1 Forsand kommune INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011 SØKNAD OM PRODUKSJONSTILSKOT Du gløymer vel ikkje at det er tid å søkja produksjonstilskot og avløysartilskot seinast torsdag den 20.januar? Ta kontakt med landbrukskontoret om du får problem med for eksempel tal på slakta dyr eller brukt avløysar. Landbrukskontoret har mulegheit om å retta opp i søknaden din inntil nokon få veker etter 20.januar. BONDEKAFÉ Som tidligare er informert blir det bondekafé torsdag den 20.januar og den 24.mars på kommunehuset. Nå på torsdag skal me ta oss av og diskutera framtida for landbruk i fylket vårt og her i Forsand. Det blir høyringsdiskusjon om regional Landbruksplan og oppstart for arbeid med kommunal landbruksplan. Arbeid med den kommunale planen blei fyrst starta opp i 2009, men har nå blitt liggandes på vent for å fyrst kunna ta del av grunninfo i den regionale planen og andre føringar frå staten. REGIONALPLAN LANDBRUK Forslag til regionalplan er nå til å lesa på nettet med adresse: http://fylkesmannen.no/fagom.aspx?m=36389&amid=3475914' Du kan og bestilla papirkopi frå landbrukskontoret her på Forsand. Høyringsfrist for regionalplanen er den 1.mars. Du kan levera synspunkt direkte til Rogaland Fylkeskommune (firmapost@rogfk.no) Regionplaneseksjonen, Postboks 130 sentrum, 4001 Stavanger eller du kan ta kontakt direkte med landbrukskontoret her i Forsand for spørsmål eller synspunkt. Der er og høyringsmøte på fylgjande plass: - Undheim samfunnshus tysdag den 25.januar kl 19.00 - Stavanger (Måltidens Hus) onsdag den 26.januar kl 09-12
2 DYRKA GRØNSAKER I ÅR? Landbrukskontoret har nå ei spesialsåmaskin for grønsaksfrø. Den klarar det mesta frå små kålfrø til store raudbetfrø og kan så frøa eit og eit og på ulike avstand. Den er til låns i vår! MEN du må starta med å bestilla frø nå!!! ER DU INTERESSERT I POTETDYRKING? Det er behov for meir potet til mat og skrelling i Rogaland. Vi ønskjer kontakt med nye potetprodusentar dei som ønskjer å auka potetproduksjonen Kva vi kan tilby: - Nye produsentar - 7 timar gratis rettleiing første året - Vi vil besøka deg og diskutera føresetnader og muligheita for potetproduksjon på garden. - Vi vil diskutera faglege utfordringar - 5 timar økonomisk rådgiving - Tett oppfølging andre året: dyrkingsplan mm Etablerte produsentar - Diskutera føresetnader og muligheita - Dyrkingsplan og 5 timar individuell oppfølging (delfinansiert) Nettverk eit fagleg aktivt miljø - erfaringsutveksling Samarbeidsprosjekt mellom Norsk Landbruksrådgiving, HOFF Norske Potetindustrier og Fylkesmannen i Rogaland Kontaktperson: Arne Vagle Tlf. 51 78 91 80 eller 905 63 861 Norsk Landbruksrådgiving Rogaland MJØLKEPROSJEKT GODE RÅD FOR FRAMTIDA! Mjølkeprosjektet renner vidare! Reidunn Ferstad har akkurat sendt ut eit godt nyhendebrev. Ta kontakt om du ikkje fått ei kopi i posten. Det blir spanande fagkveld på Høiland gard i Årdal den 03.februar kl 19.30. Med gode foredragsholdarar skal me få vita alt om planlegging og gjennomføring av gardsdrift og større endringar av gardsdrifta. Dette kan nok vera interessant for enkelte sauebønder og? Påmelding er innan 1.februar til Reidunn Ferstad Tlf. 977 55 347 (reidunn.ferstad@lr.no) Storfegruppa har og fleire møte framover og det er advisert kurs om framtidsretta bygg for storfe. Dette blir ei heile dag på Høiland gard, men dato er ennå ikkje fastsett. Sjå vidare i VIKTIGE DATO lengst her nede!
3 SPRØYTEKURS Vinterlandbruksskulen på Heia i Tau ordnar med planteverkurs 2 gong i februar. Det er 2 sjans for førstegongsdeltakar og ein gong for fornyar. Sjå vidare i VIKTIGE DATO lengst her nede! KURS OM KOMPOSTERING Kommunen har fått tilskot av Fylkesmannen for å ordna kurs om økologisk produksjon og forbruk. Grunna av få påmeldte må me forskyva kurset til hausten. Opplegget vil då inkludera kursavsnitt om kompostering. SMIL-POSEN PÅFYLLD ETTER NYTTÅR! Med nyt år får me nye SMIL-midlar til å rydda kulturmark, bygga rensevann, planta lauvtre, restaurera steingjerder, rydda skrot og søppel, styvingstre, utbetra turstiar m.m. Kontoret vil ta i ny periode med friske midlar frå starten av februar. Ta kontakt om du vill ha søknadsskjema! MELDINGAR FRÅ BONDELAGET Bondelaget tilbyr spanande parkurs med inspirerande kursleiar! Ta med partneren din til kommunehuset torsdag den 27.januar kl 18.30. Bondelaget har og planer om å få til skrapinnsamling etter nyttår. Du kan ta kontakt med Inga Skretting som er ny leiar i Bondelaget. Det er og muleg om å søkja SMIL-midlar for transport i samband med søppelrydding i grenda. VILTNEMNDA OG VILLREINEN Det er satt av tid for ekstra møte med Viltnemnda den 3.mars kl 14-16. Hovudsak blir høyringssvar vedr heiaplanen for villreinens arealbruk. Vedtaksmøte i Viltnemnda vedr jaktvald og fellingsløyve blir som vanleg i juni. Tenk på å levera søknad om nye eller endra jaktvald seinast den 15.mai! FISKESEMINAR Viltnemnda byr inn til fiskeseminar den 03.mars kl 16.30-19.00. Me startar med kaffi og brød frå kl 16.00 og så blir det 4 foredrag i 20 minutt kvar med 10 minutt til spørsmål: 16.30 Villaksens framtid (Alv Arne Lyse) 17.00 Kartlegging av sjøauret i Høgsfjorden og Lysefjorden (ECOFACT as) 17.30 Produksjon av makroalger og blåskjel i Lysefjorden (Arne Berge) 18.30 Utvikling av fjellfiske i Lyseheiane (Alv Arne Lyse) 18.30 Diskusjon
4 MINKA PAPIRFORBRUK? Dette infoskriv er det siste som kjem ut til alle samen i papir. Frå neste infoskriv blir det distribuert til så mange som muleg elektronisk for å spara papir og sendingskostnad. Dei som ikkje har meldt inn e-post-adresse får naturlegvis papirkopi i fortsettinga og. Til dei som har e-post: Du må gi beskjed til landbrukskontoret om du vill endra adressa din, har feil på e-posten din eller heller vill ha papirkopi av utsendinga. VIKTIGE DATO: 20.01.2011 Frist for å søkja produksjonstilskot / avløysartilskot 20.01 Bondecafe 19:30: tema regionalplan og kommunal landbruksplan 25.01 Kusignalkurs i Tjøstheim kl 19.30 26.01 Møte om Regionalplan i Undheim 19.30 27.01 Møte om Regionalplan i Stavanger 09-12 27.01 Par-kurs i Forsand kl 18.30 01.02 Kurs om tilskotsordningar for foreiningar i Jørpeland kl 19-22 03.02 Fagkveld for mjølkeproduksjon på Høiland gard i Årdal kl 19.30 09-10.02 Kurs om HACCP for småskala matprodusentar kl 10-16 i Stavanger 15.02 Kurs på Tau om socialemedia som t.d. Facebook kl 18-21 19.02 Plantevernkurs på Heia i Strand kl 09.15-15.30 22.02 Kurs på Tau om å bruka Facebook kl 17-21 22.02 Plantevernkurs på Heia i Strand kl 11.00-15.30 22.02 Kurs om optimal fóring på Vaulali kl 19.30 22.03 Kurs om mjølkeproduksjon med fokus på dyrevelferd kl 19.30 24.03.2011 Bondecafe kl 19.30 Tema? Mars Folkemøte om Klima og Energiplan i Forsand 05.04 Studietur til nybygde fjos i Forsand kl 10-15 Ta kontakt med landbrukskontoret om du trenger meir detalj. Helsing frå Børje Svensson Leiar landbruk og miljø Tlf: 47 46 54 78
5