Vår felles fjordarv vår grøne framtid
Kven er vi? Geirangerfjorden Verdsarv er ei ideell stifting oppretta av kommunane Norddal og Stranda saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Sentrale arbeidsområde: Formidling av naturarven Vestnorsk Fjordlandskap Samarbeid for ei berekraftig og grøn utvikling Bevaring, m.a. gjennom restaurering av kulturminne Kompetansebygging kring verdsarvverdiane Vere ein arena for vitskapleg forsking på området Engasjer deg i verdsarven! Gjer deg kjent i verdsarvområdet Vis omsorg for verdsarven Delta i prosjekta våre Del kunnskapen din Bli med som grøn partnar i verdsarven Kontakt oss om du vil støtte arbeidet vårt eller bli ein av våre sponsorpartnarar. å gå steg for steg mot ein grønare kvardag F.v. Merete, Katrin, Peter, Malin, Monica Foto: Frank Stenersen Herdalssætra samarbeid for ei berekraftig utvikling
Foto: Katrin Blomvik STRANDA Liabygda Valldal Vestnorsk fjordlandskap hellesylt Sunnylvsfjorden Hyskjet naturreservat Eidsdal Geiranger Fjørå Norddal Kallskaret naturreservat Herdalssetra Tafjord Tafjorden Geirangerfjorden Vestnorsk Fjordlandskap, representert ved Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland, vart skrive inn på Verdsarv lista den 14. juli 2005. I UNESCOvedtaket vart to kriterium lagt til grunn for statusen: Sjølve naturen; fjordlandskapet med sine særmerkte klimatiske og geologiske tilhøve, men også den eineståande naturvenleiken. Nasjonen Noreg har forplikta seg til å ta vare på verdsarvområdet for framtida. Geirangerfjordområdet omfattar Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, naturreservata Kallskaret og Hyskjet, bygda Geiranger og dei tre fjordane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Kjerne området til Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er sjølve verdsarvområdet med tilgrensande bygdelag. FJORD Geirangerfjordområdet del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap Verdsarven tilhøyrer oss alle; vår felles fjordarv vår framtid
Kunnskap er grunnlaget for å forstå Naturlandskapet er i seg sjølv ein del av formidlinga vår, men stundom trengst det litt hjelp for at ein skal «sjå og forstå det ein ser»: årleg arrangerer vi kompetansehevande kurs Vi vil tilby eigne opplegg for skular og barnehagar utstillinga vår fortel kvifor geologien spelar slik ei sentral rolle i verdsarven årleg arrangerer vi ein fotokonkurranse; lær å sjå naturen Vi er i startgropa på arbeidet med naturmøteplassar å vinne kunnskap for å forstå samanhengar Kallskaret naturreservat
Verdsarven i unge hender Vi vil medverke til å gje born og unge eit best mogleg grunnlag for å skjøtte verdsarvverdiane i framtida både ved å involvere dei i ulike prosjekt, og ved å tilby barnehagane og skulane våre gode verktykasser for å lære om naturen og kulturen vår. i Barneprosjektet «FJORDHEIMEN» brukar vi humor, fantasi og fakta, og figurar med grunnlag i bergartar, elver, brear, planter og dyr fortel historiene sine i «Staurgale» kombinerer vi kunst, kulturhistorie og kreativ bygging. Ungdom set opp installasjonar av hesjestaur Vi deltek gjerne i eksterne skuleprosjekt for å gje ungdom innsikt i arbeidet vårt. Innspela deira tek vi med oss vidare Foto: Jakob Torp Årset Norsk Fjordsenter med hjarte for verdsarven Norsk Fjordsenter er eit formidlingssenter for verdsarven. Dette er òg vår arena for å vise fram ulike sider ved arbeidet vårt. Vi held ope heile året, og ved sida av den faglege oppgåva med å formidle verdsarvverdiane, ynskjer vi å vere ein triveleg møteplass. Vi byr òg på: Historisk utstilling om fjordfolket informasjon om geologi og landskapsformer, plante og dyreliv m.m. Skiftande utstillingar Biletreise gjennom verdsarvlandskapet Butikken og kaféen vår legg stor vekt på det norske, både i design og smak. å inkludere born og ungdom for å ta vare på verdsarven å stå for ein grøn profil
Alt heng saman med alt Ulike artar har sine leveområde og sitt livsgrunnlag. Gjer vi endringar på eitt område, kan det få store konsekvensar på andre. Difor er det viktig å vere ein pådrivar for å auke kunnskapen vår om det biologiske mangfaldet i verdsarvlandskapet å presentere kunnskap om planter, dyr, fuglar og fiskar/sjøpattedyr å støtte og samarbeide med andre aktørar som arbeider innafor same fagområde å utvikle eigne formidlingsopplegg retta mot born og unge slike at nye generasjonar vert medvitne om å ta vare på naturen vår Mnemosynesommarfuglen står på raudelista og er funnen i rasmarker i Tafjord og Geiranger. Foto: Dag Holtan å ta medvite ansvar for klimautfordringane Flåna, Eidsdal
Når natur og kultur går hand i hand Kulturlandskapet forsterkar verneverdien av området vårt. I arbeid for kulturarven Handverkaren vår restaurerer viktige kulturminne og bygningar i bygdene våre i tråd med lokale og gamle handverkstradisjonar. Han deltek på synfaringar og kan gje råd om istandsetjing. Attgroing er eit av dei største trugsmåla mot verdsarvområdet. Å ta vare på og utvikle mangfaldet og opplevingskvalitetane i kulturlandskapet har vore den viktigaste fanesaka for Vestnorsk Fjordlandskap. Landbruksnæringa, organisasjonar og einskildpersonar i området får tilført særskilde tiltaksmidlar til skjøtsel som slått, beiting og rydding. Men framleis må det arbeidast for å styrke landbruksnæringa. Vi ynskjer å vere ein pådrivar for å ta vare på kulturlandskapet. Storfjordens Venner er ein viktig samarbeidspartnar. Storfjordens Venner vart stifta i 1975, og arbeider for å verne om kulturminne og levande tradisjon. Interesseområdet for foreininga er dei nedlagde fjord- og fjellgardane kring Storfjorden på Sunnmøre. Her bygg Storfjordens Venner oppatt og set i stand bygningar finansiert gjennom eigne midlar, dugnad, offentlege og private tilskot. Storfjordens Venner har òg delteke i rydding og vedlikehald av råser og stell av kulturlandskapet. å sikre ei berekraftig utvikling Foto: Hilde Ljøen Melchior Foto: Frank Stenersen samarbeid og grønt partnarskap
Naturvennleg tilrettelegging Vi viser veg i verdsarven Verdsarvstiftinga hjelper til med søknadar om tilskot, planarbeid, utforming og gjennomføring av ulike tiltak. Stiftinga har brei kontakt med styresmakter på fleire nivå, og vi har ei viktig oppgåve som samordnar og tilretteleggjar i ulike prosjekt. Godt samarbeid med frivillige organisasjonar og grunneigarar gjev betre moglegheiter for å ta vare på råser og gamle ferdselsvegar. Vi prioriterer å bruke ressursar på fellestiltak som har verdi for mange. Istandsetjinga av råsa frå Skagehola opp mot fjellgarden Skageflå står som eit godt døme på eitt av prosjekta våre. Den beste formidlinga om verdsarven skjer ute i naturen. Fleire tiltak skal sikre ei trygg friluftsoppleving: Ferdselsreglane gjev viktige råd Turboka Opptur Geirangerfjorden gjev turtips Mange turruter er rydda, merka og skilta Turane våre er graderte etter vanskegrad Bygdenære kart med turruter teikna inn på flyfoto informasjonstavler gjev turtips og informasjon om området Turkart er utvikla av Stranda Turlag og Norddal kommune skjøtselstiltak som vernar om både kulturminne og natur Frå råsa til Skageflå Foto: Katrin Blomvik sporlaus ferdsel
Samarbeid gjer oss sterke Statens naturoppsyn Vi ynskjer å framstå som opne og inklude rande overfor lokalmiljøet vårt, kommunane våre, og regionale og statlege styresmakter. I tillegg til eit godt samarbeid med Storfjordens Venner, støttar vi òg lokale stiftingar som Paktarstova, Severinbrauta og Notanaustet. Desse gjer eit umåteleg viktig arbeid med å ta vare på kulturarven i området vårt. Både landbruksnæringa og reiselivsnæringa er særs viktige partnarar i arbeidet for verdsarven. Mange andre medverkar òg til at vi oppnår resultat og får til ting som vi neppe ville lukkast like godt med åleine. Landskapsvernområdet og naturreservata har lokal forvalting, og eit verneområdestyre skal fatte vedtak og gjennomføre tiltak innafor rammene av verneforskrifta. Statens Naturoppsyn (SNO) har ansvar med å ta vare på dei verna områda slik at verneverdiane ikkje går tapt. SNO sine oppgåver: Førebyggje miljøkriminalitet Rapportere om naturtilstanden Statleg tilsyn av lovleg verksemd Ta i vare nasjonale miljøverdiar Rettleiing og informasjon Skjøtsel og tilrettelegging Registrering og dokumentasjon Lakseoppsyn å bli utstillingsvindauge for ny, grøn teknologi Foto: Ingvill H. Nystad å skape forståing og medvit om miljøet
Grøn fjord 2020 Grøn fjord 2020 er ei nystarta samarbeids rørsle som skal ta tak i store utfordringar som verdsarvområdet med omland står overfor. Målsetjinga er å snu sjukdomsteikn som blårøyk, eksos og kaotiske trafikkforhold til grøn idyll, verdiskaping og berekraftige bygdesamfunn. Målet er eit klimavenleg fjordlandskap innan år 2020. Vi nyttar grøn symbolikk medvite for å skape merksemd og få fokus på miljøutfordringane våre. Dei grøne figurane er ein del av dette. å vere ein spydspiss for berekraftig utvikling
Kontakt Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv Norsk Fjordsenter 6216 Geiranger post@verdsarvfjord.no T: + 47 70 26 38 10 F: + 47 70 26 51 22 www.verdsarvfjord.no Følg oss på Facebook støtta av Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er støtta av Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Miljøverndepartementet, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune. www.karlsens.no Trykt på miljøvenleg papir Foto: Katrin Blomvik www.verdensarv.com