saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 21.01.2019 6169/2019 Øyvind Herigstad Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 06.03.2019 Høring - Takster i kollektivtransporten i Møre og Romsdal Bakgrunn Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å auke bruken av kollektivtrafikk i fylket. For å få til dette må det gjerast tiltak som gjer det meir attraktivt å nytte kollektiv reisemåte. I Møre og Romsdal er det Møre og Romsdal fylkeskommune som har takstmynde for kollektivtrafikken. Det vil seie at fylkeskommunen sjølv kan bestemme takstar og takstsystem som skal nyttast. Finansieringa av kollektivtrafikken kjem frå offentlige midlar og billettinntekter. Det er ein knapphet på offentlege midlar og det er derfor avgjerande å finne takstsystem som gir nok inntekter. Kollektivsystema skal gi innbyggarane i fylket ein moglegheit til å reise uavhengig av om dei har bil eller ikkje. Tilgangen til kollektivtransport er varierande rundt om i fylket. Nokre stader er det mest skoleskyss, mens i byane er det bussavgangar fleire gangar i timen og andre stader er det eit tilbod som heiter FRAM Flexx kor ein kan bestille transport når ein har behov for det. Kollektivtransporten skal også tilretteleggast for passasjerar med svak mobilitet. Døme på slik tilrettelegging er TT- ordninga(tilrettelagt transport), handikapheisar på bussar, høge kantar på haldeplassar for lettare innstigning o.s.v. I denne saka er fokuset på buss, men Møre og Romsdal fylkeskommune har også ansvaret for tilrettelegging av hurtigbåt og ferjetrafikken i samband med fylkesvegane. Å få til eit godt tilbod er kostnadskrevjande og krev god oversikt. Møre og Romsdal fylkeskommune jobbar no med å gjere ting litt enklare (mest med tanke på passasjerane) og ynskjer no å få litt tilbakemelding på nye ideer. Fylkesrådmannen har, gjennom rammeavtalen mellom fylkeskommunen og Møreforsking Molde, bedt om ei utgreiing av ny takst- og sonestruktur for buss i Møre og Romsdal. Dette arbeidet har vart i om lag eitt år i 2 fasar. Fase 2 er no ferdig og i den samanheng ynskjer fylkesrådmannen og sende resultatet av arbeidet på høyring. Prosessen Arbeidet og utgreiinga er eit resultat av politiske bestillingar på ein større gjennomgang av takst- og sonestrukturen i fylket. Samferdselsavdelinga tok initiativ til eit krevjande prosjekt som inkluderte bruk av den regionale transportmodellen for personreiser. Fylkeskommunen har levert data som har gjort at Møreforsking Molde har hatt moglegheit til å vidareutvikle kollektivtransportdelen i den regionale transportmodellen. Dette er årsaken til at utgreiinga har tatt noko lengre tid enn det som var signalisert tidlegare.
Arbeidet med utgreiing av takster har vore organisert i to fasar. Det har vore oppstartsmøte og midtveismøte for kvar fase, samt dialog undervegs. Det er levert omfattande statistikk og rutedata frå ruteplanleggingssystem og billetteringssystem til Møreforsking. I tida mellom fase ein og fase to brukte Møreforsking eit 7-soners system som døme på korleis ei slik analyse med bruk av den regionale transportmodellen ville bli. Dette forslaget vart noko omarbeidd før arbeidet i fase 2 starta, men er tilnærma slik Møreforsking brukte som utgangspunkt. Eit 7-soners system er inspirert frå til dømes Rogaland. Forslaget om 16 sonarer utarbeidd i administrasjonen. Dette forslaget bygger på ein struktur som i best muleg grad tek omsyn til pendlarstrømmar, men som har noko finare inndeling. Fylkesrådmannen ynskjer å sende resultatet frå Møreforsking sitt takstarbeid på høyring. Dette fordi dei foreslåtte endringane kan gi betydelege endringar for folk flest. Det vere seg endringar i sonestruktur som foreslås endra frå dagens 500 soner til 16 eller 7 soner samt endringar i takstane. Dette vil også ha innverknad for skulane sin eigenandel på skuleskyssen. Høyringsfrist blir satt til 8. mai. Om dagens takst- og sonestruktur For å gi eit litt betre grunnlag for gjere samanlikningar mellom dagens situasjon og forslaga til Møreforsking vil vi nedanfor gi kort informasjon om dagens system. I dag er fylket delt inn i om lag 500 sonar. Med nokre avvik er desse sonene om lag 6 kilometer lange. Nokre av desse sonene er fylkeskryssande. Dette gjelder i hovudsak rutene til Trondheim og over grensa til Sogn og Fjordane. Det er tal på sonepasseringar som avgjer kor mykje ein må betale på ei bussreise. I første reisesone betaler ein en slags «starttakst» (37 kr på enkeltbillett i 2019) så kjem det på eit tillegg for kva sonegrense ein passerer. Det er i dag ein trend der mange fylkeskommunar går mot eit forenkla sonesystem med færre og større sonar. I Oslo og Akershus vart talet sonar redusert frå 88 til 8 sonar allereie i 2011. Når ein legg om til større sonar må ein også gjere noko med takstane for at fylkeskommunen ikkje skal tape pengar. Det er i slike samanhenger at vi bruker begrepet «provenynøytralitet». Ei omlegging av slike sonesystem fører gjerne til at korte reiser blir litt dyrare og lange reiser blir noko billegare enn i dag.
Dagens sonekart (frå reiseplanleggaren) Produkt og betaling Nedanfor følger ein oversikt over dei mest selde produkta. Produktnavn Pris 2018 Informasjon/gyldighet Enkeltbillett Vaksen 37 (sone 1) Frå fylte 16 år og oppover Enkeltbillett barn 19 (sone 1) Kan kjøpast fram til man fyller 16 år Enkeltbillett honnør 19 (sone 1) Kan kjøpast av alle med honnørbevis og dei som er fylt 67 år. Periodebillett «område» 30 dagar Periodebillett vaksen 30 dagar Periodebillett vaksen 15 dagar Vaksen 460-725 kr, Barn 310-405 kr Frå 688 kr -2664 kr Frå 354 1342 kr Periodebillett som seles i utalte områder (hovudsakleg byområder) i fylket. Desse er ekstra rabattert. Kjøper frå sone til sone så langt ein ønsker Kjøper frå sone til sone så langt ein ønsker
Periodebillett student 30 dagar Frå 413-1598 kr Kjøper frå sone til sone så langt ein ønsker Periodebillett student 15 dagar Frå 212 805 Kjøper frå sone til sone så langt ein ønsker Fram Ung 426 kr Med denne billetten kan ein reise fritt i heile fylket med unntak av flybuss, nattbuss og Kystekspressen. Gjeld fram t.o.m. fylte 22 år. For komplett oversikt over produkta våre viser vi til nettsidene våre (https://www.frammr.no/fram/billettar/billettoversikt - lenke 21.01.19) Billettar kan kjøpast på bussen, på salskontor i Molde, Kristiansund, Moa og i Volda. Både kontantar og bankkort kan brukast på salskontor og om bord i bussen. I tillegg kan ein nytte mobilapp og kjøpe billettar på nettbutikk. Om mobilapp Den «nye» mobilappen(den som nyttast no) blei lansert i juli 2017. Før den hadde Møre og Romsdal fylkeskommune ein mobilapp kor ein berre kunne kjøpe enkeltbillettar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Salet på denne var lågt. Nedanfor kan dykk sjå korleis salet av billettar på mobilapp har endra seg frå den «nye» appen vart teken i bruk. Ein ser tydeleg at den mobilappen vi har i dag har blitt populær. Salet har auka mykje og ein kan sjå at salet varierer mykje frå månad til månad. Desember er ein månad med svak omsetning på buss og hurtigbåt.
I 2017 var salet samla på mobilapp om lag 4 mill. kroner, og i 2018 om lag 17 mill. kroner inklusive mva. Desse tala inkluderer også sal av mobilproduktar for hurtigbåt. Omsetninga på mobilappen for 2018 er om lag 9 prosent av total omsetning på buss og hurtigbåt. Utgreiinga Møreforsking Molde skriv i si oppsummering at dei har analysert 15 alternativ: 5 alternativ med takstendringar i dagens system (D2 D6) og 5 alternativ (A E) med eit 7- og eit 16-sonerssystem. Ein føresetnad for analysen har vore å endre takstsystem på ein måte som aukar kollektivreiser utan å redusere inntektene for Møre og Romsdal fylkeskommune (provenynøytralt). Med dagens system viser modellanalysane at lågare enkeltbillettprisar kan auke kollektivtrafikken betydeleg, men alternativa gir lågare inntekt enn i referansesituasjonen. To alternativ (D5 og D6) gir moderat inntektsnedgang på 5 mill. per år, på lang sikt. Inntektsbortfallet er betydeleg større på kort sikt. 7-soners system 16-soners system Dei alternative sonesystem (7-soner og 16-soner) gir noko høgare inntekter enn dagens system. Forskjellane mellom sonesystema er små og på generelt grunnlag ser vi ikkje grunn til å anbefale det eine framfor det andre. B-alternativa aukar kollektivreisene mest, men gir ein vesentlig inntektsnedgang på kort sikt.
Av figuren (henta frå rapporten) ser vi at det er alternativ D4 som gir størst auke i kollektivreiser, med 9000 nye reiser kvar dag (virkedøgn = måndag til fredag utanom heilagdagar/kvardagar). I dette alternativet blir takstane betydelig redusert, og kjem ned mot det det kostar å bruke bil i dag. Her blir taksten for enkeltbillett satt ned med heile 50 prosent. Maksprisen blir satt ned til 50 kroner tilsvarande om lag ei sonepassering i dag. Månadskort på over 800 kroner får også en prisreduksjon på 50 prosent for den delen av prisen som overstig 800 kr. Alternativ D5, B- og D-alternativa med 7- og 16-soners system gir også ein god trafikkvekst på om lag 5000 reiser per døgn. Til samanlikning er det 22 000 kollektivreiser på ein virkedag i dag (skulereiser er ikkje med i dette talet). Figuren under viser auken i prosent. Ut frå denne figuren ser vi at sjølv med betydeleg takstreduksjon som i alternativ D4, så vil vi berre oppnå ein auke på 35 prosent i talet på kollektivreiser i fylket.
Alternativ som gir provenynøytralitet innanfor fem år er A-alternativet og E- alternativet med 16 soner. A-alternativa gir sterkast trafikkvekst, men E- alternativet med 16 soner blir raskast provenynøytralt. Valet mellom desse avhenger av risikovilje og evne til å tåle kortsiktig nedgang i inntekter. Ein muleg strategi kan vere å velje alternativ E med 16 soner og trinnvis endre takstane i retning av B-alternativet.
I tabellen over (frå rapporten) ser vi gjennom kolonne «Eksisterende trafikk» at referansen i rapporten er 200 mill. kroner i inntekter (hurtigbåt og buss samla). I alternativ D4 som gir størst auke i reiser, så er beløpet i kolonna 137 mill. kroner. Dette gir ein betydeleg risiko for fylkeskommunen sine inntekter, men er utan tvil det alternativet som gir den optimale utviklinga i kollektivtrafikken. For A- og E- alternativa for 7- og 16-soners system varierer beløpet i «Eksisterende trafikk»- kolonna mellom 190 og 198 mill. kroner. Det betyr at fylkeskommunen dei første åra kan risikere ein inntektsnedgang som følgje av omlegginga. I «Sum»-kolonna i tabellen finn vi samla inntekt i eit langsiktig perspektiv. Anslag på kor lang tid det tar før vi har ei inntekt tilsvarande det vi finn i «Sum»-kolonna er lista opp i kolonne «Provenynøytralitet». Billettprisant i 7-soners alternativet er vist under (inkluderer ikkje «ferjedelen» av billetten): A-alternativet E-alternativet Billettprisane i 16-soners alternativet (inkluderer ikkje «ferjedelen» av billetten):: A-alternativet E-alternativet Pris for hurtigbåt er likt som i dag. Vurdering Rapporten som Møreforsking Molde har levert vil vere eit viktig verktøy for fylkeskommunen framover. Rapporten viser kva takst- og sonestruktur som vil vere provenynøytralt både på kort og på lang sikt, i tillegg til at vi har fått ei utgreiing som viser kva rolle takst har i verkemiddelapparatet vi vurderer for å få fleire til å reise kollektivt. Rapporten viser tydeleg at for å nå dei ambisiøse måla vi har sett oss i byane i fylket, så må fleire verkemiddel takast i bruk. Om vi definerer eit av hovudmåla for samferdsel i fylkesplanen som grunnlag for å velje alternativ, så skulle fylkeskommunen ha tilrådd at vi valte alternativ D4 eller eit alternativ med tilsvarande takstnivå for 7- og 16-soners takstsystem. Dette alternativet ser vi ikkje at vi har økonomi til å finansiere no.
I omtalen av rapporten finn vi at det er fire alternativ som kan vere aktuelle på kort sikt, i tillegg til dagens takst- og sonestruktur. Dette er alternativ S7A, S16A, S7E og S16E. Desse gir i verste fall eit inntektsbortfall for fylkeskommunen på 10 mill. kroner det første året ved innføring. Trafikkauken varierer mellom 1 prosent og 5 prosent. Det er òg viktig å merke seg at Møreforsking si utgreiing ikkje omtalar skulereiser. Dette er også inntekter som er med på å finansiere kollektivtilbodet. Fylkeskommunen har ikkje enda rekna på konsekvensane for inntektene av skuleskyssen. Dette vil bli rekna på i den perioden ny takst- og sonestruktur er ute på høyring, og vil vere ein del av vurderingane når tilråding for nytt takst- og sonesystem skal leggast fram for endeleg behandling seinare i år. Gjennom denne rapporten har vi indikasjonar på kva ulike takstnivå vil bety på kort og lang sikt for fylkeskommunen. På bakgrunn av økonomi, og føresetnad om provenynøytralitet, så vel administrasjonen å tilrå at vi ber om innspel på A- og E- alternativa for 7- og 16-soners system sett i forhold til dagens takst- og sonestruktur. Det å be om innspel på eit takstnivå vi har vanskar med å finansiere (til dømes D4), vil vere å skape falske forhåpningar blant kundar og elles i samfunnet. Framover vil vi kunne bruke denne rapporten for å justere oss inn mot dei alternativa som gir størst auke i talet på reiser, men med det tempoet som dei samla vurderingane av fylkeskommunen sin økonomi gir opning for. Betalingsmiddel I dag er det ikkje prismessige fordelar med å nytte mobilappen. Det har vore vurdert at appen sine mange praktiske fordelar er gode nok argument for at folk skal velje å nytte app framfor tradisjonelle billettar og kort. Salet av mobilapp har vore aukande, men det er no ein tendens til at auken stagnerer. Nokon av fordelane med mobilapp og vanlege reisekort(månadskort o.l.) er at billetteringa går mykje raskare enn ved bruk av enkeltbillettar. Det blir da lettare for bussane å holde tida på ruta. Det er viktig med presise bussar for å auke bussens attraktivitet. Andre fylkeskommunar har valt å differensiere prisane for app og enkeltbillettar. Nokon har rabatt ved kjøp av billettar på app og nokon har valt å auke prisen på enkeltbillettar selt på bussen. Administrasjonen vil i saka som blir lagt fram etter høyring legge fram ei vurdering av takstnivået både generelt, og om det skal vere differensiert prising alt etter kva betalingsmiddel som blir brukt. Prosessen vidare Rapporten frå Møreforsking i fase 2 gir svar på kva for sonestruktur og takstnivå dei meiner kan være best for å nå føresetnad om fleire passasjerar utan at det blir reduserte inntekter. Møreforsking presiserer at dei analysane dei har utarbeidd viser resultat på lang sikt, noko om inneber at det kan ta fleire år før vi har fått full effekt av tiltaka. Endringa kan også skje tidlegare, men dette er usikkert. Tidsperspektivet er presentert for kvart alternativ i rapporten. Fram mot samferdselsutvalet sitt møte i juni vil fylkesrådmannen tilrå eventuelle endringar i takst- og sonestrukturen for buss i Møre og Romsdal, samt rutinar for årleg justering av takster i kollektivtrafikken. Saka skal leggast framfor fylkestinget i juni.
Fylkeskommunen vil i høyringsbrevet be om innspel på Sonestrukturen o halde fram med dagens takst- og sonestruktur o gå for eit 16-soners system gjennom alternativ S16A eller S16E o innføre 7-soners system gjennom alternativ S7A og S7E. konsekvensane for skuleskyss Mogleg framdriftsplan: 8. mai: Frist for høyringsinnspel 8. mai 15.mai: Administrasjonen går gjennom innspel frå høyringa og utarbeider forslag til ny takst- og sonestruktur for buss i Møre og Romsdal 12. juni: Samferdselsutvalet 17. juni: Fylkesutvalet 18. juni: Fylkestinget Forslag til vedtak: Samferdselsutvalet vedtek å sende rapporter frå Møreforsknings sitt utredningsarbeid om takstar på høyring. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Arild Fuglseth samferdselssjef Vedlegg 1 Fase 1 - Takstutredning MRFK 2 Takster i Kollektivtransporten i Møre og Romsdal rapport