Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll Møtedato: 17.03.2011 Møtetid: Kl. 15:45 17:15 Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.: 001/11-006/11 Forfall meldt frå følgjande medl. Samson Hamre Erling Aga Følgjande varamedl. møtte Vara kunne ikkje møta Vara ikkje innkalla Møteleiar: Frå adm. møtte: Diverse: Leiar Trygve Sæbø Sekretær Anne Gerd Nysveen Djønne Underskrifter: Trygve Sæbø Elisabeth Hauge Marie Synnøve Børve Bergljot Maria Veivåg Harald Myklathun John Helge Rasmussen Torunn Sorteberglien
Sakliste Sak nr. Saktittel 001/11 Godkjenning av møtebok 002/11 Meldingar 003/11 Drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2010 004/11 Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark 2011 005/11 Høyring på lokal forskrift om motorferdsel i utmark og på vassdrag i Eidfjord kommune. 006/11 Bruksendring av flor i Peisabotn Tiltakshavar: Nils Frøynes, Svanhild Fagertveit og John Ove Rørnes,
001/11: Godkjenning av møtebok Møteboka frå møte 16.12.2010 vert godkjent slik ho ligg føre. TUV-001/11SAMRØYSTES VEDTAK: Møteboka frå møte 16.12.2010 vart godkjent slik ho låg føre. 002/11: Meldingar Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. TUV-002/11SAMRØYSTES VEDTAK: Meldingane vart tekne til orientering slik dei låg føre. 003/11: Drift av Tilsynsutvalet i Hordaland 2010 Rekneskapen for 2010 vert godkjent slik den ligg føre.
TUV-003/11SAMRØYSTES VEDTAK: Rekneskapen for 2010 vart godkjent slik det låg føre. 004/11: Motorferdsel i Hardangervidda nasjonalpark 2011 Søknadane vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Utvalet gjekk gjennom motorferdselsøknadane. TUV-004/11SAMRØYSTES VEDTAK: NOF Hordaland: Wenche Iversen: NVE: Søknad om motorferdsel i samband med registrering av heggeplassar/hekkeforsøk for jaktfalk i områda vest for ei tenkt linje frå Hjølmo/Veig til Litlos. Tidsrom for transporten er om lag 11.-25. april, og vil verta gjennomført i samarbeid med SNO. Sannsynleg maksimalt 3 dagsturar i denne perioden. Det er ynskjeleg å gjennomføra dette dei komande 2-4 år. Søknaden vert imøtekomen for 2011. Det er ein forutsetning at transporten vert gjennomført i samarbeid med SNO, som til ei kvar tid tek omsyn til villrein og kalving. Løyvet vert utvida til å gjelde i tida 11.04. 01.05.2011, men at ein prøver å unngå å bruka påskeveka då det i denne perioden er mykje folk i fjellet. Søknad om landing med fly på Kvennsjøen i samband med fisketur der ein av personane er 83 år. Han har gått i fjellet i 50 år, men viser ikkje til særskilt tilknyting til staden eller garnfiskerett på statsalmenning. Søknaden får avslag då det ikkje er heimel i gjeldande regelverk for å gi løyve til dette føremålet. Søknad om motorferdsel i samband med snø og hydrologiske undersøkingar i 2011. Liknande målingar vart gjort i 2010, og er ynskt vidareført i 2011. Det vert søkt om å nytta 3-4 snøskuterar
fordelt på 2-3 feltteam begrensa til 3-5 dagar i perioden 21.03. 16.04. evnt. veke 17. Transporten vert utført av peronell frå NVE og mannskap frå Hardangervidda fjelloppsyn/villreinutvalet for Hardangervidda. Søknaden vert imøtekomen. Det vert gjeve løyve til å nytta 4 snøskuterar i 5 dagar i tida 21.03. 16.04. og evnt. veke 17 dvs. 26.04 01.05.2011 i samband med snømålingar innan Hordaland sin del av nasjonalparken. Det skal takast særleg omsyn til villreinen i området. Kinso Grunneigarlag: Søknad om transport til bru over Kinso nedanfor utfallsosen i samband med reparasjonsarbeid/vedlikehald av denne. 12 turar i tida mars 01.05.2011 for transport av material og utstyr. Søknaden vert imøtekomen med 12 turar/retur i tida 18.03. 01.05.2011. Per Frode Bu: Lars Inge Aga: Søknad om 2 turar/retur med trakkemaskin frå Våkavad via Dalamot til Vasslie ved Buvadet. Transport av materialar til bygging av hytte, jfr. byggjeløyve av 03.01.2010 frå Ullensvang herad. Søkjar vert beden om å kartfeste trase for køyring. Dette for å sikra at det er framkomeleg med trakkemaskin for denne transporten. Når dette er sikra kan løyve gjevast. Søknad om 8 turar for transport av materialar til nytt tak på hytte i Hansbu, jfr. byggjeløyve av 10.02.2011 frå Ullensvang herad. I tillegg til å nytta 2 skuterar er det søkt om å transportere med ATV 4-hjuling med belter på. Tidsrom for transporten er 01.01. - 01.05.2011. Søknad om transport til Hansbu med snøskuter vert imøtekomen. Transport med ATV med belter må vente på avklaring om desse er lovlege å nytta frå vegdirektoratet iflg. politiet. Transportløyvet gjeld 8 turar /retur frå 18.03. 01.05.2011. 005/11: Høyring på lokal forskrift om motorferdsel i utmark og på vassdrag i Eidfjord kommune. Tilsynsutvalet i Hordaland har ikkje innvendingar til høyringsutkastet som ligg føre til Forskrift om motorferdsel i utmark og på vassdrag, Eidfjord kommune, Hordaland.
TUV-005/11SAMRØYSTES VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland har ikkje innvendingar til høyringsutkastet som ligg føre til Forskrift om motorferdsel i utmark og på vassdrag, Eidfjord kommune, Hordaland. 006/11: Bruksendring av flor i Peisabotn Tiltakshavar: Nils Frøynes, Svanhild Fagertveit og John Ove Rørnes, Saka vert lagt fram for Tilsynsutvalet i Hordaland i møte utan framlegg til vedtak. Tilsynsutvalet i Hordaland i møte 17.03.2011 kom med fylgjande framlegg til vedtak: Tilsynsutvalet i Hordaland oppfattar søknaden som eit spørsmål om konsekvensane av ei bruksendring av floren vil få konsekvensar for oppsetjing av ei ny hytte i stølsbolet. Spørsmålet om oppsetjing av ny hytte ligg ikkje til Tilsynsutvalet, og eventuell førespurnad må difor gjerast til Fylkesmannen i Hordaland. TUV-006/11SAMRØYSTES VEDTAK: Tilsynsutvalet i Hordaland oppfattar søknaden som eit spørsmål om konsekvensane av ei bruksendring av floren vil få konsekvensar for oppsetjing av ei ny hytte i stølsbolet. Spørsmålet om oppsetjing av ny hytte ligg ikkje til tilsynsutvalet, og eventuell førespurnad må difor gjerast til Fylkesmannen i Hordaland.