Møteinnkalling Kraftfondstyret Møtedato: 03.12.2013 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er, tlf. 56 16 62 00, slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av på kommunehuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei tilgjengelege på kommunehuset. Masfjordnes, den 27.11.2013 Karstein Totland ordførar Aina Isdal Haugland skrivar for kraftfondstyret
Sakliste Sak nr. Arkivsaknr Sakstittel Sidetal 014/13 13/693 Godkjenning av møteprotokoll Sak nr. Arkivsaknr Sakstittel Sidetal 015/13 13/622 Søknad om tilskot frå kraftfondet Sak nr. Arkivsaknr Sakstittel Sidetal 016/13 13/637 Søknad om lån/tilskot frå kraftfondet Sak nr. Arkivsaknr Sakstittel Sidetal 017/13 13/691 Delegerte vedtak Sak nr. Arkivsaknr Sakstittel Sidetal 018/13 13/692 Skriv og meldingar
Sakspapir SAKSGANG Politisk organ Møtedato Saksnr Sakshands. Kraftfondsstyret 03.12.2013 014/13 Aina Isdal Haugland Arkiv: N- Arkivsaknr.: 13/693 SAK 014/13 - GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteprotokollen frå kraftfondstyret den 22/10-13 vert godkjent slik han ligg føre.
Sakspapir SAKSGANG Politisk organ Møtedato Saksnr Sakshands. Kraftfondsstyret 03.12.2013 015/13 Aina Isdal Haugland Arkiv: N-105.1 Arkivsaknr.: 13/622 SAK 015/13 - SØKNAD OM TILSKOT FRÅ KRAFTFONDET Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Andvik Vel får som frivilleg lag stønad frå Norsk tipping og kan søkje fleire andre organisasjonar om midlar. Fordi prosjektet ikkje legg til rette for næring, fell det ikkje inn under intensjonen i Kraftfondet, slik at Andvik Vel ikkje får tildelt lån i denne omgang. Finansiering Inga finansiering. Heimel 2 i kraftfondsvedtektene. SAKSTILFANG: Nr T Brevdato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 28.10.2013 Andvik Vel v/katrine Birkeland Søknad om tilskot frå kraftfondet frå Andvik Vel
SAKSUTGREIING: BAKGRUNN Andvik Vel har søkt om lån frå Kraftfondet til å lage ein møteplass for både barn og familiar. Andvik vel vart danna sommaren 2012 av ungdommar med tilknyting til Andvikgrend i Masfjorden kommune. Velforeininga vart danna med målsetjing om å bygga ballbinge, leikeplass og møteplass for bygda og elles komma med tiltak som kan auka trivselen i bygda. Dette søkjer dei no lån til frå Kraftfondet. Det er per i dag mange unge etablerarar i Andvik og fleire er planlagt i nær framtid. For å finansiera prosjektet arrangerer Andvik vel basarar og loddsal, samt søker eksterne sponsorar. Prosjektet vert utført med tanke på universell utforming og for det meste gjort på dugnad, men det har vore leigd inn entreprenør for å leggje til rette tomta. Grunna tryggleiken treng dei gjerde inn og sikra heile tomta, slik at dei søkjer lån for å kunna betala lokal entreprenør for arbeidet han har gjort. VURDERING Tiltaket frå Andvik vel er positivt og med på å skape trivelege bygder og gode lokalmiljø, noko me som kommune treng og som me legg vekt på i kommuneplanen. Når det gjeld tildeling av lån, fell tiltaket likevel noko utanfor intensjonen i vedtektene i Kraftfondet. Prosjekta som vert støtta skal i hovudsak gå til næringsføremål eller kommunale tiltak som tryggjer og aukar busetnaden i Masfjorden. Prosjektet Andvik Vel søkjer om støtte til kan ikkje reknast som næring og vil ikkje kunne skape arbeidsplassar. Sidan det er eit privat initiativ går det heller ikkje under kommunale tiltak som skal auke busetnaden i kommunen, og åleine vil det ikkje vere tilstrekkeleg til å auke busetnaden. I så fall må kommunestyret vurdere om Kraftfondet skal kunne brukast til tilsvarande tiltak frå friviljuge i kommunen. KONKLUSJON Andvik Vel får som frivilleg lag stønad frå Norsk tipping og kan søkje fleire andre organisasjonar om midlar. Fordi prosjektet ikkje legg til rette for næring, fell det ikkje inn under intensjonen i Kraftfondet, slik at Andvik Vel ikkje får tildelt lån i denne omgang.
Sakspapir SAKSGANG Politisk organ Møtedato Saksnr Sakshands. Kraftfondsstyret 03.12.2013 016/13 Aina Isdal Haugland Arkiv: N-105.1 Arkivsaknr.: 13/637 SAK 016/13 - SØKNAD OM LÅN/TILSKOT FRÅ KRAFTFONDET Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Kraftfondet løyver kr 100 000 til Corax Film Magne Helge Sleire. 2. 50 % av tilskotet kan utbetalast ved oppmoding, resttilskotet vert utbetalt ved framlegging av rekneskap. 3. Det vert ein frist på to år for å nytta tilskotet, frå 12.12.2013. 4. Vedtaket kan etter forvaltningslova 28 påklagast. Klagefrist er tre veker. Finansiering 100 000 kr frå Kraftfondet. Heimel 2 i kraftfondsvedtektene. SAKSTILFANG: Nr T Brevdato Avsendar/Mottakar Tittel 1 I 01.11.2013 Corax Film Magne Helge Sleire Søknad kraftfondet
SAKSUTGREIING: BAKGRUNN Corax Film Magne Helge Sleire søkjer Kraftfondet om midlar til kamera og filmutstyr. Selskapet produserer i hovudsak filmar for NRK og TV2, og vart i 2013 nominert for beste fjernsynsdokumentar i Gullruten. Selskapet flytta til Masfjorden i 2012 og har per i dag 3 større produksjonar under arbeid. Bakgrunnen for søknaden er auka krav til kvalitet frå NRK, noko som gjer at Corax Film går til innkjøp av nytt utstyr. VURDERING Det overordna målet med å bruka kraftfondet er å bidra til sikring og vidareutvikle eksisterande verksemder, fremja etablering av nye verksemder og å sikra og auka busetnaden i kommunen. Flyttinga av Corax Film til Masfjorden vil vere med på å styrke kulturbaserte næringar i Masfjorden kommune og kunne samarbeide med lokale aktørar, samt styrke deira nettverk til andre aktørar innanfor desse næringane. Søknaden som ligg føre gjeld investering i utstyr og kjem innanfor intensjonen i kraftfondet. Beløpet er innanfor grensa på kr 200 000, samt taket på 25% av total investering. KONKLUSJON 1. Kraftfondet løyver kr 100 000 til Corax Film Magne Helge Sleire. 2. 50 % av tilskotet kan utbetalast ved oppmoding, resttilskotet vert utbetalt ved framlegging av rekneskap. 3. Det vert ein frist på to år for å nytta tilskotet, frå 12.12.2013. 4. Vedtaket kan etter forvaltningslova 28 påklagast. Klagefrist er tre veker.
Sakspapir SAKSGANG Politisk organ Møtedato Saksnr Sakshands. Kraftfondsstyret 03.12.2013 017/13 Aina Isdal Haugland Arkiv: N- Arkivsaknr.: 13/691 SAK 017/13 DELEGERTE VEDTAK Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Delegerte saker vert tekne til orientering slik dei ligg føre. DKFT. 026/13: Støtte til sertifikat DELEGERT VEDTAK: Korin Susanne Tangedal har teke førarkort og fullført trafikkurs og kan dermed få utbetalt kr 3000,- i støtte. Finansiering Kraftfondet Heimel Kommunestyrevedtak sak 057/10
Sakspapir SAKSGANG Politisk organ Møtedato Saksnr Sakshands. Kraftfondsstyret 03.12.2013 018/13 Aina Isdal Haugland Arkiv: N- Arkivsaknr.: 13/692 SAK 018/13 - SKRIV OG MELDINGAR Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Meldingane vert tekne til orientering slik dei ligg føre. MELDINGAR: Orientering om framdrift rundt Kraftspela 2014.
Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:post@masfjorden.kommune.no