Tydelig angivelse af hvor episoder begynder og slutter og hvilke emner som diskuteres i sagaens mange ug hinge dialoger.



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Valdres vidaregåande skule

Jon Fosse. For seint. Libretto

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

mmm...med SMAK på timeplanen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Samansette tekster og Sjanger og stil

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brødsbrytelsen - Nattverden

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Refleksjon og skriving

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Treeiningssøndag. Ståle Aklestad. Preike Molde Domkirke

/

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte


Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Frå novelle til teikneserie

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap

Elevundersøkinga 2016

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Den nye seksjon for applikasjonar

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Brukarrettleiing E-post lesar

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Vurderingsrettleiing 2011

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing



SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Psykologisk førstehjelp i skulen

Månadsplan for Hare November

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Team Hareid Trygg Heime

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Transkript:

K>-> Anmeldelse ved)onas Wdlendorf Tydelig angivelse af hvor episoder begynder og slutter og hvilke emner som diskuteres i sagaens mange ug hinge dialoger. Jonas Wellendorf er assistant professor i norrønt ved Department of Scandinavian, University of California, Berkeley. Han er specielt interessere! i den lærde del af norrøn lirteratur og samspillet mellem latinsk og folkesproglig litteratur. Blandt hans nyere publikarioner er "Scriptorial Scruples: The Writing and Rewriting of a Hagiographkal Narrative", i Tradition and the Individual Talent: Modes of Authorship in the Middle Ages (red. Slavica Rankovic et al.) (2012), "Or3 æftir oroe: Literal Translation into Old Norse", i NOWELE 62/63 (2011), "Middelalderlige perspektiver på norrøn mytologi: Allegorier og typologier" i Edda 2011/4. Å konkludere etter å ha vurdert eitt alternativ Annette Lassen 2011: Odin på kristent pergament. En teksthistorisk studie. København: Museum Tusculanums Forlag, 447 sider, ISBN 978 87 635 2616 6 MELDT AV ELDAR HEIDE Utgangspunktet for denne boka er at kjeldene samanlagt gjev eit svært komplekst bilete av Odin. Derfor har Lassen gått gjennom Odin-framstellingane i alle dei norrøne mellomaldertekstane og Saxo, sjanger for sjanger og verk for verk, for a finne ein måte å forklare kompleksiteten på. Ho startar med forskingshistoria og kjem fram til at "de forskellige hypoteser om Odin gennem tiden fortæller mere om de skiftende paradigmer end om guden selv" (s. 75). Det vil ho ta konsekvensen av: "For at undgå metodisk eller fagligt givne tolkninger går jeg i denne studie adfontes", seier ho, og undersøker Odin "i den kontekst, som han indgår i i de forskellige tekster" (s. 77). Målet er å forstå "den betydning Odin tillægges i kristen tid" (s. 78), altså å forstå høgmellomalderen sine skildringar av Odin, eller, meir presis, men tyngre forståeleg: å forstå Odin i den høgmellomalderlege tekstkulturen (klårast s. 80). Det er der vi må starte, også i gransking av mytologiske emne, seier Lassen, for kjeldene er skrivne i kristen tid, og då er dei "i en eller anden udstrækning... bearbejdet af kristne forfattere, hvormed deres sandhedsværdi i forhold til den førkristne verden er begrænset.... Overleveringen og den litterære bearbejdning af teksterne må derfor anses for... grundlæggende... i en undersøgelse af førkristne figurer og fortellinger" (s. 79). Samtidig seier Lassen at ho stoppar der; granskinga er "hverken oprindelsessøgende eller religionshistorisk" (s. 18, jf. 70-81, 391). Ho er visst ikkje negativ til religionshistorisk bruk av tekstane, men seier den sida av saka "kan... først komme i betragtning, når den tekstlige fremstilling er gransket" (s. 391). Ho meiner altså at vi, med granskingar som denne avhandlinga, skal begynne med å skrelle vekk den kristenlærde innblandinga frå tekstane, og fyrst etter det kan vi bruke tekstane som kjelder til den førkristne I det praktiske tolkingsarbeidet gjer Lassen i prinsippet to ting, så vidt eg kan sjå: Ho prøver å sjå Od in-framstellingane i lys av kvarandre, og ho prøver å sjå dei i ein større høgmellomaldersamanheng for å forstå meir av bakgrunnen for framstellingane og av korleis dei fungerte i høgmellomaldersamfunnet. Den underliggjande metodikken er i begge tilfella den som er sett opp av "den såkaldte nyfilologi": I arbeidet Collegium Medievale 2011 Collegium Medievak zoii

194 Meldt av Eldar Heide Å konkludere ener å ba vurdert eitt alternativ 195 med tekstane skal ein "indoptage alle mulige kontekstuelle informationer, der kan hjælpe til at belyse teksten. Dette kan dreje sig om tekstens kilder, historie, biografi (i de tilfælde hvor forfatteren er kendt), middelalderlige institutioner (for eksempel kirke og konge mag t), hånds krifternes antal, alder og udseende, kulturelle forhold og andre tekster i samme håndskrift, hvilket kan pege på den intenderede forståelse og brug af teksten i samtiden" (s. 78). Som døme på korleis Lassen arbeider kan nemnast drøftinga av fornaldersoga Vglsunga saga, som vart skriven på 1200-talet på grunnlag av heltediktinga i eddakveda. Lassen gjer greie for kva eddakvede dei ulike Odinframstellingane i soga bygger på og når og korleis soga skil seg frå kveda. Då kan ho m.a. peike på at "Odin op træde r... oftere i sagaen end i heltedigtene" (s. 155). Jamføring av norrøne tekstar innbyrdes er det og når Lassen kan opplyse kor ofte Odin opptrer i dei ulike sjangrane, t.d. nær sagt aldri i soger med handling frå Island (s. 118 ff.). Jamføring med den internasjonale latinlkteråturen vi kjenner frå høgmellomalderen er det derimot når Lassen kommenterer kvifor Ynglinga saga, Snorre-Edda og Sa.xo framsteller Odin og gudane som spesielt dugande menneske, innvandra frå Asia eller Troja: Denne "Fremstillingen af Odin er i overensstemmelse med den euhemens tiske fremstilling af hedenske guder, som man overtog i Norden med kristendommen" (s. 258). Mot same bakgrunn tolkar Lassen det at Odin i visse framstellingar liknar den kristne djevelen, særleg i kongesogene om dei to kristnings-olav-ane: "Identifi kationen af hedenske guder med dæ mo ne r eller onde ånder kender man... fra latinsk hagiografi og norrøne oversættelser af den. Dette var en fast bestanddel af kirkens polemik mod hedenskaben" (s. 137). "Den Odin, vi møder hos disse konger, er ikke en genuint hedensk gestalt. Han har været igennem kirkens tolkning og fremstår på den made som en kristnet Odin, der nogle gange er djævelen selv" (s. 151). Alt dette er døme på eit av hovudpoenga til Lassen, som er at framstellinga av Odin skifter frå sjanger til sjanger og tekst til tekst, avhengig av sjangerkonvensjonane og kva skrivarane var ute etter. Hovudkonklusjonen hennar blir derfor at det "er...ikke Odin, men middelalderens brug af Odinskikkelsen, der er kompleks" (baksida, jf. s. 17, 384, 391). - Til å underbygge denne og andre konklusjonar får vi heile vegen massive opplysningar om handskrifter og teks tvers jonar, date ringar av dei, korleis dei steller seg i høve til andre handskrifter og versjonar, osb., i tillegg til utgåve- og forskingshistorie heilt frå 1500-talet til i dag, m.m. Så er det mine vurderingar, fyrst om det siste: Dokumentasjonen er imponerande grundig, men så vidt eg kan sjå er det berre ein liten del av han som er nødvendig for drøftinga, og det som ikkje er nødvendig skygger for ho. Det same kan seiast om utgåve- og forskingshistoria, som er så omfattande i den eldste delen at dei i praksis er generelle historier om utviklinga av norrønfilologien og gammalnordisk religionshis- torie. Dette er interessant, men ville høvd betre i eigne artiklar. Det same gjeld etter mitt Syn kapitlet som drøftar myteomgrepet og; det er ikkje nødvendig for resten av drøftinga. Etter mitt skjøn hadde boka vori betre dersom Lass en hadde stelt seg friare til doktoravhandlinga frå 2006 og skori bort kanskje så mykje som ein tredel av stoffet ho presenterer her. Dei nemnde innvendingane gjeld berre formidlings sid a av avhandlinga. Av dei to aspekta ved sjølve forskinga vil eg seia at det fyrste fungerer bra: Jamføringa av dei nordiske Odin-tekstane innbyrdes kjem det ein heil del interessant ut av; her er nokre døme: I fornaldersogene "er [det] en kerne i fremstillingerne af Odin, der går igen fra saga til saga, genre til genre. Odin dukker op i uidentificerbar skikkelse, yder et menneske hjælp eller modstand, hvorpå han forsvinder" (s. 177); om skaldedikta: "Der findes ingen skjaldedigte, der beskriver Odins åbenbaring blandt mennesker" (s. 180); oversynet over Odin-opplysningane hos Saxo (s. 204 ff.), Saxo sine tendensar i bruken av det mytologiske materialet; jamføringa av euhemerismen i Ynglinga saga og Snorre-Edda, m.m. Men Lass en nøyer seg ikkje med å tolke Odin-teksta ne i lys av kvarandre. Ho vil forstå framstellinga av Odin i den høgmellomalderlege tekstkulturen, altså å sjå Odinkorpuset i lys av (den kristelege) latin litteraturen som var kjend i Vest-Nord en i høgmellomalderen, og sjå etter påverknadskjelder for det nordiske korpuset der. Lassen slår fleire stader fast at det finst førkristne opplysningar om Odin i alle sjangrane, men ho prøver a forklare mest mogeleg av Odin-framstellingane som påverknad frå lærd litteratur. Såleis gjer ho heile vegen poeng av det ho meiner er den typen påverknad, men gjer lite ut av alle motiva og avsnitta som vanskeleg kan vera anna enn heiden arv. (I gjennomgåinga av eddakveda blir det dermed lange bolkar berre med attforteljing og omtale av tekstar, utan at T.assen kjem med vesentlege bidrag.) Dette er ikkje problematisk, men Lassen si oppfatning av korleis lærd påverknad kan påvisast er problematisk. Lærd påverknad er sjølvsagt berre eitt av fleire mogelege forklaringsalternativ, og då burde det gje seg sjølv at ein vurderer ulike forklaringar mot kvarandre før ein kan konkludere. Men Lassen konkluderer gong etter gong med at det er lærd påverknad etter å ha vurdert berre det alternativet! Eit døme på det er rammeforteljinga i Gylfagitming, som strukturerer mytologisk kunnskap i ein samtale med spørsmål og svar. Fordi slik samtaleform er vanleg i "middelalderens didaktiske tekster", meiner Lassen Snorre har modellen derifrå (s. 276, 280). Det kan godt hende, men denne modellen finst og i eddakvede som truleg er førkristne eller i alle fall eldre enn Snorre-Edda (Vafprudmsmd! m.fl.), og han er kjend frå kulturar over store delar av verda. Då kan ikkje einaste mulegheit vera at Snorre har denne modellen frå latinlitteraturen. Om den mektige som kjem i slutten av Vpluspd seier Lassen at han "kan Collegum Medievale2011 Collegium Medieva!e2on

ip6 Meldt av Eldar Heide Å konkludere ener å ha vurdert eitt alternativ 197 ikke være en anden end den kristne Gud" (s. 330). Men svære kompetente granskarar, som Gro Steinsland og Margaret Clunies Rosa, meiner det kan vera Heimdall, så det er i det minste eit alternativ som bør drøftast. Lokasenna meiner Las sen må vera dikta i kristen tid, fordi det set gudane i frykteleg dårleg lys (s. 369 ff.). Det er sjølvsagt ei mulegheit, men ikkje den einaste. Dersom ein finn liknande framstelling av gudane i andre etniske religionar, så kan ein ikkje resonnere slik. Det må ein undersøke, og det har Lassen faktisk gjort, i annan samanheng: Visse førkristne tekstar seier at dei gresk-romerske gudane dreiv med "incest, kastration [og] bømeslugrting" (s. 18), altså liknande ting som Loke skuldar gudane for i Lokasenna. Men Lassen ser ikkje at dette kan vera relevant for korleis vi oppfattar Lokasenna, og nemner ikkje at diktet kan forklarast på andre måtar enn som kristen blasfemi - som at den gammalnordiske religionen hadde ei heilt anna haldning til gudane sine enn bok religionane har. I staden nemner ho eit argument som støtte for det eine alternativet ho drøftar: Hjålte Skjeggjason vart på Alltinget i 999 dømd for liknande skuldingar som Loke kjem med i Lokasenna, og då måtte det same skjedd med diktaren av Lokasenna, dersom det var dikta før kristninga. Det er utan tvil eit mogeleg resonnement, men det og må vurderast mot andre mogelege resonnement. Til dømes kan det ha vori verre at eit menneske snakka nedsetjande om gudane enn at den perverse Loke gjorde det, og det kan ha vori verre at ein kristen gjorde det - jamfør at svarte og homofile godt kan seia "nigger" og "sopar" til kvarandre, jamvel om vi andre ikkje kan bruke desse orda utan å få problem. Også andre motiv meiner Lassen er lånte, utan å drøfte alternativ: Den "sjamanistiske" Odin (s. 252}, Mims hovud (s. 254), Odins sjølvofring i verdstreet (s. 342), m.fl. I dei fleste tilfella konkluderer Lassen likevel ikkje, men nøyer seg med å seia slikt som at det eller det motivet "kan stamme fra" lærd litteratur, t.d.: "Imidlertid kan Ragnarok være en kristen konstruktion" (s. 383, anna døme s. 348). Det ser likevel ut ti! at ho med "kan være" i slike tilfelle meiner "er", for når ho reknar opp tekstar og element som ho meiner er frie for kriste nlærd påverknad, så er det berre det som er att når alle slike "kan være" er trekte frå (t.d. s. 172, 177, 352, 387). Heller ikkje i "kan være"-tilfella drøftar Lassen andre alternativ enn lærd påverknad. Fordi resonnementstypen eg har skissert her ber store delar av drøftinga, er denne avhandlinga likevel, indirekte, ei religionshistorisk gransking, som formidlar denne påstanden; "Den førkristne Odin-tradisjonen romma berre element som ikkje liknar element vi kjenner frå høgmellom alderens latin skrifter." I rettferds namn skal det seiast at Lassen slett ikkje er åleine om denne resonnements typen; den har plaga kulturhistorie forsk inga sidan ho oppstod. Problemet har minst to årsaker: Dei fleste granskarane kjenner den lærde latintradisjonen betre enn andre tradisjonar, som kunne sett den lærde i perspektiv, og det er lett å tenkje at eit motiv stammar frå der det tidlegast er heimla i skrift. Men i så fall hai Norden også lånt fenomen som venskap, jordmødrer, fjell og fisk frå Middelhavslanda, der dei er heimla tusenvis av år før våre kjelder. Kanskje er det no i 2012 på tide at vi legg denne slutningstypen bak Det eg har peika på tyder på at Lassen ikkje har tenkt godt nok gjennom føresetnadene for granskinga si. Hovudkonklusjonen tyder på det same: Det "er...ikke Odin, men middelalderens brug af Odinskikkelsen, der er kompleks." Odin var altså eigentleg enkel? Og kompleksiteten, altså dei ymsande Odin-motiva, vart dikta opp i høgmellomalderen? Nokre motiv, som djevel-od in og den euhemeristiske Odin, vart sjølvsagt det, men det er nok av variasjon som etter alt å døme er førkristen. Er det ikkje slik at Odin faktisk far mangesidig, i den nedarva tradisjonen, og at diktarane og forfattarane, både i heiden tid og i høgmellomalderen, kunne velja den sida som passa i kvart tilfelle? Jo, Lassen meiner det og: "Det er... værd at bemærke, at en førkristen fremstilling a f Odin også må have været influeret af konteksten" (s. 391, jf. 18), seier ho, og viser til at gudane også i sikkert førkristne ttadisjonar er framstelte med liknande variasjon som hos oss (gresk-romersk, mas ai). Eg klarer ikkje å oppfatte det annleis enn at Lassen stikk hol på sin eigen konklusjon. For meg ser det ut til at dei logiske vanskane djupast sett er ein konsekvens av den kjeldekritiske trua på at sjølve handskriftene og tida dei stammar frå er trygg grunn, slik at ein får meir pålitelege resultat dersom ein prøver å halde drøftinga si innanfor den perioden, nemleg høgmellomalderen. Men det stemmer berre dersom korpuset overvegande stammar frå høgmellomalderen. Er det slik? Det mytologiske korpuset er overlevert i handskrifter frå høgmellomalderen, det er forma av høgmellomalderen og det har tildiktingar frå høgmellomalderen. Like fullt er det i hovudsak eit tradisjonsstoff som var nedarva, i visse sjangrar til dels nokså ordrett, gjennom hundrevis av år, inntil høgmellomalderen gav det den forma vi kjenner. Eit slikt materiale kan ikkje forståast som eit høgmellomalderfenomen som i stor grad er låm. Det er som å prøve å forstå menneskeatferd som ein refleks berre av miljø, fordi berre miljøet er observerbart (slik det var inntil nyleg), og sjå bort frå arv som noko diffust som berre kan diskuterast når reine miljøs tudiar har sortert ut det som kjem av miljøet. Det går ikkje, og det går ikkje på vårt felt heller. Forskinga på gammal nordisk religionshistorie treng kjeldekritiske granskingar, men dei må gje alle rimelege alternativ ein real sjanse. Denne avhandlinga viser dessutan at det metodisk kan vera ei ulempe å gå til oppgåva med veik tru på tidsdjupna i materialet (og det hjelper ikkje om ein trur at ein ikkje driv med "metodisk eller fagligt givne tolkninger"...). Samtidig viser avhandlinga faktisk, indirekte, at kjeldever- Collegiutn Medievale 2011 Collegium Medievale 2011

i$8 Meldt av Eldar Heide dien til materialet er stor. I tilfellet Odin kan vi sjå bort frå euhemerist-odin og djevel- Odin, som det er full semje om stammar fri lærd påverknad; det interessante er korleis det er med resten. Men trass i at Lassen har silt ut "lærde" element med ein trål som er mykje meir finmaska enn det går an å forsvara, så passerer det meste av "restopplysningane" uhindra gjennom trålen. Eldar Heide er postdoktor ved Senter for mellomalderstudiar. Universitetet i Bergen. http://eldar-heide.net/ Collegium Medievale 2011

COLLEGIUM MEDIEVALE Interdisciplinary Journal of Medieval Research Volume 24 Published by COLLEGIUM MEDIEVALE Society for Medieval Studies Oslo 2011