Innovasjonstalen 2015



Like dokumenter
Innovasjonstalen 2015

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Strategiplan for Apoteka Vest HF

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

mmm...med SMAK på timeplanen

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Forslag frå fylkesrådmannen

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

5. Soknerådsmøte mai Referat

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Samansette tekster og Sjanger og stil

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Vurdering av allianse og alternativ

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Brødsbrytelsen - Nattverden

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Følgjande tabell viser fylkesrådmannen si rapportering på forvaltninga av ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den nye seksjon for applikasjonar

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Plankonferansen i Hordaland Attraktivitet og stadinnovasjon i Hordaland. Solveig Svardal. Forståingsramme

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

«Ny Giv» med gjetarhund

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Sandeid skule SFO Årsplan

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Til deg som bur i fosterheim år

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Transkript:

Innovasjonstalen 2015 Kjære ministrar, politikarar, oppdragsgjevarar, næringslivsleiarar, gründerar, interesseorganisasjonar, media og ikkje minst; neste generasjon nyskaparar og endringsagentar! I 2013 introduserte Gunn Ovesen den første innovasjonstalen i Noreg med følgjande ord: «Eg lovar å gje Noreg ein dag kvart år der innovasjonsfokuset er viktigare enn alt anna. Statsministeren har nyttårstalen sin. Sentralbanksjefen har årstalen sin. Eg vil halde landets innovasjonstale, kvart år. Eg kjem til å starte med å beskrive situasjonen slik eg ser den, og peike på nokre heilt sentrale utfordringar for Noreg. Så vil eg leggje fram forslaga mine til å løyse nokre av dei utfordringane vi står framfor.» - og frå då blei Innovasjonstalen etablert, ein viktig arv vi tek med oss vidare. Statsministeren og sentralbanksjefen var samstemte i årstalane sine: «Landet vårt går frå særstilling til omstilling. Vi må bli betre på å skape nytt. Vi må ruste Noreg for framtida. Trongen for omstilling gjev oss høve til å skape eit betre og grønare samfunn.» Og NHO sjefen sette perspektivet på årskonferansen sin: «Utviklinga av Noreg handlar om å ruste oss for verdsmeisterskap, ikkje kretsmeisterskap.» Nettopp! Ja, sjansane for Noreg framover er store, men skal vi klare å skape meir nytt, å ruste Noreg for framtida, å leie ikkje berre delta i framtidas verdsmeisterskap, ja då er det på tide å leggje inn eit nytt gir, no. I 2014 kom alvoret. Noreg fekk ein økonomisk wake-up call. Olje- og gassprisen blei halvert. Dette var også året då trusselen om klimaskiftet blei tatt på alvor av dei fleste. President Obama og president Xi Jingping signerte ein historisk avtale om reduserte utslepp. I ei verd som står framfor store sosiale og miljømessige utfordringar gjev det også meining å

styrke norsk næringslivs muligheit til å bidra med løysingar på desse problema. Store utfordringar representerer store marknader. 2014 blei også året der heile landet forstod kor sårbar norsk økonomi er, og behovet for ei grøn omlegging engasjerte langt utover dei klassiske naturvernmiljøa. Men vi må ikkje gløyme betydinga olja har hatt for utviklinga av Noregs posisjon og velstand dei siste førti åra. Vi må klare å ha to tankar i hovudet samtidig, å akseptere sameksistens, for det blir fundamentet for det nye. Og vi veit vi må ha fleire bein å stå på framover; vi må leggje om den klassiske økonomiske veksten i ei meir bærekraftig retning; vi må reformere dei kostbare velferdsordningane våre; vi kan ikkje ta norsk levestandard for gitt eller tru at det offentlege fortset å bli finansiert av ei utømmeleg pengekjelde. Etter 40 år med velstand er det vi, Noreg, som må endre fokus framover, alle saman, frå «dette har eg krav på» til «dette kan eg bidra med», «klare meg utan», eller minimum, «ikkje ta for gitt». Og la meg starte med å stadfeste ein ting, etter ni månadars reise i inn- og utland, etter hundrevis av møte med norske gründerar og vekstselskap: Det er ingenting i vegen med norsk skaparkraft eller vilje til å bidra i omstillinga. Vi har gjort det før og vi skal klare det denne gongen også. Og det er der ein kanskje «ikkje skulle tru at nokon kunne skapa» - at skaparlysta og viljen er størst. For norsk skaparkraft er summen av alt vi får til på kvart nes, kvart tun, kvar by over heile landet. Det er summen av denne innsatsen som utgjer vår kollektive produktivitet. Og her blir det fristande å sitere Gro: Alt heng saman med alt. Den internasjonale marknaden, verda, er ikkje opptatt av vårt nasjonale fokus på kommunegrenser. Dei tenkjer Noreg, dei tenkjer Norden dei tenkjer kvalitet, integritet, grønt, teknologi, reint, demokrati, eit oppegåande og kunnskapsrikt folk og stabilitet. Men sjølve er vi framleis litt usikre. Må vi leggje om giret heilt enno? Kan vi ikkje berre fortsetje litt til som før? Det er jo inga krise, ikkje sant? Diskusjonane om kor lenge vi kan leve av olja, at det kortsiktig ikkje er krise i landet vårt, det blir sekundært frå eit innovasjonsperspektiv. Vi veit vi må skape nye arbeidsplassar, revitalisere eksisterande primærnæringar,

investere for å løfte fram nye næringar, og sikre ei anna fordeling av eksportinntektene til Noreg i framtida. Vi må fornye det offentlege og sørgje for ein grønare vekst. Det er inga kvilepute at vi ikkje er i akutt krise akkurat no, det er eit fantastisk høve til å posisjonere landet vårt for eit nytt skifte vi veit kjem, på verdsbasis. Det skiftet, eller megatrenden, blir ofte referert til som den «sjette utviklingsbølgja» i verdsøkonomien bærekraftbølgja, som følgjer etter informasjonsteknologi-bølgja og tidlegare økonomiske periodar dominert av andre teknologiske nyvinningar som dampkraft, elektrisitet og romfart. Her er Noreg svært godt posisjonert og denne overordna megatrenden bør vere eit berande prinsipp for utviklinga av norsk innovasjonspolitikk framover, og den er godt skildra i rapporten om Draumeløft. Men det er på tide at vi også snakkar om dei mange og krevjande ansikta til innovasjonen. For skal vi klare å skape noko nytt, må vi også endre det vi gjer og måten vi gjer ting på. Innovasjon i sin yttarste forstand representerer også destruksjon - av det etablerte, av tradisjonar og kultur. Dette handlar om å akseptere at nokon må gå føre og ta modige og vanskelege val på kort sikt, som vi vil sjå tilbake på og vere stolte av at vi tok. For når vi historisk skal summere opp noko som går bra, då blir det «vi» som tok valet. Det handlar om å ta risiko no, om å leie i ukjent terreng, om å stille spørsmål til etablerte sanningar og maktstrukturar for å etablere nye. Det blir ikkje enkelt, men det er heilt naudsynt. Noreg er eit lite land, med eit avgrensa tal hovud og marknad. Vi kan ikkje gjere alt eller tru at marknaden vil gjere dei rette vala for oss. Vel du ikkje å velje, har du også gjort eit val. Vi har vorte vande til å tru at vi kan vere best i klassen i det aller meste. Vi skal vere mest miljøvennlege, mest distriktsvennlege, ha dei beste arbeidsvilkåra, dei beste velferdsordningane, den kortaste arbeidstida, den lengste ferien og den beste lunsjen. Blir det automatisk slik også for kommande generasjonar? Nei, då må vi prioritere og vi må la politikarane våre få prioritere for oss. Og dei må ha mot til å utfordre oss. Mot til å utfordre oppfatninga om at vi kan vere best i alt til ei kvar tid. Vi skal inn i ein reell omstillingsfase i landet no, det blir krevjande.

Derfor er det så viktig at leiarane i landet trur på og torer å gjennomføre dei grepa som må til for at vi klarer omstillinga. Innovasjon Noreg er optimistar på vegne av norsk næringsliv. Norske arbeidstakarar er godt utdanna og kreative, vi har mange innovative bedrifter, sterke klynger, eit velutvikla velferdssystem, eit avansert verkemiddelapparat, fred og sosial stabilitet. Det vi må få på plass no er ein klar strategi og retning for kvar vi ynskjer gå, kva det vil koste oss og korleis vi skal nå dei måla vi set oss. Vi meiner at norsk næringsliv, generelt sett, er innovativt, i den forstand at bedriftene viser stor evne til å gjere ting på nye måtar for å nå dei måla dei set seg. Vi veit at det finst innovasjonsstatistikk som kan tolkast i ei anna retning. Det gjeld ikkje minst EU-kommisjonens Innovation Union Scoreboard, ein komposittindikator som i 2015-utgåva framleis rangerer Noreg som nr. 17 i Europa. SSB, NIFU og andre har vist at denne indikatoren ikkje fangar opp den reelle norske innovasjonsevna. Innovasjon Noreg samarbeider allereie godt med Statistisk sentralbyrå, Noregs forskingsråd og relevante forskingsmiljø om den vidare utviklinga av den norske innovasjonsstatistikken. Vi vil ta initiativ til ein prosess der vi kan finne nye måtar å gje ein meir heilskapleg presentasjon av norsk innovasjonsevne også samanlikna med andre land. Å forstå våre eigne føresetnader og premissar for innovasjon, å ha same oppfatninga av verkelegheiten, å stille riktig «diagnose», er fundamentet når vi skal velje rett «medisin» framover. Så kva skal til? Her er våre seks tilrådingar: 1. Vi må prioritere. Vi har eit stort behov for å byggje nye landslag der Noreg allereie har komparative fortrinn internasjonalt. I fleire og fleire land dreier innovasjonspolitikken mot store utfordringar dei har føresetnader for å møte. Dit må vi også framover. EU gjer det med gigaprogrammet Horisont 2020. Danmark gjer det gjennom innovasjonsstrategien sin. Vi bør også satse på område der Noreg har den kompetansen som skal til for å gjere ein skilnad. Vi er godt skodd til å vere ein viktig leverandør til løysingar på dei sju samfunnsutfordringane EU har definert, her under helse, berekraftig matproduksjon, rein energi, og effektiv ressursbruk.

For det er ingen konflikt mellom generelt gode rammevilkår og målretta verkemiddel. Langtidsplanen for forsking identifiserer fem tematiske satsingar, det bør også speglast att når og viss vi ynskjer å kommersialisere forskingsresultata våre, som handlar om å omsette ny kunnskap til nye bedrifter, arbeidsplassar og næringar. Vi må investere meir, men kanskje viktigast; innovere meir i dagens rammevilkår for å gjere dei tradisjonelle industriane våre grøne og fornybare, og for å attrahere internasjonale investeringar til Noreg. Og vi må ta utgangspunkt i det internasjonale omdømmet vårt som ein legg vekt på berekraftige og miljømessige forhold. Dette gjeld posisjonen vår innan maritim sektor. Ja, og vi har den kompetansen som trengst til å gje verda rein energi. Vi har dei beste føresetnadane frå landbruk- og marin sektor for å lukkast med å posisjonere oss inn i den nye bioøkonomien. Vi kan byggje nye næringar rundt velferdsteknologi, medisin, finans og utdanningsteknologi. 2. Ja, vi må satse på oppstart av heilt nye bedrifter, og aldri før har entreprenørskapslysten vore større i Noreg! Delen som meiner entreprenørskap gjev høg status har auka frå 59 % - 83 % i perioden 2003-2014. Omstillingssituasjonar er ofte einstydande med Klondike tilstandar for gründerar. Men vi må også hjelpe dei eksisterande bedriftene og dei store. Vi har få av dei store, men dei er viktige lokomotiv for dei små og representerer eksportinntekter og arbeidsplassar med stort vekstpotensial. Vi må klare begge deler: å utvikle dei store og å etablere fleire små, samtidig som vi får fleire av dei små til å vekse. Det er vår største utfordring det vert etablert for mange enkeltmannsselskap utan vekstpotensial eller ambisjonar for anna enn å dekke eiga lønn. Vi skal også ha rom for dei, men vi må ha fleire vekstkraftige selskap her til lands, styrke dei etablerte klyngene våre og opprette nye klynger, på tvers av bransjar, for å profesjonalisere og realisere vekstpotensialet i næringar som består av mange små aktørar. Samarbeid er den nye konkurransekrafta.

3. Vi må innovere og omstille meir i det offentlege. Den offentlege innkjøpskrafta representerer rundt 400 milliardar årleg. Den kan nyttast til å skape innovasjon i samspel med private leverandørbedrifter. Vi har eit skrikande behov for å omstille og innovere offentlege tenester. Ifølge nasjonalrekneskapen auka delen offentlege årsverk frå under 17 % i 1970 til nesten 29 % i 2013, i reine tal blir det frå 250 000 til 700 000 årsverk. Utviklinga i offentlege årsverk er prega av at visse omsorgstenester som tidlegare blei utført av familiemedlemmer, i aukande grad har vorte overtatt av kommunale tilbod. I tillegg har alderssamansetninga og medisinsk utvikling ført til auka trong for omsorgs- og sjukehustenester. Den framtidige utviklinga i storleiken av offentlig forvalting avheng i hovudsak av kor vidt den store auken i desse tenestene vil fortsetje, og ikkje minst kor innovative vi er i vidareutviklinga av tenestene. Her kjem trongen for eit stort løft av digital kompetanse inn. Rolla til teknologien i utviklinga av innovasjonsgraden av offentlige tenester framover må ikkje undervurderast - og det må ikkje setjast likskap med innkjøp av nye teknologiske løysingar når vi snakkar om digitalisering i det offentlege - det handlar først og fremst om forståinga for kravet til endring og innovasjon i eksisterande arbeidsprosesser, samarbeidskultur og kompetansebehov for å vere relevant for kundar og brukarar. 4. Vi må synleggjere, tilgjengeleggjere og ikkje minst forenkle alt vi allereie har av offentlege tilbod til dei som vil skape og endre (og det er mykje, frå førstelinjetenesta i kommunane til næringshagar, inkubatorar, etableringsstipend, Skattefunn, og vi må snakke same språk. NFD er allereie i gang med dette arbeidet. Og det er heilt naudsynt. Og så må vi slutte å tru at løysinga på alt er meir tilførsel av kapital åleine. Det handlar meir om omdisponering og innretning av allereie tilgjengeleg kapital og rammevilkår i Noreg, til å støtte opp under det næringslivet som byggjer de arbeidsplassane vi vil ha og skal leve av framover. Og det handlar om ei kulturendring der det å vere stolt ikkje berre går på å forske fram dei gode ideane, å vinne prisar for framståande tankar - vi må også byggje større stoltheit rundt evna til å kapitalisere på dei kloke

hovuda, til å konkurrere internasjonalt, med norske løysingar, kunnskap og produkt. Og vi må bli meir marknadsorienterte. Vi har ein tendens til å utvikle produkt og løysingar som det viser seg ikkje har livets rett når produktet endeleg er ferdig, eller godt nok og jakta på kunden startar. Då er det for seint. Den krevjande kunden må vere med frå dag 1. Hovudårsaka til at oppstartsselskap går konkurs, både ute og heime, er først og fremst mangel på kundar, mangel på inntekter og marknad. 5. Vi må gjere oss nytte av all arbeidskapasitet i landet. Arbeidsløysa vår er framleis låg, men den aukar og vil auke. Vi må få fleire av dei som fell utanfor inn i arbeidslivet. Auka forståing og satsing på sosialt entreprenørskap er ein del av denne løysinga. Sosialt entreprenørskap er i eit overlappingsfelt mellom offentleg, friviljug og privat sektor. Desse gründerane, eller ekstraprenørane som dei også vert kalla, adresserer uløyste oppgåver innan blant anna skule (barn og unge), helse og velferdstenester (uutnytta ressursar, dei som fell utanfor, sjuke, eldre), men også innan miljø og kultur. Berekraft og å kunna vera skalerbar er like viktig her som i reint kommersielle bedriftsetableringar, og dei har det same potensial for vekst internasjonalt. Og for neste generasjon gründerar handlar det ikkje berre om å gjere ei kortsiktig «kule». Vi ser ein klar trend og framvekst av sosiale entreprenørar, som ser og er drivne av eit uløyst problem eller ei utsett målgruppe, i næringa si, i kommunen sin, i nærområdet sitt og bestemmer seg for å bli ein aktiv del av løysninga. Vi treng fleire slike entreprenørar i møtet med dei samfunns- og miljøproblema vi står framfor akkurat nå. Innovasjon Noreg har berre unntaksvis via dette området merksemd, og auka effekt vil ha stor innverknad både for samfunn og for næringsutvikling. Vi vil derfor i 2015 sjå på korleis vi kan etablere ei tydelegare satsing for å støtte sosialt entreprenørskap. 6. Omstillinga vi står framfor krev først og fremst modig leiarskap, hos våre politikarar, bedriftsleiarar, partssamarbeidsaktørar - hos heile folket. NHO sjefen sa det på følgjande måte i sin årstale: «faren ved å blande

fornuft og kjensler er at vi let vere å gjennomføre ting vi eigentleg er einige om. Vi må la politikarane forvalte den tilliten vi har gitt dei ved urnene også når det inneber å skjere gjennom for fellesskapens beste». Og det betyr å ta ekstra upopulære val, å la politikarane våre kompromisse meir enn vi er vande til for det må til. I dag presenterer vi resultata av mobiliseringsarbeidet Draumeløftet. Her vil vi formidle hundrevis av innspel og forslag frå over 80 ulike arrangement frå alle næringar i inn- og utland som politikarane kan vurdere og debattere framover. Vi vil presentere analysen vår av no situasjonen i landet vårt. Vi vil dele resultata av vår eigen endringsprosess som handlar om å rigge oss best mogleg mot morgondagens oppgåver og dei klare ynskja og behova til kundane våre. Og vi har laga ein hyllest til for fedrane- og mødrene våre, og summerer opp 150 års historie, for ikkje å gløyme verdien av norsk verkemiddelapparat i utviklinga av norsk arbeidsliv og næringsliv. Vi har starta reisa, de skal få måle oss kvart år. Vi har ein ambisjon: Å bli ein uvurderleg aktør i arbeidet med å gå frå særstilling til omstilling. Vi i Innovasjon Noreg har lagt inn eit nytt gir. Vi lovar å bidra med alt vi kan, alt vi er og kan bli for norsk næringsliv framover. For Noreg har den kompetansen og føresetnadane som skal til for å klare omstillinga, for å gjere ein skilnad, også utover eigne landegrenser - og vi er med heile vegen! Vi skal heie høglydt på kundane våre, for dei representerer den vesle %delen av den norsk befolkninga som torer å gå fremst, som er så naive at dei trur dei kan endre verda med løysingane og produkta sine.