Med hjarte for den rette staden. Atlanterhavsvegen Bud Kristiansund



Like dokumenter
FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Innbyggarundersøking i Nordhordland kommunestruktur

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Til deg som bur i fosterheim år

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI


Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Innbyggarhøyring i Bryggja. Knytt til spørsmålet om grensejustering ved endring i kommunestrukturen i området BENT A. BRANDTZÆG OG AUDUN THORSTENSEN

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Med god informasjon i bagasjen

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

ARBEIDSNOTAT. Utviklinga i barnebefolkninga i Møre og Romsdal. Av Heidi-Iren Wedlog Olsen Severin Aarsnes. Dato:

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

BARN OG UNGE I PLANSAKER

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Q1 Eg er : 1 / 21. Ungdom i Stordal sitt syn på kommunereforma m.m. Besvart: 44 Hoppet over: 0. Gut. Jente 0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Lønnsundersøkinga for 2014

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Resultat fra folkemøte 8. april 2015

IKT-kompetanse for øvingsskular

Spørjeundersøking blant medlemene av Sogn og Fjordane Parkinsonforeining (SFP).

Vestlandet ein stor matprodusent

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Program OSTERØY HØGRE


UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Politisk program for Jølster KrF

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

HORDALANDD. Utarbeidd av

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Informasjon til elevane

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Flytting til og frå Bykle

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Analyse av kvantitativ undersøking Kinn kommune

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Maritimt Møre i møte med ei kunnskapsintensiv framtid

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

UNG I MØRE OG ROMSDAL

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Eksempel frå Stord kommune

SANDØY KOMMUNE 2020 REFERAT FRÅ FRAMTIDSPRATSAMLINGA 12. NOVEMBER Anne Lise Börlin - Flytta ut 16 år gamal og kom

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Transkript:

Med hjarte for den rette staden Atlanterhavsvegen Bud Kristiansund

INNLEIING... 3 OM UNDERSØKINGA... 4 OM BUSTADVAL OG TRIVSEL... 6 OM BUSTADVAL... 6 OM TRIVSEL... 9 MED HJARTE FOR DEN RETTE STADEN... 11 NÆRARE OM POSITIVE FORHOLD VED HEIMSTADEN... 11 Kristiansund... 11 Averøy... 12 Eide... 13 Fræna... 13 NÆRARE OM NEGATIVE FORHOLD VED HEIMSTADEN... 14 Kristiansund... 14 Averøy... 15 Eide... 16 Fræna... 16 OPPSUMMERING... 18 REFERANSAR... 19 Møre og Romsdal fylke, 2008. Undersøkinga er gjennomført av Nina Karen Torske, Toril Skram og Sigrunn Myklebust. Notatet er skrive av Nina Karen Torske og Heidi-Iren Wedlog Olsen. 2

Innleiing Verdiskapingspiloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund (ABK) er eit av Møre og Romsdal fylke sine megaprosjekt, forankra i kulturavdelinga og med prosjektperiode frå 2006 til 2010. Overordna målsetting for prosjektet er å medvirke til at kulturminne og kulturmiljø vert tatt i bruk innan lokal samfunns- og næringsutvikling, med andre ord: kulturminnebasert verdiskaping. Prosjektområdet dekker dei fire kommunane Fræna, Eide, Averøy og Kristiansund, primært kystnære område. ABK har som hovudmålsetting å bli det fremste reisemålet i Sør-Noreg med utgangspunkt i levande kystsamfunn, og prosjektet har to hovudmålgrupper: 1) Fastbuande/lokalbefolkning, og 2) tilreisande/turistar. Reiseliv i tydinga opplevings- og aktivitetsbasert har altså eit hovudfokus i prosjektet, og det er sjølvsagt eit mål i seg sjølv å få fleire tilreisande til området som vel å bli her lengre. Men like viktig i denne samanhengen er det også å sjå reiseliv som eit virkemiddel innan lokal samfunnsutvikling, dvs. målgruppa er dei fastbuande. For det blir ikkje noko godt reiseliv utan aktiv medverknad og velsigning frå lokalbefolkninga, som er vertskap, ambassadørar og medspelarar. Vår enkle filosofi er at god kjennskap til og kunnskap om heimplassen, historisk så vel som notidig, gir eit godt grunnlag for tryggleik og kjensle av å høyre til. Trygge folk er ofte glade folk, og om du trivst og er glad i heimplassen din, har du også ofte lyst til å bidra, delta, engasjere deg og involvere deg. ABK har difor vald å legge stor vekt på kunnskapsformidlings- og informasjonstiltak, som retta mot lokalbefolkning vil kunne ha ein identitets- og trivselsstyrkande effekt. I tidleg prosjektfase meldte spørsmålet seg: Kor godt trivst eigentleg folk som bur her? Kvifor/eventuelt kvifor ikkje? Og kva for faktorar har mest å seie for trivsel? Trivselsnivå og - utvikling er vanskeleg å måle, men vi ville likevel prøve å hente inn informasjon nok til å gi oss ein peikepinn og valde nettbasert spørjeundersøking som metode. Formålet med undersøkinga er altså å få eit bilete på trivsel og trivselselement i dei fire prosjektkommunane, og ikkje å framskaffe ei fullstendig kartlegging over element som påverkar bustadval og trivsel. Resultata vil bli overlevert dei fire kommunane og vil brukt som rettesnor i samband med framtidige lokale utviklingstiltak i regi av ABK. Nina Karen Torske - Prosjektleiar - 3

Om undersøkinga Undersøkinga vart gjennomført som ei QuestBack-undersøking i dei fire kommunane Kristiansund, Averøy, Eide og Fræna i januar og februar 2008. Målgruppa var innbyggjarane i desse kommunane. Om deltakinga og kjenneteikn ved einingane i undersøkinga I alt deltok 254 personar i undersøkinga, noko som gir ein låg svarprosent i andel av befolkninga. Tabell 1: Respondentar, etter kjønn. Prosent. Kjønn I kommunane, I undersøkinga totalt Menn 50.3 58.5 Kvinner 49.7 41.5 Sum 100 100 N = 40614 253 Tabell 1 samanstiller kjønnsfordelinga i dei fire kommunane i undersøkinga og respondentane i undersøkinga. Tabellen viser at fordelinga mellom kjønna i undersøkinga, skil seg frå fordelinga i befolkninga. Tabell 2: Respondentar, etter alder. Prosent Alder I kommunane, I undersøkinga totalt Under 19 år 26.0 4.0 20 29 år 11.5 11.1 30 39 år 12.9 23.0 40 39 år 13.7 24.2 50 59 år 14.4 23.8 60 år eller eldre 21.4 13.9 Sum 100 100 N = 40614 252 Tabell 2 viser at det er noko skilnad mellom respondentane i undersøkinga og befolkninga i dei fire kommunane, når det gjeld den relative aldersfordelinga. I undersøkinga er over 70 % av respondentane i aldersgruppa 20 59 år. I kommunane utgjer denne aldersgruppa omlag 40 % av samla folketal. Funna i undersøkinga vil vere prega av denne skeivfordelinga, funna må derfor ikkje lesast som eit utrykk for den samla befolkninga sine ønskjer, synspunkt, interesser og vurderingar. Også bustad og kor mange år ein har budd i kommunen er brukt som bakgrunnsvariablar i undersøkinga. I høve til bustad er det knappe 13 % av respondentane som har Eide som bustadkommune. Elles fordeler respondentane seg høvesvis likt på Averøy, Fræna og Kristiansund. 4

Som man spør, får man svar Det har ikkje vore eit mål for undersøkinga å framskaffe ei fullstendig kartlegging av ulike faktorar som påverkar bustadval og trivsel. Undersøkinga er derfor ikkje basert på eit sannsynligheitsutval, slik det er vanleg i survey-undersøkingar. Målgruppa for undersøkinga er innbyggjarane i dei fire kommunane i Verdiskapingsprogrammet Kristiansund, Averøy, Eide og Fræna. Spørjeskjemaet vart lagt ut på heimesidene til dei fire kommunane, samt på heimesidene til Verdiskapingsprogrammet og Møre og Romsdal fylke. Gjennom ulike tiltak, som t.d. bruk av media, vart innbyggjarane i dei fire kommunane oppmoda om å svare på spørjeskjemaet. Å trekke utvalet på denne måten, legg avgrensingar på bruken av materialet. Deltakarane har sjølv bestemt at dei vil delta i undersøkinga. Desse kan ha ulike motiv for deltaking, noko som vil påverke funna i undersøkinga. Ei frekvensanalyse, samt ein gjennomgang av datamatrisa i undersøkinga viser dessutan at fleire av respondentane har tolka spørsmåla annleis og/eller snevrare enn det som var intensjonen til spørjar 1. At svaralternativa i undersøkinga ikkje er gjensidig utelukkande, er også noko som påverkar bruken av funna i undersøkinga. Tolkinga av resultata må derfor sjåast i samanheng med dei avgrensingane som er drøfta ovanfor. Definisjon av ulike omgrep nytta i analysen Cramer V er eit statistisk mål for samanheng mellom to variablar. Cramers V varierar mellom 0 og 1 og angir ikkje retninga i samanhengen. Dess nærare korrelasjonsmålet kjem talverdien 1, dess sterkare er samvariasjonen mellom variablane. Tommelfingerregelen for kva som er sterk eller svak korrelasjon er; under 0.3 er svak korrelasjon, 0.3 0.5 er middels korrelasjon og over 0.5 er sterk korrelasjon (Jacobsen 2005:335). Gjennomsnitt er eit mål vi dagleg nyttar, f. eks. når vi seier at vi nyttar i gjennomsnitt 200 kr i månaden på kino. Med dette har vi alt gjennomført eit spesielt reknestykke. Vi har tatt summen av alle pengane vi nyttar på kino i løpet av eit år, og dividert dette talet på tal månader. Dermed har vi kome fram til gjennomsnittleg forbruk. Eit av dei største problema vi har med å bruke gjennomsnittet er at det er følsamt overfor ekstermverdiar, - det at nokre få einingar avviker sterkt frå dei andre einingane (Jacobsen 2005: 317-218). For å vise variasjonen i svarfordelinga kan vi derfor sjå nærare på standardavviket. Standardavviket seier noko om kor stort det typiske avviket frå gjennomsnittet er. Dess større avvik, dess større variasjon mellom einingane i utvalet (Jacobsen 2005: 219). 1 Prosjektleiinga i Verdiskapingsprogrammet, Møre og Romsdal fylke. 5

DEL 1 Om bustadval og trivsel Det er gjennomført ei rekke undersøkingar av flyttemønster til innbyggjarane i Møre og Romsdal, både blant unge og vaksne 2. Undersøkingane viser at val av bustad er påverka av faktorar som t.d. arbeid og familie. Andre faktorar er tilknyting til staden, utdanning, arbeidsmarknaden og tilgang på kultur- og fritidstilbod. Undersøkingane viser dessutan at vurderingane av faktorane, varierar i forhold til alder og kjønn. Om bustadval I undersøkinga vart respondentane spurt om kor lenge dei har budd i heimkommunen sin. Tabell 3: Kor lenge har du budd i heimkommunen din? Foredelt etter kjønn. Prosent. N = 253 Menn Kvinner Sum Mindre enn 3 år 11.4 11.5 11.5 3 14 år 8.6 12.2 10.7 15 24 år 16.2 16.9 16.6 Meir enn 25 år 33.3 36.5 35.2 Heile livet 30.5 23.0 26.1 Sum 100.0 100.0 100.0 N = 105 158 253 Cramers V = 0.095 Over 60 % av respondentane i undersøkinga har budd i heimkommunen sin heile livet eller i meir enn 25 år. Ser ein på forskjellen mellom kjønna, viser tabellen at fleire kvinner enn menn har budd i heimkommunen sin heile livet. Samtidig viser styrken på Cramers V at den statistiske samanhengen er svært svak og at skilnaden mellom kjønna er liten når det gjeld kor lenge ein har budd i heimkommunen sin. Heller ikkje alder synes å ha betydning for kor lenge ein har budd i heimkommunen sin. Respondentane vart også spurt om kva som var viktigaste årsak til at dei bur i dagens bustadkommune. Respondentane skulle svare på dette spørsmålet, med utgangspunkt i 2 I Arvid Blindheim (2005) er det ei oversikt over ungdomsundersøkingane som er gjennomført i Møre og Romsdal innanfor dette emnet. Søk elles også opp undersøkingar gjennomført av Møreforsking i Volda (t.d. Finn Båtevik) og Karl Johan Skårbrevik ved Høgskolen i Ålesund. 6

1) om dei hadde budd i kommunen heile livet, 2) om dei var født og oppvaksen i kommunen, men budd borte ei stund, eller 3) om dei var tilflyttarar. Tabell 4: Kva er årsaka til at du har budd her heile livet? Fordelt etter kjønn. Prosent. N = 146 Menn Kvinner Sum Arbeid 47.1 9.0 26.7 Utdanning 1.5 2.6 2.1 Naturen 11.8 9.0 10.3 Miljø/samhald 2.9 5.1 4.1 Familie 27.9 62.8 46.6 Anna 8.8 11.5 10.3 Sum 100.0 100.0 100.0 N = 78 68 146 Cramers V = 0.456 Nærare 47 % av respondentane viser til familie som viktigaste grunn til at dei har budd i heimkommunen sin heile livet. Deretter følgjer arbeid og naturen, med høvesvis 27 % og 10 %. Utdanning synes å bety lite for respondentane i undersøkinga. Undersøkinga viser at det er ein skilnad mellom kjønna. Der familie er den viktigaste grunnen til at kvinnene har budd i kommunen heile livet, er arbeid den viktigaste grunnen for mennene. Styrken på Cramers V viser at det er ein reell statistisk samanheng i desse funna, og at skilnaden mellom kjønna er reell. Tabell 5: Om viktige årsaker til at ein har kome tilbake til heimkommunen, etter å ha budd borte ei stund, fordelt etter kjønn. Prosent. N = 123 Menn Kvinner Sum Arbeid 24.5 13.5 17.9 Utdanning 4.1 2.7 3.3 Naturen 18.4 6.8 11.4 Miljø/samhald 4.1 5.4 4.9 Familie 36.7 58.1 49.6 Anna 12.2 13.5 13.0 Sum 100.0 100.0 100.0 N = 49 74 123 Cramers V = 0.263 Blant respondentane i undersøkinga som er født og oppvoksen i dagens bustadkommune, er det 123 som har budd borte ei stund. For desse er familie og arbeid dei viktigaste årsakene til at dei har flytta tilbake til heimkommunen. Heile 50 % seier at familie er viktigaste årsak til at dei har flytta heim att, 26 % seier det same om arbeid. Det er svak statistisk samanheng mellom kjønn og årsaker til at ein har flytta heim att. Heller ikkje i høve til alder og bustadkommune, synes det å vere nokon skilnad mellom menn og kvinner. 7

Ein stor andel av respondentane i undersøkinga er tilflyttarar. Desse vart spurt om kva som var viktigaste grunn til at dei har flytta til dagens bustadkommune. Tabell 6: Tilflyttarar viktigaste årsak til at ein flytta til sin bustadkommune, fordelt etter kjønn. Prosent. N = 111. Menn Kvinner Sum Arbeid 40.5 17.4 26.1 Utdanning 0.0 4.3 2.7 Naturen 9.5 7.2 8.1 Miljø/samhald 7.1 4.3 5.4 Familie 35.7 46.4 42.3 Anna 7.1 20.3 15.3 Sum 100.0 100.0 100.0 N = 42 69 111 Cramers V = 0.320 Over 40 % viser til familie som viktigaste årsak til at dei flytta til dagens bustadkommune. Også arbeid synes å vere ein viktig årsak. Ein stor andel av respondentane (15 %) viser dessutan til andre årsaker enn dei som er oppgitt som svaralternativ. Det kan betyr at det er faktorar som er viktig for tilflytting, som ikkje er fanga opp i svaralternativa. Men den høge svarprosenten kan også kome av at respondentane har tolka svaralternativa annleis enn det som var meint av spørjar, og at svaralternativa ikkje var eintydige og gjensidig utelukkande. Det er t.d. fleire som kryssar av for alternativet anna, og samtidig viser til at dei flytta til kommunen på grunn av at sambuaren er frå kommunen han eller ho bur i no. Ser vi på skilnaden mellom kjønna, indikerar talmaterialet at fleire tilflyttarmenn enn -kvinner har arbeid som viktigaste årsak til at dei flytta til dagens bustadkommune. Familie synes å vere ein viktigare årsak for kvinner enn for menn. Styrken på Cramers V (0.320 moderat statistisk samanheng) indikerar at skilnaden mellom kjønna er reell. 8

Om trivsel Respondentane vart bedd om å vurdere eigen trivsel på heimplassen, på ein skala på 1 6 der 6 er høgaste skår. Respondentane fordelte seg slik: Tabell 7: Trivsel på heimplassen. Skår frå 1 6, der 6 er høgaste skår. Prosent. N = 250 1 2 3 4 5 6 Gj.sn. N = Kor godt trivst du på heimplassen din? 1.2 1.2 6.8 22.0 39.6 29.2 4.9 250 Svarfordelinga viser at det store fleirtalet av respondentane trivst på heimplassen sin. I forhold til trivsel vart respondentane dessutan bedt om å ta stilling til kva faktorar som er viktig for at dei skal trivast på heimplassen sin. Her fekk dei 10 alternativ. Den enkelte kunne dessutan merke av fleire alternativ, dersom han eller ho ønska det. Nedanfor følgjer ei oversikt over korleis respondentane vurderar dei ulike faktorane: Tabell 8: Ulike faktorar som har innverknad på trivsel, etter gjennomsnitt. Rangert. N varierar. Trivselsfaktor Gjennomsnitt Standardavvik N = Naturen 5.25 0.91 247 Sosiale forhold 5.13 0.93 239 Arbeid 5.11 1.14 238 Fritidstilbodet 4.49 1.12 238 Skole/barnehage 4.38 1.47 223 Anna 4.31 1.27 90 Kulturtilbodet 4.18 1.17 233 Gang/sykkelsti 4.17 1.52 226 Utdanningstilbod 3.91 1.47 217 Kollektivtransporttilbodet 3.29 1.46 229 Naturen peikar seg ut som ein sentral trivselsfaktor blant respondentane. Heile 97 % av respondentane i undersøkinga (N = 254) har vurdert den som viktig for eigen trivsel. På ein skala frå 1 til 6, der 6 betyr svært viktig, er gjennomsnittet 5.25. Eit lågt standardavvik 3 indikerar dessutan at det er lite spreiing i svara til respondentane. 3 Sjå definisjon av standardavvik på side 5. 9

Sosiale forhold er ein annan sentral trivselsfaktor for respondentane. Også her er standardavviket lite, noko som indikerar at respondentane er einig i vurderinga av faktoren. Også arbeid blir vurdert som viktig for trivselen. Den faktoren som synes å bety minst for trivsel, er kollektivtransporten. Men som det går fram av standardavviket, er det ein viss variasjon i respondentane si vurdering av kor viktig kollektivtransporten er for trivselen. Talmaterialet viser at kjønn betyr lite for korleis ein vurderar dei ulike trivselsfaktorane. Den statistiske samanhengen (jf omgrepet Cramers V) er svært svak. Unntaket er korleis menn og kvinner vurderar gang- og sykkelsti som trivselsfaktor. Tabell 9: Viktigaste trivselsfaktor gang- og sykkelsti, fordelt etter kjønn. Prosent. N = 226 Menn Kvinner Sum 1 9.4 2.3 5.3 2 14.6 7.7 10.6 3 20.8 16.2 18.1 4 19.8 19.2 19.5 5 22.9 18.4 20.4 6 12.5 36.2 26.1 Sum 100.0 100.0 100.0 N = 96 130 226 Cramers V = 0.303 Om lag 45 % av respondentane vurderar gang- og sykkelsti som svært viktig (verdiane 5 og 6). Som det går fram av tabellen, vurderar kvinner i større grad enn menn gang- og sykkelsti som viktig. Styrken på Cramers V indikerar at denne skilnaden mellom kjønna er reell. Talmaterialet elles viser at det er ingen statistisk samanheng mellom alder og vurdering av dei ulike trivselsfaktorane. Vi har altså ikkje grunnlag for å seie at aldersgruppa 30 39 år vurderar arbeid som ein viktigare trivselsfaktor enn dei som er i aldersgruppa 60 år og eldre. Det finst heller ikkje nokon statistisk samanheng mellom bustadkommune og respondentane si vurdering av trivselsfaktorane. 10

DEL 2 Med hjarte for den rette staden I undersøkinga sin siste del, vart respondentane bedt om følgjande: Kan du nemne tre konkrete ting du meiner er spesielt positivt med heimstaden tid, med tanke på trivsel Kan du nemne tre konkrete ting du meiner er spesielt negativt med heimstaden din, med tanke på trivsel Vi har valt å presentere oppsummeringa av innspela etter kommune. Nærare om positive forhold ved heimstaden Kristiansund Naturen ein av faktorane som er spesielt positivt med heimstaden for respondentane frå Kristiansund. Sjø, berg, natur, kort veg til fjell og fjord, og alle turområda innanfor bysentrum blir nemnt av mange. Ein mann uttrykker seg slik: Friområdet i forhold til havet/sjøen og fjellet som ligg i nærleiken. Det er det kommunen skal leve av når blåruss-bumen er over. Det blir dessutan peika på at det som er spesielt positivt med Kristiansund, er byen sitt flotte omland. Det er dessutan påfallande at mens mange menn ser muligheitene for natur- og friluftsliv som spesielt positivt, blir ikkje desse muligheitene nemnt av kvinner. Berre ei kvinne viser til nærleiken til sjø som noko positivt. Samtidig er det mange som peikar på frisk luft og været, nokon nemner spesifikt skiftingane i været, som viktige trivselsfaktorar. Arbeid er ein sentral trivselsfaktor, både blant kvinner og menn i Kristiansund. Gode arbeidsmuligheiter, låg arbeidsløyse og kort avstand mellom arbeid og heim er forhold som blir vektlagt av fleire. Respondentane synes å vere godt fornøgd med tilboda i kommunen. Det blir peika på at kommunen har eit rikt og godt tilbod innan kulturliv, friluftsliv og idrett. Skule- og barnehagetilbodet, nærleik til bank, butikk og andre servicetilbod blir vektlagt av mange. Konkrete døme som symjehallen og folkeparken blir nemnt av ein mann i 50-åra, medan ei yngre kvinne trekk fram badeland, handelsparken og storkaia. 11

Ein sentral trivselsfaktor for mange er byen sin storleik og intimitet, byens positivisme, at byen er i vekst og har gode framtidsutsikter. Men det er også dei som synes at dei har akkurat passe avstand inn til byen. At folket i kommunen er raus, trivelige og flotte, samt lett å kome i kontakt med, blir peika på av mange. At det er små forhold og gode oppvekstmiljø, blir også vektlagt. Godt naboskap, nærleik til familie og venner er andre sentrale trivselsfaktorar. Ein mann i 40-åra viste til mange søte damer som spesielt positivt med heimstaden. Averøy Kvinnene i Averøy viser til at det er fredelige å bu i Averøy, at det er trygge miljø i kommunen. Samhaldet, at folk bryr seg og er hjelpsame blir også trekt fram som særleg positivt. At ein har familie og venner i Averøy, at ein har røter eller føler at ein høyrer til i Averøy, blir omtalt som ein sentral faktor for trivsel. Også menn legg vekt på dei sosiale tilhøva. Gode naboar, opne og positive menneske, oversiktlige forhold og korte avstandar, er nokre av omgrep som blir brukt. Andre peikar på at det i Averøy er rolige og stabile miljø. Naturen er ein sentral trivselsfaktor, for både menn og kvinner i Averøy. Naturen i Averøy er ikkje berre fin og vakker, men variasjonen i han skaper muligheiter for ulike friluftslivsaktivitetar. Dette blir vektlagt både av menn og kvinner. Eller som ein mann uttrykker seg her er vakker og variert natur, [men] bytilboda er likevel ikkje så langt unna. At kultur- og fritidstilbodet er godt, blir vektlagt av fleire. Det blir peika på at kulturlivet i kommunen er godt, og det blir vist til alle eldsjelene i kommunen. Også nærleik til by og kulturtilboda der, blir vektlagt. Både Kristiansund og Molde blir omtalt. Svara til mennene indikerar at mange opplever at det er stor fridom i høve til fritid og arbeid i Averøy. Nærleiken til byane og tilboda der, er forhold som blir trekt fram, og langt fleire menn enn kvinner vektlegg Atlanterhavsvegen og dei muligheitene den representerar. Kvinner peiker i større grad på nærleik til arbeidsstaden som ein viktig årsak til at dei trivst på heimstaden sin. Også grep kommunen har tatt og tilbod frå kommunen blir vektlagt som sentrale for trivsel. Det blir t.d. oppfatta som positivt at ein har tydeliggjort Bruhagen som kommunesentrum. Andre peikar på skule- og barnehagetilbodet i kommunen, som t.d. at det er tilnærma full barnehagedekking i kommunen og at [det er] skule i nærmiljøet. Det blir også vist til at det i Averøy er tilgang på hustomter til forholdsvis låge prisar. Som kvinnene, peikar også mennene på fridomen i høve til busetting. Samtidig er det ein skilnad her, fordi menn peikar i større grad på den fridomen det medfører at ein ikkje treng å bu i bustadfelt. 12

Eide Natur og dei muligheitene den representerar blir også trekt fram av respondentane frå Eide. Naturen er fantastisk, med både fjell og fjordar, og mange peikar på at turterrenget er flott og variert. Også i Eide blir oppvekstvilkår og det sosiale miljøet vist til som særleg viktige trivselsfaktorar. Dei sosiale forholda blir omtalt som trygge. Det blir dessutan vist til at det er lite stress og mas i Eide. Også stillheita blir referert til som noko positivt. Folkelynnet blir peika på av fleire, og da med særleg fokus på at folk er opne og gjestfrie. Nærleiken til familie og venner er sentrale trivselsfremmande faktorar for respondentane frå Eide. At det er romslig og at ein slepp å leve som sild i tønne, blir også oppfatta som svært positivt. Eller som ein mann uttrykte det [det er] langt mellom husa. Kultur og fritidstilbodet blir av respondentane omtalt som variert og godt, spesielt tilbodet til barna. Det blir konkret vist til Eide-hallen. At kommunen er landleg, men bynær med tilbod om arbeidsplassar og kulturtilbod, er ein sentral trivselsfaktor for mange. Fleire beskriv Eide som sentralt liggande mellom Molde og Kristiansund. Ein respondent seier det slik [Eide har eit] passeleg nært bytilbod. Både menn og kvinner peikar på at infrastrukturen er god. Ein av respondentane seier dessutan at det positive med å bu i Eide, er at ein kan påverke politikken. Fræna Gode oppvekstvilkår og sosiale tilhøve er sentrale trivselsfaktorar for respondentane frå Fræna. Samhald, sosiale nettverk, lite og godt nærmiljø, trivelige naboar og nærleik til familie og venner er sentrale omgrep i svara. Tilhøyrsle er eit anna omgrep som blir nytta. Ei yngre kvinne beskriv miljøet slik: [det] verkar som om at ungdom har lyst til å vere her og busette seg her. Naturen er ein annan sentral trivselsfaktor. Fjell og sjø er elementa som går igjen i svara. Kvinnene beskriv naturen som fin og variert, med muligheiter for å bruke både sjø og fjell året rundt. Fleire av kvinnene opplever det som positivt at det blir tilrettelagt for bruk av naturen, eit døme som fleire trekk fram er kyststien. Ein mann i 50-åra beskriv naturen slik det finnest nesten ikkje maken [til natur] i Norge. Dramatisk havstrekning, med kulturlandskap og kyst/lynghei før ein møter fjella. Menn viser dessutan til at naturen gir gode fritidsmuligheiter, med aktivitetar som t.d. båtliv, padling, ski og sykkel. 13

Variasjonen i fritidstilboda er ein annan sentral trivselsfaktor blant deltakarane i undersøkinga. Medan ein mann viser til idrettsmiljøet i Fræna som positivt, uttrykker ei kvinne seg slik [det er] mange tilbod på fritida, sjølv på bygda. At kommunen har planar om bygging av kulturhus, at det er tilgang på oppvarma basseng og treningssenter, blir opplevd som positivt av fleire. Ein yngre mann peikar på at det er ein positiv trend [i kommunen] i forhold til tilrettelegging for ferdsel, friluftsliv, turisme og kulturtilbod. Kvinner viser i større grad enn menn til arbeid som sentral trivselsfaktor. At det er nok arbeidsplassar og at jobben er i nærleiken av heimstaden blir oppfatta som viktig. Fleire ser det som sentralt for trivselen, at det er korte avstandar og god tilgang til tenester. Ei kvinne uttrykker seg slik heimstaden har alt jobb, butikk, bank, bensinstasjon, skule og barnehage. Samtidig blir det også peika på som viktig for trivselen at ein slepp å bu oppå kvarandre. Menn viser i større grad enn kvinner til nærleiken til byen som ein viktig trivselsfaktor. Det blir vist til at det er kort veg til by, med flyplass og sjukehus. Det blir også vist til kultur-, skule- og arbeidstilbodet i Molde. Samanlikna med Averøy og Eide, er det færre i Fræna som viser til nærleiken til byen som noko positivt. Nærare om negative forhold ved heimstaden Til lags åt alle kan igjen gjera, skreiv Ivar Aasen på 1800-talet. Kva folk er nøgd og misnøgd med, varierar, og at det er vanskeleg å gjere alle til lags, kjem til uttrykk på mange måtar i denne undersøkinga. Kristiansund Mange i Kristiansund peikar på jantelova og hennar si utspreiing som svært negativt med tanke på trivsel. I undersøkinga er det fleire utsegn om at byen er liten, at det er mykje misunning og at det er vanskeleg å få venner dersom ein har få frå før. Av spesielle særtrekk ved det sosiale miljøet i Kristiansund, har fleire vist til rusproblematikken. Ein mann uttrykte seg slik det er ikkje lett å kome med negative ting om ein stad du er glad i, men vi har ein del sosiale problem med rus og fattigdom som vi må gjere noko med. Fleire viser til at det er få sosiale møteplassar i byen. Mange nyttar omgrepet dårlige tilbod, både i forhold til handelsstanden og i forhold til fritidstilbod. Andre forhold som verkar negativt inn på triveselen til enkelte av respondentane, er inngjerdinga av kaiene, bustadskatten, flytilbodet, kollektivtilbodet, infrastrukturen og at det er dyrt å reise til og frå kommunen. 14

Forfall av kommunale bygg, som t.d. rådhuset og skolebygningane, manglande satsing på skole, dårleg kulturplanlegging, dårleg barnehage- og skoletilbod og mangel på god arealdisponering og nedbygging av grøntområda/friluftsområda er nemnd av fleire som særleg negativt ved heimkommunen. Ei kvinne uttrykker seg slik det er nesten ikkje ein grøn flekk igjen i byen eller som mannen seier det snart er Kristiansund som alle andre samanlignbare byar. Ein respondent ytrar dessutan følgjande Når kommunen må være pådrivar i for stor grad, blir det mykje ja som totalt sett ikkje blir bra, jf utbygginga. Elles er både mangelen på gang- og sykkelveg til skole og behovet for opprusting av kommunale tilbod på badestrendene, nemnt som noko spesielt negativt med heimstaden. Det er ikkje alle som er tilfreds med arbeidsmarknaden i Kristiansund. Det skjer tilsetting i mange jobbar utan desse er kunngjort på førehand, det er vanskeleg å få fast jobb og arbeidsmarknaden er smal er nokre døme på utsegn i undersøkinga. Ikkje alle kan bli ingeniørar skriv ei kvinne, medan ein annan respondent peikar på at det er vanskeleg å få jobb for akademikarar i Kristiansund. Averøy Medan nokre ser Averøy som eit lite, godt og trygt lokalsamfunn, er det andre som ikkje ser dette utelukkande positivt. Det er i særleg grad menn som ytrar eit slikt standspunkt, og dei nyttar omgrep som små forhold, krins- og bygderivalisering og sneversyn. Dårleg vegstandard og offentleg kommunikasjon er nemnt av fleire, både kvinner og menn. Stor trafikk, dårleg vedlikehalte vegar og mangelen på gang- og sykkelstiar er det mange som ser som spesielt negativt ved heimstaden sin. Politikk synes å vere noko som engasjerer mange. Det blir gitt uttrykk for at kommunen ikkje har ambisjonar for korleis Averøy skal utvikle seg. Det blir peika på at Averøy [er] ein nei-kommune, kor det er vanskeleg å bli høyrt og at Averøy har politikarar som er lite konsekvente. Mange ytrar misnøye med den politikken kommunen fører. Det blir m.a. vist til aldersheim- og sjukeheimspolitikken, arealpolitikken og skulepolitikken. Ei kvinne i 50-åra ytrar seg slik eg er glad eg ikkje har born i skolepliktig alder. Fleire menn nyttar liknande døme. Dårleg helsetilbod, mangelfullt tilbod innanfor barnevern er andre forhold som blir påpeika. At det er mange fritidsbustader blanda inn blant heilårsbustadane og at bedrifter blir lagt i naturskjønne områder er andre forhold som blir nemnt som spesielt negativt i forhold til trivsel på heimstaden. Kulturtilbodet si betydning i forhold til trivsel er nemnt av fleire. Det blir m.a. peika på mangelfull støtte til dei frivillige organisasjonane, at det er få møteplassar for barn og unge, samt at kommunen har eit mangelfullt fritids- og kulturtilbod, spesielt for vaksne. Her er det vist til at det ikkje er kinotilbod, mange etterlyser tilbod som restaurant, pub og kafé. 15

Mange er opptatt av forholdet unge arbeid, og det blir peika på at det er få jobbalternativ for dei med høg utdanning, og at kommunen derfor mister mange av dei mest ressurssterke ungdomane. Ei kvinne seier det slik: - det er for dårlige arbeidsplassar for utdanna ungdom, les jenter. Eigedomsskatt, Averøy-tunnelen og svigermor i nærleiken er også nemnt som forhold som verkar negativt inn på trivselen. Samtidig er det mange av respondentane som ikkje kan eller ønskjer å nemne tre konkrete ting som er spesielt negativt med deira heimstad. Årsakene til dette kan vere mange, t.d. kan orsaka vere at dei ikkje finn noko ved heimplassen som verkar negativt inn på deira trivsel. Ei kvinne uttrykker seg slik [det er] ikkje noko spesielt negativt å seie om heimplassen i forhold til trivsel den er utmerket. Eide Krangel mellom bygdene og lite heilskapleg tenking blir vist til som spesielt negativt av fleire frå Eide. Ein mann i 40-åra seier at dette øydelegger for trivselen, [ ] og går ut over tilboda i kommunen. At respondentane er misfornøgd med det politiske nivået i kommunen, og at dette påverkar trivselen, trer klart fram. Døme som blir trekt fram er dispensasjonar i byggjesaker og skule- og barnehagepolitikken i kommunen. Mens nokon peiker på at det er blitt for få skulekretsar, hevdar andre at det er ei feilsatsing i skulepolitikken, når krinspolitikk er viktigare enn kvaliteten i skolen. Nokre er også misfornøgd med tilboda kommunen gir, spesielt i forhold til skuletannlegen og legetilbodet på kveldstid og i helgene. Elles blir det vist til at forhold som manglande kollektivtransporttilbod, bygdesladder, rusproblematikk og manglande fritidstilbod verkar negativt inn på trivselen til den enkelte. Fræna I forhold til trivsel er det påfallande mange i Fræna som viser til at farlege vegar, farleg trafikk og manglande gang- og sykkelsti har negativ verknad på respondentane sin trivsel. Både menn og kinner peikar på dette, men kvinner i noko større grad enn menn. Ei kvinne uttrykker seg slik: Farlige vegstrekningar for skulebarn, manglande gang- og sykkelveg, lite tanke for sikring,[ ] og dårlige vegløysingar. Mange etterlyser også gatelys, både langs vegar og i byggefelt. Fleire geografiske område blir nemnt, spesielt i ytre strøk av kommunen. Dårleg utbygd breiband er eit anna moment som er nemnt av både menn og kvinner i alle alderstrinn. 16

Med tanke på faktorar som verkar negativt inn på den einskildes trivsel, er det mange som peikar på manglande kultur- og fritidstilbod for barn og unge, spesielt for jenter og unge som ikkje driv med idrett. Respondentane gir dessutan klart uttrykk for kva dei ønskjer seg. Kino, tilbod for hesteinteresserte og treningstilbod utan golfanlegg er nokre forslag. Mange viser dessutan til at det er få sosiale møteplassar i Fræna, som t.d. kafétilbod, både på dag- og kveldstid. Samtidig uttrykker ein mann seg slik det er for lite oppslutning om grendelaget!. Det er spesielt på eit område at svara til mennene skil seg frå kvinnene, og det er i forhold til vindkraft og industribedriftene. Her blir det mellom anna peika på at vindkraftplanane vil dramatisk endre opplevinga av den storslagne naturopplevinga vi har. Arealdisponering er eit anna tema som berre er nemnt av menn. Her blir det vist til at skjemmande industri ligg for nært opp til bustad-, natur- og fritidsområde og at kommunens natur- og friluftsliv er for lite ivaretatt i arealplanlegginga. Som i dei andre kommunane blir det i Fræna vist til at sladder og misunning er negative trekk ved heimstaden. Ein mann i 50-åra synes muligvis at det er mykje sure kvinnfolk i Fræna, for han peikar på sure kjerringar som spesielt negativt med tanke på trivsel på heimplassen. Eit lite råd til kommunen kjem frå ein eldre mann. Han viser til at det er mykje dårleg medieomtale [om Fræna], m.a. om bilkøyring, og for lite fokus på alt det positive som skjer. Mannen sitt konkrete råd er å tilsette nokon som frontar/sel kommunen. Eit anna forslag kjem til uttrykk gjennom ei kvinne si misnøye, når ho uttrykker at det er dårlig informasjon om aktivitetstilbod til barn og unge i kommunen. 17

Oppsummering Blant respondentane i undersøkinga synes familie og arbeid å vere dei viktigaste faktorane for val av bustadkommune, medan naturen er den viktigaste trivselsfaktoren, følgt av sosiale forhold og arbeid. Det er berre i enkelte tilfelle at kjønn har betydning for respondentane sine prioriteringar. I undersøkinga vart respondentane bedt om å nemne konkrete forhold, både positive og negative, som har innverknad på deira trivsel på heimplassen. Inntrykket er at det er stor semje blant respondentane, uavhengig av bustadkommune, om at naturen er ein sentral trivselsfaktor. Det er spesielt variasjonen i naturen og dei varierte muligheitene for natur- og friluftsliv dette gir, som blir påpeika i undersøkinga. Gode sosiale forhold og nærleik til familie og venner er forhold som verkar positivt inn på trivselen til respondentane. Hyggelige folk og oversiktlige lokalsamfunn er gjennomgåande karakteristikkar i alle dei fire kommunane. Korte avstandar mellom arbeid og heim og nærleik til ulike tilbod, her også byane sine ulike tilbod, er viktige trivselsfremmande faktorar. Arbeid er ikkje nemnt i det omfanget ein kunne forvente, om vi tek omsyn til funna frå undersøkinga sin første del. Derimot er kultur- og fritidstilbodet hyppig nemnt av respondentane. At der er vanskeleg å gjere alle til lags, kjem godt til uttrykk i denne undersøkinga. For mange er det trygge lokalsamfunnet assosiert med misunning og jantelov. Mangelen på sosiale møteplassar, både for unge og vaksne, er eit anna forhold som blir peika på som svært negativt ved heimplassen. Dette er uavhengig av kommune. Misnøya med kommunen og det politiske nivå, synes å vere stor både i Averøy og Eide. Skule, helse og areal er sentrale politiske tema. Men også i Fræna og Kristiansund synes det å vere misnøye med kommunen, innanfor desse områda. I Kristiansund er nedbygginga av grøntområda omtalt av mange, medan mangelen på breiband er ein gjengangar i Fræna. Undersøkinga viser dessutan at det er mange i dei fire kommunane som er misfornøgd med kulturog fritidstilbodet i kommunen sin. I Averøy og Kristiansund er det dessutan fleire som peikar på kjenneteikn ved arbeidsmarknaden som noko negativt ved tanke på trivsel. 18

Referansar Jacobsen, Dag Ingvar (2005): Hvordan gjennomføre undersøkelser? Innføring i samfunnsvitenskaplig metode. Høyskoleforlaget. 19