Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen : 15.04.2010 Tid: 08.30 MØTEINNKALLING Event. forfall må meldast til tlf. 57 65 56 00. Varamedlemer møter etter nærare varsel. Saksdokumenta er utlagde i Service-ekspedisjonen og i biblioteket. SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/245 Søknad om tilskot - turistferjene i Sogn 2010 32/10 09/585 Gamal sjukeheim - ombyggjing bustader 33/10 10/270 Orienteringar
Sak 31/10 Søknad om tilskot - turistferjene i Sogn 2010 Sakshandsamar: Per Holen Arkivsak nr.: 10/245 Arkiv: 223 U64 31/10 Formannskapet 15.04.2010 Formannskapet sitt VEDTAK, samr.: Leikanger kommune finn av budsjettmessige omsyn ikkje å kunne stetta søknaden. TILRÅDING: Leikanger kommune finn av budsjettmessige omsyn ikkje å kunne stetta søknaden. DOKUMENT: Søknad av 11.03.10 frå Reiselivsgruppa i Sogn Regionråd (vedlagt) SAKSUTGREIING: Søknaden gjeld ferjetrafikken på strekningane Lærdal Kaupanger Gudvangen og Balestrand Hella Fjærland. Det er sett opp eit budsjettframlegg på i alt 3,2 mill for 2010-sesongen. Det er etablert eit selskap Discover Sognefjord A/S, der alle destinasjonsselskapa i alle kommunane i Sogn region, inkludert Årdal har teikna aksjar. Kommunane til eigarane av Discover Sognefjord A/S vert bedne om ein medverknad på 9.375 kr kvar. Rådmannen si vurdering: Det er ikkje avsett midlar til slike føremål i budsjettet for 2010. Side 2 av 5
Sak 32/10 Gamal sjukeheim - ombyggjing bustader Sakshandsamar: Ervin Johan Beheim Arkiv: 614 Arkivsak nr.: 09/585 32/10 Formannskapet 15.04.2010 Formannskapet sitt VEDTAK, samr.: Leikanger formannskap har vurdert motteken klage, dagsett 12.mars 2010, frå adv.firma Kluge på vegne av Anders O Vikøren. Formannskapet finn ikkje å ta klagen til følgje og held fast ved sitt tidlegare vedtak i møte 22.02.2010, sak 10 om å innleie forhandlingar med ing. Arvid Thuland om overtaking av eigedomen i samsvar med dei kriteriar som nedfelt i tilbodsgrunnlaget. TILRÅDING: Leikanger formannskap har vurdert motteken klage, dagsett 12.mars 2010, frå adv.firma Kluge på vegne av Anders O Vikøren. Formannskapet finn ikkje å ta klagen til følgje og held fast ved sitt tidlegare vedtak i møte 22.02.2010, sak 10 om å innleie forhandlingar med ing. Arvid Thuland om overtaking av eigedomen i samsvar med dei kriteriar som nedfelt i tilbodsgrunnlaget. DOKUMENT: Adv.firma Kluge klage over tildeling av rett til å kjøpe Leikanger sjukeheimsbygg, dagsett 12.mars 2010 (vedlagt) Adv.firmna Wikborg, Rein & Co juridisk vurdering av motteken klage samt utkast til svarbrev, dagsett april 2010 (vedlagt) SAKSUTGREIING: Leikanger formannskap handsama i møte 22.02.2010 sak om sal av Leikanger gml sjukeheim. Formannskapet gjorde slikt vedtak: Leikanger formannskap vedtek at det vert starta forhandlingar med ing Arvid Thuland om sal av Leikanger gml sjukeheim. Side 3 av 5
Sak 32/10 Frist for å inngå utbyggingsavtale vert sett til 12. april 2010 Den 12. mars 2010 mottok Leikanger kommune brev frå adv.firma Kluge som påklaga vedtaket med krav om at vedtaket vert gjort om slik at Anders O Vikøren får kjøpe eigedomen. Leikanger kommune v/rådmannen engasjerte adv.firma Wikborg, Rein & Co til å vurdere det juriske grunnlaget for klagen samt gje sin tilråding til den vidare handsaminga av saka. Rådmannen syner til vedlagte utkast til svarbrev frå Wikborg, Rein & Co. Rådmannen har ikkje andre merkander til saka og vil oppmode formannskapet om å følgje adv.firma Wikborg, Rein & Co sin tilråding, sitat: Formannskapet har vurdert klagen og kommet til at tildelingen/beslutningen om å innlede fohandlingar med AT er i tråd med kriteriene i tilbudsgrunnlaget for valg av kjøper, at vdtaket heller ikkje på annet grunnlag må omgjøres. Kommunen har som siktemål å starte forhandlingene med AT i tråd med Formannskapets vedtak i begynnelsen av uke 17; tentativt mandag 26. april 2010 Side 4 av 5
Sak 33/10 Orienteringar Sakshandsamar: Odd Arve Rakstad Arkivsak nr.: 10/270 Arkiv: 33/10 Formannskapet 15.04.2010 TEMA: 1. Orientering frå arbeidsgruppa som utgreier flytting av helsetenestene til Leikanger sjukeheim. Arbeidsgruppa vil spesielt orientere formannskapet (som styringsgruppe) om arealsituasjonen og romdisponeringa. Formannskapet utvidar oppdraget til arbeidsgruppa til òg å gjelda alternativ lokaliseringar utanom sjukeheimsbygget. 2. Vedlikehald kommunale vegar. Formannskapet vil komma attende til ein eventuell auka innsats med legging av fast dekke i samband rekneskapsavslutninga. 3. Møte med kulturavdelinga. Ordførar orienterte om møte med kulturavdelinga i fylkeskommunen 14.04.10 om reguleringsplan for bustader i Sanden og reguleringsendring for Nybø. 4. Leikanger Kraftverk. Forhandlingsmøte vart halde 12.03.10. 5. Ordførar orienterte om arbeidet med samarbeid om felles kyrkjeleg administrasjon mellom Sogndal og Leikanger. 6. Skogsveg på Njøs. Synfaring 28.04.10 kl.1700 frå trafostasjonen på Njøs. Side 5 av 5