STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

Like dokumenter
Strategi Forord

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Pedagogisk plattform


Strategi Ny kunnskap ny praksis

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

S T R A T E G I D O K U M E N T

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Vi skal få til meir! STRATEGI

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Innovasjonsmetoden vår

Kommunedelplan for oppvekst

Verdiskaping basert på natur- og kulturressursar Fellesmøte i Hardangerviddarådet og Nordfjellarådet v/roar Werner Vangsnes -

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret

Kontrollutvalet i Gloppen kommune

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Kommunikasjonsstrategi

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Kven er vi, og kva gjer vi? Statleg økonomistyring

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Trygg og framtidsretta

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

INTERNASJONAL STRATEGI

Årsmelding for Urhei barnehage

Læreplan i klima- og miljøfag

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Saman om Ørstabarnehagen

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Presentasjon av Sjøholt DPS

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

CP IT-COMENIUS-C3PP

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Plan for strategisk arbeidsgjevarpolitikk

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

UD-Norec. Tildelingsbrev nr

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

ORGANISERING AV SEKTOR FOR SAMFUNNSUTVIKLING

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

Medverknad og samskaping i lys av universell utforming. Leve hele livet

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Kortversjon FMMR Strategiplan

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Vaksenopplæringa i Sula

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

LÆREPLANER PÅ TVERS: UTDRAG FRÅ NOEN AV FAGPLANENE SOM ER SENDT UT PÅ HØRING

Saman for heiltidskultur i Ørsta kommune

Forsand kommune Rådmannen

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Arbeidsgjevarstrategi Jobb med meining - skodd for framtida jobb i kommunen!

Transkript:

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID 1

DIREKTØRENS FORORD Norec har meir enn 50 års erfaring med utveksling av menneske mellom land og kulturar. Fram mot 2022 skal nytenking og læring stå sentralt i prosjekta, så vel som i eiga forvalting. Når verksemder i eit partnarskap set seg mål saman, bidreg dei til kvarandre si utvikling. FNs berekraftsmål for 2030 skal vere ei rettesnor både for vår eigen organisasjon og i dei partnarskapa vi støttar. Gjennom utveksling av personell kan kunnskap og forståing bli utfordra, endra og skapt. Å byte arbeidsplass utviklar kompetanse og haldningar, som bidreg til ei berekraftig utvikling. Deltakarar i våre prosjekt får eit engasjement for internasjonale utviklingsspørsmål. Dette gjer både deltakarane og verksemder betre rusta til å finne gode løysingar på globale utfordringar. Vi skal stimulere til at fleire verksemder drar nytte av utveksling for å skape kunnskap for framtida. Internasjonale samarbeid vert betre av gjensidige utvekslingar. Utveksling tilfører nye perspektiv, kunnskap og ferdigheiter, som skapar utvikling hos menneske, i verksemder og i lokalsamfunn. Norec skal vere best på utveksling som metode. Ambisjonen vår er å utvikle Norec som eit kompetansesenter av internasjonal standard. Kjerneverdien vår er gjensidigheit. Vi deler, lærer og lærer vekk. Å dele kunnskap og kompetanse til partnarskapets beste er eit mål i alle utvekslingar. Norec er ein integrert del av det norske utviklingsarbeidet, og samarbeid med Kunnskapsbanken er sentralt i strategien. Når Norec no skal konsoliderast og utviklast i Førde skal vi nytte moglegheitene eit digitalt samfunn gir oss. Det er vår ambisjon at Norec skal vera ein føregangsetat innan moderne arbeidsmetodar, og at vi held fram med å vere ein attraktiv samarbeidspartnar og arbeidsgjevar. God lesnad! Jan Olav Baarøy Direktør 2

VÅR VISJON Verda er full av kunnskap og ferdigheiter. Gjennom gjensidig utveksling lærer vi kvarandre å tenke større, leve berekraftig, og bygge ansvarlege lokalsamfunn.

NORECS OPPDRAG Norec er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Med utveksling som verkemiddel skal vi medverke til å nå dei overordna måla i norsk utviklingspolitikk. Utvekslingane er ein del av Norges faglege samarbeid med land i det globale sør. Internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for å oppnå Agenda 2030. Norec styrkar partnarskap mellom verksemder i Norge og samarbeidslanda våre. Tilnærminga vår bygger på utveksling av tilsette eller frivillige mellom verksemder som set seg individuelle mål i fellesskap. Partnarskapa skal organiserast slik at utvekslinga fører til gjensidig læring. Norec er det einaste kompetansesenteret for internasjonal utveksling i Noreg. Vi er her for å spreie kunnskap og inspirasjon til både verksemder og enkeltpersonar. Verksemdene drar nytte av arenaer for erfaringsutveksling og langsiktig oppfølging. Enkeltpersonane får både evne og vilje til å skape ei betre framtid etter utvekslinga. GJENSIDIGHEIT - vår kjerneverdi Gjensidigheit er ein overordna verdi og ei rettesnor for Norec. At eit partnarskap er gjensidig betyr at alle både bidreg og får noko ut av det. Alle partar er likeverdige i eit gjensidig partnarskap. Kvar aktør har myndigheit i prosessar og avgjerder som gjeld dei. Partnarane skal samarbeide om å utforme prosjekt, mål, rekruttere og følgje opp deltakarar, samt openheit om ressursbruk og budsjett. Dei set seg eigne mål, men som partnarar forpliktar dei seg til å hjelpe kvarandre med å oppnå desse måla. Tillit er tidskrevjande å bygge. Vi veit at gjensidigheit i eit partnarskap utviklast over tid. Denne tilliten som oppstår fører til deling av ansvar, eigarskap til kvarandre sine resultat og ei felles forståing av utfordringar. Gjensidigheit tydeleggjer bidrag, respekt og eigarskap til eigne målsettingar, og gir rom til å delta i utviklinga av eige samfunn. I tillegg til gjensidigheit har Norec nokre åtferdsverdiar som skal kjenneteikne både tilsette og deltakarar. Dei er forma som verdipar, og viser korleis vi skal takle fleire dimensjonar samstundes: Utfordre og vise respekt. Vere engasjert og profesjonell. 6 7

NORECS METODE utveksling for utvikling Norsk utviklingspolitikk tek utgangspunkt i FNs berekraftsmål og Agenda 2030. Saman med andre land skal Noreg bidra til ei fredeleg og rettvis verd der ekstrem fattigdom er utrydda. Dei tverrgåande omsyna Noreg meiner er særleg viktige er menneskerettar, kvinners rettar og likestilling, klima og miljø og antikorrupsjon. Gjennom utveksling styrkar Norec partnarskap som jobbar med å finne løysingar på desse utfordringane. Utveksling gir auka kunnskap, nye ferdigheiter og perspektiv for både enkeltpersonar og verksemder. Norec kursar og følgjer opp partnarskapa både før, under og etter utveksling. Kursa legg opp til aktiv deltaking og varierte læringsmetodar, for å auke motivasjonen for å vere ein endringsaktør og stimulere til refleksjon. Slik sikrar vi at alle involverte reflekterer over utvekslingssamarbeidet, og set det i ein global kontekst. Det har effekt på dei som reiser på utveksling DELTAKAR verksemdene som tek del i utvekslinga VERKSEMD LOKALSAMFUNN og omgjevnadene dei er ein del av PARTNARSKAP Partnarskap mellom verksemder står sentralt i metoden vår. Eit partnarskap kan bestå av to eller fleire aktørar som utvekslar mellom Noreg og land i det globale sør, eller land i det globale sør seg i mellom. Partnarane utvekslar tilsette eller frivillige for å dele kunnskap, erfaringar, ferdigheiter og perspektiv. Partnarskapa får rom til å endre aktivitetar og målsettingar for prosjekta medan dei lærer. Relasjonsbygging og utforsking av felles mål bidrar til å styrke arbeidet med 2030-agendaen. Norecs modell skaper resultat på fleire nivå samstundes: Det har effekt på dei som reiser på utveksling, på verksemdene som deltek i utvekslinga og omgjevnaden dei er ein del av. 8 9

PARTNARVERKSEMDER Partnarverksemdene skal legge til rette for at deltakarane både under og etter utveksling skal få lære bort og inspirere, lære og bli inspirert. Verksemder som ønsker å endre seg, og som tør å la seg utfordre, får inspirasjon til å arbeide på nye måtar gjennom eit Norec-prosjekt. Dei får kunnskap og ferdigheiter både frå deltakarar dei er vertskap for, og frå dei som kjem heim frå utveksling. Dersom dei klarar å dra nytte av denne kompetansen, styrkar dei evnene sine til å levere tenester til sårbare grupper og dei mest ressurssvake. Det viser ein effektiviseringsgjennomgang av Norec i 2018. Fleire omgangar med utveksling bygger tette relasjonar mellom verksemdene i eit partnarskap. Menneske på fleire nivå i organisasjonen blir involvert i samarbeidet, og det oppstår relasjonar mellom mange menneske. Relasjonane gir tilgang på fleire perspektiv, og kan få verksemder til å ta meir medvitne, berekraftige og sosialt ansvarlege val. UTVEKSLINGSDELTAKARAR Å leve i ein annan kultur der ein jobbar med andre faglege utfordringar over tid gjer noko med ein. Forståinga aukar, perspektiv og haldningar endrast, og ein får ny kunnskap og nye ferdigheiter. Erfaringa vår viser at desse endringane er førande for engasjementet og arbeidet til deltakaren i tiår etter utvekslinga. Ved å jobbe tett saman med og søke å forstå sine nye omgjevnader, kan deltakaren vere i stand til å dele kunnskapen sin og utfordre verksemda til å arbeide på nye måtar. Men erfaringa vår etter tiår med utveksling viser at det er deltakaren som kjem attende frå utveksling som tilfører verksemda mest. Ho kjenner verksemda best, og kan lokale kulturen og konteksten. Difor klarer ho å tilpasse løysingane ho har lært ute best mogleg. Ho deltek òg meir i frivillige organisasjonar og er meir engasjert i bistandsprosjekt i eige heimland. I Norec handlar ungt leiarskap om å inspirere deltakarar til engasjement, og styrke deira evner til å delta i avgjerdsprosessar. 10 11

NYTENKING OG LÆRING I strategiperioden har Norec to fokusområde for å betre både utvekslingsprosjekta og eigen organisasjon. Nytenking og læring. Desse må sjåast i samanheng. I Norec skal det vera rom for å tenke nytt og annleis, samtidig som vi alltid søker ny kunnskap ved å sjå på kvifor noko fungerer og andre ting ikkje gjer det. Nye metodar kan gi ny kunnskap og andre perspektiv. Norec vil stimulere til nytenking ved å samarbeide med eit mangfald av aktørar i alt vårt arbeid. Norec skal vere fleksibel i møte med partnarskapa og korleis dei utformar prosjekta sine, og vi skal lære av dei ulike tilnærmingane til verksemdene. Norec ønsker at partnarskapa brukar eigne metodar til å evaluere og lære av sine prosjekt. Vi oppfordrar òg kunnskapsinstitusjonar til å lære av og studere utvekslingsprosjekt med nye metodar og perspektiv. Å tenke nytt gir ikkje åleine betre resultat. Læring skal systematiserast gjennomgåande i Norecs verksemd. Det vil vere eit berande element i kunnskapsinnhenting og forvalting, så vel som i prosjekta som blir støtta av Norec. 12 13

1 Stimulere til bruk av utveksling i internasjonale samarbeid NORECS MÅL FOR 2022 Norec ønsker å stimulere til auka bruk av gjensidig utveksling i internasjonale samarbeid. Med god kunnskap om utveksling som metode kan fleire dra nytte av dei gode effektane det gir. Dette gjeld både for den enkelte, for verksemdene og partnarskapet. Norec-utveksling sikrar ei meir berekraftig utvikling og eit større perspektivmangfald for dei aktørane som deltek. Norec ønsker å nå breiare ut ved å oppsøke aktørar som er prioritert innanfor regjeringas tematiske satsingsområder. Vi ønsker å nå ut til dei som ikkje er ein del av utviklingsbransjen, men der vi ser potensial for fagleg samarbeid som vil bidra til å oppnå 2030-agendaen. Norec vil formidle resultata av utvekslingssamarbeid på arenaer der vi treff verksemder som kan dra nytte av utveksling gjennom Norec. Vi vil nå internasjonale samarbeid som kan dra nytte av kunnskapen vår for å betre sine partnarskap. Norec skal samarbeide med Kunnskapsbanken om kurs og seminar retta mot offentlege institusjonar med sikte på å komplimentere kvarandre og informere om kvarandre sine ordningar. Norec vil søke å ha fleksible, brukarretta ordningar for nye tilskotsmottakarar, slik at fleire kan få høve til å skape eigne erfaringar med gjensidig utveksling. Ordningane våre kan nyttast av internasjonale partnarskap. I tillegg skal Norec tilby utvekslingskomponentar til partnarskap som har samarbeid med Kunnskapsbanken. Norec vil legge til rette for refleksjon og læring saman med kursing, rettleiing og oppfølging av partnarskapa for å sikre fagleg utvikling i prosjekta. Norecs partnarar, deltakarar og alumni skal få tilgang til eit nettverk, og moglegheit for erfaringsutveksling. Partnarskapa skal organiserast slik at utvekslinga resulterer i gjensidig læring. Målet er at mange av partnarskapa samarbeider strategisk på måtar som over tid fører til utvikling hos alle involverte partar. Alle prosjekt som får stønad frå Norec bidrar til eitt eller fleire av Norecs overordna mål: Utvikle engasjement for globale utfordringar blant deltakarar, samarbeid om fagleg utvikling, og endring i verksemdene som bidrar til å nå FNs berekraftsmål. 14

2 NORECS MÅL FOR 2022 Konsolidere Norec som kompetansesenter Norec vil bruke strategiperioden til å konsolidere posisjonen vår som eit kompetansesenter innan internasjonal utveksling. Dette inneber å etablere ein praksis for å innhente, produsere, systematisere og formidle kunnskap relatert til utvekslingsverksemd i internasjonale partnarskap. Norec skal oppdatere rammeverk og endringsteori fortløpande når ny kunnskap blir etablert. Det vi veit om effektane av vellukka utvekslingar, og føresetnadene for å lukkast, skal publiserast i eigne rapportseriar. Norec har kompetanse på dei element som påverkar resultatet av eit utvekslingsprosjekt og kan tilby kunnskap om dette. Norec bruker innovative metodar og kjelder i jakta på ny kunnskap. Vi vil heile tida leite etter nye, betre løysingar. For å få best mogleg innsikt i ulike typar utveksling, søker vi samarbeid med eit mangfald av aktørar. Norec skal samarbeide med Kunnskapsbanken om kunnskapsproduksjon der dette er formålstenleg, og elles inngå eit samarbeid der Norec og Kunnskapsbanken held kvarandre orientert om ny kunnskap. Vi nyttar kommunikasjonskanalar, nettverk- og kursarenaer både for å samle og spreie kunnskap om effektar og resultat av utveksling. Norec har som mål å formidle utvekslingsfagleg kunnskap til tilskotsmottakarane våre gjennom eit mangfald av aktivitetar. Vi arbeider òg for å nå ut til verksemder som jobbar internasjonalt, eller har internasjonale partnarskap. Norec spreier kunnskap om korleis enkeltpersonar og institusjonar kan bidra til å skape ei betre verd. 17

3 NORECS MÅL FOR 2020 2022 Vere ein pådrivar innan moderne arbeidsmetodar Norec skal vere ein føregangsetat innan moderne arbeidsmetodar. For å formidle kunnskap og inspirere til handling har Norec ein fleksibel, effektiv, og tilpassingsdyktig forvalting og saksbehandling. Vi vidareutviklar kontinuerleg våre læringsarenaer, inkludert den faglege bistanden vi tilbyr i form av rettleiing og rådgiving. Norec leverer bidrag med høg fagleg kvalitet til nasjonale og internasjonale forum der spørsmål knytt til utveksling blir diskutert, og der kunnskap knytt til utveksling blir etterspurt. Norec skal tilby fleksible ordningar og vere orientert mot behovet til brukarane. Anbefalingane frå effektiviseringsgjennomgangen 2018 vert følgt opp ved at sakshandsaminga skal vere effektiv med digitale og brukartilpassa løysingar. Norec skal aktivt ta del i og oppsøke nettverk og samarbeidspartnarar, for å ha best mogleg praksis innan eiga verksemdsstyring. Ved utgangen av strategiperioden ønsker vi å bli oppfatta som eit leiande fagmiljø innanfor internasjonal utveksling for utvikling. Vi skal vere ein ettertrakta og relevant samarbeidspartnar for internasjonale partnarskap. For å lukkast må Norec vere ein attraktiv arbeidsplass som tiltrekker og utviklar medarbeidarar med kompetanse om utveksling. Norec skal vere ei inkluderande og ansvarleg verksemd som er bevisst sitt etiske og miljømessige avtrykk i alt vi gjer. Arbeidsmiljøet skal vere prega av rausheit, tryggleik og rom for å tenke nytt, feile og vere usamde. Norec tilbyr systematisert kompetanseutvikling for alle tilsette, der dei får nytte og utvikle kompetansen sin gjennom arbeidsoppgåver. 18

norec.no