Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet



Like dokumenter
SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fakta Bergen

Prognoseinntaket 2013: Orientering frå opplæringsavdelinga

Ot/ppt sin plan for førebyggande arbeid mot fråfall i vidaregåande opplæring

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

FINANSFORVALTNINGA I 2011

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Oversyn over økonomiplanperioden

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Gjennomføring og val av løp Rett fram eller alternativ modell?

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Den offentlege tannhelsetenesta - folkehelsearbeid

Retten til spesialundervisning

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Årsmelding for Hordaland fylkeskommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

TANNHELSE Tal i heile 1000 kr Budsjett 2010 Budsjett 2011 Endring %

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Endring % Fellesfunksjonar

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Opplæringsavdelinga Kompetanseløftet 23. januar 2013

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

FINANSFORVALTNINGA I 2012

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Handlingsprogram for Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane


Vedlegg til Intensjonsavtale for Runde kommune Økonominotat

Tal på søkjarar til læreplass, tal på lærekontraktar og misforhold mellom tilbod og behov.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Samarbeidsavtale mellom Hordaland fylkeskommune og NAV Hordaland om oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

REKNESKAPSSAMANDRAG FOR STORD HAMNESTELL 2012

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

AUD-rapport Endring i billettinntekt ved nytt ungdomsbillettområde. Metode for automatisert berekning av ungdomsbillettområde.

Klassetilbodet for vidaregåande justert: Færre elevplassar alle med rett får plass

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

Til: Fylkesutvalet Dato: 25. oktober 2011 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /ARISEK Kopi til: Arkivnr.: 050

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

INTERNASJONAL STRATEGI

2014/

Lokal forskrift om inntak til vidaregåande opplæring og formidling til læreplass i Hordaland fylkeskommune

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

HSD ASA RESULTATREKNESKAP Konsernet kv kv. 03 i 1000 kr kv kv. 03

Kopi til: Arkivnr.: 526. Vurdering av prognoseinntaket til dei vidaregåande skolane, skoleåret 2009/2010

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

TILSKOT TIL FAGSKULEUTDANNING INNAN HELSE- OG OPPVEKSTFAG - HAUSTEN 2013

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Fylkesutvalet Fylkestinget

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

VIDAREGÅANDE OPPLÆRING. Politikardag 12.mai 2016.

Transkript:

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet Årsmelding 2011

Innhald Fylkesordføraren...3 Fylkesrådmannen...4 Viktige hendingar...5 Høge investeringar, rekneskap i pluss...6 Organisasjon og samfunnsoppdrag...12 Auka elevtal, rekneskap i balanse...13 Framleis betre tannhelse blant barn og unge i Hordaland...18 Samarbeid og partnarskap for regional utvikling...21 Med kultur for utvikling...31 Stor vekst for kollektivtrafikken i bergensområdet... 37 IT-basert organisasjonsutvikling... 45 Miljørapport 2011... 50 Stor utskifting i fylkestinget...51 Fakta om Hordaland... 54 Om årsmeldinga Årsmelding 2011 viser resultat som er oppnådde i Hordaland fylkeskommune i løpet av året. Årsmeldinga er eit fellesprodukt med bidrag frå alle avdelingar. Årsmeldinga er også tilgjengeleg på internett: www.hordaland.no/publikasjonar Framsidefoto: Magne Sandnes Ansvarleg: Fylkesrådmannen Redaksjon: seniorrådgivar Hanne Camilla Dyrnes, informasjonssjef Stanley Hauge Tekstgrunnlag: Avdelingane i fylkesadministrasjonen Grafikk, oppsett, utforming: Informasjonsseksjonen

Fylkesordførar 3 Passasjervekst med fornya kollektivtilbod Kollektivtrafikken i Hordaland har dei siste åra vorte fornya. Overgang til anbodsdrift av båt-, ferje- og bussruter har stått sentralt i omlegginga. Fornyinga var det fylkestinget som gav startskotet til med vedtak i 2003-04 om at drifta av snøggbåtar og bussar skulle konkurranseutsetjast. Ei viktig fornying er også Bybanen i Bergen som vart sett i drift sommaren 2010. Då vi gjorde anbodsvedtaka for 7-8 år sidan, var vi klare over at det ville ta tid å få sett dei i verk i heile fylket. Vi var først ute med båtrutene der anbodsdrifta vart gjennomført frå 2007. For bussane har iverksetjinga skjedd gradvis frå 1.1.2008. Dei to store rutepakkene for Bergen nord og Bergen sentrum starta 3. oktober 2011. Når vi i år startar den siste anbodspakka for ruteområde vest Askøy og Sotra og Øygarden, er vi i mål med omlegginga i heile Hordaland. Omlegginga til anbodsdrift har hatt positiv effekt både for dei reisande og miljøet. Vi har fått ei fornying av bussparken med ca. 800 nye bussar. Desse bussane er langt meir miljøvenlege med vesentleg mindre utslepp av t.d. NOx. Ein del av bussane nyttar også miljøvenleg gass som drivstoff. Alle er universelt utforma med lett tilgjenge for passasjerane. Vi har investert om lag 500 mill. kr i bussanlegg og terminalar, og vi er i gang med ei større opprusting av Bergen busstasjon. Omlegginga til anbodstildeling har gjeve innsparingar som har bidrege til at vi har kunna halda låge prisar på kollektivtilbodet. I enkelte område har vi også redusert prisane, t.d. ved å kutta takstsone mellom Bergen og omlandskommunar. Talet på reisande med bussar og Bybanen viser ein gledeleg stor vekst i 2011. I alt var det 44,5 millionar påstigingar på bussane og Bybanen i fjor, ein auke på 12,4 % frå 2010. Bybanen som hadde første heile driftsåret i 2011, hadde i hausthalvåret 22 % passasjervekst samanlikna med startåret 2010. Fornyinga av kollektivtrafikken inkludert den moderate auken i billettprisane, viser no att i talet på reisande. Til drift og vedlikehald av dei 2 900 km med fylkesvegar i Hordaland, brukar vi årleg vel 400 mill. kr. Kostnadene på dette området går opp som følgje av prisvekst og større trafikkmengder som krev meir vedlikehald og opprusting av vegnettet. Ved budsjettbehandlinga for 2011 prioriterte derfor fylkestinget 30 mill. kr ekstra til forsterka vedlikehald. Same styrking er lagt inn i investeringsbudsjettet for dei komande åra. Vedlikehaldsstrategien, som fylkestinget vedtok i oktober 2011, viser at det er behov for endå større innsats. For å få det til må vi satsa meir på standardhevingsprosjekt og mindre på store nyinvesteringar. Vi treng også slik fylkestinget har oppmoda om at staten overfører vesentleg meir midlar for å sikra eit forsvarleg drifts- og vedlikehaldsnivå på fylkesvegnettet. Tom-Christer Nilsen Fylkesordførar

4 Fylkesrådmann Ambisiøse mål for Hordaland For fylkeskommunen er det ei målsetjing å bidra til utviklinga av hordalandssamfunnet. Det er ei ambisiøs målsetjing sjølv om vi har ansvar for oppgåver av stor samfunnsmessig betyding. I tillegg til dei konkrete oppgåvene, er lokalt og regionalpolitisk initiativ og arbeid overfor sentrale styresmakter eit viktig grunnlag for utviklinga av fylket. Utviklingsansvaret inneber mål og midlar som er klart politiske i sin natur. Kva utvikling ønskjer vi? Korleis skal vi leggja til rette for vekst og fornying samstundes som vi tek omsyn til kulturminnevern og miljø? Korleis leggja til rette for fellesløysingar versus individuell valfridom? Korleis skal utviklinga balanserast mellom by og land? Dei politiske vala og avvegingane er mange og vanskelege. I året som vi alt er langt inne i, 2012, står fylkeskommunen i spissen for å gjennomføra mange planprosessar som vert sentrale for utviklinga og prioriteringa av innsatsområde framover. Med regional planstrategi som utgangspunkt er vi i gang med eller i startfasen på arbeidet med ei lang rekkje planar. Stikkord er regionale planar for folkehelse, transport, vassforsyning, senterstruktur, kultur, næring. Vi skal også laga ein eigen plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i bergensområdet. Desse viktige planarbeida gjennomfører vi ikkje solo i einerom men i godt samarbeid med kommunar, statlege organ, næringsliv, organisasjonar med fleire. 2012 vert også året der vi gjennom skulebruksplanen skal trekkja opp retninga for organisering, dimensjonering og utbygging av dei vidaregåande skulane våre i dei neste totre tiåra. Vi som arbeider i ein politisk styrt organisasjon, er heldige som får vera med å leggja til rette for viktige politiske val og prioriteringar. Både for dei næraste åra og dei neste 15-20 åra er vi med på å staka ut utviklingsretninga for fylket vårt. Vi kan påverka kvardagen positivt for mange som sjølv ikkje har høve til å delta direkte i slike framtidsretta arbeidsoppgåver. Det gjer arbeidet vårt viktig og meiningsfullt også for oss sjølv. Eg takkar alle medarbeidarane i den store og mangslungne organisasjonen vår for alt godt arbeid som er gjort for samfunnet vi skal tena. Denne store innsatsen betyr i sin tur at fylkeskommunen vert styrkt som organisasjon. Paul M. Nilsen Fylkesrådmann

Viktige hendingar 5 Viktige hendingar i 2011 Nytt bussanlegg på Haukås i Åsane. Fotograf: Stanley Hauge Fylkestingvalet Stor utskifting i fylkestinget, 34 nye representantar Tom-Christer Nilsen (H) valt til ny fylkesordførar Kvinnefleirtal i fylkesutvalet for første gong, ni kvinner seks menn Regional utvikling Starta arbeid med mange viktige planprogram og planar: Regional planstrategi Regional næringsplan Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet starta Regional plan for folkehelsearbeid Forvaltningsplan for vatn 5 vassregionområde definert 30 mill. kr fordelt frå Regionalt forskingsfond Ny strategi for satsing på næringshagar i Hordaland vedteken Tal kompetansearbeidsplassar har vakse meir i Hordaland enn landsgjennomsnittet Fylkesutvalet behandla søknader og meldingar om 23 nye kraftverk Opplæring Bergen maritime vidaregåande skole/fagskole fekk verdas mest avanserte boresimulator Fusa vidaregåande skule tok i bruk nytt tilbygg Elevtalet i fylkeskommunale vidaregåande skular auka med 420 til 18 032 Ein auke på 22 % i tal søknader om spesialundervisning Hordaland er fylket med flest søkjarar til fagskulane 36 % auke i kursplassar for vaksne I totalt 15 fag fekk elevane i Hordaland betre eksamenskarakterar enn landsgjennomsnittet Tannhelse På ny betring i tannhelsa til barn og unge i Hordaland Auka satsing på førebyggjande tiltak og folkehelse Alle tannklinikkane er miljøsertifiserte Kultur- og idrett Riksantikvaren kunngjorde fredingsvedtak for Odda smelteverk Eit felles utstillingsprosjekt vart skipa mellom Hordaland og Nedre Normandie Det treårige prosjektet Biblioteklandskap i endring vart sett i gang Ungdommens kulturmønstring engasjerte 993 unge i fylket. Arbeidet vart sett i gang med å lage ein handlingsplan for sikra friluftsområde Aktiv saman er eit nytt prosjekt for ein meir aktiv kvardag for fleirkulturelle i Hordaland. Samferdsel 4-årig avtale inngått med staten om 550 mill. kr i belønningsmidlar for betre kollektivtransport Opning av bussanlegg på Haukås i Åsane Start av rutepakkene Bergen nord og Bergen sentrum Bybanen første år med full drift stor passasjervekst 19,1 % vekst for kollektivtransporten i kommunane Bergen, Fjell, Askøy og Os Større fylkesvegprosjekt: Opning av Fv 7 Børvenestunnelen i Kvam Opning av Fv 567 Hauge - Lonevåg på Osterøy Opning av Fv 555 Strandkaien i Bergen Gjennomslag i Jondalstunnelen, opnar 2013 Organisasjon Fornying og modernisering av it-løysingar Nytt løns- og personaldatasystem, Personalportalen Felles kvalitetssystem Nytt kontraktstyringsverktøy Identitetsprosess for omdømebygging og ny visuell profil

6 Økonomisk oversyn Høge investeringar, rekneskap i pluss Rekneskapen for 2011 kom ut med eit overskot på 7,3 mill. kr. Samferdselssektoren overskreid budsjettet med om lag 115 mill. kr. Men god skatteinngang og meirinntekter og innsparingar på nokre andre postar gjorde at ein likevel så vidt kom ut i pluss. Investeringane var på heile 2 446 mill. kr. Driftsrekneskap Rekneskap 2008 Rekneskap 2009 Rekneskap 2010 Rekneskap 2011 Budsjett 2011 + Skatt 2 038,6 2 108,5 2 239,7 2 383,1 2 294,7 + Rammetilskot 1 391,8 1 559,6 2 501,3 2 552,2 2 573,6 + Driftsinnt. ekskl. renter 1 104,8 1 474,3 1 639,9 2 105,4 1 605,1 Sum driftsinntekter 4 535,2 5 142,4 6 380,9 7 040,7 6 473,4 - Sum driftsutgifter (ekskl. avskr.) 4 385,4 4 942,3 5 795,3 6 477,1 6 145,6 Brutto driftsresultat 149,8 200,1 585,6 563,6 327,8 + Renteinntekter 57,9 43,5 36,3 41,1 26,3 - Renteutgifter 98,8 107,0 119,4 159,0 158,1 - Avdrag 99,9 120,1 151,5 198,0 198,0 Netto driftsresultat 9,0 16,5 351,0 247,7-2,0 - Til ubundne avsetjingar 36,1 42,0 65,5 36,5 0,0 - Til bundne avsetjingar 93,7 112,2 163,6 237,6 0,0 + Bruk av ubundne avsetjingar 74,8 45,7 33,1 78,2 54,8 + Bruk av bundne avsetjingar 48,3 94,2 152,8 129,1 127,8 - Driftsmidl. til investeringar 2,3 2,2 307,8 173,6 180,6 Rekneskapsm. meir/ mindre forbr. 0,0 0,0 0,0 7,3 0,0 Tal i mill. kr. Løpande prisar. Tabellen gjev oversikt over Hordaland fylkeskommune sitt driftsrekneskap for åra 2008-2011. Meir detaljert rekneskap og notar til rekneskapen går fram av «Rekneskap 2011 Hordaland fylkeskommune» som er trykt i eige hefte. Rekneskapen for 2011 kom ut med eit overskot på 7,3 mill. kr. Dei tre føregåande åra har rekneskapen vist 0 i resultat, men ein har då måtta gjennomføre delvise strykingar av fondsavsetjingar. Samferdselssektoren overskreid budsjettet med om lag 115 mill. kr. Men god skatteinngang og meirinntekter/innsparingar på nokre andre postar gjorde at ein likevel så vidt kom ut i pluss. Netto driftsresultat Netto driftsresultat er eit av dei mest sentrale nøkkeltala i kommunale rekneskapar. Netto driftsresultat viser kva ein har igjen etter at alle driftsutgifter, inklusive renter og avdrag er dekt. Eit positivt netto driftsresultat kan nyttast til å finansiera investeringar eller avsetjast til seinare bruk, noko som gjev handlefridom og evne til å tola svingingar i økonomien. Netto driftsresultat gjekk ned frå 351 mill. kr i 2010 til 247,7 mill. kr i 2011. Ein ser tilsvarande utvikling for dei andre fylkeskommunane. Som følgje av forvaltningsreforma fekk fylkeskommunane tilført ekstra midlar i 2010, noko som medførte betre netto driftsresultat enn vanleg. Netto driftsresultat i prosent av driftsinntektene gjekk ned frå 5,7 % til 3,5 % for Hordaland fylkeskommune. Gjennomsnittstal for fylkeskommunane viser ein reduksjon frå 8,8 % til 5,5 %. Det er vanleg å rekne at kommunesektoren bør ha eit netto driftsresultat på minst 3 % av driftsinntektene. Renter og avdrag Renter og avdrag auka med 81,3 mill. kr frå 2010 til 2011.

Økonomisk oversyn 7 Driftsutgifter og driftsinntekter spesifisert sektorvis Rekneskap Utgifter 2010 Inntekter Rekneskap Utgifter 2011 Inntekter Kultur 272,0 135,4 265,3 124,8 Opplæring 2 674,4 435,6 2 747,1 446,4 Tannhelse 262,3 78,6 266,9 85,2 Samferdsel 1 883,8 443,5 2 440,6 893,7 Regional utvikling 256,4 361,1 258,4 365,8 Politiske organ og adm. 294,2 36,2 317,8 40,0 Fellesfunksjonar m.m. 152,2 149,5 181,0 149,5 Sum 5 795,3 1 639,9 6 477,1 2 105,4 Tabellen gjev nærare spesifikasjon av driftsutgifter og driftsinntekter etter sektor for 2010 og 2011. Året før var auken 51 mill. kr. Dette er ein følgje av høgt investeringsnivå og raskt veksande gjeld. Samferdselssektoren veks kraftig når ein ser på brutto driftsutgifter. Dette skuldast i første rekkje overgang til bruttokontraktar for bilrutedrifta. Men det har og vore ein monaleg vekst i netto driftsutgifter, 116 mill. kr, eller 7,6 % frå 2010 til 2011. Dei tre sektorane kultur og idrett, tannhelse og regional utvikling er om lag jamstore. Kvar av dei står for ca. 4% av fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter. Netto resultatgrad fylkeskommunar 10,0 8,0 6,0 4,0 2,0 0,0 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011-2,0-4,0 HFK Landsgj.sn. Grafen viser utviklinga av netto resultatgrad 2002-2011 for Hordaland fylkeskommune samanlikna med landsgjennomsnittet for fylkeskommunane utan Oslo.

8 Økonomisk oversyn Budsjettavvik Innsparingar og overskridingar fordelte seg slik: Innsparing Overskriding 2010 2011 Skatt og rammetilskot 71,5 67,1 Kultur 1,2-0,3 Opplæring -36,2 4,8 Tannhelse -0,7 0,0 Samferdsel -134,5-115,3 Regional utvikling 1,2-0,3 Konsesjonskraft 24,7-12,3 Politiske organ og adm. 4,0 4,5 Fellsefunksjonar m.m. 18,1 4,5 Lønsavsetjing og premieavvik Momskompensasjon frå investeringar 1,3 16,6-0,3 34,7 Renter -2,5 3,3 Innsparingar fylkestingsak 38/10 Strykningar / bruk av disp.fond 35,0 0,0 17,2 0,0 Overskot 0,0 7,3 Alle tal i mill. kr. I skatt og rammetilskot kom det inn 67,1 mill. kr meir enn budsjettert. Skatteveksten i høve til 2010 vart 6,4 % for Hordaland, medan gjennomsnittet for fylkeskommunane var 4,5 %. Opplæringssektoren kom ut med ei samla innsparing på 4,8 mill. kr. Likevel er det nokre skular som slit med å halde budsjettet. Seks av skulane hadde underskot på meir enn 1 mill. kr. Det vart også ei overskriding på 7 mill. kr på budsjettet for ekstern spesialundervisning. Samferdselssektoren overskreid budsjettet med 115,3 mill. kr. Det var budsjettoverskridingar både for bilruter, båtruter, ferjer og fylkesvegar. Beløpsmessig vart overskridinga størst for bilruter. Billettinntekter var budsjettert for høgt. På kostnadssida fekk ein auka utbetalingar m.a. som følgje av justeringar i ruteproduksjonen, kompensasjon for auka drivstoffprisar, bonusutbetalingar m.m. Overskotet frå sal av konsesjonskraft vart 12,3 mill. kr lågare enn i revidert budsjett. Kraftprisane var høge i 1. halvår. I budsjettendringssaka i juni auka ein budsjettert inntekt frå 100 mill. kr til 124,5 mill. kr. Dette var om lag det ein hadde i inntekter i 2010. I 2. halvår fall kraftprisane mykje, og ein enda opp med ei netto inntekt på 112,2 mill. kr. Sjølv om det vart ein svikt i høve til budsjettet, er det likevel det nest beste resultatet ein har oppnådd gjennom tidene. I momskompensasjon frå investeringar vart det inntektsført 177,7 mill. kr medan revidert budsjett var 143 mill. kr. Gjennom mange år har ein fått inn litt mindre enn budsjettert, som følgje av at framdrifta av mange prosjekt har gått noko seinare enn lagt til grunn i budsjettet. I 2011 ser det ut til at ein har teke inn igjen noko av dette, og er meir à jour i høve til budsjettet. Elles er det på veginvesteringane 4,0 % Regional utvikling 37,7 % Samferdsel 4,9 % Politisk og administrasjon 2,8 % Fellesfunksjonar 4,1 % Kultur 42,4 % Opplæring 4,1 % Tannhelse Grafen viser fordelinga av brutto driftsutgifter etter sektor 2011. 42,4% av brutto driftsutgifter i 2011 gjekk til vidaregåande opplæring. Samferdsel med 37,7 % er den nest største sektoren målt etter driftsutgifter.

Økonomisk oversyn 9 Investeringar 2008 2009 2010 2011 Investeringar i eigedomar/utstyr 621,0 919,0 2 304,6 2380,3 Aksjar og utlån 3,7 264,2 134,9 23,9 Avsetjingar 30,4 14,5 60,0 42,3 Årets finansieringsbehov 655,1 1 197,7 2 499,5 2446,5 Bruk av lånemidlar 553,8 1 031,5 1 368,5 1239,7 Inntekt frå sal av anleggsmidlar 3,3 1,7 59,5 489,8 Avdrag på utlån / sal av aksjar/andelar 25,8 15,0 28,5 12,5 Tilskot og forskotteringar m.m. 18,1 121,6 729,9 507,2 Overført frå driftsrekneskapen 2,3 2,2 307,8 173,6 Bruk av avsetjingar 51,8 25,7 5,3 23,7 Sum finansiering 655,1 1 197,7 2 499,5 2446,5 Tabellen viser samla oversikt over investeringane i åra 2008-2011 og korleis investeringane er finansierte. Alle tal i mill. kr. Spesifikasjon av investeringar i eigedomar/utstyr: 2008 2009 2010 2011 Kultur 9,4 2,5 0,2 0,1 Opplæring 289,9 543,6 437,8 422,0 Tannhelse 6,7 6,0 11,6 14,4 Samferdsel 297,3 339,3 1 820,7 1 901,6 Politiske organ og adm. 4,1 9,9 21,4 7,9 Fellesfunksjonar 13,6 17,7 12,9 34,3 Sum 621,0 919,0 2 304,6 2 380,3 Alle tal i mill. kr. Tabellen viser korleis investeringane i åra 2008-2011 fordeler seg etter sektor. det er vanskelegast å treffe i budsjetteringa av momskompensasjon. På vegar er det moms på varedelen, men ikkje på tenesteinnsatsen. Dermed kan det verte noko variasjon frå år til år kor stor del av investeringane som gjev momskompensasjon. Det vart investert for 2 380 mill. kr i eigedomar og utstyr i 2011. Investeringane var klart størst i samferdselssektoren. Investeringar i vegar var 1 356,6 mill. kr. Dei største prosjekta var Jondalstunnelen (298 mill. kr) og Ringveg Vest (282 mill. kr). Men det vart også brukt mykje midlar på andre prosjekt, som Kvammapakken, Bømlopakken og Hauge- Lonevåg. Til bybanen gjekk det med totalt 437,7 mill. kr. Investeringar innan opplæringssektoren var på 422 mill. kr. Største prosjektet var Amalie Skram vgs. med eit forbruk på 181,9 mill. kr. Lån er den største finansieringskjelda for investeringane. I 2011 vart 1 239,7 mill. kr finansiert med lånemidlar. Bompengar var ei anna viktige finansieringskjelde med 415,2 mill. kr til vegprosjekt og 355,6 mill. kr til bybneutbygginga.

10 Økonomisk oversyn Balanse Balanse pr. 31.12 2008 2009 2010 2011 ANLEGGSMIDLAR Faste eigedomar 3 693,4 4 258,3 6 085,5 8 093,9 Utstyr, maskiner, transportmiddel 284,4 433,0 661,3 697,0 Aksjar, andelar, utlån 43,9 282,4 358,0 347,4 Pensjonsmidlar 3 514,8 3 871,6 4 232,7 3 666,6 Sum anleggsmidlar 7 536,5 8 845,3 11 337,5 12 804,9 Omløpsmidlar Kortsiktige fordringar m.m. 741,2 538,1 425,8 727,7 Premieavvik 138,7 218,8 292,9 334,4 Kasse, bank 644,9 713,2 684,8 751,4 Sum omløpsmidlar 1 524,8 1 470,1 1 403,5 1 813,5 SUM EIGEDELAR 9 061,3 10 315,4 12 741,0 14 618,4 EIGENKAPITAL Bundne fond 413,3 427,2 460,1 599,4 Frie fond 225,4 210,4 297,6 243,7 Rekneskapsmessig mindreforbruk 0,0 0,0 0,0 7,3 Annan eigenkapital 801,3 932,1 1 946,1 2 652,7 Sum eigenkapital 1 440,0 1 569,7 2 703,8 3 503,1 Gjeld Langsiktige lån 2 757,7 3 663,0 4 585,9 5 614,7 Pensjonsforpliktingar 4 149,9 4 426,5 4 711,4 4 419,9 Sum langsiktig gjeld 6 907,6 8 089,5 9 297,3 10 034,6 Kortsiktig gjeld 713,7 656,2 739,9 1 080,7 Sum gjeld 7 621,3 8 745,7 10 037,2 11 115,3 SUM GJELD OG EIGENKAP. 9 061,3 10 315,4 12 741,0 14 618,4 Balansen gjev oversyn over fylkeskommunen sine eigedelar og gjeld. Bokført verdi av eigedomar og utstyr har auka med vel 2 mrd. kr både i 2010 og 2011, noko som avspeglar det høge investeringsnivået. Bankinnskot utgjorde ved årsskiftet 751,4 mill. kr, mot 684,8 mill. kr ved førre årsskifte. Kortsiktige fordringar var 727,7 mill. kr, av dette var 337,6 mill. kr plasseringar i pengemarknadsfond. Premieavviket er kome opp i 334,4 mill. kr. Premieavvik er skilnaden mellom betalt pensjonspremie og bokført kostnad. Differansen vert kostnadsført over 15 år (10 år for avvik som oppstod frå og med 2011). Ulike typar fondsmidlar summerer seg til 843,1 mill. kr. Fondsmidlane kan inndelast slik: Bundne investeringsfond Ubundne investeringsfond Bundne driftsfond Disposisjonsfond 74,0 mill. kr 0,3 mill. kr 525,4 mill. kr 173,4 mill. kr Langsiktig gjeld (utanom pensjonsforpliktingar) utgjorde 5 614,7 mill. kr ved utgangen av 2011, mot 4 585,9 mill. kr i 2010. Kortsiktig gjeld var 1 080,7 mill. kr.

Økonomisk oversyn 11 Kostratal Hordaland Hordaland Hordaland Hordaland Rogaland Landet eks. Oslo 2008 2009 2010 2011 2011 2011 Finansielle nøkkeltal i prosent av brutto driftsinnt. Netto driftsresultat 0,2 0,3 5,5 3,5 8,5 5,7 Avdragsutgifter netto 2,2 2,3 2,4 2,8 1,9 2,5 Renteutgifter netto 0,9 1,2 1,3 1,7 0,5-0,8 Netto lånegjeld 52,1 58,9 65,0 73,5 51,9 45,4 Arbeidskapital 17,9 15,8 10,4 10,4 14,6 16,8 Finansielle nøkkeltal i kroner pr. innbyggjar Brutto driftsutgifter 9 663 10 707 12 391 13 791 11 743 13 474 Brutto driftsinntekter 9 656 10 777 13 177 14 352 12 627 13 982 Frie inntekter 7 304 7 687 9 791 10 060 9 208 10 480 Netto lånegjeld 5 033 6 349 8 563 10 552 6 556 6 347 Brutto driftsutgifter til administrasjon og styring 303 516 525 539 610 710 Fordeling av brutto driftsutgifter (prosent) Adm. styring og fellesutg. 3,1 4,8 4,2 3,9 5,2 5,3 Vidaregåande opplæring 54,1 53,2 46,9 42,9 50,5 46,5 Tannhelsetenesta 5,0 4,7 4,1 3,8 4,6 4,4 Fys. planl./kult.minne/ natur/nærmiljø 3,2 3,9 2,3 2,7 2,1 2,2 Kultur 4,1 4,2 3,7 3,0 3,9 3,9 Samferdsel 23,1 24,3 32,6 38,1 27,6 27,9 Næring 2,5 2,3 3,7 2,7 2,4 5,1 KOSTRA-oversikta viser utviklinga i Hordaland fylkeskommune 2008-2011. For 2011 vert Hordaland også samanlikna med Rogaland fylkeskommune og gjennomsnittet for fylkeskommunane utan Oslo. KOSTRA KOmmune-STat-RApportering er eit nasjonalt informasjonssystem som gjev informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde 15. mars ureviderte tal for 2011. Reviderte tal vil bli lagt ut 15. juni. I tabellen er vist nokre nøkkeltal, der Hordaland fylkeskommune vert samanlikna med Rogaland fylkeskommune og gjennomsnittet for fylkeskommunane (utanom Oslo). Hordaland har langsiktig gjeld som er ein god del høgare enn landsgjennomsnittet. Avdraga ligg ikkje så mykje over gjennomsnittet, men når ein ser på renteutgifter, er det stor skilnad. Fleire fylkeskommunar har utbytte og renteinntekter som overstig renteutgiftene. Landsgjennomsnittet viser netto renteinntekt på 0,8 % av brutto driftsinntekter, medan Hordaland har ei netto renteutgift på 1,7 %. Arbeidskapital er eit mål på likviditeten. Talet for Hordaland ligg godt under landsgjennomsnittet, men vert likevel vurdert til å vere tilfredsstillande. Hordaland fylkeskommune ligg litt i overkant av landsgjennomsnittet når ein ser på brutto driftsutgifter og brutto driftsinntekter per innbyggjar. Når ein ser på utgifter til administrasjon og styring, ligg Hordaland lågare enn landsgjennomsnittet. Dette er naturleg sidan Hordaland er mellom dei største fylkeskommunane. Utgiftsbehovet varierer ikkje fullt ut i takt med folketalet. Om ein ser på fordelinga av brutto driftsutgifter mellom ulike sektorar, er det samferdsel som skil seg ut. Hordaland brukar ein god del meir til samferdsel enn landsgjennomsnittet.

12 Organisasjon og samfunnsoppdrag Organisasjon og samfunnsoppdrag Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Fylkesrådmannen Organisasjonsavd. Bybanen utbygging Økonomiavd. Kultur- og idrettsavd. Opplæringsavd. Samferdselsavd. Regionalavd. Tannhelseavd. Kultur- og idrettsavdelinga Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune skapar rom for eit rikt og mangfaldig kulturliv i Hordaland. Vi medverkar til at alle kan oppleve tradisjonell og nyskapande kunst og kultur og delta i idrett og fysisk aktivitet. Vi vernar kulturminna og tek vare på historia vår for framtida. I samarbeid med kommunar, institusjonar og frivillige utviklar vi kulturen og samfunnet til gagn og glede for alle. Opplæringsavdelinga Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune gir vidaregåande opplæring til alle. Målet er å førebu til yrkesliv og høgare utdanning. Vi gir òg opplæring til alle med særskilte behov. Gjennom vidaregåande skular, fagskular, lærlingordning og vaksenopplæring gir vi Hordaland viktig kompetanse. Samferdselsavdelinga Samferdselsavdelinga i Hordaland fylkeskommune har ansvar for at fylket har eit funksjonelt transporttilbod med bil, bane, båt og buss. Vi driftar, planlegg og utviklar kollektivtilbodet og fylkesvegane for at folk skal reise trygt og miljøvennleg til jobb, skule og fritidsaktivitetar. Regionalavdelinga Regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune stimulerer til nyskaping, vekst og sysselsetting i Hordaland. Vi er ein pådrivar og støttespelar for kommunar og næringsliv, driv samfunnsutvikling og legg til rette for ei berekraftig forvalting av naturressursane. Tannhelsetenesta Tannhelsetenesta i Hordaland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under tjue år. Vi behandlar menneske med psykisk utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på institusjonar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Gjennom førebyggjande arbeid og behandling legg vi grunnlag for god folkehelse i Hordaland. Organisasjonsavdelinga Organisasjonsavdelinga har ansvar for at Hordaland fylkeskommune har ein tenleg organisasjon og kompetanse i høve til lovverk og samfunnsutvikling. Vi sørgjer for felles verktøy i organisasjonen og sikrar god kommunikasjon internt og eksternt. Økonomiavdelinga Økonomiavdelinga har oversikt over Hordaland fylkeskommune sine ressursar og forvaltar fellesskapet sine verdiar på ein ansvarleg måte. Vi tek hand om budsjett og rekneskap, sikrar gode rutinar ved innkjøp og tenlege lokale for alle verksemdene våre.

Opplæring 13 Auka elevtal, rekneskap i balanse Det totale søkjartalet til fylkeskommunen sine vidaregåande skular auka med 416 til 19 092 søknader. Talet på elevplassar blei etterkvart justert ned til 17 599. I totalt 15 fag, inkludert norsk, engelsk og matematikk, låg eksamenskarakterane i Hordaland i 2011 over landsgjennomsnittet. Samstundes som eksamenskarakterane gjekk opp, var det òg færre som strauk, ein nedgang på 3,38 %. Budsjettmåla på 5 % reduksjon i talet på sluttarar, Ikkje vurdert (IV) og stryk vart òg innfridd i 2011. Hausten 2011 tok Fusa vidaregåande skule i bruk nytt tilbygg i leigelokale. Skulen har no fått samla aktiviteten i eitt bygg i nye og føremålstenlege lokale. Rekneskapen for 2011 Fylkeskommunen sine brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring var i 2011 på 2 747 mill. kr, ein auke på 72,7 mill. kr frå 2010. I høve til budsjettet er sektoren i balanse og kom ut med ei netto innsparing på 4,8 mill. kr. Løn er den klart største utgiftsposten for dei vidaregåande skulane, og utgjer omlag 80 % av brutto driftsutgifter. Av dei 48 einingane (inkludert OT/PPT) hadde 18 underskot, 12 gjekk i balanse og 18 kom ut med overskot. Ved utgangen av 2011 hadde 29 skular i alt 83 mill. kr til rådvelde på fond, medan 19 skular hadde vel 33,5 mill. kr i akkumulerte underskot. I 2011 har mange skular brukt fondsmidlar til opprusting og tiltak. Skulebygg Hausten 2011 tok Fusa vidaregåande skule i bruk nytt tibygg i leigelokale. Skulen har med dette fått samla aktiviteten i eitt bygg, i nye og føremålstenlege lokale. Oppdragsverksemd Oppdragsverksemda hadde ei samla omsetnad på 34,1 mill. kr. Det er ca. 4 mill. kr mindre enn i 2010. Overskotet var 5,3 mill. kr. Skulane har tradisjonelt nytta overskot frå oppdragsverksemda til å halde vedlike og fornye utstyr og inventar. Det var oppdragsverksemd ved 24 skular i 2011. Omsetnaden har vore størst ved Stord vidaregåande skule (8,3 mill. kr), Laksevåg videregående skole (6,1 mill kr), Bergen Maritime videregående skole (5,1 mill. kr) og Bergen Handelsgymnasium (4,5 mill. kr). Desse fire skulane stod for om lag 65 % av den samla omsetnaden. Kvalitet i opplæringa Resultatoppfølging Hordaland fylkeskommune har utarbeidd og vedteke eit system for verksemdsbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane. Høgt prioritert i 2011 har vore skulen si tilstandsvurdering og korleis skulen nyttar ulike dokumentasjonskjelder (brukarundersøkingar, karakterstatistikkar, tal sluttarar og omfanget av fag det vert gitt IV) i vurderingsarbeidet. Skulane sine tilstandsrapportar inngår som del av grunnlaget for Tilstandsrapporten som vart Brutto driftsutgifter opplæring Tal i millionar kroner. Løpande prisar. Rekneskap 2008 Rekneskap 2009 Rekneskap 2010 Rekneskap 2011 Avvik* nettobud. 2011 Vidaregåande skular Lønsutgifter 1 592,1 1 716,2 1 771,4 1 854,9 Utstyr og vedlikehald 87,8 126,1 128,8 133,6 Andre driftsutgifter 239,1 229,1 231,4 234,1 Overføringar 90,6 87,0 110,5 102,5 Sum vidaregåande skular 2 009,6 2 158,4 2 242,1 2 325,1 6,0 Lærlingeopplæring 212,3 240,9 239,1 233,9-0,1 Spesialundervisning 62,1 81,9 85,8 71,4-5,1 Opplæring av vaksne 91,8 101,4 107,4 116,7 4,0 2 375,8 2 582,6 2 674,4 2 747,1 4,8 * Kolonna viser rekneskapsmessig avvik i 2011 i høve til nettobudsjett.

14 Opplæring Fotograf: Magne Sandnes handsama i fylkestinget i oktober 2011. Årlege skulebesøk på alle skulane er ein del av styringsdialogen, der ein ser på skulane sine resultat og praksis, prosessar for forankring av vurderings- og utviklingsarbeidet, samt samanhengar mellom mål, utviklingstiltak og resultat. Skulane sender årleg eigen utviklingsplan til opplæringsavdelinga. Elevinntak Totalt søkjartal frå Hordaland i 2011 var 19 092 (2010: 18 676), av desse hadde 17 889 ungdomsrett (ungdommar med rett til vidaregåande opplæring). Talet på plassar var ved prognoseinntaket 17 805. Fram til skulestart i august blei talet på aktive søkjarar redusert til 17 582, av desse hadde 16 781 ungdomsrett. Talet på elevplassar vart justert ned til 17 599. Noko av nedgangen i søkjartal frå prognoseinntaket og fram til skulestart skuldast søknadar til private skular innan studiespesialiserande utdanningsprogram. Ein del elevar søkjer både privat og offentleg skule samtidig. I tillegg er det ein del søkjarar som ikkje har kompetanse til å få plass på høgare kursnivå, og som trekkjer søknaden sin. Talet på elevar ved fylkeskommunen sine vidaregåande skular auka med 420 frå 2010 til 2011, til 18 032 elevar. Ved dei private vidaregåande skulane var det 2 271 elevar i fjor, ni fleire enn i 2010. Dei fleste ledige plassane i vidaregåande opplæring finn ein i Vg2 og Vg3 Studiespesialiserande utdanningsprogram. Ein årsak til at det er ledige plassar på Vg2 er at mange elevar vel å ta eit år med utanlandsopphald, samt omval og fråfall. I tillegg til dette er det ein del ledige plassar, særleg utanfor bergensregionen, på yrkesfaglege utdanningsprogram. Talet på minoritetspråklege søkjarar held fram med å auke, særleg frå Aust-Europa. Frå 2010 var det ein total auke på 36 kvalifiserte søkjarar. Talet på elevplassar i innføringskurs er etter kvart vorte så pass høgt at det er mogleg å gi alle eit tilbod. Det er likevel ei utfordring at fleire av desse søkjarane kjem til Hordaland på ettersommaren/tidleg haust. På den tida kan det vere vanskeleg å finne ledige elevplassar i innføringskurset. For at desse elevane ikkje skal gå ledige eit heilt skuleår, vart det hausten 2011 kjøpt seks elevplassar på Nygård skole i Bergen. Eksamen I 2011 hadde eksamenskontoret ca. 10 000 oppmelde i ca. 19 000 ulike eksamenar i om lag 500 ulike fag. Eksamenskontoret har utarbeidd Retningslinjer for lokalt gitt eksamen i Hordaland. Det er òg laga rutinehandbok for tilsette ved eksamenskontoret for å sikre kvaliteten i eksamensarbeidet. Ved skriftleg eksamen i Kunnskapsløftet (LK-06) har kandidatane høve til å nytta PC ved eksamen, og eksamenskontoret har lagt til rette for dette. Ved eksamen vart det i fleire fag nytta IKT-basert eksamen med stort hell. Over halvparten av kandidatane i LK-06 nytta PC og leverte svara digitalt i 2011. I fleire fag fekk elevane i Hordaland betre eksamenskarakterar enn elevane i dei andre fylka. Både i norsk, engelsk og matematikk fekk elevane i Hordaland betre karakterar enn landsgjennomsnittet. I totalt 15 fag låg elevane i Hordaland over landsgjennomsnittet. Samstundes som karakterane i Hordaland gjekk opp, var det òg færre som strauk. Til eksamen strauk 3,38 % færre enn i 2010. Også standpunktkarakterane viste nedgang i stryk på 6,4 %. Vaksenopplæringa Vaksenopplæringa hadde om lag 2 100 kursplassar for vaksne i 2011. Dette er ein auke på 36 % i høve til året før. Ni vaksenopplæringssenter gjev informasjon, karriererettleiing og vurdering av formalkompetanse og realkompetanse til vaksne og verksemder i sine regionar. Desse sentra handsama 9 900 førespurnadar frå publikum i 2011, ein auke på 30 % i høve til 2010. Det siste vaksenopplæringssenteret blei opna på Årstad videregående skole i januar 2011. Senteret har ansvaret for vaksenopplæringa i handverks- og industrifaga i Stor-Bergen. Vaksne sin oppslutnad om desse faga gjekk opp med heile 425 % i 2011. Dette er ei god utvikling med tanke på behovet for kvalifisert arbeidskraft i hordalandsverksemdene. Vaksenopplæringssenteret på Årstad har sin del av æra for denne utviklinga. I Hordaland har følgjande skular vaksenopplæringssenter: Årstad vgs, Lønborg vgs, Bergen katedralskole, Åsane vgs, Knarvik vgs, Stord vgs, Kvinnherad vgs, Odda vgs og Voss vgs.

Opplæring 15 Teoriopplæring for lærlingar med full opplæring i bedrift Ordninga med full opplæring i bedrift gjer det mogeleg for ungdom å teikne lærekontrakt direkte etter grunnskulen eller ved avbrot i den vidaregåande skulen. Fylkeskommunen tek ansvar for teoriopplæringa, medan bedrifta tek den praktiske opplæringa. Tilbodet er soleis eit verdfullt alternativ for unge som ikkje finn seg til rette i vidaregåande opplæring. 395 lærlingar fekk teoriopplæring i 2011. Dette er ein auke på om lag 30 % i høve til 2010. Fagskulane i Hordaland Fylket har i dag sju fagskular som gir vidareutdanning i helse- og sosialfag, tekniske fag, samt maritime og grøne fag. Fagskulane i Hordaland er, som dei første i landet, i gang med eit heilt nytt tilbod innan akvakultur, i tett samarbeid med sunnhordlandsindustrien. Hausten 2011 opna ei av verdas mest avanserte boresimulatorar, ein Drillsim-6000, ved Bergen maritime fagskule, til ein pris på 25 mill. kr. Fagskulane har ein tett dialog med lokalt og regionalt næringsliv for å ettersjå at utdanningane som vert tilbode er i tråd med utviklinga. Fagskulane hadde 1 096 studentar i 2011. Av desse gjekk 895 på tekniske og maritime fag, og 177 gjekk på helsefag (medrekna private tilbydarar som fylkeskommunen gir støtte til). Dette året var det 511 nye studentar innan tekniske og maritime fag, og 97 nye studentar innan helsefag. Med 872 søkjarar i 2011, er Hordaland det fylket med flest søkjarar i landet. 30 % av desse søkjarane kom frå andre fylke. Det er sju offentlege fagskular i Hordaland: Bergen tekniske fagskole, Bergen maritime fagskole, Voss tekniske fagskule, Hjeltnes fagskule, Austevoll maritime fagskule, Fusa fagskule og Fitjar fagskule. Lærlingar og lærekontraktar I 2011 behandla fagopplæringskontoret søknader frå 2 199 søkjarar til læreplass. 1 842 av desse var søkjarar med rett. 3000 2500 2000 1500 1000 500 0 1584 2186 2677 1312 2732 2696 2724 1956 1984 1368 1500 2034 2008 2009 2010 2011 Formidla lærekontraktar Nye kontraktar Avlagt fagprøve Grafen viser utviklinga i tal formidla lærekontraktar, nye lærekontraktar og på avlagte fagprøvar i åra 2008-2011. 1 500 av søkjarane vart formidla av fagopplæringskontoret til lærekontrakt. I 2011 vart det til saman godkjent 2 034 nye lærekontraktar, som er ein auke på 1,2 % frå 2010. I 2011 var fordelinga 30,5 % kvinner og 69,5 % menn. I 2010 var fordelinga 32 % kvinner og 68 % menn. Fylkeskommunen har i 2011 gjeve tilbod om VG3 opplæring i skule i følgjande fag: dataelektronikar, landsbruksmaskinmekanikar, kjole- og draktsyar, elektrikar, automatiseringsfaget, platearbeidar, sveisar og bilfag lette kjøretøy. I desse faga var det ikkje mogleg å skaffe nok læreplassar. Vurderingsfagleg kompetanse Fagopplæringskontoret gjennomførte i 2011 fleire kurs for medlemmene i prøvenemndene. Til saman er 750 personar fordelte på prøvenemnder i 120 fag. Yrkesopplæringsnemnda har òg oppnemnt prøvenemndene til å vere rådgjevande yrkesutval. For instruktørar og fagleg ansvarlege i lærebedrifter vart det i 2011 halde 28 kurs med meir enn 550 deltakarar. Kursa vert arrangerte på ulike stader i fylket, og kurshaldarane er personar frå bedrifter, opplæringskontor og skular. Vurdering er satsingsområde i det skulebaserte utviklingsarbeidet. Alle skulane er pålagde å setje i verk tiltak for å utvikle skulen sin vurderingspraksis med mål om auka læringsutbyte for elevane. Arbeidet vert følgt opp gjennom system for verksemdbasert vurdering. I Hordaland deltek fem vidaregåande skular i det nasjonale prosjektet Vurdering for læring. Her arbeider skulane særleg med tiltak for å involvere elevane i planlegging, gjennomføring og vurdering av eige læringsarbeid. Prosjektet starta våren 2011 og skal avsluttast våren 2012. 15. juni 2011 arrangerte Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Bergen ein nasjonal vurderingskonferanse. Tema for konferansen var Vurdering for læring. Framståande forskarar frå Australia, New Zealand, USA, Canada, Skottland og Sveits hadde innlegg der dei skildra deltakarlanda sine ulike utdanningssystem og korleis dei har forska på individvurdering og skulevurdering. Deltakarane på konferansen representerte dei fleste nivå innan utdanningssektoren i Noreg. Bruk av IKT i lærings- og vurderingsarbeidet Vurdering, og korleis IKT kan støtte vurdering i praksis, er arbeidd med på fleire nivå, både tematisk og organisatorisk. Døme på bruk av læringsplattforma It s Learning og andre tilgjengelege IKT-verktøy i vurderingsarbeidet har vore diskuterte og spreidde gjennom det pedagogiske støtteapparatet (PDS), på delingskonferansen Dei gode døma og gjennom utviklingsprosjekt starta opp i skulane. Det pedagogiske aspektet ved bruk av IKT har vore sett i sentrum for arbeidet, særleg gjennom korleis IKT kan støtte god undervisningspraksis, vurdering og læring som ein prosess. I høve til klasseleiing og IKT vart det i 2011 oppretta ei ressursgruppe som jobbar med temaet. Gruppa har starta med å samle informasjon og relevant forsking, samt å setje i verk utprøvingar i høve til bruk av styringssystem i nokre skular. Kurs i klasseleiing har elles vore eit av tema epedagogane har arbeidd med.

16 Opplæring Klasseleiing vart teke inn som eit prioritert tiltaksområde i styringsdokumentet for skuleåret 2011/2012. Skulane legg sine lokale utviklingsplanar med utgangspunkt i dei prioriterte områda. Kompetanseheving av skuleleiarar og lærarar vil verte gjennomført i 2012. Gjennomføring og fråfall Den store satsinga med lokale delprosjekt under det nasjonale prosjektet, Ny GIV, har halde fram i Hordaland i 2011. Ny GIV omfattar delprosjekta overgang og oppfølging Budsjettmåla på 5 % var innfridd i 2011 Sluttarar i vgs var reduserte med 4,9 % Talet på IV var redusert med 5,18 % Strykprosenten var redusert med 6,4 Fullføring over 5 år var gått frå 71 % til 70 % Heva lærekontrakt var redusert med 16,7 % Tal frå Utdanningsdirektoratet sitt Gjennomføringsbarometer, som måler overgangar mellom trinna i vidaregåande opplæring, viser at vi har store utfordringar med å få fleire elevar gjennom med ordinær progresjon. Fleire fullfører med Ny GIV overgang Hordaland starta Ny GIV med åtte ungdomsskular og fem vidaregåande skular. Ein norsklærar og ein matematikklærar frå kvar prosjektskule fekk skulering i grunnleggjande rekne-, lese- og skrivedugleik, supplert med tema om vurdering for læring, klasseleiing mm. Brubygging mellom ungdomsskular og vidaregåande skular starta i prosjektet Fleire fullfører, og vart forsterka av felles skulering. Lærarane har m.a. utarbeidd ei handbok om Ny GIV-metodikk, med mange gode døme på konkretiserande og aktiverande undervisningsformer. Kursnamn Ny- GIV Ny- GIV Alle HFK Bygg og anleggsteknikk 17 20 % 7 % Design og handverk 5 6 % 4 % Elektrofag 4 5 % 8 % Helse- og sosialfag 16 19 % 11 % Media og kommunikasjon 1 1 % 4 % Mus/dans/drama 1 1 % 3 % Naturbruk 2 2 % 3 % Restaurant- og matfag 7 8 % 3 % Service og samferdsel 2 2 % 4 % Studiespesialisering 14 16 % 39 % Teknikk og ind. produksjon 16 19 % 12 % 85 100 % Tabellen syner kva for utdanningsprogram NyGIV-elevane vel, samanlikna med gjennomsnittet for HFK. Slik opplever studentane ved Bergen maritime skule treninga i den nye fullskala 3D boresimulatoren. Dei trenar på uventa hendingar både på boredekk og under nedihols boreoperasjonar. (Foto: Drilling Systems). Elevar i Ny GIV er blant dei 10 % svakast presterande i 10. klasse i ungdomsskulen. Våren 2011 fekk dei intensivopplæring i 10 klasse og 88 elevar fullførte med gode resultat. Om ein samanliknar med karakterane frå januar, hadde bergenselevane i Ny GIV betra snittkarakterane sine med til saman 7 % fram mot juni 2011, medan gjennomsnittet for resten av bergenselevane var 5 %. Sommar med Ny GIV Ny GIV hadde tilbod om sommaraktivitetar for å gjere perioden frå skuleslutt til skulestart kortare og meir meiningsfylt. 22 elevar tok i mot tilbod om 2 vekers opplæring og arbeid, finansiert av Kunnskapsdepartementet. I Hordaland vart tiltaket gjennomført i samarbeid med Røde Kors Askøy. Tilbod til elevane i vidaregåande opplæring Dei vidaregåande skulane kontakta Ny GIV-elevane primo august. 4 av 5 vidaregåande skular inviterte til 2 dagars forkurs innan skulestart, og 70 % takka ja til dette tilbodet. Dei kom til skulen før skulestart og vart kjende med skulen og nokre sentrale kontaktpersonar. Det resulterte i god relasjonsbygging og bra motivasjon hos elevane. Opplæringsdirektøren er nøgd med at det er ein klar tendens til at fleire elevar frå Ny GIV søkjer yrkesfaglege utdanningsprogram, men det gir også ei utfordring med å etablere fleire læreplassar for heile elevgruppa. Opplæringsdirektøren ventar at noverande aktivitet med å skaffe fleire læreplassar også vil kome Ny GIV-elevar til gode. Studieverkstad Årstad vgs har i fleire år hatt studieverkstad, medan Laksevåg vgs starta opp i 2010. Begge skulane har svært gode erfaringar med dette og fleire skular har søkt om midlar til oppstart av slikt tilbod. M.a. starta dei andre prosjektskulane, Olsvikåsen, Åsane og Fyllingsdalen vgs med dette tilbodet i 2011. Etter innleiande kartlegging viste det seg at fleire elevar frå Ny GIV ikkje trengte eller ikkje ønskte å nytte dette tilbodet. Ny GIV oppfølging OT/PPT har ansvar for prosjektleiinga av Ny GIV oppfølging. Etter første år i prosjektet har dette i 2011 ført til endringar

Opplæring 17 Avlagde fagprøvar Type Totalt % Kvinner Lærlingar 1723 29,60 % Lærekandidatar 27 52 % Elevar med sluttopplæring i skule (Vg3) 74 65 % Praksiskandidatar 900 40,40 % Total fordeling 2724 34,40 % Oversikt over strykprosent på praktisk fag-/sveineprøve Strykprosent med utgangspunkt i tala i tabellen over Type 2008 2009 2010 2011 Lærlingar 11,4 10 11,8 12 Elevar med sluttopplæring i skule (Vg3) 24,4 34 41,6 36,5 Praksiskandidatar 11,3 5 7,7 8 i gjennomføring av fylkeskommunen sine lovfesta oppgåver for ungdom som har opplæringsrett, men som ikkje er i vidaregåande opplæring: Skulane kallar inn oppfølgingstenesta (OT) for ein felles avklaringssamtale og oppfølgingsavtale med kvar elev før han sluttar. Dette er teke i bruk på alle dei vidaregåande skulane OT har ansvar for koordineringa av tiltak frå den dagen eleven sluttar Det er etablert fleire alternativ for samhandling med NAV om rett tiltak til rett tid Det er større fleksibilitet for å nytte kombinasjonstiltak, til dømes praksis i bedrift og studieverkstad i skule Det er auke i nettverksbygging for å jobbe oppsøkjande og tverrfagleg på regionsnivå og i mindre kommunar Fylkeskommunen har fått betre oversikt over ungdom som er utanfor skule og arbeid Vidare drift av oppfølgingsprosjektet er å utvikle fylkeskommunen sine eigne tiltak for denne målgruppa og samhandlinga med NAV og kommunane. Spesialundervisning, utvida opplæringsrett og sakkunnige vurderingar Elevar som ikkje har, eller som ikkje kan få, tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Søkjarar fordelt på ulike grupper i 2011: Kvardagslivstrening (115), arbeidslivstrening (148) og innleiande utdanningsprogram (271). Det er ein auke i talet på elevar til slike grupper. Det er òg ein auke av elevar som søkjer utvida rett med eit 4. og 5. skuleår for at dei skal nå måla for opplæring. Nokre av elevane treng omfattande tilrettelegging i skulen. OT/PPT er sakkunnig instans for søknader om spesialundervisning og for søknad om utvida rett til vidaregåande opplæring utover 3 år. Før fylkeskommunen gjer vedtak om spesialundervisning eller vedtak om spesialpedagogisk hjelp, gjer OT/PPT ei sakkunnig vurdering av dei særlege behova til eleven. Medan det i 2010 var 526 saker, var det i 2011 674 saker. Dette utgjer ein auke på 22 %. Gjennomføring av fag-/sveineprøvar Dei siste åra har talet på gjennomførte fag-/sveineprøver vore stabilt rundt 2 700 kandidatar. Om lag ein tredel har vore praksiskandidatar. Prosentdelen av kvinner som har gjennomført fag-/sveineprøve har auka frå 30 % i 2010 til 34,4 % i 2011. Utviklinga skuldast i hovudsak at fleire har sett moglegheita til å gjennomføre fagprøve innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget som praksiskandidat. Etter- og vidareutdanning Strategien for etter- og vidareutdanning gjeld for perioden 2009-2012, med rullerande tiltaksdel for kvart skuleår. Dei prioriterte tiltaksområda i 2011 var Vurdering av eleven si læring, Den digitale skolen og Klasseleiing. Budsjettet til etter- og vidareutdanning for 2011 var på til saman 21,2 mill. kr, som inkluderer statlege tilskot og fylkeskommunale midlar. Dette er ein nedgang på 4,1 mill. kr frå 2010. Fordelinga mellom gruppene var følgjande: Lærarar kr 14 666 000 Andre tilsette og støttesystem kr 2 070 000 Fagopplæringa kr 4 510 000

18 Tannhelse Framleis betre tannhelse blant barn og unge i Hordaland Den positive tannhelseutviklinga for 5-, 12- og 18-åringane held fram også i 2011. I 2011 hadde over 50 % av alle 12-åringar i fylket aldri hatt hol i tennene sine. Dette viser at førebyggjande arbeid nyttar. Tannhelsetenesta hadde i 2011 brutto driftsutgifter på 266,9 mill. kr, ein auke på 4,6 mill. frå året før. Driftsinntektene var på 85,2 mill. kr, ein auke frå året før på 6,6 mill kr. Personell Av totalt 340 fast tilsette i den utøvande tannhelsetenesta er 90 % kvinner. To av dei tre yrkesgruppene, tannpleiarar og tannhelsesekretærar, har berre kvinnelege tilsette. Kvinnene dominerer etterkvart også tannlegeyrket. Rundt 70 % av tannlegane i tannhelsetenesta i Hordaland er kvinner. Etter endring av leiargruppa i 2011 er også leiinga av tannhelsetenesta dominert av kvinner. I fylkestannlegen si leiargruppe sit 4 kvinner og 2 menn og 12 av 21 klinikksjefar er kvinner. Talet på tannlegar har gått ned og talet på tannpleiarar har gradvis auka det siste tiåret. I 2011 var det 2,8 tannlegar per tannpleiar i tannhelsetenesta.tannhelsetenesta rekrutterer personell med variert etnisk bakgrunn og 15 ulike nasjonalitetar frå alle verdsdelar er tilsett i tannhelsetenesta i Hordaland. Dei fleste er tannlegar. Klinikkstruktur Tannhelsetenesta har klinikkar i heile Hordaland. Det er eit overordna mål å sikre stabilitet i tannhelsetilbodet i Hordaland, spesielt i utkantsstrok. Eit viktig tiltak i så måte er å etablere større, moderne tannklinikkar med gode fagmiljø. Det er betre rekruttering til større klinikkar enn til små. Større tannklinikkar gjev også betre stabilitet i tannhelsetilbodet til innbyggjarane i Hordaland. Tannfelling med eit smil! Fotograf: Gitte Boge I 2011 vart tannklinikkane Røldal, Utne, Hatlestrand og Baldersheim lagde ned. Alle desse tannklinikkane hadde berre eit behandlingsrom kvar. Same år vart Eikelandsosen tannklinikk (4 behandlingsrom) og Stord tannklinikk (9 behandlingrom) opna. Pasientar som er ferdigbehandla og under tilsyn. Gruppe Samla tal Tal på pasientar undersøkt og behandla Tal på pasientar med recallavtale Tal på pasientar som ikkje møtte eller takka nei Etterslep pasientar som er på etterskot Prosentdel pasientar under tilsyn Gruppe a 101160 66444 27891 1616 2914 95,9 Gruppe b 1656 1296 159 23 11 93,6 Gruppe c1 5908 3078 253 75 195 58,3 Gruppe c2 6838 3343 604 220 304 61,0 Gruppe d 12842 6061 2699 412 650 73,3 Gruppe e1 1226 407 113 25 19 Gruppe e2 144 38 0 0 Gruppe A: Born og unge frå 1-18 år. Gruppe B: Psykisk utviklingshemma personar over 18 år. Gruppe C1: Pasientar på institusjon. Gruppe C2: Pasientar med heimesjukepleie. Gruppe D: Ungdom frå 19 20 år. Gruppe E1: Pasientar som er under rusomsorg. Gruppe E2: Innsette i fengsel. Gruppe F: Vaksne, betalande pasientar.

Tannhelse 19 Rekruttering og stabilisering av talet tannlegar i distrikta Det har dei siste åra vore ein auke i talet på søkjarar til tannlegestillingar. Det er no tilsette i dei fleste stillingane i tannhelsetenesta. Medan det tidlegare var mest fokus på å rekruttere tannlegar til ledige stillingar, er no fokus i større grad flytta til å stabilisere tannlegar i stillingane. 90 80 70 60 Relativ del kariesfrie 5-åringar Den største utfordringa er no å rekruttere tannlegar og tannhelsesekretærar med godkjent autorisasjon til stillingar i utkantsstrok. Prosent 50 40 30 20 Behandling av prioriterte grupper i 2011 Dei prioriterte gruppene har krav på eit regelmessig, oppsøkjande tannhelsetilbod. Tannhelsetenesta har lagt ned eit stort arbeid med å inngå samarbeidsavtalar med kommunane for å sikre at eldre, langtidsjuke og rusavhengige i kommunal omsorg vert informerte om tilbodet frå tannhelsetenesta. Tannhelseutvikling Tannhelsa til 5-, 12- og 18-åringar har vorte registrert i alle fylke i Noreg frå og med 1985. Diagramma under viser korleis utviklinga har vore både i Hordaland og resten av landet dei siste 12 åra. Mål for tannhelsa til nøkkelårskulla går fram av tannhelseplan for Hordaland 2010 2013: 5- åringar: Over 80 % skal ha tenner utan hol eller fylling 12-åringar: Over 50 % skal ha tenner utan hol eller fylling 18-åringar: Over 20 % skal ha tenner utan hol eller fylling Gjennomsnittleg DMFT 10 0 År 2,5 2,0 1,5 1,0 0,5 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Hordaland Gjennomsnittleg DMFT hos 12-åringar 2009 2010 2011 Noreg Nesten null hol for 5-åringane Den positive tannhelseutviklinga for 5-åringane heldt fram for niande året på rad, og i 2011 hadde nesten berre 1 av 6 barn hol eller fylling mot annakvart barn for 10 år sidan. Det var i 2011 82,5 % av 5-åringane i Hordaland som aldri hadde hatt hol i tennene. Målet for 2013 er dermed allereie nådd for 5-åringane. 0,0 År 7,0 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 Hordaland Gjennomsnittleg DMFT hos 18-åringar 2009 2010 2011 Noreg God utvikling i tannhelsa for 12-åringane Tannhelsa til 12-åringane i Noreg og Hordaland har utvikla seg i positiv retning dei siste 5 åra. 12-åringane i Hordaland hadde i 2011 i gjennomsnitt 1,3 DMFT (gjennomsnittleg tal tenner med hol eller fylling), og 50,2 % av årskullet hadde heilt feilfrie tenner. Også for 12-åringane er tannhelsemålet for 2013 er i ferd med å verte nådd. Gjennomsnittleg DMFT 6,0 5,0 4,0 3,0 2,0 90 1,0 80 0,0 70 År 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 60 Hordaland Noreg Prosent 50 40 30 20 10 0 5-åringar 12-åringar Nøkkelårskull Relativ del utan karieserfaring Pasientar utan karieserfaring i Hordaland, 2010 Pasientar utan karieserfaring i Hordaland, 2011 18-åringar Betring i tannhelsa for 18-åringane Tannhelsa til 18-åringane i Hordaland har gradvis vorte betre dei siste åra, men gjennomsnittleg tal tenner med hol eller fylling ligg framleis ein del over landsgjennomsnittet. 18-åringane i Hordaland hadde i 2011 i gjennomsnitt 5,0 DMFT (gjennomsnittleg tal tenner med hol eller fylling), og 14,8 % av årskullet hadde heilt feilfrie tenner. Sjølv om tannhelsa stadig vert betre, er det er framleis eit godt stykke fram til målet på 20 % utan tannråte for 18-åringar i 2013. Diagramma over viser kor mange 5-, 12- og 18-åringar i Hordaland som var heilt utan tannråte og fyllingar i 2010 og 2011.

20 Tannhelse Kvalitet og omsorg for kvar einskild. Fotograf: Studio 1 Folkehelse Tannhelsetenesta er gjennom Lov om tannhelsetjenesten frå 1984 pålagt å organisere førebyggjande tiltak for heile befolkninga, og i lova står og at førebyggjande tiltak skal prioriterast framfor behandling. Tannhelsetenesta har i 2011 revidert og modernisert Tannhelsetenesta sin strategiplan for folkehelsearbeid. Alle klinikkområda utarbeider ein detaljert årsplan for det tverrsektorielle folkehelsearbeidet. Tannhelsetenesta i Hordaland har saman med Tannhelse Rogaland og tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane utforma samarbeidsavtalar som skal bidra til at tannhelsetenesta får etablert eit systematisk og formalisert samarbeid med kommunane. Med unntak av Bergen kommune er det i 2011 inngått samarbeidsavtalar med: Rådmann/ leiinga i alle kommunane i Hordaland Helsestasjonar Pleie- og omsorgstenester Sosialtenester/ rusomsorga Tenester for psykisk utviklingshemma Tannhelsetenesta i Hordaland har i samarbeid med Statens Barnehus Bergen, Ressurssenter for vold og traumatisk stress (RVTS), Odontologisk universitetsklinikk UiB og tannhelsetenestene i Rogaland og Sogn og Fjordane utarbeidd forslag til samarbeidsavtalar med barnevernet samt laga klare interne rutinar og retningslinjer for sending av uromeldingar. Målsetjinga er å ivareta barn og unge, skape gode rutinar og syte for at tannhelsepersonell føler seg trygge på varslingsprosedyrar. Det er også utarbeidd samarbeidsavtale med statlege mottak. Tannlegevakten i Bergen Tannhelsetenesta i Hordaland driv Tannlegevakten i Bergen. Tannlegevakta er open kvar dag året rundt og er eit akuttilbod til innbyggjarane i Bergen med omland. Det var 3 971 konsultasjonar i 2011, av desse var 1 008 prioritert klientell og 2 963 vaksne betalande pasientar. Talet på konsultasjonar på Tannlegevakten i Bergen har vore stabilt på om lag 4 000 i mange år. Samarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) Tannhelsetenesta samarbeider med UiB på fleire område, m.a. om behandling av pasientar og om utplassering av studentar. UiB bad i 2008 om å starte forhandlingar med tannhelsetenesta om ei overføring av ansvaret for klinisk trening av tannlege- og tannpleiarstudentar. UiB valde sommaren 2011 å avslutte desse forhandlingane for å behalde denne oppgåva sjølv. Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vest avd. Hordaland Det har i 2011 vore prioritert å etablere tannhelsetenesta kompetansesenter (TK) Vest avd Hordaland, som saman med likeverdige avdelingar i Rogaland og Sogn og Fjordane skal danne eit regionalt odontologisk kompetansesenter. TK Vest skal ha ansvar for spesialistbehandling, forsking og spesialistutdanning. Det er vedteke at TK Vest skal vere eit nytt tannhelsedistrikt med ein overtannlege som leiar. TK Vest avd. Hordaland skal vere lokalisert i det nye odontologibygget og skal opne i august 2012. Tilbod til pasientar med angst for tannbehandling Senter for odontofobi er eit lite fagmiljø som tidlegare tilhøyrde Universitetet i Bergen. Tannhelsetenesta i Hordaland har i 2011 overteke drifts- og arbeidsgjevaransvaret. Senteret behandlar tilviste pasientar med sterk angst for tannbehandling. Alle tannklinikkane er sertifiserte som miljøfyrtårn Dei siste klinikkområda i tannhelsetenesta vart i 2011 sertifiserte som miljøfyrtårn. Alle klinikkområda er no miljøsertifiserte.