[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Like dokumenter
Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Ål Venstre. Ål Venstre

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Til veljarane i Tysnes

Frivilligpolitisk plattform

Politisk program for Jølster KrF

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Program for. Årdal Venstre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Program for Masfjorden Venstre

Valprogram Sel SV

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Frivilligpolitisk plattform

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Ei god framtid for alle!

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Kommunedelplan for oppvekst

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Hemsedal KRF Program

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

SOGN driftig raus ekte

Livet leves lokalt. Program Øvre Eiker

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Program for. Sykkylven Venstre

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

ETNE VENSTRE

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Valprogram for Austevoll SV

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Kommunevalprogram

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Møteinnkalling for Formannskapet

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Programkategori Distrikts- og regionalpolitikk

Hareid - ei framtidsretta og berekraftig kommune for innbyggjarar i alle aldrar

PROSJEKTARBEID KVALIFISERING FOR KVINNER UT I ARBEID

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Ole Aasaaren Regionsjef

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Team Hareid Trygg Heime

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

PROSJEKTPLAN. Stagepass Pendling Stressless - Bulyst. Visjon:

Sterkare fellesskap. Program for Ål Arbeiderparti

HOVUDTILLITSVALTE INNSPEL TIL KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL. 23. februar 2017

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Valprogram Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle.

Finnøy framleis aleine?

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

HANDLINGSPLAN 2019 LOKAL UTVIKLINGSSTRATEGI

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Valprogram SENTERPARTIET !

Jnr gjg. Hordaland fylkeskommune Opplæringsavdelinga 5520 Bergen. Uttale skulebruksplan

S T R A T E G I D O K U M E N T

Sauherad Venstre. Program

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune...

Transkript:

Program 2019 2023 Hjartdal SP HEILE HJARTDAL HEILE HJARTDAL sp.no/hjartdal sp.no/hjartdal

SP vil lytte til folket! Senterpartiet vil bygge samfunnet nedanfrå og opp. Ved større beslutningar er det viktig å høyre på dei det gjeld. Om føresetnader eller konsekvensar blir oppdaga eller endra, vil vi justere eller endre dei vedtaka og avgjerder som bør endrast. Hjartdal Senterparti ynskjer mangfald og eit levande lokalmiljø i alle bygdene. Senterpartiet vil vera ein pådrivar for fellesskapet, for naturen og miljøet. Vi vil legge til rette for at frivillige organisasjonar, idrettslag, kulturaktivitetar og sokneråd blir høyrde. Vi vil aktivt koma rundt i bygdene for å diskutere lokale saker. Vi vil sleppe til lag og foreningar så dei kan presentere hjartesakene sine for politikarane. Slik vi ser det, vil busetting, næringsutvikling og arbeidsplassar vera bod nummer eitt for kommunen i åra framover. Senterpartiet ynskjer å rette eit spesielt fokus på psykisk helse i åra som kjem. Trygge og robuste barn og unge gjev trygge og robuste vaksne vaksne som kan gje vidare ein god oppvekst til sine eigne barn, og som kan vera ressurspersonar i arbeidslivet og lokalsamfunn. Kommunen har alt å tene, både samfunnsøkonomisk og ikkje minst ut frå eit etisk perspektiv, på å jobbe for god psykisk helse hos alle innbyggarane i kommunen. Hjartdal skal vera ein god kommune å leve og bu i. Gode nærmiljø, kulturtilbod, fritidsaktivitetar og variert næringsliv er viktige faktorar for folketalsauke, trivsel og kjensle av å høyre til. Hjartdal Senterparti har store krav til kvalitet i barnehagar, skular, helse og innan omsorg. Vi ynskjer å sikre innbyggarane sine behov ved god og rasjonell drift. Kulturminne, kulturmiljø og muse er viktige delar av det vi kallar samfunnets felles minne. Kulturarven bør gje kunnskap, forteljingar og opplevingar. Senterpartiet vil hjelpe til med å lyfte kulturmiljøa i kommunen.

ANSVARLEG STYRING. Hjartdal kommune har tatt mange store økonomiske lyft dei siste åra. Slike investeringar gjer det viktig med god økonomisk styring. Senterpartiet vil vera opptatt av at kommunen ikkje brukar meir pengar enn den får inn. Ubalanse i økonomien vil lett råke dei teneste som er mest nødvendige innan skule, helse og næringsliv. Rekruttering av arbeidstakarar med høvelege kunnskapar er viktig for at Hjartdal kommune skal løyse oppgåvene sine best mogleg. Ei godt fungerande lærlingeordning er sentral for å skaffe framtidige dyktige tilsette. Hjartdal Senterparti vil prioritere eit høgt inntak av lærlingar i kommunen. Føre ein ansvarleg økonomisk politikk. Vidareutvikle samarbeidet med andre kommunar og halde fram som eigen kommune. Fokusere på god kommunikasjon mellom innbyggarar og kommune. Senterpartiet vil jobbe for å kunne redusere eigedomsskatten og kommunale avgifter. Vera varsam med å auke lånegjelda til kommunen. Arbeide for at fleire kan ta i bruk fritidsbustaden som heilårsbustad. Lag og foreningar som søkjer spelemidlar, må få hjelp til søknadsarbeidet i form av faglege råd og støtte frå kommunen. Arbeide for auka kraftinntekter ved å få regulert naturressusskatten og få justert kapitaliseringsrenta. Dette vil i sum utgjera mykje for den kommunale økonomien.

INSPIRERANDE OPPVEKST. Gode lokalsamfunn skal gje trygghet, tilhørighet og identitet. Lokale tilskipingar som Slåttefestivalen, Bygdedagane i Sauland og Tuddal er vellykka arrangement som vi meiner alle bør støtte opp om. Oppretthalde barnehage og lokalt opplæringstilbod i alle tre bygdene. Utvikle ungdomstilbodet i samarbeid med dei unge. Opprette ungdomsråd. Støtte opp om det frivillige ungdomsarbeidet i kommunen. Arbeide for å byggje ny barnehage i Hjartdal. Utvikle godt samarbeid mellom barnehage barneskule/montesorriskule ungdomsskule. Kulturskulen skal fortsetja å gje eit varierte tilbod til elevane. Vidareutvikle arbeidet med gratis leksehjelp i kommunen. Ha null-toleranse for mobbing og trakassering. Vidareutvikle MOT og andre livsmeistringsprogram i skulen. At nærmiljø og natur skal takast enda meir i bruk. Sikre god digital kompetanse blant lærar og elevar i skulen. Meir bruk av entreprenørskap i skulen - vi ynskjer å stimulere barn og unge, slik at dei ser mogleghetar for å skape nye arbeidsplassar i framtida. Det skal vera skular for kunnskap og utvikling!

SPRUDLANDE NÆRINGSLIV Det er og viktig å legge til rette for utvikling av nye bedrifter og vekst for eksisterande bedrifter. Hjartdal senterparti er opptatt av at kommunen som tenesteytar skal vera pådrivar og ein god hjelpar i samhandling med næringslivet i og utanfor kommunen. Hjartdal Senterparti meiner og det bør etablerast et enda tettare samarbeid mellom Tinn og Notodden kommune for utvikling av attraksjonar og reiseliv i regionen. Få til sommarjobbtilbod til ungdom i kommunen, i samarbeid med næringslivet. Stimulere til bruk av lokalt næringsliv og kompetanse der det er mogeleg. Arbeide for betre samarbeid mellom kommune og næringsliv og legge til rette for nye verksemder. Utnytte statusen som Nordbygda har fått som nasjonal utvalt kulturlandskap. Auke aktiviteten i skogbruket og sjå på moglegheitene for vidare foredling av tømmerstokken i kommunen. Ein skal arbeide for næringstomter i kvar bygd og støtte opp om ny og eksisterande næring i kommunen. Vidareføre tilskots ordninga for kjøp av mjølkekvoter i landbruket. Styrke tradisjonsmatproduksjonen i kommunen og regionalt. Greie ut kommunale støtteordningar for oppatt-grøfting av gamal eng og dyrking av ny jord. Legge til rette for ny vasskkraftproduksjon og bruk av solenergi i privat regi. Utvikle og tenkje nytt rundt reiselivsnæringa i bygdene. Ynskjer framleis hyttebygging i satsingsområda. Livskraftig næringsliv!

HELSE OG OMSORG Gode helse- og omsorgstilbod blir skapt i samspel mellom kommunen, pårørande og frivillige lag. Frivillige organisasjonar er ein svært viktig del av samfunnet. Dei løyser mange nødvendige oppgåver som elles ikkje ville bli løyste. Hjartdal Senterparti ynskjer å ta godt vare på dette unike arbeidet. Oppretthalde kjøkkenteneste på sjukeheimen. «Kortreist mat er god mat» Syte for rett og nok bemanning i helsevesenet. Ha auka fokus på tidleg innsats i høve mental helse til ungdommen i kommunen. Vi vil fremje friluftsliv og frivillighet i folkehelsearbeidet. Arbeide for at innvandrarane raskt blir inkludert i lokalsamfunnet. Legge til rette for at alle får mogelegheit til å bu heime så lenge som mogleg, og ha fokus på digitale løysingar og bruk av velferdsteknologi. Vera ein pådrivar for godt samarbeid mellom idrettslaga og kommunen for auka fysisk aktivitet i skulane. Arbeide for å skape gode møteplassar for ungdommen i kommunen. Oppmuntre frivillige grupper og lag som har gode idear og prosjekt til utvikling av kommunen. Sikre at jordmor/helsestasjon og skulehelsetenesta kan utvikle deg i tråd med krav til førebygging og tidleg innsats i barnefamiliar. Kvalitet og innhald i tenestene!

SAMFERDSEL OG INFRASTRUKTUR Eit levande lokalmiljø skal ha sikker, effektiv og miljøvenleg infrastuktur. Sikre skulevegar: Gang- og sykkelvegar bør byggast der barn ferdast til skulen. For Senterpartiet er det viktig at ein har fokus på trafikksikkerhet i desse spørsmåla, og det må også takast omsyn til dyrka mark, natur og miljø. Krevje oppgradering av fylkesvegane. Oppretthalde eksisterande kommunale vegar. Arbeide for betre mobildekning i kommunen. Jobbe for at Haukelidekspressen stoppar i Hjartdal, Sauland og på Ørvella. Kommunen skal vera pådrivar når det gjeld å sikre lokal beredskap, og at krava til responstid blir oppfylt. Arbeide for å bedra ladetilbodet I kommunen. Arbeide for et bedra busstilboda i kommunen. Støtte opp om arbeidet med faste scootertraseér i kommunen. Digital allemannsrett. Hjartdal SP ønsker ikkje bomstasjonar eller vindmøller i kommunen. Utrede mulighetane for å byggje brannhydranter i bygdene for å styrkje brannberedskapen. Hundre prosent dekning av fiber til alle husstandar!

GRØN VEKST Eit levande lokalmiljø skal utfordre livsstilen vår å tenkje globalt er å tenkje lokalt. Få til nybyggartilskot og gje tilskot til bustadbygging. Bustadbygging skal kunne skje i alle delar av kommunen. Vera pådrivar for miljøstasjon på Ørvella industriområde. Betre miljøarbeidet i kommunen. Sikre gode avfallsløysingar for alle i kommunen, og ta tak i forsøplinga langs vegar, stigar og løyper. Legge til rette for et bærekraftig og miljøvennlig landbruk. Arbeide for at det blir laga Kulturminneplan for kommunen. Vera pådrivar for kommunmale bustadtomter i alle bygdene. Auke kunnskapen om klimautfordringane, og forståing for behovet for reduserte utslepp. Stimulere innbyggarane til å ta klimaomsyn i kvardagen. Ta miljøansvar ved alle kommunale innkjøp. Arbeide for et aktivt landbruk for å kunne ta vare på det fine kulturlandskapet i bygdene. Hjartdal SP ynskjer eit sterkt jordvern, og vi ynskjer tett kommunikasjon med organisasjonane innan landbruket. Vi har tillit til enkeltmennesket, og meiner at folk som får ansvar og handlingsrom vil arbeide for fellesskapets beste. Grøn utvikling!