Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Breheimsenteret i Jostedalen Dato: 24.05.2013 Tidspunkt : 11:00

Like dokumenter
Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Møteprotokoll. Følg jande faste medlemma r møtte : Nam n Funksjon Representerer. Følg jande medlemma r meldt e forfall : Nam n Funksjon Representerer

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d:, Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:30

Møteinnkalling. Utval : Stølsheimen verneområdesty re Møtesta d: Kulturhuset, Voss Dato: Tidspunkt : 11:00

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Otta Dato: Tidspunkt : 18:00

Møteinnkalling. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - AU Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 13:00

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Møteprotokoll. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Saksnr. Innhald Arkivsaksnr.

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Skei Hotell i Jølster Dato: Tidspunkt : 14:00

Møteinnkalling. Eventuelt forfall må meldes snarest på tlf Vararepresentanter møter etter nærmere beskjed. Side 1

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Ola Tarjei Kroken Bengt Solheim-Olsen Medlem

Utvalg Utvalgssak Møtedato Fulufjellet nasjonalpark 22/

Viser til søknad om utplassering av båt, oversending frå Lom fjellstyre ved deira sak 6/2014.

Møteinnkalling. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre

Møteinnkalling. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre. Utval: Møtestad: Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn Dato: Tidspunkt: 10:00

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

Arbeidsutvalet for nasjonalparkstyret har behandla saka ved e-post i dag, og gjort slik vedtak:

Møteinnkalling. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Møteprotokoll. Arbeidsutval - Nasjonalparkstyret for Reinheimen

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Møteprotokoll. Følgjande faste medlem møtte: Navn Funksjon Representerer Ivar Kvalen Norunn Lunde Furnes. Nestleiar Styremedlem.

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:45 18:15. Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Møteinnkalling. Breheimen nasjonalparkstyre. Utvalg: Møtested: Fossberg Hotell, Fossbergom, Lom. Dato:

AU for Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møte , sak 11/13 fatta slik samrøystes vedtak:

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Møteinnkalling. Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

ÅLFOTBREEN VERNEOMRÅDESTYRE

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre Møtestad: Breheimsenteret, Jostedalen Dato: Tidspunkt: 09:30-12:30

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Møteprotokoll. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Granvin herad Sakspapir

Møteinnkalling. Arbeidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparkstyre

Møteinnkalling. Utvalg: Ar beidsutvalg for Jotunheimen og Utladalen nasjonalparksty re Møtested: Luster/e-postbehandling Dato:

FOLGEFONNA NASJONALPARKSTYRE

JOSTEDALSBREEN NASJONALPARKSTYRE

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Møteinnkalling. AU i verneområdestyret for SVR. Utval: Møtestad: Tilbakemelding per e-post Dato:

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Møteinnkalling. Jostedalsbreen nasjonalparkstyre

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Finansiering av søknaden

Kopi til: Rauma kommune Vollan 8a 6300 ÅNDALSNES Miljødirektoratet Administrativ faggruppe Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Møteinnkalling. Utval: Ar beidsutval et Møtesta d: Svar per e-post, Dato: Side 1

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Møteprotokoll. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Kopi til: Fylkesmannen i Oppland. Jan Petter Vad, Rauma kommune. Miljødirektoratet. Thomas Rødstøl, SNO. Per Olav Haugen, SNO

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN DISPENSASJON - UTLADALEN LANDSKAPSVERNOMRÅDE - ETABLERING AV NYTT VANNINNTAK OG HELIKOTERTRANSPORT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Møteprotokoll. Ålfotbreen verneområdestyre. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer

Møteinnkalling. Utval : Nærøyfjorden verneområdestyre Møtesta d: E - post, Aurland Dato: Tid spunkt : 14:00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Møteprotokoll. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU. Følgjande faste medlemmar møtte: Namn Funksjon Representerer Noralv Distad Hans Erik Ringkjøb

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

Møteinnkalling. Utval: Nærøyfjorden verneområdestyre Møtestad: E-post Dato: Tidspunkt: 09:00

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Møteinnkalling. Det vert servert lunsj på hotellet kl Møtet startar kl

Møteinnkalling. Ar beidsutvalget. Utval: Dato: Side 1

Stemnehandboka for NKSF

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde avgjerd i sak om klage på avslag på søknad om dispensasjon for bygging av småkraftverk

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Løyve til motorferdsel med helikopter i Folgefonna nasjonalpark og Buer landskapsvernområde - Norges geologiske undersøkelser

Løyve til helikoptertransport i samband med forskning i Folgefonna nasjonalpark - Universitetet i Bergen

Transkript:

Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re Møtesta d: Breheimsenteret i Jostedalen Dato: 24.05.2013 Tidspunkt : 11:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.

Saksliste Utval s- saksnr ST 11/13 ST 12/13 ST 13/13 ST 14/13 ST 15/13 ST 16/13 Innha ld Lukk a Ar kiv - saksnr Godkjenning av innkalling og dagsorden Val av to styremedlemmer til å skrive under protokoll Jostedalsbreen nasjonalpark - retningslinjer for bruk av frie tiltaksmidlar Jostedalsbreen nasjonalpark - Klage frå Fylkesmannen på vedtak om landingsløyve med helikopter på Skåla Jostedalsbreen nasjonalpark - mogleg flytting av forvaltningsknutepunkt Jostedalsbreen nasjonalpark - oppsetting av skilt på Flaumpark Fossøy 2012/4649 2013/1547 2013/2094 2013/2173 Orienteringar: - Skiltprosjektet - JubileumsseminarJostedalsbree nasjonalparksenter - OffisiellopningBreheimsenteret - Studentprosjektog ev presentasjon - Mammutopningbremuseet - Oppstartavferdselsvegrestaureringog anbodsvinnarar

ST 11/13 Godkjenning av innkalling og dagsorden ST 12/13 Val av to styremedlemmer til å skrive under protokoll

JOSTEDAL SBREEN NASJONALPARKSTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2012/4649-0 Saksbehandlar: Steinar Lund Dato: 10.05.2013 Utval Utvalssak Møtedato Jostedalsbreen nasjonalparkstyre 13/13 24.05.2013 Jostedalsbreen nasjonalpark - Retningslinjer for bruk av frie tiltaksmidlar Innstilling frå forvaltaren Kriterium for bruk av uspesifiserte tiltaksmidlar som økonomiske bidrag til prosjekt/tiltak knytt til Jostedalsbreen nasjonalpark: 1. Tiltak som fremjar verneformålet/verneverdiane 2. Tiltak som kjem ålmenta til gode 3. Tiltak som fremjar ålmenta sin tilgang til nasjonalparken 4. Fleirårige tiltak 5. Administrative grenser skal ikkje vere avgjerande 6. Økonomisk bidrag skal ikkje brukast til driftsmidlar For at søknaden skal bli vurdert må punkt 1 og 6 må vere oppfylt. Tiltak som tilfredsstiller fleire av vilkåra skal prioriterast framfor tiltak der berre eit av vilkåra er oppfylt. Saksopply sning ar Jostedalsbreen nasjonalparkstyre fekk i brev datert 12.3.2013 tildelt midlar for forvaltning av nasjonalparken for 2013. Ein del av midlane er tildelt som uspesifiserte tiltaksmidlar. For 2013 utgjer dette 200.000,-. Ein kan forvente ein tilsvarande sum årleg i uspesifiserte tiltaksmidlar. I tråd med vedtak i sak 10/13 på styremøte 1/2013 skal det utarbeidast retningslinjer for bruk av uspesifiserte tiltaksmidlar. Det kjem stadig førespurnadar om økonomiske bidrag til prosjekt som ikkje fell naturleg inn under bestillingsdialogen. Det er mange private grunneigarar og andre aktørar som har aktivitet i nasjonalparken og tilgrensande område. Eksempel på slike førespurnadar

er tilskot til vedlikehald/byggjearbeid på turisthytter som Flatbrehytta og Skålatårnet, tilskot til arbeid med rydding av stiar og tilskot til ulike turistretta prosjekt rundt nasjonalparken som profilerer nasjonalparken. Framleis aktiv bruk av deler av nasjonalparken er viktig for å oppretthalde verneføremålet. Dersom nasjonalparkstyret ønskjer å bruke deler av dei uspesifiserte tiltaksmidlane som økonomiske bidrag til å fremje slike tiltak, bør styret vedta eit sett av kriterium og føresetnadar for tildeling for å få til mest mogleg lik handsaming mellom aktørar, samt geografisk nokon lunde lik fordeling rundt nasjonalparken. Dei økonomiske ressursane er avgrensa og all aktivitet og prosjekt i verneområda vil ikkje kunne få tildelt midlar. Døme på kriterium og/eller prioriteringar kan vere: 1. Tiltak som fremjar verneformålet/verneverdiane 2. Tiltak som kjem ålmenta til gode 3. Tiltak som fremjar ålmenta sin tilgang til nasjonalparken 4. Fleirårige tiltak 5. Administrative grenser skal ikkje vere avgjerande 6. Økonomisk bidrag skal ikkje brukast til driftsmidlar For at søknaden skal bli vurdert må punkt 1 og 6 må vere oppfylt. Tiltak som tilfredsstiller fleire av vilkåra skal prioriterast framfor tiltak der berre eit av vilkåra er oppfylt.

JOSTEDAL SBREEN NASJONALPARKSTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2013/1547-0 Saksbehandlar: Steinar Lund Dato: 14.05.2013 Utval Utval ssak Møtedato Jostedalsbreen nasjonalparkstyre 14/13 24.05.2013 Jostedalsbreen nasjonalpark - Klage frå Fylkesmannen på vedtak om landingsløy ve med helikopter på Skåla Innstilling frå forvaltaren Søknad om landing med helikopter på Skåla, med heimel i naturmangfaldlova 48, blir avslått. Saksopply sning ar Dokument i saka - Søknad om landing på Skåla, datert 2.4.2013 - Løyve frå arbeidsutvalet for Jostedalsbreen nasjonalparkstyre, datert 11.4.2013 - Klage frå Fylkesmannen på vedtak om landingsløyve på Skåla, datert 12.4.2013 Bakgrunn Fjord Helikopter søkte om løyve til landing med helikopter på fjellet Skåla i samband med konseptet WildWestWays. For detaljar rundt søknaden viser eg til søknaden og behandlinga i arbeidsutvalet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har klaga på vedtaket. I klaga viser Fylkesmannen til nasjonalparkforvaltaren si grunngjeving for innstillinga om å gi avslag på søknaden, og seier seg samd i denne. Fylkesmannen meiner løyvet vil skape ein uheldig presedens for auka motorferdsel i nasjonalparken. Dei meiner vidare at søkjar ikkje har grunngjeve kvifor aktiviteten med påfølgjande helikopterlandingar må skje i nasjonalparken i staden for ein annan stad. Dei peikar også på at grunngjevinga frå

arbeidsutvalet for å gi løyve er mangelfull etter 8-12 i naturmangfaldlova. For fleire detaljar viser eg til klaga frå Fylkesmannen. Vurdering Nasjonalparkforvaltaren kan ikkje sjå at det er kome til nye opplysningar i saka som gjev grunnlag for ei anna vurdering av saka. I sakshandsaminga var innstillinga til nasjonalparkforvaltaren å gi avslag på søknaden. Grunngjevinga for dette var at filmen, som er å rekne som «produktet» av dette konseptet, ikkje primært vil ha innhald i tråd med føremålet med vernet, og føremålet med filmen er ikkje å formidle verneverdiane. Ein kan stille spørsmål ved om aktiviteten filmen vil vise er å rekne som enkelt friluftsliv, og difor om han fremjar aktivitetar ein ynskjer å ha i eit verneområde. I den grad ein er avhengig av helikoptertransport av utstyr opp i fjellet, meiner nasjonalparkforvaltaren at dette ikkje kan reknast som enkelt friluftsliv. Når eit slikt arrangement krev motorisert ferdsel, bør det leggjast utanfor verneområde. Nasjonalparkforvaltaren meiner at saka vil kunne danne ein presedens i liknande saker i framtida. Eit løyve etter naturmangfaldlova 48 er avhengig av at tiltaket ikkje er i strid med verneføremålet og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom sikkerheitsomsyn eller omsynet til vesentlige samfunnsinteresser gjer det nødvendig. Nasjonalparkforvaltaren meiner motorisert ferdsel bryt med inntrykket av eit området i «naturleg tilstand», som er del av verneføremålet for Jostedalsbreen nasjonalpark. Det vil også verke uroande for friluftslivet. Tiltaket kan difor seiast å vere i strid med føremålet med vernet. Nasjonalparkforvaltaren meiner at eit løyve vil føre til ein presedens, som kan føre til fleire liknande saker i framtida, som igjen vil føre til at motorisert ferdsel kan få eit omfang som gjer at det påverkar verneverdiane nemneverdig. Tiltaket er heller ikkje naudsynt av omsyn til sikkerheit eller av omsyn til vesentlege samfunnsinteresser. Nasjonalparkforvaltaren konkluderer med utgangspunkt i grunngjevinga over at søknaden må bli avslått. Dersom nasjonalparkstyret likevel vil oppretthalde vedtaket frå arbeidsutvalet, vil nasjonalparkforvaltaren minne om at vedtaket må grunngjevast. Det må gjerast ei konkret vurdering av om vilkåra i naturmangfaldlova 48 er oppfylt. Det skal også gå fram av vedtaket korleis styret har vurdert prinsippa i naturmangfaldlova 8-12. Ein kan argumentere med at dette ikkje gjekk fram av det førre vedtaket frå arbeidsutvalet. Manglande vurdering av prinsippa er i utgangspunktet å rekne som ein sakshandsamingsfeil som kan føre til at vedtaket er ugyldig.

JOSTEDAL SBREEN NASJONALPARKSTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2013/2094-0 Saksbehandlar: Steinar Lund Dato: 10.05.2013 Utval Utvalssak Møtedato Jostedalsbreen nasjonalparkstyre 15/13 24.05.2013 Jostedalsbreen nasjonalpark - Mogleg fly tting av forvaltningsknutepunkt Innstilling frå forvaltaren Jostedalsbreen nasjonalparkstyre ber Miljøverndepartementet om å vedta at forvaltningsknutepunktet for Jostedalsbreen nasjonalparkstyre skal liggje i Gaupne, med kontorplass på rådhuset i Luster kommune. Saksopply sning ar I styremøte 1/2013 den 15. mars 2013 orienterte fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal om status og erfaringar som arbeidsgjevar for forvaltarane. Han presenterte der eit ynskje frå nasjonalparkforvaltar Maria Knagenhjelm om å flytte forvaltningsknutepunktet. Bakgrunnen for dette er at ho ynskjer eit større fagmiljø med fleire kollegaar. I det konstituerande møtet for Jostedalsbreen nasjonalparkstyre 1. februar 2011 vedtok styret samrøystes å be Miljøverndepartementet om å peike ut Norsk Bremuseum i Fjærland som forvaltningsknutepunkt for Jostedalsbreen nasjonalpark. I brev frå Miljøverndepartementet datert 14.12.2009 er fylgjande kriterium/punkt for lokalisering av forvaltningsknutepunkt nemnt: «Forvalteren skal fortrinnsvis ha sin kontorplassering geografisk i nær tilknytning til det/de aktuelle verneområdet/verneområdene. Målet er at forvalteren skal inngå i et faglig fellesskap gjennom oppbygging av lokalet/regionale forvaltningsknutepunkt som det det er hensiktsmessig, blir knyttet til nasjonalparksentre eller andre typer naturinformasjonssentre. Forvalteren forutsettes her samlokalisert med andre

fagpersoner knyttet til verneområdet, som for eksempel personell fra Statens naturoppsyn (SNO) og naturveiledere. Fjellstyrene kan også være aktuelle partnere i et slikt fellesskap.» «Lokalisering av forvaltningsknutepunkt vil bli drøftet med utgangspunkt i innspill fra bl.a. styrene.» «Det forutsettes at forvalteren inngår i et fagmiljø. Det skal derfor bygges opp lokale/regionale faglige fellesskap knyttet til nasjonalparksentre eller andre typer naturinformasjonssentre hvor forvalteren samlokaliseres med andre fagpersoner knyttet til verneområdet. Miljøverndepartementet vil ta den endelige beslutningen om hvilke eksisterende sentre som skal utvikles til knutepunkt, og hvor det eventuelt skal etableres nye sentre som vil få en knutepunktfunksjon. Departementet vil fatte sin beslutning om lokalisering av knutepunktene bl.a. på bakgrunn av innspill fra styrene.» Vurdering Norsk Bremuseum i Fjærland er i utgangspunktet ein lokalitet som fyller kriteria Miljøverndepartementet har til eit forvaltningsknutepunkt. Det er eit nasjonalparksenter, og er samlokalisert med SNO. Men to personar knytt til verneområdet er knapt å rekne som eit fagmiljø. Det er eit sterkt ynskje frå Maria Knagenhjelm å få flytta forvaltningsknutepunktet til Gaupne, med kontorplass på rådhuset, samlokalisert med forvaltaren for Breheimen nasjonalpark og Jotunheimen nasjonalpark. Ordninga med lokal forvaltning er ny, og det er naturleg at ein på grunnlag av erfaringar etter kvart vil måtte gjere slike justeringar. Mi erfaring som nasjonalparkforvaltar er at sakshandsaming er ein stor og krevjande del av stillinga. Faglege spørsmål dukkar ofte opp. Dei mest nærliggjande å diskutere konkrete saker med er andre forvaltarar. Det er mi meining at personlege omsyn må vege tungt i denne saka. Samtidig som det er eit sterkt ynskje frå forvaltaren, vil ei slik ordning òg gje eit meir robust fagmiljø, som vil vere viktig for dei som sit i desse stillingane i dag, og ved eventuelle nye tilsetjingar i framtida. Det at forvaltningsknutepunktet ikkje blir på eit nasjonalparksenter bør ikkje ha noko å sei for korleis nasjonalparkforvaltaren samarbeider med Bremuseet i Fjærland, eller dei to andre nasjonalparksentera.

JOSTEDAL SBREEN NASJONALPARKSTYRE Saksframlegg Arkivsaksnr: 2013/2173-0 Saksbehandlar: Maria Collett Knagenhjelm Dato: 16.05.2013 Utval Utvalgssak Møtedato Jostedalsbreen nasjonalparkstyre 16/13 24.05.2013 Jostedalsbreen nasjonalpark - oppsetting av skilt på Flaumpark Fossøy Innstilling frå forvaltaren Flaumpark Fossøy v/ Arne Aasen Hauge får eit tilskot til det omsøkte infoveggen på Fossøy i Jostedalen tilsvarande utlegg til andre skiltstativ i Jostedalsbreen nasjonalpark sitt skiltprosjekt. Tilskotsmidlane vert belasta skiltprosjektet, og den konkrete summen på tilskotet vil truleg kunne bli avklart i løpet av hausten 2013. Saksopply sning ar Flaumpark Fossøy v/ Arne Aasen Hauge søkjer om tilskot til oppsetting av infovegg ved Fossøy i Jostedalen. Tiltaket består av fem seksjonar, kvar med to vegger til oppsetting av informasjon.

Rekneskap informasjonsvegg Flaumpark Fossøy Betong, armering og forskaling Kr 5600 Reisverk, kledning, takrenner og tak Kr 45275 Grunning, to strøk beis med arbeid. Kr 115 pr m2 Kr 9660 ------------- Kr 60535 Arbeid forskaling og støyping 17 timar a Kr 500 Kr 8500 Snikkararbeid 110 timar a Kr 500 Kr 55000 -------------- Kr 63500 Veggen har 5 seksjonar. Pris pr. seksjon Kr 24807 -------------- Glas med feste og påmontert plakat på vegg pris Sognenett Kr 6280 Pris pr.seksjon med to plakatar Kr 37367 ======== Jostedalsbreen nasjonalparkstyre har gåande eit skiltprosjekt rundt nasjonalparken, der Fossøy er ein av dei planlagde plassane vi ønskjer å sette opp informasjon om nasjonalparken. Breheimen nasjonalparkstyre har også motteke søknad frå Flaumpark Fossøy om tilskot til informasjonsveggen. Styret hadde ikkje midlar på det noverande tidspunkt. Vurdering Nasjonalparkforvaltaren vurderer informasjonsveggen til å vere eit godt tiltak for å samle ulik informasjon om kringliggjande områder under «same tak». Fordi Jostedalsbreen allereie har eit skiltprosjekt gåande, kan dette fint falle inn under det eksisterande prosjektet. Styret skal uttale seg om ulike utformingsalternativ knytt til skiltstativ i styremøtet den 24. mai 2013. Basert på det kan forvaltar innhente tilbod frå handverkarar om oppsetting. Fordi vi enno ikkje veit kva dette vil koste, vil det vere vanskeleg å vurdere om søknaden om tilskot til Fossøy ligg «høgt eller lavt i terrenget». Slik nasjonalparkforvaltar tolkar rekneskapet til søkjar kostar det ca kr 12 000,- for ein vegg, dersom vi har eigen plakat ferdig til oppsetting. Det ville ha vore positivt om Breheimen hadde vore på veggen ved sidan av, slik at dei to nasjonalparkane kan synleggjerast betre i lag. Forvaltaren er positiv til tilskot frå skiltprosjektmidlane, men ønskjer å avvente til utover hausten å fastsette det eksakte beløpet.