Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Magni Aa Berge SP Kent Øystein Hjelle SP Bjarte Gangeskar V Marit Straume SP

Like dokumenter
Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Gloppen heradshus - kantina Dato Tid Kl. 09:00-09:50

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Hege Lothe Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Jeffrey Thomas Jostein Arne Røyrvik Svein Ottar Sandal Venke Kollbotn

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Synfaring Sandane skule kl 09 / Heradshuset etterpå Dato Tid Kl.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Kristin Sandal Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:00. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:15. Følgjande medlemar møtte

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:30. Følgjande medlemar møtte

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Valstyret Møtestad Formannskapssalen Dato Tid Kl. 09:00-09:20. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset, 3. etg. Dato: Tid: Kl. 12:00-13:00

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: På søreide Dato: Tid: Kl. 14:00

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 09:00-12:15

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Arnfinn Ommedal Kristin Sandal

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

SULA KOMMUNE Plan og byggenemnd for diverse bygg

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Kommunestyret Møtestad Kommunestyresalen Dato Tid Kl. 09:00-12:50

GLOPPEN KOMMUNE RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet HOVUDUTSKRIFT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: Kl. 09:00

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Desse medlemmene møtte: Ragnar Andenæs Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde. Forfall/møtte ikkje Parti Følgjande varamedl.

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti Gunn Sande

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

PROTOKOLL. Formannskapet. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:20 15:50 Møtestad: Ingebrigt Davik-huset, Saksnr.: 033/14-038/14.

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:30. Følgjande medlemar møtte

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Audun Mundal Kent Øystein Hjelle Solveig Lien Gusdal Edgar Kvernevik Jan Asle Rustøen Mariel Eikeset Koren

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

MØTEPROTOKOLL. Forfall: Stig Arne Helsem Sævik MEDL H Bjarne Kvalsvik NESTL FOLK/SP

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.17:00-19:45. Utval:

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Øystre Slidre kommune

VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad Videomøterom Dato Tid Kl. 09:00-10:45

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Samnanger kommune Møteprotokoll

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

EID KOMMUNE Eid Eldreråd HOVUDUTSKRIFT. Saksnr.: 001/15-005/15

Fjell kommune Arkiv: 541 Saksmappe: 2015/ /2016 Sakshandsamar: Grethe Bergsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Gloppen opplæringssenter Dato: Tid: Kl. 09:00

Møtebok. Følgjande medlemmer møtte Johan Kroken, Mathias Drage, Gunnhild Solheim, Helga Swensen, Svein Hansen. Følgjande medlemmer møtte ikkje

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Helse- og omsorgsutvalet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-12:00

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato Møtetid: Kl. 17:55-19:15 Møtestad: Kommunehuset

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Møteprotokoll for Formannskapet

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Formannskapet Møtestad Søreide Dato Tid Kl. 09:00-11:30. Følgjande medlemar møtte

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato: Møtet tok til 08:00 Møtet slutta 11:55.

Selje kommune. Møtebok. Utval: Formannskapet Møtestad: Furebuda Leikanger Dato: Tid: Kl. 13:00-14:00

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Jeffrey Elliott Thomas SP Sigrid Kristhin Støyva SP

Møteinnkalling. Utval: Plannemnd for byggjeprosjekt Møtestad: 100 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 09:30

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Desse medlemmene møtte: Hege Inderberg Kari Jordanger Jan Erik Mardal Øystein Rinde

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Gloppen kommune. Møtebok. Sakliste. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:00. Følgjande medlemar møtte

Nordfjordrådet. Møteinnkalling. Utval: Nordfjordrådet Møtestad: Selje, Åhjemsbuda i Selje sentrum Dato: 13. mars 2017 Tid: Kl.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Transkript:

Utval Formannskapet Møtestad Gloppen heradshus Dato 03.04.2019 Tid Kl. 08:30-08:50 Møtebok Følgjande medlemar møtte Leidulf Gloppestad Bernt Reed (p) Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnfinn Jørgen Brekke Arnar Hans Kvernevik Gunnvor Sunde Frå SP SP KRF KRF KRF AP SD Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Magni Aa Berge SP Kent Øystein Hjelle SP Bjarte Gangeskar V Marit Straume SP Andre som møtte Jan Kåre Fure, rådmann Møteleiar: Leidulf Gloppestad Underskrift: Leidulf Gloppestad Sakliste Sak nr. Sakstittel 031/19 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 032/19 Referat og orienteringssaker 033/19 Godkjenning av utsett avdragsbetaling for lån med kommunal garanti - Breimsbygda skisenter AS 034/19 Auka budsjettramme for modulbygg Sandane skule

Arkiv: FE-033 JournalpostID: 19/4594 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 031/19 Formannskapet 03.04.2019 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 21.03.2019 Protokoll - Formannskapet - 21.03.2019 Ordføraren si tilråding: 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 21. mars 2019 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 3. april 2019. Møteboka frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber ordføraren om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. Formannskapet 03.04.2019 FOR- 031/19 Vedtak 1. Formannskapet godkjenner møteboka frå sitt møte den 21. mars 2019 2. Formannskapet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 3. april 2019. Vedtaket var samrøystes. Side 2

Arkiv: FE-033 JournalpostID: 19/4785 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 032/19 Formannskapet 03.04.2019 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Referatsaker Tittel Møtebok Nordfjordrådet 04.03.2019 Presisering av bosettingskriterier Avsendar/mottakar Nordfjordrådet Integrerings- og mangfoldsdirektoratetjan Kåre FureSteinar Kandal Det blir truleg ikkje tid til orienteringssaker eller ordet fritt på dette møtet. Formannskapet 03.04.2019 Svein-Ottar Sandal stilte spørsmål til møteboka frå Nordfjordrådet om temaet næringsvennlege regionar. Kan dette også brukast på kommunenivå? Saka vil bli følgt opp i lag med Gloppen næringsorganisasjon og vil bli tema på eit møte i formannskapet seinare. FOR- 032/19 Vedtak Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Side 3

Arkiv: FA-D11, HIST-12/1395, HIST-12/1731 JournalpostID: 19/4592 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 033/19 Formannskapet 03.04.2019 015/19 Kommunestyret 03.04.2019 Godkjenning av utsett avdragsbetaling for lån med kommunal garanti - Breimsbygda skisenter AS Rådmannen si tilråding Kommunestyret godkjenner som garantist at Breimsbygda skisenter AS får innvilga avdragsutsetting i perioden april-desember 2019 på lånet som kommunen har garantert for, og at garantitida for lånet blir forlenga tilsvarande. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Skisesongen på Utvikfjellet har denne vinteren vore kort, med lita driftstid for skitrekket. Dei har derfor søkt Sparebanken Sogn og Fjordane om avdragsfritak for lån for perioden april til desember i år. Lånet det er søkt om fritak for har kommunal garanti. Kommunen må derfor godkjenne fritaket. Fakta i saka Breimsbygda skitrekk AS skriv i søknaden: Bakgrunnen er den usedvanleg dårlege sesongen med lite snø på fjellet, som har medført at det berre har vore råd å halde trekket ope i nokre få veker i januar og februar. Utsiktene framover synest heller dårlege nå så langt ut i sesongen, og det er klart at det vil oppstå eit likviditetsproblem seinare på året. Sparebanken har for sin del godkjent avdragsutsettinga. Lånet har garantert for har ved årsskiftet 2018/2019 ein saldo på kr 2.057.578,- og garantien gjeld no fram til 1. mai 2036. Ei avdragsutsetting på ni månader, vi forlenge garantitida tilsvarande viss kommunen seier ja til dette. Økonomiske konsekvensar for kommunen Garantiansvaret blir forlenga med ni månader. Det økonomiske risikoen er elles uendra. Rådmannen si vurdering Både sparebanken, kommunen og Breimsbygda IL har med jamne mellomrom gjort tiltak for å betre og berge økonomien i skitrekket. Seinast i juni 2017 gjekk kommunen inn med 200.000 i ny aksjekapital i skitrekket og godgjende samstundes forlenga garantiansvar, slik det også no er søkt om. Det er i dag ikkje lukrativt å drive skitrekk på våre kantar. Inn imellom slik som i fjor kan vi vere Side 4

heldige å få ein god sesong, men vi må vere budde på at også framtidige vintrar ikkje vil gje pluss i kassa til skitrekket på Utvikfjellet. Rådmannen meiner kommunen både som «kommune» og aksjeeigar bør støtte opp om skitrekket og den innsatsen Breimsbygda IL gjer for å halde dette i drift. Den økonomiske risikoen for kommunen er i dette tilfelle til å leve godt med Formannskapet 03.04.2019 FOR- 033/19 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 5

Arkiv: FE-614 JournalpostID: 19/4508 Saksbehandlar: Per Arne Strand Saksnr. Utval Møtedato 014/19 Oppvekstutvalet 28.03.2019 034/19 Formannskapet 03.04.2019 014/19 Kommunestyret 03.04.2019 Auka budsjettramme for modulbygg Sandane skule Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og godkjenner at kostnadsramma for utviding av Sandane skule i 2019-budsjettet blir auka frå 3 til 5 mill, inkl. moms. Kommunestyret legg til grunn at kostnadsauken ikkje fører til at samla låneopptak i 2019 blir større enn lagt til grunn i budsjettet, og ber rådmannen vise korleis dette kan gjennomførast i framlegget til revidert investeringsplan for 2019. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Kommunestyret har i sitt budsjettvedtak for 2019 sett av kr 3 millionar (inklusive mva) til utviding av Sandane skule. Det har fått prosjektnummer 22254 i kommunen sitt budsjett. Det som står i budsjettetdokumentet er: Sandane skule har for lite areal til å drive tilfredstillande opplæring og ha gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Det vil gå nokre år før ei fullstendig oppgradering av skulen vil vere klar. For å kunne dekke eit kortsiktig behov ynskjer vi å setje opp eit modulbygg ved skulen. Vi har pr. i dag ein brakkerigg ståande med 6 kontorarbeidsplassar. Den betalar vi om lag kr 82.000,- for i året + mva. Den vil vi fjerne for å setje opp eit modulbygg av betre kvalitet, som også gjev rom for læringsareal, primært grupperom i tillegg til arbeidsplassar. I utgangspunktet tenkjer vi 4 grupperom og 8 kontorarbeidsplassar + garderobe (tørr). Detaljane i utforming vil vi gjere i tett samarbeid med skulen når vi evt. har eit positivt budsjettvedtak. Eit kjøpt modulbygg kan vi bruke seinare til andre føremål eller selje. Budsjettprisane på eit slikt bygg vil vere mellom 10 og 15.000 per rutemeter + mva. Dette er basert på tidlegare innhenta prisar med 3 ulike firma. I tillegg kjem grunnarbeid/sokkel, tran-sport/kraning og ulike tilkoblingar og møblering. No har vi hatt ute prosjektet på anbod og fått inn 8 ulike tilbod. Alle prisane ligg over det vi la til grunn i budsjettarbeidet. Utgangspunktet har vore å få dette på plass til skulestart i august. Dersom vi skal klare tidsfristen, må vi få behandla ei eventuell budsjettendring på kommunestyremøte 3. april. Fakta i saka Vi har fått inn pris på eit bygg som inneheld eit stort klasserom, eit grupperom, tilhøyrande elevgarderobar og toalett og seks lærararbeidsplassar med tilhøyrande garderobe og toalett. Bygget er tenkt plassert nord om skulen, der dagens brakker står (sjå markeringa på kartutsnitt under). Side 6

Nokon av tilboda føreset plassering heilt inntil eksisterande bygningskropp og andre plasserer tilbygget lenger ifrå, med tanke på brannreglar og for å unngå ekstra brannisolering. Det kom inn åtte tilbod i konkurransen, og prisen strekker seg frå rett under 4 til over 5,3 millionar, moms medrekna. Tek vi vekk det rimelegaste og det dyraste, ligg mange av tilboda rundt 4,5 millionar kroner. I tillegg til denne prisen vil det kome kostnader knytt til tilkobling av straum, vatn og avløp, samt nokre mindre riggkostnader. Inventar har vi, eller det er inkludert i tilbodet det vi treng til elevane. Til lærararbeidsplassane må vi kjøpe noko nytt. Vi har endå ikkje gått gjennom tilboda og plukka ein vinnar, det vil skje i veke 13. Situasjonen på skulen Sandane skule har eit heilt anna elevtal enn det som var lagt til grunn då skulen var bygd, og seinare utvida. Det er prekær mangel både på klasserom, grupperom og arbeidsplassar. For å dekke opp arbeidsplassar, er det no sett opp brakker. Denne situasjonen har vore omtala både i media og gjennom besøk på Sandane skule frå oppvekstutvalet. Vi har delt av store rom for å plassere klasser, og det har sjølvsagt hatt konsekvensar for innemiljø og arbeidsmiljø for både elevar og tilsette. Slik løysinga er no, må t.d. sløydaktiviteten begrensast til eit minimum for å unngå støy. Det er ikkje haldbart over tid. Alternativ til å bygge eit modulbygg er: Halde fram med dagens løysing: For skulen ikkje dette eit alternativ. Det går utover miljø og trivsel både for elvevar og tilsette. Det går utover spesialromma og bruken av dei. Det går utover bruken av dagens spesialrom, f.eks redusert sløydaktivitet på grunn av støy. Det er trangt og vanskeleg å diferensiere undervisninga, når det ikkje er tilgjengelege areal for å dele opp og spreie undervisninga. Bygge om gymsal og bruke berre Trivselshagen til kroppsøving: Ei ombygging vil vere omfattande, dei yngste elevane vil få eit dårlegare kroppsøvingstilbod og skulen vil miste ein viktig samlingsplass for heile elevgruppa. Gymsalen er også mykje brukt til andre aktivitetar. Side 7

Lokale i andre bygningar: Firda vgs, Trivselshagen og Gloppen ungdomsskule (GU) er dei nærliggande alternativa. Det vil vere vanskeleg å finne plass på Gloppen ungdomsskule dei komande åra så lenge det er 10 klasser der. Det vil vere utfordrande å finne arbeidsplassar til lærarane som skal undervise i klasserom på GU. Dei aktuelle lokala i Trivselshagen kan vere video-rommet i kulturdelen og autitoriet i idrettsbygget. Ingen av desse kan brukast av oss som ei fast ordning. Firda vgs vert ikkje vurdert som eit reelt alternativ for elevar frå Sandane skule. Det er ikkje sjekka ut om det eventuelt er ledige lokale på Firda vgs. Alternativt kan vi tenkje å ta i bruk kjøkken og/eller kunst- og handverkromma på Sandane skule og bruke tilsvarande lokale på GU. Dette var vurdert i samband med barnehage- og skulebruksplanen og forkasta då. Det vi må ha med oss er at dei romma alt i dag er tekne i bruk som vanlege klasserom eller grupperom, i tillegg til funksjonen som spesialrom. Det vil og vere uheldig å redusere på desse funksjonane på Sandane skule då rommet for å kunne tenkje alternativt i skulekvardagen vert mindre. I ei tid der praktisk arbeid vert fokusert meir på, er det viktig å ha arenaer der elevane kan få utfalde seg på ein annan måte enn i eit vanleg klasserom. Uteskule for å frigjere klasserom: Det kan tenkjast å organisere skulen slik at det vil vere klassar som til ei kvar tid er ute og har opplegg annan stad enn i eit klasserom. Det vil frå skulen si side vere lite ynskjeleg og vere krevjande å organisere dette, samt at det krev tilsette som vil jobbe på ein slik måte. Redusere arealet på modulbygget: Alternativet med å redusere arealet på det vi har spesifisert i tilbodet vil vere eit alternativ, men det er strengt teke berre grupperommet som kan fjernast frå det vi har skissert. Det vil og vere eit dårleg alternativ med tanken på det store behovet på Sandane skule for grupperom. Konsekvensen vil og vere at vi må avlyse konkurransen og gå ut med nytt tilbod. Med det tapar vi tid og får ei dårlegare løysing. Bygge eit permanent tilbygg: Det vil vere dyrare for kvar kvadratmeter og vil ta mykje lenger tid. Rådmannen vil her legge til at dersom vi no aksepterer det beste tilbodet og utvidar skulen i samsvar med dette, blir det feil å kalla utvidinga mellombels. Dette blir ei permanent løysing for skulen. Økonomiske konsekvensar for kommunen Som sagt er det sett av ei løyving i 2019-budsjettet på 3 mill. til utviding av Sandane skule. Løyvinga er eit overslag, jfr det som er sagt innleiingsvis til investeringsbudsjettet: «Ingen prosjekt som skal lysast ut er kostnadsrekna på andre måtar enn ved bruk av erfaringstal og statistikk.» For å få til ei god og akseptabel løysing for Sandane skule, er det nødvendig å auke budsjettramma frå 3 til 5 millionar, moms medrekna. Rådmannen legg til grunn at vi skal få til dette utan å utvide samla låneramme i 2019-budsjettet. Utvidinga vil då ikkje få økonomiske konsekvensar utover det vi alt har budsjettert med. Driftsutgiftene knytt til vask, straum, forsikring osv vil auke noko, men samtidig vil årleg leige for brakker falle vekk. Kostnadene her vil gå nokolunde opp i opp. Rådmannen si vurdering Alternativa til å ikkje bygge modulbygg no slik som tenkt, er ikkje gode. Vurderingane rundt det ligg i alternativa som er omtala i saka. Det er presserande å få på plass ei løysing som Sandane skule kan leve med i mange år framover. Modulbygget har levetid som eit vanleg bygg og vil stå seg i eit slikt perspektiv. Det er viktig for elevar og tilsette på Sandane skule å få på plass ei løysing som dei har sett fram til og som er med å halde hjula i gang no. Tidsperspektivet her er viktig. Side 8

Det er sjølvsagt beklageleg at prisen har auka mykje samanlikna med det som er lagt til grunn i budsjettet. Rådmannen vil likevel nok ein gong minne om at budsjettsummane er kvalifisert «tenking på eit tal». Kostnaden veit vi ikkje før vi har tilboda. Sandane skule vil for 5 mill. kroner få ei løysing som vil vere teneleg i mange år framover. Rådmannen ber derfor om at kommunestyret godkjenner at budsjettramma blir auka frå 3 til 5 mill., medrekna moms. Oppvekstutvalet 28.03.2019 Løysingane som er komne inn for modulbygget vart presentert i møte. OPP- 014/19 Vedtak Oppvekstutvalet er samd i tilrådinga. Vedtaket var samrøystes. Formannskapet 03.04.2019 FOR- 034/19 Vedtak Rådmannen si tilråding vart samrøystes innstilt. Side 9