Manus for leksjon om Steinriket Bømlo:



Like dokumenter
FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Brukarrettleiing. epolitiker

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

mmm...med SMAK på timeplanen

Brukarrettleiing E-post lesar

GRØNNERØR GRØNNERØR RØR GRØNNE GRØNNERØR GRØNNERØR GRØNNERØR

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Store dokument i Word

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Til deg som bur i fosterheim år

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VOLLASETRA I SUNNDAL

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vegvisar til vilbli.no

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Finansiering av søknaden

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kulturhistoriske registreringar

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Lotteri- og stiftingstilsynet

D/S Stord 1 Månadsrapport april-mai 2011

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Vi lærer om respekt og likestilling

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Kom skal vi klippe sauen

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Frå novelle til teikneserie

/

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Den nye seksjon for applikasjonar

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

«Ny Giv» med gjetarhund

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

POLITISKE SAKSDOKUMENT:

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Manual oppdatering av nettsider Sogndal idrettslag

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

IKT-kompetanse for øvingsskular

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nytt HFK Intranett

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk


TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Plassebakken Barnehage

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Informasjon og brukarrettleiing

Lønnsundersøkinga for 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

Plassebakken Barnehage

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Transkript:

Manus for leksjon om Steinriket Bømlo: ORGANISERING: Nettsida vist på vegg i klasserommet brukast som utgangspunkt og støtte for leksjonen. I tillegg er det lurt å ha med seg eit utval av replika som ein kan sende rundt mellom tilhøyrarane ved høve. Replikaene ligg i garasjen i Mostratunet (Steinrikets lager/stasjon). Betjeninga i Moster Amfi har nøkkelen til garasjen. Replika som er bra å ha med er grønsteinsøks med og utan skaft, pil med ryolittspiss, fiskesnøre m. kleberlodd, flintkniv, pimpstein til pussing av pilskaft, ryolittbitar, flintbitar. NB! Gjer deg godt kjent med nettsida, og spesielt brødteksten på kvar førsteside! Utstyrt med eit utval replika på bordet framfor deg, og med nettsida på veggen bak deg, ligg du godt an til eit godt foredrag! Total tidsbruk ca 45 min. FORSLAG TIL PROGRESJON: 1. Start med bakgrunnen (trykk "Bakgrunn og status" på nettsida): Tidsbruk: ca. 4 min "Ei bergverkshistorie som omfattar utvinning av i alle fall sju bergarter/metall på Bømlo gjennom tidene, dvs. sidan dei første folka kom hit for ca. 10-12.000 år sidan, er heilt spesielt! Det byrja med at steinalderfolket som kom opp langs kysten for ca. 12.000 år sidan, her på Bømlo fann alternative bergarter til flint som elles berre finnest lenger sør i Europa/Danmark, samt sporadisk i fjæra langs norske strender, lagt igjen der av isfjell som smelta ned då. Flint er pionerkulturanes universalverktøy, skarpt og hardt og kan nyttast til både knivar, piler og økser.

Når me i tillegg har Hespriholmen liggande ute i havkanten som eit unikt minnesmerke frå verdas steinalderkultur, har dette kvalifisert oss i fagmiljøet ved UiB til å få etablert det me kallar Steinriket Bømlo, dvs. ei samla presentasjon av bergverkshistoria. Så langt har dette kosta omlag 2 millionar, pengar som er gjevne av private og offentlege bidragsytarar. Pengane har gått til nettsida, utstillinga og replikaer i Moster Amfi, delfinansiering av toalett på Lykling, forsiktig skilting til lokalitetar, Turguide- hefte og GPS- guiding, dvs. to GPS'ar til utlån med innlagte ruter til dei ulike lokalitetane. Det desidert "dyraste" me har gjort, er utstillinga i tunnelen i Moster Amfi. Den er verdt eit besøk! I tillegg til dei matrielle tiltaka, har Steinriket Bømlo fått eit Fagråd beståande av dei beste fagfolka på UiB innan relevant geologi og arkeologi. Desse skal bidra til å utvikle historikken vidare, f. eks. gjennom årlege seminar. 2. Om nettsida: (trykk tilbake til forsida, f. eks. via hovudlogoen oppe til venstre): ca. 2 min "Først litt generelt om nettsidene: Dei er organisert slik at ein kjem fram til innhaldet/undersidene via to vegar; anten gjennom prikkane på Bømlokartet (vis), eller gjennom dei sju bergartsnamna oppe i den grøne menystripa (vis). Kartet har imidlertid eit ekstrapunkt; Sokkamyro heilt sør på kartet (vis). Den er verdt å kjenne til, for på Sokkamyr- sida ligg gode bilete frå utgravingane der tidleg på 1900- talet, samt ein animasjonsfilm som viser "transgresjonen", dvs. korleis havnivået har variert gjennom tusenåra og tidvis gjort det mogleg for folk å padle gjennom Eidesdalen på si ferd mellom Sokkamyro og Hespriholmen. Husk at Sokkamyro er verdsberømt hos arkeologane, om ikkje fullt så berømt her på Bømlo. Det var her Shetelig fann dei store mengdene med øksematerialer i grønstein og etterkvart prof. Fægri utvikla sine berømte metodar med pollenanalyse f. eks. På nettsida framsida er det plass til definisjonen av Steinriket Bømlo som "Noregs største eksportør av steinmaterialer gjennom tidene", samt to hovudsaker. Desse kan endrast ved behov, medan undersidene både er og skal vera ganske statiske. Dei vert berre endra om ein evt. får inn ny informasjon som avvik frå det som står frå før. (NB! Statusen som "Noregs største eksportør..." er gjeven Bømlo av ein av Fagrådets medlemer, Øystein Jansen, i ein artikkel i Sunnhordland Årbok i 2008?).

3. Replikaer: Send rundt desse no før du går vidare med nettsida, for å skape litt forvetenskap og kanskje respekt for det flotte handtverket som pionerane langs kysten og i øyane våre meistra til fulle. Tidsbruk ca. 9-10 min "Flintstykke og flintkniv m. skaft: Dette er utgangspunktet, og sjølve "grunnsteinen" i steinalderkulturen over heile verda. Flint let seg slå barberbladskarpe eggar på, til knivar og økser, og ein kan slå gneistar med den (mot metall rett nok..). Men flint finnest ikkje i fast fjell i Noreg, berre ein og annan flintknoll som smeltande isfjell har lagt frå seg i strendene våre etter å ha reke hit frå Danmarks kystar då dei gigantiske breane smelta for 14-15.000 år sidan. Desse flintknollane må pionerane her alltid ha vore på leiting etter. Flintøksene slo ein berre ny egg på når den gamle var sleten. Dette er ein teknikk som dei meistra til fulle, og som ikkje er tidkrevande. Flintavslag finn ein mest i alle steinalderutgravingar. Skarpe som glasskår må mange skinnkledde og berrføtte ungar ha skore seg på slike oppgjennom tidene. Etterkvart må dei ha prøvd seg på lokale steinslag som alternativ til den sjeldne flinten. Og det er då Bømlo viser seg å bli El Dorado, med sine to svært gode alterntiv til flint, nemleg grønsteinen frå Hespriholmen, og ryolitten frå Siggjo. Hespri vart brukt i mest 6000 år, og Siggjo i 2500 år. Men korleis fann dei grønsteinen på Hespriholmen? Det kan ein berre spekulere på! Pila: Av pilas tre deler, skaft, styrefjær og spiss, skulle ein tru at det er spissen i stein som var vanskelegast å lage. Denne, laga av ryolitt frå Siggjo, slo imidlertid jegeren ut på få minutt, medan skaftet var vanskelegare å lage. Det måtte vera heilt rett for å gå beinast mogleg gjennom lufta, og ein pimpstein som denne (vis) vart nytta til å pusse emnet. Denne pimpsteinen med slipespor etter pilskaft er original og funne i ei utgraving. Styrefjærene er laga av handsvingfjæra (ytst på vingene til gås eller svane), og har ein liten vri frå naturens side. Denne vrien gjev pila rotasjon i lufta, akkurat som ei riflekule idag. Steinalderjegrane hadde altså oppdaga at rotasjon gav pila betre presisjon gjennom lufta, og deretter funne dei fjæra som gav best resultat. Fjæra er limt til skaftet med bek, ei blanding dei laga av tjøre og oske. Denne blir mjuk når varm og hard når kald, og klissar ikkje. Genial lim! Bek og oppsplitta sener frå hjort (ryggsena) er óg brukt til å surre og lime pil- "tangen" fast i splitten i pilskaftets framre ende. Pilene av ryolitt frå Siggjo representerer også noko nytt i steinalderkulturen, nemleg "sylindrisk flekketeknikk". Sjølv kalla dei det neppe dét, men arkeologane meiner at denne produksjonmetoden vart oppfunnen her på Siggjo, sidan dei eldste pilspissane i verda dei finn som er laga slik, er herifrå! Metoden er kort sagt at de slo "flekker" dvs. små knivar eller pilemner av ein kjerne eller "skront" som så vart mindre og mindre. Slike finn ein att i steinbruddet idag.

Boge: Dette er kopi av den eldste bogen (Holmegård- boge, Danmark), 8.000 år gml. Dette var hovudvåpenet. Ikkje å kimse av; norgesrekorde med langbue er idag 370 meter... Praktisk skuddlengde ca. 30 meter i jaktsamanheng. Strengen er av senar som er fletta slik at den ikkje tvinnar seg. Skal kun spennast rett før bruk, elles vera avspent. Øks med og utan skaft: Desse er laga av grønstein frå Grutlebrekko. Ikkje så god kvalitet som på Hespriholmen, men her har steinen neppe vore brukt steinalderen og er difor heller ikkje freda. Til skilnad frå flintøksene vart grønsteinsøksene slipte. Dei første øksene vart lagde på same måte som flintøkser, dvs. med avslag, men etter kvart er det "prikkhogging" som overtek for utforming av øksa, og sliping av sjølve eggen. Det er då ein får dei vakre økseformene som t.d. desse øksene representerer (- desse er kanskje i overkant polerte..) Fiskesnøre: Snøret er laga av fletta lindebast, med tynnare fortom av fletta hjortesén. Søkket er av kleberstein. Kleberbruddet på Lykling kan ha vore brukt helt sidan steinalderen, men spora av dette finnes ikkje lenger. Grunnen er det store uttaket av gryter og spesielt "kvaderstein" som vart gjort i middelalderen, då byggestein til Mostrakyrkja og alle middelalderkyrkjene i Bergen vart teke ut herifrå. Lindebast er elles eit fasinerande materiale, som vart brukt til mangt og hadde både praktiske og mytiske eigenskapar.

Tilbake til nettsida: ca. 5 x 7 min = 35 min Ta for deg kvart steinslag, og bruk ca. 5 minutt på kvart steinslag. Desse er organisert kronologisk frå venstre til høgre i menyen, så det er naturleg å starte med Grønstein. Men for å først vise prinsippet i sidedesignen; gå til MARMOR som har flest tillegg: "Alle sidene er organisert etter same mal, dvs. med ein gul faktaboks der det står litt om steinen, staden og tilkomst, eit bildegalleri (vis), ein kortfatta brødtekst, eit Tidsur (vis) og ein langt grundigare Les meir- pdf (vis). På nokre sider er det linka til filmar på Youtube, det kan vera ytterlegare vedlegg av interesse samt tilleggsartiklar etc. om spesielle emne (vis f. eks. "Vedlegg" og "Synken" her på Marmorsida). Gå så til Grønstein, den første steinen i vår bergverkshistorie (vis sida): (Her kan du enten sitere frå brødteksten direkte, eller enno betre; lære deg den sånn nokonlunde utanat. Den er meint som den første innføringa i emnet). Vis Tidshjulet, gjerne først i forteljinga om grønsteinen! Tidshjulet gjev gode referansar til andre hendingar i verdshistoria.

Tidshjul: Vis deretter nokre av bileta i galleriet, og deretter (litt av) filmen der Sigmund Alsaker fortel om sitt arbeid på Hespriholmen. Gjer liknande for dei andre steinslaga.

Reklamer til slutt for Utstillinga i Moster Amfi, aktivitetane i Mostratunet, Turguiden vår og GPS- ane med innlagte løyper som kan lånast hos Lykling Brygge og Moster Amfi! Utstillinga i Moster Amfi Steinriket- aktivitetar i Mostratunet Slip deg eit marmorhjarte..

Turguide til sals og GPS'ar til låns! Lukke til! Helsing Brynjar, 22.02.2012. ooo0ooo