Barnehageåret 2012-2013

Like dokumenter
Barnehageåret

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Årsplan for barnehageåret

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kom skal vi klippe sauen

Før påske hadde vi besøk av kateketen i Onsøy kirke, hun hadde en. fin og barnevennlig gjennomgang av påskens budskap, barna på alle

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Plassebakken Barnehage

Månadsplan for Hare November

VINTERFEST - Fremme friluftsliv og glede over å være ute. - Sosialt - Tradisjon - Inkluderende

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag. 4. De yngste: Sangleik og uteleik. 11. De yngste: Hopp og sprett til musikk De eldste: Tur til gapahuken

Periodeplan for revene desember 2014 og januar 2015.

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Fokus på innsekter

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

«Ny Giv» med gjetarhund

Vi på Morgengry ønsker store og små et godt nytt år! Tema for desember måneden var advent og jul. Barna lærte litt mer om hva jul inneholder og

Plassebakken Barnehage BA

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

INFORMASJON om førestellinga:

I APRIL HAR VI: IKT:

mange tilbake til Sørigarden og de smakte veldig deilig til lunsj. Bilder fra turen til ungdomskolen henger inne på avdelingen.

Arbeidsplan for Tyrihans mai 2014.

Månedsbrev for Kongekrabbane mars 2015!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Periodeplan for Ekorn desember 2014 og januar 2015.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

MÅNEDSPLAN FOR JANUAR 2015 HJØRNETANNA

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Månedsbrev fra Rådyrstien Juni 2016

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

VERNERUNDE/HANDLINGSPLAN FYSISIK ARBEIDSMILJØ UTDANNINGSAVDELINGA 2011

Årsplan for barnehageåret

Månedsbrev REVEHIET Juni 2016

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Periodeplan for harebarna mars og april 2014.

mmm...med SMAK på timeplanen

Himmeltidende. Mai Bursdager i Mai: Vilde B. 5 år Ingrid 4 år Sara Emilie 4 år

MÅNEDSBREV FOR DESEMBER- LILLEBJØRN

Månedsbrev april 2015

PERIODEPLAN FOR GAUPENE

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Klepp kommune Tu skule

MÅLPLAN FOR MOSATROLLA desember 2015

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

SEPTEMBER 2015 SMÅSCENA B Y G G O G K O N S T R U K S J O N

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

MEDLEMSINFO. august 2009

Minnebok. Minnebok NYNORSK

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Sogndal Studentbarnehage Dalavegen SOGNDAL Tlf E-post:

Velkomen til Mork barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Fiolen. Refleksjoner og noen tanker videre. Februar 2016.

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Kolsåsposten desember 14

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Kva er økologisk matproduksjon?

Gullstjerna. Refleksjoner og noen tanker videre. Mars 2014

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Månadsbrev for Blå, november 2015

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Vi baker rundstykker Julefrokost Kl Velkommen Nissefest BHG.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

DESEMBER BREV FRA SALTKROKEN Hei alle sammen.

FORELDRENYTT JUNI SMÅFOSSAN

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Velkommen til Breidablikk kulturbarnehage og til barnehageåret 2014/2015!

FEBRUARPLAN FOR SOMMERFUGLEN

Og der var det jammen en sommerfugl også har sommerfuglene mange farger mon tro?

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Fagområder: Natur, miljø og teknikk, Kunst, kultur og kreativitet.

MÅNEDSPLAN FOR GRØNNFINKENE

Månedsbrev for desember

Periodeplan for ekornbarna oktober og november 2015

Tilbakeblikk fra april

Transkript:

Barnehageåret 2012-2013 Til deg, som har vore her i lag med oss i år. Til deg som vil lese om kva vi har funne på og opplevd. Veldig kort oppsummert fine, våte, triste, kjekke, lærerike, rolige, tøysete dagar i Snøkrystallen småbarnehage. En plass med 11 små som set spor, STORE flotte spor i barnehagen og kanskje set Snøkrystallen spor hos dei små, vi håpar på gode, små og mange fine spor. I AUGUST var det tid for mange tilvenningsdagar. Det er mange små og store som skal bli kjent og få nye venner. Vi brukte dagane til små turar i nærmiljøet rundt barnehagen og til bli- kjent aktivitetar inne i barnehagen. Det er aktivitetar som at alle fekk male, vi tok bilde av alle og dei fekk plass i toget, vi lagde plakatar med bilde av alle barna, då kunne vi sjå og snakke dei. Foreldra fekk med seg ei bok, som skulle bli ei familiebok med bilde av familie, venner, kjente og kjære ting og kjæledyr. Vi song songar med namna til barna og alle fekk sette sine spor på barnehagen vår. Ungane skal bli trygg på faste rutinar og leik i barnehagen. I august hadde vi dagar med sol og varme sommardagar, då var vi ute heile tida og kosa oss i hagen vår. Og det var våte og kaldare dagar som minna oss om at hausten som skal kome. Men vatn er alltid kjekt for små vener i barnehagen. I august har vi dagar fulle med latter og gode kosar, men og tårer og trøst på både kjente og nye fang.

Snart var dagane gått og vi kom til SEPTEMBER. No var alle begynt å bli godt kjent. Vi gjekk litt turar til gatene rundt barnehagen. Der såg vi bilar, traktorar og båtar. Vi hadde fine regndagar, som vi brukte til å leike i søledammar, samle vatn i bøtter og blåse såpebobler. Skiftekleda fekk føter å gå på og vi blei våte, og meir våte etter kjekke leikestunder ute i regnværet. I september fekk første gjengen seg ein bibliotekstur. På biblioteket fekk dei utforska speil-tunellen og sjå i bøker. Og i operahuset er det god plass til å springe litt, og ete mat i kantina. Inne begynte vi å få taket på nye songar og fleire kunne være med på song og rørsle. Med mykje regn og våte dagar, var det tid for å lage leikeleire til ettermiddagsaktivitetar. Alle fekk vere med å røre, ha i farge og leike med den ferdige deigen.

I OKTOBER vart været litt anna igjen. Vi fekk mange tørre og fine dagar med sol og haustfargar. I hagen såg vi haustfargane og vi såg at fjellet vart gult rundt oss. I pil-hytta vart lauvet gult og hytta vart flittig brukt no. Dei små leika og studerte den og dei vaksne tok den i bruk til å fortelje eventyr, synge og prate. Vi fekk testa litt matematikk ute, når ungane bestemte seg for å snu eine barnebenken opp ned. Mange klatra oppi benken, og dei fann fort ut at man måtte sitte to og to på kvar side. Ein og tre blei velt. Kjekk leik med knall og fall, før ein måtte prøve på nytt. På menyen denne månaden laga vi grønsaksuppe, den kokte vi like godt ute på bålet, mens vi leika oss i det flotte haustværet. Men med kald temperatur i lufta og mange små, gjekk vi inn og åt maten. Då fekk vi ro og varme nok til å nyte den gode suppa ute. Ein roleg oktobermånad med leik, fint og tørt vær og tilvent barnegruppe gjekk mot slutten, og november kom fort. Med NOVEMBER fekk vi haust og vinter om kvarandre. Vi hadde snø, regn, sludd og storm på få dagar. Store søyler å plaske i når vi gjekk tur, slo alltid godt ann. Regnkleda blei flittig brukt og plutseleg vakna vi til vinter. Då fekk vi kjekke dagar med aking, leik og moro ute. Mot slutten av november starta vi på prosjekt hemmelege ting. Då var det julegåveproduksjon som stod i høgsete. Vi laga og litt adventskunst til å dekorere barnehagen med i desember. Alle fekk lage minst ein ting dei kunne gje i presang til mamma og pappa. I år laga dei små porselensskåler måla med klinkekuler og ein snøkrystall til å ha på juletreet i julegåve. Elles laga ungane flotte raude og lilla måla ark, dei vaksne klipte ut hjerte og vottar og så pynta vi treet i hagen med flotte raude hjerte og lilla vottar og lys når vi kom til desember. Også i november gjekk ein gjeng på biblioteket, siste gang før vinteren kom for fult.

Vi rakk og litt baking. På menyen denne månaden baka vi eplekake i starten av november og peparkaker i slutten av november. Stemningsmånaden i Snøkrystallen er DESEMBER. Då overraskar dei vaksne alle, med ein lilla barnehage i desember. Barnehagen var pynta med lys, glitter og lillapynt. På puterommet kom Blåfjell på plass og ungane leika og kose seg inne i Blåfjellhula. Ein dag var Blåfjell fult av puter og ein anna dag var der pianoteppe som laga musikk når vi gjekk på det! Vi trakk kalender kvar dag i desember og talde kor mange dagar det var til jul. Vi tenner lys og syng adventsongar og julesongar. Ute pyntar vi treet vårt med flott pynt og lys. Ute var vi heldige med snø og kalde vinterdagar. Då laga vi islykter og is-figurar som vi dekorerte med ute. Og lyktene av is fekk vi bruk for på adventskaffien ein ettermiddag for foreldra. Vi varma saft på bålet, serverte kaffi, mandarinar og barnehagelaga pinnebrød og peparkaker. I desember bytta ein snøkrystall barnehage, og ein ny snøkrystall kom til. I desember prøver vi å ha rolege dagar, med bøker, klossar, songar og leik ute. Vi gjer oss ferdig med å lage ting til desember allereie i november. På den måten får vi berre litt ekstra bonusaktivitetar i desember, som elles kan bli hektisk for mange barn. Vi var i Kyrkja på barnehagegudsteneste i lag med dei andre barnehagane. Også var det grautfest på menyen, der nissen var og sette frå seg ein kjelke full av små pakkar med salte skruar og nonstop sjokolade. I slutten av desember gjekk Karina ut i permisjon for ein lengre periode. Så i etter juleferien fekk vi bli kjent med nye folk på avdelinga.

I JANUAR fekk vi ny styrar i barnehagen, Cathrine blei fort populær og glei lett inn i vår barnehage med rutinar og barn. Vi gjekk mot lysare dagar, med solfest og lysare tider. Vi laga ei stor sol på veggen og song solsongar. Sola laga fine og rare figurar på veggane med skuggar og lys. Vi feira sola med fest, sola skein inn på veggen og vi åt solabollar med melis og gul saft. Herleg! Ved Eidselva er der mange svaner som overvintrar, treåringane fekk vere med ned og mate dei med gamle brød og skalkar. Ein periode i januar var isen som la seg på fjorden trygg. Treåringane fekk prøve seg litt ut på isen ved flytebrygga i småbåthamna. Isen var veldig spennande, den måtte både klappast, kjennast og smakast litt på. Alle la seg ned på magen for å studere og åle seg utover. Nokre prøvde å gå, men vintersko og vinterstøvlar er glatte på isen. Så det blei nokre fine landingar på bleierumper. Inne gjekk vi gang med å lage skriftspor. Songar og vers fekk komme på veggen som både ord og bilder. Nye bøker vart henta fram frå boda vår og det var kjekt. I lysekrona vår fekk alle forbokstavane våre plass, og det var kjekt. No kan vi peike på bokstavane til kvarandre. På badet fekk og skriftlandskapet komme fram, vi fekk mange do bøker. Det er bøker som har sin siste reis dit, før dei går i bosset. Veldig kjekt med lesestoff når vi sitt på potta. Skuffene våre på badet fekk bilde av kvart barn og namnet. Det er og med på å lære oss å kjenne namnet vårt. Sia mange barn ofte leikar på golvet og krabbar under stolane våre i barnehagen, har vi limt bilde frå bøkene om Makkus, veslefanten og Kanin. I januar har vi vore prisa med kaldt og flott vintervêr i store delar av januar. Is på leikeplassen har amputert uteleiken litt. Men vi har kosa oss på det området som har vore isfritt.

Plutseleg var FEBRUAR på plass. Og vi starta å ane at vi gjekk mot vår. I februar fekk vi både snø og sol, is i haugevis og regn. Og etter regnet kom nye frostperiodar. Vi fekk problem med frosne dreneringsgrøfter, det førte til tjukk is i heile hagen vår. Men etter kvart har den tina meir og meir før snøen igjen la seg oppå restane. Med sol på ettermiddagane har vi stort sett vore ute med mange timar i frisk luft og betre plass. På regnværsdagar har vi brukt dagane til leik på puterommet, dans og songstunder. Vi har lese bøker om Makkus og veslefanten og Gruffalo har vore spennande. Ein heil gjeng har vore med å male bilde til boka Gruffalo. Av maleria har vi laga ein teikneserie om Gruffalo. Maleria er frå barna og dei vaksne har klipt ut figurane før vi laminerte bilda. Vi rakk nesten ikkje å tenke på februar før vi var i gang med MARS, Ute har vi hatt litt vårkjensle, før vi plutselig sto opp til 40cm nysnø, og ti minusgrader. Kjempe kjekt!

Ungane måka, brøyta og kosa seg i puddersnø. Det lava ned med snø heile formiddagen. Dagen etter fekk vi sol og kaldt fint vær. Inne las vi bøker, nokre av bøkene har fått plass på ei snor i taket. Og vi har laga bøker som vi kan ha med på tur, dei er kopiert og laminert og er klare for både regn og ruskevêr. Vi gjekk nokre småturar med post til Else som av og til har vore vikar. Så har vi vore litt til enden av gata og leika på snuplassen med både søyler og is. I mars var påska innom for ein visitt. Vi laga flotte kyllingar og planta karse i glas. Ute i treet vårt hadde vi pynta med flotte måla egg, dei var laminert og tålte både sol, regn og snø. Egg i treet ute er tradisjon i snøkrystallen kvart år. Spesielt kjekt var det å følje med på frøa som spirte og vart til flott grøn kars på berre nokre dagar. Vi song om kyllingen i egget og gleda oss til påskeferien. Og tida fyker av gåre, dagane har vore lyse, lette, kalde og fulle av sol. Vips er APRIL på plass. Vi brukar dagane ute, vi er ute så snart vi kan. Etter ein tøff vinter for plenen vår, går vi ein del tur og deler av leikeplassen en del. Vi vil så gjerne ha grønt gras til sommaren og hausten, ikkje berre sand og gjørme. Bøtter, spadar og bilar er mykje i brukt. Nokre må skruast litt på og andre må køyre tunge lass når våren var på plass. Dei kostar og ryddar etter vinteren i lag med dei vaksne. No når det kom plussgrader og nattefrosten forsvann pynta vi ute med påskeliljer i eit par gamle barnestøvlar. Til stor forundring for ungane og glede for dei vaksne. I april fekk treåringane prøvt seg på å ete vårens og årets første måltid ute i barnehagen ein ettermiddag. Det var kjekt. Vi kosa oss i solveggen med matpakken vår. Vi fekk og nokre turar i april, på øvste svingen i Myklebuståsen, ser vi heile verda, i alle fall sentrum, med bilar og vegar og store køyretøy. Vi såg på fjorden som var speilblank og ein båt som låg i sola utpå fjorden.

Sommar månadane kjem når dei er over