Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Like dokumenter
Med spent forventning... Sjekkliste for en god overgang fra barnehage til skole

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Plan for overgangar. for barn og unge

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Trygg og god overgang mellom barnehage og skole

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Til deg som bur i fosterheim år

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

10/60-14/N-211//AMS

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Øystese barneskule April - 08

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sandeid skule SFO Årsplan

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Barnehageplan for Vinje kommune

Kvalitetsplan mot mobbing

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Tilvising til PPT. Etternamn Fornamn og mellomnamn Fødsels- og personnummer. Teneste som er ønska frå PPT (set kryss):

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Hjem-skolesamarbeid og lovverket

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Plan for Liabygda SFO

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

RETNINGSLINER. Plan for overgang barnehage skule i Sogndal kommune. Godkjend av rådmannen

PLAN FOR SAMMENHENGEN BARNEHAGE SKOLE

Trudvang skule og aktiv læring. Aktiv læring som metode for alle elevar i eit folkehelse- og pedagogisk perspektiv

Forord

BIGSET BARNEHAGE. -omsorg gjennom latter, leik og læring

Førsteklasses forberedt Overgangsplan fra barnehage til skole i Kongsberg kommune

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

OPPLÆRING OG GJENNOMGANG AV PROSEDYRE FOR: AKUTT HJELP FOR: barn og elevar i barnehage og skule i Naustdal kommune

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Vedlegg til utvikingsplan 2012/2015

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

SULDAL KOMMUNE. Rutine for overgangen barnehage - skule

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Pedagogisk plattform

Plan for samarbeid og sammenheng barnehage - skole

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

SAMARBEIDSPLAN FOR BARNEHAGANE OG SKULANE I BØ KOMMUNE

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Plan for overgangar. for barn og unge Os kommune

Tiltaksplan

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Bærekraftig utvikling

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Transkript:

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til byrjinga på skulegangen med spent forventing. Men for nokre kan barnehageslutt og skulestart vere både skummelt og utfordrande. Barnehage og skule er delar av det same utdanningssystemet. Begge er institusjonar for omsorg, oppseding, leik og læring, men dei har ulik eigenart. Barna vil møte både likskapstrekk og ulikskapar når dei begynner på skulen. Barnehage og skule har eit felles ansvar for at barn kan møte ulikskapane mellom institusjonane med nysgjerrigheit og tillit til eigne føresetnader. Overgangar er ein naturleg del av livet, også for små barn. Det er ikkje noko mål å gjere overgangen umerkeleg, men barnehagen, skulen, SFO og foreldra har ansvar for å gjere overgangen god for alle barn. I denne brosjyren presenterer vi i Foreldreutvalet for barnehagar, Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Utdanningsforbundet det vi meiner er avgjerande for at alle barn skal få ein best mogleg overgang frå barnehage til skule: 2 2011 Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringen og Foreldreutvalet for barnehagen. Design: Nygaard Design Trykk: Papermill Foto: Shutterstock (forside) Side 2: Leif Arne Holme Side 3: Kerstin Mertens/Samfoto Side 4 og 5: Erik M. Sundt Side 6: Thor-Wiggo Skille Side 8: Bo Mathisen

Ein god overgang må først og fremst dreie seg om positive opplevingar for barnet Barnet skal få positive og realistiske forventingar til skulestarten Barnehagen har eit eige opplegg for skulestartarane. Det er med på å skape eit fellesskap for dei største i barnehagen, som er på veg over i ein ny og spennande SFO- og skulekvardag. Barnehagepersonalet veit kva som skjer i første klasse og SFO. Barnehagepersonalet og foreldra snakkar positivt og konkret om alt det praktiske rundt oppstarten i skule og SFO. Barnet opplever ei markering av avslutta barnehagetid. Barnet må få tid til å bli kjent med skulen både lokala, medelevane og personalet Barnet får besøkje og gjere seg kjent med lærarane og skulen/sfo (til dømes klasserom, gymsal og toalett). Barnet får ein fadder som kjem på besøk i barnehagen, og som tek særskilt imot på besøka på skulen. Skulen arrangerer førskuledagar der barnet møter læraren sin. 3

Vi har lykkast når alle barn opplever skulestarten med tryggleik og spent forventing Det må vere noko trygt som barnet dreg kjensel på, i skulen Skulen veit kva som skjer det siste året i barnehagen. Barnet får komme med innspel om venner det ønskjer å få som klassekameratar. Skulen har oppstartsdagar på hausten der delar av innhaldet er likt som på førskuledagane. Barnet opplever samanheng og utvikling frå det siste året i barnehagen til det første året i skulen. Barnets rett til medverknad må sikrast også i overgangen Barnet skal få fortelje om forventingar, kjensler og ønske det har i samband med skulestarten, og det skal påverke måten barnehagen arbeider med overgangen på. Skulestartargruppa skal vere utgangspunktet for og påverke utforminga av opplegget i barnehagen. Barna må mellom anna få vere med å bestemme innhaldet i aktivitetar, invitasjonar og planlegging av fadderbesøk, og markeringa av den avslutta barnehagetida. Barnet må oppleve at formidlinga av eigne ønske og behov påverkar organiseringa av oppstarten og den første tida i skulen og SFO. 4

Opplevingane til barnet er avhengige av foreldra Det vil seie at foreldra må ha ein god dialog med barnehagen om barnet, barnehageinnhaldet og arbeidet med samanheng og overgang Barnehagen forklarer opplegget for dei eldste barna opp mot overgangen til skulestart i årsplanen. Foreldra får informasjon om skulestartargruppe, avslutningsfest, førskuledagar, fadderbesøk og liknande. Barnehagen har ein eigen foreldresamtale om overgangen barnehage skule. Foreldra får vite at den daglege kontakten med skule og SFO blir annleis enn dei er vande med frå barnehagen. 5

Vi har lykkast når alle foreldra engasjerer seg og har god forståing av kva overgangen inneber for barnet, samtidig som dei opplever at dei har god kontakt med barnehage, skule og SFO Det er viktig at skulen og SFO har tid og høve til dialog og gjensidig avklaring av forventingar med foreldra Den skriftlege informasjonen som blir send ut, må vere enkel og kortfatta. Det må vere tid og rom for å snakke med nokon frå skule og SFO i tidsperioden frå innskriving til skulestart. Skule og SFO må gi god informasjon på eit foreldremøte før sommaren. Her må kontaktlærarane presentere seg saman med sosiallæraren, rektor/ leiinga, dei tilsette i SFO, helsesyster og helst òg representantar frå støttesystemet (som PP-tenesta, helsestasjon, BUP og barnevern). Foreldra må oppleve god dialog med skule og SFO også etter skulestart Det bør arrangerast foreldresamtale rett etter skulestart, der skulen inviterer foreldra til å fortelje om barnet. Foreldra må få vite korleis dei kan ta kontakt, slik at dei opplever det som enkelt å stille spørsmål etter kvart som dei melder seg. 6

Overgangen krev godt samarbeid mellom barnehage og skule Det vil seie ein profesjonell dialog mellom førskulelærarar og lærarar, der utgangspunktet er erfaringane barna har fått i barnehagen, og opplevingane som ventar dei i skulen og SFO Barnehage, skule og SFO organiserer møtepunkt for å sikre kontinuerleg og systematisk samhandling gjennom profesjonell dialog. Målet er at barna skal oppleve at det er samanheng og utvikling frå siste året i barnehagen til første året på skulen. Lærarar og førskulelærarar hospiterer hos kvarandre, slik at dei får felles erfaringar med innhald og arbeidsformer. Foreldra må få innsyn i og høve til å avgjere kva informasjon som blir overført mellom barnehagen og skulen Foreldresamtalen om overgangen frå barnehage til skule må handle om kva førskulelæraren skal fortelje om barnet i samarbeidet med skulen og SFO. Foreldra sitt behov for informasjonsoverføring skal vere styrande. Skriftleg dokumentasjon om enkeltbarn må overførast når det er sett i gang særskilde tiltak i barnehagen, eller når ein ser at det vil vere nødvendig å leggje skuleverksemda til rette for å vareta behova til barnet. Det er avgjerande at skule og SFO får informasjonen så tidleg som mogleg, slik at tilrettelegginga kan planleggjast i god dialog med alle involverte partar. Før skriftleg informasjon kan overførast, må foreldra gi frivillig og informert samtykke (jf. personopplysningslova 8 og 9). Vi har lykkast når barnehage og skule har eit system som sikrar ein god overgang for alle barn, slik at dei og foreldra føler seg trygge og varetekne i den nye skulekvardagen 7

Skulestart er ei stor hending for alle barn, og det er viktig å hugse at ikkje alle barn har barnehageerfaring. Også desse barna og foreldra deira treng å bli varetekne og få oppleve skulestart med tryggleik og spent forventing. Brosjyren er laga i samarbeid mellom Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagen. Ønskjer de fleire brosjyrar, kan dei skrivast ut frå www.utdanningsforbundet.no, www.fug.no eller www.fubhg.no Sjå òg rettleiar frå Kunnskapsdepartementet: «Fra eldst til yngst», KD 2008.