Beredskapsteamet mot mobbing -skulane i Gjesdal, Hå, Klepp og Time
Beredskapsteamet sitt føremål Skulane skal ha gode rutinar i forhold til å førebygge og handtera mobbing. Hovudregelen er at henvendingar knytta til mobbing skal gå til skulen, og ein skal forventa at skulen handterer dei på ein god måte. Beredskapsteamet mot mobbing skal vera eit sikkerhetsnett når skulen sine rutinar ikkje er iverksett eller ikkje har ført fram. Beredskapsteamet si oppgåve er å bistå elevar, føresette og skular som opplever alvorlege mobbesaker. Beredskapsteamet skal kunna bistå foreldre/elevar som opplever at dei ikkje får den hjelpa dei har krav på av skulen sin. Beredskapsteamet skal kunne gi råd til elevar, føresette og skular der mobbeproblematikken ligg utanfor skulen sitt mandat og kompetanseområde. Beredskapsteamet skal ta inn saker, men ikkje ta over saker. Skulen har ansvar for at sakane vert løyste, og skal ha rutinar for å handtera krenkande åtferd. 2
Kven kan kontakta beredskapsteamet? Elevar Føresette Skular ved rektor Helsesøster Skular i samarbeid med føresette og elevar Før ein kontaktar beredskapsteamet må skulen ved rektor vera gjort kjent med saka og ha hatt moglegheit til å iverksetta skulen sine ordinære rutinar for handtering av mobbing. Korleis kontaktar du beredskapsteamet? Beredskapsteamet er sett saman av ein tilsett frå kvar kommune med ulik skulefagleg kompetanse. Ved å venda deg til skulen og be dei ta kontakt med beredskapsteamet. Ved å ringa leiar av beredskapsteamet: 450 36 892 Kva skjer når du kontaktar beredskapsteamet? Vi får i stand ein oppstartssamtale mellom meldar og representantar frå beredskapsteamet så snart som mogleg, og seinast innan 5 virkedagar. Dersom saka ikkje er meldt inn i samarbeid med skulen, vil beredskapsteamet kontakta skulen umiddelbart etter oppstartssamtalen med meldar, og henta inn informasjon som er relevant for saka. Beredskapsteamet kan i denne fasen også pålegga skulen tryggingstiltak som blir iverksett straks, i påvente av det vidare arbeidet. Føresette/elevar kan be om at helsesøster/andre er med på møta og bistår i prosessen. Dersom saka blir meldt inn av skulen i samarbeid med føresette, vil vi be skulen fylla ut vedlagte skjema for innhenting av informasjon frå skulen På bakgrunn av den informasjonen som kjem fram, legg beredskapsteamet ein framdriftsplan for å handtera saka vidare, i samarbeid med skulen og føresette/elevar. Beredskapsteamet er med på det første evalueringsmøtet, men kan delta i vidare evaluering ved behov/ønske frå partane. 3
Innhenting av informasjon frå skulen Ja/Nei Kva er gjort Når Ansvar Dokumentasjon 1 Har skulen blitt varsla om at elev xx blir utsett for mobbing eller krenkande åtferd? 2 Har rektor blitt varsla? 3 Har det kome fram bekymring frå føresette? 4 Kva har skulen gjort for å undersøke saka? 5 Har skulen utarbeidd aktivitetsplan? 6 Er elev og foreldre kjent med innhaldet i planen? 7 Er det iverksett tiltak? Kva er gjort? 8 Er skulen sin mobbeplan blitt følgt? 9 Er interne aktørar involverte i saka (helsesøster, sosiallærar osv.)? 10 Er eksterne aktørar involverte i saka (PPT, BUP, barnevern)? Kva blir det ønska bistand til frå Beredskapsteamet?
Mal for oppstartsamtale med elev/føresette Samtalen er gjennomført mellom:... og... dato:... 1. Situasjonsbeskrivelse: Kva skjer? Kor skjer det? Når skjer det? Antal involverte? Eleven si oppleving Kva er konsekvensane? Føresette si oppleving 2. Kva er prøvd ut? 3. Kva ønsker du/de skal skje vidare i saka? 4. Kva er viktig for dykk at vi gjer først? Forslag til aktuelle tiltak: