Ny arealplan for Fjaler Folkemøte Dale - oppsummering 28. Mars kl. 19:00-20:00 Deltakarar: 23 innbyggarar i tillegg til to frå administrasjonen og to frå Norconsult
Agenda 1. Status i planarbeidet 2. Planprogrammet endringar 3. Arealplan for Dale 03.04.2019 2
03.04.2019 3 Status i planarbeidet
Møteverksemd 1 oppstartsmøte med adm. 1 møte med styringsgruppa (formannskapet) 4 folkemøte Guddal, Flekke, Våge og Dale 4 heildags arbeidsmøte med adm. 1 møte med regionalt planforum 1 møte med næringslivet 03.04.2019 4
03.04.2019 5
Folkemøte i starten av planarbeidet Guddal 6. desember Flekke 11. desember Våge 12. desember Dale 13. desember Ny runde til våren, før første utkast til plan. 03.04.2019 6
Planprogrammet 03.04.2019 7
Justeringar i planprogrammet Supplert med nokre kulturminne Forenkla silingskriterie Lagt inn at det skal vere ei vurdering av dagens arealreserve til næring, bustad og fritidsbustad i planomtalen Opna opp for små LNF spreidd fritidsbustad Nytt punkt om mineralressursar Meir tydeleg at aktsemdsoner skal inn i kartet Nytt punkt KU tema: Klimautsleppsreduksjon og klimatilpassing Meir tydeleg kva som er kunnskapsgrunnlaget Plankartet skal gjerast tilgjengelege digitalt i høyringsperioden Supplert med fleire lover og retningsliner under «rammer for planarbeidet» 03.04.2019 8
Arbeidsmøter Heildags arbeidsmøte med adm i kommunen: Kommunen har førebudd seg med å drøfte området dagen før og har oppsummert sin kunnskap om områda Gjennomgang av området Gjeldande arealbruk Gjeldande planstatus Innspel i folkemøte og til høyringa Overordna vurdering av korleis området bør utviklast Kva er viktig i område Kva er alternative utviklingsstrategiar Val av utviklingstrategi Utarbeide forslag til ny arealbruk 03.04.2019 9
Modell for arbeidet med ny arealbruk C B C A C C C C Desse to områda vert konsekvens og ROS vurdert 03.04.2019 10
03.04.2019 11 Dale
Dale 1 Hovudinntrykket frå folkemøtet i Dale var at det er ynskje om at ein utfordrar fylkesmannen på eit generelt grunnlag, og at det vert gjort hyppigare revideringar av arealplanen. Deltakarane nemnte vidare at vi som skal jobbe med plandokumenta bør sjå på Askvoll som eit eksempel og hauste erfaringane som dei har gjort under rulleringa av Askvoll sin arealplan. Den Trondheimske postveg er mykje nytta, og det kom innspel på å gjere denne om til gang- og sykkelveg. Ordføraren oppsummerte på slutten av møtet og takka for oppmøtet. Ordføraren la også vekt på at krinsen Dale har ei utfordring i å inkludere dei yngste. Det er viktig å få med alle som vert berørte av planen, og det er dei unge som om nokon år skal byggje og etablere seg i kommunen. Vi har difor behov for at dei er på banen. 03.04.2019 12
Næringslivet 1 Positivt: To av gruppene framhevar at det er naturskjønt og ein har tilgang på naturressursar. To av gruppene nemner korte avstandar; det er kort veg til ulike tenester, kort veg til der det blir tatt beslutningar i kommunen, kort veg til kommuneadministrasjon og nærleik til kysten. Elles blir det også trekt fram at ein skapar noko lokalt, Fjaler har vore ein «ja-kommune»/tilpassingsdyktige, samarbeid i nærlingslivet, stabil arbeidskraft og løysingsorienterte. Utfordringar: Alle gruppene peikar på dårleg infrastruktur (både veg, mobil, straum, breiband/fiber) som utfordrande. Ei grupper lurer på om det er nok næringsareal i kommunen, og ei anna gruppe nemner at det er bustad og tomtemangel. Ei gruppe trekker fram at det er for tung sakshandsaming på byggjesak, og ei anna gruppe tykkjer det er utfordrande med at fylkeskommunale tenester vert sentralisert, som t.d. skatt/folkeregister og tannlegekontor. Elles blir det nemnt dårleg kollektivtilbod (Rehab og UWC), erfaring og kompetanse på utbygging, einsidig fokus på Lutelandet og overnattingsmoglegheiter. Forventningar: Alle gruppene har forventningar til at det blir sett av meir areal til næring/utvikling (næringspark, lett tenesteyting, industriell verksemd). Ei gruppe ynskjer at det blir avsett eller avklart næringsareal i sjø, samt at næringsareala vert etablert i nærleik til infrastruktur og anna tenesteyting. Ei gruppe har forventning til forutsigbarheit; når eit areal vert sett av til eit utbyggingsformål i arealplanen så blir tiltaket gjennomført. 03.04.2019 13
Næringslivet 2 Hovudinntrykket frå folkemøtet med næringslivet er at det er mangel på næringstomter i Fjaler, og at det er forventningar om at det blir sett av til dette i arealplanen. Mange av innspela som kom inn på møtet viser også utvikling av eksisterande næringsområde. Og dei nye areala som vart sett av på kartet er i tilknyting til eksisterande infrastruktur, og industrien utanfor bebygde strøk. Forsamlinga ytra ynskje om at eksisterande vegnett blir utbetra, og anna infrastruktur. Det er behov for å setje av areal til akvakultur både til sjø og på land, masseuttak. Elles kom det også inn innspel på bustad- og hytteområde i form av LNF- spreidd, samt eit par byggjefelt. 03.04.2019 14
Teiknforklaring 03.04.2019 16
03.04.2019 17 Innspel og eksisterande arealbruk
Ny arealplan 03.04.2019 18
Gjeldande arealdel 03.04.2019 19
Ny arealplan med soner 03.04.2019 20
Tilbakemelding på forslag til arealbruk 1. Er de samde med overordna strategi for arealbruk? 1. Kvifor 2. Kvifor ikkje 2. Kva vil de eventuelt endre på eller legge til? 03.04.2019 21
Oversikt over innspel 03.04.2019 22
Møtedeltakarane svarar på spm. om arealbruken Kva er bra? Kva er ikkje bra? Kva vil de endre eller legge til? Areal til næring er bra Sjøtilkomst, Kvamen Vassenden Næringsareal bør konsentrerast i større grad Bruk gnr. 71, bnr. 4 må ikkje berørast på grunn av godt dyrka mark Slette næring ved Skaddalsvegen, vanskeleg tilkomst Tilrettelagd gang- og sykkelveg frå Flekke, opp Stavsdalen på postvegen, og mot Dale Kan gå om Vosseteigen eller langs fv. 57 Gode sykkelvegar kan få fleire turistar til Fjaler, og folk kan pendle mellom Dale Flekke med sykkel 03.04.2019 23
Spørsmålsrunde Spørsmål og svar 1. Er det konkrete planar om næringsverksemd? Svar: Det er kun næringsarealet ved Skaddalsvegen som ikkje er konkret. Dette var eit aktuelt deponiområde, og no kan det vere aktuelt som næringsareal for å ha reserve i tilfelle behov. 2. Store område for næringsareal vil belaste infrastrukturen, og det vil bli ei påkjenning på vegnettet. Blir dette tatt stilling til? Svar: Dette blir ein del av konsekvensvurderinga. Dersom området vil få konsekvensar på infrastruktur blir det sett krav til avbøtande tiltak. 3. I Skaddalen er det beiteområde for dyr, og i tillegg er vegen eit problem. Svar: Landbruk har ein verdi, og dette er eit av temaene som skal vurderast i konsekvensvurderinga. Ny arealbruk skal også tiltpassast eigedomsgrenser, terrengtilhøve, vassdrag o.a. 4. Vil dispensasjonspraksisen bli like vanskeleg med den nye planen som det har vore til no? Svar: Det er for tidleg å sei. Vi må gå i dialog med fylkesmannen på dette. Dispensasjonspraksis vil gjelde for heile kommunen. Kriteriane er at ein bl.a. ikkje skal få byggje på fulldyrka areal, men vi vil jobbe for å få til at det bl.a. kan byggast i utkanten av slike areal der det ikkje vil få konsekvensar. Landbruksjorda har forskjellig verdi utifrå størrelse, arealarrondering, topografi og kor det ligg hen. For Guddal og ytre Fjaler vil det vere meir viktig med retningsliner for dispensasjon. I staden for å bruke mykje tid og ressursar på å leite etter aktuelle utbyggingsområde er det ein aktuell strategi å få til ei god ordning for dispensasjon. Kjem du innanfor kriteriane for dispensasjon så skal det vere meir kurant å få søknaden godkjent. 6. Gjeld dispensasjon for strandsona også? Svar: Det er vanskelegare å få til fleksibilitet i strandsona. Ifølgje fylkesmannen må det gjerast vurderingar av strandsona for at det skal bli lettare å opne opp for bygging innanfor 100 meters beltet. Men vi vil prøve å få til gode retningsliner for dispensasjon i strandsona. 03.04.2019 24