VANYLVEN KOMMUNE OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL UTVAL: Formannskapet Møtestad: Ordførarens kontor - Rådhuset, Fiskå Dato: 04.09.2018 Møtet tok til 09:00 Møtet slutta 13.30. Møtet var innkalla ved utsend sakliste datert 30.08.2018. Ekstrasak (sak 115/2018) vart utsend 03.09.2018. Varaordførar / fung. ordførar Bjarne Sætrenes leia møtet. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Bjarne Sætrenes Varaordførar / fung. ordførar FRP Ingebrigt Berget Medlem SP Idar Brekke Medlem H Øystein Blom Medlem KRF Lena Nordal Vedeld Medlem H Ottar Jan Løvoll Medlem AP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Lena Landsverk Sande Ordførar V 6 av 7 medlemar møtte Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Andreas Chr. Nørve Rådmann Frode Vik Kommunalsjef kultur- og oppvekstsektor. T.o.m. sak 106/2018 Kåre Kvangarsnes Møtesekretær Vidare møtte kommunalsjef teknisk sektor Terje Kolstad under «Eventuelt». Rådmann Andreas Chr. Nørve gjekk frå som ugild i sak 113/2018.
Underskrifter: Vi stadfestar at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. 6143 Fiskå, den
SAKLISTE Saksnr. Sakstittel Arkivkode PS 104/2018 Godkjenning av innkalling PS 105/2018 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte PS 106/2018 Skriv og meldingar PS 107/2018 Ambulant team barn og unge- forprosjekt 223 PS 108/2018 Høyringsuttale til skulebruksplan 2019-2020 til Møre og A20 Romsdal fylkeskommune PS 109/2018 Finansiering av tiltak til kyrkjelege føremål 210 PS 110/2018 Klimaplan 2018-2030 - Høyring av plan 147 PS 111/2018 Oppgradering slamdeponi - Miljøstasjonen M61 PS 112/2018 Samhandling og informasjon mellom kommunale føretak, 610 andre næringsaktørar og kommunale organ PS 113/2018 Endra vedtekter for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid 026 (SSIKT) og val av vararepresentant til styret i SSIKT PS 114/2018 Startlån - revidering av dei kommunale retningslinjene 252 PS 115/2018 Startlån - søknad om auka midlar frå Husbanken 251 Eventuelt
PS 104/2018 Godkjenning av innkalling Innkallinga vart godkjend. PS 105/2018 Godkjenning av møteprotokoll frå siste møte Møteprotokoll frå siste møte vart godkjend. PS 106/2018 Skriv og meldingar Kommunalsjef kultur- og oppvekstsektor Frode Vik orienterte om tilsetjingsprosessen rektor Fiskå skule. Formannskapet ynskte at ved tilsetjing i mellomleiarstillingar vert administrasjonsutvalet involvert i tilsetjingsprosessen. Rådmannen lufta tankar om å flytte formannskapsmøtet 6. november fram til 30. oktober grunna deltaking på KS sin haustkonferanse. Framlagde orienteringar vart tekne til vitande. PS 107/2018 Ambulant team barn og unge- forprosjekt Tilråding: Forprosjekt for oppretting av ambulant team for born og unge vert teke til vitande Det vart gjort slik samrøystes Forprosjekt for oppretting av ambulant team for born og unge vert teke til vitande. Kartlegginga vert lagt fram for politisk handsaming etter at forprosjektet er avslutta i februar 2019 med evt. anbefaling om vidare handtering og kostnader.
PS 108/2018 Høyringsuttale til skulebruksplan 2019-2020 til Møre og Romsdal fylkeskommune Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Utkast til høyringsuttale (med språklege rettingar) til skulebruksplan 2019-2020 er teke til vitande og det er semje om uttalen som følgjer som vedlegg til saka. PS 109/2018 Finansiering av tiltak til kyrkjelege føremål Ingebrigt Berget foreslo at saka vert utsett. Det vart gjort slik samrøystes Sak vert utsett. Rådmannen legg fram saka på nytt når han har fått avklart Opplysningsvesenets Fond si rolle og ein har hatt dialog med Fellesrådet om varmepumper i staden for sikring av røromnar. PS 110/2018 Klimaplan 2018-2030 - Høyring av plan Tilråding: Med heimel i plan- og bygningslova 11-14 vert Klimaplan 2018-2030 lagt ut til offentleg høyring i 6 veker. Tilleggsframlegg frå Ottar Jan Løvoll: Punkt 5.2 Innbyggarretta tiltak: Årleg med start våren 2019. Votering: 4 røyster for tilrådinga. 2 røyster for tilrådinga pluss framlegget frå Ottar Jan Løvoll. Med heimel i plan- og bygningslova 11-14 vert Klimaplan 2018-2030 lagt ut til offentleg høyring i 6 veker.
PS 111/2018 Oppgradering slamdeponi - Miljøstasjonen Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår at: 1. Slamdeponi på Lilleeide Miljøstasjon blir oppgradert i tråd med krav stilt av FM-MR i mellombels løyve for mottak og enkel rankekompostering av septikslam/organisk avfall. 2. Prosjektet skal finansierast med hjelp av låneopptak avgrensa oppover til kr. 500.000. 3. Prosjektet hastar og må vere ferdig til haustens tømerunde for septiktankar og inneber mellom anna støyping av tett underlag (betong) og oppsamling av sigevatn som koplast til avlaupsleidning. PS 112/2018 Samhandling og informasjon mellom kommunale føretak, andre næringsaktørar og kommunale organ Samrøystes tilråding som framlegget med slik endring i første setning: Vanylven Utvikling AS vert endra til Vanylven Eigedom AS. Formannskapet tilrår: Vanylven Verdi KF blir gitt fullmakt til å forvalte kommunen sine eigarinteresser i Vanylven Eigedom AS. Vanylven Verdi KF har ansvaret for godt samarbeid, openheit og god informasjonsflyt mellom Vanylven Verdi KF, Vanylven Eigedom AS, Vanylven Utvikling AS og dei sidestilte eller underliggande føretaka. Kommunestyret skal årleg utarbeide eit tildelingsbrev til Vanylven Verdi KF og Vanylven Utvikling AS, med m.a. krav om samhandling, informasjon og rapportering. Vanylven Verdi KF og Vanylven Utvikling AS blir kvart halvår invitert til kommunestyret for å informera om drifta, planar, utfordringar, samarbeid med andre aktørar.
PS 113/2018 Endra vedtekter for Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) og val av vararepresentant til styret i SSIKT Tilråding: Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) sine vedtekter 5 nr. 1 blir endra og skal lyde (endringa er understreka): «Styret skal bestå av ein medlem frå kvar av deltakarkommunane. Styremedlem frå den enkelte kommunen skal vere rådmannen eller den rådmannen utpeikar. Kvar styremedlem skal ha ein personleg vara frå eigen kommune som rådmannen i kommunen utpeikar.» Rådmannen får fullmakt til å velje ein varamedlem. Rådmannen tok opp spørsmål om gildskap styremedlem i SSIKT. Med 4 røyster mot 2 røyster vart han kjend ugild og gjekk frå under handsaminga. Framlegg frå Ottar Jan Løvoll: Oppfordrar rådmannen til å velje ein representant frå kommunestyret i Vanylven som varamedlem. Votering: 4 røyster for tilrådinga minus siste setning. 2 røyster for tilrådinga minus setning og framlegget frå Ottar Jan Løvoll. Formannskapet tilrår: Søre Sunnmøre IKT-samarbeid (SSIKT) sine vedtekter 5 nr. 1 blir endra og skal lyde (endringa er understreka): «Styret skal bestå av ein medlem frå kvar av deltakarkommunane. Styremedlem frå den enkelte kommunen skal vere rådmannen eller den rådmannen utpeikar. Kvar styremedlem skal ha ein personleg vara frå eigen kommune som rådmannen i kommunen utpeikar.» PS 114/2018 Startlån - revidering av dei kommunale retningslinjene Tilråding: Dei kommunale retningslinjene for startlån av 13.01.2015 sak 08/2015 blir oppheva. Grensa for politisk handsaming av startlån vert auka til kr. 1.000.000,-. Framlegg frå Ottar Jan Løvoll: Grensa blir fortsatt på kr. 500.000,-.
Tilleggsframlegg frå Idar Brekke og Øystein Blom: Der administrasjonen er i tvil vert saka å legge fram for formannskapet til politisk handsaming. Tilleggsframlegg frå Lena Nordal Vedeld: Husbanken sine retningsliner vert gjort gjeldande. Votering: 5 røyster for tilrådinga pluss tilleggsframlegga. 1 røyst for framlegget frå Ottar Jan Løvoll. Dei kommunale retningslinjene for startlån av 13.01.2015 sak 08/2015 blir oppheva. Grensa for politisk handsaming av startlån vert auka til kr. 1.000.000,-. Der administrasjonen er i tvil vert saka å legge fram for formannskapet til politisk handsaming. Husbanken sine retningsliner vert gjort gjeldande. PS 115/2018 Startlån - søknad om auka midlar frå Husbanken Samrøystes tilråding som framlegget. Formannskapet tilrår: Vanylven kommune søkjer om kr. 3.000.000,- ekstra i startlån frå Husbanken til vidaretildeling for 2018. Eventuelt: Ottar Jan Løvoll tok opp desse sakene: Ordførar og rådmannsmøta for kommunane på Søre Sunnmøre. Viste m.a. til medieoppslag om Nordøyvegen etter eit slikt møte. Bad om å få tilsendt sakspapir og møteprotokollar. Vassforsyninga i Syvde dårleg vatn. Foreslo at det vert halde eit folkemøte i Syvde. Formannskapet var samde om at det vert halde eit slikt folkemøte i kommunal regi der m.a. Syvde vassverk og Mattilsynet vert invitert. Ingebrigt Berget tok opp spørsmål om oppdatering av legeplanen. Rådmannen opplyste at kommunalsjef helse- og omsorgssektor vil orientere formannskapet 3. oktober. Rådmannen opplyste at det vert møte med frivillege lag og organisasjonar og fylkeskultursjefen om kvelden 18. september. Innkalling vert sendt til formannskapet med det første.
Ingebrigt Berget tok opp sak der vart bedt om at ein vurderte om saka skulle drøftast for lukka dører. Debatten om lukking av møtet vart halde for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 2 vedtok formannskapet å handsame saka for lukka dører. Grunngjevinga er at det finst lovbestemt teieplikt; jfr. off.lova 13 og dessutan forvaltningslova 13 forretningsforhold. Rådmannen tok opp sak til orientering. Han bad om lukka dører under orienteringa. Debatten om lukking av møtet vart halde for lukka dører. Dørene vart så opna og formannskapet røysta over forslaget om lukking. Med heimel i kommunelova 31 nr. 3 vedtok formannskapet at rådmannen orienterte for lukka dører. Grunngjevinga er at saka gjeld tenestemessige tilhøve til einskildperson. Rett utskrift 05.09.2018 Kåre Kvangarsnes