Svar på brev om fusjonsprosessen frå skogeigarlaga i indre Sunnfjord til styret i Vestskog

Like dokumenter
Intensjonsplan for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland - høyring

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

Fusjon Vestskog og AT Skog Lokale valgkretsmøter 2019

Vestskog. Kven er me og kva jobbar ein med i skogbruket? Dagleg leiar Kjetil André Rødland Hotell Alexandra,

Setesdal regionråd. Kartlegging Offentleg innkjøp. Eli Beate Tveiten

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Sogn og Fjordane Bondelag

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Status tomter Solfonn-Langedalen Bestilling av UTK til rådmannen Framlagt til UTK-møte

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Trygg og framtidsretta

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Innovasjonsmetoden vår

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Kommunesamarbeid - status og planar i Sogn og Fjordane Kommunal- og regionalkomiteen i Sogn og Fjordane, mars 2010 Olav Lunden, styreleiar i

STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF

AT Skog SA Årsmøte 2017.

Ekstern revisor - opsjon og ny konkurranse

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Kap 1 Innleiande fastsettingar

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

SAKLISTE. Ekstraordinært idrettskrinsting. Førde 15.desember Sogn og Fjordane Idrettskrins - 1 -

Om anbodssystemet innan rushelsetenesta. Ivar Eriksen Eigardirektør Helse Vest RHF

Vågsøy kommune Rådmann

Følgjande faste medlemmar møtte: Navn Funksjon Representerer Lars Christian Fjørtoft Leiar Njål Sellereite

Melding om vedtak - Bestandsplan og avskytingsplan 2015 for Setesdal Austhei villreinområde

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Dialogkonferanse Nye ferjeanbod

Delrapport 2 Modell 2

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Finnøy og Rennesøy kommunar

Arbeidsgjevarkontrollen i Sogn skattekontorets observasjonar og tilrådingar. v/ seniorskattejurist Torill Hauken-Johnstad

ÅRSMØTE RauaLøo Søndag 22. mars 2015, kl Bjarne Øymyr

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Vestlandet ein stor matprodusent

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Presentasjon

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Samnanger kommune Møteprotokoll


Rapport medlemsundersøking 2016

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

Leiars tale til årsmøtet i Vestskog 7. april Første året som fusjonert lag.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: 614 H3 Arkivsaksnr.: 17/2959-1

Skog og verdiskaping i Sogn og Fjordane. Ingunn Kjelstad, dagleg leiar

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

DATO: SAKSHANDSAMAR: Anne Kristin Kleiven SAKA GJELD: Høyring av Helse strategi for Helse Vest RHF

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/917-9 Berit Lundeberg,

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

PROSJEKTDIREKTIV. Om prosjektet

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

1 Fylkestinget går inn for å styrke kapitalbasen i Fjord Invest A/S med 15 mill kr.

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Ref. nr.: Saksnr.: Dato:

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Digitalisering i Austevoll kommune - strategi, utfordringar og føring. Onsdag 20.mars 2019 Arild Hofland

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

KONTROLLUTVALET FOR AUSTRHEIM KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Kommunikasjonsstrategi og målsetjing.

Bli lærling i BYGGOPP

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

DAGSORDEN for årsmøtet 1. Godkjenna dei som har stemmerett 2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglar 3. Velja dirigent, skrivar og 2

2014/

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 136/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

Kortversjon Utkast til fusjonsplan mellom Glommen Skog SA og Mjøsen Skog SA

Har du verneverdig skog på eigedommen din? Då kan friviljug vern vere aktuelt for deg!

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

Transkript:

Til Skogeigarlaga i indre Sunnfjord v/ Martin Braanaas, leiar Førde skogeigarlag Nils Huus, leiar Jølster skogeigarlag Håvard Korsvoll, leiar Gaular skogeigarlag Knut Horne, leiar Naustdal skogeigarlag Kopi til dei andre skogeigarlaga tilknytta Vestskog 5.3.2019 Svar på brev om fusjonsprosessen frå skogeigarlaga i indre Sunnfjord til styret i Vestskog Styret i Vestskog syner til brev frå skogeigarlaga i indre Sunnfjord, sendt 26.02.2019, vedrørande fusjonsprosessen mellom Vestskog og AT Skog og takkar for engasjement og gode spørsmål. Styret gjev her tilbakemeldingar og oppklaringar på spørsmåla i brevet. Forøvrig syner styret til tilbakemeldingar frå Vestskog etter informasjonsmøtet 31.01 for utfyllande informasjon: Marknadsmessig grunnlag for fusjon Samanlikna med mange andre råvareprodukter i landbruket så er tømmer eit frihandelsprodukt, og det er ingen produksjonsreguleringar, kvoter eller tollmurar. Aukande volumer på Vestlandet vil medføra meir eksport av tømmer så lenge lokal industri ikkje har kapasitet til å kjøpa meir tømmer. Marknadsområdet for båttømmer frå Vestlandet er til dømes Sverige, Tyskland, Belgia og Baltikum. Kjøparane her er store og eit ordinært sagbruk i desse landa har eit årsforbruk på 300 000 m3 tømmer og oppover. Dei største kjøparane våre har trong for fleire millionar m3 tømmer kvart år. Samstundes ser me tendensar til dømes i sør-sverige at det er strukturendringar på gang og at produksjonsanlegga vert samla på færre hender. Vestskog med 3 % av totalvolumet i Norge vert fort små i denne samanheng, og me ser ikkje at me har moglegheit til å ha eit godt nok marknadsapparat i eigen regi. Det er me for små til. Me inngjekk difor ein avtale med Viken AT Market om sal av Vestskog sitt eksporttømmer, og tilgang på deira marknadsapparat. Vel halvparten av Vestskog sitt tømmer går gjennom Viken AT Market, resten går innanlands (hovudsakleg til Moelven Granvin Bruk og Norske Skog Skogn). Samarbeidet med Viken AT Market fungerer godt og løyser våre kortsiktige utfordringar, men det er kun eit samarbeid med eit eksternt selskap. Vestskog har hatt tilsvarande samarbeid tidlegare med andre selskaper, og dersom slike samarbeid blir avslutta så står ein på «bar bakke» utan marknadskontaktar og marknadskapasitet i eigen organisasjon. Gjennom ein fusjon med AT Skog vil Vestskog sine medlemer også bli med på eigarsida i Viken AT Market og få ta del i verdiskapinga i dette selskapet. Eit eksternt samarbeid som med Viken AT Market er ei god løysing på kort sikt, men på lang og strategisk sikt meiner styret i Vestskog at den beste måten å møta utviklinga i tømmermarknaden på er at skogsamvirket på Vestlandet vert del av eit større selskap. Hovudkontor Bergen E_post post@vestskog.no Postadr Kokstadflaten 36, Orgnr.: 989 140 159 MVA 5257 KOKSTAD Telefon Mobiltlf; sjå internett Bank: 3450.07.04774 www.vestskog.no

- 2 - VESTSKOG SA Tømmerprisar til skogeigarar Hausten 2018 har Vestskog hatt høgare gjennomsnittsprisar enn skogeigarar i Telemark og Agder, og det er gledeleg at våre leverandørar hadde gode vilkår i 2018. Dette var på grunn av god kvalitet på kulturgrana, låg massevirkeandel hjå oss og ein god leveranseavtale på sagtømmer av gran. På grunn av marknadsmessige forhold vart den terminert halvvegs frå kjøpar si side og Vestskog har hatt utfordringar med å avhenda tømmeret til ein pris som harmonerte nokonlunde med det me betalte skogeigarane. Dei sortimentsvise tømmerprisane hausten 2018 var like eller i favør AT Skog. Det er slik at sør i Rogaland så kan ein del skogeigarar samanlikna Vestskog sine sortimentsprisar direkte med AT Skog sine, og tilbakemeldingane er gjennomgåande at AT Skog ligg høgare. Men på grunn av god kvalitet på grana på Vestlandet så kjem ikkje dette tydeleg fram i statistikkane. Det er også rett å peika på at i samtlege år frå 2002 til 2017 (den perioden ein har offentleg statistikk frå) så var gjennomsnittleg tømmerpris høgare i Telemark og Agder enn våre tre fylker. Kva prispolitikk det nye AT Skog skal ha er det korkje mogeleg eller lovleg å gje eit detaljert svar på før fusjonen er vedteken av årsmøta og godkjent av både føretaksregisteret og konkurransetilsynet (jf gjennomføringsforbodet i 19 i konkurranselova). Det vil bli det nye styret i det nye AT Skog som skal vedta prinsippa for prispolitikken, og der vil Vestlandet ha halvparten av styremedlemene det første driftsåret til selskapet. Generelt har alle tømmerkjøparar i Norge i dag ein marknadsbasert prispolitikk på sitt tømmerkjøp. Tømmer er trass alt eit produkt som er underlagt full frikonkurranse i ein internasjonal marknad. Det er eit mål for samvirka å ha ein mest mogeleg forutsigbar prispolitikk, Vestskog har til dømes ei soneprising på tømmer som er forutsigbar utifrå avstand til næraste kai/kjøpar. Vestskog har også eit storpartitillegg, nokre samvirker har eigarskiftebonus og andre har tillegg til eigenhogst. Felles for alt dette er at prinsippa for til dømes soneprising, storpartitillegg og eigarskiftebonus vert vedtekne av styra og ordninga vert kunngjort for medlemer og leverandørar. Ordningane må likevel forsvarast bedriftsøkonomisk og sikra at samvirka greier å hevda seg prismessig i marknaden både på innkjøp og sal. Det er diverre ikkje mogeleg å seia bestemt kva prispolitikken i eit fusjonert selskap vert i framtida, anna enn at den må vera marknadsbasert og forutsigbar. Dette er dagens praksis både i Vestskog og AT Skog. Auka effektivitet i organisasjonen Ingen tilsette skal seiast opp som følgje av fusjonen. Det er likevel slik at fusjonen skal medføra at 3 årsverk skal flyttast frå administrative funksjonar til verdiskapande funksjonar i selskapet, slik at ein kan utvikla skogbruket både i Telemark, Agder og på Vestlandet vidare. Eksempel på slike oppgåver er til dømes å arbeida næringspolitisk for betre infratruktur og med det reduksjon av transportkostnader og auke av rotnetto til skogeigar. Det er ikkje mangel på oppgåver, men folk. Som tilsette i eit større selskap vil dei tilsette i organisasjonen på Vestlandet også få ein meir funksjonell struktur med meir spissa og spesialiserte arbeidsoppgåver. I dagens Vestskog er alle tilsette i større eller mindre grad generalistar med mange ulike oppgåver, og som fungerer som «poteter» i kvardagen. Spesialisering og «spissing» av arbeidsoppgåver gjev høgare effektivitet og auka kvalitet på arbeidet som vert utført, noko som vil vera til fordel for skogeigaren. Styret i Vestskog meiner at å frigjera ressursar frå reine administrasjonsoppgåver og å spissa arbeidsoppgåvene til dei tilsette er ein veldig tydeleg effektiviseringsgevinst. Vidare vil mellom 1 og 1,5 millionar kroner i reine datakostnader falla vekk ved ein fusjon fordi ein treng færre lisensar og færre klientar på same antal brukarar. Det meiner styret også er ein klar form for effektiviseringsgevinst som følgje av fusjonen. Styret i Vestskog meiner det er klare effektiviseringsmoglegheiter i ein fusjon, men peiker på at den viktigaste grunnen for fusjonen er auka storleik både i tømmervolum og i driftsorganisasjonen, noko som gjev meir robustheit og styrke til å møta framtida på ein offensiv måte. Vestlandsskogbruket i fusjonert AT Skog og framtida Vestlandet vil utgjera om lag 30 % av det fusjonerte selskapet når det gjeld medlemer og volum. For styret har det i prosessen vore eit mål å legga premissa for eit nytt selskap og ein ny organisasjon der

- 3 - VESTSKOG SA alle som er med gjer det beste for heile selskapet og fungerer som ei eining. Om eit styremedlem eller årsmøteutsending er frå Fyresdal eller Førde kan og skal ikkje ha betydning for dei beslutningar som vert fatta, då gjer ein ikkje jobben sin med arbeida til det beste for heile selskapet. Vestlandet vil vera godt representert i nytt selskap. I det første driftsåret vil halve styret bestå av styret frå tidlegare Vestskog, og det er i det første driftsåret at dei fleste viktige strategiske beslutningar for det nye selskapet vil bli fatta på styrenivå. Frå 2020 vil det vera ordinære val til styret, med 7 årsmøtevalde styremedlemer. Valnemnda skal bestå av medlemer frå heile nye AT Skog sin geografi, og Vestlandet vil vera representert i styret og andre organer på ein representativ måte. Nye AT Skog har ein klar vekstambisjon og mykje av grunnlaget for fusjonen er nettopp å møta framtida, utvikla seg og veksa. Det største vekstpotensialet i nye AT Skog vil ligga på Vestlandet, og nye AT Skog må naturlegvis satsa på å utvikla vestlandsskogbruket for å veksa på Vestlandet for å igjen realisera ambisjonen om eit større totalvolum. Hovudsakene på Vestlandet med offentleg infrastruktur, driftsteknikk i bratt terreng, tømmerkaiar og viktigheita av skogreisinga er alle tema som AT Skog allereie i dag er godt kjent med i sin eigen geografi. Til dømes er store delar av Vest- Agder skogreisingsstrøk på lik linje med vestlandsfylka, med dei moglegheiter og utfordringar det gjev. Nye AT Skog har som mål å veksa. Utan å vera best på vestlandsforholda og å utvikla skogbruket på Vestlandet vil ein ikkje nå opp i konkurransen om tømmeret på Vestlandet. Dersom ein ikkje får tak i tømmer på Vestlandet (den viktigaste vekstregionen for selskapet) så vil ein ikkje kunne realisera målet med å veksa. Konkurransen om tømmer på Vestlandet og kva i fusjonsplanen adresserer dette? Målet med den føreslegne fusjonen med AT Skog er å bygga eit meir robust skogsamvirke som har kraft til å utvikla seg og veksa, til beste for skogeigarane som er både medlemer og leverandørar. Styret har argumentert med at det vil vera marknadsmessig gunstig å bli større med tanke på sal av tømmer til industri, men eit større selskap vil også stilla sterkare i kampen om å kjøpa tømmeret. Og skal målet om utvikling og vekst bli nådd for nye AT Skog så må ein vinna kampen om tømmerstokkane på Vestlandet også. Så svaret til spørsmålet er at den føreslegne fusjonen i seg sjølv er eit viktig tiltak for å stilla sterkare i konkurransen om tømmer på Vestlandet! Til opplysning hadde Vestskog ein marknadsandel på 64 % i 2018 i våre tre fylker, mot 72 % i 2017 og 64 % i 2016. Hovudutfordringa til Vestskog var tilgang på produksjonskapasitet, og i løpet av året kom me langt der me skulle vera etter strategisk plan. I 2018 tilsette me ny produksjonssjef og har satsa betydeleg med ressursar på arbeidet med å bygga opp produksjonskapasiteten. Dette har byrja å gje resultat, men det står att mykje før ein er tilbake på det nivået ein planla å vera på. Gjennom ein fusjon med AT Skog vil Vestlandet få tilgang til hogstkapasitet frå Agder og Telemark ved behov, og ikkje minst tilgang til kompetanse og kapasitet til å bygga opp hogstkapasitet lokalt på Vestlandet. SB Skog og konkurranse i skogsamvirket Viken og AT Skog si grunngjeving for å kjøpa SB Skog var for å unngå at svenske, finske eller andre skogindustriselskap kjøpte SB Skog for å driva med direktekjøp av tømmer. Det var ein reell risiko, og Norge er einaste landet i Europa utan nemneverdig omfang av virkeskjøpsorganisasjonar som er eigd av industrien. Slik sett var kjøpet av SB Skog viktig for å sikra at skogeigarsamvirket i Norge beholdt den unike posisjonen ein har i tømmermarknaden. Generelt ser ein elles at både i skogsamvirket og i resten av landbrukssamvirket så er det ein utbreidd praksis at samvirkeselskapa eig aksjeselskaper (dotterselskaper) som støtter opp under drifta til morselskapet, hjelper morselskapet til å løysa formålsparagrafen og leverer verdiar til morselskapet. Alle selskap i skogsamvirket, med mogeleg unnatak av Mjøsen Skog, har konkurrert med andre selskap i skogsamvirket dei siste åra. Sogn og Fjordane Skogeigarlag var til dømes svært aktiv på Sunnmøre før fusjonen med Vestskog, og Vestskog har kjøpt tømmer i Agder. Så påstanden om at det å bli medeigar i SB Skog gjennom fusjon med AT Skog vil gje ein stor endring for skogsamvirket på Vestlandet stemmer ikkje heilt. Samstundes er konkurransen mellom andelslaga ein del av kvardagen

- 4 - VESTSKOG SA også på Vestlandet i dag. Allskog eig til dømes selskapet som kjøper tømmeret som Nortømmer kjøper på Vestlandet. Styret opplyser om dette for å syna at skogsamvirket dei siste åra har falt til ro med at ein konkurrerar om tømmerstokkane mange stader, men ein samarbeider om dei viktige politiske og faglege sakene. Kostnader og nytte ved fusjon Styret har allereie trekt fram effektiviseringspotensialet i fusjonen på 3-4 millionar kroner, og ein meiner også at det marknadsmessig er eit betydeleg gevinstpotensiale, minst halvannan million kroner. Ved sist fusjon tok det eit par år før strukturen og drifta var fullt ut slik ein planlagde i fusjonen. Denne prosessen vart forlenga og fordyra ved at ein skulle bygga ein ny organisasjon på eit nytt hovudkontor og ein skulle ta i bruk nye arbeidssystemer. Det er slått fast i fusjonsdokumenta at ingen tilsette vert sagt opp og alle kontora vert verande, då ein ynskjer å ha ein desentralisert struktur. Vestskog og AT Skog bruker dei same IKT-systema i dag. Ein skal ikkje gjennomføre strukturelle endringar som til dømes byte av kontorstad og ein skal ikkje fasa inn nye arbeidsverktøy i stort omfang som følgje av fusjonen. Då gjenstår det å endra arbeidsoppgåver til dei tilsette som har overlappande funksjonar i dag og justera forretningsprosessar slik at dei er sams i heile selskapet. Det vil bli satt ned eit fusjonssekretariat med to medarbeidarar, ein frå gamle AT Skog og ein frå gamle Vestskog, som skal planlegga og implementera fusjonen reint praktisk. Denne prosessen reknar ein med er ferdig seinast til årsmøtet i 2020, og ein meiner at desse medarbeidarane ikkje vil arbeida med fusjonssekretariatet på fulltid. Det er dei interne lønsmidlane til dette sekretariatet ein ser på som kostnader med fusjonen og det vil anslagsvis vera opp mot 1,5-2 millionar kroner. På innsparte IKT-kostnader åleine vil ein allereie i løpet av 2.driftsår med det ha spart inn kostnadene med fusjonen. Kva om det ikkje vert fusjon? På informasjonsmøtet 31.januar orienterte ein om den strategiske analysen styret i Vestskog gjorde hausten 2018. Den konkluderte med at Vestskog på grunn av storleik og kapitalsituasjon har ein underliggande finansiell, operasjonell og personalmessig sårbarheit. I brevet frå skogeigarlaga i indre Sunnfjord vart det framheva fleire negative momenter som til dømes mangel på folk, høgt sjukefråver, manglande soliditet og manglande kompetanse på IT og så slått fast at dette var konsekvensar av dagens drift. Dette er direkte feil og informasjonen på møtet vart tatt ut av sin samanheng. Alle organisasjonar har til tider mangel på folk og høgt sjukefråver, og det er ikkje ein direkte konsekvens av dagens drift i Vestskog at ein er i ein svært dårleg situasjon. Dette vart trekt fram som eksempler på utfordringar som Vestskog har måtta handtert siste året. Det er ikkje unikt at slikt skjer, og den daglege drifta til organisasjonen går bra trass i dette. At Vestskog greidde eit overskot også i 2018 trass i utfordringar som vart peikt på meiner styret indikerer at den daglege drifta er tilfredsstillande. Men sårbarheitene me har identifisert på eit strategisk nivå kombinert med daglege utfordringar gjer det krevjande å igangsetja og fullføra naudsynte utviklingstiltak for å nå Vestskog sine langsiktige strategiske hovudmål. Den føreslegne fusjonen med AT Skog er eit viktig grep for å gjera selskapet meir robust slik at ein kan nå dei langsiktige hovudmåla for skogsamvirket på Vestlandet. Dersom det ikkje vert fusjon får det ingen umiddelbare konsekvensar for Vestskog, all den tid ein vurderer at den daglege drifta er tilfredsstillande. Men ein har begrensa kapasitet og finansiell styrke i organisasjonen til å utvikla seg godt nok og nå Vestskog sine langsiktige mål. På sikt trur styret at konsekvensen av å ikkje fusjonera med AT Skog vil vera at skogsamvirket misser den leiarrolla ein i dag har i vestlandsskogbruket. Ein vil ikkje vil kunne tilby like gode vilkår på tømmerleveransar og andre tenester samanlikna med om ein fusjonerer med AT Skog. Sjølv om Vestskog ikkje er i ein kritisk situasjon i dag så meiner styret at det er når drifta er god at ein bør gjera grep. Ein kan ikkje venta til skogen har blåst ned før ein tingar skogforsikring, for å dra ei skogleg samanlikning. Styret trur ein fusjon vil styrka selskapet og vera fordelaktig for medlemane. Eit samrøystes styre tilrår den føreslegne fusjonen med AT Skog.

- 5 - VESTSKOG SA Med helsing Styret i Vestskog SA Halvor Brosvik (sign) Tårn Sigve Schmidt (sign) Birgit Eiken (sign) Bengt Drageset (sign) Jakob Hammer (sign) Trond Holmedal (sign) Torgrim Østgård (sign) Howard Summers (sign)