Her beitar kyr. No har kvar mjølkebonde i gjennomsnitt 22 mjølkekyr, for 15 år sidan var gjennomsnittet 14 kyr per bonde.



Like dokumenter
Her beiter kyr. Nå har hver melkebonde i gjennomsnitt 22 melkekyr, for 15 år siden var gjennomsnittet 14 kyr per bonde.

Kvar kjem maten vår frå?

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Fakta Grove kornprodukt. Innhald. Grove brød- og kornprodukt Mjøl fint og grovt

KORN- BOKA MI. Norges Bondelag Den grøne skulen ELEVHEFTE NYNORSK

Innhald. frå jord til bord quiz. bondesjakk

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Kva er økologisk matproduksjon?

Prognose for tilgang og forbruk av norsk korn for sesongen 2014/2015

Lærarrettleiing 2. Frå jord til bord

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Beitepussing av setervollar i Oppdal Samandrag

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Hvor kommer maten vår fra?

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. mill. ltr. Prognose august ,0 140,0 135,0 130,0 125,0 120,0 115,0 110,0

Introduksjon til undervisningsmateriellet

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

mmm...med SMAK på timeplanen

Rapport prosjekt «høy til hest»

Ute mat Korleis laga god mat UTE

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Prognose for tilgang av norsk korn for sesongen 2018/2019

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Bruk av beite. Vegard Urset, Avlssjef. Teksten i plansjene er utarbeidet av Øystein Havrevold, Nortura

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Godt vèr og dyktige bønder, gav betre økonomi for Haugalandsbonden!!!!

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Nytt fagsystem for produksjonstilskott og avløysartilskott ferie og fritid

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Hva er verdien av beitegraset?

Til deg som bur i fosterheim år

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

Prognose for tilgang og forbruk av korn i sesongen 2016/2017

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Prognose for tilgang og forbruk av norsk korn for sesongen 2011/2012

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Kom skal vi klippe sauen

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Fakta Grove kornprodukt. 3. Grove kornprodukt

ERSTATNING VED KLIMABETINGA SKADE GEIR SKADBERG

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

«Ny Giv» med gjetarhund

Fakta frå jord til bord. 2. Frå jord til bord

Å lykkast med økologisk fruktproduksjon

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Utviklinga av beitebruken i utmarka - Utviklingstrekk siste 1000 år - Utfordringer i framtiden - Hva gjør Modum

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kompetanse for framtida. Økt matproduksjon (i Trøndelag ) - er det mulig? Ragnhild K. Borchsenius rådgiver

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Lønnsundersøkinga for 2014

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Anders Mona. 26. oktober 2010

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Eksklusive leilegheiter ved Grytafjorden EIDSVIK STRANDA

Lærerveiledning 1. Kornartene

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Fakta Måltida. Innhald. brød og korn til alle måltider blodsukker frukost og skulemat. leiken kvardag

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Produksjon og utnytting av heilgrøde som fôr Del 1: Produksjon. Astrid Johansen, NIBIO Kvithamar, Stjørdal

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

MILLIONSTØTTE TIL JÆRMUSEET

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Post 1. Hva gikk tollendringa for harde oster og fileter av lamme-/storfekjøtt som vart innført ut på?

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Norsk økologisk frukt til forbrukar og andre økofruktprosjekt

Notat om historie og kulturlandskap

Gjødselvatning. pr daa:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

ERSTATNING VED KLIMABETINGA SKADE Drukning Foto: Nono Dimby

TINE Råvare. Landsprognose for leveranse av kumjølk. 105,0 Jan Febr Mars Apr Mai Jun Jul Aug Sept Okt Nov Des. Leveranse og prognose per år

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Hudpleieprodukter for dyr

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Transkript:

Her beitar kyr Ei ku som mjølkar 25 liter mjølk kvar dag et 50 kg fôr og drikk 50-60 liter vatn. Dei fleste kyr får ein kalv i året og er mjølkekyr i fire år. Ein kalv av hokjønn vert kalla kvige. Kviga vert para når ho er eitt år gamal og ho går drektig i ni månadar. Kvar nordmann drikk i snitt 100 liter mjølk kvart år. Mjølk til smør, yoghurt, ost, fløyte og rømme kjem i tillegg. Av feittet i mjølka (fløyten) kan ein laga smør. Det trengst ca 20 liter mjølk for å produsera 1 kg smør. No har kvar mjølkebonde i gjennomsnitt 22 mjølkekyr, for 15 år sidan var gjennomsnittet 14 kyr per bonde. Bonden får betalt 4,80 kr for kvar mjølkeliter som vert levert til meieriet. Dei fleste mjølkekyr i Norge er av ein eigen norsk kurase, Norsk Rødt Fe, som eignar seg til både mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon.

Her dyrkar me epler Epletrea blømer vakkert om våren. Då vert dei bestøva de slik at det kan dannast frukt. Insekta flyg frå blom til blom etter nektar og då følgjer blomestøv (pollen) med. Epleblomen er avhengig av pollen frå ein annan eplesort for å danna frukter. Epleprodusenten jobbar med beskjæring av trea, gjødsling, plantevern og med å bekjempa ugras mellom trea. Sollys er viktig for smaken på epla. Jo meir sol, jo betre smak. I Norge vert det dyrka mange eplesortar. Den vanligaste eplesorten i Norge er Aroma. Den norske epleproduksjonen står for berre 10 % av forbruket av epler, resten vert importert. Dei siste åra har ein større del av dei norske epla vorte brukt til juice. Norske epleprodusentar ønskjer å auka produksjonen. Spør etter norske epler i din butikk!

Her dyrkar me havre Under 2 % av norsk havre går til havregryn, resten vert brukt i dyrefôr. Kjernen i havra inneheld meir feitt enn andre kornsortar, noko som gjer den godt eigna til fôr. Havre inngår i kraftfôrblandinger, men vert også brukt som heil eller knust havre til hest. Ei god kornavling er avhengig av god jord, varme og passe mykje regn. På våren pløyer og harvar ein jorda før kornet vert sådd. I vekstsesongen gjødslar ein åkeren og sprøyter med plantevernmidlar ved behov. Kornet vert hausta med ein tresker som skil kornet fra halmen. Pent vêr under innhaustinga er viktig. Ei gjennomsnittleg havreavling er ca 350 kg per dekar. Ein aktiv hest et ca 3 kg havre kvar dag, i tillegg til høy. I 2012 vart det arrangert NM i havredyrking for å få havregryn av best mogleg kvalitet.

Her dyrkar me kveite Kveite er vårt viktigaste matkorn. Frå ein halv kg kveite kan det lagast eitt brød. Gluten i kveiten gjer at deigen hevar seg. Hvis kvaliteten er for dårleg vert kveiten brukt til dyrefôr. Kveite treng varmare vêr for å mogna enn dei andre kornartane. Haustkveite blir sådd om hausten og vårkveite blir sådd om våren. Normalt gjev haustkveiten større avling enn vårkveiten. Ei god kornavling er avhengig av god matjord, varme og passe mengde regn. Jorda vert pløydd og harva før ein sår kornet. I vekstsesongen gjødslar ein åkeren og sprøyter med plantevernmidlar ved behov. Kornet vert hausta med ein tresker som skil kornet frå halmen. Deretter tørkar ein kornet og fraktar det til mølla. Bonden får 1,36 kroner for korn til eitt brød. Kornet vert male til mjøl og seld til bakarane. Dette aukar prisen til ca 5 kroner. Så bakar ein brødet og køyrer det ut til butikkane før det vert lagd i hylla. Desse jobbane aukar prisen til ca 20 kroner. Til slutt legger statens på moms, og prisen i butikken blir ca 25 kroner. Foto: Hanne Eriksen

Her dyrkar me poteter Potet vert brukt til middagsmat, chips, pommes frites, potetmos, akevitt og vodka. Men visste du at stivelsen i ein del gelégodteri også kjem frå potet? Potetens kvalitet kan ein styra ved å velgja riktig sort, jordart, dyrkingsmetodar, hausteteknikk og lagringsmetodar. Potet med høgt tørrstoffinnhald, som mandelpotet, er gjerne smakfulle, men kokar lettere sund enn potet med lågare tørrstoffinnhald. Frå auga på poteten veks det ut røter og blad til ei ny potetplante. Den fyrste tida får de små potetplantene vatn og næringsstoff frå sette-poteta (morpoteta). I gjennomsnitt haustar ein ca 2,5 kg potet per kvadratmeter på ein potetåker i Norge. Ei stor utfordring i potetproduksjonen er plantesjukdomen tørråte som kan øydeleggja avlinga. Tørråte var ein av årsakene til hungersnød i Irland midt på 1800-talet.

Her dyrkar me bygg Det aller meste av bygget som vert dyrka i Norge nyttar ein til dyrefôr. Men du kan også bruka byggmjøl i graut, supper og brød. Maltbygg som vert nytta til øl, dyrkar ein ikkje i Norge. Bygg er det kornslaget som treng kortast tid for å mognast. Bygg har vore dyrka i over 10.000 år, og er truleg verdas eldste kulturplante. Ei god kornavling er avhengig av god jord, varme og passe mengde regn. På våren vert jorda pløya og harva før ein sår kornet. I vekstsesongen gjødslar ein åkeren og sprøytar med plantevernmidlar ved behov. Kornet vert hausta med en treskar som skil kornet frå halmen. Pent vêr under innhaustinga er viktig. Dei viktigaste kornområda i Norge er austlandet og trøndelag. Om lag halvparten av kornarealet i Norge er bygg. Ei gjennomsnittleg byggavling er ca 400 kg per dekar.

Utmarksbeite Her beitar dyr i sommerhalvåret. I alt blir 2 millionar sau, 230.000 storfe og 60.000 geiter sluppe på beite i utmarka kvar sommar. Til saman et desse dyra fôr til ein verdi av 1 milliard kroner på beite. Areal som er rike på gras og urter er dei beste utmarksbeita. Beiting er viktig for naturmangfaldet, og bevarar grasartar, urter, sopp og insekter som ikkje finst i andre økosystem. Beiting gjev eit fint turterreng fordi landskapet vert halde ope, utan busker og kratt. I enga veks 600-700 ulike engplanter. Av dei ca 7.000 kjende soppartane i Norge er 150 artar sterkt knytte til utmarksbeite. Fleire utryddingstrua artar av villbier og gravekveps lever utelukkande i kulturmarka.