TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING Fyresdal kommune Hegglandsgrend Haugen øvre GNR. 44, BNR. 1
RAPPORT FRÅ KULTURHISTORISK REGISTRERING Kommune: Fyresdal Gardsnamn: Haugen øvre Gardsnummer: 44 Bruksnummer: 1 Tiltakshavar: Adresse: Vest-Telemark Kraftlag 3891 HØYDALSMO Namn på sak: Planer om 230 V kabel ved Hegglandsgrend dagligvare. Saksnummer: 07/1732 Registrering utført: 01.10 2007 Ved: Jan Berge Rapport utført: 02.10 2007 Ved: Jan Berge Undersøkingstype Maskinell sjakting Overflateregistrering Prøvestikking Metallsøk Observasjon X Fornminnetype Askeladden id. Autom. freda kulturminne i området: Gravhaugar Id.91735 Nyare tids kulturminne i området: Naturvitskaplege prøver ( 14 C) Faglege konklusjonar: X Planen er ikkje i konflikt med kulturminne Automatisk freda kulturminne Planen er i konflikt Nyare tids kulturminne Planen er i konflikt Tal dagsverk: 2 Merknadar: - 1 -
INNHALD: BAKGRUNN OG SAMANDRAG..3 OMRÅDET 4 TERRENGET 6 TIDLEGARE REGISTRERA KULTURMINNE 8 STRATEGI OG METODE 9 TIDSROM OG DELTAKARAR...9 KONKLUSJON..9 INGEN KULTURMINNE...9 VEDLEGG.10-2 -
Bakgrunn og samandrag Bakgrunnen for planen er at Vest-Telemark Kraftlag skal legge ein 230 V kabel rett N for Heggland Daglegvare, og rett S for gravhaugen id.nr. 91735-1 i Askeladden. Samstundes skal eit kabelskap flyttast nokre meter. Grunnen til at fylkeskommunen ville overvake gravinga av kabelgrøfta, er den umiddelbare nærleiken til gravfeltet id.91735, som består av to store gravhaugar. Kanten på den næraste av desse ligg berre 8-10 meter NV for der kabelgrøfta startar. Det var då viktig å sjå til at vernesona på 5 meter ikkje vart broten, samt sjå etter restar av andre automatisk freda kulturminne i samband med grøftegravinga. Grøfta vart starta utanfor vernesona med få meters margin, i eit område som frå før er jamna ut og graven i, både i samband med vegen og kabellegginga til Telenor for nokre år sidan. Under resten av grøftinga kom det ikkje fram teikn på førhistorisk aktivitet, og særleg området i vest var både utplanert og påfylt. Kart 1: Plasseringa av planområdet i Telemark fylke. - 3 -
Området Planområdet ligg i grenda Hegglandsgrend, ca. 5 km N for Fyresdal sentrum. Grøfta skulle leggast vest for riksveg 355, i nordleg del av asfaltkanten ca. 8 m N for daglegvarebutikken i Hegglandsgrend. Kart 2: Plasseringa av planområdet i Fyresdal kommune. -4-
Kart 3: Detalj av planområdet og den ferdige grøfta markert. - 5 -
TERRENGET Terrenget i området rundt planområdet er i all hovudsak hus, veg, dyrka mark og furuskog. Sjølve traseen til kabelen er ein delvis utplanert graskledd skråning i ein morenerygg, men mesteparten går på asfalt og over ein grusveg. Dei omfattande moderne aktivitetane i samband med utplanering og påfylling i området, gjer det svært lite sannsynleg at eventuelle fornminne i akkurat dette området skal kunne gjenfinnast. 1. Luftfoto planområde. Id.91735 ligg på den skogkledde ryggen mellom vegen og fotballbanen litt til venstre for midten av biletet. - 6 -
2. Mot byrjinga av kabelgrøft og id.91735-1. Mot NNV. 11. Planområdet før grøfting. Mot NØ. 12. Planområde før grøfting. Mot V. 20. Midtre del av grøft. Mot ØNØ. 24. Midtre del av grøft. Mot V. 27. Byrjinga av grøft samt bardunankerhol. Id.91735-1 i bakgrunnen. Mot N. - 7 -
TIDLEGARE REGISTRA KULTURMINNE Innanfor planområdet er det frå før registrert to gravhaugar, Askeladden id.nr. 91735-1&2. Begge er ganske store gravhaugar, truleg jordblanda røyser, ca. 10 i diameter og 1,5 m høge. Id.91735-1 ligg lengst mot S, og har ei grunn plyndringsgrop. Id.91735-2 ligg ca. 20 m N for id.91735-1, rett ved vegen og lett synleg frå denne. Denne haugen har to tydelege plyndringsgroper og ei meir diffus kantgrøft. Begge er plassert på ein liten morenerygg med rv355 i aust og ein liten fotballbane i vest. For tida er dei ganske tilgrodd med buskas, lyng og mindre furuskog. 4. Id.91735-1. Mot SV. - 8 -
7. Id.91735-2. Mot VSV. Strategi og metode Problemstillinga i denne undersøkinga var utelukkande å sjå til at ikkje vernesona til id.91735 vart krenka, samt sjå til at arbeidet ikkje kom i konflikt med kulturminnelova om nye funn av automatisk freda kulturminne skulle dukke opp. I praksis gjekk dette enkelt ut på at registrator sto og følgde med når kabelgrøfta vart graven. DELTAKARAR OG TIDSROM Feltleiar på denne undersøkinga var Jan Berge. Vest-Telemark Kraftlag stilte sjølv med innleia maskin og førar. Været var bra. Oppdraget tok ein dag i felt og ein dag med etterarbeid i tida 01-02.10.07. INGEN KULTURMINNE Konklusjon Vernesona til id.91735 vart ikkje krenka. Det vart heller ikkje gjort funn av nye, automatisk freda kulturminne under denne grøftegravinga. - 9 -
SKIEN 02.10.07 Jan Berge... Feltleiar Vedlegg: Fotoliste Fotoliste: Nr. Motiv Retn. Dato Init. 1. Luftfoto planområde. NØ?? 2. Mot byrjinga av kabelgrøft og id.91735-1. NNØ 01.10.07 JB 3. Id.91735-1 NNV 4. Id.91735-1 SV 5. Id.91735-1 SØ 6. Id.91735-2 NV 7. Id.91735-2 VSV 8. Id.91735-2, plyndringsgrop. NØ 9. Id.91735-2 NØ 10. Id.91735-2 SV 11. Planområde før grøfting. NØ 12. Planområde før grøfting. V 13. Planområde nærast id.91735-1 rett før oppstart. V 14. Byrjinga av grøfta, Ø-del av planområdet. S 15. Byrjinga av grøfta, Ø-del av planområdet. N 16. Byrjinga av grøft samt hol til bardunanker. NØ 17. Siste del av grøft, V i planområdet. VNV 18. Midtre del av grøft. NV 19. Midtre og siste del av grøft, V i planområdet. N 20. Midtre del av grøft. ØNØ 21. Siste del av grøft. SV 22. Botnen av midtre del av grøft. Ø 23. Ø-del av grøft. N 24. Midtre del av grøft. V 25. Botnen av grøft i Ø-del. Ø 26. Botnen av bardunankerholet. V 27. Byrjinga av grøft samt bardunankerhol. Id.91735-1 i bakgrunnnen. N - 10 -