FLORA KOMMUNE PLAN OG SAMFUNN Ola Teigen Markegata 51 6900 FLORØ Vår ref. Dykkar ref. Dato: 18/1349-13/K2-K40/JAOS 13.03.2019 Endring av forskrift om jakt etter hjort, Flora kommune, Sogn og Fjordane - Vedtak Plan og samfunnsutvalet (PSUV) vedtok i sak 025/ 18 den 26.06.2018, "Flora kommune startar arbeid med å samordne minstearealet i forskrift om jakt etter hjort i Flora med dei tilgrensande kommunane som ligg med areal inne i planområde 12". Forslaget til endring vart sendt på høyring 31.01.2019 med høyringsfrist 28.02.2019. Det er kome inn uttale frå 8 vald og jaktfelt samt bondelag og skogeigarlag. Etter å ha vurdert innkomne merknader og dei innsamla data som ligg i Hjorteviltregisteret, og kommunale dokument, finn rådmannen det rett å gå vidare i arbeidet med å endre minstearealet til 500 daa for heile Flora kommune. Når vedtaket er gjort skal det gjerast kjent i Norsk Lovtidend. Vedtak: Flora kommune vedtek å endre minstearealet i forskrift av 8. mai 2003 nr 584 frå 750 daa til 500 daa for heile kommunen. Ny forskrift skal lyde slik; Forskrift om jakt etter hjort, Flora kommune, Sogn og fjordane. Heimel: Fastsett av Rådmannen i Flora kommune 13.mars 2019 med heimel i lov av 29. mai 1981 nr 38 om viltet 16, og forskrift av 08. januar 2016 nr. 12 om forvaltning av hjortevilt 5 og 6. I. Det er lov å jakte hjort i Flora kommune. II. Minsteareal for godkjenning av vald og tildeling av fellingskvote er 500 dekar. III. Denne forskrifta trer i kraft straks og samstundes vert minsteareal for Flora kommune i forskrift av 8. mai 2003 nr 584 om jakt etter hjort, Flora kommune, Sogn og Fjordane, oppheva. Enkeltvedtak fatta med heimel i denne forskrifta kan påklagast i samsvar med reglane i forvaltningslova.( 36.Klageadgang) Postadr.: Besøksadr: Telefon / faks: Bankgiro: E post: Markegata 51 57 75 60 00 / postmottak@flora.kommune.no 6905 FLORØ 57 75 60 01 Org.nr: MVA
Bakgrunn for krav om endring av minstearealet. Grunngjevinga for å starte arbeidet med dette no er at i samband med handsaminga av vertskommune-samarbeidet for forvaltning av hjort i leveområde 12, bør Flora vurdere å samordne minstearealet i forskrift om jakt i Flora kommune med dei andre kommunane. I Flora er minstearealet 750 daa, Naustdal 500 daa og Gloppen 800/500 daa. Vågsøy har 600 daa og Bremanger kommune har intensjon om å senke dette til 500/200 daa. Eit felles minsteareal er ikkje påkrevd, men vil gjere forvaltninga av leveområde 12 litt enklare å administrere. I 2011/2012 var det oppe ei sak om å innføre 2 minsteareal i Flora kommune. Viltnemnda fann då at det ikkje var rett å innføre 2 minsteareal. Eit høgt minsteareal har tradisjonelt vore nytta som eit verkemiddel for å få til samarbeid om store vald, det ein normalt kallar storvald. Etter kvart har minstearealet vorte avgrensande for utttak av hjort i typiske vinterbeiteområder og i område med svært mykje beiteskade. Eit lågt minsteareal vil vere eit fleksibelt reiskap til å regulere ein aukande hjortestamme. Eit altfor lågt minsteareal vil kunne resultere i altfor mange små vald og utfordre samarbeidet. Det er ikkje høve til å ha eit minsteareal for godkjenning av vald, og eit for tildeling av løyve. Høyringa. Forslag til ny lokal forskrift om minsteareal som grunnlag for fellingsløyve på hjort i Flora kommune vart send på høyring til aktuelle parter og vart lagt ut til offentlig ettersyn, jf. forvaltningslova 37. Høyringa vart annonsert i Firdaposten og lagt ut på kommunen si heimeside. Aktuelle parter burde og vere kjende med vedtaket i sak 025/18 i PSUV. Forslaget til endring er og skrive om i lokale aviser. Endringsforslaget er og sendt direkte til: Leiar i Flora Hjorteutval og leiar i Planområde 12, Gunnbjørn Midtbø. Eikefjord bondelag ved Asle Magne Ellingsund Nordalsfjord bondelag ved Jan Arve Midtbø. Flora Bondelag ved Magnus Mjønerud Flora Skogeigarlag ved Anne Karin Kleiven Rynning. Alle valdleiararane med adresse i Hjorteviltregisteret. Merknader til høyringa kunne samordnast eller sendast kvar for seg. Høyringsfristen vart sett til 28. februar 2019. Innkomne merknader Det har kome inn 8 uttaler innan fristen. Flora Bondelag v/styret (Dokument 2) Flora Bondelag mener at minstearealet helst må reduseres til 375 dekar, men ikke større enn 500 dekar for følgende områder i kommunen: Skålefjell Storvald (Svanøy, Svortevik, Standal, Stavang og Høydalane), Stavøy, Askrova/Tansøy, Kinn, Skorpa,Batalden, Hovden, og Årebrot. Skredhaug jaktfelt v/leon Bjarte Petter Tonheim (Dokument 6) Når Flora kommune no er en del av bestandsomåde 12 er det en selvfølge at minstearealet i Flora kommune må settast ned til 500 dekar.stiller meg og tvilande til om korvidt en skal vektlegge eventuelle innspel til høyringa frå storvalda. Dette begrunna eg med at det erei såpass tung og viktig sak at dersom storvalda skal uttale seg på vegne av medlemmane MÅ det ifl. vedtekter og Norsk lov være Vår ref.:2018001349-13/18/1349//558 Side 2 av 5
et ÅRSMØTE vedtak på det. Nordalsfjord bondelag v/stig Midtbø (Dokument 7) På styremøte i Norddalsfjord bondelag 4.2.19. hadde vi oppe sak om å endre minstearealet for for felling av hjort frå 750-500 da. Styret er delt i saka. Fleirtalet er inne for å behalde ordninga som ho er i dag,mens eit mindretal ville forandre den til 500 da. Eikefjord Bondelag v/asle Magne Ellingsund (Dokument 8) Eikefjord bondelag vil halde på minstearealet som er i dag på 750 daa. Minstearealet har 2 funksjonar, den eine er å regulere tildelinga av fellingsløyve, medan den andre er storleiken på minste arealet ein kan godkjenne som sjølvstendig jaktvald. Flora Hjorteutval (Dokument 9) Endeleg svar på høyring av endring om jakt på hjort i Flora Kommune frå Flora Hjorteutval Leiar i Eikefjordhjortevald v/ Gunvar Seljeset, Leiar i Nordalsfjord storvald v/ Gunbjørn Midtbø Leiar i Svardal-Steindal-Osen v/ Asle Magne Ellingsundstorvald: vil fortsette med same areal som i dag. Skålefjell storvald v/torleif Standal har etter årsmøtevedtak 24 februar bestemt å støtte rådmannen sitt forslag. Eikevoll jaktfelt v/kjell Albert Tonheim (Dokument 10) Med dagens hjortestamme mener jeg det er viktig å ha et lavt og likt minsteareal lik resten av kommunene som inngår i Bestandsområde 12. Mitt standpunkt er at vi skal gå for 500 mål som minsteareal også i Flora kommune. Flora Skogeigarlag v/elisabet Solheim (Dokument 11 ) Flora skogeigarlag går inn for at minstearealet skal være 750daa som før. Ved å redusere minstearealet kan ein risikere at fleire små jaktfelt vil bryte ut av storvalda, dette er ikkje ønskeleg. Flora Bondelag v/ styret ( Dokument 12) Flora Bondelag støtter rådmannens forslag til endring av minsteareal for hjortejakt fra 750 dekar til 500 dekar. Vi mener denne endringa er viktig for å skape mindre konflikter mellom aktive bønder og hjorteforvaltninga, men også for å oppnå en sunn hjortestamme gjennom rett forvaltning. I store deler av Flora kommune er uttaket av hjort begrensa av minstearealet. Dette gjelder hovedsakelig i ytre deler av kommunen. Oppsummering av merknadane som er komne inn. Innspela viser tydeleg at det er ulike meiningar om korleis ein skal organisere jakta og kva faktorar ein skal legge mest vekt på. Generelt kan ein seie at det er ynskje om eit lågt minsteareal i indre og høgare deler av kommunen, medan nede ved fjorden og ytterst i kommunen er det eit stadig større ynskje om eit lågt minsteareal. Dei som driv intensivt husdyrhald med store grasareal ynskjer eit lågt minsteareal og ein reduksjon i hjortestammen. Konsekvensar av å endre minstearealet til 500 daa. Flora kommune har om lag 480 000 daa teljande areal som ligg til grunn for tildeling av fellingsløyve. Det er eit kommunalt mål at det skal vere mogeleg på sikt å auke avskytinga til om lag 800 fellingar kvart år. Då bør minstearealet tilpassast dette. Dei siste åra har det vore tildelt litt under 900 løyve. Det tilseier at minstearealet bør vere om lag 500 daa i gjennomsnitt. I dag vil dispensasjon frå forskrifta vere ei permanent ordning for søre del av kommunen og mange av valda på øyane og ytre deler av kommunen, der det no er tildelt maksimalt med eit løyve pr 375 daa. Dersom ein framleis skal ha mål om å felle 800 dyr kvart år så må ein og etablere ein Vår ref.:2018001349-13/18/1349//558 Side 3 av 5
stamme som årvisst kan reprodusere minst 800 kalv kvart år. Dersom minstearealet vert senka til 500 daa slik det er i store deler av tilgrensande kommunar vil Flora kunne auke uttaket med 50 % i dei områda som er mest utsett for skade. Det vil med ein dispensasjon frå minstearealet seie eit tildelt løyve pr. 250 daa teljande areal. Dersom ein vil auke avskytinga ytterlegare så vil det framleis krevje samarbeid over eit større område. Kommunen vil då ha eit meir fleksibelt reiskap til å regulere den til no jamt aukande hjortestamma, og bruken av dispensasjon vil verte redusert til dei deler av kommune som er spesielt utsette. Sjølv med eit minsteareal på 500 daa vil det vere trong for dispensasjon i mange av jaktfelta i ytre. Erfaring tilseier at vald med låg avskyting og mykje areal bak kvart felte dyr normalt vil vere motstander av eit altfor lågt minsteareal. Det same vil gjelde for grunneigarar som ynskjer grunneigarstyrt samarbeid innanfor heile bestadsplanområde 12, medan grunneigarar med omfattande beiteskader, vil hevde at eit lågt minsteareal er heilt naudsynt for å halde stamma nede på eit forsvarleg nivå av omsyn til landbruksdrifta. Innføring av ulike minsteareal i deler av kommunen er førebels vurdert til å ha altfor stor og negativ innverknad på etablert samarbeid i storvalda, då desse i dag går frå ytterste øy til inste isbre. Etter 2020 vil forskrifta gjelde for den som no ligg i Flora. Vurdering etter rettsprinsippa i naturmangfaldlova 8-12. Kunnskapsgrunnlaget er spesielt godt i Flora der ein viser til ein lang periode med innsamla data som no ligg i Hjorteviltregisteret. Hjorten i planområde 12 er jamt reproduserande og ikkje trua ( 8 og 9). I nokre områder vil den samla beslastninga på økosystemet nettopp tilseie at minstearealet bør settast ned ( 10). 11 og 12 er mindre relevant i denne saka. Planområde 12 vil gjennom søknad og godkjenning av plan for område legge føringar for avskyting i heile planområde 12. Planen skal då vere i samsvar med kommunen sine mål. Kommunen må så legge ei slik politisk godkjend plan til grunn for tildeling til alle vald og storvald i kommunen. Denne vil gjelde for godkjenning av fleirårige avskytingsplaner til storvald, og ved årleg retta tildeling til mindre vald. Jaktvald utan plan vil difor framleis få tilnærma lik tildeling som tilgrensande og nærliggande vald som har godkjend plan. Med eit forpliktande samarbeid gjennom godkjende planer vil grunneigarane framleis vere med å legge føringar for viltforvaltninga i kommunen. Med helsing Anders Espeset plansjef Jan Osa sakshandsamar Dette dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ikkje signatur Vår ref.:2018001349-13/18/1349//558 Side 4 av 5
Vedlegg: Tittel Dato Forskrift om jakt etter hjort, Flora kommune, Sogn og 13.03.2019 Fjordane - Fastsetjing av minsteareal Offentlig høyring om nytt minsteareal i Flora-PDF 13.03.2019 Forskrift om jakt etter hjort-gjeldande frå 2019-PDF 13.03.2019 Forskrift om jakt etter hjort-gjeldande i 2018-PDF 13.03.2019 Endring av forskrift om jakt etter hjort, Flora kommune, 13.03.2019 Sogn og Fjordane - Høyring - Innspill fra Flora Bondelag angående minsteareal for 13.03.2019 Hjort Offentleg høyring - annonse 13.03.2019 Strid om hjortejakta i Flora Komune 13.03.2019 Endring av forskrift om jakt av hjort i Flora kommune 13.03.2019 Innspel til bystyresak hjorteforvaltning i Flora 13.03.2019 kommune Høyring om nytt minsteareal på hjort i Flora kommune 13.03.2019 Møte om endring i forskrift om minsteareal i Flora 13.03.2019 Kommune Uttale nytt forslag til hjorteforskrift, minsteareal i Flora 13.03.2019 kommune Tilsvar høring forvaltning av hjortevilt i Flora kommune 13.03.2019 Innspel til høyring om endring av forskrift om jakt etter 13.03.2019 hjort Høringssvar - Endring av forskrift om jakt etter hjort, 13.03.2019 Flora kommune, Sogn og Fjordane Re: 18/1349-2 Endring av forskrift om jakt etter hjort, 13.03.2019 Flora kommune, Sogn og Fjordane - Høyring - Vår ref.:2018001349-13/18/1349//558 Side 5 av 5