RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG Stikkord for innhald Retningsliner for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag er eit dokument som skal vere underlaget for likebehandling av kundar. Det seier kva tid anleggsbidrag kan krevjast, og grunnlaget for dette. Dokumentet inneheld òg reglar og føresetnader for botnfrådrag.
INNHALD 1. INNLEIING... 1.1. Målsetjing... 2. SPESIFIKASJON... 2.1 Kva tid anleggsbidrag kan krevjast... 3 3 3 3 2.2 Grunnlag for anleggsbidrag... 3 2.2.1 Generelle forhold... 3 2.2.2 Anleggsbidrag ved kundespesifikke anlegg... 4 2.2.3 Anleggsbidrag ved radielle fellesnett... 4 2.2.4 Anleggsbidrag ved maska nett... 4 2.3 Kapasitetskostnader og framskundingskostnader... 5 2.4 Flytting av anlegg... 6 3. PROSJEKTAVTALAR OG OPPGJERSFORM... 6 4. FØRESETNADER FOR BOTNFRÅDRAG... 6 5. REFERANSAR... 8
1. INNLEIING 1.1 Målsetjing * Retningslinene for behandling av anleggsbidrag og botnfrådrag skal sikre at behandling av slike saker skjer einskapleg og i samsvar med gjeldande regelverk. * Anleggsbidrag og kostnadsdekking skal gjennomførast etter standard tilknytingsvilkår og retningsliner som til ei kvar tid gjeld for Stranda Energi nett, og i samsvar med Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer ( 17 5 Anleggsbidrag) frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). 2. SPESIFIKASJON 2.1 Kva tid anleggsbidrag kan krevjast Anleggsbidrag er eit eingongsbeløp som nettselskapet kan krevje inn frå ein kunde eller utbyggjar for å dekkje heile eller delar av kostnaden med å knyte kunden til, enten det er tilknyting eller auka effektbehov som fører til behov for investeringar i nettet. Alle typar anlegg skal behandlast etter dei same prinsippa som i forskrift nr. 302 om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettverksemda og tariffar 1 4 og 17 5. For å kunne behandle alle kundar likt nyttar vi fastsette grenseverdiar etter gjeldande lover og forskrifter saman med retningslinjene til Stranda Energi nett om kva tid forsterkingar i nettet skal setjast i verk. Dette gjeld mellom anna belasting på kablar, trafoar osv., i tillegg til kvalitetsforhold som spenning og kortslutningsverdiar. Anleggsbidrag skal ikkje krevjast for reinvesteringar i nettet når dette vert sett i verk av nettselskapet sjølv. 2.2 Grunnlag for anleggsbidrag 2.2.1 Generelle forhold Anleggsbidrag skal dekke reelle kostnader med tilknytinga eller forsterkinga, timeverk for personell, maskiner og utstyr medrekna. Anleggsbidraget kan maksimalt setjast lik anleggskostnaden for anlegget minus eventuelt botnfrådrag. Ledig kapasitet i eksisterande nett skal nyttast før det er aktuelt å forsterke eller etablere nye nett. Nettselskapet vurderer om det er ledig kapasitet i nettet ut frå lastsituasjonen og i samband med driftsforholda. Tidspunktet for innlevering av ei fullstendig melding om installasjonsarbeid til nettselskapet avgjer kven som får rettar til den ledige kapasiteten. Eventuell ledig kapasitet kan normalt ikkje reserverast meir enn tre månader etter at nettselskapet har sendt ei skriftleg tilbakemelding til installatør og/eller kunde. Fristen for reservasjon av kapasitet skal opplysast i samband med prisoverslag på anleggsbidrag eller i svar på førehandsmelding. Viss ikkje det praktiske arbeidet vert sett i gang før denne fristen, eller om utbygginga stoppar opp, kan kunden misse retten til heile eller delar av den reserverte kapasiteten.
I somme tilfelle kan det vere aktuelt å regulere forholdet til ledig kapasitet i ein eigen avtale. I avtalen skal det kome klart fram kva forhold som gjer at utbyggjaren misser retten til den reserverte kapasiteten, og kor lenge reservasjonen gjeld. Grunnlaget for anleggsbidrag for kvar kunde er samansett av kundespesifikke kostnader og ein rett avpassa del av kostnadene for felles anleggsdelar. Effektbehovet som vert oppgjeve, er dimensjonerande for etablering av nettanlegg, og Stranda Energi nett vil då nytte næraste teknisk økonomiske standardløysing for anlegget. Kostnadene for felles anleggsdelar skal difor delast mellom kundane etter kor stor del av kapasiteten kvar einskild kunde ber om. Dersom kapasitetsauken fører til at nettkomponentar må fornyast, må dette behandlast spesielt. I kostnadsgrunnlaget skal kapasitetskostnader og framskundingskostnadar takast med. Oversyn over storleik på anleggsbidrag og tidspunkt for etablering skal følgjast opp i ELA, arbeidsordresystemet til Stranda Energi nett. 2.2.2 Anleggsbidrag ved kundespesifikke anlegg Kostnader med kundespesifikke anlegg går i sin heilskap inn i grunnlaget for anleggsbidrag. Vi føreset at næraste tilgjengelege standardstorleik for kapasitetsbehov vert nytta. Viss det er sannsynleg at fleire kundar kjem til å knyte seg til innan rimeleg tid, slik at utbygginga av nettet vert samordna, kan anlegget behandlast som eit radielt fellesnett. 2.2.3 Anleggsbidrag ved radielle fellesnett I radielle fellesnett skal kostnadene fordelast rett avpassa mellom kundane, basert på kor stor del av nettkapasiteten kunden brukar. Anleggsbidrag i eit radielt fellesnett kan fordelast mellom kundar som vert knytte til når det står ferdig, og kundar som vert knytte til på eit seinare tidspunkt. Krav om fordeling kan gjerast gjeldande inntil ti år frå spenningssetting av anlegget. Ein prosjektavtale skal i slike tilfelle vere etablert for å gje rett til refusjon for seinare tilknytingar. Der det er svært sannsynleg at utbygging vil skje i ein tiårsperiode, vurderer Stranda Energi nett å forskottere meirkostnaden med å leggje til rette for utbygging i denne perioden. 2.2.4 Anleggsbidrag ved maska nett Investeringar i maska nett vert vanlegvis dekt av Stranda Energi nett. Dette gjeld både ved maska og radiell drift. Gravekostnadene i eit utbyggingsområde eller eit naturleg avgrensa prosjektområde skal dekkast av utbyggjar. Stranda Energi nett tek sjølv gravekostnadene i eit maska nett utanfor utbyggingsområdet. Unntaket er om det skal etablerast maska nett som følgje av eit kundekrav eller -ønske. Då må kunden dekke kostnadene knytte til etablering av nettet. Eit tilfelle kan vere når kunden ønskjer høve til redundans der Stranda Energi nett ser det som mest føremålstenleg med radial forsyning på eit økonomisk teknisk grunnlag. Ved etablering av nettstasjonar vil anleggsdelar som er direkte knytte til maska nett, verte
kosta av Stranda Energi nett. Kostnadene til andre anleggsdelar, bygget medrekna, skal fordelast som i kundenære anlegg eller radielle fellesnett. 2.3 Kapasitetskostnader og framskundingskostnader Når framskundingskostnader skal reknast ut, skal kalkulasjonsrente etter rundskriv R 109 frå Finansdepartementet nyttast. Kapasitetskostnader og framskundingskostnader vert nytta i alle prosjekta til Stranda Energi nett. Formel for utrekning av framskundingskostnader: RI = reinvesteringskostnad k = kalkulasjonsrente t = restlevetid på anlegget Når det er snakk om reint byte av transformatorar, vert ikkje framskundingskostnader tekne med. Dette er klare tilrådingar frå NVE på grunn av at framskundingskostnaden og restverdien på trafoane er tilnærma like store i verdiar. Kapasitetskostnaden på transformatoren som kunden skal betale, er for auken i kapasiteten opp til næraste standardverdi på transformatoren. Er det fleire kundar som skal knytast til eller auke effektbehovet sitt, skal kvar av kundane betale sin rett avpassa del. Kostnaden for auken vert rekna ut frå kva-kostnaden for ein ny transformator. Pris ny trafo Kapasitetskostnad = * Kapasitetsauke i kva Kapasitet ny trafo i kva Arbeidskostnadene knytte til byte av transformatorar skal behandlast som framskundingskostnader. Restverdiar på anna utstyr vert vurdert etter høvet for gjenbruk. 2.4 Flytting av anlegg Stranda Energi nett fastset flyttekostnader og fjerning av eksisterande nett etter 1.4. Konkret vil det seie at kunde eller utbyggjar i utgangspunktet må dekkje alle kostnadene. Dette er eit reint rekningsarbeid, som det ikkje vert gjeve botnfrådrag for. I kvart tilfelle kan særlege forhold avklarast med ein prosjektavtale før igangsetjing. Utrekningar for framskundingskostnader og eventuelle frådrag for planlagd reinvestering, må også dokumenterast for rekningsarbeid.
3. PROSJEKTAVTALAR OG OPPGJERSFORM Betaling for arbeid som skal gjennomførast, skal skje etter kvart som arbeida vert sette i gang, viss ikkje anna er skrive i ein prosjektavtale. Einskildståande eller små kundeinitierte oppdrag som til dømes tilknyting til ein einebustad eller flytting av ein stolpe i nye eller eksisterande bustadfelt, skal avklarast pr. jobb. Eit eige rekneark er utarbeidd for å rekne ut anleggsbidrag og botnfrådrag. Alle kostnader og eventuell restverdi på utstyr skal vere synleg i dette reknearket. Retningslinene for anleggsbidrag og botnfrådrag skal vurderast årleg i Stranda Energi nett. 4. FØRESETNADER FOR BOTNFRÅDRAG Botnfrådrag er eit frådrag i anleggsbidraget pr. tilknytingspunkt ved nyetableringar av anlegg. Anleggsbidraget som utbyggjar skal betale, vert anleggskostnad minus botnfrådrag. Botnfrådraget er på 20 000 kroner pr. tilknytingspunkt. Retningslinjene til Stranda Energi nett er heile tida førande for utrekning av botnfrådrag. Prosjektavtalar kan regulere tidsfristar i slike samanhengar. Alle typar tilknyting til nettet vert behandla likt. Fig. 1 Einebustad eller fritidsbustad (hytte) Talet på botnfrådrag: 1
Fig. 2 Fleirmannsbustad Talet på botnfrådrag: 4 Fig. 3 Rekkjehus Talet på botnfrådrag: 8 Fig. 4 Blokk, terrasseblokk eller næringsbygg Talet på botnfrådrag: 1
5. REFERANSAR Desse aktuelle retningslinjene er etablerte med bakgrunn i lover, forskrifter, retningslinjer og tilrådingar som mellom anna er utarbeidde av/som: A. Forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer (nr. 302) 1 4 og 17 5 frå Olje- og energidepartementet. B. REN, Håndbok anleggsbidrag.