familien er grunncella i samfunnet vårt og plass for dei nære relasjonar. Tillegg til pkt 3.2.1 Skape lokalsamfunn som styrkar familien og tek omsyn til familien sine behov. Tillegg til pkt 3.3.2 m) Kommunen skal ha ein offensiv bustadpolitikk og til ei kvar tid ligge i forkant med bustadtilbod i heile kommunen. Framlegg frå Bernt Reed (Sp): Pkt 3.3.1, bokstav m, siste setning skal lyde: Målet med prosjektet er auka kunnskap om klima og klimasmart matproduksjon hos komande generasjonar. OPP- 041/17 Vedtak Oppvekstutvalet tilrår framlegget til samfunnsdel av kommuneplanen med desse tillegga: Tillegg til pkt 3.2 Familien er grunncella i samfunnet vårt og plass for dei nære relasjonar. Tillegg til pkt 3.2.1 Skape lokalsamfunn som styrkar familien og tek omsyn til familien sine behov. Pkt 3.3.1, bokstav m, siste setning skal lyde: Målet med prosjektet er auka kunnskap om klima og klimasmart matproduksjon hos komande generasjonar. Tillegg til pkt 3.3.2 m) Kommunen skal ha ein offensiv bustadpolitikk og til ei kvar tid ligge i forkant med bustadtilbod i heile kommunen. Side 12

MULTEK-utvalet 23.11.2017 tilleggssetning, framlegg frå Audun Mundal, Kristeleg Folkeparti tilleggssetning: 3.2: familien er grunnstamma i samfunnet vårt og plass for dei nære relasjonar. 3.2.1 Skape lokalsamfunn som styrkjer familien og tek omsyn til familien sine behov. Det vart ikkje røysta over framlegget frå Audun Mundal. 095/17 Vedtak MULTEK-utvalet tar saka til orientering. Side 13

Gloppen kommune Arkiv: FE - 231, HIST - 15/139 JournalpostID: 17/14435 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 046/17 Helse- og omsorgsutvalet 22.11.2017 045/17 Oppvekstutvalet 22.11.2017 096/17 MULTEK-utvalet 23.11.2017 Formannskapet Vedtak om gebyr og betalingssatsar for 2018 Vedlegg i saka: 16.11.2017 Gebyr og betalingssatsar for 2018 15.11.2017 Sak 25-17 Renovasjonsgebyr 2018 6,5 prosent 16.11.2017 Gebyr for tenester etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonar 16.11.2017 Gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova og eigarseksjoneringslova Rådmannen si tilråding Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2018 ut til offentleg gjennomsyn fram til 12. desember 2018. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Som ein del av budsjettet for 2018 legg rådmannen fram forslag til gebyr og betalingssatsar i 2018. Fakta i saka I rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 er det lagt til grunn ein lønnsauke frå 2017 på om lag 3 % Dei fleste av betalingsområda i kommunen er lønnstunge. Det betyr at utgiftsveksten i all hovudsak vil følgje lønnsveksten. Dette ligg også til grunn for rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar. VAR-områda (Vatn, Avløp og Renovasjon) skal gå i balanse, altså skal brukarane betale det desse områda kostar. Husleigesatsane er auka i samsvar med auken i konsumprisindeksen frå september 2016 til september 2016. Dette gje ein auke på 1,6 %. I fjor gav tilsvarande indeksar ein husleigeauke på 3,6 % (september 2016 september 2017). Renovasjonsgebyret er i framlegget frå styret i Nordfjord Miljøverk auka med 6,5 % på grunn av auka kostnader utover rein lønns- og prisvekst. Frå 1. mars 2018 tek NoMil over slamtømminga i Gloppen. Dette vil gje endringar i gebyra for slam. Eiga sak om dette blir lagt fram tidleg i 2018. Fellesrådet i Gloppen ber om at avgifta for gravfeste blir auka frå 100,- til kr 150,- per år. Dette er med i gebyrheftet. I kap 3.2 under avsnittet om «Middag, tørrmat og opphald på dagsenter» er tidlegare «Råvarepris» på middag m/dessert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova for dei med inntekt under 2G endra til «Sjølvkostpris». Prisen er auka med 20 kroner i tillegg til det generelle påslaget. Desse 20 kronene dekkjer i tillegg til at prisen på matvarer har auka meir enn gjennomsnittleg prisvekst også embalasje, utstyr og straum, men ikkje arbeidet med å lage maten til. Side 14

Det er ikkje nye gebyr- og betalingsområde i 2017, men framlegget frå fellesrådet om å auke avgifta for gravfeste er altså teke med i regulativet. Reguleringsdato for alle endringar er 1. januar 2018. Økonomiske konsekvensar for kommunen Betalingssatsane er ein viktig del av kommunen sine inntekter, og avgjerande for å halde oppe tenestene på fleire område. I tillegg er kommunen pålagt å krevje inn dekking av utgiftene på avgiftsområda (kap 3.1 i regulativet). Rådmannen si vurdering Rådmannen håpar det vedlagde regulativet er oversiktleg og opplysande, og legg derfor ikkje opp til å kommentere framlegget særskilt. To forhold må likevel omtalast:: 1. Effekten av å endre «råkost» til «sjølvkost» på middagsserveringa gjev kommunen ei årleg meirinntekt på om lag 220.000. Denne meirinntekta er ikkje lagt inn i rådmannen sitt budsjettframlegg. 2. Rådmannen har fått spørsmål om kor mykje 1 % ekstra i påplussing på betalingsområda vil utgjere i meirinntekter samla. Det er ikkje råd å seie dette nøyaktig. I budsjettframlegget ligg det inne om lag 68,6 mill på alle betalingsområde. Trekkjer vi frå dei områda der betalingssatsane på ein eller annan måte er regulerte (VAR-områda, husleigene, barnehagesatsane og brukarbetalinga på helse og omsorg) kjem beløpet ned i om lag 18,7 mill. 1 % blir då knapt 200.000,-. Helse- og omsorgsutvalet 22.11.2017 HOU- 046/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet er samd i tilrådinga. Oppvekstutvalet 22.11.2017 OPP- 045/17 Vedtak Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga. MULTEK-utvalet 23.11.2017 Tillegg til vedtaket, framlegg frå Mariel Eikeset Koren, Miljøpartiet dei Grøne Formannskapet legg rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2018 ut til offentleg Side 15

gjennomsyn fram til 12. desember 2018. MULTEK-utvalet bed samstundes om at det vert utgreidd for parkeringsavgift i Sandane sentrum, og at dette vert teke med som ein del av rådmannen sitt framlegg til gebyr og betalingssatsar for 2019. Auke i renovasjonsgebyret 2018, framlegg frå Kent Øystein Hjelle, Senterpartiet Multek-utvalet registrerar at NOMIL legg opp til ei auke i renovasjonsgebyret for 2018 som ligg vesentleg over forventa lønns og prisvekst, dette var og tilfelle for 2017. Multek ynsjer derfor at Gloppen kommune signaliserer ei forventning til Nomil om at auken i renovasjonsgebyret for 2019 ikkje blir så stor. Framlegg frå Dagfnn Nyhammer (H): Til pkt 3.2 Utleige av Trivselshagen, bruk av hallane og klatreveggen: Leiga for heil hall (storhall) blir redusert til kr 6.345,- per dag (3 x enkelthall) Framlegget fekk tre røyster og fall. Det vart ikkje røysta over framlegget frå Mariel Eikeset Koren. Framlegget frå Kent Øystein Hjelle vart samrøystes vedteke. 096/17 Vedtak MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga, med slikt tillegg: MULLTEK-utvalet registrerer at NoMil legg opp til ein auke i renovasjonsgebyret for 2018 som ligg vesentleg over forventa lønns- og prisvekst, dette var òg tilfelle for 2017. MULTEK-utvalet ynskjer derfor at Gloppen kommune signaliserer ei forventning til NoMil om at auken i renovasjonsgebyret for 2019 ikkje blir så stor. Side 16

Gloppen kommune Arkiv: FE - 151, HIST - 16/971 JournalpostID: 17/14121 Saksbehandlar: Saksnr. Utval Møtedato 038/17 Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 036/17 Oppvekstutvalet 15.11.2017 091/17 MULTEK-utvalet 16.11.2017 028/17 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 20.11.2017 019/17 Eldrerådet 20.11.2017 109/17 Formannskapet 20.11.2017 047/17 Helse- og omsorgsutvalet 22.11.2017 046/17 Oppvekstutvalet 22.11.2017 097/17 MULTEK-utvalet 23.11.2017 Formannskapet Årsbudsjettet for 2018 Vedlegg i saka: 11.11.2017 Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 Rådmannen si tilråding Rådmannen kjem ikkje med tilråding i saka i denne fasen av budsjettarbeidet. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Rådmannen presenterte sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 for kommunestyret den 13. november i år. Det er formannskapet som kjem med framlegg til kommunestyret om årsbudsjett for neste år. Som vanleg er det lagt opp til at råda og hovudutvala kjem med uttale til budsjettframlegget før formannskapet gjer vedtak om utlegging til offentleg gjennomsyn. Saksutgreiing: Rådmannen skriv dette i samandraget i budsjettdokumentet: Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett for 2018 er balansert ved å bruke 7,9 millionar av disposisjonsfondet. Det er likevel ei klar målsetting at det ikkje skal vere nødvendig å bruke dette beløpet til neste år. Dette føreset at rådmannen med sine leiarar, i fellesskap med dei folkevalde, i løpet av vinteren tar ein totalgjennomgang av kommunen si drift. Målsettinga må vere i første omgang å balansere 2018-budsjettet utan å bruke disposisjonsfondet til ordinær drift, og i tillegg sjå på ytterlegare tiltak som kan gje rom for dei investeringane som no er utsette. Tiltaka som skal balansere 2018-budsjettet må vere klare før påske. Det er fleire årsaker til at rådmannen ikkje har greidd å legge fram eit framlegg til årsbudsjett utan å legge inn bruk av disposisjonsfondet: Tilskotet/refusjonen for mottak og busetting av flyktningar går vesentleg ned i høve til 2017, både som følgje av at flyktningane våre no har budd her så lenge at tilskotet tar slutt, Side 17

og som følgje av omlegginga av tilskotet til mindreårige asylsøkjarar. Vi har ikkje greidd å ta ned utgiftene så mykje som inntektsnedgangen på til saman 8,5 mill. tilseier. I 2017 kom det såkalla Myklebusttunet på Kleivedammen i drift. Føresetnaden som vart lagt til grunn både i budsjettet for 2017 og i sist vedtekne økonomiplan om drift av tilbodet har ikkje vore råd å gjennomføre. Drifta av det nye tilbodet kostar rundt 5 mill. i året. Vi har i ei årrekkje lagt alt for lavt tilskot til private barnehagar inn i budsjettet. I 2017 er feilbudsjetteringa rundt 6 mill. I framlegget for 2018 er dette korrekt budsjettert. Tenestene kommunane yter på oppvekstområdet og helse- og omsorgsområdet er i all hovudsak styrde av lovfesta rettar og sentrale reglar. Tilboda kan ikkje takast vekk eller reduserast med grunngjeving i manglande budsjettmidlar. Det er eit faktum at vi ikkje kan drive desse tenestene utan meir ressursar når talet på barn og elevar og behovet for kommunal omsorg aukar. Dette er hovudårsaka til at kommunebudsjetta landet rundt ikkje går i hop når løyvingane ikkje aukar meir enn lønns- og prisveksten og knapt nok det. Tiltak og forutsetningar i rådmannen sitt framlegg I budsjettframlegget er det gjort tiltak og lagt inn fleire forutsetningar for å kome ned på den bruken av disposisjonsfondet som ligg no inne: Skatteveksten ut over det budsjetterte i 2017 (på 5,5 mill. per oktober) er vidareført til 2018 Tilbodet og tiltaka til tidlegare mottekne flyktningar er redusert noko, men ikkje så mykje som inntektsnedgangen tilseier Det er budsjettert optimistisk for lønnsveksten i 2018. 2 % auke er lagt inn frå 1. mai Lønnskostnadene til nokre tilsette som jobbar mykje med prosjekt er ført på prosjekta. Samanlikna med 2017 er dette auka med 1,5 mill. Styret i Trivselshagen har lagt inn ein kraftig auke i husleiga i høve til 2017. For kommunen utgjer auken 1,3 mill. Berre auke for lønns- og prisvekst er lagt inn. Det betyr at styret for Trivselshagen må ta igjen sitt budsjett På grunn av seinare framdrift på nokre av investeringsprosjekta er det lagt inn seinare låneopptak og 1 mill. mindre i avdrag Det er budsjettert optimist på utbytte og på sal av konsesjonskraft Auken i eigedomsskatten på bustader og fritidseigedomar er lagt inn som forutsett i økonomiplanen. Utover dette er 2018-budsjettet i all hovudsak ei vidareføring av drifta frå 2. halvår 2017. Mottak av flyktningar Det er lagt til grunn at vi tar imot 15 nye flyktningar i 2018 slik staten har bede om. To av desse er mindreårige asylsøkjarar. I tillegg til dette kan kome familie til flyktningar som alt er busette her. Dette er ikkje lagt inn i budsjettet, verken på inntekts- eller utgiftssida. Gjennomgangen som Gloppen kommune har vore med på som ein del av berekningsutvalet sitt arbeid med å kartlegge kommunane sine inntekter og kostnader med mottak og busetting av flyktningar, viser at vi går om lag i balanse så lenge staten betalar tilskot. Med god intergering og sysselsetting bør vi då ikkje har ekstrautgifter på mottak av flyktningar. Vi er ikkje der i 2018- budsjettet, men målsettinga må vere å kome dit i den gjennomgangen som rådmannen varsla innleiingsvis. Nye stillingar I budsjettet for 2017 la vi for første gong inn ei oversikt over kor mange årsverk som ligg i budsjettframlegget og samanlikna dette med talet på årsverk i budsjettet frå året før. I årets budsjett ligg det vel 497 årsverk. Tilsvarande for 2017-budsjettet var vel 486 årsverk. Auken er altså nesten 11 årsverk. Mesteparten av dette er i helse og omsorg. Side 18

I kap. 6 er endringane i årsverk kommentert og forklart. Auken i årsverk har i stor grad skjedd i løpet av budsjettåret 2017. Investeringsbudsjettet Sjølv om rådmannen gjer framlegg om å utsette rehabiliteringa av skuleanlegget i Hyen og bygginga av nytt omsorgsbygg, kjem framlegget til investeringsbudsjett for 2018 på nesten 116 mill. Oppsummert ser framlegget slik ut: Sum Finansiering investering Momskomp. Tilskot/ref. Fond Gamle lån Nye lån Sum finansiering Bustader og 18.000-400 -11.500 3.280-380 -9.000-18.000 bustadfelt VAR-området 31.300 - -31.300 31.300 Andre investeringar 66.500-12.600-1.700 - -5.640 - -67.000 1.500 45.060 SUM 115.800-13.000-13.200 1.780-6.020-85.360 115.800 Samla låneopptak er 85,4 mill. Av dette beløpet er vel 25 millionar investeringar som ikkje gjev inntekter som dekkjer renter og avdrag. Dei største prosjekta er i 2018: Prosjekt Budsjettert Beløp i Merknad kostnad 2018 Nytt industribygg 26 mill 26 mill Leigeinntektene skal dekke alle utgiftene Renseanlegget på 27,4 mill 23,4 mill Gebyret skal dekke alle utgiftene Byrkjelo Heradshuset 27,8 mill 14 mill Forsikringa dekkjer 40% av totalsummen (27,8 mill) Ombygging av dagsenteret 12,5 mill 9,2 mill Gjev husleige for 4 nye husvære Oppdatert kostnadsoverslag for nytt omsorgsbygg er i underkant av 81,3 mill. Vi har ikkje oppdaterte tal for skuleanlegget i Hyen. I økonomiplanen er kostnaden lagt inn med knapt 53,8 mill. Helse- og omsorgsutvalet 15.11.2017 Saka vart drøfta. HOU- 038/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Oppvekstutvalet 15.11.2017 OPP- 036/17 Vedtak Oppvekstutvalet tek saka til orientering. Side 19

MULTEK-utvalet 16.11.2017 Saka vart drøfta. KULT- 091/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Formannskapet 20.11.2017 Gruppeleiarane i Høgre, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne var inviterte till å drøfte saka i finansutvalet. Dagfinn Nyhammer møtte for Høgre. Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne hadde forfall. Framlegg frå Magni Aa Berge på vegner av Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti: Arbeidet med Hyen skule skal leggast inn i budsjettet med oppstart i 2018 Formannskapet ber, på bakgrunn av det rådmannen skriv i årsbudsjettet 2018, styret i Trivselshagen IKS sjå på den varsla auken i husleige på nytt Formannskapet ber rådmannen arbeide vidare med innsparingar og kome med framlegg slik at budsjett for 2018 vert gjort opp med eit underskot på maksimalt kr 6,5 mill. ved endeleg vedtak på kommunestyremøte i desember Formannskapet legg til grunn at rådmann kjem attende innan utgongen av februar 2018 med eit budsjett som er gjort opp med 1,0 % i overskot, som vedteke i økonomiplan for 2018-2021 I prosess med å få klart budsjett for 2018 vert det innført full stillingsstopp. Administrasjonsutvalet skal haldast fortløpande orientert om stillingar som vert ledige og om desse eventuelt kan haldast vakante Til formannskapsmøte 13. desember skal rådmannen/etatsleiarar orientere formannskap og økonomiutval om den pågåande prosessen med årsbudsjett for 2018. Vidare legg formannskapet til grunn at rådmannen orienterer kommunestyret 18. desember om arbeidet, i samband med behandling av årsbudsjett for 2018. Framlegg frå Svein-Ottar Sandal (Krf): Vi legg til grunn at rådmannen legg fram ei sak, revidert budsjett 2018 som er i balanse. Til dette arbeidet kjem Krf med følgjande innspel: 1. Prosjektering av rehabilitering av Hyen skule/ idrett og nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revisjon budsjett 2018 har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle investeringsprosjekta med det siktemål å sjå på reduksjonar/ innsparingar 3. For 2018 vert det innført full stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett legge fram budsjettvirkningane av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast 4. Rådmannen skal fram til handsaminga av revidert budsjett gå gjennom inntektsidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr og betalingssatsane. Side 20

Det vart ikkje røysta over framlegga. FOR- 109/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 20.11.2017 RAD- 028/17 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne er opptekne av at utsette grupper blir skjerma i nedskjæringar og gebyrauke. Eldrerådet 20.11.2017 ELD- 019/17 Vedtak Eldrerådet tek saka til orientering. Eldrerådet føresett at framdriftplan for nytt omsorgsbygg vert oppretthalde. Helse- og omsorgsutvalet 22.11.2017 Rådmann Jan Kåre Fure var til stades under behandling av saka. Framlegg frå Arnfinn Brekke (Krf): Helse- og omsorgsutvalet legg til grunn at rådmannen legg fram ei sak, revidert budsjett 2018 som er i balanse. Til dette arbeidet kjem utvalet med følgjande innspel: 1. Prosjektering av rehabilitering av Hyen skule/ idrett og nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revisjon budsjett 2018 har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle investeringsprosjekta med det siktemål å sjå på reduksjonar/ innsparingar 3. For 2018 vert det innført full stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett legge fram budsjettvirkningane av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast 4. Rådmannen skal fram til handsaminga av revidert budsjett gå gjennom inntektsidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr og betalingssatsane 5. Rådmannen skal i samband med revidert budsjett legge fram eit forslag om å auke driftstilskotet til Firda fysikalsk-medisinsk senter i samsvar med alternativ 1 i budsjettdokumentet. Side 21

Pkt 1, 2, 3 vart samrøystes vedtekne. Pkt 4 og 5 vart vedtekne medleiaren si dobbeltrøyst. --- Utan at det vart røysta over det, sa utvalet at Vidar Sandal deltar i arbeidsgruppa som skal gå gjennom helse- og omsorsutvalet sitt budsjettområde saman med leiar og nestleiar viss arbeidsgruppa blir oppretta slik rådmannen skisserte i møtet. HOU- 047/17 Vedtak Helse- og omsorgsutvalet legg til grunn at rådmannen legg fram ei sak, revidert budsjett 2018 som er i balanse. Til dette arbeidet kjem utvalet med følgjande innspel: 1. Prosjektering av rehabilitering av Hyen skule/ idrett og nytt omsorgsbygg skal halde fram slik at ein ved revisjon budsjett 2018 har eit tilstrekkeleg beslutningsgrunnlag 2. Rådmannen blir beden om å gå gjennom alle investeringsprosjekta med det siktemål å sjå på reduksjonar/ innsparingar 3. For 2018 vert det innført full stillingsstopp. Rådmannen må i revidert budsjett legge fram budsjettvirkningane av eit slikt vedtak og korleis dette skal gjennomførast 4. Rådmannen skal fram til handsaminga av revidert budsjett gå gjennom inntektsidene i budsjettet og særleg vurdere auke i gebyr og betalingssatsane 5. Rådmannen skal i samband med revidert budsjett legge fram eit forslag om å auke driftstilskotet til Firda fysikalsk-medisinsk senter i samsvar med alternativ 1 i budsjettdokumentet. I tilfelle formannskapet legg ut budsjettet med redusert bruk av disposisjonsfondet vil helse- og omsorgsutvalet ha eit ekstramøte på budsjettet. Oppvekstutvalet 22.11.2017 Framlegg frå Hege Lothe (SV): Oppvekstutvalet ynskjer å halde fast på orninga med 2 timar ekstra i veka til minoritetsspråklege barn dei to første åra i barnehagen, også etter sommaren 2018. Det vart ikkje røysta over framlegget. OPP- 046/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. MULTEK-utvalet 23.11.2017 Rådmannen sitt notat etter leiarmøtet den 21. novmeber i år om arbeidsplan for gjennomgang av kommunen si drift vart delt ut. MULTEK-utvalet ønskjer slik deltaking i arbeidsgruppene: - I teknisk og landbruk: Arnar Kvernevik, Edgar Kvernevik og Solveig Lien Gusdal Side 22

- I kultur: Audun Mundal, Mariel Eikeset Koren, Kent Øystein Hjelle og Jan Asle Rustøen. 097/17 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 23