INNHALD. 1. Innleiing s. 1 2. Søking på internett s. 2 3. Rettleiing til vedleggsskjema s. 4 Vedleggsskjema 1 s. 4 Vedleggsskjema 2 s. 8 Vedleggsskjema 3 s. 8 4. Minoritetsspråklege søkjarar s. 9 5. Vaksne søkjarar s.10 6. Individuelle opplæringsplanar s.10
1. INNLEIING Søknadsfristen for søknad om spesialundervisning (vedleggskjema 1), er 1.februar. For søknad om tilpassa opplæring (vedleggsskjema 2) er søknadsfristen 1.mars. Vedleggsskjema 2 skal sendast til den skulen som er førsteønsket til eleven. For søknad om reservert plass (vedleggsskjema 3) er søknadsfristen 1.mars. for søkjarar i ordinærinntaket og 1.februar for søkjarar i særinntaket. Vedleggsskjema 1 skal berre nyttast for søkjarar som etter ei sakkunnig vurdering har rett til spesialundervisning etter Opplæringslova, 5-1. Vedleggsskjema 2 skal nyttast for søkjarar som treng tilpassa opplæring, oppfølging og tilrettelegging ut over ordinære differensieringstiltak, men som ikkje fyller vilkåra for spesialundervisning. Desse søkjarane skal som hovudregel følgje ordinære læreplanar. Jf. Opplæringslova 1-2. Vedleggsskjema 2 skal sendast direkte til den skulen som er førsteønsket til eleven. Vedleggsskjema 3 skal berre nyttast for søkjarar som er i barnevernstiltak eller har tungtvegande medisinske eller sosiale/emosjonelle grunnar til å få opplæringstilbodet sitt i eit bestemt distrikt. Søkjar må ha stadfesting frå barnevern, lege, PPT eller rådgjevar. Søknaden skal sendast opplæringsavdelinga. Det er ikkje høve til å utsette søknadsfristen. 1
2. Søking på internett Alle som søkjer vidaregåande opplæring i skule og bedrift i Sogn og Fjordane skal søkje på internett. Minoritetsspråklege utan personnummer kan ikkje søkje via internett. Dei som søkjer om spesialundervisning (vedleggsskjema 1) og om tilpassa opplæring (vedleggsskjema 2) og om reservert plass i ordinærinntaket (vedleggsskjema 3)skal fylle ut det ordinære skjemaet på internett og sende dette innan fristane. Hugs at det må kryssast for at søknaden gjeld spesialundervisning. Nettskjemaet nyttar omgrepa særskilt grunnlag /individuell vurdering som identiske/likestilte. Dette skuldast ulik bruk av omgrepa i dei ulike fylka og vi kan dessverre ikkje gjere noko med det. Dette betyr at berre dei som søkjer om spesialundervisning med vedleggsskjema 1 skal krysse ja til høgre for Særskilt grunnlag/inntak på individuell vurdering på nettskjemaet. Dei som søkjer med vedleggskjema 2 skal velje alternativet Ja i rubrikken for Tilleggsopplysningar ( Eg har mindre tilretteleggingsbehov og sender inn eige vedleggsskjema ) Begge desse alternativa er merkte på vedleggskopien av nettskjemaet. Vedleggsskjema 1 skal nyttast og sendast innan fristen på vanleg måte. Rådgjevar/innsøkjande instans skal gjere følgjande: 1) Ta utskrift av nettsøknaden (ordinært skjema) 2) Syte for at vedleggsskjema 1 vert fylt ut på vanleg måte. (Det er lagt ut lenkje frå heimesida til fylkeskommunen; www.sfj.no til vedleggsskjema for dei som ønskjer å fylle ut elektronisk. Det må likevel takast utskrift, jf pkt 4 nedanfor.) 3) Syte for at naudsynt sakkunnig vurdering/anna dokumentasjon vert utarbeidd. 4) Sende utskrift av nettsøknad (ordinært skjema) + vedleggsskjema 1 med sakkunnig vurdering/dokumentasjon/andre vedlegg til Opplæringsavdelinga, via post, innan 1.februar. 2
Vedleggsskjema 2 skal sendast direkte til den skulen som er førsteønsket til eleven. Om eleven ikkje kjem inn på førsteønsket vil den aktuelle skulen sende vedleggsskjema vidare til den skulen der eleven vert tildelt plass. Ein vil oppmode innsøkjande instans om å kontrollere at dette vert gjort i samband med inntaket og/eller skulestart. 3
3. Vedleggskjema 1 Vedleggsskjema 1 skal berre nyttast for søkjarar som etter ei sakkunnig vurdering har rett til spesialundervisning etter Opplæringslova, 5-1. Punkt 1 Søknaden gjeld Det skal her kryssast av for om søknaden gjeld opplæring i skule, A, eller bedrift, B. Det skal berre setjast eit kryss. Kombinasjonsløysingar skule + praksisplass skal ta utgangspunkt i søknad til opplæring i skule. Det kan gjerast nærare greie for dette i punkt 8 i skjemaet, i tillegg til at det skal gå fram av ein IOP/annan opplæringsplan. A Opplæring i skule A1 Inntak til særskilt grunnkurs: Lovgrunnlag: Opplæringslova 3-1 og 5-1 og forskrift 6-18 Søkjar med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova 3-1, og som etter 5-1 i same lov har rett til spesialundervisning, har på grunnlag av sakkunnig vurdering rett til inntak på særskilt prioritert vg1. Det inneber at søkjaren må ha behov for spesialundervisning på grunn av; sansedefektar og motoriske defektar store lærevanskar store emosjonelle eller sosiale problem store samansette funksjonshemmingar andre funksjonshemmingar Søkjaren har berre rett til inntak på eit særskilt prioritert vg1 dersom valet er i samsvar med den sakkunnige tilrådinga. Retten til eit særskilt vg1 er knytt til utdanningsprogram, ikkje til ein spesiell skule. For søkjarar som av ulike årsaker ikkje kan bu på hybel, sjå punkt 4 i rettleiinga. Merk; Søkjarar som skal til i sitt 2.år i eit opplæringsløp organisert over to år skal ikkje søkje særskilt vg1. Dersom målet med opplæringa er vitnemål skal vedleggsskjema 2 nyttast. 4
Dersom målet er kompetansebevis/andre mål skal vedleggsskjema 1 nyttast. (retten til spesialundervisning.) I begge tilfelle må ein bruke merknadsfeltet i vedleggsskjema 1 til å gjere Opplæringsavdelinga merksam på at søknaden gjeld andre året i eit toårig løp. A2 Søknad om opplæring ut over 3 år. 1. Utvida rett til vidaregåande opplæring. Lovgrunnlag: Opplæringslova 3-1 Søkjar som etter reglane i kap. 5 har rett til spesialundervisning har rett til vidaregåande opplæring i inntil ytterlegare 2 år når ho/han etter sakkunnig vurdering treng det. Den sakkunnige vurderinga skal dokumentere at søkjaren vil ha utbyte av opplæringa og at det er rimeleg at ho/han vil nå måla som er sette for opplæringa. Vedlikehaldslæring vert ikkje omfatta av retten til opplæring ut over 3 år. Blinde, svaksynte og teiknspråklege er unnateke frå kravet om rett til spesialundervisning for å få rett til opplæring ut over 3 år. Det kan berre unntaksvis gjerast inntak for meir enn eit år om gangen. Søknad om opplæring ut over 3 år skal difor først fremjast når ein ser at eleven ikkje kan gjennomføre eit planlagd opplæringsløp innanfor ordinær tid. 2. Utvida tid til vidaregåande opplæring. Lovgrunnlag: Opplæringslova 5-1 Dersom omsynet til ein elev gjer det ønskeleg og fylkeskommunen og eleven er samde om dette, kan det fastsette timetalet for utdanningsprogrammet fordelast over til dømes fem i staden for tre år. Det er i slike tilfelle ikkje snakk om ei utviding av retten, men å ta ut retten over lenger tid. Ei slik organisering av opplæringa må gå fram av søknaden, evt i vedlegg. A3 Søknad om spesialundervisning. Lovgrunnlag: Opplæringslova 5-1 og forskrifta 6-17 og 6-22. Elevar og lærekandidatar som etter ei sakkunnig vurdering vert vurderte til å ikkje ha, eller ikkje kan få, tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet har rett til spesialundervisning. 5
Retten til spesialundervisning gjeld både elevar og lærekandidatar med rett til vidaregåande opplæring etter 3-1 i opplæringslova og elevar som er tekne inn til vidaregåande opplæring utan å være omfatta av retten, jf 13-3, andre ledd. PPT skal sjå til at det ligg føre tilstrekkeleg sakkunnig vurdering som grunnlag for søknad om spesialundervisning. All dokumentasjon skal vere av ny dato. Sakkunnig vurdering skal gjere greie for; behovet søkjaren har for spesialundervisning. vanskane som utgjer grunnlaget for søknaden. føresetnader og mogelegheiter søkjaren har for å meistre det programområde han eller ho har søkt, og grunngjeving for at særskilt prioritert vg1 er tilrådd av den sakkunnige instansen. om søkjaren har føresetnader for å meistre andre vg1 enn det som er søkt som primært valt. opplysningar om tidlegare tiltak og behov for tiltak i vidaregåande opplæring. utviklingsmogelegheiter i det særskilt prioriterte vg1 eit eventuelt behov for opplæring ut over 3 år etter 3-1 fjerde ledd i opplæringslova. Ei sakkunnig vurdering kan kome frå kontaktlærar, rådgjevar, sosiallærar, spesialpedagog, lege, psykolog eller andre som kjenner søkjaren. Men denne skal gå gjennom, og godkjennast av, PPT. Søkjarar med behov for spesialundervisning og som ikkje har vurdering med karakter frå vg1 skal takast inn til vg2 på grunnlag av individuell vurdering. B Opplæring i bedrift B1 Opplæringskontrakt (kompetanse på lågare nivå enn fag-/sveinebrev.) Lærekandidatar har rett til spesialundervisning. Lovgrunnlag; Opplæringslova 3-3 og 4-2, og forskrift 6-22, 6-28 og 11-12, andre og tredje ledd. For nærare orientering og rettleiing vedr. opplæringskontraktar viser vi til heftet; Lærekandidat -noko for deg?, frå opplæringsavdelinga. Heftet kan fåast ved kontakt til opplæringsavdelinga, tlf 57656200, eller de kan gå inn på heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune, under opplæring, og laste det ned frå nettet. Nettadressa er: www.sfj.no 6
B2 Lærlingar. Lærlingar har etter opplæringslova rett til tilpassa opplæring, men ikkje til spesialundervisning. Lærlingar har og den same retten til pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skule. På grunnlag av godkjenning frå NAV kan ein lærling få full attføring i heile eller deler av kontrakttida. Dette gjeld og lærekandidatar. Rundskriv F-04/03 gir reglane for statlege tilskotsordningar til bedrifter som tek inn lærlingar og lærekandidatar. For lærlingar og lærekandidatar vert det gjeve eit basistilskott. Bedrifter som tek inn lærlingar med behov for tilpassa opplæring kan i tillegg, gjennom fylkeskommunen, søkje om eit ekstraordinært statleg tilskott. Bedrifta må dokumentere at det er knytt særlege utgifter til mellom anna ekstra personellressursar og tilrettelegging av fag-/sveineprøve til/for lærlingen. For lærekandidatar skal ressursar til spesialundervisning dekkjast av fylkeskommunen. Opplæringsavdelinga og regionskontora kan gi nærare opplysningar om desse tilskotsordningane. Folketrygda har ansvaret for finansiering av tekniske hjelpemiddel for lærlingar med behov for tilpassa opplæring. Punkt 5 Søknadsgrunn. Dersom søkjaren ikkje kjem inn under ein vanskekategori skal det som av sakkunnig instans vert oppfatta som den primære vansken merkast med 1, deretter ei gradering av eventuelle sekundære vanskar. Punkt 6 Tilrettelegging. Det skal her kryssast av for tilretteleggingstiltak eleven/lærekandidaten har behov for. Organisering og innhald skal gå fram av den sakkunnige vurderinga og eigne skriv. Punkt 7 Andre opplysningar. Søkjarar som av ulike årsaker, t.d medisinske, sosiale eller emosjonelle, er avhengige av å få opplæringstilbodet sitt på ein bestemt skule skal i tillegg nytte vedleggsskjema 3. 7
4. Vedleggskjema 2 Vedleggskjema 2 skal nyttast for søkjarar som treng tilpassa opplæring, oppfølging og tilrettelegging ut over ordinære differensieringstiltak. Desse søkjarane skal som hovudregel følgje ordinære læreplanar. Vedleggskjema 2 skal sendast til den skulen som er førsteønsket til eleven. Skjemaet skal fyllast ut og skrivast under av avgjevarskule, mottakarskule, bedrift, opplæringskontor eller PPT og søkjar saman, på grunnlag av drøftingar. Dersom vedleggskjema 2 vert nytta skal det til vanleg ikkje leggjast ved sakkunnig uttale for opplæring i skule. For tilpassa opplæring i bedrift skal den sakkunnige vurderinga skrivast først når det er gjort avtale med bedrift eller når lærlingen har vore ei tid i bedrifta. Det er krav om sakkunnig vurdering i samband med søknader om ekstraordinært tilskot. Søkjarar som av ulike årsaker, t.d medisinske, sosiale eller emosjonelle, er avhengige av å få opplæringstilbodet sitt på ein bestemt skule skal nytte vedleggskjema 3. 8
5. Minoritetsspråklege søkjarar Retten til inntak til vidaregåande skule er knytt til fullført grunnskule eller tilsvarande. T.d utanlandsk opplæring som tilsvarar norsk grunnskule. Dokumentasjon/vitnemål frå heimlandet gir rett til vidaregåande opplæring uavhengig av språk-/norskkunnskapar. Fylkeskommunen skal, dersom norskkunnskapane er dårlege leggje opplæringa til rette slik at det vert kompensert for dette. Det er fylkeskommunen som skal gjere ei konkret vurdering av om søkjaren fyller vilkåra for rett til vidaregåande opplæring og som skal ta avgjerd i saka. For minoritetsspråklege søkjarar gjeld same søknadsfristar som for andre søkjarar. Minoritetsspråklege som kan dokumentere fullført grunnskule eller tilsvarande skal søkje inntak til vidaregåande opplæring etter individuell vurdering innan 1.mars. Vedleggsskjema 2 skal nyttast ved behov for tilpassa opplæring, også språklege. Vedleggsskjema 1 skal berre nyttast dersom søkjaren etter sakkunnig vurdering har rett til spesialundervisning. (søknadsfrist 1.februar.) Minoritetsspråklege i vidaregåande alder som har dårleg/manglar dokumentasjon på tidlegare gjennomgått opplæring skal søkje innan 1.mars. Fylkeskommunen vil i slike tilfelle, i samarbeid med heimkommunane, vurdere om det ligg føre grunnlag for rett til vidaregåande opplæring. Minoritetsspråklege utan fullført grunnskule eller tilsvarande er eit kommunalt ansvar til slik opplæring er gjennomført. Desse vil få forskyvd retten sin til vidaregåande opplæring tilsvarande, uavhengig av alder. Mindreårige asylsøkjarar som ventar på avgjerd på ein søknad om opphaldsløyve kan takast inn til vidaregåande opplæring, men dei har ikkje rett til å fullføre dersom dei får avslag på søknaden om opphaldsløyve. 9
6. Vaksne søkjarar Opplæringslova kap 4 A, 4A-3 gir vaksne søkjarar som er fødde før 010178 og som ikkje har fullført vidaregåande opplæring rett til dette. Det er eit vilkår at søkjaren har fullført grunnskulen eller tilsvarande. Opplæringa for vaksne skal organiserast/tilpassast den enkelte, som t.d kveldsundervisning og komprimerte løp som byggjer på realkompetanse. Vaksne som vert tekne inn til vidaregåande opplæring som er tilrettelagd for vaksne har ikkje rett til spesialundervisning etter kap 5. Vaksne som vert tekne inn til ordinær vidaregåande opplæring er omfatta av opplæringslova på same måte som ungdom og har slik også rett til spesialundervisning etter 5-1. Søkjarar med godkjend attføringsplan vil bli handsama etter reglane i kap 4A. For meir informasjon kan servicesentra ved Luster vidaregåande skule, Ørane vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule kontaktast. 7. Individuelle opplæringsplanar. Det er utarbeidd malar for individuelle opplæringsplanar (IOP) som kan nyttast. Det er lagt ut lenkje frå heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga. www.sfj.no Skular, opplæringskontor og PPT vil og få tilsendt desse. 10