Forslag til ny forskrift om føring av fiskarmanntal. Høyringsnotat av 2. juni 2008



Like dokumenter
Forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn

Her er fastsett «det særlege verkeområde» som reglane om inntekt i verksemd utanom fiske i 3 nr.5, 4 og 5 nr.5 viser til.

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Saksbehandling kva er no det?

Forskrift om endring av forskrift om føring av manntall for fiskere, fangstmen m.v.

Høringsnotat av 20. februar 2015

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

I ~ I ~'.~.~~.~~~~~o!~~"~~

DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Val av styremedlemmer til styra i helseføretaka - føringar for val av representantar

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Høyringsnotat av 11. juni 2012 Vilkår for omsetning av torsk frå fritidsfiske

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

HELDING FRA FISKERIDIREKTØREN J. 118/85 ENDRING AV FORSKRIFTER OM FØRING AV MANNTALL FOR FISKERE, FANGST MENN M. V.

10/60-14/N-211//AMS

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Høyring om forskrift om endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn (manntalsforskrifta)

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

FISKERIDIREKTORATET Strandgaten 229, Boks 185 Sentrum, 5804 BERGEN Telex Telefax Tlf

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Tilgangskontroll i arbeidslivet

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Forskrift om bustøtte

HØYRING FRAMLEGG OM ENDRING AV FORSKRIFT 4. DESEMBER 1992 NR

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

St.prp. nr. 62 ( )

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Aurland kommune Rådmannen

8. Museum og samlingar

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Vurdering av allianse og alternativ

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Høyringsnotat om endringar i yrkestransportlova (heving av aldersgrensa for kjøresetel o.a.) 1. HEVING AV ALDERSGRENSA FOR KJØRESETEL

Aust-Agder Venstre og Vest-Agder Venstre v/fylkessekretær Jan Kløvstad Kongens gate Kristiansand. Førde, 14.

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

INNFØRINGSKURS OM PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR

Høyringsnotat. Høyringsfrist Høyringsfristen vert sett til seks veker.

Vedtak i klagesak som gjeld dispensasjon frå reguleringsplan for deling av hyttetomt frå gbnr. 54/34 i Sogndal kommune

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Transkript:

Forslag til ny forskrift om føring av fiskarmanntal Høyringsnotat av 2. juni 2008 Høyringsfrist 2. september 2008

1. OPPSUMMERING AV ENDRINGSFORSLAGA...4 2. BAKGRUNN...5 3. GJELDANDE RETT...6 3.1 Formålet med og den overordna organiseringa av manntalet... 6 3.2 Vilkår for opptak i manntalet... 7 3.2.1 Generelle vilkår for opptak... 7 3.2.2 Ytterlegere vilkår for opptak på blad A... 7 3.2.3 Ytterlegare vilkår for opptak på blad B... 8 3.3 Føring av manntalet... 9 3.3.1 Hovudliste... 9 3.3.2 Tilleggsliste... 9 3.3.3 Klage og omgjering... 9 3.3.4 Andre reglar i i manntalsforskrifta... 10 3.4 Konsekvensar av opptak i fiskarmanntalet... 10 4. FORSLAGA FRÅ DEPARTEMENTET...11 4.1 Generelt om vilkår for opptak... 11 4.2 Vilkår for opptak: Inntektskravet... 11 4.2.1 Grunnlaget for dimensjoneringa av inntektskravet... 11 4.2.2 Inntektsgrensa for blad A... 12 4.2.3 Inntektsgrensa for blad B... 13 4.2.4 Inntektsdefinisjon (kva som er å rekne som inntekt frå fiske)... 14 4.2.5 Yrkesmessig fiske... 14 4.2.6 Einefiskarar... 14 4.2.7 Spesielt store utgifter... 15 4.3 Vilkår for opptak: Eksklusjonskravet... 15 4.3.1 Bør eksklusjonskravet haldast ved lag?... 15 4.3.2 Omgrepet full verksemd... 16 4.3.3 Grunnlaget for dimensjoneringa av inntektsgrensa knytt til eksklusjonskravet... 16 4.3.4 Inntektsgrensa... 17 4.3.5 Inntektsgrensa i verkeområdet til Samisk utviklingsfond... 17 4.3.6 Inntektsdefinisjon (kva som er å rekne som inntekt i anna yrke eller næring)... 19 4.3.7 Arbeidstid tilsvarande det som er normalt innan vedkomande yrke... 20 4.4 Andre vilkår for opptak... 21 4.4.1 Aldersgrense på 15 år... 21 4.4.2 Krav om driftstid... 21 4.4.3 Krav om at ein viss del av samla inntekt kjem frå fiske... 22 4.4.4 Krav om å arbeide om bord på eit fartøy... 22 4.4.5 Krav om at fartøyet må vere registrert i merkeregisteret... 22 4.4.6 Krav om at personen ikkje er teken opp på blad B... 23 4.5 Unntak frå opptaksvilkåra... 23 4.5.1 Fiskebåtreiarar... 23 2

4.5.2 Personar med tillitsverv... 24 4.6 Særleg om pensjonistar... 24 4.6.1 Generelt om pensjonistar... 24 4.6.2 Personar mellom 67 og 68 år... 26 4.6.3 Unntak for enkelte pensjonistar for opptak på blad A... 26 4.6.4 Unntak for fiskarar over 60 år for opptak på blad B... 27 4.6.5 Unntak for enkelte uførepensjonistar for opptak på blad B... 27 4.7 Konsekvensar av opptak... 27 4.8 Føring av manntalet... 28 4.9 Økonomiske og administrative konsekvensar... 30 4.10 Konsekvensar for det samiske folket og samisk kultur... 30 FORSLAG TIL NY FORSKRIFT...31 3

1. OPPSUMMERING AV ENDRINGSFORSLAGA I dette høyringsnotatet foreslår Fiskeri- og kystdepartementet ei ny forskrift om fiskarmanntalet. Sett i høve til gjeldande forskrift er det forslag om fleire materielle endringar når det gjeld vilkåra for opptak, og meir tekniske og redaksjonelle endringar med liten materiell verknad både når det gjeld vilkåra for opptak og reglane om føring av manntalet. Dei viktigaste materielle endringane som vi gjer framlegg om, gjeld vilkåra for opptak, og dei inneber: at omsetningsgrensa i lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift (meirverdiavgiftslova) 28 første ledd første punktum (kr. 50 000) erstattar grunnbeløpet i folketrygda (G) (kr. 70 256 frå 1. mai 2008) som grunnlag for dimensjoneringa av inntektsgrenser. at kravet om ei viss inntekt frå fiske og fangst (inntektskravet) for opptak på blad B aukar frå 1G (kr. 70 256) til to gonger beløpet i meirverdiavgiftslova (kr. 100 000), og at inntektskravet for opptak på blad A vert endra frå 1/2 G (kr. 35 128) til 3/4 av beløpet i meirverdiavgiftslova (kr. 37 500). at definisjonen av kva som er å rekne som inntekt frå fiske eller fangst vert utvida til å gjelde hausting av alle viltlevande marine ressursar i tråd med forslaget til ny havressurslov (vedteken av Lagtinget, men p.t. enno ikkje sanksjonert av Kongen i Statsråd). Dette inneber til dømes at også inntekt frå taretråling kan danne grunnlag for opptak. Forslaget medfører inga endring i ordlyden til forskrifta. at den særlege inntektsdefinisjonen for einefiskarar, og opninga for ei nærare vurdering av inntekta til ikkje-einefiskarar ved spesielt store utgifter, vert oppheva. at eksklusjonskravet (krav om at vedkomande ikkje er sysselsett i full eller (gjeld berre for blad B etter høyringsforslaget) avgrensa verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst) vert justert ved at grensa for tillaten inntekt frå anna verksemd vert heva frå 4G (kr. 281 024) til sju gonger beløpet i meirverdiavgiftslova (kr. 350 000) for blad A, og frå 3G (kr. 210 768) til fem gonger beløpet i meirverdiavgiftslova (kr. 250 000) for blad B. at eksklusjonskravet vert justert ved at den særskilde grensa for tillaten inntekt frå anna verksemd for opptak på blad A for personar omfatta av verkeområdet for Samisk utviklingsfond vert heva frå 5G til ni gonger beløpet i meirverdiavgiftslova. at eksklusjonskravet vert justert ved at det vert innført ei særskild grense for tillaten inntekt frå anna verksemd også for opptak på blad B for personar som er omfatta av verkeområdet for Samisk utviklingsfond, og at grensa vert sett til sju gonger beløpet i meirverdiavgiftslova. 4

at eksklusjonskravet vert justert ved at grensa for ekskluderande arbeidstid i anna verksemd vert 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring, i staden for berre det som er normalt innan vedkomande yrke eller næring. For blad B vert det også teke inn i forskrifta som ekskluderande at ein sjølvstendig næringsdrivande har arbeidstakarar i si verksemd utanom fiske. Desse endringane i ordlyden til forskrifta er ikkje meint å innebere ei endring av praksis. at det vert opna for at personar mellom 67 og 68 år kan stå i manntalet sjølv om dei har ugradert alderspensjon. at kravet om fulltids sysselsetjing i fiske eller fangst i minst 20 veker i løpet av kalenderåret (driftstid) for opptak på blad B vert oppheva. at kravet om at inntekt frå fiske må utgjere minst 2/3 av samla inntekt for opptak på blad B vert oppheva. at unntaksregelen som opnar for opptak på blad A av pensjonistar som har drive fiske eller fangst i minst 10 av dei siste 20 åra vert endra ved at grensa for ekskluderande inntekt frå anna yrke og næring vert auka frå 3G til fem gonger beløpet i meirverdiavgiftslova, og frå 5G til sju gonger beløpet i meirverdiavgiftslova for personar omfatta av verkeområdet for Samisk utviklingsfond. at unntaksregelen for opptak på blad B av personar som har drive fiske eller fangst i dei 10 føregåande åra, og som er over 60 år eller uførepensjonistar med ein uføregrad på 60 % eller lågare, vert endra ved at det reduserte inntektskravet vert auka frå ½ G (kr. 35 128) til beløpet i meirverdiavgiftslova (kr. 50 000). at unntaksregelen som opnar for opptak på blad B av fiskebåtreiarar og personar med tillitsverv, vert utvida frå berre å omfatte personar som var opptekne på blad B i føregåande år, til også å omfatte personar som fyller vilkåra for tidsavgrensa ervervsløyve ved arv eller generasjonsskifte etter deltakarlova 7 andre ledd. 2. BAKGRUNN Formålet med fiskarmanntalet er at det skal vere eit påliteleg register for offentlege etatar over alle som heilt eller delvis har fiske eller fangst i havet som leveveg. Manntalet består av eit blad A som skal omfatte alle som har fiske som binæring, og eit blad B som skal omfatte alle som har fiske som hovudnæring. Opptak i manntalet har verknad for tilgangen for den enkelte fiskar til å utøve fiske og fangst som næring, særleg ved at manntalsføring er eit vilkår for å delta i kvoteregulerte og tilgangsavgrensa fiskeri, og for å opparbeide trygderettar og sosiale rettar. Forskrift 26. september 1983 nr. 1495 om føring av manntall for fiskere, fangstmenn m.v. (manntalsforskrifta) gjev reglar om kven som kan takast 5

opp i manntalet, og om administreringa av manntalet. Manntalsforskrifta er forankra i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere (fiskarpensjonslova) 4. Det har ikkje vore nokon heilskapleg revisjon av manntalsforskrifta etter at ho vart vedteken i 1983. Difor har vi no hatt ein gjennomgang av heile forskrifta, og gjer framlegg om fleire materielle endringar i regelverket. Vi gjer også framlegg om fleire oppdateringar av forskrifta og forenklingar i oppbygginga av forskrifta som ikkje er meint å ha materiell verknad. NOU 2003:8 Fra aktiv fisker til pensjonist, er også ein viktig premiss for gjennomgangen. Her vert moglege forbetringar knytt til administreringa av manntalet drøfta, og det vert gjort framlegg om fleire tiltak. Fleire forslag frå utvalet er relevante for gjennomgangen av forskrifta. Det gjeld forslaget om å auke inntektskravet for opptak på blad B for å hindre at andre enn reelle fiskarar vert førde opp. Det gjeld også det utvalet peikar på om at den største utfordringa for administratoren av manntalet er å fastslå storleiken på inntekt i anna yrke eller næring. 3. GJELDANDE RETT Manntalsforskrifta gjev reglar om kven som kan takast opp i manntalet og organisering og administrering av manntalet. Dei rettslege konsekvensane av opptak går i all hovudsak ikkje fram av manntalsforskrifta, men av lover og forskrifter som regulerer dei aktuelle rettane. I dette kapitlet vil vi først gå gjennom reglane om opptak i manntalsforskrifta og organisering og administrering av manntalet mv. Deretter omtalar vi dei rettslege konsekvensane av opptak i fiskarmanntalet. 3.1 Formålet med og den overordna organiseringa av manntalet Formålet med manntalet er etter forskrifta 1 å sikre ei registrering av alle som er busette i riket og som har saltvassfiske eller dyrefangst i havet som næring, til bruk m.a. ved tildeling av rettar eller støtteordningar for dei som heilt eller delvis har fiske eller fangst som leveveg. Forskrifta 2 nr. 3 første til tredje setning og 3 fastset den overordna organiseringa av manntalet. Føresegnene synest ikkje å ha sjølvstendig vekt i høve til dei meir detaljerte føresegnene i forskrifta om organisering av manntalet. 6

3.2 Vilkår for opptak i manntalet 3.2.1 Generelle vilkår for opptak Følgjande fire kumulative vilkår gjeld både for opptak på blad A og for opptak på blad B, jf. forskrifta 2. 1. Alderskravet: Personen har fylt 15 år. 2. Bustadskravet: Personen må vere busett i kommunen, dvs. i Noreg. 3. Personen må vere fiskar eller fangstmann og ha saltvassfiske eller dyrefangst i havet som næring åleine eller saman med anna næring, og arbeide om bord, medrekna mannskap (inkl. førar) på fiske- og fangstfartøy sjølv om vedkomande ikkje deltek i sjølve fangsten. 4. Fartøyet som vert nytta i fangsten må vere innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy, jf. lov 5. desember 1917 nr. 1 om registrering og merking av fiskefartøy. Fiskeridirektoratet kan gjere unntak frå dette kravet i heilt spesielle tilfelle. 3.2.2 Ytterlegere vilkår for opptak på blad A Følgjande kumulative vilkår gjeld for opptak på blad A, jf. forskrifta 4 nr. 1 og nr. 2: 1. Inntektskravet: Personen må drive yrkesmessig fiske og vere venta å få ei brutto inntekt som minst tilsvarar ½ G. Med inntekt meiner ein pengar oppførde i Oppgjerskjema C, trekkgrunnlag. For einefiskarar meiner ein 2/3 av brutto fangst ( trekkgrunnlag 2 ). Som inntekt i fiske reknar ein også sjukeløn, dagpengar ved arbeidsløyse i fiske og minstelott. Personen kan (dersom han ikkje er einefiskar) søkje om nærare vurdering av den inntekta som skal leggjast til grunn dersom vedkomande har spesielt store utgifter. 2. Eksklusjonskravet: Personen må ikkje vere sysselsett i full verksemd i tillegg til fiske. Ein reknar at det er full verksemd dersom inntekta er over 4G, ugradert alderspensjon, full uførepensjon, eller dersom arbeidstida tilsvarar det som er normalt innan vedkomande yrke. I kommunar omfatta av Samisk utviklingsfond er grensa 5G. Sum brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt, eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekt er å rekne som inntekt i denne samanhengen. Følgjande unntak gjeld frå vilkåra for opptak på blad A, jf. 4 nr. 3: 1. Unntak for pensjonistar: Det kan gjerast unntak for personar som tek imot alderspensjon frå offentleg ordning, krigspensjon eller uføretrygd etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, og som har hatt fiske eller fangst som hovudyrke i 10 av dei siste 20 åra før overgang til trygd eller pensjon, eller har oppfylt vilkåra for å stå på blad B i mesteparten av det yrkesaktive livet sitt. Det er eit vilkår at dei ikkje 7

har anna inntekt som overstig 3G (eller 4G dersom dei er busette i ein kommune som er omfatta av Samisk utviklingsfond). 3.2.3 Ytterlegare vilkår for opptak på blad B Følgjande kumulative vilkår gjeld for opptak på blad B, jf. 5: 1. Aktivitetskravet: Det må vere venta at personen i komande manntalsår er fullt sysselsett i fiske eller fangst i minst 20 veker. Dei 20 vekene treng ikkje vere samanhengande. 2. Inntektskravet: (Brutto) inntekt frå fiske eller fangst i komande manntalsår må vere venta å bli 1G. For einefiskarar må 2/3 av brutto fangstverdi tilsvare 1G. Sjukeløn og garantilott er også å rekne som inntekt. Personen kan, dersom han ikkje er einefiskar, søkje om nærare vurdering av inntekta som skal leggjast til grunn dersom vedkomande har spesielt store utgifter. 3. Eksklusjonskravet: Personen må ikkje vere sysselsett i full verksemd i tillegg til fiske. Ein reknar at det er full verksemd dersom inntekta er over over 3G, ugradert alderspensjon, eller dersom arbeidstida tilsvarar det som er normalt innan vedkomande yrke. Brutto lønnsinntekt, eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter er å rekne som inntekt i denne samanhengen. 4. Personen si inntekt av fiske må i alle høve utgjere minst 2/3 av samla inntekt. 5. Personen må ikkje ta imot uføretrygd etter ein uføregrad over 60 %. Følgjande unntak gjeld frå vilkåra for opptak på blad B, jf. 6: 1. Unntak for reiarar og ved tillitsverv: Det kan gjerast unntak frå ovanståande vilkår nr. 1-4 for personleg fiskebåtreiar eller korresponderande reiar, og for personar som på grunn av tillitsverv er forhindra frå å drive fiske eller fangst i same utstrekning som tidlegere. Det er eit vilkår at vedkomande var registrert på blad B føregåande år. I nokre høve krevst det samtykke frå Fiskeridirektoratet. 2. Unntak for fiskarar over 60 år: Det kan gjerast unntak frå ovanståande vilkår nr. 1 4 for personar som har fylt 60 år og har hatt fiske eller fangst som hovudnæring i minst dei 10 siste føregåande åra. Det er eit vilkår at vedkomande har fiskeriinntekt på ½ G, og ikkje får full alderspensjon. 3. Unntak for uførepensjonistar: Det kan gjerast unntak frå ovanståande vilkår nr. 1 4 for personar som tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare. Det er eit vilkår at vedkomande har hatt fiske eller fangst som hovudnæring i dei siste 10 åra, at det etter ei samla vurdering av levevegen til vedkomande tykkjest rimeleg å 8

unnta han frå dei aktuelle vilkåra, og at inntekta frå fiske eller fangst utgjer minst 1/2G. 4. Unntak ved omsorgsplikter, særlege tilhøve og barnefødslar: Det kan gjerast unntak frå ovanståande vilkår nr. 1 2 for personar som på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege tilhøve mellombels ikkje oppfyller vilkåra i nr. 1 eller 2. Fiskarar som føder barn har uavhengig av vilkår nr. 1 2 rett til å stå på blad B for året fødselen skjer og påfølgjande år. 3.3 Føring av manntalet Etter omorganiseringa av ytre etat i Fiskeridirektoratet er det regionkontora til direktoratet som står for manntalsføringa, medan Fiskeridirektoratet har eit overordna ansvar. Forskrifta er ikkje oppdatert i høve til dette då ho talar om fiskerirettleiar som ansvarleg for manntalsføringa, jf. 7. 3.3.1 Hovudliste På hovudlista fører ein alle som står på lista i inneverande år, og som ein ventar har rett til å stå i manntalet også kommande år (hovudrullering). Hovudlista vert lagd ut årleg innan 1. november og gjeld for påfølgjande manntalsår (hovudliste), jf. 8. 3.3.2 Tilleggsliste Tilleggslista vert nytta til innføring av personar som i løpet av manntalsåret krev opptak i manntalet, jf. 9. Opptaket får verknad frå dagen for kravet om opptak. Det er mogleg med tilbakedatering inntil 1. januar føregåande år dersom aktiviteten i fisket vert påvist. Etter vedtak skal det straks sendast skriftleg melding til personen som har kravd opptak med opplysning om klagerett og klagefrist. 3.3.3 Klage og omgjering Reglane om klage og omgjering avvik i avgrensa grad frå forvaltningslova og den alminnelege forvaltningsretten, jf. 10. Klage som gjeld hovudlista har frist 30. november. For seint innkomne klager skal avvisast og eventuelt visast til tilleggslista. Klage som gjeld hovudlista skal behandlast i første instans i desember. Utfallet skal straks meldast skriftleg. Fiskeridirektotatet er klageinstans. 9

Klage som gjeld tilleggslista skal avvisast dersom ho er komen inn for seint. Utfallet av førsteinstansbehandlinga skal straks meldast skriftleg. Fiskeridirektoratet er klageinstans. 3.3.4 Andre reglar i i manntalsforskrifta Opptak på blad B etter unntaksføresegnene i 6 nr. 4, og blad A etter 4 nr. 3, gjev ikkje rett til ytingar etter særføresegnene om yrkesskade i folketrygdlova, jf. 4 nr. 3 og 6 nr. 4 tredje ledd. Opptak etter førstnemnde føresegn gjev heller ikkje rett til sjukepengar etter særføresegnene for fiskarar i folketrygdlova. Desse føresegnene regulerer konsekvensar av opptak og skil seg på denne måten frå strukturen som elles er nytta i manntalssamanheng, nemleg at reglar om opptak og administrasjon står i manntalsforskrifta, medan dei rettslege konsekvensane av opptak finst i lover og forskrifter som regulerer dei aktuelle rettane. Departementet er gjeve heimel til å fastsetje nærare føresegner om gjennomføring av føresegnene i forskrifta, jf. 11. 3.4 Konsekvensar av opptak i fiskarmanntalet Opptak i fiskarmanntalet har mellom anna følgjande rettslege konsekvensar: Opptak på blad A eller blad B i manntalet er eit vilkår for tilgang til dei fleste tilgangsregulerte fiskeria, jf. forskrift 28. november 2007 nr. 1330 om adgang til å delta i kystfartøygruppens fiske for 2008 (deltakarforskrifta) kap. 2 og 3. Typisk gjev opptak på blad A berre tilgang til opne grupper, medan blad B også gjev tilgang til lukka grupper, men det finst fleire unntak frå denne regelen. Opptak i fiskarmanntalet har noko å seie for kor store reiskapsmengder ein kan nytte i fisket, jf. lov 3. juni 1983 nr. 40 om saltvannsfiske 4a. I forslaget til ny havressurslov er dette endra: Kor store reiskapsmengder ein kan nytte skal etter forslaget ikkje lenger henge saman med om ein er teken opp i fiskarmanntalet, men av om fiskefartøyet er registrert i merkeregisteret, jf. Ot.prp. nr. 20 (2007-2008) Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova) kapittel 7.3 og merknader til 22 og 23. Opptak på blad A eller blad B er eit vilkår for refusjon av mineraloljeavgift, jf. forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter 4-2-2. Opptak på blad B er i utgangspunktet eit vilkår for medlemskap i pensjonstrygda for fiskarar, jf. fiskarpensjonslova 1. 10

Opptak på blad B er eit vilkår for a-trygd for fiskarar, jf. forskrift 26. januar 1990 nr. 67 om arbeidsledighetstrygd i fiske 3 nr. 1, og har også noko å seie for enkelte andre rettar i folketrygda. Opptak på blad B er i utgangspunktet eit vilkår for garantilott, jf. forskrift 26. januar 1990 nr. 68 om garantiordningen for fiskere 1. 4. FORSLAGA FRÅ DEPARTEMENTET 4.1 Generelt om vilkår for opptak Etter gjeldande forskrift 2 første ledd har personen eit rettskrav på opptak dersom hovudvilkåra for opptak er oppfylte. Dette føreset også at hovudvilkåra for opptak på blad A eller blad B er oppfylte, jf. 4 nr. 1-2 og 6. Opptak etter unntaksføresegnene er derimot opp til forvaltningas skjønn, jf. at unntaksføresegnene i 4 nr. 3 og 6 er kan-føresegner, likevel slik at dei som føder barn har rett til å bli ståande i ein periode på blad B etter 6 nr. 4. Vi foreslår å vidareføre gjeldande rett på dette punktet slik at det å oppfylle hovudvilkåra gjev rett til opptak, medan det i spørsmål om å oppfylle vilkåra i unntaksføresegnene er opp til forvaltningas skjønn om opptak skal skje, jf. at unntakføresegnene i ny forskrift 4 og 6 vert foreslått som kanføresegner med unntak 6 fjerde ledd som gjeld dei som føder barn. 4.2 Vilkår for opptak: Inntektskravet Kravet om ei viss inntekt frå fiske (inntektskravet) skal sikre at berre dei som har fiske heilt eller delvis som leveveg, vert tekne opp i manntalet. Inntektskravet i gjeldande forskrift er i utgangspunktet ½ G for blad A og 1G for blad B. 4.2.1 Grunnlaget for dimensjoneringa av inntektskravet I gjeldande forskrift er inntektskravet dimensjonert ut frå grunnbeløpet i folketrygda (kr. 70 256 frå 1. mai 2007). Dette har m.a. den fordelen at inntektskravet vert indeksjustert kvart år på same måte som grunnbeløpet. Formålet med fiskarmanntalet er som nemnt å vere eit register over alle som har fiske som næring. Registeret skal difor ikkje omfatte fritidsfiskarar. Formålet med manntalet tilseier at inntektsgrensa vert dimensjonert ut frå ein sum som så langt råd er reflekterer skiljet mellom det som er å rekne som næringsinntekt og det som er å rekne som fritidsinntekt. Beløpet i meirverdiavgiftslova 28 første ledd første punktum (kr. 50 000) markerer 11

grensa for kva som er registreringspliktig omsetning. Her har Stortinget teke stilling til kvar grensa bør gå mellom det som er å rekne som næring og det som er å sjå på som hobby. Vi meiner difor at dette beløpet eignar seg betre enn grunnbeløpet i folketrygda. I den nye havressurslova er det foreslått at beløpet i meirverdiavgiftslova også vert nytta som omsetningsgrense for fritidsfiskarar. Vi meiner det er ein fordel at grensa mot fritidsfiske i forslaget til ny havressurslov og inntektsgrensa for opptak i fiskarmanntalet vert rekna ut frå same beløp. Vi kan ikkje sjå noko tungtvegande argument mot at inntektsgrensa vert knytt til beløpet i meirverdiavgiftslova i staden for grunnbeløpet i folketrygda. Rett nok vil dette innebere at inntektskravet ikkje lenger vert indeksjustert årleg. Men vi legg til grunn at beløpet i meirverdiavgiftslova vil bli justert på ein viss regelmessig måte sjølv om det krev lovendring. Dette bør vere tilstrekkeleg for å sikre ei tilfredsstillande dimensjonering av inntektskravet. Uansett står departementet fritt til, gjennom alminneleg forskriftsendring, å auke inntektskravet dersom det skulle verte eit særskilt behov for det. Vi gjer framlegg om å nytte beløpet i 28 første ledd første punktum i meirverdiavgiftslova som grunnlag for dimensjoneringen av inntektskravet. 4.2.2 Inntektsgrensa for blad A Kravet om inntekt frå fiske for opptak på blad A er i dag på ½ G (kr. 35 128). Ved ein overgang frå grunnbeløpet i folketrygda til beløpet i meirverdiavgiftslova, vil det vere mest i tråd med formålet til manntalet at inntektsgrensa for blad A fell saman med grensa mellom nærings- og hobbyverksemd i meirverdiavgiftslova, altså ein gong beløpet i meirverdiavgiftslova. Det samsvarar også med grensa mot fritidsfiske (sports- og rekreasjonsfiske) i forslaget til ny havressurslov. Dette vil innebere at det primært er næringsfiskarar (heiltid eller deltid) etter forslaget til ny havressurslov som oppfyller inntektskravet for opptak i fiskarmanntalet, medan fritidsfiskarar ikkje kan takast opp. Det kan tenkjast enkelte tilfelle der det ikkje er fullt samsvar mellom kven som kan takast opp i manntalet og kven som er næringsfiskarar etter forslaget til ny havressurslov. Det kan til dømes vere dersom ein fiskebåt med fleire fiskarar om bord overstig omsetningsgrensa i havressurslova på kr. 50 000 utan at den enkelte fiskar om bord, som må dele inntekta frå den omsette fangsten, oppfyller inntektskravet på kr. 50 000, eller dersom ein fiskar som oppfyller omsetnings- og inntektskrava på kr. 50 000, ikkje oppfyller eit av dei andre krava for opptak på blad A, til dømes eksklusjonskravet. 12

Vi meiner likevel at inntektsgrensa for blad A bør vere på det næraste lik grensa som gjeld i dag og gjer difor framlegg om at inntektskravet for blad A vert 3/4 av beløpet i meirverdiavgiftslova 28 første ledd første punktum (kr. 37 500). 4.2.3 Inntektsgrensa for blad B Kravet om inntekt frå fiske for opptak på blad B er i dag på 1G (kr. 70 256). Det offentlege utvalet som har arbeidd med nye reglar for fiskarpensjon (NOU 2003:18) tilrår ein auke i inntektskravet for opptak på blad B for å sikre at berre reelle yrkesfiskarar (hovudnæring) vert tekne opp. Kravet om inntekt på 1G er så lågt at mange personar som ikkje har fiske som hovudnæring kan takast opp. Det svekkjer økonomien i pensjonstrygda dersom personar som i realiteten ikkje bidreg til finansieringa, opptener trygderettar. Vi er enige i tilrådinga frå utvalet. Eit inntektskrav på 1G opnar for at fiskarar som ikkje reelt sett har fiske som hovudnæring, og som høyrer heime på blad A, i staden kan takast opp på blad B. Ei inntekt på 1G kan uansett ikkje normalt vere eit tilfredsstillande livsgrunnlag for éin person i Noreg i dag, jf. at minstepensjon er nesten 2G. Eit problem som kan oppstå ved høgre inntektskrav er at fiskarar med varierande inntekt frå år til år lettare fell ut av blad B i år der inntekta er relativt lita, og det kan hende at det ikkje er ønskjeleg. Problemet kan reduserast noko fordi det er venta framtidig inntekt som er vurderingstemaet. På vurderingstidspunktet vil ein ikkje alltid kunne forutsjå ei ekstraordinær låg inntekt i året som kjem, og vilkåra vil difor kunne framstå som oppfylte på vurderingstidspunktet sjølv om det i ettertid skulle vise seg at innteka vert for låg. I alle fall er det uheldig å innføre ei inntektsgrense som i for liten mon reflekterer det som er normal minimumsinntekt for dei som har fiske som hovudnæring. Vi gjer difor framlegg om at inntektskravet for opptak på blad B vert auka til to gonger beløpet i meirverdiavgiftslova 28 første ledd første punktum (kr. 100 000). 13

4.2.4 Inntektsdefinisjon (kva som er å rekne som inntekt frå fiske) Det har ikkje tidlegare vore mykje diskusjon rundt kva som er å rekne som inntekt frå fiske eller fangst. Likevel har det lenge vore ein viss debatt rundt inntekt frå taretråling som ikkje har vore rekna som fiske eller fangst. Forslaget til den nye havressurslova omfattar alle viltlevande marine ressursar, og departementet ser det som naturleg at all slik hausting vert likestilt i høve til manntalsreglane. Dette vil mellom anna medføre at inntekt frå taretråling heretter vil verte rekna som inntekt frå fiske eller fangst. Utover dette gjer vi framlegg om at gjeldande praksis for kva som er å rekne som inntekt frå fiske i hovudsak vert vidareførd. Etter forslaget vert ordlyden i forskrifta forenkla noko utan at dette er meint å føre til endringar i gjeldande rett. Skjematilvisingar, til dømes til Oppgjørsskjema C, trekkgrunnlag, foreslår vi vert fjerna. Vi gjer vidare framlegg om endringar i dei døma som vert nytta på kva som skal reknast som inntekt frå fiske for blad B. I dag er det berre nemnt sykelønn og garantilott. Vi foreslår at også a-trygd i fiske etter havari eller liknande vert nemnt fordi a-trygd i slike tilfelle er å rekne som relevant inntekt. Vi foreslår å fjerne tilsvarande døme på inntekt for blad A då sjukeløn, garantilott og a-trygd i fiske i prinsippet berre er aktuelle for personar med fiske som heiltidsyrke, og som dermed høyrer heime på blad B. I eventuelle grensetilfelle kan det likevel vere naturleg ved vurdering av inntektskravet knytt til blad A å sjå på inntektsdefinisjonen for blad B. 4.2.5 Yrkesmessig fiske I dag er det krav om at personen driver fiske yrkesmessig for opptak på blad A. Tilsvarande krav gjeld ikkje for blad B. Vi kan ikkje sjå at dette kravet har noko praktisk å seie i tillegg til krava om inntekt frå fiske og arbeid om bord. Vi foreslår difor å ta dette kravet ut av forskrifta. 4.2.6 Einefiskarar I gjeldande rett vert inntektsgrensa for einefiskarar samanlikna med 2/3 av brutto fangstverdi. Bakgrunnen for denne regelen er at lottakarar får utbetalt sin del av fangstverdien, medan einefiskarane driv båt og bruk sjølve. Vi kan ikkje sjå at det er eit stort behov for denne spesialregelen og foreslår å oppheve han. 14

4.2.7 Spesielt store utgifter Vi kan ikkje sjå at det lenger er behov for at forvaltninga skal gjennomføre ei nærare vurdering av inntekta som vert lagd til grunn dersom ikkjeeinefiskarar har hatt spesielt store utgifter til reiskapar, fartøy eller anna relatert til fiske. Denne regelen, som gjeld både blad A og blad B, er no lite i bruk. Vi foreslår å oppheve regelen om at det kan gjennomførast ei nærare vurdering av inntekta ved spesielt store utgifter. 4.3 Vilkår for opptak: Eksklusjonskravet Kravet om at ein ikkje skal vere sysselsett i full verksemd i tillegg til fiske (eksklusjonskravet) skal sikre at berre dei som har fiske som hovudnæring (blad B) eller binæring av eit visst omfang (blad A), vert tekne opp i manntalet. Eksklusjonskravet for blad A inneber i utgangspunktet at ein i tillegg til fiske ikkje kan ha inntekt over 4G, ugradert alders- eller uførepensjon eller arbeidstid tilsvarande det som er normalt i vedkomande yrke. For blad B inneber eksklusjonskravet at ein i tillegg til fiske ikkje kan ha inntekt over 3G, ugradert alderspensjon eller arbeidstid tilsvarande det som er normalt i vedkomande yrke. Når det gjeld pensjonar som er ekskluderande for opptak, viser vi til generell omtale av pensjonistar seinare i notatet. 4.3.1 Bør eksklusjonskravet haldast ved lag? Eksklusjonskravet skal medverke til å oppfylle formålet med manntalet om at berre personar med fiske som hovudnæring og fiske som binæring kan takast opp. Dette vil seie at ei viss inntekt utanfor fiske automatisk bør vere til hinder for opptak på blad B, men også at ei viss og høgre inntekt, bør vere til hinder for at fisket kan vurderast som binæring. Som ei følgje av dette medverkar eksklusjonskravet til å avgrense tilgangen til fisket. Dette gjeld særleg opptak på blad A: Utan noko eksklusjonskrav for blad A ville i prinsippet fiskeriverksemd (som blad A gjev tilgang til) vere open for alle. Eksklusjonskravet har likevel den ulempa at det er svært ressurskrevjande å administrere for forvaltninga. Det er problematisk å fastslå inntekt frå sjølvstendig næring utanfor fiske. Det kan dreie seg om variable inntekter, og det kan gjelde andre reglar for skattlegging. Det kan også vere problematisk å fastslå inntekt for lønnsmottakarar i offentleg sektor som trappar ned eller går ut i permisjon. Dersom vi opphevar eksklusjonskravet kan det gjere det mindre truleg at forvaltninga byggjer vedtak på usikre overslag over faktisk inntekt. I tillegg vil det spare ressursar. 15

Ei anna ulempe med eksklusjonskravet er at det kan gjere det vanskelegare å drive somme former for kombinasjonsbruk (at ein person driv fleire ulike næringar/yrke) som det elles kan vere ønskjeleg å leggje til rette for. Til dømes er det ikkje ønskjeleg å leggje hindringar i vegen for dei som vil kombinere fiske og landbruk som næringsveg (fiskarbønder). Fiskarbønder kan lett oppnå inntekt over 3G eller 4G frå landbruksverksemda, og det vil hindre opptak på høvesvis blad B og blad A. På den andre sida kan eksklusjonskravet også medverke til å hindre brukskombinasjonar som er mindre ønskjelege, til dømes at fiske vert kombinert med verksemd som har høg inntekt og mykje fritid; petroleumsrelatert maritim verksemd er eit typisk døme. Det er framleis ønskjeleg å medverke til at fiskeria i vid forstand er reserverte for dei som har fiske som viktigaste inntektskjelde. Dette omsynet er særleg sterkt for blad B som er reservert for dei med fiske som hovudnæring. Vi gjer på bakgrunn av ovannemnde framlegg om å vidareføre eit eksklusjonskrav både for blad A og for blad B. 4.3.2 Omgrepet full verksemd Eksklusjonskravet i gjeldande forskrift både for blad A og blad B er knytt opp mot at vedkomande ikkje er sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring, men definisjonen av full verksemd er likevel ulik for dei to blada. Til dømes er inntektsgrensa for kva som vert rekna for full verksemd ulik, jf. nærare omtale nedanfor. Vi meiner at det er uheldig at same omgrep vert nytta for ulike storleikar og foreslår difor å endre forskrifta slik at eksklusjonskravet for blad B vert knytt ikkje berre til full verksemd, men til både full og avgrensa verksemd. Grunngjevinga for dette valet er at det ikkje er nødvendig med like omfattande verksemd i anna yrke eller næring for å verte ekskludert frå blad B. Denne endringa har berre terminologisk tyding. 4.3.3 Grunnlaget for dimensjoneringa av inntektsgrensa knytt til eksklusjonskravet Som det går fram av tidlegare drøfting, foreslår vi at inntektskravet vert dimensjonert på grunnlag av beløpet i meirverdiavgiftslova i staden for grunnbeløpet i folketrygda. Vi meiner at det er mest ryddig å gjere same endring for inntektsgrensa knytt til eksklusjonskravet. Omsyna som talar for denne endringa veg ikkje like tungt når det gjeld eksklusjonskravet fordi denne inntekta like gjerne kan vere vanleg arbeidstakarinntekt som inntekt for ein sjølvstendig næringsdrivande, og i så fall kan grunnbeløpet i 16

folketrygda vere eit vel så godt grunnlag. Vi kan likevel ikkje sjå at det er nokre verkeleg tunge argument mot at eksklusjonskravet vert dimensjonert ut frå beløpet i meirverdiavgiftslova. Vi gjer på denne bakgrunn framlegg om at dimensjoneringa av eksklusjonskravet skjer på grunnlag av beløpet i meirverdiavgiftslova. 4.3.4 Inntektsgrensa Inntektsgrensa knytt til eksklusjonskravet er i dag 4G og 3G for blad A og blad B. Vi meiner at det kan vere behov for ein auke i desse inntektsgrensene på same måte som det er behov for å auke inntektskravet for blad B. Vi foreslår at grensene i dag på fire og tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (kr. 281 024 og kr. 210 768) vert heva til sju og fem gonger beløpet i meirverdiavgiftslova (kr. 350 000 og kr. 250 000). 4.3.5 Inntektsgrensa i verkeområdet til Samisk utviklingsfond For personar busette i kommunar som er omfatta av Samisk utviklingsfond er inntektsgrensa knytt til eksklusjonskravet for blad A sett til 5G. Det er noko høgre enn den ordinære inntektsgrensa på 4G. Dette inneber at personar busette i samisk område kan ha noko høgre inntekt frå anna næring og likevel fylle vilkåra for opptak på blad A. Bakgrunnen for den særskilde inntektsgrensa er ønsket om å verne tradisjonelt samisk kombinasjonsbruk. Verkeområdet for Samisk utviklingsfond vert fastsett av Sametinget i samband med den årlege budsjettbehandlinga. Dette inneber at det er Sametinget, gjennom sine vedtak om verkeområdet for utviklingsfondet, som avgjer rekkevidda av den særskilde inntektsgrensa. Det geografiske verkeområdet til utviklingsfondet omfattar i dag ei rekkje kommunar og delar av kommunar og følgjer såleis ikkje alltid kommunegrensene. Verkeområdet omfattar i utgangspunktet heile befolkninga i det aktuelle området, men gjeld unntaksvis berre den samiske delen av befolkninga i eit område. Dette gjeld på Senja og i resten av Lenvik kommune og i sørsameområdet. I gjeldande manntalsforskrift er den særskilde inntektsgrensa etter ordlyden knytt til kommuner omfattet av Samisk utviklingsfond. Vi meiner at det er føremålstenleg at den særskilde inntektsgrensa gjeld for heile kommunar også i dei høve der kommunen berre delvis ligg innanfor 17

det geografiske verkeområdet for utviklingsfondet. Dette synspunkt får støtte av utsegner i NOU 2007:13 Den nye sameretten (Samerettsutvalget II), jf. pkt. 22.5.2.3, der det vert hevda at ei ordning der berre delar av ein kommune vert tilgodesett tykkjest å vere uheldig ut frå omsynet til å unngå skilje mellom naboar. Vi meiner vidare at alle som er busette i dei aktuelle kommunane, både den samiske og den ikkje-samiske delen av befolkninga, bør nyte godt av den særskilde inntektsgrensa. Unntak bør gjerast for dei nemnde områda der berre den samiske delen av befolkninga er omfatta av Samisk utviklingsfond. I NOU 2008:5 Retten til fiske i havet utenfor Finnmark (Kystfiskeutvalget for Finnmark) pkt. 11.12.3 nr. 2 vert det hevda at heile Finnmark bør nyte godt av den særskilde inntektsgrensa for blad A i verkeområdet til Samisk utviklingsfond. Departementet vil ikkje ta stilling til dette forslaget nå, men vurdere det nærare i samband med den samla oppfølginga av utredninga til Kystfiskeutvalet i Finnmark. Når det gjeld nivået på den særskilde inntektsgrensa, vil vi vise til at Samerettsutvalget II (NOU 2007:13 pkt. 22.5.2.4) reiser spørsmålet om kriteria for å verte registrert på blad A bør mjukast opp for personar busette i verkeområdet for Samisk utviklingsfond. På den andre sida hevdar Kystfiskeutvalget for Finnmark (NOU 2008:5 pkt. 11.13.3) at det i motsetnad til Samerettsutvalget II ikkje kan sjå noko behov for å utvide maksimumsgrensa for inntekt frå anna verksemd vidare. Departementet finn at gode grunnar kan tale for begge løysingar, men tilrår inntil vidare at differansen mellom inntektsgrensa i verkeområdet for Samisk utviklingsfond og inntektsgrensa i dei andre områda ikkje vert auka meir enn det som er naturleg som følgje av at beløpet i meirverdiavgiftslova erstattar grunnbeløpet i folketrygda som grunnlag for dimensjoneringa av inntektsgrenser. Forslaga til dei to utvala vil verte vurderte i samband med den samla oppfølginga av dei to utredningane. Den særskilde inntektsgrensa for verkeområdet for Samisk utviklingsfond bør etter dette utgjere ni gonger beløpet i meirverdiavgiftslova. For å styrkje fiskerinæringa og andre næringar i verkeområdet for Samisk utviklingsfond endå meir, meiner vi at det er tenleg å innføre ei ny særskild inntektsgrense knytt til eksklusjonskravet også for blad B. Dette vil gjere det enklare for personar i dei samiske områda å verte opptekne på blad B trass i supplerande inntekt frå anna næring, noko som også bør medverke til å styrkje tradisjonell kombinasjonsdrift i området. På grunnlag av desse vurderingane gjer vi framlegg om at den særskilde inntektsgrensa knytt til eksklusjonskravet for blad A vert endra i 18

verkeområdet for Samisk utviklingsfond, og at det vert innført ei ny slik særskild inntektsgrense også for blad B. Vi foreslår at inntektsgrensa vert sett til ni gonger beløpet i meirverdiavgiftslova for blad A og sju gonger beløpet i meirverdiavgiftslova for blad B. Vi foreslår endringar i ordlyden i forskrifta slik at det går tydelegare fram at heile befolkninga i heile kommunen vert omfatta også i dei kommunane som berre delvis fell inn under det geografiske verkeområdet. I dei områda der berre den samiske befolkninga er omfatta av verkeområdet for utviklingsfondet, gjeld den særskilde inntektsgrensa berre for dei. 4.3.6 Inntektsdefinisjon (kva som er å rekne som inntekt i anna yrke eller næring) Både lønns-, nærings- og kapitalinntekt er etter gjeldande rett relevant i vurderinga av inntekta til ein person i anna yrke eller næring enn fiske. Vi meiner at denne likestillinga mellom lønns- og næringsinntekt på den eine sida og kapitalinntekt på den andre sida bør vidareførast. I gjeldande forskrift er inntekt frå anna yrke eller næring enn fiske og fangst definert som summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt, eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter for blad A, medan ho for blad B er definert som summen av brutto lønnsinntekt, eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Dei ulike definisjonane er likevel ikkje meint å innebere nokon realitetsskilnad. For samanhengen sin del foreslår vi at ordlyden vert endra slik at gjeldande definisjon for blad A også skal gjelde for blad B. Det følgjer av inntektsdefinisjonen at kapitalinntekter ikkje vert rekna med dersom dei er opparbeidde gjennom fiske, sjølv om dei heller ikkje vert rekna som inntekt frå fiske. Heller ikkje meir tilfeldige inntekter som arv og lotterigevinstar vert rekna som inntekt utanom fiske. For bønder er det jordbruksinntekt slik det går fram av næringsoppgåva som tilsvarar netto næringsinntekt. Dersom eit ektepar driv eit bruk i fellesskap, kan jordbruksinntekta reduserast med ektefellen sin del av inntekta om det går fram av likninga. For dei fleste andre bransjar vil det vere netto næringsinntekt (årsoverskot) i følgje oppgjers- eller rekneskapsskjema som skal leggjast til grunn. For bransjar der netto næringsinntekt kjem fram etter at fondsavsetningar er trekte i frå, må fondsavsetningane leggjast til netto næringsinntekt. 19

Aksjeutbytte vert også rekna som kapitalinntekt og vert teke omsyn til når utbyttet skal takast ut. Det inneber at tidspunktet for når aksjeutbyttet vert teke ut og kor stort det er, kan ha innverknad på når personen fyller vilkåra for opptak i fiskarmanntalet. Pensjonsinntekter er ikkje omfatta av inntektsdefinisjonen, men pensjonsinntekter kan utgjere ein sjølvstendig eksklusjonsgrunn, jf. meir om dette nedanfor under omtale av reglane som gjeld for pensjonistar. 4.3.7 Arbeidstid tilsvarande det som er normalt innan vedkomande yrke I tillegg til at ei viss inntekt frå anna verksemd enn fiske kan vere ekskluderande frå fiskarmanntalet, er arbeidstid tilsvarande det som er normalt innan vedkomande yrke, dvs. heiltidsarbeid, i seg sjølv ekskluderande, uavhengig av inntekta arbeidet gjev. Dette gjeld både for blad A og blad B. I praksis er det i dag krav om minst ein tredjedel redusert stilling i anna yrke for at ein lønnsmottaker skal kunne takast opp på blad A. For blad B har det ikkje vore like stort behov for eit tilsvarande krav fordi det her uansett gjeld eit eige krav om 20 vekers full driftstid i fiske. For sjølvstendig næringsdrivande inneber praksis at dei ikkje kan takast opp på blad B dersom dei har tilsett personell i næringsverksemda si. Vi meiner at arbeidstid framleis bør vere eit sjølvstendig eksklusjonsgrunnlag i tillegg til inntekt. Det vil medverke til at berre dei som har fiske heilt eller delvis som næring kan takast opp i manntalet, og det vil vere lettare å kontrollere om eksklusjonskravet er oppfylt ved at ein kan få dokumentasjon på tilsetjing og arbeidstid gjennom Arbeids- og velferdsforvaltninga. Vi meiner vidare at praksis kring kor mykje arbeidstid som bør vere ekskluderande bør vidareførast og samstundes verte betre reflektert i forskrifta. Dette inneber at vi foreslår å endre forskrifta slik at det klart framgår at det vert rekna som full verksemd i høve til blad A dersom ein har arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring. I og med at vi foreslår at kravet om driftstid vert oppheva, meiner vi at noverande praksis tilsvarande bør verte endra for blad B slik at arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg også her vert å rekna for full verksemd. Vi foreslår at forskrifta vert endra i tråd med dette. Vi foreslår vidare ei forskriftsfesting av den skisserte praksisen om at sjølvstendig næringsdrivande ikkje kan takast opp på blad B dersom dei har tilsett personell i næringsverksemda si. Sjølv om studiar og skulegang ikkje er inntektsgjevande, skal det reknast som full verksemd utanom fiske. Fiskarar som står i manntalet og som tek 20

vidareutdanning som har tilknyting til fiskerinæringa, kan stå i manntalet under utdanninga dersom det er svært sannsynleg at dei vil vende tilbake til fiskaryrket. Husmødre og andre med ulønna omsorgsarbeid kan ikkje nektast opptak berre fordi ein reknar med at dei er sysselsette på full tid med omsorgsarbeid. Fiskeridirektoratet bør derimot forsikre seg om at vedkomande verkeleg driv fiske i eit omfang som forskriftene krev, og at ikkje andre leverer fisk i namnet til vedkomande for å omgå føresegnene. 4.4 Andre vilkår for opptak 4.4.1 Aldersgrense på 15 år I gjeldande forskrift er det eit krav for opptak både på blad A og blad B at personen har fylt 15 år. Ein kan spørje om grensa bør hevast frå 15 til 18 år. I praksis er ein del personar mellom 15 og 18 år registrerte i fiskarmanntalet. Enkelte typar arbeid tykkjest ikkje å vere eigna for personar under 18 år, anten på grunn av arbeidstida eller risikoen arbeidet inneber. Fiskarar har ukurant arbeidstid og sjølve arbeidet inneber ein viss helserisiko. Etter lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova) 11-1 er det fastsett ei eiga forskrift 30. april 1998 nr. 551 om arbeid av barn og ungdom som forbyr barn og ungdom under 18 år å arbeide i enkelte yrke. Forskrifta inneheld ikkje noko generelt forbod mot at ungdom under 18 år driv fiske. Etter vår mening er det mest naturleg at avgrensingar i barn og ungdom sin rett til å delta i visse yrke er forankra i forskrifta om arbeid av barn og ungdom, og vi foreslår difor ikkje å heve aldrersgrensa frå 15 til 18 år. 4.4.2 Krav om driftstid Kravet om driftstid inneber at for å verte teken opp på blad B må personen i løpet av kalenderåret ha fulltids sysselsetjing i fiske eller fangst i minst 20 veker. Kravet medverkar til at berre dei som har fiske som hovudnæring kan takast opp på blad B, og har såleis ein liknande funksjon som eksklusjonskravet. Vi meiner at det er avgrensa behov for denne føresegna i tillegg til eksklusjonskravet som set grense for inntekt frå og arbeidstid i anna yrke. Dersom inntektskravet for blad B er oppfylt, bør det ikkje vere til hinder for 21

opptak på blad B at fiskeriet som utgjer inntektsgrunnlaget er relativt kortvarig. Vi gjer difor framlegg om at kravet om driftstid for opptak på blad B vert oppheva. 4.4.3 Krav om at ein viss del av samla inntekt kjem frå fiske Kravet gjeld for opptak på blad B og inneber at minst 2/3 av samla inntekt må kome frå fiske. Kravet har ein liknande funksjon som eksklusjonskravet ved at det er eigna til å utelukke frå blad B personar som ikkje har fiske som hovudnæring. Vi kan ikkje sjå at det er noko stort behov for dette kravet i tillegg til eksklusjonskravet og foreslår difor at det vert oppheva. 4.4.4 Krav om å arbeide om bord på eit fartøy Vi foreslår at det generelle vilkåret i gjeldande forskrift om at ein må være fisker eller fangstmann, og ha fiske eller fangst som næring, og arbeide om bord vert erstatta med eit eige vilkår om at vedkomande arbeider om bord på fartøy. Det er ikkje meininga at forslaget skal innebere noka realitetsendring då det i alle høve gjeld eit krav om inntekt frå fiske eller fangst også i den nye forskrifta. Landmenn og egnarar som tilhøyrer mannskapet/lottlaget på eitt bestemt fartøy, kan i nokre tilfelle takast opp i manntalet sjølv om dei ikkje arbeider om bord tilstrekkeleg mykje. Fiskarar som står på blad A eller B i manntalet og som gjer militær- eller sivilteneste, kan framleis stå i manntalet sjølv om dei i denne perioden ikkje oppfyller vilkåra. 4.4.5 Krav om at fartøyet må vere registrert i merkeregisteret Vi foreslår å oppretthalde kravet om at fartøyet (som fangsten skjer med) er merkeregistrert. Vi foreslår også å vidareføre det høvet Fiskeridirektoratet har til å gjere unntak frå kravet i heilt spesielle tilfelle. Hittil har føresegna vore forstått slik at norske statsborgarar som arbeider på utanlandsregistrerte fiskefartøy, kan takast opp i manntalet dersom inntekta av fiske med norskregistrert fiskefartøy utgjer minst 50 prosent av den samla fiskeriinntekta til vedkomande. Driftstid og inntekt på utanlandsk og norsk fiskefartøy må dokumenterast. Vi føreset at denne praksisen vert vidareførd. 22

4.4.6 Krav om at personen ikkje er teken opp på blad B Vi foreslår å innføre eit eige krav for opptak på blad A om at vedkomande ikkje er teken opp på blad B. Det er ein føresetnad i regelverket i dag at det ikkje er mogleg å stå på begge blada, og forslaget er difor ikkje meint å innebere noka realitetsendring. Det er ikkje nødvendig å lage ei omvendt føresegn for opptak på blad B, då den naturlege konsekvensen av at ein person ved ein feil er teken opp på begge blada, er at vedkomande vert stroken frå blad A. 4.5 Unntak frå opptaksvilkåra I gjeldande forskrift er ikkje unntaksføresegnene i 4 nr. 3 og 6 knytt til dei generelle vilkåra om opptak i 2 som til dømes kravet om å arbeide om bord. I praksis har det også vore gjort unntak frå om bord-kravet, og det bør etter vår meining vere råd å unnta omsorgspersonar, fiskebåtreiarar, personar med tillitsverv og fødande frå dette kravet. Vi foreslår at det i unntaksføresegnene for omsorgspersonar, fiskebåtreiarar, personar med tillitsverv og fødande uttrykkeleg også går fram at unntaket gjeld for opptaksvilkåret om å arbeide om bord. 4.5.1 Fiskebåtreiarar Det kan gjerast unntak frå dei allmenne opptaksvilkåra for blad B for personlege fiskebåtreiarar og korresponderande reiarar (reiarar) dersom dei har stått på blad B føregåande år. Dette inneber at fartøyeigarar som har arbeidd om bord på eit fiskefartøy kan bli ståande på blad B sjølv om dei vel å arbeide heiltid på land som reiarar. Føresegna legg til rette for at ein kan ha administrative reiarar også i kystfiskeflåten, som igjen opnar for meir fleksible løysingar med tanke på rasjonell deling av arbeidsbyrde mellom fartøy og landbasert reiarlagsverksemd. Gjeldande føresegn opnar likevel ikkje for at personar som ikkje stod på blad B føregåande år kan takast opp. Vi meiner at det bør opnast for at personar som ikkje stod på blad B i føregåande år i enkelte tilfelle likevel kan takast opp, fordi det vil gje meir fleksible arbeidsdelingar mellom fartøy og landbasert verksemd. Dette gjeld særleg i samband med generasjonsskifte og arv der det kan vere ønskjeleg at den nye generasjonen/den som arvar går rett inn i reiarlagsverksemda. Vi gjer difor framlegg om at unntaksføresegna vert endra slik at også personar som fyller vilkåra for mellombels ervervsløyve i samband med 23

generasjonsskifte eller arv, jf. deltakarlova 7 andre ledd, kan takast opp på blad B etter unntaksføresegna. Vi gjer også framlegg om å forenkle ordlyden ved at unntaket skal gjelde for fiskebåtreiarar i staden for personlige fiskebåtredere og korresponderende redere. Denne forenklinga er ikkje meint å innebere noka realitetsendring. Vi foreslår at kravet om at Fiskeridirektoratet i enkelte tilfelle må samtykkje dersom denne unntaksføresegna skal nyttast, vert fjerna. Denne endringa er ikkje meint å innebere noka realitetsendring då Fiskeridirektoratet uansett står fritt til ikkje å nytte unntaksføresegna fordi ho er ei kan-føresegn. 4.5.2 Personar med tillitsverv Den same unntaksføresegna som for fiskebåtreiarar gjeld også for personar som på grunn av tillitsverv er hidra i å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Som ei følgje av dette foreslår vi at endringane som vi gjer framlegg om for fiskebåtreiarar også skal gjelde for personar med tillitsverv. 4.6 Særleg om pensjonistar 4.6.1 Generelt om pensjonistar Alderspensjonistar og uførepensjonistar med ugradert pensjon kan i dag som hovudregel ikkje takast opp i manntalet. For blad B gjeld det same for uførepensjonistar med ein uføregrad høgre enn 60 %. Unntak kan gjerast for opptak på blad A for peronar som har hatt fiske eller fangst som hovudyrke i minst 10 av dei siste 20 åra. I den seinare tid har både Statens seniorråd og enkeltfiskarar vendt seg til departementet med ønske om endringar i gjeldande reglar. Dei har særleg peika på at fiskarar bør kunne få halde fram i fiske etter at dei har fylt 70 år. Statens seniorråd viser mellom anna til at avgrensingane som gjeld fiskarar over 70 år ikke gjeld tilsvarande for andre næringar. Deira prinsipielle haldning er at yrkesutøving ikkje bør verte hindra på grunnlag av alder. Dei same reglane gjeld altså for opptak av ugraderte alders- og uførepensjonistar anten dei er over eller under 70 år. I motsetnad til pensjonistane over 70 år, vil dei under 70 år få pensjonen avkorta dersom dei har anna arbeidsinntekt, anten inntekta kjem frå fiske eller anna (med mindre dei er omfatta av det nye unntaket i folketrygdlova for personar mellom 67 og 68 år, jf. eiga omtale nedanfor). Personar under 70 år med ugradert pensjon er difor ikkje på same måte som dei over 70 år utestengde 24