Frå Havgapet. Til Bre-isen



Like dokumenter
«Ny Giv» med gjetarhund

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Brødsbrytelsen - Nattverden

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kom skal vi klippe sauen

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Leiarmøte for Sau og Geit Oktober Stryn

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Stemnehandboka for NKSF

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Setring ved Håbakkselet Hareid

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Bustadområde i sentrum. Vurdering

M/S NYBAKK SI HISTORIE

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Denne helga får du sjansen til å reise rundt i Nordfjord og Sunnfjord og møte dyktige og engasjerte bønder, med framtidstru og satsingsvilje.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

mmm...med SMAK på timeplanen

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Valdres vidaregåande skule

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Forslag frå fylkesrådmannen

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tormod Haugland MØRK MATERIE

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

I N N H O L D. Forord

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

MEDLEMSINFO. august 2009

Søknad om nye ruteløyve for Nordfjordekspressen og Møreekspressen : : : Sett inn innstillingen under denne linja

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Stryn kommune 1

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Med god informasjon i bagasjen

Transkript:

Frå Havgapet Til Bre-isen

Møre og Romsdal Sau og Geit på gjesting til Sogn og Fjordane. Leiarsamling Sogn og Fj. Sau og Geit og Møre og Romsdal Sau og Geit 23-25 okt 2009 i Stryn Som ei vidareføring av leiarsamlinga i 2008 der Sogn og Fj sau og Geit gjesta Møre og Romsdal, var det i år Sogn og Fj sin tur til å invitere Møre og Romsdal. Dagen 23 okt opprann med det finaste været ein kan tenkje seg. Møre og Romsdal S og G hadde sett opp buss frå Vestnes om Stranda og til Nordfjordeid der utsendingane frå Sogn og Fjordane og frå ytre og midtresunnmøre steig på bussen. Diverre var det lite påmeldingar frå Møre og Romsdal,- kun 8 stk, herav 3 frå styret. Dette skuldast nok det omfattande opplegget me hadde, som gjorde at dei som budde nord i fylket måtte avsetje 4 dagar til samlinga. Dette vart nok i meste laget og mange fekk difor problem med avløysarar. Det spørs om me må endre litt på opplegget dersom me i framtida også skal ha felles leiarsamlingar. Uansett,- Dagen kom og Sogn og Fj hadde laga eitt opplegg av det beste ein kan tenkje seg. Første avstikkar gjekk til Selje. For å få mest muleg att for turen vart det halde innlegg eller talar på bussen. Først ute var Kjellfrid Støylen som tok for seg prosjekt Framtidsretta Sauehald. Prosjektet framtidsretta sauehald har blitt drive i nesten to år og fått god kontakt med fleire sauehaldarar. Målet med prosjektet er å auke tal sauer sleppe på beite i Sogn og Fjordane, der ein brukar fleire delmål for å nå målet. Allereie tidleg i prosjektet ser ein at dei tre første delmåla som er å få eksisterande sauehaldarar til å halde fram, få nye til å byrje og sikre bygging av nye driftsbygningar til sau er det som sauehaldarar er mest i kontakt med prosjektet om. Samarbeidsløysingar blir diskutert, men er i ein modningsprosess som kanskje tar litt lenger tid enn forventa. Økologisk sauehald har vore lite framme i prosjektsamanheng, men det kan virke som at den etablerte økologiske rådgjevinga frå Norsk Landbruksrådgjeving fungerar fint som førstelineteneste. Å få auka kompetanse og nettverksbygging må absolutt jobbast vidare med slik at ein får ei meir samla landbruksnæring. Den kommunale forvaltninga kan truleg bli betre på å følgje opp sauehaldarar som vil satse, og vere meir tydelege som førstelineteneste. Mange har vore i kontakt med prosjektet, og spesielt med tanke på bygg. Fleire ynskjer å bygge om eksisterande fjøs, eller sjå på muligheitene for å bygge nytt. Ein ser at det har kome fleire store sauefjøsar spesielt i indre strøk av fylket, og vi håpar at det blir tilsvarande satsing i ytre strøk. Det er viktig å tenkje alle type storleikar på drift og bygningar. Spesielt ser ein at kombinasjonsbruka kanskje kan få ny æra med samdriftsfjøsane på mjølk som er i gang. Mange vel då å bruke gamlefjøsen til sau, og på den måten ha ei inntekt i ein elles tom fjøs. Som mange har fått med seg har Nortura tatt store grep for å få orden på økonomien sin. Dette betyr mellom anna store kutt i rådgjevingsteneste, nokre anlegg og alt av prosjekt. Det betyr at prosjektet framtidsretta sauehald blir lagt ned frå og med 1. mars 2010. Dette er eit år før tenkt avslutning, men styringsgruppe håpar å jobbe vidare med tankane vi gjer oss rundt prosjektet og kanskje spisse det

meir framover. Til dømes vil det vere ein tanke å jobbe vidare med byggplanlegging sidan denne delen av sauehaldet er mykje fokus på samtidig som ein ser at det forsvinn ein del byggplanleggarar på sau i fylket. Prosjektet har vore med på å få meir fokus på sauehaldet i fylket og vi håpar på vidare satsing på denne gode ressursutnyttaren! Neste mann ut var Johannes Nedrebø som informerte om nytt frå Nortura. Han var innom marknadsstoda,slaktesesongen på Førdeannlegget,ommlegging og innsparingar i Nortura. Det vart ut frå konkrete slakterioopgjer diskutert ein del om prisar og klassifisering av kje. Vel framme på Selje vart me tekne imot av Miriam Friberg frå Selje Sau og Geit. Det var mange fine damer på samlinga:mirjam Friberg,Helga Kvamsås,Inger Johanne Tafjord og Kjellfrid Støylen. Me var innom Evy Ann og Magne Skårbø og kona som hadde kystgeit,vidare til Sabine og Tomas Tanze som dreiv allsidig med hjort, kjøtprod på geit, svartfjessau og eggproduksjon. Hovedproduktet når det gjaldt kjøtprod på geit var her tre-årige kastrerte bukkar. Kva seier Nortura til dette?? Har de nokon klasse der ein kan få den betalinga slike slakt er verdt? Bonden me var hjå slakta bukkane på

Geiteflokken. Den mørke i midten er 3-årig kastrat Ein del av deltakarane utanfor bussen. Honningsvåg? eit lokalt slakteri og selde slakta sjølve Etterpå vart me losa inn på eit fiskebruk i Honningsvåg der Marita Ervik og fleire serverte den beste fiskegratengen eg og fleire med meg har smakt. Eg har ikkje ord,-dette må opplevast og smakast. Turen gjekk vidare til St.Svitunkapellet der Svein Ervik gav ei gripande skildring av kva som skjedde då hurtigruta St Svithun vart bomba,gjekk på grunn og sank. Heldigvis vart dei fleste berga.

Siste stopp var hjå Jorgine og Vidar Dalsbø som har eit nybyggd sauefjøs,- byggd av sitkagran? og stor eigeninnsats. Billeg og bra! Spelemann og tidl norturatilsett Asbjørn Alsaker kan dette med sau. Eli deler ut gåve,mirjam høyrer etter og magnus ser på klokka? Så bar det inn på bussen att og rett til Stryn og middag. Det som skjedde etter middagen har me gløymt,men me vakna dagen etterpå friske og opplagde og i godt humør. Laurdagen 24.okt starta med frokost og song før me tok fatt på fagprogrammet :Nytt får saueavlen. Her måtte Turid Sundt melde forfall og i staden kom Per Johan Lyse frå Rogaland. Han fortalde om omlegging av kåring pga fotråte og auka kostnadar ved at ein måtte rundt på bruka og kåre. Kåringa i år kosta meir enn budsjettert og skulle det halde fram ville fylkeslaget gå konkurs.(sjølv om dei vart ei god stund,-dei har brukbart med pengar i Rogaland?) Eit meir fyldig referat om dette finn de i reteratet frå Johannes Nedrebø.

Helga Kvamsås hadde med seg Nytt frå Tine når det gjeld geit. Ho orienterte frå Sunnylvsprosjektet der ei n kryssar inn fransk alpegeit for å sjå om ein kan betra kaseein innhaldet og dermed betre ysteeigenskapane i geitmjølka. Det er gjordt eit omfattande arbeid hjå dei som er med og det har framkome tydelege resultat. Resultata så langt kan samanfattast slik; Frie Feittsyrer.Ein har god effekt på innhald av frie feittsyrer (som har stor innverknad på smaken av geitmjølka og dermed også på produkta av geitmjølka)av å endre genstatus slik at geitene får i allefall eit gen for produksjon av @s1-kasein. Det ser ut som det å ha eit gen er minst like godt som å ha begge gena. Tørrstoffinnhaldet aukar omtrent linært frå det å ha 0 gener (nullxnull)som produserar @s1 til det å ha to gener.(ikkje nullxikkje null). I registreringane er det ca 0,5 % skilnad i tørrstinnhaldet. Noko som i dag betyr ca 60 øre pr l mjølk Foringa har stor innverknad på innhaldet av frie feittsyrer og tørrstoffinnhaldet. Prosjektet har gjeve særs tydelege resultat og det er svært viktig at ein i ettertid ved å ta blodprøvar frå bukkane som skal brukast får kunnskap om genstatusen til bukken Ho presiserte at norske bukkar med genstatus ikkje null gjev like gode resultat som franske. Det er her berre spørsmål om å finne og deretter bruke dei bukkane som har begge gena som ikkje null Sunnylvsprosjektet vil ha ein sterk positiv effekt på utviklinga av norsk geitehald og deira omdøme i marknaden.det må rettast ein stor takk til dei geitehaldarane som har vore med. Når finanskrisa går over og me får att den kjøpekrafta folk i mange land hadde vil salget av geimjølkprodukt gå opp og geitehaldet utvikle seg positivt. Snøfrisk kvit geitost er etter vår (skrivaren) si meining verdens beste kvit fast geitost og bør ha eit store mulegheiter på marknaden verden over. Den bør og marknadsførast sterkare i Norge Etter dette innlegget var det tid for utferd att. Denne gongen til Oldedalen og Briksdalsbreen. Kjentmann var Rune Myklebust. Han tok oss med til ein dal full av dramatiske hendingar og spennande prosjekt før me enda opp under Briksdalsbreen.

Briksdalsbreen Bruket til Signe Åbrekk og mannen Ein får ei overveldande kjensle av tidsepokar og naturkrefter når ein står nedom Briksdalsbreen som,- sjølv om den har minka siste åra slår imot oss som eit kaldgufs frå farne tider. Turen fram til breen tok ein god halvtime kvar veg og gav oss den gode magefølelsen me skal ha før eit måltid. Dette ugløymelege måltidet av hjortegryte med ein smak av himmel og natur inntok me hjå Signe Åbrekk som driv med Gardsturisme på Åbrekk i Oldedalen.Det er mykje god mat i Sogn og Fjordane! Ein av dei første som sanerte geitebesetninga si var Rune Myklebust og me var sjølvsagt særs spente på korleis det var no 6 år? etterpå. Her var det stort sett berre velstand med ombygd fjøs, friske geiter og god avdrått.

Vel heimatt på hotellet var det Ola Søgnesand frå prosjekt Geit i Vekst sin tur. Prosjektet som starta i 2007 har hatt mykje å ta fatt i. Mange byggningsprosjekt som starta i 2008 har halde fram i 2009. I tillegg har det kome 9 nye. Sjukdomssanering er eit prioritert område i prosjektet og mykje tid er brukt på møter med grupper av geithaldarar, men også einkeltbønder. Prosjektleiar er regionkontakt for saneringsprosjektet Friskare geiter som er i gang. Elles er framforing av kje,-både diekje på 4-6 veker og eldre kje som går ute ein beitesesong ei viktig sak. Me må få til opplegg som høver både for bonden,nortura og marknaden. Mykje tid går med til å hjelpe einkeltbønder med ulike problem,organisere fagmøter, vere med på fagmøter som andre arrangerar, hjelpe eigarane av prosjektet-dei tre fylkeslaga av Sau og Geit med uttalar til jordbruksoppgjer, Nortura,Tine og andre. For eigen del vil eg legge til: Det er ikkje tvil om at prosjektet Geit i Vekst har hatt og vil ha ein særs positiv innverknad på geitehaldet,-ikkje berre i vest,men for heile landet. Prosjektet,-som etter mi meining er eit av dei mest vellukka prosjekt i norsk landbrukshistorie, vil me prøve å vidareføre.dette vart bestemt på eit møte mellom dei tre fylka Hordaland,Sogn og Fj og Møre og Romsdal som eig prosjektet. Det skal utarbeidast ny søknad om finansiering av vidare drift. Siste mann ut var Steinar Ness med tema Jordbrukstingingar. Sjølv om forsamlinga var litt sliten etter dagens strabaser held Steinar oss alle vakne med eit inspirerande og spennande innlegg. Utan andre hjelpemiddel enn rettleiing for søknad om produksjontillegg fekk me ei god innføring i arbeidet før,under og etter jorbrukstingingane og korleis me kan påverke desse. Hovedbodskapen han var: Det nyttar å engasjere seg.

Etter ein time med oppstasing og oppfyring var me klare for middag med litt allsang.. Etterpå dans til musikk av Eid Spelemannslag.. Dei har mykje god musikk i Sogn of Fjordane.. Einkelte nytta tiden til seminkatalogar og anna fag-og ikkje fagprat. Det foregår mykje godt sosialt samvær på desse samlingane. Søndagen 25.okt starta med mange trøytte deltakar. Desse vart raskt vekte av ein innspirerande og dyktig forelesar,-vivi Lindholm frå NSG som gjorde eit elles kjedeleg tema,- organisasjonarbeid om til ein spennande roman om det som kan,skal og ikkje skal skje i ein organisasjon. Her var det mykje å gripe fatt i. Me frå Møre og Romsdal hadde håpa at fleire av laga var representerte på samlinga slik at me kunne ha organisasjonskurset her. Slik det vart var det for få av våre tillitsvalde som var på samlinga. Me må nok belage oss på å arrangere fleire organisasjonskurs i Møre og Romsdal. Det gler me oss til! Siste post på programmet var Åpen post. Her vart det teke opp mange ting frå ullsekkar til ulike vellukka tiltak i lokallaga. Noko som var litt uventa, men for så vidt naturleg var dette med kompetansebevis. Det kom fram at dei langt fleste hadde hatt ein god opplevelse då dei saman med yrkeskollegar gjekk gjennom dette kurset. Det som i utgangspunktet vart trett nedover hovudet på oss og som me slett ikkje lika, vart snudd til noko positivt,-ja det var like før me bad om å få trett nedover oss eit slikt opplegg kvart år. I Ørsta opplevde eg fellesforelesinga som vetrinær Olav Hauso heldt, som ei lun,humoristisk skildring av livet i fjøset. Også dei andre møta me hadde i geitgruppa var gjevande. Det spørs om me sjølve skulle lage til slike kurs kvart år,-det styrkar samholdet. Fårikåldag var arrangert i Viksdalen,bondekafe på Selje,samling i fjøsbyggningar i Lærdal, var alle gode døme på vellukka tiltak. Elles påpeika kor viktig kåringane er både fagleg og sosialt. Kurset vart avslutta med lunch som var rikeleg stor. Det same kan vel seiast om serveringa elles på hotellet: Det var god og rikeleg med mat. Me reiste heim med berre gode minner frå gjestinga i Sogn og Fjordane og. Eg trur nesten dei likte oss. Me fekk eit inntrykk av at dei hadde lyst oppatt hit til neste år! Dei to som leidde det heile med stødig hand: Eli Berge Ness og Hallvard Espeset har på ein mirakuløs måte greidd å unngå våre utsendte fotografar Ola Søgnesand og Kjellfrid Støylen. Me har difor ikkje bilete av berre dei to.

Men dei er no med.her har me to av styremedlemmane og Helga,men kvar er ho Eli? Ho er med på eit bilte lengre oppe. Like fullt: Eit prikkfritt arrangement,godt program, god stemning og godt gjennomført. Tusen takk!! At heile opplegget,- det som var i år og det som var i fjor kanskje var litt for omfattande til at fleire som måtte reise langt kunne komme, får me drøfte nærare. Helsing oss frå Møre og Romsdal Magnus.