Kari Veiteberg. Juni 1991: Mellomfag i teatervitskap, Institutt for musikk og teater, UiO.



Like dokumenter
Kari Veiteberg. Curriculum vitae. Husebygrenda 8a, 0378 Oslo. Fødselsdato

Velkomen til soknerådskurs

BISPENOMINASJON I OSLO. Kari Veiteberg

Brødsbrytelsen - Nattverden

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kristine Sandmæl. Nåværende stilling: Sokneprest i Vågan, Henningsvær og Gimsøy og Strauman sokn

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Hallgeir Elstad. Nåværende stilling: Prodekan og forskingsdekan, professor i norsk kyrkjehistorie ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

1. Stillingsstruktur og kompetansekrav for kirkelige undervisningsmedarbeidere

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Vår grøne. kyrkjelyd

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Selvpresentasjon; Anne-May Grasaas

Halvor Nordhaug. Curriulum vitae. Måltrostveien 3 b, 1430 Ås. Fødselsdato

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

5. Soknerådsmøte mai Referat

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Strategidokument Varhaug Misjonshus

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Teologisk embetseksamen avlagt høsten 1980 ved Det teologiske Menighetsfakultet

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Organisering av kyrkja.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsplan for Hare November

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Valdres vidaregåande skule

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kva er økologisk matproduksjon?

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Kandidater til Fana sokneråd 2015

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Veivalg for fremtidig kirkeordning

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

1. ORDNING FOR FORENKLA GUDSTENESTE UTAN NATTVERD

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Kvalitetsplan mot mobbing

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Årsplan i KRLE 1. klasse 2015/2016

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

Presentasjon av Gunn Ågot Leite

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Tormod Haugland MØRK MATERIE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

ORDNING FOR KONFIRMASJON

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Innleiande ritar. Syndevedkjenninga

Velkomen til Mork barnehage

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Transkript:

Kari Veiteberg 54 år Sivilstatus: Gift Nåværende stilling: Bymisjonsprest, Kirkens Bymisjon, Oslo Utdanning: September 2006: Disputerte for graden dr.theol. med avhandlinga Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja. 1995-2000: Fullført doktorgradsutdanning ved Teologisk fakultet (TF), UiO Juni 1991: Mellomfag i teatervitskap, Institutt for musikk og teater, UiO. Juni 1989: Praktisk-teologisk eksamen, Det praktisk-teologisk seminar, UiO Desember 1988: Cand. theol., Det teologiske fakultet, UiO Etter- og vidareutdanning: Diverse kurs i vegleiing og sjelesorg. Kurs og diplom i «Heliga Dansar» ved Maria Rönn, Sverige. Kurs i stille meditasjon, Rättvik, Sverige. Vore med på verkstadar i regi av i KULT- senter for kunst, kultur og kirke

Arbeidspraksis: 09.2014- : Bymisjonsprest Kirkens Bymisjon Oslo 02.2013-09.2014 Bymisjonsprest Kirkens Bymisjon Bergen 08.2009 12.2012 Studierektor ved Liturgisk senter, Trondheim 1/6 2000 31/1 2005 og 1/2 2006 31/7 2009: Bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken, Oslo 17/8-30/11 2008: Sokneprestvikar i Gildeskål menighet, Sør Hålogaland 1/2 2005-31/1 2006: Prest i Emmaus, Oslo (eitt års vikariat) 1992-1995: Kapellan i Tempe prestegjeld, Trondheim 1991-1992: Prestevikar i Oslo bispedømme (Grønland, Fagerborg og Nordberg) Sommaren 1986: Prestevikar i Sørfold, Røsvik Forsking- og undervisningspraksis 1995-2000: Forskningsstipendiat i liturgikk ved Det praktisk-teologiske seminar, UiO 1995-2000: Faglærar i liturgikk ved Det praktisk-teologiske seminar, UiO Oslo 1992: Undervisning i Det nye testamentet, ved Institutt for Religionsvitenskap, AVH, Trondheim 1989-1991: ½ og ¼ hjelpelærar i Det nye testamentet, ved TF UiO Leiarerfaring: 08.2009 12.2012: Studierektor ved Liturgisk senter, Trondheim, 06.2010 10. 2013: Medlem av WCC Assembly Worship Planning Committee 2004-2008: Medlem og nestleiar, og konstituert leiar i Nemnd for gudstjenesteliv (NfG) Tillitsverv engasjement: 2015 : Medlem i kontaktmøte mellom Det mosaiske trossamfunn og Den norske kirke v/ Mellomkirkelig råd (MKR). 06.2010 10. 2013: Medlem av WCC Assembly Worship Planning Committee og ansvarleg for gudstenester og liturgiske samlingar på generalforsamlinga i Busan, Sør Korea 2004-2008: Medlem og nestleiar i Nemnd for gudstjenesteliv (NfG) 1999-2003: Medlem i NfG 2000- : Medlem av Styret i Emmaus 1995- : Medlem i Societas Liturgica 1995-1998: Medlem av Nemnd for økumenisk samarbeid og misjon (NØM) 1987-1989: Nordisk representant i European Committee og The Theological Working Group i World Student Christian Federation

Publikasjoner: Jacob Jervell: Et portrett. Verbum 2013 Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i Den norske kyrkja. (Acta Theologica nr. 3), Oslo 2006 Evas Døtrer, Det norske samlaget, Oslo 2001 Bibelens Kvinner, Det norske samlaget, Oslo 1995 Medforfattar i Hallelujah! Resource for Prayer and Praise developed for use at the 10th Assembly of the World Council of Churches, Geneva 2013 Artiklar (utval) «Ritualisering i veka etter 22. juli 2011» i Tidsskrift for sjelesorg 3 /2012: 203-215 «Julepynt og symbol» i Hyrdingsrøysta nr.6/2009:6-7 «Gudstenesta som performativ praksis» i Kirke og Kultur, 2/2008: 105-117 «Å tilretteleggje symbolhandlingar og riter på institusjonar og i kyrkjerom.» i Tidsskrift for sjelesorg 2/2007: 103-113. Ei rekkje artiklar om liturgiske i emne i m.a. i Kirke og kultur, 2/2008; 4/2006; 3/ 1998 og St.Sunniva, 3-4/ 2006: 223-234 Powerful and Perfect Signs i See How They Love One Another. Rebuilding Community at the base. Päivi Jussila (ed) LWF-studies 04/02 Geneve 2001: 75-80 Preikestolaltaret som eit teologisk uttrykk i Herre, tal din tenar lyder i Rapport frå seminar knytta til 200 års jubileet i Vinje kyrkje, Telemark kyrkjeakademi, 1996: 43-53 Skrive 1 gong i månaden til ukens preken i Aftenposten 1998/99 Har jamleg halde radioandaktar i NRK P1 dei siste åra Internasjonal og økumenisk erfaring 06.2010 11. 2013: Medlem av WCC Assembly Worship Planning Committee Nominert og vald som europeisk medlem i den verdsvide gruppa på 12 personar som møttes jamleg (i Armenia, Finland og to gonger i Sør Korea) frå juni 2010 oktober 2013 for å utforma og ha ansvar for gudstenestelivet under generalforsamlinga i Busan i november 2013 Nov 2013- februar 2014: Ledsager (EAPPI) for Kirkens Nødhjelp/KV i Israel og Palestina 2012- : Medlem i NAAL North American Academy of Liturgy 1995- : Medlem i Societas Liturgica 1995-1998: Medlem av Nemnd for økumenisk samarbeid og misjon (NØM) 1987-1989: Nordisk representant i European Committee og The Theological Working Group i World Student Christian Federation

Anna I dei seinaste åra har eg halde ei rekkje innleiingar og føredrag om liturgiske emne og reformarbeidet i Den norske kyrkja for kyrkjemusikarar og andre tenestegrupper i Bergen, Bodø domprosti, Nord- Hålogaland bispedømme, Kyrkjemøtet, Bispemøtet, LIV og for sjukehusprestar, Biskopens fagdagar for kyrkjeleg tilsette i Oslo Bispedømme og i Nidaros. Og eg har halde appellar, mellom anna i Bergen ved Overdosemarking, Løvetannmarsjen og også i høve bombinga av Gaza. 3.april 2014: «Att tala sant om livet, rit som möjlighet och tillgång. Seminardag for medarbeidarar innan institusjonssjälavården», Stockholm stift Høsten 2007 medverka eg saman med den nordamerikanske liturgikaren Gordon Lathrop i etterutdanning av til saman 200 prestar i Uppsala stift om Dopet. I juni 2008 heldt eg foredrag på Stiftdagane på Fyn i Danmark og eg var gjesteforelesar på Pastoralseminaret i Århus. Føredragshaldar og vegleiar på diverse etterutdanningskurs i regi av Presteforeninga (LIV/NIGH/) 11.-12.mars 2002: ekstern sensor for prestar ved Etterutdanningskurs i Elverumsprosjektet Teater Aktør i OVER ÆVNE III Pia Maria Roll / Marius Kolbenstvedt Black Box Oslo i 2010 og 2011 Medskapar av Trondheimsprosjektet «Høyblokka post mortem». (www. hoyblokka.no) Spørsmål til kandidatene 1. Hva er etter din oppfatning biskopens viktigste oppgaver? Eg vil nemne tre viktige oppgåver som utdjupar det som er formulert i tenesteordninga: a. Biskopen skal gjere Jesu bodskap kjend og ho/han skal formidle kristen tru på ein enkel og lettfatteleg måte som vekkjer engasjement, nysgjerrigheit og glød. Biskopen er både diakonal og profetisk i si framferd og ho har ein tydeleg teologisk refleksjon over dei synspunkta og den praksisen ho ønskjer å fremje.

b. Biskopen skal framsnakke bispedømmet sitt og ho skal prioritere å møte folk og dei ho har tilsyn for, der dei bur og verkar. Ho skal ikkje vere solospelar, men framelske solidaritet og fellesskap. c. Biskopen tar vare på medarbeidarane sine, oppmuntrar dei, lyttar og inspirerer til vidare teneste. Som tilsynskvinne og arbeidsgjevar held biskopen etikk og sjelesorg saman. I arbeidskvardagen spelar ho på lag med, og utnyttar ressursane på bispedømmekontoret, og i bispedømmerådet legg ho til rette for samspel, slik at kvar og ein kan bidra med det dei er gode på. 2. Hva er kirkens hovedutfordringer i dag, og i tiden framover, slik du ser det? Hovedutfordringa er denne bøna som KVs generalforsamling samla seg om : Livets Gud, lei oss til rettferd og fred. For ei kyrkje som vil følgje Jesus er det stadig ei utfordring at vi lever i eit av verdas rikaste land. Korleis skal vi fordele godane våre? Kven skal få kome inn i landet vårt? Korleis handterer vi klimakrisen? Vi må freiste å få alle menneske av god vilje til å handle konkret og kreativt. Vi er utfordra på å få til rause, femnande fellesskap. Vi er utfordra til leve nøkternt, tenkje gjenbruk og grønt. Kyrkja er utfordra til å verkeleg la ungdom og eldre få sleppe til med alt det dei kan og har av kompetanse og ressursar. Kyrkja lausriv seg frå staten. Vi må finne fram til gode og tenlege strukturar slik at ho framleis kan opplevast og erfarast som ei open folkekyrkje med rom for mangfald. Og vi må få folk til å ville jobbe i kyrkja. Religion- og livssynssdialog er naudsynt både i Sør-Hålogaland og i verda. Kyrkja må legge til rette for ein open og lyttande dialog som kan føre oss nærmare kvarandre, i ei gjensidig læring. 3. Hva vil du legge mest vekt på for å ivareta biskopens rolle som kirkelig leder med tilsynsansvar i bispedømmet? Eg vil legge vekt på vere ei ryddig og trygg tilsynskvinne. Dei tilsette i kyrkja vil eg møte opent og ivaretakande og eg vonar at vi får til å arbeide fram ein god balanse mellom arbeid og kvile, fornying, kraft og forkynning og teneste. Biskopen må spele på lag med folk, utfordre og bekrefte. Ho må, saman med staben sin, arbeide jamt og trutt for å få til gode og inkluderande arbeidsplassar og arbeidsvilkår i dei ulike sokna. Det overordna ansvaret til ein biskop er å sjå til at folk trivest i bispedømmet og å gjere dei stolte av tenesta og staden dei verkar på. Då må ho gjere seg kjent med lokalmiljøet, dei lokale kyrkjehusa og kyrkjelydane og ho må freiste å sjå etter, og støtte det lokale særpreget. 4. Hva er kjernen i din forkynnelse? Målet i mi forkynning, både gjennom preike, bøner og gudstenestehandlingar, er at menneske får fornya håp, vilje og mot til å følgje i Jesu fotefar. Om menneske erfarer Guds skapande, frigjerande og livgivande kraft i liva sine, nett no der dei bur, då er eg i kjerna av mi forkynning. Forkynninga skal vere som eit godt brev: datert,

adressert og signert. Det vil seie at ho er eit ekte uttrykk som vender seg til menneske her og no. Eg er prega av samtalar eg har hatt med folk frå ulike lag av samfunnet og med ulik erfaringsbakgrunn. Ein ting er kva forkynnaren trur ho forkynner, noko anna er kva ho eller han i kyrkjebenken, eller framføre radioen, tek til seg og høyrer. Eg freistar å kome med kunnskap, opne opp og legge til rette, slik at mottakaren kan få eit frigjerande møte med evangeliet. 5. Hvilke visjoner har du for Sør-Hålogaland bispedømme og Den norske kirke framover? Visjonen om ei open dør i tru, håp og kjærleik har kraft og styrke i seg! Dessutan finst det ein visjon i formuleringa «Livets Gud, lei oss til rettferd og fred.» Eg vonar at Sør-Hålogaland bispedømme og Den norske kyrkja ser seg sjølv som ein del av den heilage, universelle kyrkja. Og at alle folk får erfare at dei er av uendeleg verdi, og kan brukast til noko godt. -At kristentru vert erfart som ei frigjerande kraft som gjer Kristus levande. - At ho vert opplevd som ei open folkekyrkje som tydeleg er på den svakaste si side. - At dei som har si teneste i DnK, både som lønna og ulønna medarbeidar, trivest i tenesta og erfarer at dei blir sett, tatt på alvor og at dei får brukt evnene sine. 6. Hva vil være ditt særlige bidrag inn i bispetjenesten i Sør-Hålogaland bispedømme? Den eg er som fagperson og menneske, er mitt særlege bidrag. Eg har arbeidd mykje med gudstenesta og er særleg god på gudstenestearbeid. 12 år som prest i i Kirkens Bymisjon pregar meg og det har forma den måten eg tenkjer og står fram på som prest og kyrkjeleg medarbeidar. Eg er ein god fagteolog, og god til og opptatt av, å formidle tru og teologi med enkle, lettforståelege ord og handlingar. Eg har eit stort nettverk, både innafor teologiske fagmiljø og kyrkjer, og også i kunst og kulturfeltet. Eg kan vere med å bygge bru mellom menneske og gjere kyrkja til ein møtestad for mange, på trass av forskjellar i bakgrunn, livsyn og kultur. 7. Hva kan du med din kompetanse tilføre bispekollegiet og bispemøtet? Eg kan tilføre liturgisk kompetanse og kompetanse frå økumenisk og internasjonalt arbeid. Som de ser frå CV-en har eg lang utdanning og eg har hatt høve til å arbeide både gatenært (rus, psykiatri, fengsel, migrasjon, gatefolk, alternativ jul, augevitne og ledsagar i Israel/ Palestina) og innafor akademiske samanhengar (doktorgrad i liturgikk, føredrag og artiklar og konferansar, stort forskarnettverk.) Eg opplever dette som ei styrke og som ein særeigen kompetanse inn i bispekollegiet og bispemøtet. 8. Hvordan vil du som biskop i Sør-Hålogaland bispedømme ivareta det teologiske mangfoldet i bispedømmet?

Eg vil prøve å få til samtalar og meiningsutvekslingar der ein trygg på at ein vil ein annan vel og at ein ikkje set einannan i bås. Vi må tørre å være modige til å seie høgt det vi tenkjer og meiner. Eg vil øve oss på å tole usemje. Eg vil også arbeide for at folk ikkje kjenner seg ekskludert på bakgrunn av kjønn, samlivsform, seksuell orientering, funksjonsnivå, alder eller etnisitet. 9. Beskriv kort din teologiske profil og ditt ståsted i Den norske kirke. Med eit nedanfrå blikk står eg sentralt plassert i kyrkja. Eg har gode kontaktar i ulike kyrkjelege miljø. Eg er opptatt av at kyrkja gjennom forkynning og væremåte kan bekrefte og utfordre. Eg ønskjer at kyrkja skal formidle livsmot og håp til alle menneske og at ho framstår som ein profetisk røyst. Eg ønskjer å formidle evangeliet om Jesus og å være fagleg oppdatert. Eg likar å vidareutvikle teologisk kunnskap og refleksjon både for eigen del og for medarbeidarar. 10. Hvordan er din kjennskap til landsdelen? Første presteteneste mi som teologisk student var i Sørfold. Eg budde på Røsvik. Hausten 2008 var eg vikar for soknepresten i Gildeskål. Begge delar var viktig for mi utvikling som prest og gjorde at eg vart glad i folket og landsdelen. Sommaren 1996 var eg vikar for soknepresten i Hasvik, Finnmark Eg har reist ein del i landsdelen og vore ein god del i Bodø, også på kyrkjedagane der. Eg er kystkvinne og ein aktiv brukar av sjø og fjell. Derfor er det mykje ved Sør- Hålogaland som gjer at eg kjenner meg «heime». Eg er også glad i landsdelen og landet sine to store salmediktarar, Petter Dass og Elias Blix. Bestemor til mannen min er frå Kjerringøy og han har skrive om biskop Gunnerus sine visitasreiser til landsdelen for 250 år sidan. 11. Samisk språk og kultur er en del av Sør-Hålogaland bispedømme. Hvilke tanker gjør du deg om dette? Eg var heldig å vere med på ein studietur til regionen då eg var Studierektor ved Liturgisk senter og eg har hatt mange samtalar med representantar for det samiske kyrkjelivet. Det samiske er ein viktig del av den nordnorske og norske kulturen, og eg ser at i tillegg til sør- og nordsamar, bur det og pitesamar og lulesamar i Sør- Hålogaland. Saman med Nord-Hålogaland og Nidaros -og Samisk kyrkjeråd - bør også Sør-Hålogaland bispedømme ha på dagsorden at alle dei ulike samiske folkegruppene erfarer seg verdsatt og sett.