GULATING LAGMANNSRETT



Like dokumenter
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Gulating lagmannsrett årsmelding 2009

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Gulating lagmannsrett årsmelding 2007

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Forslag frå fylkesrådmannen

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Strategiplan for Apoteka Vest HF

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Aurland kommune Rådmannen

Folketal, verdiskaping og kunnskapsproduksjon på Vestlandet

Vurdering av allianse og alternativ

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Kvalitetsplan mot mobbing

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

GULATING LAGMANNSRETT Å R S M E L D I N G

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

10/60-14/N-211//AMS

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Lønnsundersøkinga for 2014

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fylkesmannen i Oppland. Rapport frå tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor psykisk utviklingshemma.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

«Ny Giv» med gjetarhund

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Transkript:

GULATING LAGMANNSRETT Å R S M E L D I N G 2 0 1 0

Stavanger Tinghus. G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T INNHALDSLISTE 1. Førstelagmannen har ordet side 3 2. Organisasjon økonomi side 4 3. Kompetanseutvikling side 6 4. Arbeidsmiljøet side 8 5. Vitnestøtte side 9 6. Saksavviklinga side 10 7. Nye Gulating i rute? side 12 Framsidebiletet viser ein modell av nye Gulating lagmansrett. Illustrasjonsfoto: MIR - www.mir.no G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T Postadresse: Postboks 7414, N-5020 Bergen Besøksadresse: Bergen Tinghus, Tårnplass 2 Telefon sentralbord: + 47 55 69 95 00 Telefaks: + 47 55 69 95 01 Heimeside: www.domstol.no/gulating E-post: gulating@domstol.no 2

2 0 1 I N G Å R S M E L D 0 1. FØRSTELAGMANNEN HAR ORDET I høve til ei undersøking frå 2010, gjengjeve i domstolsmagasinet Rett på sak, har 84 % av befolkninga ganske stor eller stor tillit til domstolane i Norge. Talet er det høgaste på dei 15 åra det har vore gjort slike undersøkingar. Tillit er heilt naudsynt om domstolane skal fylla samfunnsoppgåva si på ein god måte. I eit internasjonalt perspektiv er det ei rekkje land der befolkninga har liten eller ingen tillit til domstolane. I første rekkje skuldast det at ein ikkje har tillit til domstolane som uavhengige organ, men ser på dei som reiskap for bestemte samfunnsinteresser. Norske domstolar og norske dommarar er uavhengige. Ingen trur at dei avgjerder domstolene avseier kan vera påverka gjennom korrupsjon eller direktiv frå andre myndigheiter. Dei som kjem til domstolane med si sak, får den avgjort utelukkande på grunnlag av lovgjevinga og dei faktiske omstende i saka. Uavhengige domstolar er vår fremste garanti for rettstryggleiken. Ei rekkje andre kvalitetsaspekt har óg mykje å seia for tilliten til domstolane. Saksbehandlingstida er ein særs viktig kvalitet. Den som søkjer domstolane, har ikkje berre krav på ei uavhengig avgjerd, men óg på å få avgjerda innan rimeleg tid. I Gulating lagmannsrett er saksbehandlingstida for straffesaker lengre enn den burde vera. I 2010 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for lagrettesaker 6 månader, og for fullstendig handsaming av saker som ikkje skal gå for lagrette bevisankar var den 8 månader. I sivile saker hadde vi ei saksbehandlingstid på noko i overkant av normen på 6 månader. Saksbehandlingstid er eit spørsmål om ressursar. Vårt ansvar er å nytta dei ressursane vi får tildelt best mogeleg, samstundes som vi stadig freistar å uvikla oss. Det meinar vi at vi har gjort. For å få nedarbeidd dei største restansane, ba vi Domstolaministrasjonen om ekstra midlar, slik at vi for ein periode kunne ta inn ytterlegare arbeidskraft. Diverre var det ikkje rom for slik satsing no. Vi har tidlegare gjennomført ei såkalla CAF-undersøking av heile organisasjonen. CAF står for Common Assessment Framework og er ein europeisk standard for kvalitetsmessig evaluering av offentlege institusjonar. Ei rekkje tilrådingar frå undersøkinga er allereie gjennomførte. Noko av det viktigaste som førebels ikkje er gjort, er ei brukarundersøking og ein brukardialog med ulike grupper aktørar. Dette vil koma etter innflytting i nytt hus. Vårt interne kompetanseutviklingsarbeid er eit viktig kvalitetsarbeid. Det gjer det mogeleg med både fordjuping og oppdatering i fagspørsmål i vid forstand, men óg utvikling av tekniske hjelpemiddel og evner, med anna ved bruk av IKT. Arbeidet vert leia av eit kompetanseutval som utarbeider ein årleg plan for kompetansearbeidet. Det vert avsett ein arbeidsdag kvar månad fagdag til kompetanseutvikling og det vert forventa at samtlege tek del i fagdagane. Det er ei prioritert målsetjing å halda kompetanseutviklingsarbeidet på eit høgt nivå. Eit resultat av det seinaste kompetansearbeidet er at vi etter ein fagdag om tolking i domstolane, no har innført monaleg strengare kvalifikasjonskrav til tolkar som nyttast i Gulating lagmannsrett. I tillegg til vårt interne arbeid med kompetanseutvikling, deltek både dommarar og saksbehandlarar på ei rekkje kurs arrangert av eksterne aktørar. Gulating lagmannsrett har stor tilgang på saker som kvar arbeidsdag gjev dei tilsette utfordringar. Det er grunn til å takka samtlege for heilhjerta innsats og bidrag til å ivareta domstolane sin kvalitet og med det tillit i samfunnet. Bjørn Solbakken førstelagmann 3

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T 2. ORGANISASJON - ØKONOMI ORGANISASJON Gulating lagmannsrett blir leia av ein førstelagmann, som saman med administrasjonssjefen har ansvar for utvikling og drift av domstolen. Domstolen er organisert i to avdelingar og ei fellesteneste. Kvar avdeling blir leia av ein lagmann. Sekretariata i dei to avdelingane blir leia av to avdelingskonsulentar, Gunvor Knudsen og Inger Røyrbotn Låstad. Administrasjonssjefen leiar fellestenesta. Leiargruppa i Gulating har vore: Førstelagmann Bjørn Solbakken, adm.sjef Arne Støle, avdelingslagmann Martin Tenold og avdelingslagmann Arne Henriksen. I andre halvår av 2010, var avdelingslagmann Martin Tenold konstituert som førstelagmann og lagmann Jan Erik Erstad konstituert som avdelingsleiar for avd. 1. DEI TILSETTE I 2010: Avd. 1 Avd. 2 Dommarar: Dommarar: Martin Tenold Arne Henriksen Jan Erik Erstad Steinar Magnus Trovåg Hanne Sophie Greve Rune Voll Stig Sjong Ørnulf Jacobsen Rannveig Sjøvoll Daniel Lunde Nils Skaar Håvard Romarheim Ove Midttun Ellen Midtgaard Carl Petter Martinsen Arne Fanebust Fredrik Staff Jon Atle Njøsen Rolf Strøm Guri Elisabeth Molven Haakon Meyer Wiggo Storhaug Larssen Berit Moldskred Mo Kjell Frønsdal Bjørn Lillebergen Margareth Christophersen Ole-Arne Linga Nina C. Noss Jarle Golten Smørdal Birger A. Stedal Per Jordal Magni Elsheim Bjørnar Borvik (kst.) Erling Johannes Husabø (kst.) Gunnar Torvund (kst.) Saksbehandlarane. Foto: Åste Ruud Saksbehandlarar: Saksbehandlarar: Gunvor Knudsen Inger Røyrbotn Låstad Sigrun Fimreite Hjørdis Skogen Signy Larsen Wenche Lund Wibecke Onarheim Marit T. Hansen Linda M. Moen Arnhild Bø Marith Karin Andersen Janicke K. Vognstølen Randi Holmås Tonje Olsnes Line Djupvik Andersen (engasjement) FELLESTENESTA Ekspedisjon: Line L. Steffensen Eva Fauskanger Lena O. Fauskanger Anne Vedvik Rekneskap: Lise Rådal Jostein Hordvik Ragnhild Bull Wenche Endregaard 4

2 0 1 I N G Å R S M E L D 0 I Stavanger: Hildur Engeland Staalesen Rettsbetjentar i Bergen: Terje Fossedal, Bjørn Norbeck og Ole Karl Husa Rettsbetjentar i Stavanger: Karl Fagerlund og Terje Olav Høiland I tillegg til faste og konstituerte dommarar nyttar lagmannsretten ekstraordinære dommarar. Oppnemninga deira gjeld for eitt år om gongen. I 2010 har desse ekstraordinære dommarane gjort teneste: Bjarte Eikeset, Lidvard Faaberg, Svein Alsaker, Astrid Frøseth og Ivar Axel Oftedal. Lagmannsretten tilkallar òg dommarar frå førsteinstans. Desse gjer normalt teneste ei veke vår og haust. Gulating har òg hatt stor nytte av dommarar frå ei såkalla ressursgruppe av tidlegare sorenskrivarar. NYTILSETTE I 2010 Tingrettsdommar Gunnar Torvund frå Nordhordland tingrett, vart konstituert som lagdommar i ein seksmånaders konstitusjon frå 20. september 2010. Professor ved UiB, Erling Johannes Husabø, vart konstituert i perioden 30. august 31. desembar, men konstitusjonen er forlenga til sommaren 2011. Line Djupvik Andersen vart tilsett i eittårsengasjement som saksbehandlar frå 1. september. Lena Osberg Fauskanger vart tilsett som saksbehandlar 15. september 2010 og Tonje Olsnes frå 1. oktober, begge i faste stillingar. SLUTTA I 2010 Tre saksbehandlarar slutta i 2010: Marith Karin Andersen 31. august, Sigrun Fimreite 30. september og Lise Rådal 30. november. Kst. lagdommar Bjørnar Borvik slutta 28. februar etter 6 månaders konstitusjon. ØKONOMI Etter fleire år med budsjettoverskridingar og meirforbruk, fekk Gulating lagmannsrett i 2010 ei permanent styrking av budsjettramma, særskilt retta inn mot budsjettposten reiseutgifter. Vi heldt fram med innsparingstiltak som gjeld reiseverksemda i 2010 og det er difor positivt å konstatera at resultatet i 2010 har betra seg. Gulating lagmannsrett fekk i 2010 tildelt NOK 54 404 554 inklusive tilleggsløyvingar. Av dette beløpet gjekk ca. 85 % med til å dekkja lønsutgifter, medrekna arbeidsgjevaravgift. Dommarane våre reiser mykje, særleg til Stavanger, men òg mykje til Haugesund, Førde, Nordfjordeid og andre stader i distriktet. I 2010 hadde vi ei ramme for reiseutgiftar på 4.5 mill kr. Totalforbruket enda på 3,9 mill kr grunna innsparingstiltak. Vi fekk dekka ekstraordinære leigekostnader til avvikling av ei stor og langvarig straffesak i 2010, og DA ga tilleggsløyving på 250 000 til leige av rettslokale utanfor tinghusa i Bergen og Stavanger. Samla ramme var 1,2 mill. kr, som svara til forbruket i 2010. I tillegg til dei beløpa som går med til domstolen si eiga drift, vert det frå domstolen betalt for eksterne tenester i samband med saksavviklinga. Til dømes vart det i 2010 utbetalt ca 33 mill. til straffesaker, der ca. 21 mill. gjaldt salær til forsvararar og bistandsadvokatar. 5

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T 3. KOMPETANSEUTVIKLING Gulating lagmannsrett er ei kunnskapsbedrift, og legg stor vekt på kompetanseutvikling. I 2010 vart det gjennomført ei rekkje kompetansehevande tiltak i regi av kompetanseutvalet. Utvalet er samansett av representantar for saksbehandlarane, dommarane og leiinga. Lagmannsretten hadde tre satsingsområde i 2010: Organisasjonsutvikling, det fleirkulturelle samfunn og IKT-verktøy. INTERN KOMPETANSEHEVING Satsingsområdet IKT-verktøy var ei vidareføring frå 2009. Dette blir eit satsingsområde også i åra som kjem. Lagmannsretten har arrangert lokale kurs med eksterne kurshaldarar frå KnowledgeGroup og DA. Ulike IKT-kurs har gått for mindre grupper av dommarar og saksbehandlarar. FAGDAGAR Lagmannsretten arrangerte ein intern fagdag kvar månad i 2010. Naturleg nok har året vore prega av førebuingar til flytting i nytt hus. Både Gulatingseminaret (sjå under) og fleire fagdagar gjekk difor med til temaet organisasjonsutvikling. Gjennom gruppearbeid og plenumsdiskusjonar har medarbeidarane belyst ulike måtar ein kan ønskje å organisera arbeidet i lagmannsretten, samt problemstillingar knytt til ulike organiseringsmodellar. Leiinga har fått mange gode innspel i høve til avgjerda om korleis arbeidet i lagmannsretten skal organiserast i framtida. Det fleirkulturelle samfunn som óg var eit satingsområde vidareført frå 2009, vart tematisert ved å sjå på kvalitetssikring av tolkeverksemda. Tolking på framandspråk er veksande i domstolane, og dette reiser ei rekkje problemstillingar, ikkje minst i høve til rettstryggleiken. Lagdommar Arild Kjeschow frå Borgarting, Liv Zehoueo frå IMDI og tolken Berit Norhuus belyste ulike sider ved tolkeverksemda. I tillegg kom advokat Arild Dyngeland med fruktbare innspel sett frå advokatane sin ståstad. Fagdagar i 2010 har óg femna om andre problemstillingar, Førstehjelpskurs. Foto: Janicke K. Vognstølen t.d. forkynning m.v. i høve til fornærma si stilling, tryggleik og førstehjelp, fri sakførsel og skjerping av straffa for drap, annan grov vald og seksuallovbrot. Som ledd i kvalitetssikringa av kompetansearbeidet, har kompetanseutvalet teke i bruk evalueringsskjema på fagdagane, der alle medarbeidarane evaluerer utbyte, relevans og tilrettelegging. Skjemaet vart først teke i bruk på dei to siste fagdagane i 2010. Kompetanseutvalet vonar at dette skal verta eit nyttig verktøy for fortløpande evaluering av dei kompetansetiltaka som vert iverksett. Dei kjem óg til nytte i samband med utarbeiding av evalueringsrapport av det totale kompetansearbeidet på årsbasis. EKSTERN KOMPETANSEHEVING I 2010 har mange av dommarane våre nytta det allsidige kompetansetilbodet i regi av Kompetanseutvalet for dommarar (KFD) - kurs eller studieturar samt andre eksterne kurs. Leiinga gjennomførde kurs i leiarutviking i regi av AFF. To saksbehandlarar tok Justin@-kurs i regi av DA. 6

2 0 1 I N G Å R S M E L D 0 GULATINGSEMINARET Gulatingseminaret 2010 vart lagt til nærområdet vårt, Solstrand Fjordhotell i Os. Organisasjonsutvikling og endringar i samband med flytting til nytt tinghus i 2011 var tema. Opplegget var utarbeidd av leiinga i samarbeid med AFF etter innspel frå kompetanseutvalet. Psykologen Ståle Einarsen opna seminaret med eit engasjerande og fagleg stimulerande foredrag om ulike typar leiarskap. Deretter var det såkalla forhandlingsøvingar i regi av AFF sine konsulentar. Emnet for øvingane var forventingar til leiinga i Gulating lagmannsrett. Første dag av seminaret vart avrunda av journalisten og forfattaren Linda Eide, kjent frå NRK sin Linda Eide. Foto: Janicke K. Vognstølen programserie Norsk attraksjon. Ho trimma lattermusklane og fekk fram vestlendingen i oss med foredraget Ekte begeistring er ingen spøk. I samband med middagen om kvelden sytte Os Mannskor og solist lagmann Steinar Trovåg, for vakker og stemningsfull song. Andre dag av seminaret gjekk med til gruppearbeid og plenumsdiskusjonar kring ymse organisasjonstema. 7

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T 4. ARBEIDSMILJØET Hjå Fjeldberg AS. Foto: Jarle Golten Smørdal Gulating lagmannsrett sitt AMU har møte kvart kvartal. Sidan 2003 har domstolen vore IA-bedrift, og har i tråd med IA-avtalen utarbeidd retningsliner og rutinar for oppfølging av sjukmelde arbeidstakarar. Retningslinene tek sikte på raskare og meir aktiv kontakt mellom sjukmelde og arbeidsgjevar, auka bruk av aktiv og gradert sjukmelding og innhenting av bistand frå Arbeidslivssenteret og trygdekontor for tilrettelegging av arbeidsplassar. Sjukefråversprosenten for 2010 var på 5,3 % inkludert eigenmeldt sjukefråver. Talet ligg i underkant av snittet for offentleg forvaltning. Tilsvarande tal for 2009 var 4 %. Auken i sjukefråveret skuldast i hovudsak at vi i 2010 fekk nokre langtidssjukemeldingar grunna alvorleg sjukdom. Lagmannsretten legg vekt på å skape gode fellesarenaer der medarbeidarane kan samlast, til tross for utfordringa som ligg i lokalsituasjonen i Bergen tinghus. I arbeidet med den nye organisasjonsstrukturen har medarbeidarane jobba i grupper på tvers av profesjonar, og med stort fokus på å skapa gode fellesarenaer og fellesløysingar i det nye huset. Ved å gje arbeidet med organisasjonsutviklinga god tid og alle røyster mogelegheit til å bli høyrt, har lagmannsretten freista å byggje eit sterkt fellesskap. Gulating søkjer å få til eit bedriftsbesøk i året. Slik aukar lagmannsretten innsikta i andre arbeidsplassar, deira organisasjonsformer og arbeidstilhøve, samstundes som ekskursjonar av denne typen er miljøskapande ved at medarbeidarane får oppleve noko saman utanfor tinghuset. I 2010 vitja lagmannsretten Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund som restaurerer og held ved like gamle trebåtar, og Fjeldberg AS i Omarstrand, eit moderne skipsverft som produserar hurtiggåande passasjerbåtar og bilferjer i aluminium. Begge bedriftsbesøka gjekk føre seg på same dag. Dei ga på eine sida eit interessant og kontrastfylt innblikk i ulike arbeidsteknikkar, frå gamalt handverk som vert halde i hevd til ny høgteknologisk produksjon - og på den andre sida totalt ulike økonomiske vilkår, ulike marknader og ulike samansetjingar av medarbeidarar. 8

2 0 1 I N G Å R S M E L D 0 5. VITNESTØTTE Vitne i retten. Foto: Åste Ruud Gulating lagmannsrett i samarbeid med Bergen tingrett, Nordhordland tingrett og Røde Kors Hordaland driftar ei ordning med vitnestøtte i Bergen tinghus. Koordinator for prosjektet er rådgjevar Anne Vedvik. I 2010 hadde vitnestøttene kontakt med nærare 800 vitne i Bergen tinghus, og det vart arrangert 2 kurs for nye vitnestøtter. Vitnestøttene er frivillige personar som dagleg gjev vitna medmenneskeleg støtte og praktisk informasjon i samband med rettssakene. Dei har tausheitsplikt og er kursa både i straffesakskjeden og i vitnepsykologi. Vitnestøttene snakkar aldri om saka med vitnene, men kan svare på spørsmål om formelle sider ved i ei rettssak og elles skape tryggleik rundt vitnesituasjonen. Tilbakemeldingar frå vitne og andre aktørar i retten syner at vitnestøttene medverkar positivt til ein tryggare vitnesituasjon. 9

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T 6. SAKSAVVIKLINGA Det er tre tendensar som særleg kjem til syne når det gjeld saksavviklinga. Desse er: Framhald av auke i talet på nye sivile saker. I 2006 var talet på nye ankesaker 363. Det har auka kvart år, og i 2010 noterte vi 428 nye saker. Dette er ei auke på 18% samanlikna med 2006. Vi merkar oss óg at talet på anker over mellombels avgjerder nådde høgste nivå i 2010. Auken her er i storleik 24% samanlikna med 2006. Kraftig auke i talet på nye bevisankar meddomsrett. I tabellane nedanfor er straffutmålingsankar og bevisankar slått saman. Auken frå 2008 til 2009 er det bevisankane som står for, og utviklinga held seg i 2010. Blandinga av straffesaker Foto: Åste Ruud har blitt meir arbeidskrevjande; langt fleire ressurskrevjande bevisanker, færre fagdommarsaker. Talet på innkomne (henviste) straffesaker samla i 2010 var det høgaste sidan 2006. Dette skuldast at fleire saker blir fremja i høve til 2006-2009. 43% vart fremja i 2010, mot 40% i 2009 og 2008. Behaldninga av straffesaker er stabilt altfor høg. Samla behaldning av straffesaker per 31.12.10 var på 158 saker, noko som er 90 saker meir enn ho skulle ha vore. Behaldninga er m.a.o. 2.4 gonger måltalet. Behandlingstida speglar dette. Vi nemner óg at vi ikkje greier å beramma fristsakene innan 8 vekers fristen, berre om lag 30% av sakene i 2010 blei beramma innan denne fristen. 10

Å R S M E L D 2 0 1 I N G 0 INNKOMNE SAKER 2006 2007 2008 2009 2010 Anke over dom i sivil sak 363 396 381 419 428 Anke over orskurd/vedtak i sivil sak 235 264 199 288 292 Overskjønn 24 16 13 23 23 Lagrettesaker 63 69 58 66 65 Meddomsrett 104 89 106 147 130 Fagdommarsaker 120 102 100 68 82 Ankeprøving 740 718 666 703 669 Anke over orskurd/vedtak i straffesak 703 716 691 681 720 AVGJORTE SAKER 2006 2007 2008 2009 2010 Anke over dom i sivil sak 446 383 421 367 404 Anke over orskurd/vedtak i sivil sak 215 263 212 272 299 Overskjønn 36 20 17 20 18 Lagrettesaker 63 66 60 65 62 Meddomsrett 115 89 94 119 141 Fagdommarsaker 118 110 98 75 70 Ankeprøving 749 721 649 680 645 Anke over orskurd/vedtak i straffesak 714 711 682 685 707 BEHALDNING 2006 2007 2008 2009 2010 Anke over dom i sivil sak 196 208 175 225 245 Anke over orskurd/vedtak i sivil sak 42 44 33 50 42 Lagrettesaker 33 30 28 35 38 Meddomsrett 36 44 57 90 79 Fagdommarsaker 37 33 35 29 41 Ankeprøving 31 34 31 47 60 Anke over orskurd/vedtak i straffesak 8 13 8 4 16 BEHANDLINGSTIDA 2006 2007 2008 2009 2010 Anke over dom i sivil sak 284 213 182 189 188 Anke over orskurd/vedtak i sivil sak 47 62 52 58 53 Lagrettesaker 199 158 178 213 199 Meddomsrett 165 133 157 190 214 Fagdommarsaker 139 111 126 147 191 Ankeprøving 23 20 17 32 23 Anke over orskurd/vedtak i straffesak 12 5 5 5 5 11

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T 7. NYE GULATING I RUTE? Dette var eit sentralt spørsmål i året som gjekk. Lagmann Steinar Trovåg som er leiar i brukarutvalet, har heldt lagmannsretten oppdatert om framdrifta med sine jamnlege Nytt frå byggeplassen gjennom heile 2010. Slik har alle fått teke del i framdrifta i byggjeprosessen. Steinar Trovåg har óg teke med heile lagmannsretten på synfaring i det nye huset. I mindre grupper, ikledd verneutstyr, har medarbeidarane fått ein forsmak på kva vi har i vente. I Juristkontakt 6. september hadde arkitekt Terje Grønmo følgjande å seia om det nye huset: Statens rettssystem bør uttrykkes som noe varig, noe stabilt, til å stole på. Videre vil det være naturlig at det uttrykker en myndighet eller autoritet som er i stand til å fylle funksjonen som den dømmende makt. Dette vil imidlertid ikke si at bygningen på noen måte må framstå undertrykkende eller kuende. Jeg ser ikke noe spesielt bergensk over løsningen for Gulating. Det mer avgjørende er selve plasseringen. Gulating lagmannsrett er gitt en svært sentral, eksponert og utfordrende tomtesituasjon, med mange byplanmessige utfordringer. Bygningen danner en megler i by-rommet mellom rådhusets kjempeblokk og en småskalabebyggelse som ellers preger kvartalet. Bygningen skal både danne front mot festplassen, og avslutning på et skrått gateløp med sikt mot Lille Lungegårdsvann. Bygningens forankring i by-rommet er en sentral utfordring. Bygningen fyller et helt kvartal med en kompleks ytre geometri. Bygningen skulle gjennom framtoningen fylle sin symbolfunksjon. Jeg arbeidet for å oppnå formale løsninger som skaper assosiasjoner til klassiske motiver som gir gjenkjennelighet og et sentralrom. Sentralrommet skulle både lage et monumentalt rom, skape oversiktlighet i interiøret og etablere en lysgård for dagslys. På synfaring med leiar i brukarutvalet, Steinar Trovåg. Foto: Martin Tenold Bygningen er reist i en periode hvor begrepet postmodernisme var en framherskende retning både innenfor bytenkning og stiluttrykk. Det har helt klart påvirket bygningens utforming. Jeg vil likevel hevde at det grunnleggende er forankret i klassisk modernisme. Grønmo påpeker også en del fellestrekk ved Oslo tinghus og Gulating lagmannsrett. Selv om de har liten formmessig likhet, er det likevel mange fellestrekk i hva bygningene uttrykker; en markert tydelig inngang, eksponering av rettssalene mot plassen som byggets sentrale innhold, en viss materialmessig tyngde, selv om Gulating har et knappere og strammere uttrykk. Gulating er et langt mindre hus enn Oslo tinghus og har dermed også et klart mindre sirkulasjonsareal. Mangelen på størrelse i nye Gulating har Grønmo forsøkt å kompensere ved å skape lange siktlinjer, skape åpninger og trekke overlys inn i rommet. Det blir litt større enn seg selv, og får betydning utover sine tilmålte kvadratmeter. Etter mange år der Gulating har freista vera litt mindre enn seg sjølv i altfor tronge lokale, er det difor med glede og forventing lagmannsretten ser fram til å falda seg ut i lys, luft og plass i det nye huset. 12

Å R S M E L D 2 0 1 I N G 0 Nybygget under oppføring. Foto: Martin Tenold 13

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T VEDLEGG HISTORIE Domstolane våre har røtene sine i dei tinga som vart etablerte før rikssamlinga omkring år 900, nærast som ei form for allmøte som hadde både lovgjevande og dømmande makt. Innanfor dette systemet hadde ein lokale bygdeting, organiserte som allting, og regionale ting eller lagting. Heller tidleg var det etablert fem slike lagting. Gulating er det eldste av desse. Tingstaden låg i Eivindvik i noverande Gulen kommune frå om lag år 800 til rundt år 1300. I samband med lagtinga hadde ein rettskunnige tillitsmenn, kalla lagmenn, som hadde til oppgåve å forklara tingmennene korleis lovene var å forstå. Etter kvart vart lovene nedskrivne. Handskriftene av Gulatingslova frå rundt år 1150 er dei eldste og best bevarte av dei nordiske landskapslovene. Ordninga med lagting stod ved lag i denne forma fram til 1797. Då vart ho avløyst av ei ordning med fire stiftsoverrettar. Den eine av desse var Bergen stiftsoverrett, som behandla apellsaker, ikkje berre frå dei tre vestlandsfylka, men òg frå Agderfylka og delar av Telemark. Ved straffeprosesslova av 1887 vart lagretteordninga innført i Noreg. Straffesakene vart deretter behandla av fem nyoppretta lagmannsrettar, anten som ankesaker eller i første instans. Gulating lagmannsrett var etter dette, frå straffeprosesslova vart sett i kraft i 1890, ein domstol for straffesaker. Lagdømmet omfatta lagsokna Stavanger, Bergen, Bergenhus og Romsdal, og domstolen hadde berre ein fagdommar. Denne var felles med Frostating og hadde stort sett sin faste bustad i Trondheim. I 1915 vart det vedteke ei ny prosessordning, som vart sett i kraft frå 1936. Bergen overrett og Gulating lagmannsrett vart då slått saman under namnet Gulating lagmannsrett. Embetskrinsen omfatta dei tre vestlandsfylka, slik tilfellet òg er i dag. Den første lagmann etter samanslåinga var A. E. Soelseth, og domstolen fekk i tillegg tre faste dommarar og ein hjelpedommar. Detalj frå lagrettesalen, Bergen tinghus. Foto: Åste Ruud Seinare har domstolen vakse, og tel i dag 33 dommarar og 19 saksbehandlarar. Med eit så langstrakt embetsdistrikt har arbeidet i Gulating lagmannsrett alltid ført med seg mykje reiseverksemd. Talet på reisedagar ligg i underkant av 40 i gjennomsnitt per dommar kvart år, medan det tidlegare låg ein god del høgare. Tidlegare var saksbehandlarane òg mykje på reise, men for deira del er det no langt på veg slutt med reiseverksemda. Dette heng saman med at det i 1999 vart oppretta ei stilling som saksbehandlar med kontorstad i Stavanger. 14

2 0 1 I N G Å R S M E L D 0 JURISDIKSJON Gulating lagmannsrett er i dag ein av seks lagmannsrettar i Norge. Vi held til i lokale i Tinghuset i Bergen, men har òg kontor og rettslokale i Stavanger, Haugesund, Førde og på Nordfjordeid. I embetskrinsen var det per 1. januar 2010 tilsaman 1 012 202 innbyggjarar, som fordelte seg slik på dei tre fylka: Rogaland 427 947 Hordaland 477 175 Sogn og Fjordane 107 080 Gulatingseglet I dei tre fylka er det til saman 86 kommunar, med ulik busetjing og næringsgrunnlag. Dette speglar seg i dei saker vi får til behandling. Det finst 10 førsteinstansdomstolar/ tingrettar innanfor embetskrinsen. FØRSTEINSTANSDOMSTOLANE INNANFOR EMBETSKRINSEN VAR I 2010: Stavanger tingrett Bergen tingrett Dalane tingrett Jæren tingrett Haugaland tingrett Hardanger tingrett Sunnhordland tingrett Nordhordland tingrett Sogn tingrett Fjordane tingrett I TILLEGG KJEM FØLGJANDE JORDSKIFTERETTAR: Nord og Midhordland jordskifterett Sunnhordland jordskifterett Hardanger jordskifterett Voss jordskifterett Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett Indre Sogn jordskifterett Nordfjord jordskifterett NordRogaland jordskifterett SørRogaland jordskifterett Agder og Rogaland jordskifteoverrett Gulating jordskifteoverrett 15

G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T Sats og produksjon: Molvik Grafisk AS G U L A T I N G L A G M A N N S R E T T Postadresse: Postboks 7414, N-5020 Bergen Besøksadresse: Bergen Tinghus, Tårnplass 2 Telefon sentralbord: + 47 55 69 95 00 Telefaks: + 47 55 69 95 01 Heimeside: www.domstol.no/gulating E-post: gulating@domstol.no