VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 10.04.2018 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 14:45. Frå kl. 09.00 vitja formannskapet Berge samdrift. Kl. 10.30 var det videokonferanse med pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal Runar Finvåg som orienterte om oppgåvene til Pasient- og brukarombodet. Ordinært møte vart sett kl. 11.00. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 05.04.2018 Ordførar Lena Landsverk Sande leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Lena Landsverk Sande Ordførar V Bjarne Sætrenes Varaordførar FRP Ingebrigt Berget Medlem SP Idar Brekke Medlem H Øystein Blom Medlem KRF Lena Nordal Vedeld Medlem H Ottar Jan Løvoll Medlem AP 7 av 7 medlemar møtte. Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Terje Kolstad Kommunalsjef teknisk sektor. F.o.m. sak 38/2018. (Ikkje B- saker) Kåre Kvangarsnes Møtesekretær.
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel Arkivkode PS 35/2018 PS 36/2018 PS 37/2018 Godkjenning av innkalling Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Skriv og meldingar Orientering frå rådmannen. PS 38/2018 Marine naturtypekartlegging på Søre Sunnmøre 223 PS 39/2018 VAR-Område: Gebyrberekning 2018 233 PS 40/2018 Investeringsbudsjett 2018 - prioriteringar 151 PS 41/2018 Overføring av investeringsmidlar frå 2017 til 2018 151 PS 42/2018 B-SAK: Søknad om startlån - førehandsgodkjenning. 252 Eventuelt.
PS 35/2018 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 36/2018 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 37/2018 Skriv og meldingar Brev av 09.04.2018 frå Vanylven kommune, teknisk sektor til Selstad AS: Syvdsnes ferjekai gnr. 73 bnr. 3. Brev av 12.03.2018 frå Møre og Romsdal Politidistrikt: Polititenesta i Vanylven. Brev av 14.03.2018 frå Arbeidstilsynet: Tilsyn Vanylven kommune oppfylte pålegg. Orientering frå rådmannen; m.a. følgjande: Delte ut oppdatert oversikt over «Eventueltsaker» i formannskapet i 2018. Møte med Sande kommune om Bergsnev vassverk Kommunalpolitisk toppmøte i Oslo før påske. Fått invitasjonar til å halde foredrag om digitalisering m.m. Ordførar og rådmannsmøte Søre Sunnmøre Møte i SSIKT. Årsmelding og rekneskap for Vanylven kommune vert no oversendt revisjonen. Overskot på 17. mill. Intervju i samband med tilsetjing av ny rektor på Fiskå skule. Orientering frå ordføraren; m.a. følgjande: Kommunalpolitisk toppmøte i Oslo Næringskonferanse i Ørsta To vigslar før påske. Kjem fleire seinare i vår og til sommaren Samordningsmøte kommunen og Vanylven Utvikling Kystvegkonferanse i Ulsteinvik Hadde «ordførarkontor» på Coop Syvde sist fredag. Grendalagsmøte/folkemøte på Fiskå. Framlagde skriv og orienteringar vart tekne til vitande.
PS 38/2018 Marine naturtypekartlegging på Søre Sunnmøre Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: 1. Vanylven kommune ønskjer å vere med i pilotprosjektet om marine naturtypekartleggingar på Søre Sunnmøre. 2. Finansiering ved bruk av havbruksfondet med kr. 84.500,-. PS 39/2018 VAR-Område: Gebyrberekning 2018 Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Kommunale betalingssatsar for 2018 blir justert i samsvar med oppsettet nedanfor frå 01.01.2018: 1. Gebyrinntekter for Vatn vert heva 6,2% i høve til 2017. 2. Tilknytingsavgift for Vatn vert sett til 5 000 kr/tilknyting (eks. mva) som i 2017, og er fast for alle bygningar. 3. Gebyrinntekter for Avløp vert heva 7,0% i høve til 2017. 4. Tilknytingsavgift for Avløp vert sett til 5 000 kr/ tilknyting (eks. mva) som i 2017, og er fast for alle bygningar. 5. Gebyrinntekter for Renovasjon vert heva 6,8% i høve til 2017. 6. Gebyrinntekter for Slamtømming vert ikkje endra i høve til 2017. 7. Gebyrinntekter for Feiing vert ikkje endra høve til 2017. PS 40/2018 Investeringsbudsjett 2018 - prioriteringar Samrøystes vedtak som framlegget. 1. Formannskapet ser det slik at investeringsbudsjettet for 2018 er overkomeleg for teknisk sektor. 2. Formannskapet meiner pr. no at det ikkje er nødvendig med tilsetjing i prosjektstilling.
PS 41/2018 Overføring av investeringsmidlar frå 2017 til 2018 Samrøystes vedtak som framlegget Formannskapet tar til vitande at ubrukte investeringsmidlar frå 2017 vert overført til 2018 i samsvar med tabellen i saksutgreiinga. PS 42/2018 Søknad om startlån - førehandsgodkjenning. Det vart bedt om at ein drøfta om saka skulle handsamast for lukka dører. Debatten om lukking av møtet vart halden for opne dører. Med heimel i kommunelova 31 nr. 4 vedtok formannskapet samrøystes å handsame saka for lukka dører. Grunngjevinga er at saka gjeld personlege/sensitive tilhøve til einskildperson. Samrøystes vedtak som framlegget. Søknad om førehandsgodkjenning vedr. startlån blir ikkje imøtekommen. Eventuelt: Øystein Blom viste til oppslag i VG sist laurdag der det går fram at Vanylven kommune kjem dårleg ut når det gjeld lovpålagt tilsyn med fosterheimsborn. Spurde om dette stemmer. Rådmannen stadfesta at dette er korrekt. Grunnen er m.a. sjukmeldingar i barnevernet. Det er no sett inn tiltak, m.a. gjennom auka bemanning. Ottar Jan Løvoll tok opp følgjande: Problemstillingar kring planar om å splitte opp ferjerute 01 Larsnes Åram Voksa Kvamsøya i to. Bad om at ordføraren følgjer opp saka. Kystvegkonferanse i Ulsteinvik sist veke. Positiv og god konferanse. Viktig å ha fokus på strekninga Vågsøy Ålesund, sjølvsagt inkludert Rovdefjordsambandet. Trafikktilhøva mellom bedehuskrysset og skulen på Fiskå. Kva kan gjerast? Ordføraren viste til at det vert arbeidd med trafikktryggingsplan.
Varaordførar Bjarne Sætrenes tok opp desse sakene. Gamle falleferdige bygningar. Kva skjer? Kommunalsjef teknisk sektor opplyste at ein arbeider med saka. Ein har vore i kontakt eigarane, og ein har også fått fjerna nokre slike bygningar. Gatelys i Syvde. Fell ofte ut, då skjer det det hærverk. Spurde om kommunen har fått melding om at lysa fell ut. Det vart opplyst at kommunen ikkje har fått melding om dette. Ottar Jan Løvoll opplyste at han har fått opplyst frå BKK at dette skal bli ordna. Formannskapet bad om at kommunane i Tussa-området vurderer felles anbodsutlysing på veglys. Ingebrigt Berget tok opp følgjande: Status for reguleringsplan Åheim? Kommunalsjef teknisk sektor opplyste at ein arbeider med planprogrammet som skal vere ferdig i vår. Det vert halde folkemøte. Vidaregåande skular samarbeid mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Ordføraren opplyste at ho har fått tilbakemelding om dette ikkje er aktuelt å drøfte no. Må vurderast i ny skulebruksplan. Det var ynskje om møte med utdanningsutvalet i Møre og Romsdal. Ynskje om gratis tomter i kommunale byggefelt, og at det vert lettare å få startlån. Terrasser utanfor husværa på Åheimtun. Fått tilbakemelding om sterk misnøye med storleik og leveggar. Rådmannen tok opp sak der det vart bedt om at saka vart drøfta for lukka dører. Debatten om lukking av møtet vart halde for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 3 vart det samrøystes vedteke å drøfte saka for lukka dører. Grunngjevinga er at saka gjeld tenestemessige tilhøve til einskildpersonar. Rett utskrift 11.04.2018 Kåre Kvangarsnes