MÆLE, gnr 111.2 i Stjørdal kommune

Like dokumenter
FORNES, gnr i Stjørdal kommune

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Kulturhistoriske registreringar

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Notat om historie og kulturlandskap

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

KULTURHISTORISK REGISTRERING

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

«Ny Giv» med gjetarhund

Kva er økologisk matproduksjon?

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet

Finansiering av søknaden

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Setring ved Håbakkselet Hareid

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Kapittel 5 - Fredete eiendommer i Landbruks- og matdepartementets landsverneplan for Bioforsk BIOFORSK JORD OG MILJØ,SVANHOVD

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Forvaltningsplan for freding Gamle brannstasjon Kartreferanse 05

Forskrift om fredning av Statens kulturhistoriske eiendommer, kapittel 9. Fredete eiendommer i landsverneplan for Kunnskapsdepartementet

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2013/ Rapport fra kurs i. høvelmaking

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Til deg som bur i fosterheim år

Brukarrettleiing E-post lesar

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Eksamen MAT1013 Matematikk 1T. Nynorsk/Bokmål

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Påsleppskrav frå kommunen for næringsmiddelverksemd. Eksempel stort slakteri i Førde

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato:

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Kommunedelplan for kulturminne

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkiv: MTR 66/1 Arkivsaksnr.: 16/317

TELEMARK FYLKESKOMMUNE KULTURHISTORISK REGISTRERING. Siljan kommune. Solvika Camping GNR. 15, BNR. 62, 75

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Eidegrend klyngjetun

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Transkript:

KULTURVERN FOTO - FORMIDLING Ragnhildvegen 23 N 7713 Steinkjer Dato: 9.11.2010 Tlf +4791519620 e-post: kolbein.dahle@ntebb.no Org. nr. 886 222 572 mva Prosjekt ledige landbruksbygg MÆLE, gnr 111.2 i Stjørdal kommune Kulturhistorisk gjennomgang og dokumentasjon. Oppdraget går ut på å gjennomført en beskrivelse og dokumentasjon av driftsbygning og øvrig bygningsmasse. Eg har gjennomgått dei aktuelle bygningane nokså grundig og dokumentert dei med fotografi. Eg har ikkje rekna med at oppdraget skulle omfatte ei antikvarisk oppmåling av bygningane, men skriftleg omtale, eventuelle skisser og fotografi. Ut over dei fotografi som er prenta i dette notatet, ligg det ved ein CD med supplerande bilete, katalogisert i eit Adobeprogram. Tunet sett frå vest. Det er berre frå fly ein kan få heile oversynet over tunet Konklusjon og oppsummering Gardsanlegget på Mæle er eit komplett, heilstøypt og i høg grad autentisk anlegg som fekk si endelege form med ny driftsbygning i 1857. Rett nok er driftsbygningen gjenreist etter brann i 1920, men murane i første etasje ser ut til å ha tatt lite skade den gongen. Dei vesentlege endringane ligg i at trebygget har ein forenkla konstruksjon i forhold til det som var brukt tidlegare. Eit oversiktsbilete truleg frå mellomkrigstida viser eit lite bustadhus og smie th som no er borte. Dei to stabbura attmed Gamlelåven er også borte medan oppromet mellom Masstua og Kårstua et tetta att 1

Tunet sett på avstand, parken dominerer slik at det er lite innsyn, men tunet ligg vakkert til. I teksten nedanfor blir dette poenget utdjupa vidare. Anlegget er ikkje freda etter Lov om kulturminne, men det har alle dei kvalitetane ein ville legge vekt på i ein fredingsprosess. Såleis står det fram som eit av dei mest verneverdige gardstun i Nord-Trøndelag. I denne samanhengen er ikkje hagen nemnt, men han høyrer med i samanhengen og gjer det totale kulturmiljøet på garden endå meir verdifullt. Vegetasjonen er forandra slik at ein ikkje lenger kan ta det same biletet som fotografen gjorde medan unionsflagget framleis var i bruk, men hus et er knapt forandra utvendig. Med sin byggemåte og si spesielle historie, er det mogeleg å tilpasse den største driftsbygningen til alternativ bruk utan at vesentlege verneverdiar går tapt. Tunmiljøet Dei bygningane som er med i denne rapporten, er dei bygningane som ligg samla omkring tunet, 3 driftsbygningar, 2 stabbur, hovudbygning og kårstue. Eg har både brukt dei nemningane på bygningane som er på det vedlagte kartet og nemningar eg har fått av kårkona Dordi Klevan. Tunmiljøet ber tydeleg preg av at det er bygd av menneske med kulturelt og økonomisk har røter utanfor bondemiljøet. Dette er tilfellet i alle fall frå sokneprest Johan Grøn kjøpte garden i 1723 og det var framleis slik då tunet, under Ole Øvre Richter, fekk dei bygningane og den form det framleis har. Tidlegare sto det eit bustadhus og smie utanfor tunet, dette er hus som no er borte. Det som elles endrar noko på tunsituasjonen er at trea har vorte store og at bygdevegen gjennom tunet har meir trafikk. 2

Kart over tunet frå ein takplan som vart laga for nokre år sidan Dette kjem til uttrykk i at bygningsmiljøet gjennomgåande er prega av godt og profesjonelt handverksarbeid og inspirasjon frå bymiljøet. Dette kjem klarast til uttrykk i dei to bygningane vi veit O. Ø. Richter var byggherre for. Ei innskrift fortel kven som var byggherre i 1857. Driftsbygningen fekk eit anonymt tilbygg i 1891. Hovudbygningen Hovudbygningen er bygd i 1855. Han kan reknast som trønderlån, men han er både breiare og særleg høgare enn det som var vanleg. Her et det tale om ein halvetasje over andreetasjen. 3

Tunfasaden til hovudbygningen. Tv. med kårstua i bakgrunnen Det er ein lafta bygning med 6 aksar. frå aust er det gang, kjøken, daglegstue, gang og kammers, storstue og eit kammers, no hybelkjøken og gang. Det er om lag same rominndeling ovanpå, men her er det berre salen over storstua som er/har vore gjennomgåande. Utvendig er han kledd med slett liggande panel på tunfasaden, mot aust og den midtre delen mot sør. Resten har profilert tømmmermannspanel. Bygningen har eit relativt flatt valmtak, tekt med skifer, truleg frå eige skiferbrot. Dei fleste vindauge er krysspostvindauge. Det er usikkert om det var slike glas frå starten av, men dei passar på bygningen og i sosialmiljøet. Hagefasade med kontorbygget. Glaset i 2 etg. her kan virke meir opphavleg enn krysspostvindaugo i resten av bygningen, Innvendig er det kledning av ymse slag i alle rom bortsett frå hovudgangen der det er måla tømmervegg. Der er det også ei ganske spesiell trapp opp til andre etasje. Bortsett frå kjøken og våtrom er bygningen i nær autentisk stand. Eit par interiørdetaljar frå låna. Det er mye å velje i, men taket i kammerset og trappa er fine døme. 4

Den store driftsbygningen Den store driftsbygningen som utgjer nordveggen i tunet er var O. Ø. Richter byggherre for ny driftsbygning i 1857. Heile første etasje er mura i naturstein. Det er brukt relativt små og tynne steinar. På tunsida er veggen pussa eller kanskje heller slamma medan vindaugs- og døromrammingane er i tjukkare puss. Dette er eit viktig arkitektonisk element både på bygningen og som ein del av tunmiljøet. Eksteriør på den store driftsbygnigen. Merk pussdetajane rundt alle glas og utbygg på baksida. Vestfasaden er asymetrisk fordi stallen er breiare enn resten av bygningen- På baksida av bygningen er overflatene ubehandla, bortsett frå stallsveggen som har solid puss. Her trur eg kanskje det er tale om eit nyare veggparti. Interiør i fjøset. I hovuddelen er innreiinga på plass. Dette er ein fin del av kulturminnet, men ny bruk gjer det ikkje realistisk å ta vare på interiøret slik det er. 5

I den øystre, tilbygde delen, er det to fjøsavdelingar. Det var på 1800-talet eit ganske stort sauehald på garden. Grisene var i den delen som vende mot tunet medan sauhuset var på baksida av ein midtgang. Hønehuset var mot gavlveggen bak grisehuset. Det var støypt golv i grishuset, tregolv i sauhuset. Den midtre delen av fjøset er kufjøs. Her skriv innreiinga seg frå første halvparten av 1900- talet og er nokså intakt. Slike fjøsinteriør er i ferd med å bli sjeldne, kanskje kunne det vore ein attraksjon i eit selskapslokale om ein akse av fjøsinnreiinga hadde stått att bak ein glasvegg mot vestveggen i fjøset men dette er berre å rekne som ein idé -. Vest for kufjøset er gjødselkjellar. Her ligg golvet nesten ein etasje lågare enn i fjøset. Dermed blir det eit staseleg rom med stor takhøgd. Dette er eit fleksibelt rom for ny aktivitet. Dei to utbygga på baksida er også eit aktivum for utnytting av denne driftsbygningen til nye formål. Dei er i dårleg forfatning og må erstattast. Av omsyn til vegen og tunet, må framtidig tilgang til bygningen bli frå denne sida. Det forenklar kommunikasjonen til og i bygningen. Eit av utbygga har ein kjellar som eg ikkje var klar over og som eg dermed berre nemner her. Asymetrien frå stallen avspeglar seg i konstruksjonen ovanpå, men det kan ikkje vere tale om eit tilbygg etter 1920. Mot vest er stallen. Her er heile bygningen breiare, utvidinga er synleg berre på bakveggen. Det er her eg er usikker på om denne utvidinga er original, eller om ho skriv seg frå 1900- talet. I så fall kan det forklare at det er anna overflate her. Over fjøs og stall er det låve i tre. Denne delen av driftsbygningen brann i 1920. Det er ukjent for meg kor omfattande skadane var, men eg reknar med at alt av tre i driftsbygningen vart Takkonstruksjonen manglar hanebjelke. Over fjøset er det laga ein konstruksjon med bru og opphengsstag som gjer fjøset søylefritt. Eg har ikkje sett maken. 6

øydelagt. Om og i kor stor grad murverket vart skada, er vanskeleg å avklare i dag. Men om stallen sekundært er utvida, vil det truleg ha skjedd samstundes med gjenreisinga av låvedelen. Det er ingen ting her som talar for at det er ei seinare utviding. Denne brannen gjer ikkje nødvendigvis bygningen mindre verneverdig, men det forklarar at det er ein litt annan bygningskonstruksjon enn ein skulle venta. Eigentleg er det to forskjellige byggemåtar her, ein meir tradisjonell byggemåte med stolpar rett under låvebrua over stallen og ein brukonstruksjon som fører all vekt over på langveggane over fjøset. Eit anna trekk er at det ikkje er hanebjelkar på takstolane. Også i andre driftsbygningar frå tidleg på 1900-talet ser ein forsøk med endringar i konstruksjonen. Noko ein heller ikkje hadde venta å finne om bygningen hadde vore frå midten av 1800-talet, er at alle grovmaterialane er saga. Ser ein nøye etter er vel også spora etter sirkelsaga synlege. Det er vitig å bevare døme på desse konstruksjonane, men det treng ikkje vere noko i vegen for å ta i bruk delar av bygningen i 2 etasjar. Øystre driftsbygning. Gammellåven Bygningen med dei karakteristiske murfundamenta og tilbygget mot aust. Nordveggen har ikkje panel. Austfløya i tunet har mot nord ein gamal låve. Huset er bygd i minst to etappar, låven som ligg i nord-sør retning og eit tilbygg mot aust. Låven er spesiell med eit lafta kornstål mot nord og eitt mot sør, begge fundamenterte på nesten ein etasje høge mura hjørnefundament. Mellom dei lafta romma er det eit rom ein gamal treskelåve? som er i grovt sperreverk. I underetasjen er den midtre delen lafta medan det er panel mellom dei mura hjørnesøylene. Interiør i den opphavlege låven og i tilbygget. Som i den store driftsbygningen manglar det hanebjelkar her. 7

Materialbruk og konstruksjon kan tyde på at denne bygningen er ein av dei eldste i tunet. Eg har ikkje noko konkret grunnlag for datering, men han kan godt vere frå 1700-talet. Nordfasade og tunfasade på den øystre driftsbygningen. Tilbygget mot aust er også bygd i handtelgde materialar, men byggemåten her peikar helst mot midten av 1800-talet, det vil seie frå tida etter at Richter kom til Mæle i 1835. I dette prosjektet er det tale om idéoverføring. I dette tilbygget mot aust kunne det vore montert eit fyringsanlegg slik det er på Fornes. Stabbura Eg har berre sett på eksteriøra på stabbura og der er få dateringsspor. Typen har vore med frå mellomalderen og stabbur kan ofte vere eldre enn dei ser ut til utanfrå. I det ytre er dei i harmoni med resten av anlegget og har kanskje fått si ytre utforming i Richters tidlege år på garden. I det største buret var det lenge landhandel. Det har tidlegare lege eit par bur utanfor tunet og. Desse er no borte. Stabbura sett frå tunet og frå baksida. Driftsbygningen i vestfløya Denne bygningen skal vere sett opp av Seierstedt. Bygningen er no samanbygd med Kårstua, men eldre foto viser at det ikkje har vore slik. Den nordlege delen av bygningen er i mur og har golv av store steinheller. Golvet hallar sørover mot eit parti med ei renne på tvers av bygningen, frå denne renna er det eit par meter bort til den mura sørveggen. Det er port både mot nord og mot aust inn mot tunet. I mellombygget mot kårstua er det bakaromn. Denne omnen ser ut til å vere ein litt nyare type og neppe like gamal som huset. Det siste hundreåret har denne rommet såleis hatt ein 8

masstufunksjon, og det kan vere freistande å tenkje seg heile denne bygningen slik. Den vestre driftsbygninen er eit mysterium. I den delen som ikkje er mura mot Kårstua, står bakaromnen. Ovanpå er det ein etasjen i grovt bindverk eller sperreverk. Delar av denne etasjen er innreidd med soverom i noko seinare tid. Det er lett å tenkje seg dette som eit drengstuloft. Interiør i den vestre driftsbygningen. Murveggen mot sør var lite tilgjengeleg. Samla sett blir dette eit bygning som stiller fleire spørsmål enn han gir svar. Arkivstudiar vil nok kunne gje meir informasjon om denne bygningen, men det fell litt utanom dette oppdraget. Det er heller ikkje aktuelle planar om å renovere denne bygningen. Med alle sine uløyste spørsmål, er dette også ein bygning med stor kulturhistorisk verdi. Kårstua, truleg tidlegare Borgstue Eksteriør mot tunet med den tradisjonelle trønderlånportalen i empirestil frå tidleg 1800-tal og interiørdetaljar frå tida omkring 1900. 9

Denne bygningen har i seinare tid vore kårstue, no bur ungfolket her. Dordi Klevan opplyste at det tidlegare var tenarbustad her. Ein tenarbustad i dette sosialmiljøet ville ein tidlegare kalla ei borgstua uttala bårstu. Hovudform og inngangsportal kan tyde på at dette er ein bygning frå omkring 1800, men vindaugo og eldre detaljar innvendig er eit hundreår nyare. Bygningen var oppussa for om lag 20 år sidan eg er innreidd til fleire leiligheiter. Eg hadde i denne samanhengen tilgang til den eine og inntrykket av bygningen skriv seg herifrå. Det er planar om nye endringar i interiøra i denne bygningen, og der kunne vere interessant å følgje opp det arbeidet med undersøkingar av bygningen. Hagen eller parken Den terrasserte parken sør for hovudbygningen og alleen austover og vestover frå tunet er viktige og verdfulle delar av det samla kulturmiljøet på Mæle. Sjå Marit Danielsen: Landlige hager, side 50. Parken på Mæle er terassert og spesiell. Sett utanfrå er trea I ferd med å ta litt overhand, det er nesten slutt på å kunne shå tunet frå E 14, men innanfrå veg dei opp den store høgdeskilnaden I terrenget. Kolbein Dahle 10