www.hisf.no STUDIEHANDBOK 2001/2002



Like dokumenter
STUDIEHANDBOK 2003/2004

STUDIEPLANMAL 2011 med brukarrettleiing

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Barnehagelærarutdanning med vekt på Kunst, kultur og kreativitet 180 studiepoeng

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Reglement for opptak og rangering av søkjarar til studium med lokalt opptak ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Internasjonal vidaregåande skule

Sakshandsamar Dykkar dato Dykkar referanse Rasmus Stokke, tlf

Rådgjevarkonferansen 2009

Strategi og handlingsplan

Vidareutdanning ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Høyringsuttale Forskrift for Fagskolane i Hordaland

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Kontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte.

Høgskolen i Østfold. Studieplan for. Norsk 1. Studiet går over to semester 30 studiepoeng. Godkjent av Dato: Endret av Dato:

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Norsk 3 (studieprogramkode: HN3) (Norsk 301 og 302)

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Rådgjevarkonferanse 2009

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Norsk 3 (Norsk 301 og 302) Studiet går over to semester 30 studiepoeng

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Til deg som bur i fosterheim år

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

REGLAR FOR BACHELOR- OG MASTEROPPGÅVA DET TEKNISK-NATURVITSKAPLEGE FAKULTET

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

IKT-kompetanse for øvingsskular

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Søking til skuleåret

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Sogn og Fjordane fylkeskommune

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Rådgjevarkonferanse 2010

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

RAMMEPLAN FOR. FORDJUPINGSEINING I ORGANISASJON OG LEIING (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Endring av forskrift for Fagskolane i Hordaland

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Studiehefte for Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A-H) Studiestad Sogndal

MØTEBOK. Læringsmiljøutvalet. Sakskart. Møtestad: Møterom 2020, Høgskulebygget Dato: Tidspunkt: 12:30-14:30

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Søking til skuleåret

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Informasjon til pasientar og pårørande

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Kunnskapsløftet i vidaregåande opplæring Struktur, innhald og fleksibilitet

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

INFORMASJONSHEFTE TIL EMNE SOS5-202 PRAKSIS I SOSIALT ARBEID

Nytt HFK Intranett

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

- print preview

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

ORIENTERING OM MELLOMBELSE TILSETTINGAR VED HSF

Studieplan 2010/2011

REVIDERING AV REGLEMENTET FOR FAGSKOLANE I HORDALAND

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

STUDIEPLAN ENDRINGSKUNNSKAP. Modul I Modul II. kvar modul 30 studiepoeng

Basiskriteria for vurdering av realkompetanse

REVIDERTE RETNINGSLINJER FOR LMU VED HØGSKULEN I VOLDA

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Transkript:

www.hisf.no STUDIEHANDBOK 2001/2002

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 Sogndal Telefon: 57 67 60 00 Telefaks: 57 67 61 00 E-post: post@adm.hisf.no Internett: www.hisf.no Fellesadministrasjonen Fossvegen 6, Sogndal Studentekspedisjon Opningstid: Mån-fre kl. 10.00-14.00 Telefon skranke: 57 67 61 37 Avdeling for lærarutdanning Telefon stud. eksp.: 57 67 60 50 Avdeling for naturfag Telefon stud.eksp.: 57 67 62 00 Avdeling for samfunnsfag Telefon stud. eksp.: 57 67 62 50 Avdeling for økonomi og språk Telefon stud.eksp.: 57 67 63 00 Avdeling for helsefag 6800 Førde Telefon: 57 72 25 10 Telefaks: 57 72 25 01 Avdeling for ingeniørutdanning Postboks 523, 6801 Førde Telefon: 57 72 26 00 Telefaks: 57 72 26 01 Studiesenter Sandane 6823 Sandane Telefon: 57 86 68 00 Telefaks: 57 86 68 01 SISOF i Sogndal Kulturhuset Telefon: 57 67 62 90 Telefaks: 57 67 62 96 Internett: www.sisof.hisf.no SISOF i Førde Concordbygget Telefon: 57 72 26 01 Helsefag Telefon: 57 72 25 67 SISOF på Sandane Telefon: 57 86 68 00 Studentsamfunnet i Sogndal Meieriet Telefon: 57 67 69 30 Studentsamfunnet i Førde Concordbygget Telefon: 57 72 26 32 Studentparlamentet Telefon: 57 67 69 38/ 39 Sognahallen Telefon: 57 67 90 00 Telefax 57 67 90 01

STUDIEHANDBOK 2001/2002 1

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 Høgskulestyret Rektor Johs. Thaule Høgskulerådet Direktør Terje Bjelle (vikar) FOU-leiar Georg Arnestad Personal og økonomi Fellestenester Informasjonstenesta Studieadministrasjon Studiesenter Sandane - STS Underdirektør Kristin Linnerud * Underdirektør Randi Skår Underdirektør Kari Thorsen (vikar) Dagleg leiar Marit Helgheim Avdelling for helsefag AHF Avdelling for ingeniørutdanning AIU Avdeling for lærarutdanning ALU Avdeling for naturfag ANF Avdeling for samfunnsfag ASF Avdeling for økonomi og språk AØS Avdelingsstyre Avdelingsstyre Avdelingsstyre Avdelingsstyre Avdelingsstyre Avdelingsstyre Dekanus Eva Marie Halvorsen Dekanus Per Vassbotn Vie og Haavetun Concorde Kontorsjef Steinar Hatlestad Førde Dekanus Svein Heggheim Kontorsjef Nils Tore Opheim ** Fosshaugane/ Foss Dekanus Leif Hauge Kontorsjef Tom Pedersen Flåtengården Sogndal Dekanus Geir Breidablik Kontorsjef Wenche Fjørtoft Kulturhuset Dekanus Kjell Henden Kontorsjef Signe Knappskog Foss 2 * Fram til 01.10.2001 Nils Tore Opheim ** Fram til 01.10.2001 Anne Norstein

2001/2002 GENERELL INFORMASJON Kjære brukar! Denne boka har me primært utarbeidd med tanke på dei som er studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I tillegg reknar me med at boka er av interesse for andre som ynskjer eit nærare innsyn i fag- og studieplanane våre, og i reglar og ordningar som gjeld ved høgskulen. Hovuddelen av boka er ei samling av fag- og studieplanar for alle dei faste utdanningane ved høgskulen. I nokre tilfelle er det ein forkorta versjon av fag- eller studieplanen. Dette gjeld for dei store profesjonsutdanningane. I slike tilfelle får du den fullstendige planen ved å vende deg til den aktuelle avdelinga. Uansett fullstendig eller forkorta utgåve av planen, har me lagt vekt på å få med opplysningar som me oppfattar som dei mest vesentlege premissane for å studere hjå oss. Det gjeld særleg informasjon om vekttalsomfang, opptakskrav, arbeidskrav og andre krav for å framstille seg til eksamen, praksis og evalueringsordningar. I tillegg er det med kortare omtale av målsetjingar, innhald, undervisnings- og læringsformer, kompetanse og kva utdanninga kan brukast til. Studiehandboka inneheld også dei viktigaste lovene, forskriftene og reglane som gjeld alle studentar ved høgskulen. Som student har du mange rettar, men og ein del plikter. Det er viktig at du skaffar deg kjennskap til reglar og rutinar ved høgskulen vår. WWW. HISF. NO Dette er adressa til heimesida for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Her vil du i tillegg til ei elektronisk utgåve av denne studiehandboka også finne mykje anna informasjon om oss. Her har vi plass til å gje meir detaljert informasjon om HSF, og informasjonen vert oppdatert heile tida. Me har lagt vekt på at studiehandboka skal vera ei påliteleg bok, som informerer om dei ordningar som gjeld ved høgskulen. Oppfordringa er at boka blir brukt, og gje oss gjerne kommentarar til korleis me kan gjere boka betre. Kari Thorsen Studiesjef 3

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 INNHALD GENERELL INFORMASJON... 2 Studieåret 2001/2002... 6 Råd og utval ved høgskulen... 7 Studietilbod 2001/2002... 8 Rettar og plikter som student... 10 Studentdemokrati... 12 Studentinformasjon ord og uttrykk... 13 Studere i utlandet... 17 Informasjonstenesta (bibliotek og IT)... 21 Studentsamskipnaden... 22 AVDELING FOR LÆRARUTDANNING (ALU)... 24 Allmennlærarutdanning, 4-årig... 26 Allmennlærarutdanning, fagplanar... 32 Førskulelærarutdanning, 3-årig... 51 Førskulelærarutdanning, fagplanar... 61 Desentralisert allmenn- og førskulelærarutdanning... 71 DNETT - allmennlærarutdanning... DNETT - førskulelærarutdanning... 72 87 Valfag og- /vidareutdanningstilbod 2001/02... 91 Praktisk pedagogisk utdanning... 109 Idrett grunnfag... 113 Idrett mellomfag... 118 Påbyggingsstudium i idrett og helse... 120 AVDELING FOR HELSEFAG (AHF)... 123 Grunnutdanning i sjukepleie... 123 Sjukepleie, rammeplan - gamal ordning... 125 Desentralisert sjukepleiarutdanning i Nordfjord gamal ordning... 131 Sjukepleie, rammeplan - ny ordning... 133 Psykisk helsearbeid i eit tverrfagleg perspektiv, vidareutdanning... 140 Rettleiing, vidareutdanning... 143 Aldersdemens, vidareutdanning... 145 Anestesi-, operasjon- og intensivsjukepleie, vidareutdanning... 146 AVDELING FOR SAMFUNNSFAG (ASF)... 149 Barnevernpedagogutdanning, 3-årig... 149 Sosionomutdanning, 3-årig... 165 Vernepleiarutdanning, 3-årig... 181 Samfunnsfag årsstudium... 196 Ungdomssosiologi, årsstudium... 198 Lokalhistorie... 201 Examen philosophicum... 203 4

2001/2002 GENERELL INFORMASJON STUDIESENTER SANDANE (STS)... 206 Spesialpedagogikk 2.avd., sosiale og emosjonelle vanskar, vidareutdanning... 206 Musikkterapi, 2-årig, vidareutdanning... 211 AVDELING FOR INGENIØRUTDANNING (AIU)... 218 Ingeniørutdanning, 3-årig... 218 Ingeniørutdanning, 3-årig, elektro, automatiseringsteknikk... 220 Ingeniørutdanning, 3-årig, data, drift av datasystem... 223 Ingeniørutdanning, forkurs... 224 Kursomtalar... 225 AVDELING FOR NATURFAG (ANF)... 258 Internasjonalt studium, From Mountain to Fjord... 258 Natur- og miljøfag, 4-årig studium... 260 Natur- og miljøfag, 4-årig studium, Landskapsforvaltning... 262 Natur- og miljøfag, 4-årig studium, Miljøgeologi... 263 Natur- og miljøfag, 2-årig basisstudium... 265 Akvakultur, 3-årig studium... 267 Naturfaglege årsstudium... 269 Kulturlandskapsskjøtsel... 271 Brekurs med teori og praksis... 272 Kursomtalar... 273 AVDELING FOR ØKONOMI OG SPRÅK (AØS)... 306 Økonomi og administrasjon, 2-årig studium... 306 Økonomi og informasjonsbehandling, 3-årig studium... 309 Reiselivsfag, 3-årig studium... 312 Informasjonsbehandling, 2-årig studium... 317 Informasjonsbehandling årsstudium... 319 Organisasjons- og administrasjonsvitskap grunnfag... 321 Engelsk grunnfag... 327 Helse- og sosialadministrasjon, vidareutdanning... 334 Utdanningsadministrasjon, vidareutdanning... 334 Kursomtalar... 335 LOVER, FORSKRIFTER OG REGLEMENT... 382 Lov om universiteter og høgskoler... 382 Forskrift om eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane... 411 Utfyllande reglar om særordning ved eksamen... 423 Utfyllande reglar om arbeidskrav/vilkår for å gå opp til eksamen... 425 Utfyllande reglar om rett til eksamen for privatistar... 427 Retningsliner for den praktiske gjennomføringa av eksamen... 429 Utfyllande reglar for permisjon frå utdanning ved HSF... 436 Instruks for styret si klagenemnd ved Høgskulen i Sogn og Fjordane... 438 Forskrift om krav til bredde og fordypning for grader og yrkesutdanninger... 439 Utfyllande reglar for tildeling av Cand.mag. -graden ved HSF... 442 Reglar for vurdering av realkompetanse ved opptak til HSF... 443 Opptaksreglement for vidareutdanningar... 445 5

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 Reglement for fagutval ved Høgskulen i Sogn og Fjordane... 446 Retningsliner for evaluering av undervisning... 447 Retningsliner for evaluering av praksis ved HSF... 448 Felles reglement for dekning av bu- og reiseutgifter til studentane... 449 Reglement for bruk av bibliotektenester i HSF... 453 Retningsliner for bruk av høgskulen sine datamaskiner... 454 ALFABETISK KURSOVERSIKT... 455 AVDELINGSVIS KURSOVERSIKT... 460 STUDIEÅRET 2001/2002 SOMMARKURS 2001: Måndag 02. juli 10. august: Måndag 06. august: Sommarkurs i matematikk ved AIU Start forkurs i matematikk og forkurs i kjemi (ANF/AØS) HAUSTSEMESTERET 2001: Måndag 20. august: Opning av nytt studieår i Sogndal. Tysdag 21. august: Opning av nytt studieår i Førde. Onsdag 22. august: Første ordinære undervisningsdag (Sogndal). Torsdag 23. august: Første ordinære undervisningsdag (Førde). Måndag 27. august: Opning av nytt studieår Sandane. 15.september: Frist for betaling av semesteravgift og oppmelding til eksamen i haustsemesteret. Frist for betaling og melding til eksamen for privatistar. 26.11.-21.12: Eksamensperiode. Fredag 21. desember: Haustsemesteret slutt. VÅRSEMESTERET 2002: Fredag 4. januar: Kursdag for tilsette i HSF. Måndag 7. januar: Semesterstart. Første ordinære undervisningsdag. Veke 7-8: Studentveke. 15. februar: Frist for betaling av semesteravgift og oppmelding til eksamen i vårsemesteret. Frist for betaling og melding til eksamen for privatistar. Tysdag 19. februar: Skidag for studentane i Sogndal i samband med studentveka. Ingen undervisning. Fredag 22. mars: Siste undervisningsdag før påske. Tysdag 02. april: Første undervisningsdag etter påske. 06.05-21.06: Eksamensperiode. Måndag 17. juni: Kursdag for tilsette. Fredag 21. juni: Vårsemesteret slutt. 6

2001/2002 GENERELL INFORMASJON RÅD OG UTVAL VED HØGSKULEN HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE Høgskulen er delt i seks avdelingar. Studiesenter Sandane kjem i tillegg. Rektor er fagleg leiar av høgskulen, og blir vald for 3 år i gongen. Høgskulen har fast tilsett direktør, han er høgskulen sin administrative leiar. Kvar avdeling har eige avdelingsstyre leia av dekanus som er vald for 3 år. Avdelinga sin administrasjon vert leia av ein kontorsjef. STYRET Styret er høgskulen sitt øvste styringsorgan. Styret har i alt 11 medlemmer. Dei tilsette vel 6 medlemmer, 3 vert oppnemnt eksternt, og 2 blir valde blant studentane. Rektor er leiar av styret. Direktøren er sekretær. HØGSKULERÅDET Høgskulerådet har 15 medlemmer og skal gje faglege og utdanningspolitiske innspel til styret. Høgskulerådet har representantar frå dei tilsette ved HSF, og 4 representantar frå studentane. STUDIEKVALITETSUTVALET Dette er høgskulen sitt einaste faste utval på institusjonsnivå utanom dei lovbestemte utvala knytt til arbeidsmiljø og tilsetjingssaker. Utvalet arbeider for å gjere høgskulen i Sogn og Fjordane til ein studiestad med høgt kvalifisert personale og gode arbeidstilhøve for studentar og tilsette. Det sentrale studiekvalitetsutvalet har desse medlemmane ; ein representant for dei faglege tilsette frå kvar av avdelingane, to representantar for studentane og ein representant frå SISOF. Utvalet arbeider på grunnlag av ein årleg handlingsplan vedtatt i høgskulen sitt styre. Kvar avdeling har i tillegg eige studiekvalitetsutval. FAGUTVAL Dersom du vil vere med å påverke undervisninga i høgskulen, kan du engasjere deg i fagutval. Fagutvala vert til vanleg organisert for kvart årssteg på eit studium, men det kan også etablerast parallelle fagutval når studenttalet er høgt. I tillegg til fagutvala kan det etablerast fagforum som omfattar fleire årssteg. Ein faglærar og minst to studentar skal utgjere eit fagutval. Det skal vere minst 50 % studentar i kvart fagutval. Reglement for fagutval står bak i studiehandboka. 7

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 STUDIETILBOD 2001/2002 AVDELING FOR LÆRARUTDANNING (ALU), Sogndal: 4-årig allmennlærarutdanning, heil- og deltid og desentralisert 3-årig førskulelærarutdanning, heil- og deltid og desentralisert Praktisk-pedagogisk utdanning Idrett grunnfag (også desentralisert) Vidareutdanning: Idrett mellomfag Påbyggingsstudium i idrett og helse Organisasjon og leiing Småbarnspedagogikk Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehage, deltid Pedagogisk arbeid på småskulesteget (PAPS 2), deltid Spesialpedagogikk (1.avd.), deltid Norsk 2, deltid Engelsk 1, deltid Informasjonsteknologi (IT) for lærarar 1, deltid Matematikk 3, deltid Natur og miljøfag 1, deltid AVDELING FOR HELSEFAG (AHF), Førde: 3-årig sjukepleieutdanning, heil- og deltid og desentralisert Vidareutdanning : Anestesi- operasjon og intensivsjukepleie Psykisk helsearbeid del II, deltid Rettleiing, deltid Aldersdemens, deltid AVDELING FOR SAMFUNNSFAG (ASF), Sogndal: 3-årig barnevernpedagogutdanning 3-årig sosionomutdanning 3-årig vernepleiarutdanning Samfunnsfag årsstudium Ungdomssosiologi årsstudium Examen philosophicum, deltid Lokalhistorie, deltid STUDIESENTER SANDANE (STS): Vidareutdanning : 2-årig vidareutdanning i musikkterapi Hovudfag i musikkterapi (oppstart h-00) Spesialpedagogikk (2.avd.), sosiale og emosjonelle vanskar Spesialpedagogikk (2.avd.), spesifikke lærevanskar (oppstart h-00) Spesialpedagogikk (2.avd.), logopedi (oppstart h-00) 8

2001/2002 GENERELL INFORMASJON AVDELING FOR INGENIØRUTDANNING (AIU), Førde: 3-årig ingeniørutdanning, elektro - studieretning automatiseringsteknikk - studieretning miljøovervaking og instrumentering (ikkje opptak h-00 og h-01) 3-årig ingeniørutdanning, data - studieretning drift av datasystem 1-årig forkurs ingeniør AVDELING FOR NATURFAG (ANF), Sogndal: 3-årig studium i akvakultur 4-årig studium i natur- og miljøfag, studieretning landskapsforvaltning 4-årig studium i natur- og miljøfag, studieretning miljøgeologi 2-årig basisstudium i natur- og miljøfag Biologi/kjemi årsstudium Geologi/kjemi årsstudium Zoologi/kjemi årsstudium From Mountain to Fjord, internasjonalt studium Kulturlandskapsskjøtsel, halvårseining Brekurs med teori og praksis AVDELING FOR ØKONOMI OG SPRÅK (AØS), Sogndal: 3-årig studium i reiselivsfag 3-årig studium i økonomi og informasjonsbehandling 2-årig studium i økonomi og administrasjon 2-årig studium i informasjonsbehandling Informasjonsbehandling årsstudium Organisasjons- og administrasjonsvitskap grunnfag Engelsk grunnfag Vidareutdanning : Helse- og sosialadministrasjon, deltid (oppstart h-00) Utdanningsadministrasjon, deltid (oppstart h-00) 9

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 RETTAR OG PLIKTER SOM STUDENT Alle studentar ved HSF har plikt til å kjenne dei lover, forskrifter og reglar som gjeld ved høgskulen. Dei viktigaste finn du bak i denne studiehandboka. Kvar einskild student pliktar å halde seg orientert om planar og reglar for eige studium. Det same gjeld tidsfristar og meldingar til studentane som blir gitt frå høgskulen. Høgskulen informerer ved hjelp av trykksaker, oppslag, monitorar og informasjon på HSF sine heimesider på internett. Fritak og innpassing Ein student skal få fritak for eksamen eller arbeidskrav når det kan godtgjerast at tilsvarande eksamen eller arbeidskrav er greidd ved same eller annan institusjon. Søknadsskjema får du i studentekspedisjonen. Søknad bør leverast så tidleg som mogleg i utdanninga (sjå også 8 i Forskrift om eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane bak i studiehandboka). Permisjon Studentar som har dokumentert behov for avbrot i utdanninga kan søkje om permisjon. Studenten vil då få eit godkjent avbrot i utdanninga som ikkje brukar opp tida ein kan vera registrert som student. Det er ikkje høve til å ta eksamen så lenge ein har permisjon. Dersom ein ynskjer å ta eksamen, må ein annullere permisjonen innan meldefristane for eksamen. Sjå permisjonsreglement bak i boka. Privatistar Lov om universitet og høgskular opnar for at privatistar kan følgje undervisning og melde seg til eksamen ved høgskulen utan å vere tekne opp som studentar. Førelesingar er opne for alle interesserte. Undervisning som inneheld praksis, øvingar, feltkurs og andre arbeidskrav er berre for dei som er tekne opp som studentar ved høgskulen. I nokre høve vil fagtilsette ta på seg å vurdere arbeidskrav for privatistar. Det går fram av omtalen av dei fleste studium/kurs om dei er opne for privatistar. Sjå «Utfyllande reglar om rett til eksamen for privatistar» bak i denne boka. Utvida studierett For dei som ikkje får permisjon ved kortare eller lengre avbrot i utdanninga må ein vera klår over følgjande; Ein student med opptak til studium ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan vere registrert ved dette studiet inntil to gonger normert studietid, avgrensa oppover til to år utover normert studietid. Etter denne tida misser studenten dei rettar som følgjer med opptaket. For å oppretthalde studentstatus må semesteravgift vere betalt under heile studieavbrotet. Studieretten kan også gå tapt av andre årsaker, jfr. Forskrift om eksamen 7.7. Eksamen og oppmelding Reglar om eksamen ved HSF og vilkår for å gå opp til eksamen ved høgskulen er regulert i "Forskrift om eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane". Forskrifta saman med utfyllande reglar finn du bak i denne boka. 10

2001/2002 GENERELL INFORMASJON Studentar som er tekne opp til eit studium, og som har registret seg og betalt semesteravgift innan fastsett frist, har rett til å delta i undervisninga og gå opp til eksamen i dei kurs eller emne som inngår i det studiet dei er tekne opp til. Det kan bli stilt krav om at studentane skal ha fylt visse arbeidskrav for å få høve til å gå opp til eksamen. Sjå utfyllande reglar om arbeidskrav/vilkår for å gå opp til eksamen bak i studiehandboka! Endring av studie- og fagplanar kan bli gjort. Kva rett ein student har til å framstille seg til eksamen etter "gamle" fagplanar går fram av "Forskrift om eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane". Plan for avvikling av ordinære eksamenar finn du på HSF sine heimesider. Dei fleste eksamenar blir arrangerte ved utgangen av det semesteret undervisninga vert avslutta. Ny og utsett eksamen blir til vanleg avvikla i samband med neste ordinære eksamen dersom studentar som har krav på slik eksamen melder seg opp innan gjeldande fristar. Studentar som er registrerte og har betalt semesteravgift blir automatisk oppmelde til ordinære eksamenar som inngår i studiet. Studentar som ikkje følgjer ordinært studieløp har sjølv ansvar for å melde seg på eller av eksamenar. Det same gjeld oppmelding til ny eksamen. Oppmeldinga gjeld for eitt semester, og skal skje innan 15.september i haustsemesteret og 15. februar i vårsemesteret. For privatistar gjeld dei same fristane. For eksamenar som blir arrangert utanfor ordinær eksamensperiode er meldefristen ein månad før eksamen tek til. Trekk frå eksamen Ein student som ynskjer å trekkje seg frå eksamen, må melde skriftleg frå om det seinast to veker før eksamen tek til. Den som trekkjer seg frå eksamen etter den fastsette fristen og som ikkje har gyldig grunn til det, blir rekna for å ha framstilt seg til eksamen. Gyldig grunn er sjukdom eller sterke velferdsgrunnar som skal vere stadfesta av sakkunnige. Eksamen under særlege vilkår Studentar som av medisinske eller andre grunnar har behov for særordningar i samband med eksamen, må søkje om dette innan dei fastsette fristane for eksamensoppmelding. Ved akutte lidingar som oppstår etter denne fristen, må søknad sendast snarast råd. Behovet må dokumenterast med legeattest eller attest frå andre sakkunnige. Attestasjonen må innehalde ein spesifikasjon av kva for særordning studenten har behov for ved eksamen. Det må sendast ny søknad for kvar eksamensperiode. Utfyllande reglar om særordning ved eksamen finn du bak i studiehandboka. Klagerett Styret for høgskulen har oppnemnt ei klagenemnd som handsamar klager på formelt grunnlag. Klager på sensur vert vurdert av eigen klagekommisjon som vert oppnemnd for kvart fag. Du finn instruks for styret si klagenemnd bak i studiehandboka. 11

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 STUDENTDEMOKRATI Studentane sin rett til deltaking i styrande organ ved høgskulen er definert i lovverket som blant anna seier at: "Studentorganene skal høres i alle saker som angår studentene på det aktuelle nivå." (Lov om universiteter og høgskoler, 27, pkt.4) Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har studentane valt å opprette studentorgan på alle nivå innan høgskulen. Spekteret spenner frå tillitsvalde og fagutval i dei ulike klassane eller kulla, Studentutval på avdelingsnivå, - og til Studentparlamentet på institusjonsnivå. Høgskulen er i følgje lova pliktig til å legge forholda til rette slik at studentorgana kan driva sitt arbeid på ein tilfredsstillande måte. Dette vert gjort på fleire måtar, blant anna gjev høgskulen studentorgana økonomiske rammeløyvingar som gjer at ein har kunne tilsette eigen organisasjonssekretær. Høgskulen stiller også kontor til disposisjon for dei ulike studentorgana, så som Studentparlamentet og Studentutvala. Tillitsvalde I kvar klasse, eller i kvart kull vel ein sine tillitsvalde. Deira oppgåve er å ivareta studentane sine interesser overfor høgskulen og dei høgare studentorgan. Vidare sit det studentrepresentantar i alle råd, utval og styre ved høgskulen. Kvar haust skal det arrangerast kurs og seminar for dei tillitsvalde slik at dei skal kunne gjere jobben sin på ein best mogleg måte. Studentutvalet Det øvste studentorganet på avdelinga er Studentutvalet. Dette studentorganet er samansett av representantar frå dei tillitsvalde på avdelinga, og arbeider for å ivareta interessene til studentane på avdelinga overfor avdelinga si leiing, og ovanfor Studentparlamentet. Studentutvala har eigne kontor på kvar avdeling, med faste møte og trefftider. Studentparlamentet Studentparlamentet er sett saman av representantar frå alle avdelingane ved HSF. Dette er det øvste studentorganet ved høgskulen, og skal ivareta studentane sine felles interesser ovanfor høgskulen, studentsamskipnaden og omverda elles. Styret i Studentparlamentet, - og organisasjonssekretæren finn du på kontoret i andre høgda på Studenthuset Meieriet i Sogndal. Du finn også meir informasjon om studentdemokratiet på heimesida: http://www.stud.hisf.no/parlament/ 12

2001/2002 GENERELL INFORMASJON STUDENTINFORMASJON ORD OG UTTRYKK ARBEIDSFORMER Arbeidsformene ved høgskulen vil skilje seg frå det dei fleste er vande med frå tidlegare skulegang. Du vil sjølv få større ansvar for opplegg og gjennomføring av utdanninga di enn ved tradisjonell skulegang. Mange studentar organiserer grupper (kollokvium) som gir gode høve for å drøfte fag og problemstillingar med medstudentar. Vanlege arbeidsformer er førelesingar, seminar, gruppearbeid og prosjektarbeid. Ved dei naturfaglege studia er obligatoriske laboratorieøvingar, feltarbeid og ekskursjonar viktige delar av undervisninga. Praksis har ein sentral plass i profesjonsutdanningane. Høgskulen legg opp til studentaktive læringsformer og fleire obligatoriske arbeidskrav. ARBEIDSKRAV Arbeidskrav er den obligatoriske delen av studiet som studenten må gjera for å ha rett til å gå opp til eksamen. Dette kan vera krav om innlevering av oppgåver, frammøte på delar av undervisninga, eller andre krav som må fyllast før studenten kan gå opp til eksamen. I studiehandboka er det eit eige punkt om arbeidskrav i omtalen av det einskilde studium og fag. Styret har fastsett utfyllande reglar som gjeld arbeidskrava; reglar om kva du skal gjera dersom du vert sjuk og ikkje får gjort arbeidskrava, korleis du går fram om du vil klage på at du ikkje fekk godkjent arbeidskrav, og liknande. Desse reglane finn du bak i studiehandboka. CAND. MAG.-GRAD Cand.mag. -grad er ein akademisk grad som kan tildelast av universitet og høgskular. Dersom du etter bestemte reglar kombinerer studium/fag på til saman 80 vekttal, kan du etter søknad få eit cand.mag. -vitnemål. Graden er basert på minst fire års normert studietid og må innehalde eit studium/fag som varer minst 1 år, og eitt studium/fag på minst 1 1/2 års studietid. Faga kan vera tatt ved ein institusjon, eller frå fleire universitet og høgskular. Det er ingen krav til at det er bestemte fag som skal kombinerast i ein cand.mag.-grad. Du vert likevel rådd til å velje fagkombinasjonar som gir ein heilskapleg kompetanse. Reglane som gjeld for tildeling av graden finn du bak i studiehandboka. Med eit godkjent mellomfag i cand.mag.-graden kan du søke deg vidare til hovudfag ved universitet eller høgskule. Graden kan også gi høgare lønn i fleire stillingar i offentleg sektor. I samband med studiar i utlandet kan graden gi tilgang til mastergradstudiar. Det vert for tida arbeida med innføring av nye gradstrukturar i Noreg, og HSF sine utdanningar blir tilpassa desse. DEKAN Er den faglege leiaren av ei avdeling på høgskulen, og er vald blant dei fagleg tilsette for tre år av gongen. Dekan leiar avdelingsstyret. 13

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 DELTIDS- OG DESENTRALISERTE STUDIUM HSF sitt ansvar for studentar på deltids- og desentraliserte studium er lik som for heiltidsstudentar. Rettar og plikter som student er i utgangspunktet lik for alle som er tatt opp til eit studium ved høgskulen. Undervisninga og dei administrative tenestene skal ha same kvalitet for alle studentgruppene. Undervisningstilbodet, dei administrative tenestene og støttefunksjonane (it/bibliotek) skal så langt råd er, tilpassast deltidsstudentane sin spesielle studiesituasjon. Særleg viktig er det at informasjonen og kommunikasjonen mellom student og høgskule fungerer tilfredsstillande for deltidsstudentar som ikkje til dagleg oppheld seg ved studiestaden. EMNE ELLER KURS Dette er nemningar for dei delane som til saman utgjer ein grad eller ei utdanning og som inngår på vitnemål eller karakterutskrift. Kursomtalane er oftast nytta for å omtale kvart kurs i eit studium bygd på ein studieplan, men vert og nytta for å omtale av kurs- og vekttalsoppbygde fagplanar. Direktøren fastset mal for slike omtalar. FAGLEGE FORKURS OG ANDRE STUDIEFØREBUANDE KURS Ein god start på studiet kan ha stor innverknad på prestasjonane seinare i utdanninga. Høgskulen tilbyr forkurs i matematikk og forkurs i kjemi før ordinær studiestart (meir informasjon i kursomtalane under Avdeling for naturfag og Avdeling for økonomi og språk). Det er obligatorisk edb-kurs for alle nye studentar ved studiestart, i tillegg vert det tilbod om ulike brukarkurs dei første vekene av studieåret. Felles kurs i studieteknikk vert arrangert ved studiestart. Innføring i bibliotektenestene vert tilbydd i byrjinga av studieåret. Opplæring av dei tillitsvalde studentane vert gjort utover hausten. FAGPLAN Fagplan er ein plan som gir nærare omtale av innhald og organisering i utdanningar som er omfatta av nasjonale rammeplanar. Avdelingsstyra vedtek fagplanar. Til dømes er fagplan i engelsk bygd på Rammeplan i engelsk i 4-årig allmennlærarutdanning. FUNKSJONSHEMMA OG ANDRE MED SÆRSKILDE BEHOV Her ved høgskulen reknar vi det å kunne studere som ein menneskerett, vi vil vera ein høgskule for alle. Studentar med ulike funksjonshemmingar og andre med særskilde behov, skal oppleve at vi strekkjer oss langt for å tilrettesleggje studietilbod og studiesituasjon på ein slik måte at flest mogeleg skal kunne gjere seg nytte av studietilboda våre. HSF har ein eigen handlingsplan for studentar med ulike funksjonshemmingar. HOVUDFAG Høgskulen tilbyr hovudfag i musikkterapi i samarbeid med Norges Musikkhøgskole. Hovudfag byggjer på ein cand.mag. -grad, og vil som oftast vera ein vidareføring av eit fagområde studenten har teke tilsvarande mellomfag (minimum 30 vekttal) i. Hovudfag er primært ei forskarutdanning, men hovudfag kvalifiserer også for leiande stillingar innan fleire andre områder. Hovudfag er som oftast normert til 2 år. 14

2001/2002 GENERELL INFORMASJON LÅNEKASSA - sjå studiefinansiering PIRQUETPRØVE Studentar som skal byrje på allmenn-, førskule-, vernepleiar-, og sjukepleiarutdanning, i tillegg til studentar på praktisk-pedagogisk utdanning, må dokumentere at dei nyleg har teke ei pirquetprøve (tuberkulinprøve). Denne tuberkulosekontrollen har Sosial- og helsedepartementet bestemt skal gjerast på yrkesgrupper som kjem i kontakt med born. Du får meir informasjon om dette i studentekspedisjonen. POLITIATTEST Søkjarar til visse utdanningar må legge fram politiattest når dei aksepterer tilbod om studieplass. Dette gjeld lærarutdanningane, barnevernspedagog- og sosionomutdanning og dei som har søkt opptak til spesialpedagogikk på HSF. Politiattesten skal vise at søkjaren ikkje er dømt, sikta eller tiltalt for seksuelle overgrep mot barn. Forskrifta finn du på : www.lovdata.no/for/sf/ku/ku-20010323-0282.html eller du kan få meir informasjon ved å ta kontakt med studentekspedisjonen. PRIVATIST Ein som melder seg til eksamen i eit fag utan å vera tatt opp som student ved høgskulen. Ein privatist må fylle kravet for opptak, betale ei eksamensavgift, og melde seg til eksamen innan fastsett frist for eksamensoppmelding. Ikkje alle fag er opne for privatistar, men informasjon om dette står som eit eige punkt i omtalen av det einskilde studium og fag i studiehandboka. Styret har fastsett utfyllande reglar om rett til eksamen for privatistar. Desse reglane finn du bak i studiehandboka. PROFESJONSSTUDIUM Dette er eit studium som utdannar for bestemte profesjonar, altså yrker. Ved HSF har vi desse profesjonsstudia; ingeniør, sjukepleie, allmenn- og førskulelærar, barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar og musikkterapeut. RAMMEPLAN Dette er ein nasjonal plan fastsett av departementet. Planen seier noko om oppbygging, innhald og organisering av visse yrkesutdanningar, som til dømes lærarutdanninga og ulike helse- og sosialutdanningar. Departementet har sett opp visse rammer som høgskulen må følgje, men innanfor desse rammene er det også rom for at høgskulen skal gi si utforming at utdanninga. REALKOMPETANSE I vår vart det bestemt at personar som ikkje tilfredsstiller dei teoretiske krava til generell studiekompetanse og som er 25 år eller eldre, kan søke opptak til alle studium på grunnlag av realkompetanse. Realkompetanse er all den kompetanse ein person har oppnådd, gjennom betalt eller ubetalt arbeid, etterutdanning, fritidsaktivitetar og anna som kjem i tillegg til den kompetansen ein kan dokumenterer gjennom grunnutdanning. Realkompetansen skal vurderast individuelt og i forhold til det studium det vert søkt opptak til. Reglane til HSF for opptak til studium på grunnlag av realkompetanse - sjå bak i studiehandboka. 15

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 SKIKKETHETSVURDERING I lærarutdanninga inngår det skikkethetsvurdering av studentane. Omgrepet "skikka" tyder "eigna til å utføre ei oppgåve". Vurdering av om studenten er skikka skal inngå i ei heilhetsvurdering av studenten sin faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som lærer. Ein student som utgjer ein mogleg fare for barnehageborn og elever sine rettar, tryggleik og psykiske og fysiske helse, er ikkje skikka for læraryrket. Det er bare studentar som har dei faglege, pedagogiske og personlege føresetnadene for å kunne fungere som lærer som skal motta den sertifiseringa eit vitnemål for avslutta lærarutdanning inneberer. Avdeling for lærarutdanning kan gi deg meir informasjon om dette, informasjon dei har gjort tilgjengeleg på vevsidene sine. STUDENTSAMFUNNET I FØRDE Samfunnet vert drive av og for studentane frå Avdeling for helsefag, Avdeling for ingeniørutdanning og Førde Tekniske Fagskule. Studentsamfunnet står for dagleg drift av studentkroa. Kroa har plass til over 200 studentar. Studentsamfunnet har mange ulike undergrupper. STUDENTSAMFUNNET I SOGNDAL Studentsamfunnet i Sogndal har over 1000 medlemmer, og er prosentvis det nest største studentsamfunnet i Noreg. Samfunnet hadde 25-års-jubileum i 1998, og har si eiga studentveke kvart år. Studentsamfunnet står for den daglege drifta av studenthuset Meieriet. Studentsamfunnet har ei mengd ulike undergrupper. STUDIEFINANSIERING Du kan søkje lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Informasjonsbrosjyre og søknadsskjema får du i studentekspedisjonen eller ved å vende deg til: Statens lånekasse for utdanning Postboks 74, 6151 ØRSTA Telefon: 70 06 98 00 Nye studentar ved HSF bør sende søknad om lån og stipend så snart dei har fått melding om studieplass. Søknad skal sendast høgskulen. Melding om lån og stipend blir sendt til høgskulen. Utbetalingspapiret kan hentast i studentekspedisjonen. Informasjon om og frå lånekassa finn du på www.lanekassen.no STUDIEPLANAR Planar for oppbygging, organisering og innhald av ei utdanning som ikkje er styrt av nasjonale rammeplanar. Studieplanar for studium på inntil 30 vekttal kan høgskulen sjølv vedta å starte opp, for lengre studium må ein ha departementet si godkjenning for oppstart. Studieplanar skal vedtakast av Styret, men mindre endringar av eksisterande planar kan gjerast i Avdelingsstyret. STUDIERETTLEIING Studiekonsulentane i den sentrale studieadministrasjonen (på Foss) kan rettleie deg dersom du treng opplysningar om studium ved høgskulen, fagkombinasjonar og yrkeskompetanse, cand.mag. -grad, spørsmål om fritak/innpassing av tidlegare utdanning eller vidare utdanning. 16

2001/2002 GENERELL INFORMASJON Ved avdelinga er det studieleiaren og avdelingsadministrasjonen som svarar på spørsmål av fagleg karakter om studiet. Studiekonsulentane i studieadministrasjonen skal i større grad ha oversikt over generelle ordningar som gjeld studiet, oversikt over alle studia ved høgskulen og ein viss kjennskap til studiane ved andre høgskular og universitet. Har du andre spørsmål som gjeld utdanning/ studenttilvære men er usikker på kven du skal ta dette opp med, vil vi så godt vi kan også hjelpe deg på veg med dette. Studiekonsulentane har sett av tid til studierettleiing nokre dagar i veka, dessutan kan du også avtale tid for samtale til andre tider. Nærare informasjon om tider for studierettleiing vil du få ved studiestart og gjennom studieåret. VEKTTAL Vekttal er eit mål for omfanget av eit fag i forhold til normert studietid. Eit årsstudium er normert til 20 vekttal, ein reknar altså med at ein som studerer på fulltid skal kunne ta 10 vekttal per semester. Eit årsstudium eller grunnfag vil såleis bli rekna som 20 vekttal, eit 2-årig studium som 40 vekttal. I forhold til det europeiske systemet, reknar ein slik: 1 vekttal er lik 3 ECTS credits. VIDARE STUDIAR Ei viktig oppgåve for høgskulen er å gi studentane ei grunnutdanning som dei kan nytte til vidare studiar ved HSF, på annan høgskule eller universitet i inn- og utland. I dei fleste faga er det gode moglegheiter for innpassing til vidare studium ved andre høgskular og universitet. Meir om dette kan du finne under presentasjonen av kvart einskild studium. STUDERE I UTLANDET Dei fleste som studerer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane tek den største delen av utdanninga heime. Mange utdanningar har lagt inn studieturar og utanlandsopphald i studiet. Ein del studentar reiser ut på utvekslingsprogram som NORDPLUS eller ERASMUS. Mange studentar frå HSF studerer vidare i utlandet. Delstudier/ praksisopphald Sokrates/Erasmus Som Erasmusstudent betalar du ikkje skulepengar ved den utanlandske lærestaden. Du får eit tilrettelagt opphald med grunnlag i ein studieplan som er avtalt på førehand. Høgskulen kan berre tildele Erasmusstipend til opphald ved institusjonar vi har avtale med. Du får støtte til opphald og eit reisestipend. Nordplus Høgskulen deltek i til saman 4 Nordplusnettverk innan lærar- sjukepleiar- og idrettsutdanning. Institusjonane legg til rette for utveksling av studentar og lærarar innan dei ulike nettverka. Praksisopphald må vere på minimum 5 veker, medan studieopp- 17

GENERELL INFORMASJON 2001/2002 hald normalt må vere på minst 10 veker. Som Nordplusstudent betaler du ikkje skulepengar, og du får eit tilrettelagt fagleg opplegg som er førehandsgodkjent av høgskulen. Du får støtte til opphald og eit reisestipend. Du må rekne med å betale noko sjølv. Andre delstudier i utlandet Høgskulen har avtalar om delstudium innan lærarutdanninga med eit amerikansk college. Viss du ynskjer å ta fag/delar av studiet i utlandet der høgskulen ikkje har avtalar, må du kontakte lærestaden og skaffe deg fagplanar for dei aktuelle faga. Du må søkje om førehandsgodkjenning før du reiser ut. Vidare studier - yrkespraksis i utlandet Høgskulen arbeider med å legge til rette for vidare studium i utlandet på fleire aktuelle fagområde. Kandidatutdanningane våre eignar seg godt som grunnlag for å ta utanlandske grader på Bachelor- og/eller Masternivå. For kandidatar frå 2-årig studium i økonomi- og administrasjon har høgskulen avtale med engelsk, skotsk, amerikansk og nordiske universitet om gode overgangsordningar. Kandidatar i akvakultur har tilbod om utplassering i utanlandsk bedrift etter avslutta utdanning gjennom Leonardo-programmet Aqua TT. Høgskulen tilbyr og yrkesutplassering i utlandet for kandidatar innan økonomi, reiseliv og for nyutdanna ingeniørar. Korleis går du fram? Studentar som ynskjer å reise utanlands må rekne med å bruke tid og krefter på å førebu opphaldet. Dersom du ynskjer informasjon om høgskulen sine tilbod, eller hjelp til å finne aktuelle stader å reise, kan du vende deg til avdelinga di eller til internasjonal medarbeidar i studieadministrasjonen. Du kan og orientere deg på HSF si vevside "Studier i utlandet". Søknadsskjema til Erasmus- og Nordplusopphald finn du i avdelingsekspedisjonane og i studentekspedisjonen på Foss. Du skal levere søknaden i studentekspedisjonen eller i avdelingsekspedisjonane i Førde. I studierommet på Foss og i avdelingsekspedisjonane i Førde finn du og meir informasjon og søknadsskjema til dei institusjonane vi samarbeider med. Oversikt over aktuelle stader å reise på utveksling, eller for å ta vidare studium, finn du på dei neste sidene: 18