I den strategiplanperioden skal BUL arbeide med og utvikle desse hovudområda:

Like dokumenter
Lagsøkonomien frametter

LOV OG FØRESEGNER. for. Bondeungdomslaget i Kristiansand. Vedteke på omframt årsmøte 18.oktober Oppdatert etter årsmøtet 8. februar 2012.

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)


(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

"Herr Kurz i biblioteket" (Ref #acf00c3e)

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Frivilligpolitisk plattform

HANDLINGSPLAN 2017 MENTAL HELSE SYKKYLVEN

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Norske Landbrukstenester. Strategisk plan

ÅRSMØTE I LEIKARRINGEN BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. Lagsrommet (kjellar), Rosenkrantz gate 8 Tysdag 7. mars 2017 kl

7. Festivalar. Statistiske analysar 127 Kulturstatistikk ,5 millionar til musikkfestivalar

Framlegg til endring av lova

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

#Norge 2030 Eit annleis OL

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Program for. Årdal Venstre

HANDLINGSPLAN 2018 MENTAL HELSE SYKKYLVEN

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Ei kokebok for kulturkontakten og kommunekontakten

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Telemark musikkteater TMT

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

VEDTEKT av februar 2007

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

TILSKOTSORDNINGAR, PRISAR OG STIPEND

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

Handlingsplan Vik IL

Kommunedelplan for oppvekst

7. Festivalar. 30 millionar til musikkfestivalar. Knutepunktfestivalane 61 millionar kroner i støtte. 82 Statistisk sentralbyrå

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

ÅRSMELDING 2014 FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO

Hovudområde Delområde Mål 2016

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Ål Venstre. Ål Venstre

No sprett knuppane og sevja stig

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Velkomen til Røde Kors!

Å VERA KULTURKONTAKT I ROGALAND

ÅRSMØTE I LEIKARRINGEN BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. Lagsrommet (kjellar), Rosenkrantz gate 8 Tysdag 17. februar Kl

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Frivilligpolitisk plattform

Strategisk plan. For Norske Landbr ukstenester

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Strategiplan

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Lokal utviklingsplan. Den kulturelle skulesekken og beremeisen. skuleåret 2011/2012 KULTURNYKELEN

Kommunikasjonsplan ULLENSVANG KOMMUNE. - den nye kommunen i Hardanger. Me er på veg mot

MØRE OG ROMSDAL FYLKESLAG SLUTTRAPPORT. Prosjektnummer: 2008/1/0468. Dette prosjektet er støtta med EXTRA-midlar frå

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Trygg og framtidsretta

Poesislam i UKM (Ref # )

Visjon og verdiar KLAR for Stranda

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Målbruksplan for Ål kommune

INTERNASJONAL STRATEGI

VEDTEKTER FOR FOLKEHØGSKOLEFORBUNDET

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Transkript:

STRATEGIPLAN 2019-2023 - EIN HEIM Bondeungdomslaget i Oslo er ein frilyndt kultur- og idrettsorganisasjon med aktivitetar innan folkedans, teater, musikk, idrett og språk. Vi skal vere ein heim, og skape fellesskap og samhald på tvers av bakgrunn og alder vere eit lag der medlemmane utviklar seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske vere ein arena for aktivitet, språk, mangfald og demokratibygging vere ein synleg aktør med ei tydeleg stemme i utviklinga av lokalmiljøet i Oslo I den strategiplanperioden skal BUL arbeide med og utvikle desse hovudområda: 1. Medlemsorganisasjonen 2. Aktivitetar 3. Eigedom og forretningsdrift 4. Samarbeid med andre Kvart år skal det utarbeidast ein handlingsplan med konkrete tiltak på kvart av områda. 1. Medlemsorganisasjonen BUL skal vere ein medlemsorganisasjon der alle medlemmer skal føle seg velkomne og bli inkludert i aktivitetar og på arrangement. Det skal leggast til rette slik at det er enkelt å vere tillitsvald og tilsett, og at desse har nødvendig kompetanse til å utføre arbeidet sitt. Det skal vere attraktivt å vere medlem og det skal leggast til rette for at fleire ønskjer å melde seg inn. BUL skal markere seg som ein viktig og relevant organisasjon i Oslo. Aktivitetane og arrangementa til BUL skal synleggjerast gjennom aktiv marknadsføring, informasjon, profilering og merkevarebygging. Nynorskens hus er namnet på huset i Rosenkrantz gt. 8, og er felles merkevarenamn på interne og eksterne aktivitetar og arrangement. Nynorskens hus skal utviklast som eit enno betre og meir synleg kulturhus for laget sine aktivitetar og arrangement, og andre hendingar i huset. 2. Aktivitetar 2.1 Hovudlaget Hovudlaget skal legge til rette for laget sine aktivitetar. Hovudlaget har ansvar for nokre arrangement som er samlande for alle medlemmer og andre interesserte. Hovudlaget skal sørge for gode og trygge rammer for aktiviteten til særlaga. 2.2 Særlaga Særlaga er grunnpilaren i aktivitetane til BUL, og skal tilby aktivitetar i samsvar med føremålet til kvart særlag. IDROTTSLAGET skal vere ein idrettsklubb for barn og unge, mosjonistar og utøvarar i Noregs- og verdseliten. Friidrettsgruppa skal vere av dei største og beste i landet. Det leggast inn ressursar i å oppretthalde og vidareutvikle eit breitt og godt tilbod for menneske med utviklingshemming (BVTgruppa). Langrenn skal vere ein liten, men viktig del av Idrottslaget. Sentrumsløpet skal vere eit av

dei største mosjonsarrangementa i Noreg med over 10 000 deltakarar kvart år. (Sjå også eigen strategi/handlingsplan for idrett.) LEIKARRINGEN skal vere eit leiande folkedansmiljø i hovudstaden der nybyrjarar, erfarne dansarar (og utøvarar som satsar på ein karriere) skal ha eit tilbod. Det vil i perioden bli lagt vekt på eit breitt dansetilbod, og arbeid mot å styrke song- og stordansen i framtida. Tilbodet til barn og ungdom vil bli vidareutvikla i samarbeid med barnelaget i Oslo. SONGLAGET skal arbeide for ein brei rekruttering i alle aldersgrupper og både kjønn. SOL skal vere toneangjevande innan kormiljø med repertoar frå både norsk og utanlandsk folkekultur. SOL skal særleg søkje å få inn nye songarar med ulik kulturell bakgrunn, og å gje nye nordmenn med interesse for kor "ein heim heimanfrå" slik Nynorskens hus er og har vore for bundeungdommen. Repertoaret skal spegla folkekultur som finnast i hovudstaden. Songlaget ynskjer som organisasjon å bidra til mangfald og integrasjon, både i korsamanhang og i BUL. TEATERLAGET skal vere open for utøvarar i alle aldrar og med ulik teaterbakgrunn, og vere plass for å utvikle seg innan teater og personleg. Laget skal vere blant dei leiande amatørteater i hovudstaden, som spelar på nynorsk. I perioden skal det satsast meir på ulike teaterkurs både for nybyrjarar og erfarne utøvarar. 2.3 Språk Bruk av, og arbeid for, nynorsk er ein viktig del av arbeidet til BUL. Nynorsk er administrasjonsspråk og skal brukast i all skriftleg kommunikasjon. Laget skal legge til rette for god språkbruk og eit positivt syn på nynorsk. BUL skal vere med på å utvikle og setje ut i livet eit tilbod i Nynorskens hus som gir barn og ungdom i Oslo større kunnskap og eigarskap til nynorsk. Deltakarane skal samstundes få kjennskap til historia til målrørsla, BUL og Nynorskens hus. Målnemnda skal vere eit kompetanseorgan og gir råd om språkbruk i BUL og forretningane. Nemnda skal bidra til auka kunnskap og interessa for nynorsk og dialekt gjennom språkkurs og andre typar arrangement. 2.4 Nynorskens hus Nynorskens hus skal vere eit kulturhus med stort rom for ulike kulturuttrykk på tvers av generasjonar og bakgrunn, spesielt knytt til teater, dans, språk, debatt, kunnskap og demokratibygging. Vi skal arbeide for utvikling av huset og vere budd på vekst når det let seg gjere. Nynorskens hus er den viktigaste staden for utvikling av folkekulturaktivitetane til BUL; Leikarringen, Teaterlaget og Songlaget. Det er hovudarena for Den mangfaldige scenen. Nynorskens hus skal vere ein samlingsstad for nynorskarrangement i Oslo, og leigast ut til eksterne arrangement, som bidreg til føremålet og synleggjering av huset. 3. Eigedom og forretningsdrift 3.1 Lagsområda i Rosenkrantz gt. 8 Bøndenes Hus AS eig, forvaltar og utviklar eigedommen Rosenkrantz gt. 8. Laget skal sikre eit godt vedlikehald, og gjennomføre årlege investeringar som gir gode og tenlege lokale for brukarane. Det skal utarbeidast ein 10-årig rullerande plan for investeringar i laget.

Lagslokala skal leggast til rette for aktivitet for, av og med BUL sine medlemmer. Lokala skal opnast og leigast ut til andre når det er tenleg for laget. Den interne og eksterne bruken skal speile bredda i aktivitetane til BUL og gjere at Osloborgarar flest kjenner BUL som eit lag som arbeider for lokal aktivitet og tilbydar av eit breidt kulturtilbod i Oslo. 3.2 Hyttene Både Røkleivhytta og Bondehytta skal haldast godt ved like, og det skal utviklast ein plan for vedlikehald og investeringar i perioden. Det er eit mål at fleire medlemmer skal bruke hyttene. 3.3 Forretningsdrift BUL skal føre ei bærekraftig forvaltning av forretningane, samtidig som forretningsdrifta skal gi god avkastning som sikrar god og stabil drift i laget. Forretningane og laget skal arbeide saman for profilering av huset og aktivitetane. 4. Samarbeid BUL er ein del av ein større familie gjennom ungdomslag- og målrørsla, og som deleigar av ei rekke tiltak og bedrifter. Gjennom Idrottslaget er BUL knytt til idrettsrørsla. BUL skal dra nytte av medlemskapen og vere ei aktiv stemme i Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Nynorsk språkforum. BUL skal vere ein aktiv medeigar i bedrifter vi har eigarskap i og dra vekslar på, samarbeide, utveksle erfaring og bidra i vidareutviklinga av desse. Dette gjeld spesielt Den mangfaldige scenen AS, LL Det Norske Teatret, Norsk Barneblad og avisa Dag og Tid.

HANDLINGSPLAN 2019 FOR BONDEUNGDOMSLAGET EIN HEIM Bondeungdomslaget i Oslo er ein frilyndt kultur- og idrettsorganisasjon med aktivitetar innan folkedans, teater, musikk, idrett og språk. Vi skal - vere ein heim, og skape fellesskap og samhald på tvers av bakgrunn og alder - vere eit lag der medlemmane utviklar seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske - vere ein arena for aktivitet, språk, mangfald og demokratibygging - vere ein synleg aktør med ei tydeleg stemme i utviklinga av lokalmiljøet i Oslo I samsvar med ny strategi for perioden 2019-2023 vil følgjande bli gjennomført: 1. Medlemsorganisasjonen - Vi skal innføre nytt økonomi- og rekneskapssystem som skal gjere drifta lettare for både lagskontoret, styret og kasserarar i særlaga. - Vi skal utarbeide ei tydeleg og klar oversikt over fordelar ved å vere medlem i Bondeungdomslaget i Oslo. - Vi skal vurdere og sette i verk tiltak som gjer det betre å vere medlem slik at vi får nye medlemmer. - Vi skal utarbeide ein kommunikasjonsplan for å gjere BUL og laget sine aktivitetar meir synlege. Det skal m.a. vere eit årshjul for kommunikasjons- og marknadsføringsarbeidet. - Vi skal gjere det tydlegare for dei som besøker oss kven vi er og kva vi driv med, m.a. med informasjon om BUL alle stader der det er naturleg å informere om oss. Mellom anna på hyttene, i og utanfor Teatersalen og Lagsrommet. 2. Aktivitetar Hovudlaget Hovudlaget skal ta initiativ til arrangement, og sette i gang arbeid med aktivitetar som er tenlege for heile laget. Vi skal også sørge gode og trygge rammer for aktiviteten til laget. Idrottslaget o skal arbeide for å rekruttere fleire barn og unge med ulik bakgrunn o skal arbeide meir for å auke foreldreengasjementet og dugnadsinnsatsen o skal skipe til Sentrumsløpet, vårstemne og julestemne og dessutan vere medtilskipar av Bislett Games gjennom Bislett Alliansen o skal utvikle tilbodet for psykisk utviklingshemma Leikarringen o skal feire 100-årsjubileum i 2019 o har mål om å danse med 100 dansarar på Karl Johan 17. mai og ha medansvar for Brusteinsballet o skal opprette eit dansetilbod for barn i tillegg til hallinggruppa BULder og Brak o skal ha Dansekveld (Lønningspols) ein gong i terminen o skal delta på Landskappleiken og Oslokappleiken HANDLINGSPLAN FOR LAGET side 1 av 3

o ønskjer å halde fram med å kontinuerleg utvikle og styrke tilbodet på tysdagar o skal halde fram med Søndans ein gong i månaden o skal vere med på konkurransen «Kven veit» Songlaget o skal ha sommarkonsert i juni, julekonsert i desember og fleire konsertoppdrag o skal syngje på Brusteinsballet o skal vere med på relevante prosjekt i Nynorskens hus o skal ha konsert på Sankthanshaugen eldresenter o skal synge i gudsteneste i Slottskapellet o skal delta på Kor-slag i Elverum o ønskjer å bidra i feiringa av Leikarringens 100-årsjubilum Teaterlaget o skal ha to store og gode framsyningar for heile Teaterlaget (juni og desember) o legg opp til å ha eit variert repertoar for ei gruppe på 20-25 skodespelarar o skal ha kurs og samlingar for å bygge laget og auke kompetansen o har ein ambisjon om å få omsett eit teaterstykke til nynorsk o ynskjer at medlemer deltek i prosjekt knytt til Nynorskens hus o skal vere med på konkurransen «Kven veit» Målnemnda o skal halde nynorskkurs og arrangere og ta del i kulturtilskipingar o skal bidra i utviklinga av tilbodet til den Kulturelle skulesekken for 6. klassingar «Ein dag i Nynorsken hus» o skal også hjelpe til med språkrøkt i laget og forretningane Nynorskens hus o skal utvikle innhald og program til «Ein dag i Nynorskens hus» i samband med den kulturelle skulesekken. o skal vere arena for og bidra til programmet under Jon Fosse-festivalen i september o samarbeide med andre nynorskmiljø om arrangement o skal jobbe med utvikling av andre typar arrangement, som t.d. å vere ein nøytral stad for politisk debatt, stand-up, konsertar, boklanseringar og debattar o skal ha lansering av haustprogram: 19. august o evaluere Nynorskens hus. Ressursbruk, innhald og arrangement, økonomi, namnebruk og korleis det støttar opp om BUL som organisasjon. 3. Eigedom og forretningsdrift Lagsområda o Sikre attraktive lokaler ved å halde lagslokala og teknisk utstyr godt ved like. o Henge opp teppe/gardin i Teatersalen for å betre akustikken o Vedlikehalde golvet i Teatersalen o Vurdere omfang og pusse opp lagerområde o Lage ein langsiktig vedlikehalds- og investeringsplan o Gjennomføre og informere om HMT-tiltak o Arbeide med utvikling av utleige utan at det går utover aktiviteten til særlaga. o Samarbeide med forretningane om eit prosjekt om «frukostmøter». HANDLINGSPLAN FOR LAGET side 2 av 3

Hyttene o Bondhytta skal gjere naudsynt vedlikehald ute reparere avløpsrøret gjere naudsynt vedlikehald av vasspumpe sørge for oppgradering badstove og våtrom kjøpe nytt inventar sørge for fjernstyrt varme i Lillestua o Røkleivhytta skal oppgradere piper og eldstader få montert brannstige på taket kjøpe nye møblar oppgradere grunnmuren og fundament, og samtidig bæresystem oppgradere inneveggar og golv Forretningsdrift o Laget skal vere ein god og aktiv eigar av Bøndenes Hus AS for å sikre god avkasting på den investerte kapitalen i forretningsverksemda og ei stabil inntekt til laget. 4. Samarbeid o Laget skal vere aktivt i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, nasjonalt og på fylkesnivå. o Laget skal vere ein god og aktiv deleigar i LL Det Norske Teatret og Den mangfaldige scenen AS og bidra til vidareutvikling av verksemdene. o Som ein av stiftarorganisasjonane skal laget følgje opp Norsk Barneblad og Dag og Tid. o Laget skal vere vert for møte i Nynorsk forum i februar. HANDLINGSPLAN FOR LAGET side 3 av 3