Journalisthandbok for elevar Tekst: Katrine Nybø, NRK Illustrasjon: Johan Sæther, NRK Foto: Mirjam Svendsen, NRK LITTERATURLISTE Allern, Sigurd og Roppen, Johann: (2010) Journalistikken samfunnsoppdrag. Kristiansand: IJ-Forlaget Handgaard, Brynjulf: (2008) Intervjuteknikk for journalister. Oslo: Gyldendal akademisk NRK Nynorsk Mediesenter Thorsen, Michael, Møller, Hans-Georg: (1992) TV-journalistikk. Århus: Forlaget AJOUR Wale, Thorbjørn: (1997)Innføring i Journalistikk. Fredrikstad: Institutt for Journalistikk Østlyngen, Turid, Øvrebø, Turid: (1998) Journalistikk. Oslo: Ad Notam Gyldendal Stortingets informasjonsteneste (2009): Fordeling av makt. http://www.stortinget.no/no/stortinget-og-demokratiet/storting-og-regjering/fordeling-av-makt/ (Henta: 04.12.2012)
INTRODUKSJON Dette heftet skal vere ei enkel og rask innføring i korleis ein kan gjere eit intervju med eller utan kamera. Det skal lære deg korleis du stiller spørsmål som gir utfyllande svar, kva ein må tenkje på før ein reiser ut og gjer intervju, og litt tips og triks undervegs i prosessen å lage ein reportasje med kamera. Etter at du har lest dette, kan du bruke det du har lært, og prøve deg som journalist. Når du har laga reportasjen ferdig, kan du laste den opp på NRK Skole sine nettsider og dele den med andre. Les meir om korleis på side 19. 3 4
KVA ER NRK SKOLE? INNHALD KVA ER DEN 4. STATSMAKT? 7 «Den fjerde statsmakt» 7 Domstolen: Dømmande makt 8 Regjeringa: Utøvande makt 8 Stortinget: Lovgivande makt 8 KVA ER JOURNALISTEN SI OPPGÅVE? 9 KVA ER RESEARCH? 9 KORLEIS GJERE EIT GODT INTERVJU? 10 KORLEIS STILLE GODE SPØRSMÅL? 12 KORLEIS BYGGE OPP EIN REPORTASJE? 13 Fokus-setning 13 APUS-regelen 14 Verkemiddel i reportasjen 15 KORLEIS BRUKE KAMERA TIL REPORTASJE? 16 INTERVJU PÅ FILM 17 Kvar skal intervjuobjektet stå? 17 Kvar skal intervjuobjektet sjå? 18 Kva kan ein filme med? 19 KORLEIS LASTE OPP PÅ NRK SKOLE? 20 På NRK Skole si nettside finn dykk faktastoff som er tilrettelagt for elevar og lærarar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Gjennom nettsida www.nrk.no/skole deler NRK fritt frå arkiva sine med lærarar og elevane deira. Fleire tusen lyd- og bileteklipp er kopla til dei ulike kompetansemåla i fleire skulefag frå 1.klasse på barneskulen til siste året på vidaregåande. Ved å klikke på ønska kompetansemål, eller søke på sentrale omgrep i dei ulike faga, kan lærarar og andre interesserte få opp relevante klipp som har vore sendt på TV eller radio i NRK. I basen finst det filmklipp heilt tilbake til byrjinga av 1900-talet, og samstundes heilt nye radio- og TV-reportasjar. Lag din eigen reportasje I tillegg til klipparkivet tilbyr NRK Skole elevar å lage eigne journalistiske reportasjar. Reportasjane kan filmast med kamera, og leggast ut på NRK Skole sine nettsider. Her kan du også sjå videoar som andre har laga. 5 6
KVA ER DEN 4. STATSMAKT? I Noreg har vi tre kjente statsmakter. Det er domstolen, regjeringa og stortinget. Pressa vert kalla «Den fjerde statsmakt» fordi dei passar på og overvaker dei tre andre statsmaktene. «Den fjerde statsmakt» Pressa sitt samfunnsoppdrag er å opptre som «vaktbikkje». Den skal formidle viktig og vesentleg informasjon til folket, og vere fri og nøytral. Det vil seie at ingen politiske parti eller andre kan bestemme kva ein skal skrive om. Pressa har makt i den forstand at dei kan påverke i sterk grad. Dersom massemedia slår opp stort at ein stortingspolitikar har gjort noko ulovleg, kan det føre til at vedkomande trekkjer seg som politikar eller vert straffa. Media set også dagsorden, det betyr at det som vert skrive mykje om i media, vert også ofte samtaleemne blant politikarar og vanlege folk i gata. Slik merksemd kan å føre til at dei som bestemmer tar andre val enn det som først var planlagt. Domstolen: Dømmande makt Domstolen er eit organ som skal løyse konfliktar. Her sit det dommarar som skal avgjere om nokon har gjort noko som strid mot lova, og dei kan dømme til fengsel dersom dei er skuldige. Regjeringa: Utøvande makt Regjeringa er eit råd i landet som skal utføre det politiske styret. Regjeringa vert leia av statsministeren. Regjeringa har fleire underområde, slik som til dømes Finansdepartementet, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet og så vidare. Alle departementa vert leia av ein minister. Dette er dei som har den utøvande makta i Noreg. Stortinget: Lovgivande makt Stortinget har den lovgivande makta i Noreg. Det vil seie at det er dei folkevalde som sit på Stortinget som kan lage lovene i Noreg. Det er også Stortinget som bestemmer kor mykje pengar som skal delast ut til ulike offentlege område, og kven som har lov til å bruke dei. 7 8
KVA ER JOURNALISTEN SI OPPGÅVE? Som journalist skal ein vere nøytral. Ein skal ikkje skrive om eigne meiningar med mindre ein skriv eit lesarinnlegg eller ein kommentar. Ein god journalist skal blant anna: Informere Engasjere Avsløre Underhalde Formidle gode historier KVA ER RESEARCH? Før ein skal gjere eit intervju bør ein vite litt om temaet ein skal snakke om. Denne førehandsundersøkinga vert kalla research. Det er svært få journalistar som veit alt om temaet dei skal lage sak om. Då er det veldig lurt å setje seg ned og søke litt rundt og lese om temaet. Dersom nokon skal intervjue ein historikar om andre verdskrig, er det greitt å kunne litt om dette før du reiser ut og snakkar med historikaren. Då kan ein sette opp ei liste over det ein lurer på. Til dømes: KORLEIS GJERE EIT GODT INTERVJU? Tenk deg at du får i oppgåve å lage ein reportasje om fritids- og kulturtilbod i kommunen din. Før du skal gjere eit intervju er det lurt å planlegge litt. Kva skal du intervjue om? Og kven kan vere den beste til å svare på spørsmåla? Før intervjuet bør du ta bakgrunnsjekken: Kva er temaet for intervjuet? Kven kan vere den beste til å svare på spørsmåla? Dersom du skal lage ei sak om fritidstilbod, er kanskje ein informasjonstilsett i kommunen ein fin person å snakke med. Søk litt rundt, eller ring til rådhuset og spør kven som veit dette. Få namn og telefonnummer til dei du kan ringe. Tenk ut kvifor du ringer til den bestemte personen kva vil du at han eller ho skal svare på? Skriv opp kva du har lyst å vite, lag til dømes ei liste med spørsmål. Det er lurt å skrive ned nokre spørsmål før du ringer slik at du kan stille dei i telefonsamtalen og finne ut om den du ringer er rette personen å intervjue. Kvifor kom andre verdskrig? Kva var det som utløyste den? Kva for konsekvensar fekk det for landa i verda? Kva følgjer ser vi av krigen i dag? Har ein svaret på dette før ein reiser ut, så har ein også moglegheit til å stille fleire gode spørsmål. Hugs at sjølv om du veit svaret frå før her, er det ikkje sikkert alle som ser eller høyrer på veit svaret. 9 10
Under telefonsamtalen med intervjuobjektet: Presenter deg og ver høfleg, til dømes: «Hei eg heiter Kari Nordmann og eg er elev ved XX skule. Eg skal lage ein videoreportasje for skulen min om kva ein kan gjere på fritida i kommunen, og har hørt at du er den beste til å svare på det. Kan du gi meg nokre tips?» Spør og grav om kva personen veit. Dette er greitt å vite før du reiser ut og intervjuar han eller ho, for plutseleg har vedkomande ikkje særleg gode tips likevel. Dersom du er nøgd med det han eller ho har av tips til aktivitetar, så kan du gjerne fortelje intervjuobjektet det. Til dømes «Dette var så mange fine tips at eg trur det hadde vore kjempefint å få eit lite intervju med deg. Det tek ikkje lang tid!». Før du reiser ut: Skriv ned dei viktigaste spørsmåla før du reiser ut, basert på informasjonen du fekk frå intervjuobjektet. Til dømes: Kva kan ein på min alder gjere dersom ein er interessert i musikk? Dersom det ikkje er særleg mykje å finne på: Kvifor er det slik? Kvar finn ein informasjonen om dei ulike tilboda? Kva kostar det å vere med på dette? Korleis kjem ein seg til dei ulike plassane? Ver ikkje alt for låst til manuset ditt med spørsmål. Det er veldig viktig å følgje godt med på kva den du intervjuar faktisk svarar. Kanskje seier han eller ho noko som er interessant som du kan spørje meir om. KORLEIS STILLE GODE SPØRSMÅL? Det viktigaste å tenkje på når du skal intervjue er å ikkje stille for mange lukka spørsmål, dvs. spørsmål som intervjuobjektet kan svare anten ja eller nei på, og då seier ein som regel ikkje stort meir enn berre det. Eit døme på eit ja/nei-spørsmål kan vere «Har de kinosal i kommunen?». På dette spørsmålet kan intervjuobjektet lett svare anten ja eller nei, utan noko vidare informasjon. Ein betre måte å stille spørsmålet på kan vere til dømes: «Fortel om tilbodet dykkar for ein filminteressert?» Slike opne spørsmål er alltid best. Eit ope spørsmål er eit spørsmål som får intervjuobjektet til å tenkje og snakke. For å få eit slikt svar kan du seie «fortel», «forklar», «utdjup», «informer» og så vidare. I journalistikken har vi ei hugseliste med kva ein bør ta med i spørsmåla sine: KVEN? (Kven kan bruke denne tennisbana? Kven skal eg kontakte dersom eg vil hit?) KVA (Kva kan ein finne på dersom ein likar å danse? Kva skal til for å bli med i dansegruppa?) KVIFOR (Kvifor har de ikkje eit tilbod for dei som er glade i å spele teater?) KORLEIS (Korleis kan eg finne ut meir om tilbodet? Korleis kjem eg meg dit danseundervisninga er?) KVAR? (Kvar kan eg finne ut meir om tilboda?) NÅR? (Når skjer aktivitetane?) 11 12
KORLEIS BYGGE OPP EIN REPORTASJE? Når ein skal lage ein reportasje er det greitt å ha ei lita oppskrift å gå etter. Nedanfor finn du nokre greie arbeidsreglar du kan hugse på. APUS-REGELEN Når ein skal byggje opp ein reportasje, er det greitt å ta momenta i rekkefølgje. Ei god oppskrift på korleis ein skal gjere nettopp dette, er APUS-regelen. APUS står for anslag, presentasjon, utdjuping og slutt. Anslag: Reportasjen startar med eit anslag. Anslaget kan vere eit spennande bilete eller eit spesielt utsegn frå intervjuobjektet. Anslaget skal gjere sjåaren interessert, pirre og seie noko om kva reportasjen skal handle om. FOKUS-SETNING Fokus-setninga skal innehalde informasjon om kva reportasjen handlar om. Denne setninga er det greitt å skrive før ein går ut, slik at ein har planlagt kva reportasjen skal handle om, og kva den skal finne svaret på. Dersom vi held fram med fritidsaktivitetar i kommunen, kan ei fokus-setning vere: «XX Kommune er ein liten kommune, men med mange ungdommar. Små kommunar har ikkje alltid så god økonomi, men her er likevel eit lite utval av fritidsaktivitetar som små og store kan vere med på». Ei fokus-setning bør vere ei fullstendig setning, og ein reportasje som er relativt kort bør ikkje innehalde meir enn eitt fokus. Det vil seie at reportasjen ikkje bør ta føre seg meir enn eitt tema. Dersom du vil at saka skal handle om fritidsaktivitetar og kulturtilbod, bør du ta føre deg berre det, og ikkje blande inn fleire ting. 13 Presentasjon: Etter anslaget kjem presentasjonen. Kva handlar reportasjen faktisk om? Til dømes: «XX er ein liten plass. Er det noko å finne på etter skuletid? Det skal vi finne ut av. Vi har snakka med informasjonsansvarleg Ola Nordmann, som skal vise oss litt kva kommunen har å tilby» Utdjuping eller hovuddel: Utdjupinga tek føre seg spørsmåla som fokus-setninga reiser. Dette er den lengste delen, den delen der intervjuobjektet viser fram og fortel om kva ein kan finne på av aktivitetar. Slutt: Reportasjen skal ikkje berre bråstoppe. Mot slutten kan ein summere opp litt, anten ved at intervjuobjektet kjem med eit treffande sitat der han kanskje tenkjer framover, eller seier noko anna som gir ein naturleg avrunding av reportasjen. Du kan óg avslutte med eit oppsummeringsbilete av dei ulike aktivitetane ein kan delta på i kommunen, til dømes: «Her er altså litt av kvart å finne på. Ein kino for dei filminteresserte, ei dansegruppe for dei som likar det, og ein idrettshall med ulike aktivitetar som fotball og basketball». 14
VERKEMIDDEL I REPORTASJEN For å skape liv og engasjement i reportasjane bør ein «vere der det skjer». Personane som vert intervjua i reportasjen bør filmast i ein situasjon, og helst ikkje bak pulten på kontoret sitt eller i ein gang. Vis fram! Dersom du finn nokon som kan fortelje om fritidstilbodet, så be gjerne han eller ho om å bli med ut for å vise fram dei faktiske tilboda. Reis dit du kan finne situasjonar som gir ei fin sjåaroppleving, til dømes kan intervjuobjektet gå inn i kinoen, spørje dei bak skranken kva for filmar som går, kjøpe seg popkorn og setje seg inn i kinosalen. Der inne kan han eller ho fortelje meir om kinotilbodet. Eit anna døme er dersom kommunen har ein idrettshall med ulike aktivitetar. Du kan då utfordre intervjuobjektet til å spele fotball eller klatre i ein klatrevegg. Her inne kan han eller ho fortelje om idrettstilbodet. KORLEIS BRUKE KAMERA TIL REPORTASJE? Når du skal filme ein reportasje er det greitt å vite litt om kva som ser bra ut på TV. Det er også fint å variere mellom kva for type bilete ein tek. Her er ein oversikt over nokre av fotoutsnitta du kan variere mellom: Oversiktsbilete/total: Viser heile personen i omgivnadane. Til dømes eit oversiktsbilete av ein fotballbane. Dette biletet gjer seg godt i starten av ein ny plass, for å vise sjåaren kvar ein er. Halvtotal: Viser heile personen eller personane og ein del av omgivnadane, men personen er ofte kutta like over føtene og rett over hovudet. Kan også brukast som etablering av kvar ein er i ei opningsscene. Halvnær: Viser personen eller personane frå midja og til like over hovudet. Nær: Viser personen sitt ansikt og hals. Dette er det mest brukte utsnittet til intervju, fordi det er fokus på personen og det han seier og ikkje det som skjer rundt han. 15 16
INTERVJU PÅ FILM Når ein skal intervjue nokon med kamera er det nokon få tommelfingerreglar ein kan følgje for at det skal sjå best mogleg ut. KVAR SKAL INTERVJUOBJEKTET SJÅ? Intervjuobjektet skal heller ikkje sjå rett i kameraet, det er det berre reporteren som skal. Intervjuaren skal stå heilt inntil den som held kameraet, og intervjuobjektet skal ha augekontakt med intervjuar, og snakke til han eller henne. KVAR SKAL INTERVJUOBJEKTET STÅ? Dersom du filmar intervjuobjektet i dei ulike utsnitta som vart forklart ovanfor, er det greitt å ikkje plassere vedkomande midt i biletet. «Det gylne snitt» er eit komposisjonsprinsipp som du får fram dersom du delar skjermen opp i ni ulike ruter. Det gylne snitt vil då vere på dei to loddrette linjene. Dette er ein fin plass å plassere intervjuobjektet i skjermen. Det er også greitt å tenke på kva for bakgrunn som er bak intervjuobjektet. Det skal helst ikkje skje for mykje der, fordi då tek det merksemda vekk frå det intervjuobjektet seier. Vel helst ein nøytral og roleg bakgrunn, men den kan godt seie litt om miljøet rundt og kvar ein er, til dømes ein ribbevegg eller eit mål i ein gymsal, så lenge det ikkje er forstyrrande. 17 18
KVA KAN EIN FILME MED? I dag er det mange ulike ting ein kan bruke til å filme med. Ein treng ikkje å ha eit stort og flott kamera for å lage ein reportasje. Du kan filme ved hjelp av ein mobiltelefon, sidan dagens smarttelefonar har eit godt kamera. KORLEIS LASTE OPP PÅ NRK SKOLE? Som nemnt i innleiinga, tilbyr NRK Skole elevane å laste opp filmar dei har laga sjølv, anten i skulesamanheng eller på fritida. Dei ferdigredigerte videoane kan publiserast på nettsida, etter at dei har blitt godkjent. Gå inn på adressa under, og fyll ut skjemaet for opplasting. http://nrk.no/skole/lastopp/ Hald mobiltelefonen roleg når du filmar, og ikkje skift mellom å halde mobilen rett opp og legge den på sida. Ofte er det best å legge den på sida, sidan det som regel er det formatet ein fjernsyns- eller dataskjerm har i dag. 19 20