Slåttelandet 2020. Status for arbeidet med artsrik slåttemark i Hjartdal og Svartdal per 2013 - Aktuelle tiltak og innsatsområde.



Like dokumenter
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Nasjonal handlingsplan for slåttemark Telemark 2009

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kva er økologisk matproduksjon?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forslag frå fylkesrådmannen

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kulturhistoriske registreringar

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Samansette tekster og Sjanger og stil

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Til deg som bur i fosterheim år

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

mmm...med SMAK på timeplanen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

8. Museum og samlingar

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

«Ny Giv» med gjetarhund

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Kulturlandskap på alles tunger

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

G A M A L E N G K U L T U R

Kvalitetsplan mot mobbing

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

HORNINDAL KOMMUNE. Tilsynsplan. Plan for tilsyn i saker etter plan- og bygningslova. Hornindal kommune 2011

Vurdering av allianse og alternativ

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Brukarrettleiing E-post lesar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Saksbehandling kva er no det?

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Transkript:

Slåttelandet 2020 Status for arbeidet med artsrik slåttemark i Hjartdal og Svartdal per 2013 - Aktuelle tiltak og innsatsområde. UTARBEIDA AV: Kulturlandskapssenteret i Telemark BAKGRUNN: Prosjekt støtta med SMIL-midlar av Hjartdal kommune og Svartdal kommune LITTERATURREFERANSE: Garnås, Ingvill 2013. Slåttelandet 2020. Status for arbeidet med artsrik slåttemark i Hjartdal og Svartdal per 2013.

Innhald Bakgrunn og føremål... 1 Spørjeundersøking... 1 Del 1 Stabilitet kring skjøtselen... 1 Del 2 Nyttiggjering av fôret... 2 Infosamling... 3 Gjennomgang av type enger... 3 Nytteverdien av det biologiske mangfaldet... 3 Naturhøy og dyrehelse med fokus på hest... 4 Aktuelle tiltak og innsatsområde... 5 Sikre skjøtsel på alle lokalitetar... 5 Samarbeid om marknadsføring og sal av naturhøy... 5 Utstyrsbank... 6 Innspel til tilskottssatsar... 6 Oppsummering... 7

Bakgrunn og føremål Utveljinga av Hjartdal-Svartdal som eitt viktig større samanhengande område under Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap i 1994 var mykje grunna dei sjeldant mange artsrike slåtteengene. Gjennom Handlingsplan for slåttemark har ein i perioden 2009-2013 fått på plass oppdaterte eller nye planar for alle viktige slåttemarkslokalitetar i området, samt skjøtselsavtaler knytt til nye tilskottsordningar innan landbruk og miljø. Ivaretaking av det biologiske mangfaldet knytt til slåtteenger krev at ein ser fleire nabolokalitetar og større område i samanheng. Tida er dermed mogen for å gjera opp ein status og sjå korleis ordningane fungerer med tanke på å sikre framhald av skjøtsel, og om det er tiltak og innsatsområde ein kan og bør samarbeide om. Det lokale slåttengprosjektet blei sett i gang for å finne ut meir om dette. Prosjektet er finansiert på SMIL-midlar frå Hjartdal kommune og Seljord kommune. Spørjeundersøking Del 1 Stabilitet kring skjøtselen Det er totalt 21 stk som er med og slår per 2013. Det er nok fleire med og hjelper til her og der, men talet på einingar er 21. Av 21 stk er det 5 som slår fleire lokalitetar. Det er med stort og smått laga skjøtselsplan og avtaler om skjøtsel for i alt 26 lokalitetar i Hjartdal og Svartdal per 2013. Berre 5 av 26 lokalitetar blir slegne av anna brukar enn grunneigar sjølv. Om lag halvparten, 14 av 26 lokalitetar, blir slegne av folk som er berettiga produksjonstilskott i landbruket, og som dermed kan søkje Regionale miljøplanmidlar (RMP). Resten får tilskott til skjøtsel gjennom Utvald naturtypemidlar (UN) forvalta av Fylkesmannens miljøvernavdeling. Litt over halvparten, 16 av 26 lokalitetar, ligg på bruk som er bebudd/snart bebudd (3 skal flytjast inn på om kort tid). Resten er fordelt på bruk/fritidseigedomar der eigar bur utanbygds (4), mindre og delvis avsidesliggande bruk som i dag er lagt innunder andre gardar (5), samt ein lokalitet som er rein tilleggsjord utan hus. På spørsmål om det går greitt med skjøtselen frå år til år, og om dagens ordning er stabil, er svaret ja for 23 av dei 26 lokalitetane. Men 2 av desse kunne likevel (kanskje) tenke seg hjelp til å finne andre til å ta slåtten. Ein av desse 2 har ein særs tung lokalitet, der dei mest verdfulle areala må slåast med motorljå («ryddesag»). Her har ein nokon gonger hoppa over slått av nett desse areala frå år til anna. På 2 av dei 3 resterande lokalitetane tek ein «eitt år om gongen», og er usikre på ein sjølv vil halde fram med å slå, eller om ein må/skal finne nokon andre. I desse tilfella kan det på sikt t.d. vera aktuelt å få inn andre som allereie er med og slår innanfor desse ordningane. 1

Den siste lokaliteten har ikkje vore slege på ei tid, berre beita. Dette kjem av at den er vanskeleg med omsyn til oppsamling (graset må berast oppover til traktorveg), og at den ligg litt for seg sjølv (tidkrevande å frakte utstyr att og fram etc.). Her er ein opne for å få inn anna mannskap til å slå. Noko bør gjerast med nett denne lokaliteten, sidan den er rik på systermarihand, og sidan den ligg lett tilgjengeleg for ålmenta inntil Gullstigen mellom Hjartdal og Svartdal. Del 2 Nyttiggjering av fôret Særs få kastar fôret. Dette gjeld per 2013 berre for 4 av 21. I dei tilfella det blir kasta, er det fordi lokaliteten enno er under restaurering, fordi det er vanskeleg å få transportert fôret ut, eller fordi av ulike grunnar er vanskeleg å få til å slå medan fôret enno er av god kvalitet. I dei fleste tilfella (17 av 21) handlar det dermed ikkje berre om landskapspleie, men også fôrhausting. Heile 10 av 21 nyttar fôret i eiga drift. Av dei andre er det 4 som sel og 3 som gjev det bort til nokon dei kjenner. Rundt halvparten av dei spurte kunne tenke seg å vera med på ei sams marknadsføring av naturhøy. Nærare bestemt 9 av 21 kunne tenke seg dette (ein av desse berre dei åra han har overskot på fôr). I tillegg har 3 lete det stå ope, av di ein ikkje veit heilt kva ein skal gjera med desse areala framover, dvs. om dei skal slå sjølve eller setja det bort. Av dei 9 som ser for seg eit samarbeid, kunne alle tenkje seg sams marknadsføring, men separate utsal. Heile 7 kunne i tillegg ynskje seg tilgang på noko felles utstyr (t.d. ei lita rundballepresse for firkantballar). Under halvparten, berre 4 stk, stiller seg i utgangspunktet heilt opne for eit opplegg med felles leveringsstad, pakking og utsal. I spørjeundersøkinga blei det også spurt om brukarane har høytørke. Kring halvparten har dette. Høytørke gjer det sjølvsagt enklare å berge fôret dei åra det er dårleg onnevêr. Men det avgrensar seg til å vera eit hjelpemiddel i vanskelege høyår. For ivaretaking av artsmangfaldet i enga er det mest ynskjeleg at graset blir tørka ute, som flathøy eller i hesjer. Med tanke på artsmangfaldet sikrar ein på denne måten at frøa i størst mogleg grad drøs av før høyet blir samla opp. 2

Infosamling Torsdag 3. oktober 2013 var grunneigarar og slåttemannskap invitert til infosamling om status i arbeidet med artsrik slåttemark i Hjartdal-Svartdal per 2013. Det møtte fram kring 30 stk til føredrag og sosialt samvere på Lien Fjellgard. For å trekke folk var det lagt vekt på ei god blanding av faglege innlegg, kulturprogram og bra servering. I kulturdelen fekk ein nokre skråblikk på høyberging frå folkemusikk- og forteljartradisjonen. Dette såg ut til å klaffe bra, tilbakemeldingane var gode. Mange sa dei sette pris på å kunne møtest om dette temaet på denne måten, at det var inspirerande og at dei håpa me kunne få til noko liknande seinare. Resultata frå spørjeundersøkinga blei presentert og drøfta, i tillegg til at ein hadde føredrag om kva for slåtteenger som er med i ordninga, nytteverdien ved ivaretaking av det biologiske mangfaldet i tradisjonell slåttemark og om særskilde fôrkvalitetar ved naturhøy i forhold til hestehald. Noverande tilskottsordningar blei også diskutert, og ein lufta aktuelle samarbeidsområde med utgangspunkt i resultata frå undersøkinga. Gjennomgang av type enger Dei 26 lokalitetane det er laga skjøtselsplan for i Hjartdal og Svartdal har alle anten A eller B-kvalitet, med høgt eller middels høgt artsinnhald. Dei fleste har også innslag av raudlista artar. Men om ein ser på lokalisering, utforming og storleik, er der store variasjonar i type eng. Lokalitetane omfattar små engstykke og jordlappar på avsidesliggande og fråflytte småbruk, bratte kantsoner til dyrka mark og tun, kneikete og oppdelte jordstykke, og større og meir lettdrivne jorde. Brukshistorikken er også samansett. Der ein finn slette (ikkje nødvendgvis flate!) stykke, har det gjerne tidvis vore åker. Det er i det heile vanskeleg å sile ut dei areala som til ei kvar tid har vore rein slåttemark. På denne bakgrunnen er det viktig å ha fokus på kva som finst av artsmangfald i engene per i dag, dvs. i kva grad me ser ein tradisjonell slåttemarksflora der no, samt kva tyding lokaliteten kan ha i samanheng med lokalitetar i nærleiken (landskapsøkologisk perspektiv). Nytteverdien av det biologiske mangfaldet Sjølve ivaretaking av det biologiske mangfaldet er kanskje den sida det er vanskelegast å formidle som ein av hovudgrunnane til å oppretthalde skjøtsel av enger med artsrik slåttemarksflora. Me inviterte difor Ellen Svalheim frå Bioforsk til å utdjupe dette nærare. Ho har gjennom fleire år vore engasjert av Miljødirektoratet som nasjonal rådgjevar og koordinator i samband med iverksetjing av Handlingsplan for slåttemark. Ho trakk særleg fram samanhengen mellom artsrike kulturmarkstypar og insektliv, og tydinga tapt artsmangfald blant insekt kan få for landbruket (manglande pollinering), samt genetisk variasjon som grunnlag for forsking på nye plantesortar. Med omsyn til nye plantesortar er dagens forskarar på jakt etter artar med genmateriale som er robust med omsyn til klimaendringar, som kan gi resistens mot plantesjukdomar (resistens), og som kan vera med og legge grunnlaget for auka matproduksjon eller mat med særskilde eigenskapar. 3

Det føregår stadig prosjekt for å utvikle nye landsortar av fôrplanter, og i desse prosjekta er det stadeigne biomangfaldet særleg viktig. Det å ivareta artar ex situ (i frøbank) kan aldri erstatte ivaretaking in situ (lokalt, på staden, ved skjøtsel). Dette fordi ein ved in situ bevaring tek vare på levande økosystem som også omfattar utvikling og tilpassingsprosessar. Naturhøy og dyrehelse med fokus på hest Det er godt kjent blant gardbrukarar og andre at naturhøy og lauvfôr er «snadder» og «medisinfôr» for dyra. Ein høyrer ofte kor «ville» dyra er etter dette, eller kor «glade» dei blir når dei får det. Naturhøy og lauvfôr er rike på vitaminar og mineral, og preferansane har slik sett si naturleg forklaring. Lukta av kumarin vitnar også om god smak. Vitskaplege studiar har i det seinare vist mykje av dette folk og dyr alltid har visst. Om avkastninga er mindre på desse areala, er ein altså jamt over klar over at det har særlege kvalitetar som fôr. Dette ville me gjerne setja nærare fokus på og høyre meir om. Samstundes har ein ved Kulturlandskapssenteret fanga opp at det innanfor somme hestemiljø er i ferd med å breie seg ein skepsis til den utvida bruken av kornbasert kraftfôr og beite på fullgjødsla enger. Ein er uroa for at hestane får i seg for mykje sukker og stivelse. Dette meiner ein fører til generelt dårleg helse, og at det er med på å forklare auka førekomst av diabetes blant hestar. Ved einsidig fôring går hesten også glipp av det mangfaldet av antioksidantar og enzym som finst i det naturlege matfatet til hesten, dvs. naturbeitemark og «villeng». Det blir også snakka om sukkeravhengigheit og at bakteriefloraen i tarmen endrar seg slik at dei heller ikkje toler grovfôr så godt lenger. Margit Buen i Bø driv både med rideopplæring, avl og behandling av hest, med vekt på naturleg hestehald. Ho blei invitert til slåttesamlinga som ein start på ei utveksling av kunnskap mellom «hestefolk» og «slåttefolk» i fylket. Ho gav ei innføring i hestens fysiologi med tanke på ernæring, og trakk særleg fram mangfaldet av vitaminar og mineralar som ei føremon i urterikt høy (brukte omgrepet «fjellhøy»). Vidare la ho vekt på hestens moglegheit til sjølv å velje det han til ei kvar tid treng, noko som ikkje går ved einsidig fôring med kraftfôr og grasdominert høy, eller på fullgjødsla beite. Brennesle og løvetann blei elles trekt fram som døme på gode næringsplanter, utover det ein finn i tradisjonelle slåtteenger. Ho meiner det er ei aukande interesse blant hestefolk å få fatt i godt høy, dvs. naturhøy, men at det til dels er vanskeleg å spore opp. I tillegg er det trong for meir kunnskap om naturhøy i hestekrinsar og om hestens næringsbehov generelt. Ho meinte også det kanskje kan vera moglegheiter for å utvikle nye fôrtypar med utgangspunkt i naturhøy, og at dette bør forskast meir på. 4

Aktuelle tiltak og innsatsområde Sikre skjøtsel på alle lokalitetar Spørjeundersøkinga synte at det er veldig få tilfelle der ein treng hjelp med å få gjennomført eller sett bort slåtten til andre. Stort sett vil folk ha hand om slåtten sjølve, eller dei har funne gardbrukarar i nærleiken som er interessert i å ta det. Kulturlandskapssenteret har i somme tilfelle vore med og hjelpt til med å få på plass andre brukarar. Dette vil ein naturlegvis fortsetja med når det dukkar opp behov. Det er viktig at alle som slåttemarkslokalitetar med skjøtselsplanar og avtaler om tilskott blir gjort meir kjent med at senteret kan hjelpe til med slik samordning. Det vil bli presisert i brevs form litt i forkant av neste slåttesesong. I tillegg kan det sjå ut til at ein må leite opp arbeidskraft til å ta særskilt vanskelege lokalitetar, dvs. som må slåast med ljå/motorljå eller der det er andre tungvinne tilhøve. Dette gjeld til no berre 1-2 lokalitetar. Dersom ein får inn nokon på ein liten sommarjobb, kunne det vel hende fleire ville vera interessert i å ta i mot slik hjelp. Kulturlandskapssenteret vil prøve å få til ei organisering av dette i 2014, som ei prøveordning. Utfordringa ligg i å finne nokon som eignar seg, som kan slå på ein bra måte innanfor rammene ein har å tilby. Samarbeid om marknadsføring og sal av naturhøy Kring 9 stk var interesserte i sams marknadsføring av naturhøy. Det var størst interesse for separate utsal og kanskje noko felles utstyr. Eit tettare samarbeid med felles leveringsstad og utsal etc. er nok noko som kan mogne over tid, men per i dag er det for få interesserte og ingen drivkrefter som har meldt seg. Kulturlandskapssenteret føreslo enkel marknadsføring på Kulturlandskapssenteret sine nettsider, og i tillegg samla annonsering på Finn. Slik marknadsføring vil bestå i kort informasjon om naturhøy, samt ei enkel liste over kven som kan ha høy til sal, med telefonnummer. Ein bør legge seg nokolunde likt i pris. Det er for tida vanleg med 3 kr/kg. I bystrøk kan ein få opp i mot 4 kr/kg. Det var semje om å prøve ut eit slikt opplegg. Kvar enkelt vil bli kontakta for samtykke før info blir lagt ut. Det kan også bli aktuelt å innlemme fleire elles i fylket i denne lista. Dette vil bli gjort på enkelt og rimeleg vis, og innlemmast i administrative oppgåver senteret har for Fylkesmannen med omsyn til Handlingsplan for slåttemark. Det vil såleis ikkje vera ei marknadsføringsteneste som skal koste noko for den einskilde. Som Margit Buen var inne på, hadde det elles vore ein fordel om ein fekk opplyst hestefolk og «folk flest» meir om naturhøyets føremoner i fôrsamanheng. Ein bør søke å få til fleire arrangement og gjerne mediaomtale i samband med dette. I tillegg bør ein søke og leite opp kva som finst av forsking på området, og initiere meir. 5

Utstyrsbank Kulturlandskapssenteret har allereie noko utstyr til utleige, handla inn på midlar frå Miljødirektoratets ordning for Utvalde naturtypar. Dette er 2 tohjuls slåmaskinar og 2 motorljåar/ryddesager. Det er kome inn ynskje om å handle fleire skjer i ulike breidder, samt tvillinghjul for slått i særs bratt terreng. Nokre har trøbbel med velt i bratte engparti. I tillegg er det kome inn ynskje om rundballepresse for firkantballar. Kulturlandskapssenteret vil undersøkje kva som finst på marknaden, drøfte ulike typar med brukarar i ordninga, og sjå på om det kan vera aktuelt å søkje om dette til neste frist for UN-midlar, som er 15/1-2014. Det er sjølvsagt ei utfordring med utleige av slåtteutstyr at alle gjerne treng det til same tid, når det er godt onnevêr. Men folk har stort sett utstyr sjølve. Utstyrsbanken til senteret fungerer dermed for det aller meste som ei sikkerheit når noko ryk, ved særskilde behov som nemnt over og er ei grei ordning for dei som har berre små område å skjøtte. Med omsyn til rundballepresse, kan den nyttast over lenge tidsperiodar, så lenge høyet berre er kome i hus. Nye leigeprisar og leigekontrakter blir lagt ut på senteret sine sider på vårparten. Innspel til tilskottssatsar Dei gjeldande tilskottssatsane innanfor RMP og UN blei teke opp og diskutert. Ein veit frå tidlegare innsamling av erfaringstal at 2000 kr/da er grei timebetaling for relativt lettvin slått med tohjuling. Restaurering og ljåslått er ei heilt anna historie, men satsen er lik. På den andre sida jamnar utstyrskostnadene kanskje ut gapet i timebruk. Det er vanskeleg å finne rette satsar for arbeid som dette, særleg når ein i somme tilfelle slår 2 da og andre 20, nokon har produksjonstilskott i botn og andre ikkje. Brukarane hadde inga klar attendemelding på satsane utover at det ikkje er meir enn det bør vera, og at alt areal må telje med, jf. inngåtte grunneigaravtaler. Dette er signal Kulturlandskapssenteret tek med seg attende til forvaltinga i dei samanhengane dette blir teke opp. Det føregår for tida ein diskusjon hjå Fylkesmannen mellom landbruk og miljø om korleis ein skal avpasse RMP- og UN-ordningane til kvarandre, mellom anna med omsyn til tak og arealgrunnlag. 6

Oppsummering Det er per 2013 utarbeidd skjøtselsplanar og avtaler for 26 slåttemarkslokalitetar i Hjartdal og Svartdal. Med eitt unntak er alle i hevd som slåttemark. Det ser ut til å vera bra stabilitet kring skjøtselen. Grunneigarane slår stort sett sjølve, eller andre brukarar i nærmiljøet er inne. Berre i særs få tilfelle trengst det hjelp med å slå eller få sett bort skjøtselen til andre. Kulturlandskapssenteret kan halde fram med å ta ei lita samordningsrolle på den biten. Spørjeundersøkinga synte at det er ein del som er interessert i eit samarbeid om marknadsføring av naturhøy. Ein del er også interessert i tilgang på noko felles utstyr til rimeleg leige. Ein vil prøve ut enkel marknadsføring av naturhøy via heimesider og annonsering på Finn. I tillegg vil ein prøve å utvide utstyrsbanken til Kulturlandkapssenteret noko, med fleire skjer, tvillinghjul og rundballepresse, vel og merke dersom ein får søkt inn tilskott til det. Desse innsatsområda vil vera ein naturleg del av oppgåvene Kulturlandskapssenteret har som regional koordinator på slåttemark, på oppdrag frå Fylkesmannen. Funn og erfaringar ein har gjort i dette prosjektet vil i det heile bli viktige i arbeidet med slåttemark i Telemark som heilskap, og på sikt kanskje også andre fylke. Det var særs verdifullt å koma saman og snakke meir konkret om kva som går bra, kva nytte som ligg i det arbeidet som blir gjort, kva som kanskje ikkje kjem til å fungere på sikt og ikkje minst saman drøfte aktuelle tiltak og innsatsområde. Dette er ei arbeidsform ein kanskje skulle sett meir av. Men det kostar å undersøke ting og koma saman på denne måten, og me vil avslutningsvis takke Hjartdal kommune o g Seljord kommune for at me fekk stønad til å gjera nettopp dette. Vedlegg Slåtteenga. I går, i dag, i morgon. Invitasjon til infosamling Powerpointpresentasjon frå infosamlinga 7