attraktive senter i Hordaland



Like dokumenter
REGIONAL PLAN FOR ATTRAKTIVE SENTER I HORDALAND - SENTERSTRUKTUR, TENESTER OG HANDEL. VEDTAK AV PLANPROGRAM

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

2 av 6 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 069/12 12/689 Faste saker 070/12 12/659

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod - helsetenester Marit Rødseth, plansjef,

Tettstadsutvikling i Hordaland - Arendal, 14.juni Fagansvarlig for stedsutvikling, Liz Eva Tøllefsen

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Søknad om samtykke til utviding av handelsareal i Fjord n senter, Eikelandsosen - Fusa kommune

Fylkesdelplan for ny hamn i Bergensområdet.

Granvin herad Sakspapir

PLANPROGRAM Interkommunal næringsarealplan for REGION VEST Eit samarbeid mellom kommunane i Region Vest

Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Kap. 3 Tenester, arbeidsplassar og kulturtilbod Marit Rødseth, plansjef,

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

1

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Regional plan for attraktive senter - ein statusrapport. Plansjef, Marit Rødseth Byregionprogrammet 20.april 2018

Søknad om samtykke til detaljhandel- Kleppestø sentrum områdeplan Plan Askøy kommune

Møteinnkalling Formannskapet

Tettstad- og senterplanlegging i Hordaland

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Samarbeid mellom fylkeskommunen og kunnar om fortetting og knutepunktsutvikling

Forslag til Ungdommens fylkesting februar 2016

Senterplanen som grunnlag for sentrumsutvikling. Plannettverk 22.september 2016 Kst. plansjef Eva Katrine R. Taule

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

2015/ Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Høyringsbrev: Oppstart av planarbeid og utlegging av planprogram for kommunedelplan for trafikksikring

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland og Fusa kommune. Høyring av fellesdelen

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

SOTRASAMBANDET. Vedtatt kommunedelplan for Rv 555 Fastlandssambandet Sotra - Bergen. Parsell: Kolltveit Storavatnet. Utarbeidd av Sotrasambandet AS

Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland - høyring av framlegg til område

Regional senterutvikling i Bergensområdet. Ingerid Solberg, Hordaland fylkeskommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND FRDAG 10 JUNI KL , HØGSKULEN STORD/HAUGESUND, ROMMETVEIT

Møteinnkalling. Side1. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Møtestad: Fylkesutvalssalen, Fylkeshuset. Dato:

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Tilskot til lavterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

Kvar skal handel og kjøpesenter bli plassert i byane og bygdene våre?

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap 052/ Time kommunestyre 041/

REGIONAL KYSTSONEPLAN FOR SUNNHORDLAND OG YTRE HARDANGER. VEDTAK AV PLANPROGRAM

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

OPPSTART OG ORGANISERING AV REGIONAL PLAN FOR SUNNHORDLAND

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

SOGN driftig raus ekte

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Arbeidsliv

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Vedtak av Regional plan for areal- og transport på Haugalandet

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

«Nordhordland kommune»

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Transkript:

Regional plan attraktive senter i Hordaland - senterstruktur, tenester og handel Høyringsrapport planprogram 2013 Regionalavdelinga, planseksjonen 0

INNHALD Side 1 Samandrag og generelle tilrådingar 2 2 Kommunar Askøy kommune 4 Austevoll kommune 5 Bergen kommune 5 Fjell kommune 6 Granvin herad 6 Kvam herad 7 Kvinnherad kommune 8 Lindås kommune 8 Meland kommune 9 Odda kommune 9 Os kommune 9 Osterøy kommune 10 Samnanger kommune 11 Sveio kommune 11 Ullensvang herad 11 Regionrådet Vest 12 Samarbeidsrådet for Sunnhordland 12 3 Statsetatar Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Vest (IMDi) 13 Fylkesmannen i Hordaland 13 Jernbaneverket 13 Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) 14 Statens vegvesen 14 4 Næringsaktørar Bring Cargo 15 Business Region Bergen 15 MERKUR-programmet 16 Næringsalliansen 17 Odda handelsstandforening 17 Olav Thon Gruppen 18 Stord næringsråd 18 Tide Buss 19 5 Andre Morten Utne Pettersen 20 Michael B Hageberg, NHH 20 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 21 6 Adressatar for høyringa 22 1

1 Samandrag og generelle tilrådingar I denne høyringsrapporten er det gjort eit samandrag av alle innspel med vurdering av oppfølging. Det vert vist til link for å sjå dei fullstendige innspela: http://www.hordaland.no/regionalplansenterstruktur (arkivsak hfk 201201793). a er vurdert i høve til om planprogrammet bør endrast. Moment det er peika på er i hovudsak dekka av formuleringane i planprogrammet. Det er difor i liten grad tilrådd endringar. Men dei moment og den tydeleggjering som går fram av innspela vil verta brukt i sjølve planarbeidet. Generelt Der er motteke 33 høyringsinnspel til planprogrammet; 17 kommunar, 5 statlege/regionale etatar, 8 næringsaktørar og 3 andre. Høyringsuttalane gjev eit generelt inntrykk av at planen vert vurdert som viktig for heile Hordaland. a byggjer på gode vurderingar og til dels omfattande prosessar. Uttalar frå 11 kommunar er politisk handsama. Føremål og rammer Planprogrammet gjev rom for å vedta regionale føresegner. Det er kome innspel på at det ikkje bør vedtakast føresegner i planen. Det er ikkje tilrådd endring i planprogrammet for å imøtekoma dette. Føresegner til planen er viktig for å avløysa «Rikspolitiske bestemmelser om kjøpesentre» og få ein regional politikk på området. Formuleringa: «Planarbeidet skal avgrense sentrum i regionsenter og kommunesenter» er etter innspel (Askøy kommune) endra til: «Planarbeidet skal gi rammer for avgrensing av sentrum.» Forholdet mellom regional plan og kommuneplan må vera tydeleg. Føringar for planarbeidet Det er i stor grad peika på at det er viktig at regionale planar samsvarar med kvarandre, og at det er ei viktig problemstilling å avklara samspel og grensesnitt mellom regionale planar og kommuneplan. Koordinering av ulike planar skal gjerast så langt det er råd og tenleg gjennom styring og vedtak. Plantema og utgreiingar Det er ikkje foreslått nye plantema. Det er motteke mange innspel om utgreiingar. Stikkord er senterstruktur, attraktive sentrum, kommunikasjon/transport, handel, arbeidsplassar og offentlege tilbod. Det skal gjennomførast utgreiingar og momenta vert vurdert ved fastsetjing av utgreiingsprogram. Olav Thon Gruppen foreslår utgreiing av korleis kjøpesenter bidreg til bilbruk der ein samanliknar alternative handelsløysingar og inkluderer all transport. Det er foreslått utgreiing ved transportøkonomisk institutt (TØI). Problemstillinga er interessant og generell. Utgreiinga vert prøvd innarbeida i reisevaneundersøking i samband med «regional areal- og transportplan for Bergensområdet». Ut over dette må slike utgreiingar utførast på nasjonalt nivå. Målgruppa for spørjeundersøking om attraktive sentrum er utvida etter innspel. Målgruppa er no heile befolkninga, men med vekt på ungdom. 2

Det er i innspel argumentert både for og imot bruk av handelsanalyse som grunnlag for etablering. Planprogrammet tek ikkje stilling til dette, men opprettheld at handelsanalyse er eit plantema ved utarbeidinga av planen. Det er foreslått at planen vurderer kommunesamanslåing og nedlegging av fylkeskommunen. Desse problemstillingane vert ikkje tatt inn i planprogrammet. Det er kome innspel om å utgreia Granvin si rolle som knutepunkt mellom R 13 og Fv 7. Det er og sett fram ønskje om at fylkeskommunen deltek i eit utgreiingsarbeid om utvikling av Bu som eit knutepunkt mellom fleire kommunar når Hardangerbrua opnar. Desse problemstillingane vert handsama under planarbeidet knytt til senterstruktur. Konsekvensutgreiing Det er foreslått å inkludera utgreiing av tenester og arbeidsplassar i tillegg til handel under alternativ 1. Det er berre handel som gjev grunnlag for vedtak av føresegner i planen. Det vert difor ikkje tilrådd å endra alternativ 1. Planprosessen Interessa for å delta i planarbeidet er stor. Av dei som har gjeve innspel seier 19 at dei ønskjer å delta i styringsgruppe/arbeidsgruppe/temagruppe. Det vert tilrådd at det er ulike kommunar som er representert i styringsgruppa og i arbeidsgruppa. Alle som ønskjer å delta i temagrupper/temamøter vert invitert. Arbeidsgruppa er foreslått uendra. Dei som er foreslått har sagt seg positive til å delta. Alle regionsentra er foreslått representert i arbeidsgruppa (Kvam kommune). Dette vert ikkje tilrådd, men i staden vert det tilrådd ei samling for alle kommunane som i dag har regionsenter (innspel frå Odda, Ullensvang og Granvin kommunar). Bergen 07.02.2012 3

2 Kommunar Askøy kommune Utval for teknikk og miljø har delegert til administrasjonen å gje uttale. Under føringar for planen bør det under avsnitt 3 takast med kommuneplanar. Det er fleire regionale planar under arbeid. Det må vera ei tydeleg rollefordeling mellom dei ulike planane. Forholdet mellom dei ulike planane kan med fordel avklarast og skildrast betre. Å definera senterstrukturen er eit sentralt tema. Det er ikkje gitt at den hierarkiske modellen er den rett for område som ligg nær ein stor by og med kort avstand mellom sentra. Den regionale planen må vera tydlegare på forholdet mellom den regionale planen og dei respektive kommuneplanar. Er ikkje eining i at den regionale planen skal avgrensa sentrum i regionsenter og kommunesenter. Dette må avklarast gjennom kommuneplan. Ønsker ikkje at planen skal ha juridisk bindande føresegner for senterstruktur og handel. Askøy har i kommuneplanen definert 5 sentrumsområde og eitt kjøpesenterområde. Medverknad: Region Vest ønskjer å delta i styringsgruppa og i arbeidsgruppa. Temagrupper: Reknar med at kommunane vert trekt inn i arbeidet i temagruppene. Utgreiingar: Det bør gjerast enno grundigare analyser knytt til senterstruktur enn det planprogrammet legg opp til. Ulike modellar for senterutvikling og senterstruktur bør utgreiast og drøftast. Utgreiing må sjå på kva strukturelle krefter som påverkar senterutviklinga. Konsekvensutgreiing: Alternativ 1 som skal konsekvensutgreiast bør ikkje berre omhandla handel, men og tenester og arbeidsplassar. Tilrår at planprogrammet opprettheld opning for at det kan knytast juridiske føresegner til den regionale planen for å kunna avløysa rikspolitiske bestemmelser om kjøpesenter. Tilrår at planprogrammet opprettheld at det skal gjevast rammer for avgrensing av sentrum. Viser til uttale frå Meland kommune. Er viktig for å gje føreseielege rammer for lokalisering og investeringar for offentlege og private. Rollefordeling mellom ulike regionale planar og kommuneplan er alt omhandla i planprogrammet, men vert utdjupa i programmet og vidare i planarbeidet. om innhaldet i utgreiing av senterstruktur vert vurdert i samband med gjennomføring av utgreiingar. om tema ved KU vert vurdert ved detaljering av KU. Spørjeundersøkinga vert endra til å omfatta heile befolkninga. Deltaking frå Region vest vert vurdert i ein heilskap. 4

Austevoll kommune Ordførar Positiv til planarbeidet, ingen særlege merknader. Senterstruktur: Ønskjer at både kommunesenteret Storebø og senteret Bekkjarvik er med i planen. Ønskjer å utvikla eit sterkt kommunesenter og legg i kommuneplanen opp til tettare utbygging. Det må takast omsyn til Storebø si lokalisering ved vurdering av arbeidsdeling mellom kommunesenter. Medverknad: Ønskjer å delta i arbeidsgruppa, evt. temagrupper Temagrupper: Ønskjer å delta i arbeidsgruppa, evt. temagrupper Utgreiingar: Støttar undersøking som kartlegg kva unge meiner. Ungdommens kommunestyre vil ha meiningar om spørsmåla. et er ivaretatt i planprogrammet. Austevoll kommune vert invitert til temamøte/temagruppe om handel, transport og attraktive sentrum. Bergen kommune Bergen kommune, Byrådet ved byråd for byutvikling, klima og miljø Planprogrammet framstår som ambesiøst, men noko geografisk unyansert. Bergen kommune har utfordringar som er ulike resten av fylket, mellom anna ved stor vekst. Positivt å etterprøva senterstrukturen i fylket og å drøfta dei regional sentra si rolle. Bergen kommune meiner at plantema knytt til senterstruktur (hierarki), funksjon og innhald må utgreiast og finna si løysing i kommuneplanar og reguleringsplanar. Det bør drøftast ei oppdatert forståing av senterbegrepet. Det bør drøftast effektar av mogelege kommunesamanslåingar; at rådhus forsvinn ved kommunesamanslåingar, strukturrasjonalisering og endring i kommunikasjon og transport. Utvikling i varehandelen har vore premissgjevar, men og tilbod av offentlege tenester er viktig, t.d. skulebruksplan. I Bergen er dei større kjøpesentra regulert av kommuneplanen. Bergen ser ikkje behov for regionale føresegner eller retningsliner for å supplera kommuneplanen. Organisering: Det må leggjast vekt å få til brei medverknad og prosessar med kommunar og private aktørar, og invitera fleire aktørar inn i planprosessen, mellom anna frå handelsnæringa. Medverknad: Er positiv til å delta i planarbeidet. Det må gjevast god informasjon om verknader av planen. Temagrupper: Er positiv til å delta i planarbeidet, konkretiserer ikkje tema. Utgreiingar: Bergen kommune meiner handelsanalyser må brukast med varsemd ved planlegging av senterområde, særleg innanfor eit byområde som Bergen. Andre kriterier og prosessar etter pbl må brukast som grunnlag for utvikling og arealbehov for bydelssenter. 5

Tilrår at senterstruktur vert oppretthaldt som eit tema i planen for å fremja målsetjinga i planen og vurdera regionale funksjonar og transportsystem i eit regionlat perspektiv. Planarbeidet vi utdjupe arbeidsdeling mellom regional og kommunal plan. Planarbeidet vil ikkje drøfta tema kommunesamanslåing og effektar av dette. I planarbeidet vil ein drøfta kjøpesenter i eit regionalt perspektiv og bruk av regionale retningsliner og føresegner som naudsynt verkemiddel på tvers av kommunegrenser for å erstatta rikspolitiske bestemmelser. Sjå uttale/kommentarar til Askøy kommune. Handelsnæringa vil vera representert i styringsgruppa gjennom næringsalliansen, og gjennom temagruppe/temasamling om handel. Øvrige innspel er ivaretatt i planprogrammet eller vert ivaretatt i planarbeidet. Bergen kommune vert invitert til både styringsgruppa og arbeidsgruppa og alle temagrupper/temamøte. Fjell kommune Rådmann Er positive til planarbeidet. Viser til positive erfaringar med gjeldande plan frå 2002. Høgt ambisjonsnivå og godt grunnlag for ny plan. Medverknad: Fjell kommune har brei erfaring med utvikling av Straume som regionsenter og deltek gjerne i den administrative arbeidsgruppa. Deltaking i administrativ arbeidsgruppe vert vurdert samla. Fjell kommune er aktuell for deltaking i fleire arbeidsgrupper. Vert vurdert samla. Granvin herad Administrasjonen v/ plan- og miljøsjef, Definera rolla for regionsenter. Ingen konkret merknad, men peikar på ei ny tid i Indre Hardanger som følgje av bru, tunnelar m.m. Peikar på Granvin som eit kollektiv-/kommunikasjonsknutepunkt mellom R13 og Fv7, og den rolla dette knutepunktet skal ha i regional samanheng. Organisering: Foreslår konsultasjonsmøte med representantar for regionsentra Odda, Norheimsund og Voss. Medverknad: Ønskjer å delta på høyringskonferanse og i planforum. Ønskjer samarbeid med fylkeskommunen om planlegging av området Bu som etter opning av Hardangerbrua vert eit knutepunkt mellom fleire kommunar. Viktig at alle partar er med i alle prosessar, og at strategien for den regionale utviklinga er samkøyrd og samsvarande. Utgreiingar: Få synleggjort samanhengane mellom arbeids- og utdanningsmarknadane for regionsentra Odda, Norheimsund og Voss etter at Hardangerbrua er opna. Samling med regionsenter er aktuelt og kan vera aktuelt for alle regionsenter. Konsultasjonsmøte for alle regionsenterkommunar vert innarbeidd i planprogrammet. 6

om utgreiingar vert ivaretatt under planarbeid med senterstruktur. Granvin og Bu si rolle vil vera ein del av utgreiinga under senterstruktur. Granvin kommune vert konkret invitert til temagruppe om transport, tilgjenge og kommunikasjon. Kvam herad Heradsstyret. Kvam herad er særs positive til at planen skal lagast og vurderer den som viktig for kommunen. Senterstruktur: Ynskjer at regionsenteret i kommunen vert styrka. Attraktive sentrum og møteplassar: utvida spørjeundersøking. Tenester, arbeidsplassar og fritidstilbod: Trong for utgreiingar. Handel og kjøpesenter: Trong for utgreiingar. Transport, tilgjenge og kommunikasjon: Trong for utgreiingar. Organisering: Det bør vera representantar frå alle eksisterande regionsentra i prosjektgruppa (arbeidsgruppa), både frå det offentleg og frå nærings- og kjøpmannslag. Medverknad: Ønskjer å delta i prosjektgruppa (tolka som arbeidsgruppa). Temagrupper: Ikkje konkretisert. Utgreiingar: Grundig utgreiing av regionsentersenterspørsmålet i høve til området Norheimsund Øystese. Spørjeundersøking om attraktive sentrum og møteplassar for gruppa 55+ (i tillegg til ungdom). Utgreiingar som grunnlag for å vurdera potensiale for etablering av fylkeskommunale institusjonar i regionsentra, og for å fastsetje kriterie for lokalisering av kommunale tenester i region- og kommunesentra. Utgreiing for å definera metode og krav til etablering av større butikkar i etablerte kommune- og regionsentra. Kommunikasjonsstrategi mellom regionsentra og i mellom regionsentra og Bergen for å få balansert vekst i heile Hordaland. Målgruppa for spørjeundersøkinga vert utvida i samsvar med innspel. Utgreining av senterspørsmål Norheimsund - Øystese vert ikkje spesifikt fokusert i planarbeidet, men kan vera eit oppfølgingstema som fylgje av planen. Dei øvrige innspel om utgreiingar vert følgt opp i arbeidet med planen. Ønskje om å utvida arbeidsgruppe for å ha med representantar frå alle noverande regionsenter vert ikkje tilrådd med grunngjeving av at arbeidsgruppa vert stor og får overvekt av representantar for eksisterande struktur. Det vert tilrådd eige møte med kommunar med regionsenter. Næringsalliansen er representert i arbeidsgruppa og næringsrepresentasjon skal elles verta ivaretatt i planarbeidet. Øvrig deltaking vert vurdert samla. 7

Kvinnherad kommune Kommunestyret. Kvinnherad kommune sluttar seg til planprogrammet slik det er. Kvinnherad vurderer planen som viktig. Støttar forslaget. Organisering: Støttar forslaget. Medverknad: Kvinnherad kommune deltek gjerne i styringsgruppa eller arbeidsgruppa. Temagrupper: Kvinnherad kommune deltek gjerne i temagrupper. Mest aktuelt: Senterstruktur, transport, tenester. Utgreiingar: Støttar forslaget. Kvinnherad kommune vil verta vurdert som deltakar i ei av gruppene. Kommunen vil verta invitert til å delta i temagruppe/temamøte transport og tenester. Lindås kommune Plan- og miljøutvalet. Planen må erstatta Rikspolitiske bestemmelser om kjøpesentre. Lokalisering av arealkrevjande handel utanfor tettstader må koma med i planarbeidet. Behovet for regionale kulturhus og liknande og strategiar knytt til utviklinga av desse bør vurderast i planarbeidet. Strategiar knytt til satsing på gode møteplassar og utvikling av framtidsretta skysstasjonar i regionsenter rundt Bergen. Peikar på at transportbehovet knytt til offentlege institusjonar og offentlege tenestetilbod er svært stort. Prinsipp for meir desentralisering av regionale offentlege institusjonar og offentlege tenestetilbod i fylket, for å styrke regionale senter sine funksjonar og attraktivitet, jf. ønskje om meir bymessig utvikling av desse. Peikar på at det er viktig å støtta opp om strategien «desentralisert konsentrasjon», og at store regionale institusjonar og nye arbeidsplassintensive verksemder i framtida bør plasserast inntil hovudvegar med god kollektivdekning eller i sentrum av Bergen. Medverknad: Lindås kommune ønskjer å verta invitert med i planarbeidet. Foreslår at det vert oppretta ei temagruppe som arbeider spesielt med regionsenter med høg folkevekst i Bergensområdet. Temagrupper: Ønskje om å delta i temagruppe med fokus: «Funksjonar og utvikling av regionsenter med sterk vekst.» Regionale kulturhus er alt nemnt i planprogrammet og vert ikkje meir presisert. Tema lokalisering av arealkrevjande handel utanfor tettstader er dekka i planprogrammet Regionsentra si rolle i Bergensområdet vert nærare vurdert i «regional plan for areal og transport i Bergensområdet.» Der vert lagt opp til eiga samling for regionsenterkommunar, men det vert ikkje tilrådd ei eiga temagruppe for regionsenter med sterk vekst. Deltaking vert vurdert samla. 8

Meland kommune Formannskapet. Meland kommune er særs nøgd med føremålet for planen med å setja tydelege og forpliktande forventingar til funksjonar og roller for regionsenter. Det er foreslått endring av formuleringa: Planarbeidet skal avgrense sentrum i regionsenter og kommunesenter i avsnitt 4.2. til: Planarbeidet skal gje rammer for avgrensing av regionsenter og kommunesenter. Ein har og merknader til formuleringa under 4.5: Lokalisering av transportknutepunkt og kollektivterminalar sentralt i senter og tettstader er viktig for å stimulere til auka bruk og som eit positivt element i stadutvikling. Meland kommune meiner dette ofte er aktuelt, men ikkje alltid og fryktar dette kan gjera sentrum til trafikkmaskin. Foreslår at ein endrar til - i mindre senter og tettstader -. Organisering: Peikar på at vekstkommune utan regionsenter må vera representert i planarbeidet, evt ved å utvida arbeidsgruppa. Medverknad: Ønskjer primært å delta i styringsgruppa, sekundært i arbeidsgruppa. Formuleringa Planarbeidet skal avgrense sentrum i regionsenter og kommunesenter er endra til: Planen skal gje rammer for avgrensing av regionsenter og kommunesenter. Viser til omtale av Askøy. 4.5 er ikkje endra då ein meiner dette er dekka av tema attraktive sentrum. Målet er å ha ei variert samansetjing av styringsgruppe og arbeidsgruppe og deltaking vert vurdert samla. Dette vert vurdert i samanheng med deltaking «Bergensområdeplanen». Der er alle kommunane representert i styringsgruppa. Odda kommune Teknisk sjef Medverknad: Odda kommune har stor interesse av å delta i planprosessen. Ønskjer å vera representert i gruppene (ikkje spesifisert). Konsultasjonsmøte med regionsenterkommunane dekker noko av behovet. Deltaking i styringsgruppe, arbeidsgruppe og temagrupper vert vurdert samla. Os kommune Kommunestyret. Er positive til planarbeidet og føremålet. Os kommune peikar på at det må definerast kva som ligg i omgrepet: Attraktive senter. Vidare må det differensierast mellom ulike senter: Regionsenter, kommunesenter, små tettstader. Det må konkretiserast, gjerne med eksempel på kva som ligg i omgrep som: Positiv sentrumsutvikling, trivelge møtestader, mangfaldige tenester og tilbod, gode transportløysingar, estetiske kvalitetar, bustader, grøntområde og universell utforming. 9

Utgreiingar: Om senterstuktur ( vurderer uttalen slik at planen gjeld regionsenter): Vurdera resultat av gjeldande plan frå 2002: Kva har regionstatusen hatt å seia for staden? Har sentra utvikla seg likt, vis ikkje, kva er skilnadane? Er det same utfordringane som gjeld i dei ulike sentra? Korleis opplever innbyggjarane utviklinga, positivt og negativ? Har nokon gjort erfaringar som bør delast med andre, gode eksempel og liknande. Om attraktive sentrum og møteplassar: I tillegg til spørjeundersøking med vekt på unge bør denne utvidast til og å gjelda andre aldersgrupper som bruker sentrum til andre tider enn ungdom, t.d. småbarnsforeldre med fødselspermisjon og pensjonistar. Om handel og kjøpesenter: Utgreia rollefordelinga mellom kjøpesenter og regionsenter/tettstader og korleis desse kan utfylla kvarandre i staden for å konkurrera. Os peikar på ei utvikling der handel og sentrum i aukande grad vert skild. Det er alt gjort ei vurdering av gjeldande plan som har gitt nokre svar. Resultatet av dette vert brukt i planarbeidet. Definisjonar av omgrepa regionsenter og attraktive senter vert gjort i planarbeidet. I senterstrukturanalysen og i spørjeundersøkinga vil nokre av dei føreslåtte tema verta utgreidd. Senterstruktur i denne planen gjeld ikkje berre regionsenter. Planen vil m.a. ha fokus på arbeidsdeling mellom ulike senter; fylkessenter, regionale senter og kommunesenter. Spørjeundersøkinga vert endra slik at alle befolkningsgrupper vert tatt med. Rollefordeling mellom sentrum og kjøpesenter vert vurdert i planarbeidet. Sentralt vert retningsliner og føresegner for handel. Osterøy kommune Ingen Formannskapet. Osterøy kommune har ingen merknader til planprogrammet. 10

Samnanger kommune Kommunestyret Vurderer planarbeidet som ambesiøst, men håpar planen vil leggja til rette for livskraftige små og store senter i heile Hordaland. Det må klargjerast kva type senter planen skal omhandla. Peikar på at ein i planprogrammet brukar; «regionsenter», «dei ulike sentra», «tettstader» og «byar». Til 4.2: Presenterer det som ein idé å vinkla punktet inn mot eit (lokalt) miljø- og klimaperspektiv med til dømes energieffektiv bygningsmasse. Eit slikt punkt grensar opp mot 4.5 Transport tilgjenge og kommunikasjon. 4.5 Transport tilgjenge og kommunikasjon er eit viktig punkt. Kollektivtransport inn mot sentra er spesielt viktig. Innfartsparkering knytt til slik kollektivtransport. Under føremål i planprogrammet framgår det at senterstrukturen skal definerast med omsyn til geografi og funksjon. Det er ikkje forslått endrinngar. Energieffektiv bygningsmasse vert for vidt i denne planen. Det vert vist til klimaplanen. Dette vert ikkje tatt inn i planprogrammet. Innfartsparkering vert omhandla i «Bergensområdeplanen». Sveio kommune Administrasjonen, kommunalsjef teknisk/næring. Dela planen i kapittel som differensierer mellom sterke senter/bergensområdet og kommunar i distrikta utan tydelege senter. Organisering: Peikar generelt på at det må sikrast brei representasjon. Medverknad: Peikar på at det er særs viktig å sikra kommunal forankring, medverknad og eigarskap. Alle typer kommunar må vera representert i planarbeidet; små/store, med/utan senter, tettbygd/grisgrendt. Næringsrepresentanten i arbeidsgruppa bør ha breitt mandat og representera heile fylket. Senterstruktur er tema i Haugalandsplanen og begge planane vert sett i samanheng. Det vert lagt vekt på å få differensiert deltaking i alle temagrupper. Næringsalliansen representerter næring generelt i arbeidsgruppa. Deltaking vert vurdert samla. Ullensvang herad Administrasjonen v/ rådmann. (Lik uttale som Granvin kommune) Definera rolla for regionsenter. Ingen konkret merknad, men peikar på ei ny tid i Indre Hardanger som følgje av bru, tunnelar m.m. Peikar på Granvin som eit kollektiv-/kommunikasjonsknutepunkt mellom R13 og Fv7, og den rolla dette knutepunktet skal ha i regional samanheng. 11

Organisering: Foreslår konsultasjonsmøte med representantar for regionsentra Odda, Norheimsund og Voss. Medverknad: Ønskjer å delta på høyringskonferanse og i planforum. Ønskjer samarbeid med fylkeskommunen om planlegging av området Bu som etter opning av Hardangerbrua vert eit knutepunkt mellom fleire kommunar. Viktig at alle partar er med i alle prosessar, og at strategien for den regionale utviklinga er samkøyrd og samsvarande. Utgreiingar: Få synleggjort samanhengane mellom arbeids- og utdanningsmarknadane for regionsentra Odda, Norheimsund og Voss etter at Hardangerbrua er opna. Samling med regionsenter er aktuelt og kan vera aktuelt for alle regionsenter. Konsultasjonsmøte for alle regionsenterkommunar vert innarbeidd i planprogrammet. om utgreiingar vert ivaretatt under planarbeid med senterstruktur. Granvin og Bu si rolle vil vera ein del av utgreiinga under senterstruktur. Sjå Granvin. Regionrådet Vest Ingen Regionrådet Vest, styret. Regionrådet Vest gjev ikkje uttale til planprogrammet. Tema regionale planar må takast opp att i regionrådet. Samarbeidsrådet for Sunnhordland Vedtak i møte i samarbeidsrådet. Støttar framlegget. Det bør drøftast om det er lagt opp til for mange plantema. Medverknad: Viktig å sikra kommunal forankring og medverknad. Utgreiingar: Det bør drøftast om det er lagt opp til for mange utgreiingar. Det vert ikkje tilrådd å avgrensa plantema eller redusera utgreiingar. 12

3 Statsetatar Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Vest (IMDi) Ingen merknader. Ingen Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen v/ass. fylkesmann Er positiv til at tidlegare plan (2002) som har vore eit viktig reiskap no vert revidert. Viser til at dersom planen skal avløyse forskrift frå 2008 om kjøpesenteretablering må planen innehalda regionale retningsliner og føresegner. Peikar på nokre manglar i planen frå 2002 som bør rettast. Særleg rammer for handsaming av plasskrevjande vareslag. På bakgrunn av endringar i varehandelen tilrår ein same rammer for alle typer vareslag og alt sal til sluttbrukar. Dersom ein vil skilje mellom vareslag vert det vist til gode døme i «Regional plan for Jæren» (høyringsutkast 2012). Det bør krevjast handelsanalysar som sikrar rimeleg storleik av verksemda. Det må sikrast ved analyser at lokaliseringa ikkje fører til auka klimagassutslepp og svekking av eksisterande senterstrukturar. Det må vurderast om det skal leggjast rammer for parkering i form av maksimumsnormer, krav til lokalisering nær kollektivknutepunkt og krav om god tilkomst for mjuke trafikantar. Medverknad: Deltek gjerne med råd og rettleiing i det vidare planarbeidet. Temagrupper: Deltek gjerne med råd og rettleiing i det vidare planarbeidet. Merknadane er ivaretatt og innspel vil bli vurdert vidare i planen. Fylkesmannen vert invitert til arbeidsgruppa. Fylkesmannen vert invitert til temagrupper om handel, transport og attraktive sentrum. Jernbaneverket Regional plan- og utviklingsdirektør Planen er viktig for KVU-arbeidet for strekninga Bergen Voss. Senterutviklinga må sjåast i samanheng med transporttilbodet. Jernbana vil ha ei viktig rolle for strekninga Bergen Voss. Viser til uttale til «handlingsprogram til regional transportplan». Viktig å byggja opp attraktive sentra langs jernbana med lokalisering av bustader, detaljhandel og servicefunksjonar sentralt. Peikar særskild på Bergen, Arna, Dale, Voss. Slik utvikling vil vera i samsvar med rikspolitiske retningsliner. 13

Merknader er ivaretatt i planprogrammet. Jernbaneverket vert invitert med i temagruppe for transport, tilgjenge og kommunikasjon Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) Ingen merknader. Ingen Statens vegvesen Statens vegvesen, Plan og forvaltning Bergen. Medverknad: Statens vegvesen er særleg opptekne av temaet: 4.5 Transport, tilgjenge og kommunikasjon, då dette omhandlar transportsystemet både for dei køyrande og dei mjuke trafikantane. Temagrupper: Statens vegvesen seier seg villige til å delta i temagruppe for transport, tilgjenge og kommunikasjon. Planprogrammet vert endra for å fastsetja at det skal etablerast ei temagruppe for transport, tilgjenge og kommunikasjon. Jernbaneverket vert invitert til å delta i temagruppa. 14

4 Næringsaktørar Bring Cargo Distriktssjef Bring Bergen, avd. gods Høyringsinnspel er Bransjestandard for varelevering utarbeidd av Leverandørenes Utviklings- og Kompetansesenter (LUKS), Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og Logistikk- og Transportindustriens Landsforening (LTL). Her er t.d. areal-, utformingsog sikkerheitskrav for varelevering med bil. Aktuelt å få deltaking av bransjeorganisasjonar i temagruppe/temamøte om transport. Business Region Bergen Administrerande direktør. Støttar dette. Peikar på at det er fleire regionale planar under arbeid, og legg vekt på at desse vert samordna og at strategiar frå regional transportplan for Hordaland, regional næringsplan og regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet vert sentrale vurderingsgrunnlag i planprosessen. Støttar dette. Organisering: Støttar dette. Medverknad: Meiner det er viktig at næringslivet deltek i arbeidsgruppa. BRB deltek gjerne i planarbeidet. Temagrupper: BRB deltek gjerne i planarbeidet. Utgreiingar: Ingen merknad. Viser til rapport om behov for næringsareal i Bergensregionen. BRB er særleg relevant for regional plan for Bergensområdet, men vert invitert til temamøte. 15

Merkur-programmet Styret for Merkur-programmet. Merkur-programmet er Kommunal- og regionaldepartementet sitt kompetanseprogram for butikkar i distrikts-noreg og er ein viktig del av regjeringa sin politikk for levande og attraktive lokalsamfunn. Hovudfokus er nærbutikken i samspelet med senter. 4.1 Senterstruktur: Finn det naturleg å dele senter i tre nivå (Merkur arbeider mest mot nivå 3): 1 Regionsenter: Omsetjing innan detaljomsetning, kapasitet og omland til å serve eit område som er større enn eigen kommune. 2 Kommunesenter: Administrativt senter i kommune med funksjonar det ikkje er marknadsmessig grunnlag for i mindre bygder. 3 Lokalsenter (bygde/grendesenter): Gjerne berre (multifunksjonell-)nærbutikk. 4.2 Attraktive sentrum og møteplassar. Peikar på nærbutikken sin viktige funksjon som møteplass, m.a. med konsekvensar for folkehelse. 4.3 Tenester, arbeidsplassar og fritidstilbod. Det bør vurderast desentralisering av kommunale institusjonar og tenester. Viser til gode erfaringar med etablering av eldrehusvære knytt til bygdesenter med bustadelt, barneskule, barnehage, multifunksjonell butikk og fritidstilbod både for eldre og yngre. 4.4 Handel og kjøpesenter. Den miljøskapande faktoren nærbutikken har bør vera ein dimensjon som kjem fram i alle kapitla i planen. 4.5 Transport, tilgjenge og kommunikasjon. Peikar på at transporttilbod til eldre på bygdene ikkje er omtala i planprogrammet. Det vert peika på at det er viktig at det finnest gode transportordningar for eldre som ikkje har bil eller gode kollektivløysingar. Slik at desse kan koma seg til butikken og elles få dekt sosiale behov, og kan bu heime lengst mogeleg. Medverknad: Interessert i å delta i temagruppe. Temagrupper: Merkur-programmet ønskjer å delta i temagruppe med fokus på utvikling av attraktive bygdesenter (nivå 3). Merknader er ivaretatt i planprogrammet. Vert invitert til temagruppe og temamøte om handel. 16

Næringsalliansen Næringsalliansen v/styret. Er positiv til planarbeidet og føremål. Viktig å få godt samspel med øvrige planar som Regional plan for utbyggingsmønster, arealbruk og transport i Bergensområdet, som er ein plan næringslivet ventar vil gi tydelege føringar for regionen si utvikling. Medverknad: Deltek gjerne i arbeidsgruppa. Utgreiingar: Ser det som positivt at det skal gjerast utgreiingar. Særleg viktig med handelsanalyse. Samspel med øvrige planar vert tydeleggjort i planarbeidet. Sjå generell kommentar under samandrag og generelle tilrådingar. Vert invitert til deltaking i arbeidsgruppa. Odda Handelsstandforening Styreleiar. Vurderer Odda som målgruppe for planen, som samsvarar godt med strategisk næringsplan vedteken 13.06.2012. I den strategiske næringsplanen legg ein vekt på Odda som regionsenter med særleg fokus på handel, formelle og uformelle møteplassar, kompetanse og nyskaping. Odda har behov for større areal for kjøpesenter enn 3000 m2. Det må planleggjast og lagast rom for framtidig utvikling. Asplan Viak gjorde ei analyse av handelsnæringa i 2008 som konkluderte med trong for 6 8000 m2 nytt næringsareal for handel. Dette må det takast omsyn til i planarbeidet. Det er viktig at ein del offentlege tenester er lokalisert i eit regionsenter for at senteret skal vera attraktivt. Samanhengen mellom skule, attraktive lokalsamfunn og handel er stor. Dette må ein difor sjå i samanheng, meir enn i dag! T.d. må vidaregåande skule vurderast både i skulebruksplan og i denne planen. Tannhelsetenester er eit konkret og aktuelt tema for Odda. Det er store lokale kostnaden ved lange reiser med reisekostnad, tapt produksjon og handelslekkasje m.m. Det er viktig at regionale planar heng saman, t.d. for næring, attraktive senter, kompetanse. Medverknad: Vil følgja arbeidet med planen tett. Utgreiingar: Er positivt til at det vert undersøkt kva unge meiner om attraktive senter, men peikar på at gode skular er avgjerande. I samsvar med strategisk næringsplan for Odda kommune (vedteken 13.06.2012) skal kommunen få gjort ei analyse av kva folk meiner skal til for at ein oppfattar eit senter som eit regionsenter. Merknader er ivaretatt i planprogrammet. Generelt skal det leggjast vekt på å gi offentleg informasjon om planarbeidet. Kan verta invitert til temamøte. 17

Olav Thon Gruppen Direktør, eiendomsdivisjonen Det bør brukast like omgrep for senter som i dei fleste andre fylke; regionsenter, kommunesenter, lokalsenter. Viktigheita av statlege, regionale og kommunale funksjonar bør tonast ned då desse tenestene i stadig større grad vert basert på digitale løysingar. Det bør i sterkare grad leggjast vekt på det totale tilbod av alle private og offentlege tenester med vekt på handels- og servicetilbod, tilgjengeleg eller planlagt kollektivtilbod og tilgjenge med bil. Definisjon av detaljhandel må verta einsarta og dekka omgrep som storhandel og plasskrevjande handel. Meiner det ikkje er detaljhandel som ikkje kan integrerast i godt planlagte sentrumskjernar, kanskje med unnatak av trelast og bilsal. Peikar på trongen for parkering ved kollektivknutepunkt. Store befolkningsgrupper vil og i framtida ha trong for privatbil. Temagrupper: Foreslår eiga temagruppe som utgreier totale klimautslepp der alt transportarbeid for handel er med. Utgreiingar: Korleis kjøpesenter bidreg til uønska bilbruk. Eitt målpunkt, - samanlikna med fleire målpunkt, total køyrelengd, frekvens og kø er moment som må vurderast. Sentrale moment er dessutan transportarbeid knytt til varer og avfall. Tilrår at TØI og transportbransjen vert invitert til å utgreia desse problemstillingane. a er ivaretatt av planprogrammet. Forslag til utgreiing vert vurdert i samband med fastsetjing av utgreiingsprogram. Problemstillinga er interessant og generell. Utgreiinga vert prøvd innarbeida i reisevaneundersøking i samband med regional plan for bergensområdet. Ut over dette må slike utgreiingar utførast på nasjonalt nivå. Vert invitert til temamøte om handel. Stord Næringsråd Utgreiingar: Dagleg leiar. Positiv til planarbeidet. Planen må vera retningsgjevande for næringsutvikling, men ikkje til hinder for gründerånd og innovasjon. Det må vera samsvar mellom ulike regionale planar (døme: Skulebruksplan) Demografi med fleire eldre og pensjonistar, og arbeidsinnvandring må vektleggjast. Befolkningssamansetjinga bør takast med som ein viktig faktor i utgreiingane. Merknader er ivaretatt i planprogrammet. 18

Tide Buss Regionsjef Peikar på at det er Skyss som no har marknadsansvaret og ansvar for ruteplanlegginga. Viser til at Skyss bør vera høyringspart for planen. Oppfølging Merknader er ivaretatt i planprogrammet. Skyss vert involvert i planarbeidet og invitert til temagruppe om transport, tilgjenge og kommuinikasjon. 19

5 ANDRE Morten Utne Pettersen Utgreiingar: Privatperson, Morten Utne Pettersen Vurderer planane som eit reiskap for sentralisering. Viktig å sjå ulike planar i samanheng. Skulebruksplan signaliserer nedbygging i distrikta/sentralisering. Mangel på handelsareal i Hardanger. Dette må det takast omsyn til i planabeidet. Mangel på desentraliserte spesialister i tannhelsetenester verkar sterkt negativt på distrikta. Vurdera kommunesamanslåing og nedlegging av fylkeskommunen. Dei tema som er fokusert er inkludert i planprogrammet og skal vurderast i planarbeidet. Michael B Hageberg, NHH Assistant Professor, NHH Ingen merknad til føremålet, men gjev informasjon om historisk utvikling, status og trendar for varehandel m.m. 4.1 Senterstruktur. Fokuserer på definisjonen senter, og kommenterer ein del ulike senter i Hordaland. 4.4 Handel og kjøpesenter. Detaljhandelstruktur. Beskriv utviklinga i samfunnet og i varehandelen i etterkrigstida og fram til situasjonen i dag. Fokuserer på desse momenta: -Folkeforflytting i Bergen til ytre sone. -Auken i bilbruk. -Viktig med tett sentrum: Gangavstand for handlekundar set han til 250m. -Hevdar at handlekundar i liten grad reiser kollektivt. -Markert effekt av parkeringsavgifter og bompengar på folk sine val. -IKEA er eit viktig trekkplaster for bydelen Åsane. -Hordalendingane handlar på den næraste staden der dei får eit tilfredsstillande varetilbod. -Trekkrafta mot eit kjøpesenter aukar proporsjonalt med storleiken på senteret, men minkar med avstanden opphøgd i ca 2 (for Bergensområdet): Når avstanden vert dobla går tiltrekkingskrafta ned til ¼. - Illustrerer detaljhandelsomsetjinga med diagram for kvar kommune som syner detaljhandelomsetjinga pr innbyggjar. Dette viser og handelsoverskot/ -underskot. Planprogrammet dekkjer dei tema som omtala i innspelet. Er aktuell for deltaking i temagrupper/temasamlingar om senterstruktur og handel. 20

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne (RMNF) Rådet. Medverknad: Ønskjer å delta i arbeidsgruppa. Temagrupper: Ønskjer å delta i temagrupper som omhandlar universell utforming. Vert ikkje tilrådd i arbeidsgruppa. Vert invitert til temamøte om transport, tilgjenge og kommunikasjon. 21

6 Adressatar for høyringa Avinor Bergen Arkitektskole Bergen bolig- og byplanforening v/ Pelle Johnstad Engesæter Bergen Næringsråd Bergen og Omegn Boligbyggelag Bergensalliansen Bergen Tomteselskap as Bjørgvin bispedøme Bjørnefjorden Næringsutvikling Bremnes Sentrum AS Business Region Bergen Buskerud fylkeskommune Bømlo Næringsråd Det felles innvandrerrådet i Hordaland Eidfjord Utvikling Eldrerådet Fjord Noreg AS Forbrukerrådet i Bergen Framtiden i våre hender Fusa Utvikling Fylkeseldrerådet i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Fylkesrådet for funksjonshemma Gode sirklar Gulen og Masfjorden Utvikling AS Hardangerrådet Haugaland og Sunnhordland politidistrikt Hordaland barne- og ungdomsråd Hordaland Bonde- og Småbrukarlag Hordaland Bondelag Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune Hordaland politidistrikt Husbanken, Region Vest Høgskolen i Bergen Høgskolen Stord/Haugesund Innovasjon Norge, Hordaland IMDi Vest Jernbaneverket Region Vest Knarvik Næringsforening Kommunane i Hordaland (33) KS Hordaland Kunsthøgskolen i Bergen Kvam Bustad- og tomteselskap AS Kvam Næringsråd Kvinnherad næringsservice Leirvik sentrumsforening LO distriktskontor i Hordaland MERKUR-programmet Mongstad Næringshage Nasjonalforeningen for folkehelsen, Fylkeskontoret Hordaland Natur og ungdom Hordaland Naturvernforbundet Hordaland NAV Hordaland NHO Hordaland Norges forskningsråd v/ rep. for Hordaland Norges Handelshøyskole Norges Miljøvernforbund Norges Taxiforbund avd Bergen Norges Taxiforbund avd Hordaland Norges vassdrags- og energidirektorat Norheimsund Næringslag Norsk Sentrumsutvikling NSB as Næringsalliansen i Hordaland Næringshagen i Odda Odda Boligbyggelag Odda Handelstandsforening Osterfjord Næringssamarbeid Posten as Regionrådet Nordhordland Regionrådet Vest Rogaland fylkeskommune Samarbeidsrådet Aurland Vik - Voss Samarbeidsrådet for Sunnhordland SNU Sogn og fjordane fylkeskommune Sartor Holding Statens vegvesen Region Vest Statsbygg Region Vest Stor-Bergen Boligbyggelag Stord Boligbyggelag AL Stord Næringsråd Sveio Næringsservice Syklistenes landsforening, Bergen og omegn Telemark fylkeskommune Transportbedriftenes Landsforening Hord. Ungdommens fylkesting Universitetet i Bergen v/ geografisk institutt, region- og regionalisering Vaksdal Næringsselskap Vestbo Virke Voss Bustadutvikling AS Voss Interaktive Næringsvugge Voss Næringshage Voss Sentrum 22

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Kontakt: Per Nordmark, e-post: per.nordmark@hfk.no Agnes Mowinckels gate 5 Postboks 7900 5020 Bergen Telefon: 55 23 90 00 E-post: hfk@hfk.no 23